Utkast 1: 11.08.04. Energiutgreiing. for. Vang kommune. Vang Energiverk KF



Like dokumenter
Energiutgreiing for Vang kommune

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

HORDALANDD. Utarbeidd av

Konsekvensanalyse. Vegomlegging Etnesjøen. Juni AUD-rapport nr

Lokal energiutredning

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Bustadområde i sentrum. Vurdering

RETNINGSLINER FOR BEHANDLING AV ANLEGGSBIDRAG OG BOTNFRÅDRAG

Vestlandet ein stor matprodusent

Leverandørskifteundersøkinga 2. kvartal 2007

UTFYLLANDE PLANFØRESEGNER OG RETNINGSLINER

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Framtidige behov for hjelpemiddel

2014/

Lokal energiutredning for Andøy Kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Framtidig tilbod av arbeidskraft med vidaregåande utdanning

Eksamen. Fag: EL7039 VKI elektro. Eksamensdato: 9. desember Studieretning: Elektro

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Avdeling for regional planlegging

Kraftutbygging i relasjon til andre interesser i Luster kommune

Hovden del2 reguleringsplan frå 1997

Lønnsundersøkinga for 2014

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Oversyn over økonomiplanperioden

1. Mål for klimagassutslepp: 22% reduksjon innan 2020, 30% red. innan 2030 (frå 1991) 30% reduksjon innan 2020 (frå 2007)

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

Leverandørskifteundersøkinga 4. kvartal 2008

VATN OG AVLØP I KOVSTULHEIA-RUSSMARKEN

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Fjordvarmeanlegg energiløysing også i distrikta?

Nettariffar gjeldande fra

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Konsekvensanalyse Ålvik/ Kvam

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

DB

Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Lyse LEU 2013 Lokale energiutredninger

av ordførar Arne Vinje Vinje kommune Servicekonferansen, 29. oktober 2010

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

SAKSFRAMLEGG EIGEDOMSSKATT - ORIENTERING. Saksbehandlar: Magne Værholm Arkiv: 232 Arkivsaksnr.: 05/00651

Til deg som bur i fosterheim år

FjellVAR AS ber i notatet om at kommunestyret gjer følgjande vedtak når gebyrsatsane for 2015 skal fastsetjast:

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015, vedteke i kommunestyremøte 11.desember 2014.

Om Fylkesprognoser.no

Energiutgreiing Kviteseid 2009

Næringsanalyse Kinn kommune. Februar 2019

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Energiutgreiing Luster kommune

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 09/1647. Luster kommune sin næringspolitikk. Rådmannen si tilråding:

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

Energiutgreiing Kvam herad

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Kjelde: alle figurar PANDA/SSB

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Energiutgreiing Stryn kommune

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Utviklingstrekk Fræna kommune

Erfaring med KILE rapportering FASIT-dagene Ved Tor Bjarne Smedsrud FASIT ansvarleg i Suldal Elverk

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

INFORMASJON. Kraftfull og nyskapande - frå fjordfylket. Kundeinformasjon. frå SFE Nett AS. Nettleigesatsar gjeldande frå

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

NETTLEIGE OG LEVERINGSVILKÅR. Gjeldande frå

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Elevtalsframskriving

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Kor mange blir vi i Hordaland? Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Lokal energiutgreiing Herøy kommune 2011

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

02/ /K1-140//LTA Manger: KOMMUNEPLAN FOR RADØY AREALDEL Føresegner

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

Saksprotokoll. Saksprotokoll: Høringsuttalelse - avvikling av lokale energiutredninger

Transkript:

Utkast 1: 11.08.04 Energiutgreiing for Vang kommune Av områdekonsesjonær: Vang Energiverk KF August 2004

2 Innhald Utdrag frå Forskrift om energiutgreiingar med heimel i energilova 7-6. 4 1. Føresetnader for utgreiingsarbeidet 5 2. Utgreiingsprosessen 6 3. Om Vang kommune 9 3.1. Befolkning 9 3.2. Butilhøve 10 3.3. Bustadbygging 10 3.4. Hyttebygging 10 3.5. Næringsstruktur og utvikling 10 4. Dagens lokale energisystem 13 4.1. Kort om Vang Energiverk KF 13 4.2. Infrastruktur for energi 13 4.2.1. Energiberarar 13 4.2.2. Elektrisk energi 13 4.2.3. Biobrensel 14 4.2.4. Olje/parafin 14 4.2.5. Gass 14 4.2.6. Varmepumper 14 4.2.7. Andre energikjelder 14 5. Energiforbruk 15 5.1. Elektrisk energiforbruk 15 5.2. Anna energiforbruk 17 5.3. Samla energiforbruk 19 5.4. Utbreiing av vassboren varme 20 5.5. Lokal elektrisitetsproduksjon 20 5.5.1. Tilgang på kraft i Vang energiverk KF: 20 5.6. Miljøkonsekvensar 20 5.6.1. Generelt 20 5.6.2. Lokalt: Miljøomsyn i Vang Energiverk KF 21 6. Forventa utvikling av energibruk i kommunen 22 6.1. Private hushaldingar 22 6.2. Hytter og fritidshus 22 6.3. Større energibrukarar 23

3 6.4. Kommunale planar 23 7. Vurdering av aktuelle energiløysingar 24 7.1. Utnytting av lokale energiressursar 24 7.1.1. Elektrisk energi 24 7.1.2. Ved og treavfall 25 7.1.3. Fjernvarme 26 7.1.4. Energifleksible løysingar 26 7.2. Energi økonomiserande tiltak 26 7.2.1. Kunnskapsheving 26 7.2.2. Eksisterande byggmasse 26 7.2.3. Rehabilitering 26 7.2.4. Samla potensiale 27 7.3. Sluttbrukartiltak 27 7.3.1. Dagsenking av innetemperaturar 27 7.3.2. Bruk av dynamiske tariffar 27 7.3.3. Direkte styring av kundelast 28 7.3.4. Potensiale 28 7.4. Kostnadselement ved ulike energiberarar 29 7.4.1. Energistyringssystem 30 7.4.2. Ved 31 7.4.3. Tiltak i nettet for ulike forbrukskategoriar 31 Vedlegg 1, referansar 33 Vedlegg 2, befolkning, busetting og sysselsetting i Vang kommune 34 Vedlegg 3, infrastruktur for energi 37 Vedlegg 4, bustader etter region, bygningstype, bruksareal, eigarforhold og bustad 38 Vedlegg 5, bedrifter i Vang kommune 40 Vedlegg 6, energiforbruk 41 Vedlegg 7, utrekning av energikostnader 46 Vedlegg 8, årskostnader for bustadoppvarming 48 Vedlegg 9, nokre av dei val som påverkar totaløkonomien for ei investering 50 Vedlegg 10, kart over Vang kommune 51 Vedlegg 11, hytteområde med strøm 52

4 0. Utdrag frå Forskrift om energiutgreiingar med heimel i energilova 7-6. Mål med Lokal Energiutgreiing for Vang kommune: Bidrag til samfunnsmessing rasjonell utvikling av energisystemet. 8 Oppgåver for områdekonsesjonær: o Utarbeiding 10 o Årlig oppdatering 10 o Offentliggjøring innan kommunen. 10 o Oversending til utredningsansvarlig. 2 Krav til offentlige møter 10: o Representantar for kommunen o Andre interesserte energiaktørar o Presentasjon av alternative løysningar for energiforsyning i kommunen. o Krav til møtereferat og offentliggjøring av referat frå møta. Innhald i lokale energiutgreiingar 11: o o o Beskrive dagens energisystem og bruk av energi innan kommunen ved: a) Statistikk for produksjon b) Statistikk for overføring c) Statistikk for stasjonær bruk Beskrive forventa stasjonær energietterspørsel i kommunen fordelt etter: d) Ulike energibærare e) Ulike brukargrupper. Beskrive mest aktuelle energiløysingar for områder i kommunen med forventa vesentleg endring i etterspurnad på energi. I krav til løysingar skal vera take omsyn til: f. Høve til bruk av fjernvarme g. Høve til bruk av energifleksible løysingar h. Høve til bruk av varmegjenvinning i. Høve til bruk av innanlandsk gass j. Tiltak ved energiøkonomisering ved nybygg og rehabilitering. k. Tiltak ved bruk av energistyringssystem på forbrukssida. o Vegledar for energiutgreiingar i forordet: l. Krav til alternative tiltak for forsterkning av fordelingsnettet ved utviding av dette. Jfr. Eldirektivets artikkel 14 EU Direktiv ----. m. Her krav til løysingar ved vurdering av effektivisering ved energibruk som desentralisert produksjon.

5 1. Føresetnader for utgreiingsarbeidet Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. Vang kommune er ein kommune med liten vekst innan for industri, og folketalet er på veg ned. Hytter og fritidsbustader i kommunen er ei næring i vekst og vi har derfor lagt vekt på dette i utgreiinga. Størst aktivitet har vi i Filefjell/Tyin området. Avklaring av planlagde vegalternativ for E16 vil ha den største tyding for vidare utvikling av området næringsmessig. Elles går planlegging og bygging av fritidsbustader føre også i andre deler av kommunen. For Vang Kommune, er Vang Energiverk KF ei verksemd som har svært stor tyding for næringsverksemd generelt. Vang Energiverk KF har, som områdekonsesjonær utarbeida denne utgreiinga. Frå forskrifta: Utarbeiding årleg oppdatering og kunngjering. Ved utarbeidinga ser vi det viktig å skaffe relevante data for verksemder eller aktivitetar som er aktuelle i den forstand at andre løysingar eller endringar av energibruk er relevant. Ved årleg oppdatering er det viktig å kunne samanlikne data frå det eine året til det andre for å etterprøve eventuell endra utvikling som konsekvens av endra løysingar eller endringar i aktivitet. Ved kunngjering av framlegg til energiutgreiing for drøfting, må innhaldet vera på slik måte at det blir oppfatta som konkret og at det har aktualitet.

6 2. Utgreiingsprosessen I følgje Forskrift om Energiutredninger gitt ut av NVE i januar 2003 skal områdekonsesjonær utarbeide, årleg oppdatere og offentleggjere ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Intensjonen med forskrifta er at lokale energiutgreiingar skal auke kunnskapen om lokal energiforsyning, stasjonær energibruk og alternativ på dette området. På denne måten skal lokale energiutgreiingar medverke til ei samfunnsmessig rasjonell utvikling av energisystemet. På grunnlag av statistikk og analysar frå SSB, tal frå Brønnøysundregisteret og drøftingar med Vang kommune, er data om energiforbruket i kommunen per energiberar og brukargruppe kalkulert for perioden 1991-2004. Forbruket er korrigert for variasjonar i middeltemperatur i fyringssesongen. Tala som omhandlar det elektriske energiforbruket er henta frå Vang Energiverk KF sine eigne arkivar. Vi har brukt tal frå 1993 til og med 2003. Trenden for det elektriske energiforbruket peiker mot eit stabilt forbruk på i overkant av 30 000 MWh per år. Stasjonært energiforbruk, utanom elektrisk energi, har auka med 3,8 GWh frå 1991 til 2004. Trenden for samla energiforbruk i perioden viser ein svak nedgang. Dette skyldas til dels dei høge straumprisane i 2003, men også at det totale energiforbruket for 1993 og 1994 ikkje er teke med, grunna manglande data for perioden. Grunna dei mange nye hyttene har ikkje forbruket gått ytterligare ned i perioden. Diagrammet under viser samla energiforbruk i forhold til året før, der forbruket i 1995 er 100%. For tabell sjå vedlegg 6. 120 % Temperaturkorrigert energiforbruk i forhold til forbruket året før (i prosent) 115 % 110 % 105 % 100 % 95 % 90 % 1994 1996 1998 2000 2002 2004 Serie1 Trendlinje

7 Utviklinga i energiforbruket vil bli vurdert for dei neste 10 åra, dvs. fram til 2015. Utvikling i energiforbruk er ikkje utarbeidd enno. Dette vil blant anna avhenge av: Omfanget av godkjende reguleringsplanar framover. Det er i dette stor uvisse ved områder som kan bli take ut av planane på grunn av freding. Konjunkturtilhøve framtidig. Framtidige arbeidsplassar i kommunen og endring av desse i tilhøve til kva næringar som vinne eller tape terreng framover. Utvikling i kraftmarknaden generelt nasjonalt og i vår del av Norden, vil ha betyding for kva prisar det vil bli på ulike energiberarar eller substitutt til elektrisk energi. Alternativ energibruk til elektrisk energi er også eit omfattande område og prisar i denne samanheng. Det kan vere verd å ta med at det er over 1300 hytter i Vang kommune, og at tal i denne utgreiinga berre omtalar det elektriske energiforbruket deira. Vi har ikkje sett på nokre spesielle område i Vang kommune. Potensialet for alternative energiløysingar er foreløpig ikkje kvantifisert; men vil skisserast å vera innanfor: energi fleksible løysingar det er kjøpt inn ein varmepumpe som skal varme opp og kjøle ned skulen og kommunehuset. fjernvarme ikkje aktuelt grunna spreidd busetjing energiøkonomiserande tiltak samla potensiale knapt xx GWh energistyringssystem samla potensiale kring xx GWh Det er ikkje gjort nokon samla vurdering av økonomien for ulike løysingar. Den einskilde investor sine vurderingar vil avhenge av så mange ulike forhold. Difor er det i utgreiinga tatt med ei drøfting av kva for kostnadselement som til vanleg vil vere relevante. Det er også laga ein enkel reknemodell til bruk for vurdering av oppvarmingsløysing i bustadhus. For Vang kommune har vi følgjande statistikk over elektrisk energiforbruk per brukargruppe i perioden frå 01.01.2001 til 31.12.2001: Vi har valt å dele inn i 5 forskjellige brukargrupper: Fritidshus Bygg / industri

8 Privat tenesteyting Offentlege tenester Hushald / jordbruk Fritidshus 12 % Bygg / industri Privat 3 % tjenesteyting 19 % Hushold / Jordbruk; 53 ; 53 % Off. tjenester 13 % Det er grunn til å forvente at endringar i etterspurnad i energi prinsipielt vil bli: Jordbruk / hushald: nedgang eller tilnærma konstant Offentlege tenester: tilnærma uendra Privat tenesteyting (turistverksemder): auke Bygg / industri: konstant eller svak auke Hytter og fritidsbustader: auke. Energiforbruket grovt sortert innanfor desse kategoriane, er relativt lett å synleggjere over tid. Det vil vera rasjonelt å vurdere ulike standard energiløysingar innan nemnte kategoriar av forbruk.

9 3. Om Vang kommune Vang er ei fjellbygd som dekker 1633 km2. Berre 0,8% (14 km2 av dette er jordbruksareal, resten er fjell, innsjøar og skogar. Arbeidsplassane i Vang er knytte til jordbruk, transport, handel, turisme, bygging, kraftverk og stat/kommune. Dei fleste driv med mjølkeproduksjon frå kyr og geit, men mange har òg sau og gris, og pelsdyr som rev og mink. Gras og grønsaker vert dyrka til husbruk, og stølane er framleis i bruk hjå enkelte om sumaren. Fleire reindriftslag driv med tamrein. Jakt på elg, hjort, rådyr, hare og rype, samt fiske og fiskeoppdrett er ofte attåtnæring og fritidssyssel. Skogbruk finn ein lengst aust og sør i kommunen. Her ligg også to lokale sagbruk, Tveit og Kvismo. Av annan industri kan nemnast ein betongfabrikk. Handverksbedrifter sysselset òg somme. Turismen har så smått fått innpass på gardane, i tillegg til dei som driv berre med det. Elles har tenesteytinga, særleg den offentlege, auka svært dei siste åra, og sysselsette innafor denne næringa er nå omkring 33%. Enno er ca. 20% av befolkninga med arbeidsstad i kommunen sysselsette i primærnæringa. (sjå vedlegg 3) 3.1. Befolkning Kommuneplanen for 2004 seier dette om befolkninga i kommunen: Per 1. januar 2003 bur det 1 626 innbyggjarar i Vang kommune. Folketalsutviklinga syner ein jamn tilbakegang sidan rundt 1990; fram til då låg folketalet lenge stabilt på om lag 1 750. Dersom vi ser perioden under eitt, representerer dette ein tilbakegang på 7 %. Dette er ikkje noko særskilt fenomen for Vang. Dei aller fleste distriktskommunar opplever tilbakegang, medan det er vekst i sentrale strok. Nedgangen i folketalet skuldast først og fremst manglande fødselsoverskot, men også netto utflytting. Det blir ofte vist til at det er dei unge jentene som flytter ut, men frå Vang er det like mange unge gutar som jenter som flytter ut. I aldersgruppa 25-44 år er det 197 kvinner og 199 menn, men i aldersgruppa 45-69 år er kvinnene i mindretal med 217 mot 262 menn. Dette kan tyde på at færre jenter enn gutar flytter attende til Vang. I 2003 budde det 825 kvinner og 811 menn i Vang, det vil seia at vi totalt sett har eit kvinneoverskot (SSB 2003). Statistisk sentralbyrå har utarbeidd ulike prognosar for folketalsutviklinga. Særleg for mindre kommunar er dette usikre tal, men dei er likevel interessante. For alternativet med middels fruktbarheit, middels levealder, men inga flytting, vil folketalet halde seg stabilt dei næraste åra, men med ein liten nedgang i 2010-2015. Ved dette alternativet vil folketalet vera oppe i 1 634 i 2020 (8 fleire enn no). Å sjå bort frå flytting er likevel urealistisk. I Noreg flytter vi stadig meir, og aldri har vi flytta så mykje som no. For middels mobilitet i innlandet og middels netto innvandring har Statistisk sentralbyrå utarbeidd tre ulike alternativ. For Vang gjev dette følgjande:

10 Alternativ År 2005 2010 2015 2020 Låg nasjonal vekst med låg fruktbarheit og låg levealder 1616 1583 1548 1553 Middels nasjonal vekst med middels fruktbarheit og middels levealder 1 626 1615 1613 1640 Høg nasjonal vekst med høg fruktbarheit og høg levealder 1638 1642 1684 1736 For fleire tabellar og diagramma, sjå vedlegg 3 3.2. Butilhøve Bustadstrukturen i Vang kommune er typisk spreidd busetnad. Det finnes 682 bustader i Vang, 557 av dei er frittliggjande einebustad eller våningshus tilknytta gardsdrift. Ein gjennomsnittleg bustad i kommunen ligg på ca 126 m 2 (Sjå tabell vedlegg 4).. På bakgrunn av kommuneplanen er det liten grunn til å rekne med vesentleg endring i bustadstrukturen i åra framover. Dei overordna måla for ein kommunal næringspolitikk kan setjast opp slik: Oppretthalde og trygge busettinga i kommunen. Sikre full sysselsetting. Stimulere til nyetablering. 3.3. Bustadbygging Det blir bygd i gjennomsnitt mellom 2 og 9 nye bustader i kommunen kvart år. Dette tilsvarar frå ((2/673) * 100=) 0,3% til ((9/673)*100=) 1, 3 % auke. Dette er langt under landsgjennomsnittet, og vil ikkje påverke det totale energiforbruket i kommunen nemneverdig. 3.4. Hyttebygging Det er venta at mange nye hytter blir bygd i næraste framtid. Siste 7 år er det bygd ut fleire områder for hytter, og fleire reguleringsplanar og forslag ligg føre. For meir info om kva slags hytteområde som blir bygde ut, sjå vedlegg 11, som viser kart over området. 3.5. Næringsstruktur og utvikling Tal frå SSB seier at det totalt i 2004 var registrert 335 bedrifter i Vang innanfor privat og offentleg sektor. 240 av dei har ingen tilsette, og alle bedriftene har under 100 tilsette. 160 av

11 dei 335 driv innafor jordbruk og tenester knytta til jordbruk. Det har gått jamt nedover med talet på bedrifter i Vang. I 2. kvartal i 2002 var det 360 bedrifter, mens det i 3. kvartal i 2004 var 335. (Sjå vedlegg 5) Det er om lag 700 hytter i Vang som har straumforsyning. Desse er til no stort sett ikkje høgstandardhytter med stort effektforbruk. Det er typisk og sjølvsagt at desse hyttene blir brukt ein liten del av året totalt sett. Det vil seia: Jul og nyttårshelg. Vinterferie Påske Sommarferie Haust i samanheng med jakt og fiske. I samband med utbygging av telenett i Vang hausten 2004, vil det kunne gje høve for at eigarar av hytter i kommunen også vil / kan bruke dette ein større del av året. Dette er ei medveten satsing frå Vang kommune si side. Dette vil også kunne gje ein betra økonomi for mange slag verksemder innan kommunen og også ein betra økonomi for Vang Energiverk KF for nettverksemda. Nettsida til Vang kommune viser: Vang kommune arbeider no særskilt med satsing på næringsutvikling. Dette skjer gjennom aktiv dialog med innbyggjarane i kommunen, her under det etablerte næringslivet, og ved forsøk på å komme i kontakt med potensielle etablerarar andre stader i landet. Som ein del av satsinga utarbeida kommunen i 98/99 eit strategidokument for næringsutvikling. Frå eit førebels strategidokumentet ligg det føre slik visjon: "Av reiselivskommunane i Valdres skal Vang framstå som den mest "ekte", der bygda si historie, byggeskikk, kulturlandskap, natur, atmosfære og miljø er best ivareteke. Omsynet til desse grunnleggjande føremon som Vang har, skal utviklast til å bli kommunens største konkurranseføremon i all næringsverksemd." Vang kommune, som har store inntekter frå vasskraftutbygging, har økonomiske ressursar til å gje vesentleg støtte til næringsutvikling både i form av kommunal infrastruktur og direkte tilskot. Kommunen har disse viktige måla og planane, som er sette opp i kommuneplanen: Stimulere til at næringslivet framleis organiserer seg sjølv og tek ansvar for felles oppgåver (t.d. Filefjell Reiseliv og Vang næringsforum). Få ei betre utnytting av utmarksressursane i kommunen. Samarbeid mellom reiselivsnæring og grunneigarar. Satse sterkare på indirekte næringsutvikling ved: samordning av kommunen sine tenester i høve til næringslivet sine behov (saksbehandling, praktisering av lover og reglar, prising av tenester m.m.)

12 gode rammevilkår for folk sin bu- og kvardagssituasjon (barnehage- og skuletilbod, tomt/bustad, fritid m.m.) Bidra til å leggje tilhøva til rette for å halda oppe og vidareutvikle jord-, skog- og utmarksnæringar med aktuelle tilleggsnæringar. Vang Energiverk KF vedtok på eit styremøte i 1997, disse overordna måla: Vang Energiverk KF skal på ein aktiv handlemåte fremja eksisterande næringsliv og ny næringsutvikling i samsvar med kommunen sine mål. Vang Energiverk KF skal kunne selja eksterne teneste etter forretningsmessige prinsipp og i priskonkurranse på den aktuelle marknad. Dette skal berre gjerast i den grad det er rett ut frå omsyn til primæraktivitetar og normal ressurstilgang. Ved bygging og drift av elektriske anlegg som Vang Energiverk KF utfører, eller har ansvar for, skal miljøomsyn vere nedfelt som ein naturleg del i det årlege budsjett og vere med i tilhøyrande handlingsplan. Konkretisering: Dette tyder i praksis bruk av kabelanlegg i hovudsak, eller kabelanlegg i områder med eit svært sensitivt miljø.

13 4. Dagens lokale energisystem 4.1. Kort om Vang Energiverk KF Det alt vesentlege av det stasjonære energiforbruket i Vang kommune blir dekt av elektrisk energi. Vang Energiverk KF er eit kommunalt føretak stifta i 1940 og har områdekonsesjon med konsesjonsområde som omfattar Vang kommune i Valdres. Selskapet Jotunkraft AS driv kraftomsetning og er landsdekkjande kraftleverandør. Denne verksemda deler lokale og ressursar med Vang Energiverk KF. Vang Energiverk KF eig Jotunkraft AS med 50%. Det totale forbruket av elektrisk energi i Vang kommune var i 2003 på 30 739 MWh, inklusiv nettap og eksklusiv temperaturkorrigering. 4.2. Infrastruktur for energi 4.2.1. Energiberarar Elektrisk energi er den dominerande energiberar i det norske energisystemet. Men også petroleumsprodukt utgjer ein stor del. I nokre geografiske område vert det brukt relativt mykje t.d. ved, koks, fjernvarme, spillvarme o.a., sjølv om desse energiberarane ikkje viser like godt att på den nasjonale statistikken. Vi har i denne utgreiinga delt energikjeldene inn i disse gruppene: Elektrisk energi Kull, kullkoks, petrolkoks Ved, treavfall, avlut Gass Bensin, parafin Diesel-, gass- og lett fyringsolje, spesialdestillat Tungolje, spillolje 4.2.2. Elektrisk energi Distribusjonsnettet til Vang Energiverk KF er eit 22 kv høgspenningsnett, lågspenningsnett på 230 V IT og 230/400 V TNC system. Vi har også 1 kv utført som IT system. Vi har mindre energiledd om sommaren frå 01.05 t.o.m. 30.09 enn det som er definert som vinter: 01.10 t.o.m. 30.04. Det er normalt større ledig kapasitet sommar enn vinter. Ved å stimulere til bruk av energi når det er mest ledig kapasitet i nettet, vil også energi- og

14 effekttapet vera mindre enn ved høg last. Tap i overføringsnettet (som er ein kostnad) aukar kvadratisk med belastninga. 4.2.3. Biobrensel Ved og treavfall er den klart største energikjelda i kommunen, når ein ser bort i frå elektrisk energi. Det er mykje skog å ta av i kommunen, og dei fleste hushaldingar har moglegheit for vedfyring i tillegg til straum. Vi går også ut i frå at dei fleste av dei meir enn 1300 hyttene i kommunen nyttar ved som energikjelde. 4.2.4. Olje/parafin Noko olje vert nytta til oppvarming i private hus og hytter, men klart mindre enn elles i fylket. 4.2.5. Gass Det er ingen store gassbrukarar i Vang, men det er mange hytteeigare som nyttar gass i staden for straum. Gass seljast på bensinstasjonar i heile kommunen. 4.2.6. Varmepumper Det er ein stor varmepumpe planlagt montert i Vang. Denne skal koplast til både Vang barneog ungdomsskule og kommunehuset. Elles vert det truleg installert nokre varmepumper privat. 4.2.7. Andre energikjelder Solcellepanel blir brukt av eit ukjent tal hytter. Det er ikkje verksemder med varmeoverskot i kommunen. Søppel vert levert til Valdres Kommunale Renovasjon (VKR) sitt anlegg, så lokal utnytting av denne energien synes derfor uaktuelt no.

15 5. Energiforbruk Denne energiutgreiinga konsentrerer seg om stasjonært energibruk, i samsvar med retningslinjene i forskrifta. Det vil seie alt forbruk av energi i bygningar, anlegg og industri. Energiforbruk til transport fell utanom. Statistikken skal gir eit bilete av situasjonen fram til no og dannar eit grunnlag for vurdering av utviklinga framover. Statistikken dekker derfor ei viss periodelengd, men ikkje for lang, for då vil statistikken lett bli omfattande og uoversiktleg. Statistikken over det elektriske energiforbruket strekker seg frå 1993 til 2003. Tabellen som viser elektrisk energiforbruk fordelt på brukargruppe er i frå 2001, men vi har gått ut i frå at prosentfordelinga er omtrent lik for 2003. Statistikken over anna energiforbruk strekk seg frå 1991 til 2001, men tal for gass og biobrensel er korrigert i 2004. 5.1. Elektrisk energiforbruk Det elektriske energiforbruket i Vang var i 2003 på 28 395 MWh, eksklusive nettap.. Hushald og jordbruk er til saman den største forbrukargruppa med 53% av forbruket. Hushaldingar står for ca 25 % av det elektriske energiforbruket, dvs (25% av totalt el-energiforbruk/673 bustader) = 7098,75 MWh/673 = 10 548 kwh i året per bustad i gjennomsnitt. Gjennomsnittleg elektrisk energiforbruk per kvadratmeter i bustader på (10 548/126 m2)= 83,7 kwh/m2. Det finnes 1311 hytter i Vang kommune i januar 2004, og 713 av dei er tilkopla straumnettet. Dei står for i underkant av 12% av all elektrisk energiforbruk i kommunen. Oversikt over utbygde hyttefelt og bustadfelt i perioden 1997 2003, sjå vedlegg 4. Eigenproduksjon og netto utveksling frå andre, går fram av diagram. Verdiar er referert innmating og inklusive tap i nettet (sjå vedlegg 4): Elektrisk energiforbruk i konsesjonsområdet 40 000 35 000 30 000 MWh 25 000 20 000 15 000 10 000 5 000 - Egenproduksjon Fra OE -Hydro -L_ rdal T il sammen 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003

16 Diagrammet under viser det elektriske energiforbruket i kommunen når ein temperaturkorrigerar forbruket og tek vekk nettapet. Ein ser at forbruket har haldt seg relativt stabilt igjennom dei siste 10 åra. Konsentrerer ein seg om forbruket som er temperaturkorrigert ser ein at det er ei jamn auka i forbruket frå 1994-2002. Vinteren 2003 auka straumprisane merkbart og vi ser her at forbrukarane derfor har brukt mindre straum i denne perioden. Elektrisk energiforbruk 35000 30000 MWh 25000 20000 15000 10000 5000 0 Elektrisk energiforbruk eks. nettap Elektrisk energiforbruk eks. nettap og temeraturkorrigert 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 Trenden er at det elektriske forbruket er stabilt. Diagrammet under viser prosentvis auking frå år til år der forbruket i 1991 er 100%. Den røde linja er ei trendlinje, og som ein kan sjå viser den inga auke i forbruket. For tabell, sjå vedlegg 6. 110 % Temperaturkorrigert elektrisk energiforbruk i forhold til forbruket året før (i prosent) 105 % 100 % 95 % 90 % 85 % 80 % 1992 1994 1996 1998 2000 2002 2004 Serie1 Trendlinje

17 5.2. Anna energiforbruk Tall frå statistisk sentralbyrå viser ein oversikt over det stasjonære energiforbruket til Vang kommune. (sjå vedlegg 7) Når ein ser bort i frå elektrisk energi ser det slik ut: (Tall for ved og gass er korrigert 24.05.04) Stasjonert energibruk 1991, Vang kom m une Kull, kullkoks, petrolkoks 9 8 Ved, treavfall, avlut. 7 6 Gass GWh 5 4 4,9 Bensin, parafin 3 2 1 0 0 0,1 0,3 2,3 0,0 Diesel-, gass- og lett fyringsolje, spesialdestillat Tungolje, spillolje Stasjonært energiforbruk 1995, Vang kom m une Kull, kullkoks, petrolkoks 9 8 Ved, treavfall, avlut. 7 6 7,2 Gass GWh 5 4 Bensin, parafin 3 2 1 0 0,0 0,2 0,3 1,9 0,0 Diesel-, gass- og lett fyringsolje, spesialdestillat Tungolje, spillolje

18 Stasjonært energiforbruk 2001, Vang kom m une Kull, kullkoks, petrolkoks 9 8 9,0 Ved, treavfall, avlut. 7 6 Gass GWh 5 4 Bensin, parafin 3 2 1 1,7 Diesel-, gass- og lett fyringsolje, spesialdestillat 0 0,0 0,4 0,2 0,0 Tungolje, spillolje Som vi kan sjå ut i frå diagramma har det stasjonære energiforbruket i kommunen økt kraftig dei siste åra (vi ser bort ifrå elektrisk energi). Frå 7,5 i 1991 til 11,3 GWh i 2004 (talet for ved er korrigert i 2004). Privat hushaldingar bruker 7,5 GWh av anna energi, mens dei bruker 7,1 GWh elektrisk energi per år. Altså står elektrisk energi berre for (7 098 750 kwh / 14 598 750)= 48,6% av det totale energiforbruket til dei private hushaldingane. Særleg har ved og anna biobrensel auka mykje. Talet er 4,9 GWh i 1991, mens det i 2004 er på 9 GWh. Industri og bergverk har auka sitt forbruk av biobrensel frå 0,4 GWh i 1991 til 2,1 i 2004. Desse tala stammar frå bruk av bark/flis i 4 industriar i Vang kommune. Frå 1991 til 1995 auka forbruket av biobrensel til hushaldingar i kommunen frå 5,4 til 7,8. Frå 1995 til 2004 haldt forbruket seg stabilt, og det ser no ut til å ha stabilisert seg på omkring 7,5 GWh per år. I og med at vedforbruket til hytteeigarane ikkje er teke med, er forbruket truleg høgare. Gassforbruket har firdobla seg på 13 år, og dette er truleg grunna alle dei nye hyttene som er blitt bygd. Forbruket av bensin, parafin og lett fyringsolje er på til saman 1,9 GWh i Vang. Dette er ein mykje mindre prosentdel enn elles i fylket. (Sjå vedlegg 7)

19 5.3. Samla energiforbruk Vi har lage to diagram som skildrar utviklinga av det totale stasjonære energiforbruket i kommunen (sjå tabell vedlegg 6). Det eine viser forbruket når ein tar vekk nettapet, og det andre viser forbruket når vi i tillegg temperaturkorrigerar forbruket av elektrisk energi. Anna energiforbruk er ikkje temperaturkorrigert. Talet for anna energiforbruk i 2001 og 2003 er det same. Årsaka er at talet i for forbruk av ved og gass i 2001 er korrigert i 2004. Det er derfor mogleg at disse tala avvikar litt frå dei reelle tala. Som ein kan sjå ut frå diagramma var energibruket i 2003 mindre enn i dei andre åra. Den så kalla energikrisa med høge energiprisane er årsaka til dette. Om vi ser bort i frå året 2003 ser vi at forbruket har steget jamt dei siste ti åra. Dette kan skyldes auka forbruk, men også at fleire hytter i løpet av denne perioden har fått tilgang til straum. Totalt energiforbruk 1991-2003, eks. nettap 46000 44000 42000 MWh 40000 38000 36000 34000 1990 1995 2000 2005 Totalt energiforbruk, 1995-2003, eks. nettap inkl. temperaturkorrigering 46000 44000 42000 MWh 40000 38000 36000 34000 1994 1996 1998 2000 2002 2004

20 5.4. Utbreiing av vassboren varme Alternativ til elektrisk energi for byggoppvarming og tappevassoppvarming føreset vassbore (eller luftbore) system. Med vassbore system kan ein i tillegg til elektrisitet utnytte mange ulike energiberarar til oppvarming. Delen fullførte einebustader med innlagt vassbore oppvarmingssystem har siste året vore kring 35 % på landsbasis. Kommunen kan leggje til rettes for lokal utvikling av fjernvarmesystem ved å gjere aktiv bruk av Plan- og Bygningslov (PBL). Innregulering av varmesentral i samband med nye bustad- eller næringsområde gir kommunen rett til å krevje tilknytingsplikt. Vang kommune har til no ingen tradisjon for å utnytte PBL på denne måten. 5.5. Lokal elektrisitetsproduksjon Forretningsområda til Vang Energiverk KF er: Nettverksemd områdekonsesjon av 14. desember 1992 Eigenproduksjon i Eidsfoss kraftstasjon anleggskonsesjon av 25. februar 1983. Frå 2004 eigar av ein mindre del i Eidssiva Breiband AS. 5.5.1. Tilgang på kraft i Vang energiverk KF: Vang Energiverk KF har ein tilgang på elektrisk energi som er om lag 3 gonger det årlege forbruket i kommunen (sjå vedlegg 4). I tillegg har kommunen rett på 122 GWh konsesjonskraft, men har rett til uttak på 32 GWh. Differansen, ( 122 32) =90 GWh, blir nytta av fylkeskommunen. 5.6. Miljøkonsekvensar 5.6.1. Generelt Energiforbruk har eller fører til miljøbelastningar av ulike slag. Bruk av elektrisk energi er i seg sjølv ikkje miljøbelastande. Overføring av kraft har konsekvensar for arealbruk og miljø. Kraftleidningar rammar menneske gjennom negativ estetisk påverknad av bumiljø, landskap og natur elles. Kraftleidningar utgjer ein viss kollisjonsfare for fugl. I Noreg må ein rekne tilgangen på ny vasskraftbasert elektrisitet som avgrensa. Auka energiforbruk fører difor meir eller mindre direkte til auka produksjon av kraft frå andre produksjonssystem, t.d. kol- og oljebasert produksjon i andre delar av Europa. Dette er fordi Noreg har for tida eit permanent underskot på elektrisk energi.

21 Biobrensel er laga av biomasse. Biomasse er kalla CO 2 nøytralt brensel i motsetning til naturgass og olje.. Med det meines at dei mengdene av CO 2 som frigjerast ved forbrenning bindast opp i ny biomasse gjennom fotosyntesen. Men forbrenning av biomasse gir utslipp av andre gassar samt oske som påverkar miljøet. 5.6.2. Lokalt: Miljøomsyn i Vang Energiverk KF I vårt konsesjonsområde blir eldre luftliner i hovudsak erstatta med kabelanlegg. Nye luftleidningsanlegg blir bygd i svært liten grad eller nesten ikkje. Dersom nye luftleidningar blir bygd, blir det teke nøye omsyn til om miljøet er sårbart for slike inngrep.

22 6. Forventa utvikling av energibruk i kommunen Energiforbruket i kommunen har generelt auka jamt dei siste 10 åra. Normalt er det ein nær samanheng mellom energibruket og dei materielle levekåra. Energibruken stig erfaringsmessig med økonomisk vekst, for auka produksjon av varar og tenester aukar behovet for energi. Inntektsauke for hushaldingane kan medføre auka forbruk, også av energi direkte og indirekte. Energibruken/etterspurnaden er også avhengig av energiprisane, noko som kjem tydleg fram av tala for 2003. Høge prisar på energi vil normalt redusere etterspurnaden. På lokalt nivå vil det vere urealistisk å operere med trendframskriving av alle faktorar som kan påverke energibruken. Befolkningsendringar vil derimot slå tydeleg ut i energibruken. Folketal, persontal per hushalding og bustadform vil dessutan kunne etterprøvast statistisk. Det same gjeld for endringar i næringslivet, i form av bedriftsetablering eller nedbygging, bransjeutvikling eller sysselsetting. Også lover og forskrifter vil ha effekt, t.d. gjennom krav til isolasjon og byggstandard. Når det gjeld energiintensitet og andre tilsvarande moment, får ein legge til grunn nasjonale trendar, tilpassa vårt lokale område. 6.1. Private hushaldingar Det totale energiforbruket til privatpersonar har auka svakt dei siste åra. Vi ser ut i frå tala til SSB at forbruket av ved og biobrensel har verte stabilt sia 1995. Det er grunn til å tru at det vil bli ein viss reduksjon i forbruket dei neste 10 åra på grunn av høgare straumprisar på grunn av stadig større permanent kraftunderskot. Prognosane viser nedgang i tal på innbyggarar og reduksjon av forbruk i jordbruksnæringa ved færre og større einingar. Dette, i tillegg til at energiforbruket per person generelt aukar, gjer at vi førebels konkluderer med at det elektriske energiforbruket til private konsum vil halde seg stabilt i åra framover. Anna stasjonært energibruk blant privatpersonar ventar vi inga endring av. 6.2. Hytter og fritidshus I Vang er arbeid med bygging av fritidshus og service ei stor og viktig næring. Dette spesielt etter at landbruket har vore og er i tilbakegang. Det er også grunn til å forvente vekst i denne næringa innan for kommunen. I samanheng med dette vil energiforbruket innan tenesteytande næring auke i tida framover.