Statleg godkjenning for "Aktiv kvar dag - Hordaland " fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

Like dokumenter
Statsbudsjettet Kap. 551 post 64 Utviklingsmidlar til Oppland fylkeskommune - Tilskotsbrev - Overføringar - Rapportering

DET KONGELIGE MILJ ØVERNDEPARTEMENT. Invitasjon til å delta i verdiskapingsprogram på kulturminneområdet

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane? Vedlegg til Regional planstrategi for Sogn og Fjordane

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Framlegg til kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Bømlo kommune. Høyringsfråsegn

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Motsegn til reguleringsplan for Rv. 49 Vikøy Nordheimsund Vikøyevjo i Kvam Herad

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

INTERNASJONAL STRATEGI

Idrett og fysisk aktivitet

-fl- P4AR HAIVIAR

Godkjenningsbrev - Areal- og transportplan for Nedre Glomma 2. generasjon

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

ST32 DET KONGELEGE LANDBRURS- OG MATDEPARTEMENT

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

Anleggs- og tildelingspolitikk for Vestland fylkeskommune Anleggskonferansen, Bergen

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Ole Aasaaren Regionsjef

Tilskot til friluftsliv

REGIONALE IDRETTSANLEGG

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Til veljarane i Tysnes

Kommuneplan i Førde kommune - motsegn til utbyggingsområde for fritidsbustader BFR1-3 Digernes Bruland.

PLANPROGRAM RULLERING AV KOMMUNEDELPLAN FOR IDRETTSANLEGG OG ANLEGG FOR FRILUFTSLIV MED HANDLINGSPROGRAM Datert

Sykkelbyavtale for regionsenteret Straume (Fjell kommune)

Nasjonale forventningar korleis svarar fylket på forventningane?

Valprogram Sel SV

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Anleggsutvikling i Hordaland. Kjell Gitton Håland nestleiar i Utval for kultur, idrett og regional utvikling

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Planstrategi for Vinje kommune Synspunkt

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Miljø- og utviklingsminister: Erik Solheim Ref. nr.: Saksnr: Dato: Godkjenning av Fylkesplan for Møre og Romsdal

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

DET KONGELEGE MILJØVERNDEPARTEMENT

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

Ål Venstre. Ål Venstre

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Hovedrullering av Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet Planprogram

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Planstrategi for Ullensvang herad

OPPFØLGING AV SYKKELSTRATEGI FOR BERGEN - HANDLINGSPLAN

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Møre og Romsdal pilotfylke for universell utforming Presentasjon for SAMU 2. desember 2014

Frivilligpolitisk plattform

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

GULEN - HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA med: gode oppvekstvilkår livskraftige og samarbeidande bygder mangfald og rom for alle

Språkstatistikk for departementa for 2009

Planprogram. Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Balestrand «Saman er vi sterke og får til det vi vil»

Forslag til planprogram Kommunedelplan for anlegg hus og område for idrett, fysisk aktivitet og kultur

Dykkar ref Vår ref Dato

Hytter i Gol. Kommuneplan og litt meir

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

HANDLINGSPROGRAM TIL STRATEGI FOR IDRETT OG FRILUFTSLIV I BUSKERUD FYLKESKOMMUNE 2015/2016

Kommunal planlegging behovsvurdering og medverknad gjev betre planar

Arbeid med kommunebudsjett. HT-samling, Ulvik

Nasjonal politikk for sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde. Rogaland 18. og 19. oktober Heidi G. Betten

STATSBUDSJETTET TILDELINGSBREV

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Kommuneplanens arealdel

Fylkeskommunen etter forvaltningsreforma Sykkelby Nettverkssamling Region midt. Hilde Johanne Svendsen, Samferdselsavdelinga 21.

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

MØTEBOK. Fylkeshuset - møterom Sygna. Møtedato Kl

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Vågsøy og Eid/Selje

6-åringar på skuleveg

RETNINGSLINER FOR TILSKOT TIL NÆRINGS- OG MILJØTILTAK I SKOBRUKET (NMSK) FOR PERIODEN BØMLO KOMMUNE

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i Sør-Trøndelag Mål og retningslinjer for anleggsutvikling

Oppsummering kvalitetsdialog 11 april

Statens vegvesen. Oversending av klage på vedtak. Gnr. 15 bnr Askøy kommune

- Offentleg planarbeid

Retningsliner 2015 for bruk av tilskotsmidlar til spesielle miljøtiltak i jordbruket og nærings- og miljøtiltak i skogbruket

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Frivilligpolitisk plattform

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET

Planprogram Regional kulturplan Dialogkonferansen 2012

Fylkesmannen i Oppland JORDVERNSTRATEGI FOR OPPLAND

Program for. Årdal Venstre

Høyringsbrev med forslag til endring av lov 21. juni 2013 (jordskiftelova)

Regionale føringar og utfordringar knytt til idrett og fysisk aktivitet Britt Karen Spjeld.

Transkript:

Hordaland fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN DET KONGELIGE MILJØVERNDEPARTEME Statssekretæren ifordaland FYLKESKOMMUNE Saknr.^;^ ^o32i^sdok.m.. //^ fl I OES= 2009 Arkivm-, J/j^ Saksh. Eksp. Uoff. Deres ref Vår ref Dato 200804248-/TKA ^ 2 1 lov. 2009 Statleg godkjenning for "Aktiv kvar dag - Hordaland 2008-2012" fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Miljøverndepartementet mottok fylkesdelplanen "Aktiv kvar dag - Hordaland 2008-2012" til statleg godkjenning 24.11.2008. Miljøverndepartementet har no handsama planen i samarbeid med aktuelle departement og fatta godkjenningsvedtak. Merkingar frå departementa: "Aktiv kvar dag - Hordaland 2008-2012" avløyser " Fylkesdelplanen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2002-2005" og gjev retningsliner for politikarar og offentleg tilsette i fylket innan planlegging og forvaltning. Planen er utvikla av ei prosjektgruppe med representantar frå fylket, kommunar ogfrivilligeorganisasjonar. Visjonen er å skapa aktivitet kvar dag for alle i Hordaland. Hovudmålet er at innbyggjarane, etter eiget ønskje, skal vere aktive gjennom betre tilgang på natur og idrettsanlegg. For å nå dette målet vert følgjande områder satsa på; Partnarskap for folkehelse Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv Anlegg for idrett og friluftsliv Departementa merkar seg at planen følgjer opp nasjonale satsingar i blant anna folkehelsepolitikken og i Handlingsprogram for fysisk aktivitet 2005-2009. Fylkesdelplanen har ei brei tilnærming og det vert lagt vekt på å sjå fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (mellom anna planlegging og tilrettelegging for dagleg aktivitet for alle) som ei investering i folk og samfunn. Fylkesdelplanen løfter fram strategiar og tiltak for å fremje fysisk aktivitet blant folk flest og blant ulike grupper som krev spesiell Postadresse: Postboks 8013 Dep, 0030 Oslo Kontoradresse: Myntg. 2 Telefon: 22 24 57 02 Telefaks: 22 24 60 34 Org. nr.: 972 417 882

tilretteleggjing. Planen syner på ein god måte samarbeid og ansvarsdeling mellom mange aktørar for å realisere strategiar og tiltak. 1.7 Hordaland fylkeskommune si rolle Departementa oppfordrar Hordaland fylkeskommune til, gjennom oppfølginga av fylkesdelplanen, å styrka kommunane i sitt arbeid for universell utforming og økt tilgjengelegheit for alle i tråd med handlingsplanen lagt fram 14. mai 2009. Kommuneprogrammet i handlingsplanen understrekar at universell utforming er inkludert i den nye plan- og bygningslova som strategi for å bidra til å gjere samfunnet tilgjengeleg for alle og unngå diskriminering. Universell utforming skal ligge til grunn for all planlegging og leide til ei utforming og tilrettelegging av fysiske forhold som gir like høve for alle til å delta i samfunnet. Dette inneber ein innovativ tilnærming til planlegging og ein ambisjon om stadig å finna betre og meir inkluderande løysingar. Nedbygging av barrierar skal i størst mogleg grad løysast gjennom ordinære, generelle tiltak som inngår i planlegginga. Både i kommuneplanar og reguleringsplanar skal universell utforming operasjonaliserast. Kommunane bør arbeide for at alle kommunesentra i Hordaland blir universelt utforma og at det skal finnast universelt utforma friluftsområde i alle kommunar. I tillegg skal alle uteområde, det være seg til opphald eller ferdsel, planleggast på ein måte som gjer dei tilgjengeleg for alle. 2.0 Idrett og friluftsliv sin verdi for samfunnet 2.1 Frivillige organisasjonar 2.2 Næringsutvekling 2.3 Miljø, lokalisering og utforming Departementa sett pris på Hordaland fylkeskommune sitt engasjement for å tenke på effektiv energibruk, tilpassing til lokale miljøforhold og lokalisering i høve til bygging av nye anlegg for idrett ogfriluftsliv.i sær kan god lokalisering gje gode resultat i forhold til redusert transport, økt aktivitet og ein tryggare trafikksituasjon nær anlegga. 3.0 Satsingsområde 3.1 Fysisk aktivitet - partnarskap for folkehelse Stmeld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge slår fast føljande: "Våre fysiske omgivelser bør innby til bevegelse, lek og aktivitet. Veganlegg og trygge skoleveier må gjøre det mogeleg og forsvarlig å gå og sykle." For å nå dette målet må Side 2

nærmiljøfunksjonar som skular, barnehagar og arbeidsplassar lokaliserast slik at vegen frå bustaden blir kort og utformast slik at det vert attraktivt å gå og sykla. Departementa merkar seg Hordaland sitt punkt om "aktivitetsbank" i vidaregåande skule og tolkar det slik at det her kan vere snakk om "Idé- og ressursbank til bruk for skulane i arbeidet med økt satsing på fysisk aktivitet" i regi av Utdanningsdirektoratet. Denne blei lansert ved skulestart 2009 og utvidast jamleg. Departementa oppfordrar Hordaland fylkeskommune til å hjelpe kommunane til å utnytte mogelegheitane som ligger i innføringa av to veketimar fysisk aktivitet på barnetrinnet. Dette vil vere eit av fleire gode utgangspunkt for ei god kopling tilfriluftsliv, idrettsanlegg, partnarskap og strategiar for fysisk aktivitet og folkehelse. Departementa oppfordrar Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med kommunane, til å leggje til rette og skapa aktivitetsfremjande nærmiljø og område som gjer det mogeleg og freistande å være i fysisk aktivitet. Målet er ei større eigenaktivisering av barn og unge. Ikkje bare gjennom tilrettelegging for idrett ogfriluftsliv,men og gjennom dagleg og uorganisert aktivitet. I Stmeld. nr. 16 (2002-2003) Resept for et sunnere Norge slår departementa fast at "Anbefalingen for barn og unge er minst en time fysisk aktivitet hver dag. Allsidig fysisk aktivitet i barne- og ungdomsårene er nødvendig for god helse i oppveksten, for å beskytte mot sykdomsutvikling og plager senere i livet og for å etablere regelmessige aktivitetsvaner som gir varig aktivitetslyst og aktivitetsglede. (...) I konkurranse med dataspill og andre innesittende fritidssysler er det særlig viktig å skape alternative attraktive tilbud og aktiviteter for barn og unge. Vi trenger arenaer for egenorganiserte aktiviteter og sosial lek". Departementa oppfordrar fylkeskommunen til å sikre gode og trafikksikre og enkle rørslemønster for barn og unge. Fylkeskommunen kan såman med kommunane syte for sykkelstiar og gangvegar som skapar gode forbindelsar frå boområda til større grøne område, til skole, ballplassar, parkar mm. Grøne korridorar gjennom kommunane er og med på å gjere terskelen lav for fysisk aktivitet blant folk. Dette gjev mogelegheiter for variert aktivitet som ikkje kostar noko og som alle kan ta del i og nytta seg av. 3.2 Fysisk aktivitet - idrett 3.3 Fysisk aktivitet - friluftsliv Planen er i tråd med dei nasjonale måla for friluftspolitikken om at alle skal ha mogelegheit tilfriluftslivsom ei positiv aktivitet for helse og trivsel i nærmiljøet og i naturen. Det er positivt at det er lagt vekt på at barn og unge skal gis mogelegheit til å utvikle seg ifriluftog at område av høgt verde forfriluftslivskal verte sikra og at grønstrukturen i byer og tettstader skal takast vare på. Side 3

Landbruksareala utgjer ein stor del av areala med verdi for natur- og kulturarv. Den norske allemannsretten legg til rette for at heile samfunnet kan ta del i desse fellesgodane. Skog, utmark og veger og stiar i kulturlandskapet er viktige for ferdsel og friluftsliv. Fleire aktørar i landbruket har utvida si verksemd til og å innehalde organiserte friluftstilbod, blant anna jakt, fiske og guida sportsaktivitetar. Skogen er det viktigaste nærturområdet for ein stor del av den norske befolkninga, og representerer eit betydeleg bidrag til helse og trivsel for mange. Det er viktig å fortsette arbeidet med å finne gode løysingar og godt samarbeid for bruk av skogen. Gjengroing i utmark er ei utfordring i områdar med stor ferdsel, for eksempel i tilknyting til hytteområda der beitedrift har opphørt. Gjennom den kommunale støtteordninga for spesielle miljøtiltak i landbruket kan det bli gitt støtte til opparbeiding og økt tilrettelegging av ferdselsårar. Det er eit spesielt viktig friluftstiltak i områder med stort samanhengande jordbruksareal. Det kan også vere aktuelt med enkelte tiltak gjennom Regionalt miljøprogram retta mot å gjere kulturlandskapet tilgjengeleg. Det kan også bli gitt støtte til friluftsrelaterte tiltak innanfor rammene av tiiskot til tiltak for næring og miljø i skogbruket. Kommunane kan dessutan stimulerast til lokalt samarbeid seg imellom og med landbruk og aktuelle friluftsorganisasjonar for å redusere gjengroing, auke og tilretteleggje for fysisk aktivitet,friluftslivog opplevingar i kulturlandskapet, samt å bruke landbruksareal som læringsarena for barn og unge. 3.4 Anle^ for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 4.0 Anleggsutvikling 2008-2020 Kapittel 4 i planen beskriv eit handlingsprogram (2008-2012) og eit langtidsprogram (2013-2020) for utvikling av anlegg i Hordaland. Programma skal brukast som grunnlag for å vurdere anleggsutviklinga i Hordaland både regionalt og lokalt. Det kjem ikkje fram om anlegga i programma har statleg finansiering i dag. Tildeling av spillemiddel skjer gjennom ein årlig søknadsprosess. Departementa gjør merksam på at det i fylkesdelplanen ikkje kan leggast føringar for framtidig statleg finansiering av nye anlegg i Hordaland. Avslutning Godkjenninga frå departementa omfattar ikkje konkret ressursbruk. Prioritering og tildeling av ressursar blir følgt opp gjennom dei årlege budsjettprosessane. Fylkeskommunen må sjølv ta kontakt med dei statlege myndigheiter som råkast for å sikre gjennomføring av strategiar vedteke i planen. Side 4

Miljøverndepartementet vil understreke 8-2 i plan- og bygningslova, der det er skreve at regionale planar skal leggas til grunn for regionale organs verksemd og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen. Miljøverndepartementet vedtek: Med dei merkingar som er nemnd ovanfor godkjenner Miljøverndepartementet "Aktiv kvar dag - Hordaland 2008-2012" fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, vedtatt av Fylkestinget 14.10. 2008 i medhald av 19-4 i plan- og bygningslova og kongelig resolusjon av 16. mars 1990. Med helsing Heidi SørenséiL ^ i : ^ ^ ^ ' ^ Kopi: Kommunane i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland Landbruks- og matdepartementet Helse- og omsorgsdepartementet Kultur- og kirkedepartementet Finansdepartementet Kunnskapsdepartementet Barne- og likestillingsdepartementet Side 5