1.Innleiing. 1.1 Bakgrunn. 1.2 Nasjonale føringar

Like dokumenter
1.0 INNLEIING KOMMUNALE FØRINGAR MÅLSETTING KOMMUNALE UTFORDRINGAR PLANARBEID. 3

Demensplan for Aukra

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Rapport status måloppnåing Demensplan 2015 i Møre og Romsdal

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og ventelister

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Forslag til forskrift

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

B.10.03/ 01 Medisinsk undersøking og behandling

Glemsk, men ikke glemt. Om dagens situasjon og framtidens utfordringer for å styrke tjenestetilbudet til personer med demens

INVESTERINGER med standardheving. Framlegg frå formannskapet

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

VOLDA DEMENSPLAN KOMMUNE. Temaplan Høyringsutkast til offentleg ettersyn

Kvardagsrehabilitering. Turnusseminar Kristine Mardal Fysioterapeut Sogndal kommune

Samhandlingsreforma Høyanger kommune så langt..

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

St.meld. nr. 47 ( ) Samhandlingsreforma. Rett behandling på rett sted til rett tid

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Prosjekteigar: Flora kommune.

Delprosjekt 2 c Demens Utredning av demensutredning og samarbeid på området

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Mona Michelet

TENESTESTANDARD KORTTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

Vedlegg 7 b til Kommunedelplan helse og omsorg i Lindesnes kommune

TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Kva rører seg Velferdsteknologiprosjektet vert vidareført

GLADE ELDRE PÅ SYKKEL EIT PROSJEKT I REGI AV NASJONALFORENINGEN JØLSTER HELSELAG

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

TENESTESTANDARD LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM

Saksbehandler: Bodhild Eriksen Arkiv: F29 Arkivsaksnr.: 16/767

Å sende pasienten ut til heimen (frå sjukehus) Kan det verkeleg gå bra?? Jan Helge Dale Kommuneoverlege Flora kommune

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

Frivilligpolitisk plattform

Tema 2019: «Sorg» «Barn som pårørande» «Når noko går galt» «Rehabilitering og aktivitet»

Visjonsdokument for eit forsterka omsorgstun i Granvin

Dagaktivitetstilbod eit sentralt ledd i tiltakskjeda for menneske med demens og deira pårørande

Læreplan i aktivitørfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Kven skal bera børene? KPI-Notat 2/2006. Av Anne-Sofie Egset, Rådgjevar KPI Helse Midt-Norge

Undervisningsheimetenester i Ottadalen

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Fleire eldre- langsiktig planlegging

Jølster kommune. Demensplan

Delavtale om drift av nettverk av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling mellom. Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Vinje kommune. Forskrift om. tildeling av langtidsopphald ved Vinje sjukeheim. eller. tilsvarande bustad særskilt tilrettelagd for heildøgns tenestar,

Musikk i demensomsorga

Gjensidig kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Inn på tunet. Utvikling av dagtilbod for heimebuande personar med demens i Gloppen v/prosjektleiar Merete Knoff

Handlingsplan for demensomsorg

Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2

Å bli gamal i eigen heim

Helse- og omsorgsdepartementet. Demensplan Kristin Løkke, underdirektør. Kristiansand 17. mars 2016

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Plan for habilitering og rehabilitering Samarbeid og samordning September 2013

Tenesteavtale 3. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Offentleg helsearbeid i kommunehelsetenesta Leikanger, Synne Aafedt Liljedahl, helserådgjevar.

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Demensplan for Torsken kommune

Demensteam => Utredning/Kartlegging

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll - Tenestetilbod pleie og omsorg Arkivsak: 16/500

Øvre Eiker kommune. Demensplan

Plan for habilitering og rehabilitering SAMARBEID OG SAMORDNING

TENESTESTANDARD RUSVERNTENESTAR

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2012/5 Arkiv: 143

Plan for utvikling av tjenester til demente mot 2025 i Vennesla kommune.

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Kvalitetsreforma for eldre. «Leve hele livet»

OPPLÆRINGS - OG KOMPETANSEPLAN

Team Hareid Trygg Heime

BREMANGER KOMMUNE: VÅR VISJON VEDTEKEN AV. KOMMUNESTYRET I MARS 2018: Leve, virke, nyte heile livet!

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Helse Førde. Kompetanse og rekruttering. Næringsreise

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

MØTEINNKALLING. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Utviklingsprosjekt ved Nordfjord sjukehus

Forslag til forskrift om rett til opphald i sjukeheim - kriterie og venteliste

ULSTEIN KOMMUNE Ulstein eigedomsselskap KF

Tor Solheim rektor

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

Statistikk for helse og omsorg i Sunnfjord kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE OG OMSORG PLANPROGRAM SIST REVIDERT VARSEL OM OPPSTART

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Transkript:

Innhald 1.Innleiing... 2 1.1 Bakgrunn... 2 1.2 Nasjonale føringar... 2 1.3 Føremål... 3 1.4 Organisering... 3 2. Kva er demens?... 4 3. Dagens tenestetilbod i Høyanger kommune... 5 4. Målsetting... 6 4.1 Mål sentralt... 6 4.2 Mål for demensomsorga lokalt... 6 5. Strategiar og tiltak... 7 5.1 Utredning og diagnostisering... 7 5.2 Auka kunnskap og kompetanse hjå helsepersonell... 8 5.3 Auka dagtilbod til personar med demens... 9 5.4 Buformer... 11 5.5 Omsorg for pårørande... 12 1

1.Innleiing 1.1 Bakgrunn Ei av dei største omsorgsutfordringane vi står ovanfor som følgje av auka levealder og endra alderssamansetning i befolkninga, er at talet på menneske med ulike demenslidingar truleg vil fordoblast i løpet av 35 år. Den sterkaste veksten vil skje om 10-15 år. Dette vil skape store utfordringar for helse og omsorgstenestene og vil stille store krav til planlegging av tenestetilbodet i kommunane. Høyanger kommune har ikkje kartlagt antall personar med demens ein kan forvente framover, men ulike statistikkar visar at eldrebølgja vil medføre stor auke i aldersgruppa over 80 år og ein kan dermed forvente at antal personar med demenssymptom vil og stige i kommunen. I Noreg i dag er det ca. 66 000 personar med demens. Om lag halvparten av desse bur heime. Heimebuande personar med demens vil auke til 40 000 fram til år 2020. Når ein reknar med både sjuke og pårørande er ca. 250 000 berørt av sjukdomen. Sosial- og helsedirektoratet har gitt ut ein rapport om demensomsorg og framtidas utfordringar. Glemsk, men ikkje glemt. Personar med demens er den største diagnosegruppa blant brukarane av dei kommunale omsorgstenesta. Det må vere eit mål at alle skal få sjansen til å bu heime så lenge som dei kan, men det føreset at kommunen har nok avlastings- og dagtilbod. Nokre av utfordringane for helse- og omsorgstenesta er å gi god nok informasjon til pårørande og pasient, god brukarmedverknad, individuell tilrettelegging, god tilgjengelegheit av tenestetilboda, god samhandling mellom dei som yter tenester i kommunen og mellom helsetenesta og spesialisthelsetenesta blant anna. 1.2 Nasjonale føringar Regjeringa har lagt fram sin demensplan (delplan til Omsorgsplan 2015) som er ei oppfølging av St.meld nr 25(2005-2006) Mestring, muligheter og mening. Framtidas omsorgsutfordringer. Her ligg det klare føringar på at alle kommunane i landet skal ha laga ein demensplan innan 2015. 2

1.3 Føremål Planens føremål er å vidareutvikle demensomsorga og heve kvaliteten på dei kommunale tenestene mot personar med demens og deira pårørande. Planen inneheld ei beskriving av demens som sjukdom og kvalitetskriterium for god demensomsorg. Situasjonsbeskriving og utfordringa for framtidas kommunale tenestetilbod kjem som temakapitel, og her vil det bli utreda behov for kvalitetsutvikling og det kjem anbefalinga om tiltak som bør gjennomførast i kommunen fram mot 2015. 1.4 Organisering Helse og omsorsjef oppretta følgjande arbeidsgruppe: Leiar plangruppa - Monica Dåvøy (avd.leiar open omsorg sørsida, geriatrisk sjukepleiar) Terese Bjordal (avd.leiar open omsorg Høyanger, geriatrisk sjukepleiar) Bjørg Rørvik (till.valgt fagforbundet, hjelpepleiar open omsorg Høyanger) Oddveig Eide (av.leiar Høyanger sjukeheim) Guro Grønvold (geriatrisk sjukepleiar open omsorg Høyanger) Anne Marie Fimreite (geriatrisk sjukepleiar Høyanger sjukeheim) Maria Borlaug (avd.leiar fysikalsk.avd. ergoterapeut Høyanger kommune) Ingunn H. Berge (till.valgt spl.forbundet, sjukepleiar Kyrkjebø sjukeheim, vidareut. i demens. Kari Marie Måredal (eldreråd/brukarrepresentant) 3

2. Kva er demens? Demens er ein fellesnemnar for ei gruppe hjernesjukdomar som ofte opptrer i høg alder og som medfører symptom som Hukommelsessvikt Sviktande handlingsevne Sviktande språkfunksjon Personlegdomsendringar Endring av åtferd Tilstanden er kronisk, irreversibel og forverrar seg. Det fører til svikt i psykologiske prosessar som hukommelse, merksemd, læring, tenking og kommunikasjon. Demens kan delast inn i typar avhengig av årsaksforhold: Alzheimers sjukdom - 60-70 % av tilfella Demens som følge av sviktande blodforsyning til hjernen (vaskulær demens) ca. 15-20 % av tilfella. Parkinsons sjukdom med demens. Lewy body demens. Frontallapsdemens. Andre former(relatert til alkoholmisbruk, vitaminmangel, kreftsjukdom). Personar som får demens blir sjukare etter kvart som tida går og blir meir og meir avhengig av hjelp frå andre. Hos nokon går forverringa fort - 2-3 år, hos andre langsamt; 8-10 år eller meir. Personar med demens får problem med å oppretthalde innlærte ferdigheiter og å meistre dagliglivets aktivitetar. En del personar utviklar personligdomsforandringar med manglande innsikt og redusert dømmekraft. Andre symptom kan være angst, depresjon, mistenksomheit, vrangførestillingar og tvangsmessig åtferd. 4

3. Dagens tenestetilbod i Høyanger kommune Heimesjukepleie Praktisk bistand Matombringing Støttekontakt Korttids og langtidsopphald ved Høyanger og Kyrkjebø sjukeheim og Sørsida bygdetun, - utredning og observasjonsopphald, avlastning for pårørande 8 plassar på demensavd. Høyanger sjukeheim 12 plassar demensavd. Kyrkjebø sjukeheim Tilbod ved dagsenteret Fysio og ergoterapitenesta Plangruppa meiner at Høyanger kommune har eit ganske godt utbygd tenestetilbod for eldre og sjuke, men at tilbodet til personar med demens og deira pårørande har forbetringspotensial. Vi bur i ein liten kommune med dei fordelane det fører med seg. Gode muligheiter for godt tverrfagleg samarbeid. Vi har inntrykk av at dei fleste pårørande føler seg ivaretatt av det kommunale helseapparatet. Det er no fleire som tek vidareutdanning i geriatri og demens, som er med på å auke kompetansen i personalgruppa. Sjukeheimane på Kyrkjebø og Høyanger har nye og moderne lokaler som er godt tilrettelagt for både pasientar og tilsette. Kommunen har og store framtidige utfordringar i demensomsorga, som til dømes å ha nok fagleg utdanna personale i institusjon og heimetenestene. At dagsenteret har nok personale og eigna lokale for å kunne gi eit godt nok tilpassa tilbod til denne brukargruppa og at det er eit tett og godt samarbeid mellom legetenesta og pleietenesta i kommunen. For å få gode rutinar på utredning, diagnostisering og behandling/tiltak. 5

4. Målsetting 4.1 Mål sentralt Målet med tiltaka i demensplanen sentralt er at personar med demens skal oppleve livskvalitet, tryggleik og meining i kvardagen, trass i alvorlig sjukdom og funksjonsvikt. Dette kan ein oppnå ved å auke kunnskap og kompetanse, betre dagaktivitetstilbudet og betre tilpassa buformer for personar med demens. 4.2 Mål for demensomsorga lokalt Målet med tiltaka i demensplanen lokalt er at brukarane skal oppleve Høyanger kommunen som ein imøtekommande og løysningfokusert medspelar, der innbyggjarane er godt informert om tilbod og rettigheitar. Vidare skal kommunens tilbod til personar med demens og deira pårørande vere av god fagleg kvalitet og godt tilgjengeleg, og vere tilpassa den enkelte brukar sitt behov. Slik vil ein kunne oppnå tryggleik og verdigheit i demensomsorgen som blir utført. 6

5. Strategiar og tiltak For å oppnå lokale målsettingar om ein verdig demensomsorg er følgjande strategiar sentrale: 1. Utredning og diagnostisering 2. Auka kunnskap og kompetanse hjå helsepersonell 3. Auka dagtilbod til personar med demens 4. Betre tilpassa buformer 5. Omsorg for pårørande 5.1 Utredning og diagnostisering Ein føresetnad for å kunne gi god behandling og omsorg er at pasienten er tilstrekkeleg utreda. Ein diagnose gir både pasienten, pårørande og hjelpeapparatet ein realistisk moglegheit for planlegging og iverksetjing av nødvendige tiltak. For personar med demens vil ei tidleg diagnostisering gje moglegheiter for å avgjere viktige beslutningar medan vedkommande framleis har samtykkekompetanse. Tidleg diagnose gir og moglegheit til å informere pårørande i ein fase av sjukdomsutviklinga kor det vil vere store moglegheiter for auka forståing og meistring av sjukdomen, og gjere dei tryggare i si rolle. Det er heilt naudsynt at allmennpraktiserande legar har god kunnskap om demens for å kunne foreta ei diagnostisering. Nasjonalt kompetansesenter for aldring og helse har utarbeidd prosedyre og verktøy, som kan brukast for utredning og diagnostisering av demens i primærhelsetenesta. Vert utredninga for vanskeleg, eller den kommunale helsetenesta ikkje har naudsynt kompetanse, skal det henvisast til spesialisthelsetenesta. Demensutredning bør skje i samarbeid mellom fastlege/sjukeheimslege og kommunen sitt helsepersonell. I regjeringa sin omsorgsplan 2015 er det ei målsetting at alle kommunar organiserar eit demensteam som er ansvarleg for utredning av ein person med mistanke om demens. 7

Tiltak Beskriving Når Ansvar Opprette - minimum 2 personar med 2012- Helse-og demensteam utvida kompetanse om 2015 demens - ansvar for utredning og kartlegging av funksjonsevne/ heimesituasjon - tett samarbeid med legane - heile kommunen som arbeidsområde - undervise helsepersonell og pårørande Bruke - brukast av legar og 2011- Legar utredningsverktøy helsepersonell ved mistanke 2015 Demensteam om demens Helsepersonell Individuell plan - personar med demens som 2011- Helsepersonell har behov for fleire og 2015 Demensteam tverrfaglege tenester - sikre brukar behandling med felles målsetting 5.2 Auka kunnskap og kompetanse hjå helsepersonell Brukarar med demenssjukdom utgjer ein stor del av kommunen sine tenestemottakarar og mange yrkesgrupper er dagleg i kontakt med utfordringar som er knytt til demens. Å sikre framtidas demensomsorg tilgang på tilstrekkeleg og kvalifisert personell vil bli ei stor utfordring for kommunen i åra framover. For å sikre at alle aktørane i omsorgskjeda har grunnleggande kunnskap og kompetanse er det viktig å få undervising og utdanning inn i avdelingane sin årlege opplæringsplan. Nasjonalt kompetansesenter har utarbeidd eit opplæringsprogram for både ufaglærde og faglærde. Aldring og helses ABC. Personell som tek dette blir viktige demenskontaktar på sine avdelingar. Dei skal og vere ressurspersonar innan faget demens for både kollegaer, brukarar og pårørande, og skal ha eit tett samarbeid 8

med ambulerande demensteam. Demenskontaktane frå dei ulike avdelingane og sjukeheimane bør møtast ca. ein gang i månaden for utveksling av erfaringar, samarbeid og fagutvikling. Tiltak Beskriving Når Ansvar Gjennomføre aldring og helses ABC -grunnopplæring til ufaglærde, faglærde. Avdelingsleiar Obligatorisk internundervisning/eksterne kurs Vidareutdanning i demens og geriatri -helsepersonell -opplæringsplan -motivere og leggje tilrette for at fagutdanna personell kan auke sin kompetanse Avdelingsleiar Personalavd. Avdelingsleiar 5.3 Auka dagtilbod til personar med demens Føremålet med dagtilbodet er å aktivisere og stimulere, gje gode opplevingar og ein meiningsfull kvardag til heimebuande demente og demente i institusjon. Personar som treng tett oppfølging og har orienteringssvikt eller skapar uro i miljøet, vil kanskje ikkje ha nytte av dagtilbodet. Det vert vurdert i kvart tilfelle kven som vil ha utbytte av tilbodet. Tenestene som vert tilbydde er måltid, hjelp til handling, hjelp til å kome til offentlege kontor og servicetilbod, individuell aktivisering, trim, turar, besøke andre instansar, mental stimulering og sosial kontakt. Ein arbeidar for gruppeaktivitetar som bingo, mimregrupper, song og musikk, orienterings- og diskusjonsgrupper, lese aviser med notidsfokus. Høyanger kommune har i dag følgjande dagtilbod: Høyanger dag og treningssenter, Høyanger helsesenter o Aktivitør o eiga transportteneste 9

Lavik helsesenter, 3 dagar i veka, ikkje aktivitørstilling brukarane vert bringa av heimetenesta Sørsida har ikkje eit organisert dagtilbod Dagens dagtilbod er ikkje spesielt tilrettelagt for personar med demens. Da treng ein å auke stillingsheimlane på Høyanger dagsenter og opprette aktivitørstilling i Lavik og Sørsida. Dagtilbod for demente er forankra i sentrale bestillingar ma i Omsorgsplan 2015 samt Pan Høyanger dag og treningssenter, Høyanger kommune 1996. Ein arbeidar for å få inn eksterne ressursar og inspiratorar gjennom samarbeide med tenesteapparatet, pårørande, brukarorganisasjonar og arbeidstrening gjennom NAV. Tiltak Beskriving Når Ansvar Auke tilbodet Høyanger dagsenter til 5 dagar i veka Auke satsinga på gruppeaktivitar Opprette aktivitørstilling Trekke inn eksterne inspiratorar, frivillige tenester Auka kunnskap og kompetanse -ønskjeleg å auke frå 1,5 til 3 årsverk -musikkterapi -kino, fellesturar -delast på Lavik og Sørsida -besøkstenesta -arrangerer utflukter -følgje til frisør, tannlege -hjå tilsette på dag og treningssenteret -opplæringsplan 2011-2015 Avdelingsleiar Tilsette dag og treningssenter 2011-2015 Avdelingsleiar Tilsette dag og treningssenter 2011-2015 Helse og Avdelingsleiar 10

5.4 Buformer I fagmiljøa er det einigheit om at optimale buformer for personar med demens er små bugrupper i eit oversiktleg fysisk miljø med få bebuerar (fire til åtte personar) og eit stabilt personale med nødvendig kompetanse. Det bør og leggast til rette for sosialt fellesskap og direkte tilgang til tilpassa uteareal. Personar med demens som har særlige åtferdsproblem har behov for eit spesielt tilrettelagte tilbod i små og forsterka eininga. På dette område er det nødvendig med kompetanseutvikling og samarbeid mellom fagmiljøa og kommunane. Høyanger sjukeheim har 8 plassar på demensavdelinga og Kyrkjebø sjukeheim har 12 plassar på si skjerma demensavdeling. Plangruppa ser eit stort behov for å opprette skjerma avlastingsplassar. Det er ikkje alltid riktig å tilby personar med demens avlastningsplass på vanlege kortidsavdelingar med ulike pasientgrupper.. Til dømes yngre personar med demens treng ofte eit døgntilbod som er spesielt tilpassa deira symptom og aktivitetsnivå. Ved begge institusjonane arbeider ein med å få til uteareal/sansehage. Det er eit inngjerda uteareal som skal vere til glede og bruk for pasientar, personale og besøkande. Sansehagen gir tilbod om sansing og rekreasjon og er ein stad for naturleg observasjon av ferdigheiter som motorikk, meistring og samhandling. Tiltak Beskriving Når Ansvar Sansehage på Kyrkjebø og Høyanger sjukeheim Skjerma avlastningsplass på institusjonane -stimulering og aktivisering i trygge omgivnader -utredning -observasjon -øyremerka 1 rom på Kyrkjebø sjukeheim. 2011-2015 Tilsette Bustadstiftinga Tiltaksteam Demensteam 11

5.5 Omsorg for pårørande Personar med diagnosen demens treng mykje hjelp og støtte etter kvart som sjukdommen utviklar seg. Det er ofte dei pårørande som observerar dei første symptoma og vert konfrontert med den enkelte sin angst og usikkerheit. Å vere familieomsorgsgivar for ein person med demens kan vere belastande og aukar risikoen for helseskadar. Symptoma på demens utviklar seg gradvis, og dei pårørande strekker seg ofte langt i å hjelpe før dei tar kontakt med helsetenesta i kommunen. Fortviling, stress og avmakt for om ein meistrar omsorgsoppgåva kan vere høgare hjå pårørande for demente enn hjå andre pårørandegrupper. Pårørande treng kunnskap om demenssjukdommen, aktuell behandling og tilgjengelege støttetiltak, og dei må inkluderast i utredningsarbeidet. Erfaring visar at pårørande til personar med demens oppleve høgare livskvalitet når dei får kunnskap om og rettleiing i korleis dei skal handtere sjukdommen. I regjeringa sin demensplan 2015 vert kommunane oppmoda til å opprette Pårørandeskule. Målsettinga for Pårørandeskulen er å auke kunnskap om demenssjukdommar for at pårørande betre kan takle situasjonen i forhold til familie og vener, betre kvaliteten på samværet med personen med demens både i heimen og i institusjon, og ikkje minst få eit betre utganspunkt i å stille krav om tenester. Mange av pårørande til heimebuande demente treng etter kvart eit godt samarbeid med heimetenestene i kommunen for å kunne meistre omsorgsrolla best mogleg og i tillegg ta vare på eiga helse. Eit godt tilrettelagt dagtilbod og avlastningstilbod for personar med demens kan gi mindre belastning på dei pårørande og dei kan greie å ha den demente lengre heime. Tiltak Beskriving Når Ansvar Pårørandeskule Gode avlastningsordningar -demensteamet som arrangerar -dagtilbod -støttekontakt -kortidsopphald Demensteam 2011-2015 Helse og Helsepersonell 12

institusjon Hvis det i sannhet skal lykkes å føre et menneske hen til et bestemt sted, må man først og fremst passe på å finne ham der hvor han er, og begynne der. Dette er hemmeligheten i all hjelpekunst. Enhver der ikke kan det, er selv i innbilning, når han mener å kunne hjelpe andre. For i sannhet å kunne hjelpe en annen, må jeg forstå mer enn han, men dog vel først og fremst forstå det, han forstår (Søren Kierkegaard) 13