NÆRINGSNYTT Nyheitsbrev for næringslivet i Vågå

Like dokumenter
Nytt til næringslivet Desember 2014/ Januar 2015

Nytt til næringslivet April 2014

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

Nord-Fron kommune. Politisk sak. Kommunereform - Nord-Fron - vidare prosess

VERDISKAPING NASJONALPARK - Er det mogleg?

hoppid.no - Nyheiter Gründeråret 2015 Vårens mobiliseringsdugnad er i gang:

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Invitasjon til Fylkesmesse for ungdoms- og studentbedrifter Fosshaugane Campus, Sogndal torsdag 6. mars 2014

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Referat frå MINTA møte

Regionsamarbeid i Nord-Gudbrandsdal. Noen aktuelle saker. Otta

Kulturbasert næring som distrikts- og stadutviklar

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Nytt til næringslivet Oktober 2014

Internt brev - Særutskrift - Vurdering av å tilsetje eller leige inn hjelp til å utarbeide Strategisk næringsplan

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Oppsummering av saka: Formannskapet er av kommunestyret gitt fullmakt til å utforme endeleg svar til Fylkesmannen i Oppland.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Prosjekt: Velferdsteknologi og automasjon Eid omsorgssenter. Pilotprosjekt i Nasjonalt program for Leverandørutvikling

ehandel og lokalt næringsliv

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Rekrutteringsplan FBK Voss

Finnøy og Rennesøy kommunar

Sportsleg plan. Vågå IL Skigruppa

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Ny regional satsing frå Norges Forskingsråd, i Sogn og Fjordane VRI 4

Ole Aasaaren Regionsjef

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Noen aktuelle saker om samfunnsutviklingen i Nord Gudbrandsdal

Vekst og utvikling i Skjåk og fjellregionen. Christl Kvam, regiondirektør NHO Innlandet

REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S

EXPO 2010 OG SAMARBEIDSRELASJONAR MED KINA

Bli lærling i BYGGOPP

«Årets Bedrift 2015» Slettvoll Møbler AS

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

FORDELING AV REGIONALE NÆRINGSFOND 2011

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

PLANPROGRAM FOR KOMMUNEDELPLAN FOR BREIBAND

38/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning /15 Kommunestyret

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

FROKOSTMØTE 12. JANUAR 2016: Informasjonsmøte om RDA-midler - næringsretta midler til regional utvikling

ETAT FOR LOKAL UTVIKLING. Utforming av kommuneplan

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Eldrerådet Møtedato Møtetid: Kl. 12:30-13:45 Møtestad: Kommunehuset

9 frammøtte medlemsbedrifter. Frå styret Hans Nesheim, Tommy Lindskog og Elin Vassbotten

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Vintervèr i Eksingedalen

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Vi eksistera for våre 120+ eigar bedrifter

Opplæring av faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter

VINN HEADSET FOR BESTE INNSPEL

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

6-åringar på skuleveg

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

Mål: Vi skal utvikle eksisterande næringsliv, samt utvikle ny næring med fokus på det «grøne skiftet».

Eksamen SSS2001 Marknadsføring og sal / Markedsføring og salg. Programområde: Salg, service og sikkerhet. Fylkeskommunenes landssamarbeid

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

Framtidsfylket AS v/ Linda Hovland Naustdalsvegen 1B 6800 FØRDE

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2017

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

#Norge 2030 Eit annleis OL

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda. BrosjyreA5_husetibygda.indd

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Nasjonalparksenter for Jotunheimen og Reinheimen

Til deg som bur i fosterheim år

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

INFORMASJONSBREV FRA REGIONKONTORET FOR NORD-GUDBRANDSDAL mai 2012

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Transkript:

NÆRINGSNYTT Nyheitsbrev for næringslivet i Vågå Januar 2015 Næringsnytt - nyheitsbrev for næringslivet i Vågå Nyheitsbrevet skal formidle informasjon til næringslivet i Vågå om aktuelle nyheiter, kurs, møter og anna som er nyttig å vite om. Nyheitsbrevet blir sendt ut ca 1 gong i månaden. Bruk nyheitsbrevet og send gjerne tips! Kontaktinfo Tora Sandbu: tlf. 99 69 39 21 eller e- post: tora.sandbu@vaga.kommune.no Januarhelsing Godt nytt år (eller godt år heiter det vel no )!. Her kjem årets fyrste nyheitsbrev. Det skjer mykje både på kurs-, møte- og arrangementsfronten framover som forhåpentlegvis er interessant for næringslivet i Vågå. Attendemeldingar frå fleire handelsbedrifter er at årets (fjorårets..) julehandel ga auka omsetnad samanlikna med tidlegare år, og det kan tyde på at bevisstgjeringa kring å handle lokalt er aukande. Dette er positivt og viktig for at lokale butikkar skal kunne overleve all den tid konkurransa frå bl.a. netthandel er stadig aukande. Sentrumsutvikling i Vågå vil ha stort fokus framover. Vågå handels- og næringsforening arrangerte nyleg medlemsmøte om dette, og det vil bli eit ope møte i februar med same tema (sjå meir info). Frå kommuna si side jobbar vi også med dette, bl.a. gjennom innovasjonsstudiet som vi deltek på (sjå meir info). Apropos sentrumsutvikling, så er det svært uheldig at to sentrale næringsbygg ved innfartsåra til Vågåmo står tome, dette er både negativt for aktørar som treng areal for utvikle ny verksemd samt at det dreg ned inntrykket for besøkande. Det er å håpe at denne situasjonen ikkje fortset altfor lenge! Elles er det gledeleg at næringslivet i Vågå kjem så godt ut i NHO sitt NæringsNM for2014, med 1. plass på kommunetoppen når det gjeld andel vekstforetak og på ein 27. plass totalt når ein ser alle måleparameter under eitt! HURRA Eg må forresten korrigere det som kjem fram i GD fredag 23. januar om at Vågå ikkje har hatt ei einaste nyetablering i 2014. Dette stemmer ikkje! Til dømes feirar Fjellflyt 1 års jubileum i desse dagar. Både Eventlink og KulturCompagniet vart etablert i 2014. Sjølv om vi hadde ein konkurs, så vart den delvis kompensert ved at Tessand Byggservice vart etablert på slutten av året. Vidare kom det nytt vertskap på Jotunheimen Caravan Camp (tidlegare Heimsand Camping) og Sjodalen Hyttetun og Camping i 2014 som har idear og planar for utvikling av desse stadene og som vi ynskjer hjarteleg velkomne til Vågå! Osv. Fleire kunne vore nemnt! Det går sjølvsagt opp og ned både innan bransjar og over år, men det er viktig å påpeike at mange av dei veletablerte bedriftene i Vågå har hatt positiv framgang i 2014! Nok skribleriar, over til sakene! Tora NæringsNM: Vågå på topp med andel vekstforetak i 2013 Sist onsdag fekk eg ein triveleg og litt overraskande telefon frå NHO Innlandet med beskjed om at «Vågå troner øverst når det gjelder andel vekstforetak på NHO sitt NæringsNM for 2013». Nyheita er allereie godt kjend både via GD, Østnytt, Facebook osv, men er vel verdt å gjenta. HURRA

NæringsNM er NHO si årlege kåring (dvs måling og samanlikning) av næringsutviklinga i fylker, regionar og kommunar. Resultata frå NæringsNM 2014 byggjer på samtlege regnskapspliktige bedrifter sine rekneskapstal for 2013, tal frå Enheitsregisteret og SSBs registerbaserte sysselsettingsstatistikk NæringsNM måler vekst og lønnsemd i bedrifter, nyetableringar og næringslivets størrelse. Rangeringa gjev uttrykk for kor i landet næringslivet gjer det best, målt på næringslivets eigne premiss. Når det gjeld VEKST i kommunen, så blir det målt med andel bedrifter med omsetningsvekst større enn prisstigninga. Her er ein indikator som justerer for bransjestruktur, omsetning og alder. Så er det ein indikator for andel foretak på staden som har vekst i verdiskapinga. Det er også ein siste indikator der det er justert for forskjellar i bransjestruktur, omsetning og alder til foretaka. Når ein ser NæringsNM under eitt, kom Vågå på ein 27. plass på landbasis i kåringa. For meir informasjon, gå inn på: https://www.nho.no/politikkog-analyse/offentlig-sektor-ognaringslivet/kommunekaringer/ og når vi fyrst er inne på kåringar i lokalt næringsliv: Også for 2014 har Vågå fått ei gasellebedrift. Dette er Bokhandel n kafe AS. Kriteria for å bli gaselle er at bedrifta har levert godkjente regnskap, minst dobla omsetningen over fire år, hatt ei omsetning på over ein million kroner fyrste år, positivt samla driftsresultat, unngått negativ vekst og vore aksjeselskap. Året før oppnådde Lugumstugu AS og Brun Bygg AS gasellestatus. Bokhandel n kafe er invitert til det fyrste kommunestyremøtet i Vågå i 2015 for å presentere bedrifta si og få ei merksemd i høve gaselletildelinga. Gratulerer til heile mannskapet på Bokhandel n kafe! Vågåbedrifta Fjellflyt AS vart nyleg nominert til ein av dei tre beste bedriftene til den nasjonale Best i tekst-prisen i kategorien «Best selgende tekst». Det er svært imponerande at bedrifta, som fyller 1 år i desse dagar, på kort tid har gjort seg så synleg og kan vise til ein slik kvalitet at den blir utvald som ein av Norges beste nettsidetekstar. Gratulerer! ---------------------------------------------------------------------------------------------------------------- Møter for næringslivet i Vågå i januar og februar Torsdag 29. januar kl 19 på Bokhandel n kafe i Vågå tema LÆRLING. Vi inviterer alle potensielle lærebedrifter i alle fag og i heile regionen - til informasjonsmøte på Bokhandel n kafe i Vågå, torsdag 29. januar kl 19.00 Alle er velkomne; både dei som har lærling i dag og dei som kanskje skal ha!

Program: - Presentasjon av Opplæringskontoret Brimikjøken - Informasjon frå Oppland Fylkeskommune, ved Jane Haave. - Orientering om prosjektet «Lærlingløftet i Nord-Gudbrandsdal» Enkel servering. Påmelding til post@brimikjoken.no tlf 97 17 89 96 Arr: Opplæringskontoret Brimikjøken Onsdag 11. februar kl 19.00 tema SENTRUMSUTVIKLING Ope møte for næringslivet og andre interesserte på Bokhandel n kafe. Britt Åse Høyesveen frå Ringebu Markedsforening vil fortelje om korleis næringslivet i Ringebu har gått i lag for å gjere Ringebu sentrum til eit attraktivt og spanande sentrum med stort tilbod og mange besøkande. Det blir i tillegg info om arrangement, annonsering til påske mm. Enkel servering. Arr: Vågå Handels- og Næringsforening og Vågå kommune Måndag 23. februar kl. 8.00 (ca 1 times varigheit) tema MUNCHLEDEN Frukostmøte for næringslivet på Veistadhjørnet kafe. Tema: Munchleden kva er det og kva potensiale ligg i dette? Løwehjerte Design v/morten Løwe og Fjellflyt v/torill Bye Wilhelmsen presenterer prosjektet. Unn Bostad fortel om Munch si historie i Vågå og næringssjef Tora Sandbu seier litt om potensielle ringverknader av Munchleden og Munchnettverket som Vågå kommune deltek i. Servering av kaffe og rundstykker. Tilskot til kultur- og naturbasert næringsutvikling Partnarskapsstyret har vedteke å sette av ei rame på 850 000 kr til kultur- og naturbasert næringsutvikling i dei seks norddalskommunane i 2015. Regionsjefen har fått fullmakt til å fordele midla, etter innspel frå kommunane. Vågå kommune skal difor prioritere inntil 2 kultur- og naturbaserte næringstiltak/arrangement. Det blir sett krav om at «tiltakene skal ha økonomiske ringvirkninger, utviklingspotensial og profilere regionen på en god måte». Målsetting: - «Styrke næringspotensial i kultur- og naturbaserte aktivitets- og opplevelsestilbod» - «Bidra til å gi innbyggjarar og tilreisande gode opplevelser» - «Stimulere aktiviteter med et langsiktig perspektiv» Har du eit tiltak eller arrangement som kan vere aktuelt? Send inn ditt forslag til tora.sandbu@vaga.kommune innan 29. januar. Tips! Døme på tiltak/arrangement som tidlegare har fått stønad frå denne potten er Hausttakk i Skjåk, Dansefestivalen i Sel, Fangstminneparken på Hjerkinn, Energikampparken på Kalven Seter og Midtsommarfesten i Lom.

Foto: Kalven Seter Kurs i digitale medier for næringslivet Ynskjer du å utvikle di digitale kompetanse, for å nå dine kundar gjennom nett og sosiale medier? Bedrifter har nå ei unik sjanse til å bli med på kurs i regi av næringsprogrammet «bedrifter i fokus»! Målet med kurset er å gjere bedrifter i stand til å utarbeide sin egen digitale strategi og digitale målsetninger, samt mestre praktiske verktøy for å nå desse måla. Innhald: MODUL 1: INNFØRING I DIGITALE MEDIER MODUL 2: SLIK KOMMUNISERER DU DIGITALT MODUL 3: WEBSIDE OG NETTBUTIKK MODUL 4: BILDEREDIGERING OG OPPSETT AV SOSIALE MEDIER MODUL 5: BLI SYNLIG - BETALT OG IKKE-BETALT MODUL 6: UTARBEIDELSE AV DIGITAL STRATEGI Praktisk info: Kurset er omfangsrikt og en lett blanding av teori og praktisk gjennomføring. Totalt er det satt av 24 timer fordelt på 6 møtepunkter. Maks 20 bedrifter får plass. Påmelding: Innan 30.01 Kursstart: Otta 12. februar i Regionkontorets lokaler kl 16.30-20.30. Pris: 1500 kr per bedrift per pers. Kr 2500 for to personar frå same bedrift. Spørsmål? Kontakt Terje Langholm tel 416 45 264 terje.langholm@innovasjonnorge.no Kursarrangør: SocialCee, Hamar Meir info og påmelding: http://innovasjonnorge.no/no/kontorer-i- Norge/Oppland/arrangementer/oppstart-kurs-i-digitale-medier1/

Hvilke muligheter finnes i Innovasjon Norge for små og mellomstore bedrifter med vekstambisjoner? Den 28. januar inviterer Innovasjon Norge bedrifter frå Norddalen til informasjonsmøte på Toftemo, Dovre for å orientere om dei mest aktuelle verkemidla/ordningane sine. Program: kl. 10.00 Velkommen kl 10.05 Innovasjon Norges tjenestetilbud kl 11.00 Næringsprogrammet "Bedriftene i fokus" - en forsterket satsing for bedrifter i distrikt kl 11.45 Lunsj Programmet avsluttes etter lunsj. Det åpnes for korte individuelle bedriftssamtaler etter lunsj. Om det er aktuelt må dette gis beskjed om ved påmelding. Det er en fordel at det sendes en kort beskrivelse over temaet som ønskes diskutert innen påmeldingsfristen. Påmeld innan 26. januar til Regionkontoret for Nord-Gudbrandsdal ved Frode Damstuen. Tlf 90915501. E-post: frode@regionkontoret.no Vågå kommune deltek på Innovasjonsskolen I lag med 9 andre kommunar frå Oppland har Vågå fått plass på det nystarta Innovasjonsstudiet for offentleg sektor på Høgskulen på Lillehammer i 2015. Frå Vågå kommune deltek to politikarar og to frå administrasjonen; ordførar Iselin, rådmann Ådne, Steinar Aasgaard frå Bygdalista og næringssjef Tora. Gjennom studiet skal vi jobbe med eit case (oppgåve) som er viktig og framtidsretta for vår kommune. Essensen i studiet er stutt fortalt å lære om korleis gjere (gamle) ting på nye og meir hensiktsmessige måtar. Det har gjennom fleire år vore lansert ymse prosjekt og idear som bl.a. omfattar kulturbasert næringsutvikling i Vågå som ikkje har vorte realisert. Gjennom dette prosjektet ynskjer Vågå kommune å få prioritert, strukturert og gjennomført prosjekt som er på ulike nivå i ide- /utviklingsfasa. I dette arbeidet blir det heilt sentralt å involvere aktørar frå både friviljug og privat sektor, og at forventingar, roller og ansvar for ymse tiltak blir avklart. Reint konkret så blir det jobba med å utvikle Ullinsvin til eit kultur- og opplevingssentrum, i tillegg til andre tiltak i Vågåmo. Det heiter seg at «stadutvikling er god næringsutvikling», og vi håpar gjennom denne satsinga at Vågå vil få eit meir attraktivt sentrum med fleire besøkande som vil styrke lokalt næringsliv. Les meir om studiet her: http://www.hil.no/om_hoegskolen/organisasjon/fellesadministrasjonen/senter_for_livslang_ laering/innovasjonsskolen

Større arrangement i Vågå januar, februar og mars 2015 - Folkemusikktreffen 2015 30.-31. januar. Konsertar, kurs og fest. Info: www.vagaspelogdans.no - Offisiell opning av Proel Arena, Lalm. 31. januar. Off. opning, div. aktivitetar, kamp og fest på kvelden. Arr: Lalm Ishockeyklubb - Kjelkerock 2015-28. februar på Øyjordet og i sentrum. Akekonkurranse, show og underhaldning. Info: www.2680.no. Arr: KulturCompagniet - Norgescup i frikjøring, Vågå Freeride 27.- 29. mars. Lemonsjøen Skianlegg og Vågåmo sentrum. Konkurranse, premieutdeling, fest mm. Arr: Vågå Freeride DA v/daniel Gangsø og Hans Petter Bakke. --------------------------------------------------------------------------------------------------------- Kan du tenkje deg å bidra på Fjellfilmfestivalen 2015? Vågå kommune samarbeider med Fjellfilmfestivalen og aktørane på Gjende for å bygge opp under festivalen og gjere den så robust og attraktiv som mogleg. Fjellfilmfestivalen er ein nasjonal festival med fokus på filmar, foredrag og aktivitetar knytt til fjell og friluftsliv. Undersøkingar blant fjorårets festivaldeltakarar viser at dei er veldig godt fornøgde med festivalen og området, og at dei ynskjer å kome attende til området og vil anbefale det til andre. Dette er viktig og god marknadsføring. Styret i Fjellfilmfestivalen ynskjer seg ein person til styret med lokal tilknyting til Vågå/regionen. Vil du vite meir om kva dette inneber, så kontakt Tora på tlf 99 69 39 21 snarast for meir info. Ynskjer du besøk av næringssektoren i Vågå kommune? For å kunne gjere ein så god jobb som mogleg for næringslivet i Vågå, er det viktig at næringssektoren i Vågå kommune har god kjennskap til næringslivet her. Vi treng å vere i kontakt med dykk for å lære meir om dei ulike bedriftene, for å vite kva moglegheiter og utfordringar som finst her, samt for å vere ein samtalepartnar og bidragsytar der det er ynskjeleg. Kontakt Tora for nærmare avtale. Med ynskje om ein fortsatt god vinter!