Arsmelding fra Stord Ungdomsra d 2015 Medlemmar Stord Ungdomsråd har vore i aktivitet gjennom heile 2015, trass i få offisielle møter. Nokre av medlemmane søkte seg ut før sommaren, då dei skulle flytta vekk eller ikkje kunne kombinera vervet med skule. Etter nyrekruttering og avgangar, vart nytt og fullt Ungdomsråd med 18 medlemmar og vararepresentantar konstituert i oktober. Samansetjing av ungdomsrådet per desember 2015: Lena Folkedal Ingvild Ask Johanne Malene Ekeland Valvatne (vara) Andrea Maud Mjønes (vara) Emma Hinderaker Pedersen Marius Polden Brekke Kathrine T. Sjo (vara) Erik Bloch (vara) Karl Joachim Lekven Amalie Sydnes Dina Blokhus Johannesen (vara) Oda Bernett Lilleskare Lund (vara) Anna Sofie Ekeland Valvatne Marie Knutsen Bruntveit Vebjørn Strøm Langøren Marius Urdal Morten M. Petterteig (vara) Justine Fonn Sætre (vara) Fitjar vidaregåande skule Leiar: Anna Sofie E. Valvatne Nestleiar: Marie K. Bruntveit Styremedlem: Emma H. Pedersen Side229
Møter Ungdomsrådet hadde berre 4 ordinære møter i 2015, der eine møtet ikkje var gyldig grunna for lite oppmøte. Referat frå møta ligg på heimesida til Stord Ungdomsråd. Koordinator Ungdomsrådet held møte i kommunestyresalen Ungdomsrådet har gjennom 2015 ikkje hatt eigen koordinator. Dette har påverka møteaktiviteten til rådet, då me ynskjer å følgja politikarane sin møtefrekvens for å kunne følgje med og gje innspel. Få møter har også gjort det vanskelegare å engasjere heile ungdomsrådet til medverking i ulike fora. Politikarane vedtok å avsetja midlar til koordinator for ungdomsrådet i årets budsjett. Men det har teke tid å få denne stillinga på plass. Utekontakten, ved Cecilie Berger, har bistått ungdomsrådet i ulikt administrativt arbeid/ sekretærarbeid gjennom året. For 2016 har Ungdomsrådet endeleg igjen fått eigen koordinator, no frå utviklingsgruppa. Økonomi Ungdomsrådet har hatt kr 50 000 til eigen disposisjon i 2015. Denne summen har blitt brukt til å dekka utgifter i samband med møter, interne aktivitetar, arrangement, deltaking på nettverksamlingar, og konferanse. I tillegg har ungdomsrådet delt ut økonomisk stønad på kroner 11.500,- til lokal film for MOT og cannabisfaldar. Saker og arrangement i 2015 Januar: Opning av friluftslivets år; representantar frå Ungdomsrådet deltok på kvelden, der me hadde samtalar med ordførarane i Sunnhordland om ungdom i kommunen og i regionen. Nestleiar i Ungdomsrådet heldt appell frå eit ungdomsperspektiv på generalstreiken mot Januar: Samtalar rundt bålet med Sunnhordlandsordførarane Side230
endringane i arbeidsmiljølova, der om lag 2000 personar var med. Februar: Deltok med innlegg på Studentsamskipnaden ved HSH sin Læringsmiljøkonferanse på Rosendal fjordhotell om «framtidsstudenten». Debattkurs ved Me Snakkast/ framtida.no. Me fekk opplæring i leiing av debattar. Ungdommens fylkesting; to representantar frå Stord ungdomsråd deltok. Begge desse vart valt inn som vararepresentantat i ungdommens fylkesutval. Ungdommens kulturmønstring; ungdomsrådet deltok i det praktiske arbeidet rundt arrangementet, samt med to programleiarar. Mars: Me snakkast: Medarrangør for debatt om yrkesval og likestilling (samarbeid mellom framtida.no, biblioteket og Ungdomsrådet). Byregionsprogrammet; to representantar frå ungdomsrådet deltok i fleire prosessmøter. Var i kommunestyret og la fram årsmeldinga. Etterlyste ordning med koordintor. Møte med samarbeidsrådet om kommunereforma. Representant og fungerande koordinator deltok. Planla ungdomsrådskonferanse for Sunnhordland, men denne vart avlyst. April: Folkehelseforum om inkludering og integrering. Ungdområdet stilte med tre representantar. Me snakkast: medarrangør for debatt om byutvikling på Stord. Gjekk ut i bladet Sunnhordland saman med Fitjar ungdomsråd om kommunesamanslåing. Møte. Mars: Me snakkast debatt på biblioteket April: Faksimile frå Bladet Sunnhordland etter debatt om byutvikling. Mai: Lesarbrev om kommunesamanslåing. Deltok i utvida formannskap om kommunesamanslåing. Nestleiar var hovudtalar på 17. mai i parken/ Leirvik. Innspel til ordførar før møte med Skyss. Side231
Juni: Innspel til oppvekstkomiteen om SFO-prisar og Stord ungdomsskule. Var med på nasjonal konferanse på HSH om ungdom, valdeltaking og medverknad. Deltok i panelsamtale «Ungdomsråd som får det til». Deltok på møte i oppvekst og utdanning om Kongen på haugane/ nye. September: Innspel til ordføraren i førekant av møte med Skyss. Arbeid med rekruttering til ungdomsrådet. Møte. Ikkje vedtaksdyktig. Juni: Nasjonal konferanse om ungdom og valdeltaking på HSH. Me snakkast: Medarrangør for ordførarkandidatdebatt om miljø og kultur. Oktober: Representant frå ungdomsrådet deltok i panelet på folkehelseforum om arbeidstidsordningar. Møte. Nytt ungdomsråd konstituert 22. oktober. November: Rådmannen presenterte budsjettet for ungdomsrådet. Teambuilding på Fitjar, der me førebudde budsjetthøyringane. Deltok med innlegg på budsjetthøyringane i alle tre komiteane. Seks representantar frå Stord ungdomsråd deltek på barne- og ungdomskonferanse i Bergen. To representantar på nettverkssamling med Ungdommens fylkesting. Oktober: Representant frå Ungdomsrådet snakkar om ungdom sine erfaringar med foreldre på reisejobb November: Ungdomsrådet gjev uttalar til tre komitéar i budsjetthøyringane Desember: Medarrangørar av fakkelmarkering for å bevara akuttfunksjonen ved Stord sjukehus. Møte. Desember: Fakkelmarkering for Stord sjukehus Side232
Stord, 14.01.16 For Stord Ungdomsråd Anna Sofie Ekeland Valvatna Leiar Stord ungdomsråd Cecilie Berger Utekontakten, Stord kommune Side233