Mai 2003 Stordalingen 1. Nyhetsmagasin for Stordal IL. Årgang 2 Nr. 3 mai 2003



Like dokumenter
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Til deg som bur i fosterheim år

Også i år har Sandsøy samarbeidd med Kvamsøy på a-lags nivå, 5 spelarar var med og spelte kampar i 6. divisjon

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MEDLEMSINFO. august 2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)


Styret har vore samansett slik i 2012 :

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Brukarrettleiing E-post lesar

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Barn hjelper Barn ein miniputt kan gjere stor skilnad. Ei oppsummering av tiltak som miniputtane har vore med på i

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

ÅRSMELDING. IL JOTUN Ski for perioden 1. januar 2015 til 31. desember 2015 PÅ VEG MOT HUNDRE!

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

REGELHEFTE FOR SAMLAGSSTEMNER

Treningssamling oktober

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Reglar og retningslinjer for organisering og gjennomføring av Dana Cup

Informasjon til elevane

Plassebakken Barnehage

INFORMASJON FOR OPPMENN

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

«Ny Giv» med gjetarhund

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Plassebakken Barnehage

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

ÅRSMELDING IL JOTUN Symjegruppa. for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2017 PÅ VEG MOT HUNDRE!


MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

mmm...med SMAK på timeplanen

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Søknad om treningstid for Øystese Idrettshall 2003/2004.

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

ARBEIDPLAN 2013 VALLDAL IDRETTSLAG

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSMELDING. IL JOTUN Symjegruppa for perioden 1. januar 2016 til 31. desember 2016 PÅ VEG MOT HUNDRE!

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

FANTASTISK FORTELJING

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Handlingsplan for Sogn og Fjordane Orienteringskrins

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

LANGTIDSPLAN FOR BRUSAND IDRETTSLAG

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

: Lilly Schøyen, Atle Hamar, Martin Hopland, Olaf Betten og Yngve Thorsen (adm.)

Transkript:

Mai 2003 Stordalingen 1 Innhald i magasinet s. 2 Leiaren i S.I.L s. 3 A-Laget s. 4 Dugnadsgeneralen s. 6 Old-Boys s. 8 Mc Donalds Cup s. 9 Spb. Møre Cup Alpint s. 11 Grendacupen 2002 s. 12 Landsfinalen til Stordal? s. 13 Tunnelåpning 27. juni s. 14 Stordalscup 2003 s. 17 Skulekorpset 40 år s. 18 Hoppgruppa s. 20 Langrennsgruppa s. 23 Stordal Fjellservice s. 24 Min Tur s. 26 Intervju med Syver-Karl s. 30 Lag og org. I Stordal s. 32 Organisasjonsplan i S.I.L s. 35 Fragment av eldammal.. s. 37 Aldersbestemte lag s. 41 Treningstider fotball s. 45 Kulturkalender Nyhetsmagasin for Stordal IL. Årgang 2 Nr. 3 mai 2003 www.stordalingen.no Fragment av eldgammal poesi Gullmyrklegg ved Svartevatnet. Foto: Stein Erik Busengdal I gutedagane serverte far min meg i blant myten om ein botanikar som skulle ha funne ei sjeldan plante i Raudeberget. Far likte å fortelje frå Stordalen. Det meste var segner og folkeeventyr. Myten om planta verka meir truleg enn mangt far min hadde skrønt i meg og sådde nok i meg ei spirande interesse for fjellplanter... Les meir frå Stein Erik Busengdal på side 35. Syver- Karl om Stordal i gamle dagar Eg er på veg til Stordal aldersog sjukeheim etter å ha gjort avtale med Karl S. Hove (eller Syver- Karl, som vi alle kallar han). Side 26 NM til Stordal? I 1981 vart det arrangert NM i alpint for eldre junior i Stordal. For ei tid tilbake dukka tanken opp om det ikkje snart var på tide med eit nytt meisterskap til Overøye og Stordal. Les meir på side 12. s. 46 Om stordalingen Stordalscup 2003 Forberedelsane til den 23. Stordalscupen er i full gang og så langt ser det lovende ut. Les meir på side 14 post@stordalingen.no Klart for ny folkefest i Stordal - 5 år etter Opningskomitéen ønskjer alt no å gjere kjent at ein legg opp til stor folkefest i høve opninga av Dykorntunnelen fredag den 27. juni. Det er ikkje tilfeldig at det nettopp er denne dagen som er sett av til markeringa. Dette er nemleg, på dagen, fem år sidan Stordalstunnelen vart opna og dei fleste hugsar det flotte arrangementet det vart lagt opp til den gongen. Les meir på side 13 www.kraftpriser.no Din lokale kraftleverandør!

Mai 2003 Stordalingen 2 Årsmelding 2002 SIL Tekst: Hildegunn Langhaug Berli Leiar - SIL Hovudstyre For 2002 så har der i alt vore 350 personar som har vore medlemmar i idrettslaget. Dei fordelar seg på aktive einkeltmedlemmar, familiemedlemskap og støttemedlemmar. I forhold til 2001 som var eit år der vi hadde vår siste vervekampanje så er dette ein nedgang. Kvart år så bruker ein i hovudstyret mykje energi i å purre opp medlemskapsteikning. Dette er eit punkt der undergruppene må ta eit større ansvar framover. Vi har heller ikkje i 2002 lukkast i å få på plass ei eiga undergruppe for Stordal Stadion. Organiseringa av stadion vert derfor ei sak for kommande årsmøte. Av andre organisatoriske saker som har kome til er eit ynskje frå gruppa Stordal Fjellservice om å bli eiga sjølvstendig undergruppe. Hovudstyret har i 2002 hatt 7 styremøter og vi handsama i alt 22 saker i løpet av året. Av saker med spesiell karakter kan nemnast: Rutinar for bilagsinnlevering og rekneskap samt idrettskafe i Stordalshallen. For undergruppene er aktiviteten veldig høg. Mange av gruppene kan vise tilbake til fine resultat både breiddemessig og plasseringsmessig. Dei som gjer mykje av denne satsinga mogleg er alle frivillige som stiller opp og engasjerer seg. Mange av medlemmane, spesielt blant born og unge, er aktive i fleire undergrupper og då kan det ofte vere slitsamt å vere foreldre. Mange lag og enkeltmedlemmar har hevda seg godt i konkuransar på kretsnivå i 2002 og nokre medlemmar har også etablert seg i den nasjonale toppen. Ein tenker då spesielt på alpinistane Torstein, Einar og Vebjørn. Og ein må nemne fotball old boys som gjekk sigrande ut av det uoffisielle innandørs NM. I 2002 så kom Stordalingen, lokalbladet vårt, ut med sine første nummer. Førsteutgåvene var det verkeleg klasse over så all honnør til heile gruppa som har stått for dette løftet. Bladet vart særs godt motteke og etter kvart har også annonsesalet teke seg opp så vi får håpe at også inntektene kjem etter kvart. Økonomien i laget sett som heilheit må ein seie er god og velordna sjølv om hovudstyret har slitt med trong økonomi dei siste åra. Årsaka til hovudstyret sin tronge økonomi skyldast dei store rekneskapsutgiftene vi har hatt etter at ein måtte kjøpe inn dette arbeidet. Her må undergruppene ta større kostnader framover. Spørsmålet er kva fordelingsnøkkel ein skal bruke. På anleggsida så har laget ein jobb å gjere sjølv om vi er rimeleg godt rusta samanlikna med andre bygder på same nivå. Vi må bli langt flinkare i å sikre oss STUI-midlar til mindre prosjekt. Og vi har Kirkebø Stadion som må få ei oppgradering. Den er i mange høve eit ansikt utad både for laget og kommunen. Vi vil gjerne at lag som vitjar oss skal trivast og då må vi gjere noko både med grasmatta og forholda rundt bana. Dette ser vi som den største utfordringa vår dei komande åra. For SIL Hovudstyre Hildegunn Langhaug Berli (leiar) NYTT ORGANISASJONSKART

Mai 2003 Stordalingen 3 Frå venstre bak: Robert Vidhammer,...Kirkebø, Arnstein Arnes, Frank Olsen,. Sjøholt, Thomas.., Frå venstre foran: Kirkebø, Øie, Ole Andrè Vidhammer, Øyvind Tafjord, Bård Hove, trenar Åge Maridal. Trenarkommentaren Hei alle fotballvener. Tekst: Åge Maridal Trenar A-laget No startar endå ein ny sesong i 3. divisjon. Dette er ein stor prestasjon i ei lita bygd som Stordal. Eg har takka ja til å trene laget i 2 år. Det ser eg på som ei utfordring. Eg gler meg til seriestart. Eg ser at laget klart har eit potensiale til å gjere ein god sesong. like ved Ålborg. Opphaldet var positivt både sportsleg og sosialt. Thomas var kjentmann og guide. I skrivande stund er det 14 dagar igjen til seriestart. Vi har generalprøve mot Vigra Palmesøndag. Då håper vi at vi kan stille med eit skadefritt og sterkt mannskap. Vi startar tøft med serieopning borte mot Spjelkavik 25. april. Eg håper at vi får mange kjekke stunder på Kirkebø stadion i år. Vi skal gjere vårt til at laget fortsetter i 3. divisjon og håper på god støtte frå publikum både på heime- og bortekampane. Foto: Storfjordnytt. Med meg som assistanse har eg Thomas som i tillegg spelar på laget. Det er eit samarbeid som fungerar godt. Då spelarstallen er tynn er vi sårbare for skader. Mitt håp er at vi slepp unna for mange skader. Oppkøyringa så langt er prega av litt småskader, men vi har hatt ein stamme på treningane på 7-8 mann. Sportsleg helsing Åge Maridal Til sommaren aukar vi stallen med 3 mann som då er ferdig med skulen. Då har vi eit mannskap som tel 18. Vi var på treningsleir i Danmark - Sæby-

Mai 2003 Stordalingen 4 Dugnadsgeneralen Då oppmodinga om å stille opp på dugnad for Stordalshallen gjekk ut til folket drista Einar seg til å skrive seg opp med 50 dugnadstimar. Resultatet vart noko annleis. Truleg hadde han oppunder 2000 dugnadstimar under oppføringa av Stordalshallen. Etter at Storstova sto ferdigstilt i 1997 så vart han likegodt verande att som vaktmeister. Tekst: Bjørg Moltu Red. Korleis starta dette engasjementet? - Kort og greitt så hadde eg i mange år hatt denne tanken om at vi her i Stordal trengde ei skikkeleg storstove. Eg vart fole glad då det vart gjort vedtak om å byggje Stordalshallen. At det vart eit fleirbrukshus er ekstra positivt. Då vi var ung hadde vi ikkje så mange muligheiter. Det er viktig at dei unge har ein slik plass å utvikle seg på. Som sagt så vart eg fole glad då Stordalshallen vart ein realitet. Men i den tida då dette vart bestemt så var eg i litt dårleg form på grunn av sjukdom, så eg var litt i tvil om kor mange timar eg skulle tore å gje lovnad om. Eg skreiv meg opp med 50 timar. Kor mange timar det vart veit eg ikkje heilt nøyaktig, men eg vil tru at eg hadde oppunder 2000 timar. Under byggjeprosessen så var Paul Stavseng byggjeleiar, og vi var tre mann som hadde ansvaret for å administrere dugnadsfolket utifrå dei instruksane som han gav. Då byggjetida var over fekk eg førespurnad om eg ville ha eit tilsyn med hallen, og det sa eg meg viljug til. Eg er lønna ca. 4 timar i veka, så det er nok mykje dugnad endå. Kor mykje tid brukar du eigentleg, og kva består arbeidsoppgåvene dine av? - Det varierer. Etter tilstellingane så bør eg være der for å hjelpe til. Når mattene har vore i bruk så må ein vaske mattene før ein rullar dei inn att. Til dette brukar vi ei sjølvgåande vaskemaskin og det er det ikkje så mange som kan bruke den. Maskina kan vere litt lunefull så eg føler det at eg bør vere der. Det er elles mykje utstyr som er i bruk og dette må settast på rett plass slik at vi finn det att. Det er så trongt med lagerplass slik at utstyret må settast der det tek minst plass.elles så er det nå feil som kan oppstå og noko som må utbetrast. Eg er også opp kvar kveld for å sjå til at alle dørene er låst. Når det er dansearrangement er du då fram om natta? - Dersom arrangørane ønskjer å rydde opp om natta så har eg stilt på. Folk er flink til å rydde opp etter seg og det er eg glad for. Vi som er brukarar av hallen og som innimellom er med på arrangement veit også at det kan dukke opp problemstillingar undervegs, og då er det godt når han Einar dukkar opp. Han plar også å legge att telefonnummeret slik at vi kan nå han om nødvendig. Det er 6 år sidan vi fekk Stordalshallen og dei fleste av oss har som eit eigedomsforhold til den. Er alle like flinke til å ta vare på den? - Dei fleste er veldig flinke. Både unge og eldre. Men det kan vere nokre som er litt uforsiktig og som ikkje tenkjer over konsekvensane av det dei gjer. Som eit eksempel her kan eg nemne parketten som er veldig sårbar for småstein og liknande. Eg er litt oppteken av dette for det er viktig å halde vedlikehaldutgiftene nede. Vi må ikkje kome i ein situasjon der ein ikkje klarar å finansiere vedlikehaldet med dei inntektene ein har. Det kan resultere i at brukargruppene må byrje å betale for seg. Derfor er det viktig at alle som brukar hallen brukar den med fornuft. Vi var kanskje flinkare i byrjinga. Det som eg er redd er at likegyldigheita skal verte større og større. Vi må alle gjere vårt beste for å ta vare på dette fine huset. - Når det gjeld vedlikehald så går vi kvar haust over anlegget. Nedvask og utbetringar vert gjort på dugnad. Folk er flinke til å møte opp. Korleis går det økonomisk med Stordalshallen? - Det har gått i balanse fram til no. Korleis det går i år gjenstår å sjå. Den store auka i straumprisane vil nok spele inn. Einar vert 70 år den 29. desember i år, men han har eit langt pensjonisttilvære bak seg. Sjøen var Einar sin arbeidsplass den tida han var yrkesaktiv. Han arbeidde som fiskar i mange år, men etter ei stygg fallulykke i 1970 måtte han ha eit lettare yrke. Som godt vaksen tok han til på skipperskule, og dei siste 15 åra av sitt yrkesaktive liv var han fergeskipper i Møre og Romsdal Fylkesbåtar. I 1986 måtte han gje opp også dette yrke på grunn av ein balansesjukdom. - Eg trafikkerte Stranda Stordal, og Stordal Tafjord. Vi låg i Tafjord om natta. Det var ei fin rute. Men så kom vegen til Gravaneset, og noko seinare så kom vegen til Fjørå og tunnelane til Valldal. Til slutt så vart det å gå att og fram mellom Stranda og Gravaneset. Om Einar tok sjøvegen den gongen han fann ho Kirsten utpå Amdam veit eg ikkje. Men gift vart dei, og saman har dei tre born. Heimen sin har dei i Hovsbogen, der har dei panoramautsikt over fjorden og kontroll over laksestimane. Seks barnebarn har det kome til etterkvart og tre av dei er han så heldige at han har her i nærleiken. Dei andre tre bur i Oslo. - Det er stor stas når dei kjem hit til Stordal, og stor stas når vi besøker dei i

Mai 2003 Stordalingen 5 Oslo. Elles er Einar ein aktiv mann med mange fritidsinteresser. - Eg har ein motorbåt og eg er mykje utpå fjorden. Eg vart så imponert over desse i eldrebølgen på fjernsynet at eg har døypt opp igjen båten etter dei. Den heiter Eldrebølgen no. Dei var 12 stykkje over 60 år, men oss er berre tre. Det er eg og eldste broren min og båten. Vi er alle over 60. Elles så har eg vore med i kor, og det likte eg veldig godt. Eg hjelpe også til nede i småbåthavna ein del. Eg likar å vere med der det skjer. Elles så har eg hus, hage og naust, så eg er ikkje arbeidslaus. Vi takkar Einar for innsatsen så langt, og håper at han i mange år framover vil hjelpe til med å ta vare på storstova vår. Han Einar har glimt i auge, og har ofte ein god replikk eller ei god historie på lur. Redaksjonen i Stordalingen utfordra han til å fortelje ei god historie. Her er to av dei : Det var ein pensjonist som tørna ut om morgonen. Han satt og åt frukost. Det var fint ver og han lurte på ka han skulle gjere for å få dagen til å gå. Så kom han plutselig på at han kunne gå til doktoren, for han skulle nå leve doktoren med. Så han gjekk til doktoren. Doktoren undersøkte mannen og han fann fleire ting som ikkje var som det skulle. Men han sa det doktoren at det var ikkje alvorleg,, men han ville skrive ein resept som han skulle ta med til apoteket. Det ville nok la seg kurere. Mannen han tenkte det at han kunne nå ta seg ein tur på apoteket for dei skulle nå leve på apoteket med. Så han gjekk til apoteket. Då han kom heim så satt han og såg på medisinane han hadde fått. Til slutt sa han : Nei, ditta her hive ej, ej ska nå leve ej med Det var ein gut som fann seg ei jente ut i Ålesund. Han vart veldig glad i denne jenta. Men kompisane hass dei prøvde liksom å få han i frå ditta. Dei meinte han skulle gi seg tida og sjå om han fann seg ei anna jente. Men guten var so bestemt på at det var denne jenta han ville ha. Då var det ein av kompisane som sa det rett ut at dinna jenta ho er ikkje heilt trufast, ho he stått i med omtrent heile Ålesund by. Så han rådde guten til å finne seg ei anna jente. Då såg guten ned i bakken og sa : Ja det e vel so det, men Ålesund det e nå ein forholdsvis liten by.

Mai 2003 Stordalingen 6 Tekst: Trenar Stordal i fjor, Rosenborg i år! Stordal IL med sterke prestasjonar også under årets veterancup i Årdal sist helg. Berre Rosenborg kunne vise til betre laginnsats! Stordal IL vann som kjent old-boys klassa under fjorårets uoffisielle NM i innandørsfotball i Årdal. I år var det Rosenborg sin tur. Med "Mini", Kåre Ingebrigtsen og ikkje minst Geir Olav Bøgseth (kåra til finalens beste spelar) på laget, framstod dei som det beste laget i turneringa. Stordal gjorde likevel sine saker bra, også i år. Etter at dei vart nr. 2 i pulja til RBK og dermed gjekk vidare, vart dei til slutt slegne ut av Jotun. Jotun møtte RBK i finalen, som vart både jamn og hard. RBK vann denne til slutt med 4-2. Sogndal, med norddalingen Petter Melchior på laget, gjekk også i år sigrande ut av den prestisjetunge veteranklassa. I finalen, som måtte avgjerast med straffesparkkonkurranse, slo dei Rosenborg med m.a. Gøran Sørloth, Sverre Brandhaug og Jan Hansen på laget. Sogndal tok dermed sitt tredje napp i vandrepokalen og fekk den "til odel og eige". I fjor var det old-boyslaget til Stordal som gjorde det skarpast, medan veteranlaget (sjå biletet) denne gongen nådde lengst. I kvartfinalen slo dei Fredrikstad heile 5-0 og det var først mot Sogndal, i semifinalen, at laget måtte gje tapt. Dette skjedde likevel med knappaste margin, då laget brende straffe i sluttsekunda, i ein kamp som enda med 1-0 siger til sogndalingane. Lag som Ham-Kam, Vålerenga, Start og Brann, var då alt slegne ut. I bronsfinalen vart det tap 4-2 mot Bærum, etter at laget hadde leia med 2-1. Det er ikkje til å legge skjul på at prestasjonane til stordalingane vert lagt merke til. Også dette året kom begge laga langt i turneringa og det var berre RBK, som kunne skilte med noko betre (begge laga til finale). Årets turnering, som vart prikkfritt avvikla, vart elles overført via internett, slik at den som ønskte det kunne få med seg kampane direkte, etterkvart som dei vart spela. (På biletet av Stordal sitt veteranlag ser ein bak frå venstre: Hallgeir Hove, Jan Ove Øvrebust, Rune Støversten og John Kristian Hjelle. Framme frå venstre ser ein: Bård Hove, Jon Erik Mathiesen, Eldar Busengdal og Nermand Delalic. Kjell Søvik, som rakk å score mot RBK før han vart skada, er ikkje med på biletet) (På biletet av Sogndal IL, sit Petter Melchior framme til venstre) Vedlagt finn ein også alle resultata frå kampane, samt ei kort oppsumering frå arrangørane. For ytterlegare opplysningar, er det berre å ta kontakt. tlf 90 94 93 58 evt nettadressa: www. veteranfotball.com mvh Hallgeir Hove

Mai 2003 Stordalingen 7 Publisert: 25.1.2003 (Lærdal/Årdal) Sogndal vann den prestisjetunge veteranklassa i UMBRO Veterancup 2002 i fotball i helga. Rosenborg sigra i Old Boys og Kaupangerdamene i Old Girls klassen. UMBRO Veterancup vart i helga arrangert i Lærdal og Årdal, og Sogndal sitt gode mannskap hala sigeren i land mot Rosenborg på straffesparkonkurranse Tekst: leiar Sogndal slo Rosenborg i Umbro Veterancup 2003 etter uavgjort etter full tid i veteranklassa. På Sogndal sitt lag var Lasse Opseth og Kåre Jan Mjellelid avgjerande spelarar. I semifinalane måtte Rosenborg slite for å slå Bærum, medan Stordal følgde Sogndal heilt til "døra" i den andre semifinalen. Da var lag som Viking, Start, Vålerenga og Ham-Kam slegne ut. I oldboysklassa vann Rosenborg mot Jotun. Her stilte Rosenborg med eit sterkt lag, med både Mini og Brutter'n, men det var Geir Olav Bøgseth på RBK som fekk bestemannsprisen. Også i år var ei dameklasse. Her var det eit svært jamnt seriespel der Kaupanger sitt lag til sjuande og sist trekte det lengste strået. Anngunn Landro frå Arna Bjørnar fekk pris som beste spelar. Nytt av året var direkte overføring av kampane på Internett. Teknologileverandøren Agnitio bidrog såleis til at ein kunne følgje med på kampane overalt i verda. Tilbakemeldingane t.d. frå Texas og frå båtar til havs tyder på at dette var eit framifrå tiltak. UMBRO Veterancup samla i år om lag 400 spelarar og turneringa befesta sin posisjon som den største innandørsturneringa for fotballveteranar i landet. Arrangørklubbane Lærdal, Årdalstangen og Jotun kan difor alt no starte planlegginga av neste års turnering, der Mini lovar å stiller med ein sterk tropp frå Rosenborg. Turneringa vart som vanleg avslutta med bankett i Lærdal for spelarar, dommarar, sponsorar og arrangørstaben. Alle resultat, omtale av turneringa, samt bilde finn ein på nettsidene våre: www.veteranfotball.com, Med personleg service, nostalgiske rom og god mat, skaper vi den rette ramma rundt arrangementet ditt.

Mai 2003 Stordalingen 8 Stordal IL sitt old boys-lag vann McDonalds Cup 2003 Stordal IL vann årets McDonalds Cup i Sunnmørshallen, laurdag den 1. mars! Nedanfor er det lista opp ein del pkt som kan brukast ved evt. reportasje: * Laget slo KG 33, frå Steinkjer, 3-1, i finalen * Deltakande lag: Aafk, Guard,Skodje, Elnesvågen, Ekko, KG 33,Ellingsøy, Lepsøy, Valder,Norddal/Eidsdal og Stordal * 12 min. kampar * 7 spelarar på bana * 2 puljer, der dei to beste i kvar gjekk til semifinale * Med på vinnarlaget var: Arnstein Arnes, Pål Bjørn Øvrebust, Jan Ove Øvrebust, Stig Nakken, Nermand Delalic, Eldar Busengdal, John Erik Mathiesen, Frank Olsen og Hallgeir Hove * Jan Ove Øvrebust (biletet) var nok ein gong solid siste skanse på eit seiersvant lag frå Stordal (biletet er frå november 2002, då Stordal tok sin femte KM-tittel på rad i innandørsfotball!) Jan Ove Øvrebust Foto: Hallgeir Ebeco AS Fremskrittspartiet - for folk flest Sørflåtveien 11, 4018 STAVANGER Telefon: 51 58 21 01 Telefax: 51 58 63 76 Mobil: 917 67 550 Email: henning@ebeco.no Web: www.ebeco.no

Mai 2003 Stordalingen 9 Finalen i Sparebanken Møre-cup 2003. Som vanleg vart finalen i Sparebanken Møre-cup avslutta i Stordal. Tekst: Helga 29-30.mars var ca 150 alpinistar samla på Overøye. Dei fleste i dei yngre klassene, med deltakinga omfatta også nokre veteranar under søndagens paralellslalåm. Som avslutningshelg for krinsrenna, hadde alpingruppa teke sikte på ein ny vri, med eit arrangement som gjekk over heile helga. Etter mange dagar med førebuingar saman med alpinsenteret, fekk vi løypene i god stand til tross for svært lite snø. Laurdag starta storslalåmen eit par hundre meter ovanfor trekket og ned til vinkelen. Dei minste køyrde ei løype nedst i traseen. Etter rennet var det tid for samankomst i Stordalshallen. Frå før var der dataparty med ei rekkje ungdomar til stades. Først var det premieutdeling i grendasalen med omlag 200 personar til stede, deretter dei vanlege aktivitetane med klatring, skyting og trampoline. I tillegg var det som nemnt dataparty og seinare på kvelden diskotek. For dei vaksne vart det arrangert eit sosialt treff i Vikinghuset på Blåtind. Her var det underhaldning og talar. Ikkje minst ein helsingstale frå skikretsen, der SIL vart framheva som årets arrangør og der det vart gjeve 100% støtte til SIL sin søknad om landsfinalen i 2006. (sjå anna artikkel). Nye venskapsband vart knytte denne helga. Som ei jente hadde sagt til foreldra sine i Stordalshallen: dette er betre enn å vere på landsfinalen. Til slutt nemner vi at våre små og større løparar denne helga leverte resultat som syner ein svært stor framgang. Dei har vore utruleg treningsvillige og positive gjennom heile den lange sesongen. Med det høge nivået som no er mellom løparane i skikrinsen er det svært sterkt når våre løparar kjempar i toppen i mange klasser. 4 på Allmenningen Kva meiner du den nye allmenningen i sentrum vil ha å seie for bygda vår, og synes du det var riktig å gjennomføre dette prosjektet? Lene Busengdal: Eg synes det absolutt var rett å gjennomføre dette. Eg synes det har blitt fint, og trur at mange vil bruke området. Eg trur også at mange ungdommar vil møtes der om sommaren. Kari Anne Hove: Ja, det var rett å gjennomføre det. Det var ikkje noko vakkert syn slik det var før. Gjennomgangstrafikken vil heilt klart få eit betre inntrykk av sentrum. Det vil kanskje medføre ekstraarbeid for brøytemannskap på vinterstid, men det er absolutt finare å sjå på no enn før. Åsmund Larsen: Dette er positivt for bygda. Absolutt et bra tiltak som er ei investering i framtida. Håper berre at kommunen i framtida har vilje til å stelle området, slik at dette blir ei perle i sentrum av bygda vår. Bjørg Jakobsen: Noko måtte gjerast, for det var ikkje noko vakkert syn slik det var. Synes det har blitt brukt for mykje pengar, og trur at dersom ein hadde brukt mindre pengar på dette så ville resultatet likevel ha blitt bra. Halvparten av lyktestolpane hadde vore nok, den andre halvparten kunne ha vore spreidd utover utkantane i kommunen.

Mai 2003 Stordalingen 10

Mai 2003 Stordalingen 11 27.desember 2002 i Stordalshallen Også årets grendacup (den 7. i rekkja) vart vellukka. Deltakartalet i fotballturneringa, var litt lavare enn året før, men likevel var nærare 60 spelarar med. (Vinje stilte med flest spelarar denne gongen, med sine tolv) Oppslutninga kring taudraginga og skytinga, var som vanleg også god. Tekst: Hallgeir Hove Dagleg leiar Stordalshallen Stemninga på tribunen var også i år meget god, der supporterane, saman med eit talrikt publikum elles, bidrog sterkt til at dette vart eit fint arrangement. (Eit lite minus denne gongen var det rett nok at Dyrkorn ikkje klarte å stille lag til nokon av konkurransane) Karl Eivind Støle, Charles Tøsse og Harry Tøsse var sentrale i sjølve gjennomføringa. Dei utgjorde sekretariatet og stod også for utmerket speakertjeneste undervegs. Harald Jøsvoll og Leif Øvrebust sytte, for at skytekonkurransen vart avvikla på ein forsvarleg og god måte. Frode Holtleite gjorde også ein viktig jobb i den tekniske tilrettelegginga, saman med Einar O. Hove Rett etter finalekampen i fotball, var det premieutdeling. Og nedanfor har ein teke med nokre kommentarar knytt til dette: Supporterprisen vart i år delt mellom Vinje og Vinjehjellane, då det var uråd å skilje mellom desse to. Dei hadde førebudd seg godt, med eigne kostymer og kampsongar. I kampane der disse to grendene var involverte, vart stemninga på tribuna dermed ekstra stor. Supporterane var også ute på bana etter kampane, for å hylle spelarane sine. Nok ein gong var det Dalane som vann taudraginga. Nejaføringane som tok 2. plassen her, hadde lite å stille opp med i finalen. Dermed har Dalane no vunne denne konkurransen fire år på rad! Er det nokon som kan slå denne gjengen? Breiddeprisen gjekk til Øvrebust, som var flinkast til å få med utøvarar frå ulike nivå og aldersgrupper. Showprisen var det nok ein gong Vinje, i sine karakteristiske drakter, som vann. Dei var som vanleg flinke til å syne speleglede og saman med supporterane sine laga dei stor stemning i hallen. Hovslia viste seg å stille med dei dyktigaste skyttarane denne gongen og var med sine 441 poeng, 7 poeng betre enn Nejaføringane, som kom på 2. plass. Liabygdarane, som tapte fjorårets finale med eitt mål, ynskte no å få revansj. I avgjerande kamp møtte dei no Vinje, som på imponerande vis hadde spela seg fram til finalen. Liabygdarane synte seg å vere det beste laget denne gongen, og vann fotball-finalen med 2-0. Langrennsgruppa hadde ansvaret for kjøkkendrifta, noko den løyste på utmerket vis, slik at den som ynskte det fekk høve til å kjøpe seg både mat og drikke undervegs. Grendacupdansen var det denne gongen vinteridrettane i Stordal IL, som arrangerte. Dei omgjorde hallen frå å vere kamparena til å verte danselokale, med scene og det heile. Også her var det stor stemning og meget bra oppmøte. Avslutningsvis er det på sin plass å takke alle dei, som på ulike måtar var med på avviklinga av Grendacupen 2002.

Mai 2003 Stordalingen 12 Landsfinalen i alpint til Stordal? I 1981 vart det arrangert NM i alpint for eldre junior i Stordal. For ei tid tilbake dukka tanken opp om det ikkje snart var på tide med eit nytt meisterskap til Overøye og Stordal. Tekst: Charles Tøsse Faksimile frå Sunnmørsposten 9.mars 1981 Tanken fekk modnast og i alpingruppa bestemte vi oss for å ta kontakt med Norges Skiforbund. Vi hadde sett oss ut Landsfinalen (NM) for 11-12-åringar i 2006 som eit høveleg arrangement. Det var fleire grunnar til nettopp dettte. I 2006 vil det vere 25 år sidan vi arrangerte junior-nm, med andre ord eit lite jubileum. Vidare ser vi for oss at for å ta på seg eit slikt arrangement, vil vi trenge tida for å ha alt som vert kravd på plass. Dessutan vil vi truleg i 2006 ha fleire aktuelle løparar i denne klassa. Vidare vil eit slikt arrangement også krevje ei generell opprusting av anlegget, noko som også vil vere svært positivt. Landsfinalen vert arrangert årleg og er eit NM for 11-12-åringar. Denne sesongen vart den arrangert i Drammen, medan den neste sesong vert halde i Harstad. Til landsfinalen får kvar skikrins tildelt kvoter, basert på resultata året før. Totalt er det pr i dag kvoter som tilsvarar dei 78 beste jentene og dei 98 beste gutane i landet. Det vert konkurrert over 3 dagar i Super-G, storslalåm og slalåm. Vidare er det vanleg at krinsane kjem med sine løparar nokre dagar i førevegen for å trene i bakken. For nokre dagar sidan hadde vi besøk av Arild Holm frå skiforbundet. Holm har lang fartstid i skiforbundet og var også i Stordal under junior-nm i 81, som skiforbundet sin representant. Han hadde ynskje om å sjå løypene og det som høyrer til, samt få høyre om planane våre og korleis vi hadde tenkt å løyse ulike utfordringar knytt til denne typen arrangement. Under synfaring og etterfølgjande møte på Blåtind, hadde vi med fleire representantar frå alpingruppa, alpinsenteret og ordførar. I korte trekk var Holm imponert over løypene, sjølv om det må gjerast ein heil del med desse. Det gjeld også skitrekket og fasilitetar rundt. Under slike arrangement kjem det om lag 300 løparar og leiarar, samt eit par hundre foreldre, så overnatting er ei stor utfordring i så måte. Planane våre om eit hotellskip ved kaia, vart svært godt motteke som eksklusivt og spesielt. I desse dagar ventar vi på ein rapport frå skiforbundet, der vi får tilbakemeldingar på forbetringar som må gjerast. Før vi ev får tildelt arrangementet må det liggje føre planar for korleis forbetringane skal utførast. Vi sat likevel igjen med eit positivt inntrykk etter denne dagen saman med skiforbundet sin representant. Fram til søknadsfristen 1.oktober i år, har vi ein bra jobb å gjere for å ha ein god nok søknad klar. I tilfelle vi skulle få tildelt landsfinalen i 2006, vil det i seg sjølv vere eit kjempeløft for alpinmiljøet, med også gi positive ringverknadar for heile kommunen. Innan utgangen av dette året får vi vite om Stordal får tildelt landsfinalen i 2006. Vi ventar i spenning.

Mai 2003 Stordalingen 13 OPNINGSKOMI- TÉEN RV. 650 DYRKORNTUN- NELEN. Tekst: Pressemelding: KLART FOR NY FOLKE- FEST I STORDAL - FEM ÅR ETTER! Statens vegvesen er ansvarleg for den offisielle delen av opninga. I tillegg til dette vert det lagt opp til ei brei markering både på Dyrkorn og i Stordal. Det spesielle denne gongen er at ein også legg opp til eit nært samarbeid med Stordalscup 2003. Slik sett tek ein sikte på at folkefesten denne gongen skal strekkje seg heilt frå fredag føremiddag og fram til søndag kveld. Når vi i den lokale opningskomitéen no vender oss til publikum, er dette av fleire grunnar. For det første ønskjer vi å få innspel, som kan kome til nytte i den vidare planlegginga. Det er kjekt om disse innspela kjem skriftleg og sjølvsagt så tidleg som råd. For det andre er det viktig å merke seg at opningsarrangementet er lagt til ein fredag. I den grad det er mogleg hadde det difor vore fantastisk om det hadde lete seg gjere "å arbeide inn" denne store dagen, heilt eller delvis. På denne måten kunne ein då omgjort denne fredagen til å verte ein "laurdag". Dette er ein av dei store dagane i kommunen si historie og det er difor ønskjeleg at alle, både store og små, får høve til å vere med. I tida framover vil vi i komitéen kontakte einskildpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar, med ønskje om deltaking på denne folkefesten. Vi har stor tru på at ein i fellesskap skal kunne få til eit arrangement som er denne hendinga verdig. Fredag den 27. juni startar altså Folkefesten og vi oppmodar difor alle til å setje ring rundt denne dagen/helga alt no! Den lokale opningskomitéen er slik samansett: Hallgeir Hove, kulturkonsulent (leiar) Olav Bratland, ordførar (nestleiar) Bjørg Jacobsen, representant frå Dyrkorn velforening Bård Hove, representant frå Stordalscup 2003 Norunn Viset Busengdal, sekretær Har du innspel til komitéen kan du kontakte Hallgeir Hove, på tlf. nr. 702 79 123. Send gjerne e-post til adressa: hallgeir. hove@stordal.kommune.no eller vanleg post til: Stordal kommune v/ opningskomitéen for Dyrkorntunnelen, 6250 Stordal Opningskomitéen ønskjer alt no å gjere kjent at ein legg opp til stor folkefest i høve opninga av Dyrkorntunnelen, fredag den 27. juni. Det er ikkje tilfeldig at det nettopp er denne dagen, som er sett av til markeringa. Dette er nemleg, på dagen, fem år sidan Stordalstunnelen vart opna og dei fleste hugsar det flotte arrangementet det vart lagt opp til den gongen. Når Dyrkorntunnelen vil stå klar til bruk den 27. juni, markerer dette samtidig slutten på ein lang kamp for å betre kommunikasjonen i området. Opningsfesten denne gongen vert difor også ein fest som markerer at denne kampen, som har vore både lang og hard, no er "krona med hell".

Mai 2003 Stordalingen 14 Forberedelsane til den 23. Stordalscupen er i full gang og så langt ser det lovende ut. Vi anbefaler at du allerede nå markerer helga den 27.- 29.juni med Stordalscup på kalenderen. Spesielt for i år er at arrangementet kombineres med åpning av Dyrkorntunnellen! Styret i årets Stordalscup er Espen Remme, Lise Busengdal, Geir Hoff, Eivind Vinje, Bjørn Ove Olsen, Vigdis Hove Øie, Robert Vidhammer. Tekst: Vigdis Hove Øie Leiar StordalsCup I alle år har arrangementet vært basert kun på dugnadsarbeid og frivillig innsats. Styret vil rette stor takk til både aktive, foreldre og støttespillere rundt stordalsfotballen, som kvart år er med på å lage en stadig bedre Stordalscup. Primo april går det ut innbydelser til alle fotballklubber i fylket, til aldersbestemte lag 7-14 år og til damelag og old boys. Kontaktperson er Lise Busengdal ( aldersbestemte lag) og Jan Ove Øvrebust (damer og old boys). Dersom du ønsker å delta på vår salgs og utstillingsmesse denne helgen, ta kontakt med Severin Hovde eller Arvid Hjelmseth. Har du noe å bidra med til møbelauksjon/loppemarked ( se artikkel ) kontakter du Geir Hoff eller Laila Vinje. Du kan leige telt på 40 450 kvm, kontakt Bjørn Ove Olsen. Nytt av året er at vi er på nettet, besøk oss på http://www. stordalscup.no Web-master er Eivind Vinje, som har laget nettsidene våre. Eivind vil sørge For oppdatering av program og nyheter fra oss i Stordalscup.

Mai 2003 Stordalingen 15 LOPPEMAR- KED STOR- DALSCUP 2003. Tida flyg, og det nærmar seg den tradisjonelle Stordalscupen 2003, som vi i år tek sikte på skal bli enda bedre enn tidligere år. I den forbindelse skal vi også denne gongen arrangere stort loppemarked og møbelauksjon i Stordalshallen. For å få til det er vi sjølvsagt avhengig av at privatpersoner og bedrifter i Stordal bidreg med loppar, så ha oss i tankane i tida framover t. d. under vårreingjeringa. Tekst:: Geir Hoff Ansvarleg for Loppene i Stordalscup I staden for at ting skal ligge og samle støv i år etter år på loft og i kjellar, for så å bli kasta når plassmangelen melder seg, så kan desse tinga gi kjærkomne inntekter til fotballgruppa og vere med på å aktivisere eit stort tal av born og unge i bygda. Og hugs at smak og behag er forskjellig, og foranderleg etter som tida gjeng; -Har du gyselege pyntegjenstander og lamper fra 60- og 70-talet Det er heilt sikkert nokon som synest dei er trendy og fine i dag. -Fikk du ein smaklaus pyntegjenstand til jul som du berre tek fram kvar gong givaren er på besøk? Sei den vart knust, og gi den til oss. Nokon synest nok at den og er fin, (og vi skal ikkje seie kven vi fekk han av). -Har den nye fine jakka di krympa i vinter? Fortsett og kos deg, den passer sikkert til nokon andre. -Har du ramla so mykje på ski eller snowboard at det er på tide å gi opp? Vi kan selge det til nokon med bedre balanse, (og du bevarer helsa). -Fer du haudverk når du nyttar dei fine små krystallglasa dine? - Vi tek imot dei og sparar deg for smertene. -Set du for mykje i godstolen framfor TVen? Gi stolen til oss, og gå deg ein lang tur., og forresten så er det berre krig og elendigheit på TV, så det er vel like greit å kvitte seg med den og. Med andre ord: Vi tek imot alt du ikkje har bruk for og som andre kan tenkast å gi nokre kroner for. EKSEMPEL: Nye og gamle møblar, glas og porselensgjenstandar, kjøkenutstyr, maleri, bilder, pyntegjenstandar, bøker, alle tenkelege typar leiker og sportsutstyr. Av klede tek vi helst i mot spesielle ting som yttertøy, (skinn-) jakker, kapper, dressar og kjolar. Det som blir levert inn må vere heilt og reint. Vi har lagringsplass, er klare til å ta imot, og vi hentar Ta kontakt med: Hoff Tlf. 70278026 Vinje Tlf. 70278104 Geir Laila Vi vil og nytte dette høvet til å takke alle dei som ga oss loppar i fjor, og håpar på enda meir i år.

Mai 2003 Stordalingen 16 Damer på hengkanten! (Damekveldar i Overøye) Nokre torsdagar denne vinteren har det vore ekstra livat i Overøye, for torsdagar å vere. Damekveldane er i ferd med å utvikle seg til ein tradisjon. Og skal vi døme etter oppslutninga, så ser det ut til å vere ein populær tradisjon. Meir enn 50 damer har sett kvarandre stemne desse kveldane. Målet med desse kveldane er først og fremst at damer i alle aldrar skal ha det moro! Gravalvoret skal leggjast att på Røynde instruktørar På damekveldane er dette ikkje noko problem. Området er forbode for både hannkjønn og mindreårige. Her skal damene boltre seg heilt fritt. Her er det ingen som skal kome til kort, om teknikken er noko rusta, eller om det er først gongen. Røynde trenarar instruerer dei som ønskjer det, både når det gjeld skiteknikk og av- og påstigning i trekket. Skiutleiga til Stordal Alpinsenter står til disposisjon for dei som enno ikkje har investert i skiutstyr. Damekveldane skal også vere eit sosialt treff for damene. Felles pause i varmestova, med kaffi, vaflar og andre godsaker, borgar for eit hyggjeleg treff. Det skal heller ikkje nektast for at eit av måla er å få damer/ mødre meir med når barna deira er i alpinløypene. på damekveldane. Vi har sett til dels store innslag av ørskogbygdarar, valldalingar og liabygdarar. Til neste år har ein som mål å kunne marknadsføre kveldane enda vidare. I utgangspunktet har alpingruppa i SIL tenkt å arrangere ein slik kveld i månaden. Men i år vart det berre to slike kveldar, på grunn av lite snø i slutten av mars. Men no er det viktig at damene tek seg ein frikveld i månaden for å dyrke alpinsporten; kvar på sitt nivå. Så lenge interessa blant damene er så stor som den har vore denne vinteren, vil damekveldar i alpinløypene vere eit fast innslag i Overøye. Tekst: Marianne Nakken alpingruppa Med det svært aktive alpinmiljøet vi har i Stordal for tida, er det viktig at ikkje berre far er aktivt med. Mor skal også med i løypa, ikkje berre smøre matpakke og sørgje for tørre vottar. Storebrua. Her er det humor og sjølvironi som sit i høgsetet. Damer er ikkje kjende for å ta seg sjølv så høgtidleg. Men likevel er det eit faktum at mange damer ikkje likar å møte i bakken saman med mann og/ eller barn. Dei fleste klarer seg godt utan morosame kommentarar om manglande ferdigheiter og pysekøyring. Det er alt observert fleire døme på at damer som har forsert dørstokkmila og kome seg oppi løypene, møter opp også utanom damekveldane. Dette er positive ringverknader som vi vonar skal halde fram. Populært Ikkje berre stordalsdamer har møtt opp Dyrkorn Regnskapskontor AS Autorisert regnskapskontor Tlf 70 27 94 00 Fax 70 27 94 01 www.dyrkorn-regnskap.no

Mai 2003 Stordalingen 17 PROLOG TIL 40 ÅRSFESTEN TIL STORDAL SKULE- KORPS! 1. Kan du tenkje deg 17. Mai utan hornmusikk i dalen. Eller eit festleg lag utan musikk i salen. Musikken må leve om fest det skal bli - for det høyrer med som prikk over i. Slik har det vore i dalen. 1. Bygda vår er rik på tradisjonar Frå heimelaga stev og feleslottar til vakre salmetonar. I krigens år, musikkløytnant Jøssvoll, trippa rundt i gata vår, - 8. Mai 1945 Jubelbruset. Då han dirigerte hornmusikken framfor Øiehuset. Han var ein komponist og dirigent, Som gjorde tonar frå heimbygda si kjent. No kjem nye tonar frå ein stordalsmann Han kan oppbevare og samle Kombinere det nye med det gamle. Vi er stolte av vår Odd Johan. Vi vil takke kvar og ein for den innsatsen de gjer. - frå dei eldste ned til aspirantar. 1. Eit korps må ha ein dirigent. Her trengst det tolmod, humør og musikalsk talent. I 7 år har Jarle stått fremst i flokken. Ungane er med når han hevar stokken. På festen i kveld vil heile salen takke deg varmt. Det var kjempefint at du kom hit til dalen. 1. Alle som støttar ungdomsarbeid vil vi takke. Her skal det gå opp - ikkje nedoverbakke. Vi er ikkje store flokken, berre vel tusen i alt Men vi har denne staute stokken, som seg ein hobby har valgt. Dei bygg slik at ungdom kan trivast med musikk og friluftsliv, Og ikkje av dragsuget rivast med. Dit dei bryt ned og sår splid. 1. Så skal bygda framleis fagert bløme, Fostre søner dugande i ferd. Fager ungdom som kan kaste søme Over heim og bygd i all si gjerd. Skreven av: Eldbjørg Busengdal! Lest av: Lene Busengdal! 1. i dag markerer vi at skulekorpset fyller 40 år. Vi vil hylle dei fordi dei så fint tar vare på musikkarven vår. Hornmusikken er ein samstemt gjeng, Som gler oss med vakre tonar. Men det trengs rekruttering frå nye generasjonar. Kjære unge flotte musikantar.

Mai 2003 Stordalingen 18 Årsmelding sesongen 2002/2003 Hoppgruppa Styret i hoppgruppa har i sesongen 2002/2003 hatt denne samansettinga: Leiar: John Helge Larsen Tekst:: John Helg Larsen Leiar Hoppgruppa Nestleiar: Ole Lianes Økonomiansvarleg: Per Kjell Holtleite Oppmann: Sindre Helland Styrearbeid: I denne sesongen har styret vore samla 5 gonger til styremøter. Vi har arbeidd med desse sakene; planlegging av hopprenn, dugnadsarbeid, trening- aktivitetsarbeid og økonomi. Økonomi: Økonomien i hoppgruppa er ryddig og i ballanse. Hellandprisen på 10.000 kroner som hoppgruppa fekk i fjor, har uavkorta gått til varmestova på Stavsengfjellet. Hoppgruppa har og gitt 10.000 kroner til drifta av Fjellbakken. Dugnad: Hoppgruppa har vore svært engasjert i dugnadsarbeidet med å få reist varmestova i Fjellbakken. Det er svært mange ein skulle ha takka for den fenomenale jobben som her er nedlagt. Gamle dugnadstravarar og flinke handverkarar har stilt opp og realisert varmestove- Tommy Lianes og Sindre Holtleite etter Høgåsrennet i Granåsen draumen vår. Vi kan ikkje takke alle ved namn, men utan Per Kjell Holtleite sitt engasjement, hans innsikt og utallige dugnadstimar hadde ikkje varmestova framstått slik ho gjer i dag. Så derfor ei spesiell takk til han. Kurs: Per Kjell Holtleite, Ole Lianes, Per Ivar Skodjereite, Sindre Helland og John Helge Larsen har i vinter gjennomført trenar 1 kurs i hopp. Aktivitetar: Sesongen 2002/2003 starta med barmarktrening i Stordalshallen. Per Ivar Skodjereite har vore trenar for hoppgruppa og han har lagt ned eit godt stykke arbeid både på barmark og i hoppbakken. Hoppgruppa har hatt faste treningsdagar tysdag og torsdag i Fjellbakken. I år har snøforholda vore gode og bakkane innbydande. Vi skulle så gjerne sett at fleire hadde oppsøkt det flotte hoppanlegget vi kan tilby. Hoppgruppa har arrangert 3 hopprenn i år. To kretsrenn samt Midt-Norsk Meisterskap i hopp og kombinert for 12- og 13 åringar. Renna vart avvikla på ein særs god måte og vi vil rette ein stor takk til alle funksjonærar som velvillig stiller opp. Midt-Norsk Meisterskap var eit lite prestisje renn og vi fekk gode tilbakemeldingar for god gjennomføring. Vi vil takke Valldal IL. for godt samarbeid med gjennomføringa av Midt-Norsk Meisterskap. Valldal IL. stod som teknisk arrangør av langrenns delen i kombinert. Nokre sportslege resultat: Det har vore mange avlyste hopprenn i

Mai 2003 Stordalingen 19 Sindre Helland i Zakopane Møre og Romsdal denne sesongen, men vi vil likevel nemne nokre av resultata. Sesongen starta med Mølleråsrennet Molde, der Stordal stilte med 5 løparar og kom heim med 5. førsteplassar. Mats Rune Larsen, Tommy Lianes, Sindre Holtleite, Tor Arild Malin og Sindre Helland stod for den bragda. Våre ivrigaste hopparar Tommy Lianes og Sindre Holtleite har hatt ein svært god sesong. Tommy Lianses, 10 år har vunne alle renna han har stilt opp i. Vi vil spesielt trekke fram 1. plassen han fekk i Høgåsrennet- Trondheim der han hoppa i klassa 11 år og yngre. Sindre Holtleite som hoppar i 13. årsklassa avslutta sesongen sterkt og var den beste hopparen i si klasse i Møre og Romsdal ved sesongslutt. I Høgåsrennet vart han nr.12 og i Midt - Norsk Meisterskap kom han på ein heiderleg 10. plass. Mats Rune Larsen som hoppar i 9 årsklassa har gått til topps i dei 3 krestrenna han har delteke i. Hasib Hadzalic og Kristian Sletten hoppar i 11 årsklassa og dei har delteke i eit kresrenn der dei fekk 1. og 2. plass. I det same rennet gjekk Fehim Hadzalic til topps i 12 årsklassa, liten bakke. Joakim Helland har delteke i 3 kretsrenn og kan skilte med ein siger og 2 andreplassar i klassa senior B. Våre eldste og litt tyngre hopparar har enno luft i håret og flyg lågt med trong skiføring. Per Ivar Skodjereite var suveren vinnar i si kasse i eitt av kretsrenna. Han fekk dessverre sesongen spolert då han buklanda på trening. Tor Arild Malin, Ole Hermansen og Sindre Helland har vore ivrige og mest uslåelege i sine klasser i kretsrenna. Desse litt tilårskomne gutane deltok og i NM. for veteranar i Skien. Dei kom heim-, og hadde fått plasseringane 12,13, og 11. Sindre Helland deltok for 14. året på rad i VM. for veteranar. Han kom heim frå Zakopane med ein blankpolert bronsemedalje i bagasjen. Bronsemedaljen fekk han for god hopping i den minste bakken. I storbakken enda Helland på 14. plass. Godt gjort! Etter 13 år i styret og 9 år som leiar for hoppgruppa vil no John Helge Larsen takke for seg og levere stafettpinnen vidare. Varige minner, gode stunder og godt kameratskap vil han med glede sjå tilbake på frå hoppmiljøet. Styret takkar for seg, og vi vil ønske alle John Helge Larsen til venstra har fått overrekt blomster frå hoppgruppa. Den oppmerksomheten fekk han på årsmøtet i Stordal Idrettslag for sin innsats som styremedlem i 13 år og dei siste 9 åra som formann. Til høgre den påtroppande formannen Ole Lianes Teks og Foto: Sindre Helland

Mai 2003 Stordalingen 20 6250 Stordal tlf 70 27 86 00 E-mail: post@busengdal.no -www.busengdal.no Totalentreprenør innen bransjene: Graving sprengning transport kraningtungtransport - mobile knuseverk. Årsmelding S.I.L. - langrennsgruppa sesongen 2002/2003. Styret har denne sesongen vore Leiar: Lars Joranger Nestleiar (rep. barneidrett): Arild Hove Økonomiansvarleg:: Bjørn Holmelid Oppmann: Magne Staurset Foreldrekontakt: Vigdis Hove Øie Generelt: Langrennsgruppa i SIL har hatt eit middels godt år - sportsleg som økonomisk. Siste helga i november 2002 var laget på treningssamling på Gålå. Flott sportsleg arrangement og også eit vellukka arrangement sosialt. Frå Stordal var vi 29 stk. med store og små. Godt utbytte av samlinga på alle måtar Utover hausten 2002 hadde gruppa treningar ute ein gong kvar veke. Då snøen kom, og det var mogeleg med skigåing, var vi først på Overøye og seinare på Stavsengfjellet. Planen la opp til to treningsøkter i veka, men lite frammøte på tysdagane har gjort at det mest vart torsdagstreningar - dei torsdagane det ikkje var Stordal-cup - og elles individuell trening. Eit vesentleg poeng er om vi klarar å skaffe sponsorar som vil hjelpe oss med deltaking på samlingar og konkurransar også i framtida.. Vi har hatt som målsetjing å verte den største klubben på Sunnmøre kva gjeld langrenn. Denne målsetjinga ser i øyeblikket ut til å vere urealistisk, men skal vi bli store, må vi satse enno meir på utdanning og rekruttering av leiarar. Her har foreldra ei oppgåve. Utan at foreldra stiller på som leiarar maktar vi ikkje å få til verken topp eller breidde. Sportsleg aktivitet: Sesongen 2001/2002 starta vi opp att "Stordal Cup" i langrenn. Eit arrangement som må seiast å vere svært vellukka, og også i sesongen 2002/2003 må ein seie at desse arrangementa har vore vellukka. I alt deltok 49 løparar på eit eller fleire av cup-renna i 2003, og 27 fekk samlepremie for 4 løp eller meir. Dette burde love godt for rekrutteringa. Vi bør legg opp til same opplegg komande sesong. Denne sesongen prøvde vi med å leggje to av cup-renna til Overøye, eit laurdagsrenn og eitt søndagarsrenn. Vi kan ikkje seie at oppslutninga på desse to cuprenna har svara til forventningane. Truleg vil ein få best oppslutning ved å leggja renna til faste torsdags-kveldsrenn i januar, februar og mars. Treningskveldane bør vi leggja utanom kveldskøyringa i Overøye, t.d. måndagar.heller ikkje