Folkeverkstad i ein innovasjonslab? (Ref #bd0e9b63) Søknadssum: 180 000 Varighet: Ettårig Kategori: Forprosjekt Opplysninger om søker Organisasjonsnavn / nr Bø bibliotek / 962276172 Bøgata 69 3800 Bø i Telemark Institusjonens leder Ingvild Elvestad Tørre Ansvarlig kontaktperson (søker) Ingvild Elvestad Tørre 35059242 / ingvild.elvestad.torre@bo.kommune.no Mål for prosjektet Bø bibliotek ønskjer å undersøke om, og utarbeide detaljplanar og erfaringsgrunnlag for korleis, ein folkeverstad fysisk og strukturelt kan integreras i ei felles innovasjonslabsatsing i Bø kunnskapspark, med overføringsverdi til andre bibliotek. Prosjektbeskrivelse Bø biblioteket har tilhald i lokale som ikkje er bygd for bibliotekføremål. Lokala er for små og har ikkje eit fysisk potensiale for at vi skal kunne tilfredsstille dei nye krava til utvikling av folkebiblioteka som møteplass og debattarena. Det raskt aukande folketalet i Bø kommune er også ein faktor som spelar inn i høve til kapasitet og tilrettelegging. Det er i skrivande stund lagt fram eit forslag til områdereguleringsplan for "Campus Bø" til offentleg ettersyn, der Rådmannen mellom anna ønskjer eit vidare arbeid med utgreiing om ein samlokalisering av nytt folkebibliotek og ungdomsskule i ei utviding av Gullbring kulturanlegg. "Campus Bø" inneheld i dag mellom anna høgskule, kulturanlegg, hotell og Telemark kompetansebygg. Det er no planlagt bygging av eit nytt kunnskapssenter, under leiing av Midt-Telemark Næringsutvikling. Bø Kunnskapspark ønskjer å vere ein arena for samspel mellom næringsliv og høgskole, og dei har nå invitera folkebiblioteket i kommunen til å sjå på muligheten for eit samarbeid om ein felles innovasjonslabsatsing i deira lokale. Oppbygginga av innovasjonslaben er ikkje endeleg avklart, men ein ser det som naturleg at den vil ha ein verkstaddel med produksjonsutstyr og ein idélab med moglegheit til å køyre innovasjonsprosessar, kurs, foredrag og liknande. Mykje av dette er dermed overlappande med aktivitetar norske folkebibliotek driv med. Ei av hovudmålsettingane med campus og kunnskapsparken er å styrke koblinga Side 1 av 5
mellom høgskulemiljøet, næringslivet og lokalsamfunnet for øvrig. I dette biletet trur vi at ein lavterskelbasert folkeverkstad med tilknyting til eit profesjonelt kompetanse- og innovasjonsmiljø vil vere ei god løysing for alle partar. Utfordringa her blir å finne kva slags rolle biblioteket skal ha. Dette er ny mark for oss, og me søkjer difor støtte til eit forprosjekt for å kartlegge dei mest formålstenelege løysingane for eit slikt samarbeid, og kva det bør innehalde. Me trur også at dette forprosjektet kan gjere det enklare for andre å finne ut av korleis ein kan samarbeide med andre aktørar (private) utanfor biblioteket sitt tradisjonelt definerte rom, utan at biblioteket mister sin legitimet som offentleg institusjon. KONKRETE MÅL 1. Kome med tilråing for korleis ein folkeverkstad konseptuelt og organisatorisk kan integrerast i ei felles innovasjonslabsatsing i Bø Kunnskapspark. 2. Etablere og gje innhald til ein digital ressursbank for folkebiblioteka sine folkeverkstadsatsingar 3. Utgreie kor vidt Webløft kan nyttast eller vidareutviklast for å fungere som støttesystem for folkeverkstader, med ressursbase osb. 4. Utgreie kor vidt det er formålstenleg å nytte bibliotekkortet som adgangskort i ei slik fleirdelt løysing 5. Prøve ut om ei utlånsordning for verktøy kan vere aktuell å knyte til verkstaden. PROSJEKTSKILDRING Vi vil sjå på konkrete utfordringar knytt til formell organisering og praktisk administrasjon, og gjennom testing, brukarmedverknad og research etablere eit grundig kunnskapsgrunnlag for å skissere eit godt konsept. All opparbeid kunnskap og erfaring vil vi samle i ein digital ressursbank som også andre folkebibliotek kan dra nytte av. Prosjektet er delt i 3 delar, som vil køyrast parallelt, og resultere i eit sluttdokument med forslag og tilråingar for den endelege løysinga. Del 1: Utgreiing av organisering og støttesystem Her vil me avklare grunnleggjande spørsmål kring samarbeidsform og organisering, samt utgreie moglegheitene for gode multifunksjonelle støttesystem inn mot den endelege løysinga. Del 2: Research og ressursbank Her vil me oppsøke ulike kjelder for å gjere research - mellom anna kontakte andre folkeverkstader og vitje makerspace-miljø og Makers Faire i Trondheim. Vi vil samle det vi finn i ein digital ressursbank som vi vil etablere. Denne vil vere i ei enkel form (truleg basert på Webløft) men kunne uviklast eller vidareførast til ei breiare løysing. Del 3: Testaktivitetar og brukarmedverknad Her vil me gjennom ein serie på tolv testaktivitetar skaffe oss eit djupare kunnskaps- og erfaringsgrunnlag. Kva er det plass til og ønske om hos lokalbefolkninga? Aktivitetane vil representere ulike bruksområde og målgrupper som til saman dekker ei god breidde av folkeverkstaden sitt potensielle tenestetilbod. Etter kvar aktivitet gjer vi evaluering med bakgrunn i tilbakemeldingar frå deltakarar. Til slutt gjennomfører vi ei brei brukarundersøking retta inn mot den framtidige løysinga. Også informasjonen frå denne delen leggjast inn i ressursbanken. For fleire detaljar om prosjektdelane sjå vedlegg. Side 2 av 5
NYSKAPANDE Unik samløysing? Det eksisterer så vidt me kjenner til ikkje nokon tilsvarande etableringar frå før, kor biblioteket går inn og samarbeider med nærings- og høgskuleaktørar, og kor folkeverkstaden leggjast til eit eksternt kunnskapsparkmiljø, og ressursane inn og ut blir delt mellom fleire. Bygginga av kunnskapsparken er enno ikkje vedteken, så me må halde døra open for at den ikkje vert noko av. Dette alternativet vil me ha i bakhovudet heile vegen, men målet med forprosjektet er at me ved prosjektslutt sit att med nok kunnskap til å etablere ein folkeverkstad saman med andre aktørar utafor biblioteket sine lokale om dette viser seg å kunne fungere. Bø i Telemark har ei aktiv og engsjera befolkning, og me trur at ein Folkeverkstad vil bli godt teke imot. Side 3 av 5
Start- og sluttdato for prosjektet Prosjektvarighet Ettårig Fra dato 01-06-2016 Til dato 01-06-2017 Aktivitetsplan for prosjektet Beskrivelse Fra dato Til dato Kartlegging av samarbeidsform 01-06-2016 01-04-2017 Testaktivitetar med forløpande evaluering 01-06-2016 01-04-2017 Gjere research i eksisterande folkeverkstadmiljø 01-06-2016 01-08-2016 Etablere digital ressursbank 01-06-2016 01-08-2016 Studietur til Trondheim sine skapemiljø og Maker Faire 26-08-2016 27-08-2016 Utgreiing av støttesystem (t.d. reservasjonsfunksjon) 01-09-2016 01-11-2016 Utgreiing av støtteystem (brukarinform. og tilgang) 01-01-2017 01-02-2017 Brei brukarundersøking 01-03-2017 01-04-2017 Analyse og utforming av tilråingar i sluttdokument 01-04-2017 01-05-2017 Evaluering og rapportering 01-05-2017 01-06-2017 Andre opplysninger Samarbeidspartnere Organisasjon/institusjon Formell avtale Rolle Midt-Telemark Næringsutvikling AS Pb. 4 3833 Bø i Telemark ja Prosjekteigar av Bø kunnskapspark, lokalet der Innovasjonslab/Folkeverkstad er planlagt lokalisera. Dei bidrar med timar. Side 4 av 5
Budsjett Søknadsbeløp fra Nasjonalbiblioteket 180 000 Utgifter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Prosjektleiing og administrasjon 240 000 240 000 Studietur til Trondheim 10 000 10 000 Marknadsføring og materiell (testarrangement, brukarundersøking) 40 000 40 000 Utgreiing av div. støttesystem og ressursbank (etablering) 30 000 30 000 Totale utgifter 320 000 320 000 Inntekter Beskrivelse Denne periode Totalt for prosjektet Prosjektleiing og administrasjon (eiga finansiering) (bekreftet tilskudd) 50 000 50 000 Tilskudd frå MTNU gjennom arbeidsinnsats (bekreftet tilskudd) 60 000 60 000 Innsats frå eksterne 30 000 30 000 Tilskudd fra Nasjonalbiblioteket 180 000 180 000 Totale inntekter 320 000 320 000 Vedleggsoversikt Beskrivelse Meir detaljer om prosjektet Side 5 av 5