LEIGEREGLAR Inngangskortet hentar du på Servicetorget i Time Rådhus, opningstider: mån fred 7.30 15.00. Opne døra og slå av alarm: vis kortet og tast kode. Sette døra i fast open posisjon: trykk # 1 #, vis kort og tast kode. Lås ytterdøra: trykk # 1 #, vis kort og tast kode. Ta med leigeavtalen når du hentar kortet. Leigeavtalen skal underskrivast og leverast / sendast til Time kommune ved Servicetorget. Bryne Mølle vert leigd ut til eit vaksen publikum. Det er lov å servera alkohol i Bryne Mølle. Ved sal av alkohol må leigetakar søkja om ambulerande skjenkeløyve (alkohollova 1-6). Denne søknaden får du på Servicetorget i Time Rådhus, eller på www.time.kommune.no. Løyvet kostar kr. 310,-. Søknaden skal rettast til Time kommune/servicetorget. Publikumskapasiteten ut frå brannteknisk rapport er: Sekkelageret: 400 personar ved konsert inkludert vakter og artistar, lokalet må vere umøblert. Sekkelageret, det kan dekkast til 121 personar. Kafeen, det kan dekkas til 117 personar. Det kan maks vere 400 personar + vakter og artistar til saman i desse to lokala ved samtidig bruk, lokala må då vere umøblert. Møbleringa må ikkje stengja for rømningsdører. Ansvarleg leigetakar skal gjera seg kjend med branninstruks og risikovurdering, kor i bygget brannsløkkingsutstyr og rømingsvegar er. NB! Alle rømingsvegar må vere frie. Teikningar over rømingsvegane heng ved brannsentralen som heng til venstre når du kjem inn hovudinngangen. VIKTIG: Leigetakar er ansvarleg for rydding og vasking utanom vask av golv og toalett som er inkludert i prisen. Men golvet skal moppas der det har vore sølt. Utstyr til dette finn du i gangen ved kjøkkenet. Dersom det er oppkast, avføring eller blodsøl skal leigetakar vaske vekk dette. Uteområdet skal også ryddast for søppel, sigarettavfall og liknande. Bord og stolar i Sekkelageret skal vere reine når dei vert lagt i saman oppå bordtralla og stolar skal stablast inntil veggen. Leigetakar tek med seg alt som er tatt med til Bryne mølle, også tomgods og panteflasker. Alt utstyr som har vorte nytta skal vaskast og setjast på plass, også kaffikolbane. Følg vaskeinstruks ved oppvaskmaskina. Gjera reint stolar og bord, kjøkkenbenk, og det som er blitt brukt på kjøkkenet. Bord og stolar skal setjast på plass i Sekkelageret stablast dei inntil langveggen. I Kafeen skal dei plasserast slik teikninga ved kjøkkenbenken viser. Sløkkja alle lys. Hugs lysbrytarane i kjellaren: ein ved trappa ned frå Kafeen og ein ved herretoalettet. Sjå til at ingen støpsel står i, for eksempel i kaffitraktar. Søppelet skal kastas i stor, svart søppeldunk på utsida av inngangsdøra til Sekkelageret.
Laurdagar kl 12.00-16.00 og sundagar kl 13.00 17.00 er det ope i galleria i 2. og 3. etasje, publikum vil nytta inngangen til kafeen for kome opp til utstillingane. Om lokalet vert avbestilt mindre enn 14 dagar før leigedato vert leigetakar belaste med leigesummen. NB! Sjekk at alle dører er låste når du går frå bygget. Leigetakar må vere ute av lokalet før kl 03.00. Då skal lokalet vere ferdig rydda. Alt utstyr som leigetakar har tatt med skal tas ut same kvelden. Dersom leigetakar ikkje er ute av lokalet og alarm vert løyst ut vert rekning for utrykking sendt leigetakar. Dersom leigereglane ikkje vert haldne kan kommunen leige inn private reingjeringsbyrå på leigetakar si rekning. Ved ekstra reingjeringsarbeid vert det eit tilleggsgebyr frå kr. 4 000,-. Leigereglane er revidert april 2016
LEIGEPRISAR FRÅ 01.01.2016 Totalpris til lag og foreiningar i Time, Klepp, Hå og Gjesdal Man-tors + sun Fre-laur Kafeen Sekkelager Kafeen Sekkelager Før kl 17 800,- 800,- 800,- 800,- Heile dagen /kveld 1 300,- 1 300,- 1 800,- 1 800,- Kafeen+ Sekkelageret Før kl 17 1000,- 1300,- Heile dagen/kveld 1 700,- 2 400,- Sekkelageret og kafeen kan leigast til øvingslokale. Ta kontakt med aase.skrudland@time.kommune for avtale. Totalpris til andre Man-tors + sun Fre- laur Kafeen Sekkelager Kafeen Sekkelager Før kl 17 2 200,- 2 200,- 2 200,- 2 200,- Heile dagen/kveld 3 200,- 3 200,- 4 200,- 4 200,- Før kl 17 2 600,- 2 600,- Heile dagen/kveld 3 600,- 5 200,- I samband med bryllaup og konfirmasjon kan lokala (Sekkelageret og kafeen) leigast frå kl 17.00 dagen før til ein pris på kr 1500,-, for begge lokala.
Leigetakar: Adr : Tlf: : Dato og tidspunkt for leige: Leigetakar må vera merksam på at lokalet kan vere opptatt dagen før eigen leigedato. Pris: kr Kafeen: Sekkelageret: Lerret: Forventa personar til stades på arrangementet: Leigetakar er ansvarleg for alle skader som skuldast leigetakar sin bruk av lokalet. Time kommune Servicetorget Tlf 51 77 60 00 Underskrift leigetakar: service@time.kommune.no ------------------------------- Eg er kjend med leigereglane for Åse Skrudland Bryne Mølle. Tlf: 51 77 61 66 Mob: 47 45 70 50 e-post: aase.skrudland@time.kommune.no
UTSTYRSLISTE BRYNE MØLLE UTSTYRSLISTE BRYNE MØLLE Kjøkkenet: Komfyr Varmeskap Oppvaskmaskin Kaffitraktar 1 stk kjøleskap 150 tallerkenar (28 cm) 150 tallerkenar (22 cm) 150 suppeskåler 150 krus 150 vinglas 150 vassglas 4 stk glasskåler 150 av kvar, gaffel, kniv, suppeskei, kaffiskei 1 stk brødkniv 3 stk øser 2 stk sakser Skjerefjøl 8 glasmugger 8 kakespadar 9 par salt /peparbørse 8 kakefat 5 tv-kanner á 1,9 l Kafeen: 15 stk småbord (90x90 cm) 180 stk stolar (til saman i kafeen og Sekkelageret) Sekkelageret: 15 stk konferansebord (80x120 cm) 180 stolar (til saman i Kafeen og Sekkelageret)