HAREID ROTARY KLUBB. Månedsbrev for mars 2014. Årgang 49



Like dokumenter
Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Til deg som bur i fosterheim år

Bustadområde i sentrum. Vurdering

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

IKT-kompetanse for øvingsskular

MÅNEDSBREV MAI ÅRGANG 41 DISTRIKT

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)


Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Brukarrettleiing E-post lesar

HAREID ROTARY KLUBB. Månedsbrev for februar Årgang 49

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

MÅNEDSBREV MAI ÅRGANG 40 DISTRIKT

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Team Hareid Trygg Heime

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

TEMA. Stryn

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

ÅRSMELDING 2009 for ÅRDAL UTVIKLING 24. driftsår

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Innkallinga og saklista har vore kunngjord med oppslag i rådhuset.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Teknikk og konsentrasjon viktigast

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

ÅRSMELDING FOR VELLEDALEN I BALANSE AS

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Elevane sitt val av framandspråk på ungdomsskulen Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa - Notat 12/2018.

Protokoll frå regionstyremøte

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Frå novelle til teikneserie


HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Rektorforum 15. april

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Ny region i emning. frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven. Utarbeidd på oppdrag frå SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

MEDLEMSINFO. august 2009

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kommentar frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Internasjonal vidaregåande skule

Transkript:

HAREID ROTARY KLUBB Distrikt 2305 Klubbnr. 12713 Månedsbrev for mars 2014. Årgang 49 Møtedag: Mandag kl. 18.00-19.00 Møtestad: Klubbhuset til Hareid IL, 6060 Hareid. President: Karin S Holstad Visepres: Øystein Alme Sekretær: Arne G. Aschehoug Kasserar: Johs. J. Hareide Past pres: Jarle Kristiansen Styremedlem: Bernhard Harkjerr Styremedlem: Eileen H. Brandal Ansv.red.: Oddvar Haugen Referent: Hans Gisle Holstad Fødselsdagar i mars: NÅR DU ER BORTE Nærast er du når du er borte. Noko blir borte når du er nær. Dette kallar eg kjærleik Eg veit ikkje kva det er. * Før var kveldane fylte av susing frå vind og foss. No ligg ein bortgøymd tone og dirrar imellom oss. Øyvind Hansen 2. mars Tor Jonsson

Møte 3. mars -14 Etter den tradisjonelle opningssongen( denne gongen «Dei vil alltid klaga og kyta ) introduserte president en Karin Brit Svendsen Holstad, kveldens foredragshaldar; vår eigen ordførar Anders Riise. Han hadde fått som oppdrag å orientere litt om kommunale prosjekt som var aktuelle og oppe i tida akkurat no. Eiksundsambandet: Ordføraren innleia med at han nett var komen frå styremøte i Eiksundsambandet der det vart gjort vedtak om å legge ned bompengeinnkrevjinga frå mai/juni i år. Då Eiksundsambandet vart opna 24.2. for 6 år sidan såg ein føre seg ei om lag dobbel så lang innkrevjingstid. Men sambandet har vore ein suksess som no gjer at ein kan reise gratis gjennom tunnelen etter om lag halv innkrevjingstid. Hafastsambandet: På eit møte med samferdselsministeren tidlegare i år hadde han fått høve til å presentere Hafastsambandet for han. Det vart der understreka kor viktig dette sambandet ville kome til å bli m.a. for maritime næring, men også til å få teke ut offentlege vinningseffektar. Det ville bli ein verdiakse som truleg ville overstige verdien av Eiksundsambandet:Ein større arbeids og buregion. - Han understreka også Hafast-tilknytninga til ein framtidig tenkt Kystveg (mot Måløy), og kombinasjonen stamveg/kystveg mot regionsenteret Ålesund. Han gjekk også gjennom alternative trasear gjennom Hareidsdalen for eit framtidig fastlandssamband mot Ålesund og grunnga kvifor kommunen hadde valt trase i Melshornsida (m.a. under Melshorlia) med overgang til Sula frå Overå. Hapark: Eit nytt omgrep/selskap som står for Hareid Parkering a/s. Skal frå hausten 2014 stå for organisering av parkeringstilhøva i hamneområdet (mellom Statoil og Bunnpris og mot Sparebankområdet) og vidare stå for innkrevjing av parkeringsavgift. Hareid sentrum, elles, vert også omfatta med 2 t parkering. Kyrkjegarden: Ei omfattande utviding av kyrkjegarden var no praktisk talt ferdig,- der den nye delen skal takast i bruk frå juni månad 2014. Som vanleg vart det til slutt hæve til å stille spørsmål,- og svar vart gitt. Møte 10.3-14 Når vi på førre møte hadde hatt ein representant frå Hareid kommune (ordføraren) til å fortelje om kommunale prosjekt som var aktuelle no,-- var det kanskje naturleg å følgje opp med kva prosjekt som var aktuelle i nabokommunen vår Ulstein. Det var assisterande rådmann Verner Larsen som representerte Ulstein kommune. Og han la i hovudsak vekt på utbyggingsprosjekt som det var mange av i kommunen. Etter tradisjonell velkomsthelsing frå presidenten og song; «Nisser og dverge,-- fekk Verner Larsen ordet. Attraktivitetspris i 2012 som forpliktar: Innleiingsvis understreka grunngjevinga i den attraktivitetsprisen kommunen fekk i 2012 for å vere ein god stad/kommune å bu i og dei pliktene ein slik pris følgde meg seg. Han tok vidare utgangspunkt i at i 1970 åra flytta 40 % av folk til kommunen for å skaffe seg arbeid. I 2008 flytta ein meir pga familietilknytning og anna attraktivitet, medan tilflytting p.g.a. spesifikt arbeid, var redusert til 30 %. Kommunen hadde difor dei siste åra og no vidare,satsa på at folk skulle få bu godt og dessutan legge til rette generelt sett for at kommunen skulle bli meir attraktiv på fleire område. Saunesparken: Ny park ved hotellet som har samla kosta 5.1 mill kroner. Den kommunale andelen her var 1.5 mill medan restfinansieringa var frå fylket og private. Parken var vel motteken i kommune, den ligg nær hotellet der også dei no prøver å legge meit til rette for uteområdet mot parken.

Sjøgata: Den store sjøgateutbygginga som no går føre seg med ny gate,attraktive husværeprosjekt,parkering og leikeområde samt to rundkøyringar, --har for tida sterk inngriping i «bybildet» Den gamle sjøgata var eit utfyllingsprosjekt frå 1984.Den nye sjøgata vil koste om lag 52 mill kroner, finansiert med 20 mill frå kommunen,20 mill frå fylket og resten frå private investorar; Ulsteinvik Utvikling. Han opplyste at sjøgata vil bli «stramma inn» i breidde til 6.8 m med ei fartsavgrensing til 40 km/t. Fjordvarmeutbygging: I samband med dette store prosjektet ville kommunen bygge ut eit fjordvarmeanlegg med greiner til Rolls Royce/Reiten, gjennom sentrum heilt til Høddvoll/vidaregåande skule, der kommunale bygg i sentrum også skal knytast på, m. a Arenautbygginga i sentrum med symjehall og full idrettshall. Ny Innfartsveg til sentrum i Holsekerdalen: Prosjektet er no praktisk talt ferdig bortsett frå at entreprenøren ikkje fekk legge det siste asfaltlaget på vegen før «snøen kom i fjor haust/vinter». Innfartsvegen løyser ut eit større tomteareal. Han kom også inn på dualismen mellom folk som ynskjer sentrumsnære bustadar og gjere seg uavhengige av bil, og dei som var villege til å kjøpe seg relativ dyre tomter langt vekke frå sentrum og som i tillegg måtte investere i to bilar. Begge typer tilretteleggingar var det behov for. Samla kostnad over 100 mill kr.??? Nytt fotballstadion (Høddvoll) og stor fleirbrukshall ved vidaregåande skule: Her også var spleiselagspolitikk: Hødd hadde behov for eit meir tidsmessig stadion, vidaregåande skule (fylke) hadde behov for betre garderobetilhøve og idrettshall og klasserom,- og friidretten hadde behov for innandørsanlegg m.a. løpebaner. Kommunen på si sida vart med i koordinering og finansiering av dette m.a. gjennom fleire offentlege midlar (m.a. spelemidlar) Det er kommunen som i prinsippet vil disponere den nye Høddvoll, kommunen vil også disponere og leige mest mogleg ut til brukarar både i og utanom kommunen, den store fleirbrukshallen medan fylket/vid skule disponerer nye klasserom etc. Arena Ulstein: Dette er eit nytt prosjekt i sentrum i området der Samfunnshuset står i dag. Kommunestyret har i prinsippet gjort vedtak om at dette skal byggast. I Arena Ulstein er det tenkt ein stor og moderne idrettshall m/garderober etc- 25 m symjehall/basseng, varmtbad og eit nytt større og moderne bibliotek (m.a.) Prosjektet er estimert til om lag 335 mill kroner fordelt på 225 mill frå offentlege midlar og 100 mill kroner frå private/næringslivet. Verner Larsen vart «avbroten» av tida som «rann ut», men svara på spørsmål heilt til slutt. MØTE 17.3.-14 Til dette møtet var banksjef Endre Vatne frå Nordea Bank invitert for å fortelje om banken, og om arbeidet sitt som leiar i avdelinga for personkundar. Nordea Bank A/S er ein nordisk forretningsbank som har si verksemd i Russland, Finland Sverige Baltikum, Norge og Danmark,- og der den øvste leiaren er dansk og held til i Danmark. Banken er «sida» som ein av dei beste i Europa på grunn av sin soliditet og eigenkapital. Verksemda i Norge er delt opp i distrikt, og vårt næraste lokalkontor i Ulsteinvik høyrer til Sunnmøre Sør og Distrikt Nordvest. På Hareid er avdelingskontoret lagt ned. Men minibanken ligg framleis i Nordeabygget i sentrum, og kundane kan avtale kundemøte med kontoret i Ulsteinvik ved behov. Nordea avd. Hareid/Ulstein har god drift og har ca. 30 % av personkundemarknaden i Hareid og Ulstein. På kontoret i Ulstein er Endre Vatne leiar for 10 personar som er tilsette i personkundeavdelinga, og 4 personar arbeider i bedriftsavdelinga der Bergsvein Øvrelid er leiar. Forvaltningskapitalen har vore aukande siste åra. Nordea Bank er stor sponsor for store nasjonale idrettsarrangement t.d. siste OL. Elles støttar dei lokale arrangement også, så det er berre å søke sa banksjefen.

Fadofestivalen 22.3.-14 på Quality Ulstein Hotell fekk som vanleg medlemane våre invitasjon til. Det har vorte ein sedvane at medlemane får invitasjon til denne portugisiske «festaftenen», som det heiter. Det var individuell påmelding, så vi har ikkje heilt oversikt over kor mange som innvilga seg «en helaften» denne laurdagskvelden. MØTE 24.3.-14 Innleiingsvis song vi som vanleg,- og denne gongen :«Mellom bakkar og berg utmed havet». Kveldens foredragshaldar var tidlegare lærar i Hareid, redaktør av Vikebladet og teknisk leiar og redaksjonssjef i NRK-Møre og Romsdal,- samt,og ikkje minst, kulturarbeidar (på fritida) i Hareid i fleire tiår. SVEIN SMØRDAL. Foredraget var lagt opp som eit EGOFOREDRAG, som vi kallar det i Rotary, - der han tok utgangspunkt i tre stikkord/setningar som var leiingsberande for han i livet som grunnlag for nokre VENDEPUNKT i livsløpet hans,- og peika retning. Eks: Når læraren på folkeskulen på Eid, der han vaks opp, arrangerte «Barnetime» i klasseromet og han fekk kome fram bak kateteret og snakke i ei mikrofonliknande boks til heile klassen Vendepunkt vart det også når han tok til som lærar i Hjørungavåg og fekk følgje opp vidar ei særprega klasse der inn i ungdomsskulen. På ungdomsskulen fekk han oppgåve å lære elevane m.a. om fotografering og kopiering av bilde og utvikla dette til sjølv å ta bilde som seinare fekk plass i lokalavisa Vikebladet. Vendepunkt vart det då redaktør Ottesen ba om meit bilde og stoff. Ei kontakt vart etablert og interessa for spesielt nyhende og journalistikk vart kveikt på nytt. Eit av vendepunkta han hugsa godt, var då rektor Per Straumsheim på gymnaset i Volda og han tok avskil etter tida der. Svein med å sveitte i hendene for autoriteten. Han ville aldri meir» sveitte i handa» for å helse på ein autoritet: «Vi er alle likemenn med ulik rolle og alder» slo han fast. Vendepunkt vart det også då Ottesen ei tid seinare bad han om å bli redaktør av Vikebladet. Det var han i eitt år. Han hugsa spesielt då UIE, det store franske oljeselskapet, ynskte å etablere seg på Risneset i Hjørungavåg. Så var det denne høgtalaren frå barneskulen som kom i tankane då han,etter samtale med Asbjørn Gjerde i NRK- Møre og Romsdal, søkte på ei ledig stilling der :Dette er mi stilling kom det frå det indre. Og han fekk den Eit nytt vendepunkt ved NRK i Ålesund i mange år som journalist, vaktsjef, teknisk leiar og redaksjonssjef. Dessutan var han der med på å bygge opp nye dataløysingar/program, samt å planlegge og flytte heile den lokale NRK-staben til nye lokale i byen. For han var det i denne tida eit vendepunkt i denne karrieren når det store vanskelege etiske vurderingane i forhold til kva ein skulle la gå ut gjennom fjernsynsnettet då dei store katastrofene i Bourbon Dolphin ulukka (8 omkom) og rasulukka på Fjelltun (5 omkomne) hende. Han innrømde ei tilfredsheit i dei vurderingane som vart gjort der i forhold til kva som kunne sendast. Etter å ha vist filmopptak frå ei framføring Hjørungavåg Brass hadde, kom han inn på fritidsarbeidet han var engasjert i m.a. som dirigent for korpset i fleire tiår. Han fortalde at korpset har 15-20 oppdrag for året og dei likar no og då å trekke inn proffe solistar. Som 11 åring starta han sjølv si eiga opplæring i ulike blåseinstrument, og likte seg når han no vart «kalla inn» til veteransamling t.d. i Volda for å spele. Det var ein hobby som vart til noko meir.

INTERCITYMØTE 25.3.-14 Ørsta Rotary inviterte rotaryklubbane på ytre søre til felles møte saman med Volda Rotary på Hotell Ivar Åsen i Ørsta. Det var den kjende tungtvatnaksjonisten Joacim Rønneberg som der fortalde om KVIFOR HAN VALDE Å REISE TIL ENGLAND UNDER SISTE VERDSKRIGEN,TIDA I ENGLAND,OM SJØLVE TUNGTVAT- NAKSJONEN,----- OG OM FJELLFARE AKSJONEN I TAFORDFJELLA. President Karin Svendsen Holstad hadde fått med seg medlemar i om lag to bilar som tok turen og overvar eit svært interessant foredrag. MØTE 31.3.14 Etter tradisjonell song («Blåmann, Blåmann bukken min») og velkomsthelsing frå presidenten, vart kveldens foredragshaldar og tidlegare medlem av Rotary, Svein Johs Flø presentert. Temaet for kvelden var den dramatiske redningsaksjonen i Sør-Kinahavet for over 30 år sidan som Svein Johs var leiar for som kaptein på 31000-tonnaren «Texas Baltie». Den 19. august 1983 plukka båten opp 79 flyktningar frå Vietnam. Flyktningane var på veg frå Vietnam (der det var krig og omveltingar) til Singapore i ein 33 fots gammal «skøyte». Etter fem døgn i sjøen hadde vietnamesarane, som i stor grad stamma frå Kina, sloppe opp for både vatn, mat og drivstoff,- men alle var i live; --- menn, mange kvinner og fleire små fødde og ufødde barn. Ein dramatisk situasjon i heimlandet førde til at dei rømde frå heimlandet sitt i håp om eit betre liv «ein eller annan stad i verda». Svein fortalde levande om tilnærminga dei først måtte ha til flyktningebåten i redsle for at det kunne vere piratar om bord. Det kunne skje at slike båtar var overlasta med kvinner og barn på dekk, medan i lasterom og under overbygningar kunne vere fullt med godt væpna menn. Men denne gongen var situasjonen reell. Flyktningane kunne fortelje at mange båtar hadde sett dei og berre seilt forbi pga denne piratredsla, sjølv om flyktningebåten hadde kvitt flagg i masta som teikn på at dei trong hjelp. Båtflyktningane møtte sine redningsmenn, og Svein Johs understreka den store innsatsen mannskapet på hans båt utførde under aksjonen. Flyktningane vart sette i land i flyktningmottak i Singapore/Thailand og fortdelte seinare, etter eigen søknad, til hovudsakleg vestlege land. Mange kom også til Norge. Svein Johs kunne til slutt fortelje om møte med desse,seinare,som var positive, --og han var glad for at dei hadde «kome seg til» der dei kom. Vi viser elles til fyldige referat om dette i media frå hausten 1983.