Vågsøy kommune Møteinnkalling for Ungdomsråd Møtedato: 02.04.2013 Møtestad: Einevarden 3 etg. Rådhuset Møtetid: Kl. 14:00 Innkallinga vert send medlemmene og dei første varamedlemer i kvar gruppe. Varamedlemer skal ikkje møte utan nærare varsel. Forfall må meldast til tlf. 57 84 50 00 eller e-post til post@vagsoy.kommune.no snarast. Forfallsgrunn må oppgjevast. Sakliste Sak nr. Sakstittel 004/13 Godkjenning av møteprotokoll 005/13 Referatsaker 006/13 Møtefrekvens og møtehonorar for Ungdomsrådet i Vågsøy Daniel Gangeskar og Siv Mathilde Oldeide deltok på Fylkesting for ungdom 15. til 17. mars og vil informere frå fylkestinget. Måløy 25.03.2013 Dagny-Ann Gangeskar konsulent
Side 1 av3
Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 02.04.2013 004/13 Endelig vedtak i: Ungdomsrådet Arkivsaknr.: 13/553 Saksansvarlig: Dagny-Ann Gangeskar Godkjenning av møteprotokoll Rådmannens innstilling Møteboken godkjennes som den foreligger. Møteprotokoll frå møte 06.02.2013 er sendt ut tidligare.
Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 02.04.2013 005/13 Endelig vedtak i: Ungdomsrådet Referatsaker Arkivsaknr.: 13/552 Saksansvarlig: Dagny-Ann Gangeskar Rådmannens innstilling Meldingene tas til etterretning som de foreligger. Liste over dokumenter til orientering: Nr Dok.ID Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 13/3129 I 04.03.2013 Havfiskefestivalen Havfiskefestivalen 2 13/2935 I 05.03.2013 3 13/2754 I 05.03.2013 Sogn og Fjordane Fylkeskommune Samferdsleavdelinga Sogn og Fjordane Fylkeskommune Lokal transporttilbod for ungdom - LTU 2013 - Invitasjon til søknad om prosjektmidlar Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 - høyringsbrev
Fra: CN=Odd Gunnar Myhre/O=Vaagsoy_kommune Sendt: 04.03.2013 Til: CN=Dagny Ann Gangeskar/O=Vaagsoy_kommune@Vaagsoy_kommune Kopi: Emne: Havfiskefestivalen Tar du dette vidare med ungomsrådet? Ser dei er i kontakt med Daniel.Mvh Odd Gunnar Myhre Tenesteleiar kultur Tlf:: 57 84 50 91 Mob: 90 19 57 01 ----- Videresendt av Odd Gunnar Myhre/Vaagsoy_kommune den 04.03.2013 08:08 -----Fra:Jan Holvik <jan@holvik.no>til:"'daniel96@live.no'" <daniel96@live.no>cc:"'odd.myhre@vagsoy.kommune.no'" <odd.myhre@vagsoy.kommune.no>dato:02.03.2013 15:04Emne:Hei Daniel Takk for praten nettopp nå. Styret i Måløy Havfiskefestival har besluttet å gjenta fjorårets suksess, og avholde en ny festival, denne gangen i helgen 9.8 til 11.8. Som en del av festivalen ønsker vi inkludere et rusfritt arrangement for ungdom under 18 år, og vi ber i den anledning at Ungdomsrådet vurderer hva de synes vil være et passende arrangement, hvor også Ungdomsrådets medlemmer kan delta aktivt, fortrinnsvis på lørdag 10.8. Vi tar gjerne ett møte med dere for å diskutere valg og gjennomføring. MvhJan E. Holvik Kjell Oldeide
Side 1 av 4 Samferdsleavdelinga Sakshandsamar: Eva Hamre E-post: eva.hamre@sfj.no Tlf.: 57 65 62 68 Vår ref. Sak nr.: 13/2041-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 8149/13 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 05.03.2013 Lokal transporttilbod for ungdom - LTU 2013 Invitasjon til søknad om prosjektmidlar Innleiande Fylkeskommunen har i sin fylkesdelplan for ungdom mål om å få i stand betre og rimelegare kollektivtilbod for ungdom. Dette har vi prøvd å gjere gjennom 3 tilbod: Lokale transporttilbod for ungdom Trygt heim for ein 50-lapp Ungdomskortet Dei nemnde prosjekta har vore utprøvde sidan 2002 med godt resultat. Fylkestinget har difor løyvd midlar til vidareføring av alle tilboda i 2013. Lokale transporttilbod for ungdom Det er sett av kr 1 million som kan nyttast til ei betring av reisetilbodet for ungdom til/frå fritidsaktivitetar på ettermiddags- og kveldstid. Vi inviterer no kommunane og ungdomsråda i kommunane til å utforme eit skyssopplegg og søke om prosjektmidlar for å få skyssopplegget i gang. Ber om eit oppsett som viser tildelte midlar mot rekneskapet som er nytta til tilbodet, helst for kvart år, men spesielt for 2010 til og med 2012. For ikkje å få stoppe eit godt etablert skysstilbod, vert restmidlar nytta som finansiering vidare ut i det nye året. Kort om tankane bak Det vanlege kollektivtilbodet er heller svakt på ettermiddagar og sein kveldstid. Det kan følgjeleg vere vanskeleg for ungdom å nytte det vanlege kollektivtilbodet heim frå fritidsaktivitetar, og det er heller ikkje alltid så lett å komme seg til fritidsaktivitetane. Fylkeskommunen vil gjennom dette prosjektet legge til rette for eit betre skysstilbod til/frå fritidsaktivitetane, og vi har spesielt i tankane heimskyssen om kvelden både i helgene og i kvardagane. I tillegg til den reint praktiske og trivselsmessige sida, har prosjektet også ei tryggleiksside der målet er å leggje til rette for trygge skysstilbod. Kort om korleis skyssordninga er tenkt Vi ser først og fremst føre oss fleksible ettermiddags- og kveldsskyssar utført med maxi-taxi Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 4 eller minibuss. Med fleksible skyssløysingar meiner vi at skyssen vert tinga på førehand, og det vil såleis vere oppslutnaden om tilbodet som er avgjerande for om ruta går. Skyssen treng ikkje gå etter nokon heilt fast rutetrase. Som eit døme kan vi nemne ein heimskyss som vert sett opp frå Sentrum til Dalen på onsdag når fritidsklubben stengjer, utført med maxi-taxi/minibuss som skyssar heilt opp i byggjefeltet. Vi er opne for fleire typar skyssløysingar, men ein skal ikkje leggje seg i direkte konkurranse med det vanlege kollektivtilbodet. Dette vil nok ikkje vere noko problem i praksis, i og med at kollektivtilbodet er heller svakt på kveldstid. Transporttenester kan berre kjøpast frå dei som har godkjent løyve for persontransport. Søknaden og korleis ordninga kan organiserast Søknaden Kommunane eller ungdomsråda i kommunane sender søknad til fylkeskommunen. Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar: - kven som søkjer (kommune, ungdomsråd) - skysstilbod til/frå kva for fritidsaktivitet, og kvar dette er - skysstilbod til/frå (kva strekning) - kor ofte, og omtrentleg tidspunkt på kvelden - periode ( haust, vinter, vår) - kva transporten vil koste (innhente tilbod) - kor mykje brukarane skal betale for skyssen - om det er mogeleg å få inn midlar frå andre (t.d. kommunen og/eller frivillige organisasjonar) - nærare grunngjeving for søknaden (m.a. med tanke på trafikktryggleik) Søknaden må også innehalde: Samla kostnads- og finansieringsplan Oppsett på tildelt midlar mot rekneskap for åra før (2010 og fram til 2012) Det er råd å justere opplegget seinare, slik at det m.a. vert tilpassa dei midlane som er disponible. Organisering Dersom ein får midlar til prosjektet, skal det etablerast ei prosjektgruppe der representantar for ungdomen er med. Prosjektgruppa har ansvar for å organisere skyssen, og skal sjå om det er mogeleg å få inn midlar også frå andre (t.d. kommunen eller frivillige organisasjonar). Vidare må gruppa bestemme kva brukarane skal betale for skyssen, og ta ansvar for at det i gangsette skysstilbodet held seg innafor dei midlane ein har til rådvelde. Det ligg såleis ei utfordring i å informere om og skape oppslutnad om sitt lokale prosjekt, slik at ein sikrar eigenfinansiering og slik sørgjer for at prosjektmidlane frå fylkeskommunen rekk lengst mogleg. Prosjektgruppa må sjølv ta kontakt med dei som skal utføre skyssen (drosjene eller busselskapa). Vi ser føre oss at kommunane hjelper til med det praktiske, og er bank for prosjektet. Søknadsfrist Søknader må sendast innan 30. april 2013 til Sogn og Fjordane fylkeskommune Samferdsleavdelinga Askedalen 2 6863 Leikanger
Side 3 av 4 Eller på e-post. eva.hamre@sfj.no Utbetaling av midlar krav til rapport Når eit prosjekt har fått midlar frå fylkeskommunen, kan vedkommande kommune, som då vert bank for prosjektet, be om at halvparten av midlane vert utbetalte. Det må førast prosjektrekneskap. Når prosjektet er godt i gang, og transportopplegget har fungert i 3-4 månader må det lagast ein kort rapport. Denne vert å sende til fylkeskommunen, som då eventuelt betaler ut den siste halvparten av midlane. Avsluttande merknader Summen som er avsett ( 1 mill. kr) rekk nok ikkje til eit fullgodt tilbod for alle, men det er ein god start. Midlane frå fylkeskommunen må betraktast som ei grunnfinansiering for å vidareføre og komme i gang med fleksible transportopplegg for ungdom. Ein bør lokalt også sjå kva kommunen og frivillige organisasjonar kan bidra med. Vi ser det som viktig at ungdomen lokalt får eit eigarforhold til desse kveldsskysstiltaka. Dette burde vere ei fin sak for ungdomsråda ute i kommunane, og det kan ligge mykje god lærdom i eit slikt arbeid. Lukke til! Nærare informasjon For å få nærare informasjon om tilbodet ta gjerne kontakt med Eva Hamre på telefon 57 65 62 68 og e-post: eva.hamre@sfj.no Med helsing Eva Hamre samferdslekonsulent Mottakar (ar) Askvoll kommune Aurland kommune Balestrand kommune Bremanger kommune Eid kommune Fjaler kommune Flora kommune Førde kommune Gaular Kommune Gloppen kommune Gulen kommune Hornindal kommune Hyllestad kommune Høyanger kommune Jølster kommune Leikanger kommune Luster kommune Lærdal kommune Postboks 174, 6988 ASKVOLL Vangen 1, 5745 AURLAND Rådhuset, 6899 BALESTRAND Postboks 104, 6721 SVELGEN Rådhusvegen 11, 6770 NORDFJORDEID Postboks 54, 6961 DALE I SUNNFJORD Postboks 13, 6901 FLORØ Postboks 338, 6802 FØRDE 6973 SANDE I SUNNFJORD 6823 SANDANE 5966 EIVINDVIK Postboks 24, 6761 HORNINDAL 6957 HYLLESTAD Postboks 159, 6991 HØYANGER 6843 SKEI I JØLSTER 6863 LEIKANGER 6868 GAUPNE Postboks 83, 6887 LÆRDAL
Side 4 av 4 Naustdal kommune Selje kommune Sogndal kommune Solund kommune Stryn kommune Vik kommune Vågsøy kommune Årdal kommune Postboks 43, 6806 NAUSTDAL 6740 SELJE Postboks 153, 6851 SOGNDAL Postboks 73, 6921 HARDBAKKE Tonningsgata 4, 6783 STRYN Postboks 134, 6891 VIK I SOGN Postboks 294, 6701 MÅLØY Postboks 40, 6881 ÅRDALSTANGEN Kopi til: Kulturavdelinga, Aud Jonstad Baardsen Norges Taxiforbund, Avd. Sogn og Fjordane v/ Endre Råheim Nye Sogn og Fjordane Taxi Opplæringsavdelinga, Siri Merete Nedland Rutebilselskapa i fylket Samferdsleutvalet Trafikktryggingsutvalet Transportbedriftenes Landsforening, Sogn og Fjordane Trygg Trafikk v/ Audun Heggestad TTS Ungdomspolitisk Utval
Side 1 av 3 Opplæringsavdelinga Høyringsinstansane (jf. vedlagt liste) Sakshandsamar: Tor-Einar Holvik Skinlo E-post: Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no Tlf.: Vår ref. Sak nr.: 13/1836-1 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 7838/13 Dykkar ref. Dato LEIKANGER, 04.03.2013 SKULEBRUKSPLAN FOR VIDAREGÅANDE OPPLÆRING I SOGN OG FJORDANE 2013-2024 - HØYRINGSBREV Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane gjorde 27. februar 2013, i sak 11/13 «Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013-2024 høyringsdokument», slikt vedtak: 1. Fylkesutvalet sender, med tilvising til fylkestingssak 55/11 og 5/12, alternative modellar for ny skulebruksplan, med tilhøyrande konsekvensutgreiingar, til høyring. 2. Høyringsperioden er frå 4. mars 26. april. Fylkeskommunen sitt planutval (fylkesutvalet utvida med Sosialistisk Venstreparti) har vore politisk styringsgruppe for arbeidet med høyringsdokumentet, medan hovudutval for opplæring har vore politisk referansegruppe. Fylkesrådmannen har vore sekretær. I fylkesadministrasjonen har arbeidet vore organisert som eit eige prosjekt. Administrasjonen har elles nytta seg av ei eiga referansegruppe beståande av partane i arbeidslivet, opplæringskontora, elevorganisasjonen, lærlingrepresentant, arbeidstakarorganisasjonane, KS og Fagskulen i Sogn og Fjordane. I arbeidet er det elles nytta noko konsulentbistand, då frå Norconsult AS, Sintef og Møreforsking. Gjennom planarbeidet har fylkesrådmannen fremja i alt seks arbeidsdokument til planutvalet som styringsgruppe. Føreliggjande skulebruksplan er utarbeidd i 8 alternative modellar for organisering av vidaregåande opplæring. Alle modellane er konsekvensutgreidde. Det er planutvalet som i løpet av prosessen har fastlagt kva modellar og kva type konsekvensar (tema) som skal utgreiast. Den samla dokumentasjonen vert no sendt på høyring. Planen ligg på Sogn og Fjordane fylkeskommune si heimeside www.sfj.no Frå høyringsinstansane vil det vere av særleg interesse å få innspel på: Ev. nye variantar av modellane, som møter måla for prosessen slik dei er omtala i planen. Korleis lokalsamfunn, arbeids- og næringsliv meiner den vidaregåande opplæringa bør vere organisert, gitt dei elevtalsprognosar og dei inntektsutsikter som ligg føre. Kva utdanningsprogram og programområde vil arbeids- og næringslivet særleg etterspørje - i prioritert rekkjefølgje. Korleis bør vi oppnå balanse mellom elevtal og tal elevplassar i ulike delar av fylket? Fylkeshuset Askedalen 2 6863 LEIKANGER Tlf.: 57656100 Bankgiro: 3781.07.00050 postmottak.sentraladm@sfj.no www.sfj.no Org.nr.: NO 941 388 841 MVA
Side 2 av 3 Innspel som tek i vare fylkesperspektivet vil bli særleg vektlagde. Då den samla dokumentasjonen er omfattande, ber vi høyringsinstansane om å opplyse: Kva punkt/kapittel i utgreiinga som vert omtala. Kva som ev. er å rekne som generelle merknader. Høyringsfristen er sett til 26. april 2013. Høyringsuttaler må sendast elektronisk til postmottak.sentraladm@sfj.no Vi ser gjerne at høyringsinstansane (jf. lista under) vidaresender dette høyringsbrevet til aktuelle partar som ikkje er oppført på vedlagde liste. Alle som ynskjer det kan sende inn fråsegn. Fylkesrådmannen vil i høyringsperioden arrangere fire informasjonsmøte om planen. Mottakarane av høyringsbrevet er særleg velkomne på møta. Denne møteserien vil bli slik: 12. mars 2013, kl. 18-20: Dale vidaregåande skule. 19. mars 2013, kl. 18-20: Eid vidaregåande skule. 20. mars 2013, kl. 18-20: Førdehuset. 21. mars 2013, kl. 18-20: Sogndal vidaregåande skule. Den politiske slutthandsaminga av skulebruksplanen vil skje etter følgjande tidsplan: Hovudutval for opplæring: 28. mai 2013 Fylkesutvalet: 05. juni 2013 Fylkestinget: 12. juni 2013 Eventuelle spørsmål om sjølve høyringa kan rettast til prosjektleiar Tor-Einar Holvik Skinlo, e-post: tor-einar.holvik.skinlo@sfj.no, tlf.: 57 65 62 07. Med beste helsing Tore Eriksen fylkesrådmann Bekka Skaasheim fylkesdirektør
Side 3 av 3 Mottakarliste: Kommunane Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Høgskulen i Sogn og Fjordane Vestlandsforsking NHO Sogn og Fjordane LO Sogn og Fjordane KS Sogn og Fjordane Innovasjon Noreg Sogn og Fjordane Helse Førde NAV Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Idrettskrins Sogn og Fjordane Bondelag Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag Sog og Fjordane Fiskarlag Elevorganisasjonen Arbeidstakarorganisasjonane Vaksenopplæringsforbundet i Sogn og Fjordane Ungdomspolitisk utval Fagopplæringsnemnda PP-kontora Opplæringskontora Opplæringsringane Hordaland fylkeskommune
Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 02.04.2013 006/13 Oppvekst- og kulturutvalg 09.04.2013 Kommunestyre 25.04.2013 Endeleg vedtak i: Kommunestyret Arkivsaknr.: 13/547 Saksansvarleg: Dagny-Ann Gangeskar Møtefrekvens og møtehonorar for Ungdomsrådet i Vågsøy Rådmannen si innstilling Ungdomsrådet i Vågsøy vedtek framlagd forslag til endring i vedtekter for Ungdomsrådet i Vågsøy kommune. Endring i vedtektene for Ungdomsrådet i Vågsøy vert endra i samsvar med saksutgreiinga. Aktuelle lover, forskrifter og plandokument Vedtekter for Ungdomsrådet i Vågsøy. Bakgrunn for saka Ungdomsrådet har ønske om fleire møter og halvert møtegodtgjering. Medlemmane i Ungdomsrådet i Vågsøy føler det er for lang avstand mellom møta, og det vert korte fristar for saker som skal refererast og drøftast. UiV ønsker å følgje tettare opp under O/K-utvalet sine møter. Medlemmane føreslær sjølve å halvere møtegodtgjeringa for å unngå dyrare drift av Ungdomsrådet i Vågsøy. Saksopplysningar / fakta Ungdomsrådet i Vågsøy synes at fire møter pr. år er for lite, og det vert for lenge mellom kvart møte. Det er ønskelig med åtte møter pr. år, og halvert møtegodtgjering for å halde totalkostnaden som den er i dag. Endring i vedtektene for Ungdomsrådet i Vågsøy vert endra i samsvar med saksutgreiinga. Vurdering / konsekvensar Det vil ta meir tid for administrasjonen sin representant i Ungdomsrådet, som også er sekretær, men det vert på same tid enklare for administrasjonen å halde medlemmane orientert. For O/K sin representant i Ungdomsrådet, føreslær Ungdomsrådet at representanten får tilsendt sakliste og møteinnkalling og vurderar om denne bør/skal møte. Men at O/K sin representant bør/skal møte på dei fleste av møta, så sant som det er mogeleg. Det vil vere ein fordel for Ungdomsrådet i Vågsøy sine oppgåver å ha fleire møter gjennom året, for å halde seg oppdatert over politiske saker som er under handsaming i oppvekst- og kulturutvalet og kommunestyret.