-NYTT Nr.1 APRIL 2014 28.ÅRG. God aktivitet i IL og ei gledeleg auke i medlemstalet! Påske-Quiz på side 5 og 6! Sirkeltreninga i Runnevang Vi har no lagt bak oss nok ei mørketid. Klokka er stilde ein time fram og det går mot vår og sommar. Det er liv i. Innesesongen i Runnevang denne hausten og vinteren har vore jamt bra. Barnehage-trimmen, handballen og allidrett har alle hatt full trøkk. Damene og til dels gubbane har også fylt salen ein time for veka. Men kanskje skal vi denne gong framheve fredagstreninga med ho Sølvi spesielt. Det har denne aktiviteten verkeleg fortent! Aldri ein fredag utan! For mange er dette ein viktig avslutning på veka og starten på helga. Å få litt pes med ho Sølvi tidleg på fredagskvelden, gjer gøtt for både kropp og skjel. Etter litt oppvarming med basket eller jogging, set ho i gong med sirkel-programmet. To og to er i lag på stasjonene og musikken styrer intervallane. Det går i legg, lår, rumpe, mage, rygg, biceps, triceps og skuldrar. Alt får peis! 2 runder må ein beregne, så det gjeld å ikkje imponere for mykje i starten. Her må ein spare! Her er godt oppmøte, men her er alltids plass til fleire. Kom og prøv denne treninga til hausten igjen. Ein sikker vinnar! og Breimsbygda med vellykka NM arrangement i Trivselshagen Det vart NM-medalje til aren Håkon Hjelle Roset i 50 kg klassa. Han klarte 53 kg i rykk og 55 kg i støt. Med dette vart det ny pers og ein finfin sølvmedalje. Vi gratulerar! Ellers deltok Andreas Kornberg og Arne Osnes Devik. Dei fekk gode resultat, men det heldt dessverre ikkje til medaljar denne gongen. Nær 40 utøvarar var med på dette fyrste ungdoms-nm i vektløfting i storstova. Det var eit flott arrangement som utøvarar og arrangørar var nøgde med. Foto: Bjørn Grov, Firda Tidende
Populær -gensar! Den nye gensaren har slått veldig bra an! På Juleverkstaden selde vi veldig månge gensarar. Ja, omlag alle som var trykt opp på førehand av Henden Sport, forsvant denne dagen. I skrivande stund er det seld om lag 70 gensarar. Ut heile 2014 vil det vere mogleg å skaffe seg dende klubb-gensaren. Den vil vere til sals hjå G-sport og prisen vere uforandra: Barn 120,- og vaksen 200,-. Stor takk til Henden Sport og dei andre sponsorane! Skjerdal Kraft AS Økonor sponsormidlar til Økonor sponsorfond tildelte oss kr. 10 000,-. Desse midlane er øyremerka Fjelltrimmen. Foreløpig ingen gjenytelse anna enn at vi skal snakkast seinare om ei oppfølging. Auke i medlemstalet i 2013 I 2013 har vi registrert 247 medlemar i laget. Dette er ei gledeleg auke på 32 medlemmar frå i fjor! Denne auken er nok eit resultat av fleire forhold. Vi har bl.a. hatt auka aktivitet på Fjelltrimmen, dvs fleire trimmarar som betalar medlemskap. Fotballgruppa og allidrett har fått inn fleire barn frå andre krinsar, og jobben med fokus på medlemskap har gjeve resultat. Dette er bra og veldig viktig. Med auka tal medlemar har vi ein viktig motivasjonsfaktor på plass for jobbing med tilrettelegging for aktivitet. SFE sponsormidlar til SFE tildelte oss kr. 10 000,- på søknadsrunde i november. Midlane er øyremerka Vektløftargruppa / friidrett ungdom. Gjenytelse skal vere bl.a. i form av felles arrangement under SandaneDagane, samt å gjere SFE synlege på ymse vis. Dugnadsplan for 2014 Våre faste dugnadar held fram også i 2014. Dette er varetelling hjå Rimi tidleg i mai og i november, og rigging av party-telt til SandaneDagane. Her får vi inn omlag 8-10 000,- for kvar økt. Dette er gode pengar så vi vonar godt oppmøte når vi kallar inn til innsats. Grasrotandelen Og til alle de som tippar: Hugs som grasrot-klubb! Inntektene frå grasrotandelen er eit verdfult bidrag til drifta. God Påske og God Sommar frå styret i! INNKALLING TIL VÅRDUGNAD FRÅ PLASSNEMDA: Laurdag 10. mai kl 10.00 vert det vårdugnad på Loggane. Hovedfokus vert: - Grusing av parkeringsplass - Fjerning av møse, busker, mm - Oppsjeining av klubbhus - Slådding - Tilrettelegging av hopp, kast, lengde, løp - Og anna trengande - Det vert enkel servering av saft og pølser. Ta med høveleg reiskap/verkty For plassnemnda: Petter Olav Rygg
SFT-GRUPPA: Ein lang vintersesong med treningar i Runnevang er no over. Det har vore godt oppmøte med ca 25 ungar som har kosa seg med forskjellige aktivitetar. Utesesongen vart dessverre spolert av ein mild og nesten snøfri vinter. Og av den grunn vert det dessverre ingen premieutdeling for skidugleik i år. Etter påske startar fotballen for fullt igjen. I år stiller med eit jentelag i 11 års serien, dei spelar kampane sine på måndagar. Kampane på Loggane går slik: 11-års-laget til : f.v. Andrea, Julie, Emma, Emily, Leah og Ida. Nede: Thea og Rebecca. Amalie var ikkje til stades då bildet vart teke. Ellers satsar vi også i år for fullt på knøttefotballen. Vi får truleg fylt opp 4 lag til å være med på kongleriketurneringar i år også. Det vert 4 turneringar der 2 er før sommarferien og 2 etter. Treningane blir slik: Gutar og jenter 5-10 år, onsdagane kl 18.00-19.00. SFT-basaren (turnbasaren) Det vert dessverre ingen SFT-basar i år. Det er fleire grunnar til det, men hovedproblemet er vel at vi ikkje har greidd å få på plass noko oppvisning eller anna underhaldning. Og når værtilhøva har vore slik at vi heller ikkje har premieutdeling for vinteraktivitetar som skulle ha vore, då blir det vanskeleg å halde basar. Vi vonar dette er eit eingongstilfelle og håpar å kome sterkare attende neste år. Helsing Terje Mandag 05.05.: - Breimsbygda Mandag 26.05.: - Stil Mandag 02.06.: - Loen Mandag 16.06.: - Stryn Mandag 18.08.: - Eid Mandag 08.09.: - Breimsbygda Mandag 29.09.: - Stil VÅRHELSING FRÅ FRIIDRETTSGRUPPA: Friidrettstreningane for born startar torsdag 8. mai på Loggane. Gloppenmeisterskapet er 15. mai, så det er viktig at vi kjem i gong. Vi deler borna inn i to grupper: - 1.-3. klasse. Desse skal trene frå 18:00-19:00-4. klasse og oppover frå 19:00-20:00. STAFETT Snart er det tid for stafettsesongen. I det høvet vil vi stille både gute- og jentelag på Oldenstafetten 27. april og Breimstafetten 4. mai. Laga er ikkje sydd saman i skrivande stund, men vi vonar at det kjem på plass snart slek at teknikk og taktikk kan kan øvast inn. Det er fint om foreldre og familiar stiller på som ivrige suportarar. I år har vi sett oss eit mål STEMNER Når det gjeld konkurransar og stemner, er det spesielt Gloppenmeisterskapet, Sparebankleikane og Regionsleikane aktuelt for born frå 10 år og oppover. I tillegg har vi lagsmeisterskap på loggane til hausten. SØRSTRANDA RUNDT 2014 Beklageleg nedgang i tal deltakarar Berre 32 deltok på årets utgåve av Sørstranda Rundt (mot 77 i fjor). 23 i konkurranse og 9 mosjonistar. Best i konkurransen 7,7 km vart Andreas Rauset med tida 27,35. I konkurranse 3,3 km må vi framheve dei 3 unge og lovande Koopmans. Erik, Jasmijn og Jelle vann alle si klasse. Vi gratulerer! Det var nok fleire årsaker til det dårlege frammøtet. Uansett, dette må vi kunne gjere beire! Så vi vil her og no utfordre bygdafolket om å stille på til neste år. Hugs at det er 10 trimpoeng til alle som stiller! Støtt opp om arrangement. Det blir bra! Foto: Inger Haldis Lothe, Firda Tidende
Oversikt aktivitetar på Loggane, mm. sommar 2014: Måndag Kl. 16:30-18:00 Kasttrening på Loggane j/g 13 år /GFIL Kl. 18:00 Vekttrening (Rygg) Kl. 18:00 - Fotballkamp jenter 11 år Sjå eige oppsett Tysdag Kl. 19:00-20:30 Sprint/spenst mm på Sandane stadion 13 år GFIL Onsdag Kl. 16:30-18:00 Kl. 18:00- Kasttrening på Loggane j/g 13 år Vekttrening (Rygg) /GFIL Kl. 18:00-19:00 Kl. 18:00-19:00 Fotball barn 6-10 år Fotball 10-11 år jenter Torsdag Kl. 18:00-19:00 Kl. 18:00-19:00 Kl. 19:00-20:00 Kl. 19:00-20:00 Fredag Kl. 16:30-18:00 Kl. 18:00 Friidrett j/g 6-9 år Fotball 10-11 år jenter Friidrett j/g 10 år Oppmøte v/stil-stova og avreise til Byrkjelo. Sprint / hopp / kast j/g 13 år Kasttrening på Loggane g/j 13 år Vekttrening (Rygg) GFIL /GFIL Terminliste med utdrag av aktuelle stemner for arane å kunne delta på: 21. april Loggane Open Slegge og diskos Loggane 27. april Oldenstafetten Gutelag og jentelag Olden 2. mai Senterløpet Sprint på den røde løper Sandane 4. mai Breimstafetten Gutelag og jentelag Reed 11. mai Loggane Open Slegge og diskos Loggane 15. mai Gloppenmeisterskap 10 år -> alle øvelsar Byrkjelo 25. mai Loggane Open Slegge og diskos Loggane 4. juni DM Nordfjord 11-18 år Hyen 9. juni Loggane Open Slegge og diskos Loggane 22. juni Loggane Open Slegge og diskos Loggane 4. 6. juli Sparebankleikane 10 år -> alle øvelsar? Byrkjelo 13. juli Loggane Open Slegge og diskos Loggane 3. august Loggane Open Slegge og diskos Loggane 17. august Loggane Open Slegge og diskos Loggane 30.-31. august KM / Krinsleikar Alle klasser Byrkjelo 31. august Loggane Open Slegge og diskos Loggane 6. september Nordstrandsløpet 12 år -> 6,7 km Vereide 7. september Regionsleikar 8-12 år 8-12 år - 60m/600m/kule/lengde Sandane 14. september Loggane Open Slegge og diskos Loggane 20. september Lagsmesterskap Friidrett Loggane 28. september Loggane Open Slegge og diskos Loggane 12. oktober Loggane Open Slegge og diskos Loggane Nytt frå vektløftargruppa NM-bronse til! På same måte som i 2012 kvalifiserte sitt ungdomslag seg også i 2013 for finalen i NM lag som gjekk av stabelen i Trondheim i november. Etter kjempeflott innsats vart det bronse til Erlend Ulvestad, Peter Wilke og Hans Sande. Vi gratulerer! NM-Sølv til! Og som allereie har nemnt på framsida av dette BN så vil vi nok ein gong gratulere Håkon Hjelle Roset med sølv under ungdoms-nm i Trivselshagen i mars. Evald tilbake i med jr-lag! Evald Osnes Devik(18) deltok på Tambarskjelvar sitt gull-lag i junior, i 2014 er han tilbake i, der vi no satsar på å hevde oss i juniorklassa(18-20 år). Her er konkurransen hard, så dette blir spennande.
Trimsesongen 2014 Påskequiz 1: Eit kjent syn frå vårt fjellområde. Kva heiter breen som vi ser på bildet? Poengoversikt trimmen Traudalsråsa 3 Traudalsnibba 10 Ravnestadstøylen 4 Svarthammaren 10 Rausetstøylen 3 Nautefjellet 4 Arnestadnakken 6 Breidalen 4 Berdalsegga (Morafta) 12 Eikenesstøylen 4 Eikeneshesten 10 Hardhausen +25 Sørstranda rundt 10 Vi vil følge same opplegg som tidlegare år. Vi delar ut fint krus med motiv frå fjellheimen vår til dei som oppnår poengsummane: Barn t.o.m 15år 100 poeng Påskequiz 2: Vaksne 200 poeng Eit dramatisk 60+ 100 poeng fjellparti. Kva heiter Trimbøkene vert henta inn ca. 15.september. dette Nytt av året er att gruppa har justert opp området? 1 poeng på postane som ligger i ytterkantane. Dette gjeld: Arnestadnakken, Høgehaugen og Eikenesstøylen. Hardhausen (HHP) Hardhausen blir og som tidlegare år. Alle som klarer kravet blir premiert med T- skjorte med bilde. -medlemmar får skjorta gratis, medan ikkje-medlemmar må betale kr.150,-. Husk: Skriv navnet i alle 9 bøkene og merk med HHP. Juniorhardhausen (JHHP) Juniorhardhausen er for dei t.o.m. 13 år, som går alle 9 hardhaus-postane i løpet av sesongen. Alle som klarer kravet blir premiert med t-skjorte med bilde. Hugs: Skriv namnet i alle 9 bøkene og merk med JHHP. Mini-hardhaus Minihardhausen er eit populært tiltak for dei minste, så vi prøver same opplegg som i fjor. Vi har laga nye plastkort som medlemmane tar med seg på turen, og på kvar post ligg det klippe-tang i trimkassa som dei brukar til å klippe i kortet. Dei som vil vere med på minihardhausen tar kontakt med Arvid Lothe for å få klippekort. Minihardhausen gjeld for born t.o.m. 11 år. Dei som klarer alle postane blir premiert med T-skjorte med bilde, gratis for medlemmar, kr. 150 for ikkjemedlemmar. Fjellturar Vi kjem tilbake med arangertetura når vi ser korleis veir og føre utarta seg i sommar. Påskequiz 3 & 4 T.v.: Kvar er dette? T.h.: Det landa eit helikopter, ut spratt 3 karar, planta skiltet på høgste punktet for deretter å flakse vidare. Kor står dette skiltet? Svar kan sendast på sms eller mail til Arvid i løpet av påska. 2 ekstra trim-poeng til den som har alt rett! Vi takkar våre sponsorar til fjelltrimmen: Best - Frydenbø Bilsenter AS - Nordfjord Laks AS - Trebo-Hus AS
Idrettsmerkeprøva: Loggane 12.06.14, kl. 20.00 Sandssaga 19.06.14, kl. 20.00 Loggane 14.08.14, kl. 20.00 Sandssaga 21.08.14, kl. 20.00 Påskequiz 5: Eit ynda mål for mange i Påska. Kva heiter denne varden? Idrettsmerke kan takast av alle frå og med det året dei fyller 16 år. Vi oppmodar alle gamle og unge om å delta. Kontaktperson for trimgruppa: Arvid Lothe, mob 46982788 arvid.lothe@enivest.net Trimgruppa ynskjer alle ei fin Påske og god trimsesong! Helsing frå Grethe, Mariann, Eva, Magnar og Arvid. Friidrettsgruppa: Daniel Dyrnes- leiar Nina Engelbrektson Jørund Årdal Inger Haldis Aske Lothe Esmee Mekke Hoogstraaten Trimgruppa: Arvid Lothe leiar Eva Holme Magnar Rauset Grethe Jakobsen Mariann Rauset Vektløfting: Jørund Årdal leiar Magne Devik (ny 2014) Jon Atle Ravnestad (ny 2014) TILLITSVALDE I BRODD 2014: BRODD IL Leiar: Bjarne Rygg tlf. 91317988 Nestleiar: Egil Ravnestad Kasserar: Hilde Mellingen Sekretær: Liv Randi Teige Styremedlem: Alle gruppeleiarar SFT-gruppa: Terje Arnestad leiar Kurt Gimmestad Jan Wiggo Rygg Lars Endre Gimmestad Tom Wilke Plassnemnda: Petter Olav Rygg leiar Morten Rygg (ny 2014) Christen Henning Arnestad Ole Jens Grov (ny 2014) Eelco Schrama Valnemnd: Jeffery Thomas - leiar Ronny Husevåg Ingunn Berg Vara: Rune Gimmestad og Jon Pedersen Revisorar: Svein Ravnestad & Magne Devik. Vara: Jan Wiggo Rygg Runnevang Bygda sitt hus for trening, kultur og sosial samkome Leiar: Arild Arnestad, tlf. 48079859 Utleige: Ingeborg Dale, tlf. 97586093 Teknisk: Eirik Alf Rygg / Magnar Holme Takk til våre trufaste sponsorar til Nytt: