Servicetorget MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdommen sitt kommunestyre Møtestad: Luster rådhus, møterom 2. et. Møtedato: 17. juni 2010. Start kl. 15.00 Slutt kl. 17.00 Til stades på møtet: Medl. og varamedl.: Meldt forfall: Fråvær: Luster ungdomsskule: Kaia Sandvik, Hanne Sviggum og Martin Oma. Hafslo barne- og ungdomsskule: Malene Kvam og Marte Erfjord. Luster vidaregåande skule: Lena Buvik Hauge. Sogndal vidaregåande skule: Kine Fjøsne 4-H:Aina Elise Bolstad Stokkenes og Espen Sleppen Josvanger. Politisk representant: Stine Sandvik. Luster ungdomsskule: Trine Kvamme Sætherbø. Hafslo barne- og ungdomsskule: Susanne Selland og Sindre Ruud Pettersen. Luster vidaregåande skule: Mariell Kleive og Lene Madsen. Sogndal v.g. skule: Julia Morenda Rosenlund. Luster ungdomsskule: Maria Molland og Julie Hatlevoll. Sogndal vidaregåande skule: Daniel Stølen Idrettslaga: Nicklas Sjølie Af Geijerstam Frå administrasjonen: Erling Bjørnetun og sekretær Liv Helen Nystuen. Andre: Fylgjande saker vart handsama: Saksnr.: Tittel: 10/10 Godkjenning av innkalling og sakliste. 11/10 Godkjenning av møtebok frå møte 15. mars 2010. 12/10 Skriv og meldingar. 13/10 Aktivitetsplan 2010 - evaluering. Nattcup/Blås grønt natt til 17. mai Lokalt arrangement av Ungdommens kulturmønstring Delta på regional nettverkssamling og Fylkesting for ungdom Opplæring av medlemane og varamedlemane Kulturutveksling Skulebesøk Lokale transporttilbod for ungdom Vera repr. i styret for ME`N`U Vera repr. i Folkehelserådet 14/10 Årsmelding Ungdommen sitt kommunestyre i Luster skuleåret 2009 2010. 15/10 Arbeidsutvalet skuleåret 2009 2010 si funksjonstid. 16/10 Ymse. ADRESSE: TELEFON: TELEFAX E-POST ADRESSE: ORGANISASJONSNR. Rådhuset Sentralbord: 57 68 55 01 postmottak@luster.kommune.no 964 968 241 6868 GAUPNE 57 68 55 00 Bankgiro: 3785.07.00142
Side 2 Ekstrasak: Sak 17/10 Erlend Bø, - søknad om tilskot på kr. 5.000 til gjennomføring av Ungdomspolitiske dagar i Florø 18. og 19. september 2010. Underskrifter: Vi stadfester at det som er ført i møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Møteprotokoll er sendt til: Medlemane, varamedlemane, barne- og ungdomskontakt, barneombod Jorunn Ødegård, Erling Bjørnetun, ordførar, varaordførar, rådmann, Luster ungdomsskule, Hafslo barne- og ungdomsskule, biblioteka, Sogn Avis, revisor og fadder for UK i Luster Hildegunn Midtbø Berge, Hjortefaret 1, 6900 Florø.
Side 3 10/10 Godkjenning av innkalling og sakliste. Innkallinga og saklista vart godkjend med med tillegg av ny sak 17/10: Handsaming av søknad frå Erlend Bø om tilskot på kr. 5.000 til gjennomføring av Ungdomspolitiske dagar i Florø 18. og 19. september og val av utsendingar til seminaret. 11/10 Godkjenning av møtebok frå møte 15. mars 2010. Møteboka frå møte den 15. mars 2010 vart samrøystes godkjend. Malene Kvam og Hanne Sviggum vart valde til å skrive under møteboka. 12/10 Skriv og meldingar. Ingen skriv framlagt i møtet. 13/10 Aktivitetsplan 2010 - evaluering. Framlagde dokument: Aktivitetsplan 20009-2010. Nattcup/Blås grønt natt til 17. mai Lokalt arrangement av Ungdommens kulturmønstring Delta på regional nettverkssamling og Fylkesting for ungdom Opplæring av medlemane og varamedlemane Kulturutveksling Skulebesøk Lokale transporttilbod for ungdom Vera repr. i styret for ME`N`U Vera repr. i Folkehelserådet Leiar Stine Sandvik gjekk igjennom aktivitetsplanen punkt for punkt, samtidig som det vart vist til framlegget til årsmelding for siste skuleår, der dei ulike tiltaka også blir nemnde. Under gjennomgangen av aktivitetsplanen kom det fram ein del synspunkt som vert tekne med i møteprotokollen, og som kan vera nyttige å sjå tilbake på ved seinare høve. Nattcup/Blås grønt natt til 17. mai. Ansvarleg for arbeidsgruppa Lena Buvik Hauge orienterte om arrangementet og at det var registrert mange positive tilbakemeldingar. Været gjorde sitt til at ein måtte avlyse uteaktivitetane, og alt skjedde inne. Det kom tilbakemelding på at kvelden vart lang då det ikkje skjedde så mykje. For seinare bør det planleggjast med både ute- og inneaktivitetar. Val av stad for seinare arrangementet bør rullerast i kommunen. Lokalt arrangement av Ungdommens kulturmønstring. Mange deltakarar. Det kom innspel på at det kanskje hadde blitt fleire med om ikkje arrangementet hadde vore så tidleg på året som i januar. Delta på regional nettverkssamling og Fylkesting for ungdom. Utsendingane Lena Buvik Hauge, Hanne Sviggum og Malane Kvam gav uttrykk for at dei hadde lærte mykje. Det var berre positivt at dei fekk tilbakemelding på kva som kunne gjerast betre. Opplæring av medlemane og varamedlemane. Grei dag! - var tilbakemeldingane. Kulturutveksling. Søknadsskjema ligg på heimesida til Luster kommune. Fire har søkt på utveksling sommaren 2010, men pr. 15.05. var det berre ein vertsfamilie i USA.
Side 4 Avsette midlar til kulturutvekslinga 2010 vil bli gjort overførebare til 2011. Dei fire som har søkt i år vil få tilbod om å vera med på ny vurdering våren 2011. For seinare bør ein vera ferdig med utvelginga før 1. mai. Skulebesøk. Erling Bjørnetun, Kine Fjøsne, Stine Sandvik og Lena Buvik Hauge har besøkt elevråda ved skulane i Luster. Målet med besøket var å få til ein betre prosess med saker frå skulen til Ungdommen sitt kommunestyre. Det kom tilbakemelding på at det kanskje ville fungert betre om klassane hadde blitt besøkt direkte. Lokale transporttilbod for ungdom. Søknadssum 2010 er kr. 90.000 som er i samsvar med Kommunestyret sitt budsjettvedtak 2010. Tilbakemelding om at tilbodet må bli betre markedsført, - m.a. med ny layout på plakatene. Vera repr. i styret for ME`N`U. Hanne Sviggum frå Ungdommen sitt kommunestyre melde tilbake at det har vore halde fleire møter igjennom vinteren i styret for ME`N`U. Vera repr. i Folkehelserådet. Stine Sandvik frå Ungdommen sitt kommunestyre melde tilbake at det ikkje har vore halde møte dette skuleåret i Folkehelserådet. 14/10 Årsmelding Ungdommen sitt kommunestyre i Luster skuleåret 2009 2010. Framlagde dokument: Framlegg til årsmelding. Leiar Stine Sandvik orienterte om årsmeldinga for skuleåret 2009-2010. Arbeidsutvalet si tilråding: Arbeidsutvalet sluttar seg til den framlagde årsmeldinga for Ungdommen sitt kommunestyre skuleåret 2009 2010. Vedtak: Ungdommen sitt kommunestyre sluttar seg til den framlagde årsmeldinga for Ungdomen sitt kommunestyre skuleåret 2009 2010. Samrøystes. 15/10 Arbeidsutvalet skuleåret 2009 2010 si funksjonstid. Leiar Stine Sandvik orienterte om bakgrunn for saka. For kontinuitet i arbeidet i UK bør AU for skuleåret 2009-2010 si funksjonstid gjelda fram til nytt UK er konstituert hausten 2010. Arbeidsutvalet si tilråding: Arbeidsutvalet innstiller på at funksjonstida til AU vert fram til nytt UK er konstituert hausten 2010. Vedtak: Ungdommen sitt kommunestyre vedtek at funksjonstida til AU vert fram til nytt UK er konstituert hausten 2010. Samrøystes.
Side 5 16/10 Ymse. Val til Ungdommen sitt kommunestyre. Det kom innspel på at ein ikkje bør velje inn representantar frå 10. klasse til Ungdommen sitt kommunestyre. Vala gjeld for 2 år, og det blir vanskeleg å halde kontinuitet i arbeidet i UK når fleire få same skule skal vera på val det same året. Meir politisk interesse blant ungdom. Luster, som ein av 20 kommunar, er plukka ut til å vera med på forsøksordning med røysterett for 16- og 17-åringar ved kommunevalet i 2011. Med bakgrunn i dette vart det i møte den 15. mars 2010 vedteke å sende brev til dei politiske partia i kommunen med oppmoding om å gjera det spanande for 16- og 17- åringane å delta i utforminga av lokaldemokratiet slik at dei vil bruke røysteretten sin ved kommunevalet i 2011. Dette brevet er ikkje vorte send ut, for saka vil bli tatt opp att til hausten. Ekstrasak: 17/10 Erlend Bø, - søknad om tilskot på kr. 5.000 til gjennomføring av Ungdomspolitiske dagar i Florø 18. og 19. september og val av utsendingar til seminaret. Leiar Stine Sandvik orienterte om at arrangør av Ungdomspolitiske dagar v/erlend Bø har sendt skriv til kvar einaste ordførar i Sogn og Fjordane med oppmoding om å delta på seminaret, samt oppmoda kommunane om å støtte dette tiltaket med kr. 5.000. Tilsotet vil gå til honorar, reiser og overnatting til føredragshaldarar, leige av lokale, lyd og lys og marknadsføring. Målet med seminaret er først og fremst å stimulere og motivere ungdom til samfunnsengasjement og politisk arbeid. Undervegs i dei to dagane skal alt fokus vere retta mot ungdom i og for Sogn og Fjordane. Seminaret vil ha fokus på 3 hovudtema: Politisk engasjement blant ungdom, ungdomsdemokrati i Sogn og Fjordane og entreprenørskap og næringsliv i Sogn og Fjordane. Deltakaravgifta på seminaret er kr. 500 pr. person for begge dagar. Arbeidsutvalet si tilråding: Arbeidsutvalet tilrår at søknaden vert innvilga med eit tilsagn om tilskot på inntil kr. 5.000 til gjennomføring av Ungdomspolitiske dagar i Florø 18. og 19. september. Før kommunen kan utbetale tilsegn om tilskot må det leggjast fram dokumentasjon som viser utlegg i samsvar med søknaden. Frist for rapportering er 1. november 2010. Etter drøfting i Ungdommen sitt kommunestyre vart det vedteke fylgjande: Ungdommen sitt kommunestyre vedtek at søknaden frå Erlend Bø vert innvilga med eit tilsagn om tilskot på inntil kr. 5.000 til gjennomføring av Ungdomspolitiske dagar i Florø 18. og 19. september. Før kommunen kan utbetale tilsegn om tilskot må det leggjast fram dokumentasjon som viser utlegg i samsvar med søknaden. Frist for rapportering er 1. november 2010.
Side 6 Etter innspel i møtet kom det framlegg om å velje utsendingar til Ungdomspolitiske dagar. Det kom framlegg på Malene Kvam og Lena Buvik Hauge som utsendingar, med Marthe Erfjord som vara. Arbeidsutvalet får fullmakt til å supplera lista. Samrøystes.