Christian Gaard Trandal



Like dokumenter
MEDLEMSINFO. august 2009

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kva er økologisk matproduksjon?

6. trinn. Veke 24 Navn:

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

august 2013 NESETDAGANE.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Juvet Landskapshotell

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

«Ny Giv» med gjetarhund

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Jon Fosse. For seint. Libretto

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Egil Christophersen til minne.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Brødsbrytelsen - Nattverden

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kom skal vi klippe sauen

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Vi jubilerer med Kristofer Uppdal: «NARREN SYNG» Med John Pål Inderberg og Ragnhild Vannebo, musikk og dikt Ellrun Ystad med tonesette dikt

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

/

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

INFORMASJON om førestellinga:

Ircere alle saman! Tusen takk for invitasjonen til å halde stemnetalen. Eg er både stolt og glad for at eg fekk. dette høve å kome hit.

RYTMISK MUSIKK RØTTER

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Samansette tekster og Sjanger og stil

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

mmm...med SMAK på timeplanen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vågå kulturskule. Skuleåret

Brukarrettleiing E-post lesar

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.


Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SONGBIRD. En tribute til Eva Cassidy. Med Ingrid Kjosavik, Knut Aabø og Svein Olav Hyttebakk. Målgruppe: Ungdomstrinnet og den videregående skolen.

Frå novelle til teikneserie

Steve Dobrogosz (piano) & Anna Christoffersson (vokal)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Bokbad på BERGSLAGEN. Litteraturseminar på Sunde Kyst- og Litteratursenter

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Sommartur til Sverige,

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

Månedsbrev april 2015

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

De ufrivillige Regi: Ruben Östlund (Sverige 2008) 1t 38min

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste!

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Transkript:

Christian Gaard Trandal 5. og 6. juli www.trandalblues.no

Velkomen til Trandalblues Noregs vakraste bluesfestival! Mellom bratte og blå fjell i Hjørundfjorden på Sunnmøre er Trandalblues godt etablert som årleg høgdepunkt for alle blueselskarar. Sjeldan har ein stad passa betre for ein bluesfestival, sjølv om Trandal er ei veglaus bygd. Vi er midt i fjorden, og vi har sjøvegen! Det var eingong to kjekke kara som møtte kvarandre på ein fjelltopp. Møtet sette merke for livet. Herifrå spann lagnaden ut trådane i den veven som gjer at vi no kan invitere til Noregs vakraste bluesfestival på Trandal på «stedet som ikke fins» Christian Gaard. Resten av soga kan du kanskje høyre frå scena med nokre av dei beste bluesartistane frå Norge og resten av verda. Vel møtt til ei blå og mektig helg mellom Sunnmørstindane velkomen til gards! Trandalhatten Blues (Myklebust/Grimstad) Å sitte blide på Trandalhatte me huå på snei Flytande brød og sigar attapå, bolte og strople, mmm Sette ski på fot suse ned te bjørkerot Leske sej i denj friskaste bekk - å te sist... je je de e gudegnist Trandalhatti blues - Trandalhatti blues De e bratt og blått i enj veldige elvasus, og te sist enj gudegnist Å sitte blide på Christiangardi me huå på snei Fjelge supe, øl i strupe me sei ikkje meir, pople å prate, mmm Trandalhatti blues - Trandalhatti blues De e bratt og blått i enj veldige elvasus, og te sist enj gudegnist Program Fredag 5. juli: Five o clock soul Amund Maarud Toini & the Tomcats Ketil Stokkan The Blues Edition Laurdag 6. juli: The Brazz Brother & Frode Alnæs Peer Gynt Lloyd Jones & Shaky Ground Lazy Lester and Kokomo Kings med atterhald om endring Utgjevar: Trandalblues Bratt og Blått Terje Myklebust, Knut Brekke, Kjell-Rune Klubbenes, Kyrre Grimstad og Arne Moe Trykk: Polaris Trykk

Brazz Brothers & Frode Alnæs Vi er veldig, veldig stolte over å kunne by på eit musikalsk samspel, ekslusivt for Trandalblues 2013! Saman med langevågarane kjem nemleg Frode Alnes. Her vert det vert bluesmusikk så det held! Det veit vi, for vi har hatt privilegiet av å høyre ei eksklusiv innpeling av dette prosjektet. Dette vert fantastisk! Musikkglede og improvisasjonskunst. Eit samspel som er like sjeldant som dårleg fiske i Hjørundfjorden. Dette er tre gonger Førdebrør og to gonger brødre som heiter Tafjord. Alle er frå Langevåg eller frå den store verda som vi kallar total musikalitet. Bak trommene finn vi Kenneth Ekornes frå Sykkylven. Der har du fenomenet The Brazz Brothers. I dei seinare åra har The Brazz Brothers spela saman med alt frå afrikanske stamme-høvdingar til trompetlegenda Lester Bowie og danske Povl Dissing. Vellukka alt saman! Musikkglede og improvisasjonskunst går som en raud tråd gjennom alt dei er med på. Øverst i toneregisteret finn vi Jarle og Jan Magne Førde på trompet og flygelhorn. I midten er Runar Tafjord på waldhorn og Helge Førde på trombone. I Botnen er Stein Erik Tafjord på tuba. Bak trommene sit Kenneth Ekornes og er limet i det heile. Kva gjer dei på Trandalblues då? Jau, dei som trudde at Brazz Brothers handlar om jazz åleine, dei må tru om att. Musikk er musikk, og musikalitet kjenner ikkje grenser. Og for dei som treng ein presentasjon av Frode, kan vi berre sakse frå Store Norske leksikon: «Frode Alnæs, norsk gitarist og komponist; utdannet ved jazzlinjen på Trøndelag Musikkonservatorium. Han har spilt i en rekke ulike sammenhenger, bl.a. med Jon Balke og jazzgruppa Masqualero, og fra 1988 hadde han stor suksess med rockebandet Dance With a Stranger. Senere har han bl.a. samarbeidet med Lynni Treekrem, og har også vært aktiv innen revy. I 1987 skrev Frode Alnæs musikk til rockeoperaen Klæppfesk. Hans første soloalbum, Frode, nådde 35. plass i 1996, og han har laget tre album sammen med Arild Andersen og Stian Carstensen: Sommerbrisen (1998), Julegløggen (2003) og Høstløv (2006). Sammen med bergensbandet De Musikalske Dvergene laget han i 2004 albumet Veldig respektable menn - sanger av Ray Davies og The Kinks i norske versjoner» For oss andre er Frode ein glimrande gitarist, ein person som alltid overraskar og ein kar som uttalar at han gler seg enormt til å kome til Trandal. For ordens skuld er Brazz Brothers: JARLE FØRDE, trompet/ flygelhorn, JAN MAGNE FØRDE, trompet/flygelhorn, RUNAR TAFJORD, horn, HELGE FØRDE, trombone, STEIN ERIK TAFJORD, tuba, KENNETH EKORNES, trommer. Og på gitar: FRODE ALNÆS! LAURDAG

Lazy Lester and Kokomo Kings Heilt sidan festivalen starta har vi ønskt at det ein dag skal stå ein av dei verkelege legendene innan bluesen på scena på Trandal. Og i år har vi lukkast. Denne artisten er på mange måtar ein draum som kjem i oppfylling for oss i Bratt og Blått. Lazy Lester, fødd Leslie Johnson, 20 juni 1933, Torras, Louisiana, er ein amerikansk bluesmusikar, som syng og spelar munnspel og gitar. Karriera hans spenner over seks tiår (!) frå 1950 til i dag. Han er i tillegg mannen bak verdenshits som mellom anna «I hear you knocking», «Sugar Coated love» og «I m a lover not a fighter». Songane hans har vore nytta av artistar som The Kinks, Freddy Fender, Dwight Yoakam, Dave Edmunds, og The Fabulous Thunderbirds. Lester vert kalla «Lazy» på grunn av ein cool laid-back stil, og ikkje på grunn av musikalsk latskap! Han har også bidrege med songar innspela av Slim Harpo, Lightnin 'Slim, og Katie Webster. Etter ei pause i karriera på slutten av 80-talet, spelte han inn nye album saman med mellom andre Kenny Neal, Lucky Peterson og Jimmie Vaughan. På midten av 1950-tallet var Lester ein relativt ukjend artist i Louisiana. Ifølge Rolling Stone (23. februar 2006) uttalte Buddy Guy at han hadde «spelt i Louisiana med nokre av dei gamle mestrane: Lightnin Hopkins og Lazy Lester». Når Buddy Guy forlet Louisiana vart han faktisk erstatta av Lester på gitar. I 2003 inkluderte Martin Scorsese Lester i ein blues tribute konsert på Radio City Music Hall, ei innspeling som vart utgitt som film og album. Coveret inkluderte Lester saman med BB King, Solomon Burke, Clarence «Gatemouth» Brown, Buddy Guy, Levon Helm, Chuck D, The Neville Brothers, Dr. John, John Fogerty, og Aerosmith. Lester har sjølvsagt med seg backingband. Dette er ingen ringare enn Kokomo Kings frå Sverige. Dette er eit samarbeid mellom nokre av Sveriges og Danmarks sine beste musikarar. Bandet har si eiga karriere og stiller svært gjerne opp i Trandal sine bakkar for å backe Lester. Dei har spela inn plater og turnert saman med internasjonale bluesartister som James Harman, Mud Morganfield, Big Jack Johnson, Louisiana Red, John Primer, Big Joe Louis og Keith Dunn for å nemne nokre. Kokomo Kings på Trandal er Magnus Lans-hammar: bass og gitar, Ronni Busack-Boysen: gitar og Daniel Winerö på trommer Vi treng ikkje å vite meir. Dette er i sanning ein av dei store - som vi ynskjer hjarteleg velkomen til Trandal 2013! Den 20 juni har «Lazy» Lester 80-års dag. Vi skal feire! www.lazylester.net LAURDAG

Lloyd Jones & Shaky Ground Lloyd Jones er kanskje ein av dei største stjernene som har stått på scena på Trandal. Han er ikkje så kjend i Norge men har ei merittlliste som vil få blueselskarar til å sperre opp augene. Lloyd Jones er frå Portland, Oregon og har spela blues i godt over 30 år. Han har gitt ut 8 plater under eige namn. Han har vore seks gonger gjest på Delbert McClinton & Friends sitt årlege evenement «Sandy Beaches Cruise», sist i 2008. Han har vunne fleire musikkprisar som t.d. «N.A.M.A. Album of the year» og «Cascade Blues Association Lifetime Achievement Award» Han vart innlemma i Oregon Music Hall of Fame i 2007. I 1989 var Lloyd Jones med BB King på turnè. I tillegg til har han spela med eller turnert med ei rekke artistar som Albert Collins, Robert Cray, Bonnie Raitt, Delbert McClinton, Taj Mahal, Dr. John, Buddy Guy og Stevie Ray Vaughan. Vi kan ikkje garantere at han har med seg nokre av desse til Trandal, men vi lovar ei forestilling som vi få Hjørundfjorden til å danse! «When I heard Lloyd Jones live for the first time in January 1999, it was like exhaling after holding my breath for fifteen years!» (sitat Delbert McClinton) Til Trandal har han med seg bandet SHAKY GROUND. Dette er eit av Danmark sine mest heiderskrona roots og rhythm & blues band. Shaky Ground har ei karriere som har vara i over tjue år. Dei er eit av Danmark sine mest nytta backingband gjennom over 1000 konsertar og meir enn 700.000 selde lp ar og cd ar. Ein milepel for dette bandet var samarbeidet med legendariske Link Wray, der dei var med på innspelinga av albumet «Indian Child» som kom ut over heile verda i 1993 på Epic. Shaky Ground har også turnert saman med Henning Kvitnes i fleire år, i tillegg til innspelingar og turnear med andre amerikanske artistar. LAURDAG

Amund Maarud Band Hei, Trandal Bluesfestival er noe vi gleder oss til, det virker som en veldig spesiell ramme rundt en festival med tanke på beliggenheten. Vi har spilt både i Ørsta og Volda før så vi er litt kjent i området, det var med The Grand, så det er veldig fint å endelig få ta turen med mitt soloprosjekt. Vi skal spille utdrag fra både Electric og Dirt og lover en konsert med hud og hår, blod og svette. Amund Amund Maarud er kjend som ein av Norges beste bluesgitaristar. Konsertane hans blir utan unntak skildra som forrykande liveshows som inneheld ulike element frå blues til psykedelisk rock. Saman med broren Henrik Maarud på slagverk, starta han som seksåring MaarudKara. Bandet kom på andre plass i Talentiaden på NRK i 1997, og året etter gav dei ut albumet First Blues på Tylden & Co. I 2000 starta han solokarriere. Mange plater seinare har det endeleg lukkast å få Amund Maarud til Trandalblues! På Trandal har han med Henrik på trommer, Simen Aanerud på piano og Bendik Brænne på barytonsax. For soloalbumet Electric fikk han Spellemannprisen 2011 i bluesklassa. Albumet Dirt kom i oktober 2012 og hausta gode kritikkar. «Skogbygdas store sønn visker ut grensene mellom blues og rock.» (Øyvind Rønning, Dagbladet etter Amunds konsert under Øya 2012) «Amund Maarud så ut som en sleazy sirkusdirektør med mer provoserende hoftevrikking enn Elvis i 1965.» (Carl Knutsen, Canal Street 2012) Amund Maarud har tørka sveitten etter festivalsigrar på Notodden og Øyafestivalen. På Trandal vil han stå breibeint og trygt i sitt eige musikalske landskap! Foto: Roald Jungård. www.amundmaarud.no FREDAG

Stolt sponsor av TRANDALBLUES! Foto: Per Eide TUSSA - MED KRAFT TIL Å SKAPE I over 60 år har Tussa vore ein bidragsytar til lokal verdiskaping. Det har vi tenkt å fortsetje med. Vi støttar topp og breidde i lokal kultur. Saman med folket på Sunnmøre har vi kraft til å skape tusenvis av draumar og ei og anna stjerne. www.tussa.no Velkommen til årets Blues Hotel. Sagafjord Hotel N-6165 sæbø Telefon 70 04 02 60 Epost info@sagafjordhotel.no Web www.sagafjordhotel.no

Transport Flyplass: Ålesund lufthamn, Vigra: SAS, Norwegian Ørsta-Volda lufthamn Hovden: Widerøe Buss: Nettbuss frå Ålesund lufthamn via Moa til Ørsta-Volda Buss frå Volda og Ørsta til Sæbø og korresponderande båt til Trandal Rutetider på www.trandalblues.no Båt: Fjord1 ferge frå Sæbø, Standal og Leknes til Trandal Rutetider på www.fjord1 og www.trandalblues.no Skyssbåt «Hjørundfjord» frå Sæbø til Trandal kontinuerleg Rutetider på www.trandalblues.no Skyssbåt frå Ålesund og Sæbø til/frå Trandal kvar dag før og etter sceneshow Rutetider på www.trandalblues.no Skyssbåt «Baltasar» frå Standal etter avtale Overnatting Sagafjord hotell, Sæbø Hotel Union, Øye Alpehytter, Standal Hotell Ivar Aasen, Ørsta Brosundet hotell, Ålesund Hytter og hus på Trandal etter avtale med eigar Campingplass, Sæbø Standal Alpesenter Båtplass, bubilplass og teltplass etter avtale med Christian Gaard Hamna er del av indre festivalområde www.trandalblues.no

Christian Gaard Bygdetun er et sjarmerende vertshus i den vesle bygda Trandal. Sent på nittitalet ble den gamle garden restaurert og vart omgjort til pub/vertshus. Dette var barndomshjemmet til Frank Storeide der han mot alle odds ville bygge opp et serveringsted. Han ville med dette begynde å melke turister, i steden for geiter som han selv ville ha sagt. Dette resulterte i et meget attraktivt reisemål. Frank, selve opphavsmannen til alle de finurlige og spennende ideene, gikk desverre bort før han hadde gjennomført alt han ville utrette, men vi som etterfølgere driver videre i hans ånd. Oppgraderingene de senere år gjør at vi kan huse firmaturer/ blåturer, bryllup og større festivaler. Christian Gaard er også perfekt for kurs og konferanser, og er et ideellt utgangspunkt for friluftsturister som søker en fantastisk opplevelse i Sunnmørsalpene. Om det er ønskelig kjører vi gjerne skiturister helt opp til snøen i Trandaldalen, dersom snøen har begynt å krype litt oppover. Vi tilbyr god mat og drikke i sjarmerende atmosfære og står klar til å ta i mot deg til en opplevelse du sent vil glemme. Vi ønsker alle velkommen til årets Trandalblues. Hilsen vertskapet Foto: Roald Jungaard

Peer Gynt Eit samla styre i Bratt og Blått såg og høyrde Peer Gynt på bluesfestival i Trondheim og skjøna at denne artisten måtte vi frakte over Hjørundfjorden! Peer Gynt er ein artist som har gjort seg gjeldande i store deler av verda, men som kanskje ikkje har fått nok merksemd heime. Dette ynskjer vi å gjere noko med. Han er ein glimrande gitarist med fenomenal formidlingevne og har gitt ut fleire plater der første utgivelsen var «First Act» in 1996 på Tylden sitt selskap. Dette førte til mykje turnering, også i USA. På ein av desse turneane oppnådde Peer Gynt noko så sjeldant som ein sponsoravtale med sjølvaste Fender, noko ingen annan norsk artist tidlegare har opplevd. I 2002 fekk Peer Gynt ei internasjonal platekontrakt med * RUF records, noko som gjorde at han fekk vere med på turnear i Europa saman med band som Walter Trout, Canned Heat, Manfred Mann og Ten Years After. Peer Gynt sitt siste album er «Witchcraft». Dette vert også lansert «world wide» gjennom BTR/Universal. Vi som steller med Trandalblues veit kva denne artisten har å by på. Dette vil vi dele med dykk. Vi trur nemleg at dette vert årets bombe! www.peergynt.net LAURDAG

VERDIFULLE OPPLEVELSER ELLE melle ALT ETTER DINE ØNSKER OG BEHOV Engelske og skotske fjellpionerer besteg mange av fjellene i Sunnmørsalpene på 1880-tallet og Slogen (1564 moh), i Hjørundfjorden, var en ettertraktet topp. + FIRMATURER, KURS OG KONFERANSER Vi tar dere tett på den kontrastfylte naturen og lar dere oppleve den fra sjøen, fjorden, luften eller fra toppen av Sunnmørsalpene. Bo på unike overnattingssteder, nyt god mat og et engasjert vertskap på et av våre hoteller. A SLOWLIFE HIDEAWAY Storfjord Hotel er et storslått boutiquehotell kun 30 minutter med bil fra Ålesund sentrum. Her finner du ro, fantastiske matopplevelser og en atmosfære helt utenom det vanlige. Skjult bak håndlaftede tømmervegger finner du topp moderne konferanseutstyr og utsøkt design, hvor tradisjon møter moderne komfort. AT YOUR SERVICE I enden av Hjørundfjorden ligger Hotel Union Øye, et av Europas mest herskapelige hotell. Omgitt av majestetiske Slogen og vakre Norangsdalen finner du ro til å høre deg selv tenke, tid til å legge strategier og gode ideer får utfolde seg. Et opphold på Hotel Union Øye er som å bli tatt med tilbake i tid. A PLACE TO DREAM Hotel Brosundet er et sted for drømmer og gode møter midt i Ålesund sentrum. Hotellet rommer en unik historie kombinert med moderne design, i tillegg til anerkjente Restaurant Maki. FOR MER INFORMASJON OG BOOKING +47 70 11 44 30 post@62.no 62.no

Toini & the Tomcats Toini and the Tomcats er swingande blues og rockabilly av beste merke. Toini har alltid imponert publikum med feminin kraftfull song. Toini var sterkt påverka i sin barndom av rock'n'roll og rockabilly musikk. Ho vaks opp i Kristiansund og i barndomsheimen var det blues, country og rock'n'roll for «alle penga». Ho fekk dermed forma si interesse samstundes som ho lærte å gå! I 13-årsalderen fekk ho sin første gitar, og ho fronta snart si første gruppe «Katz». I slutten av tenåra flytta Toini til Oslo der ho byrja å synge i jazzklubbar. Ho gjorde også spelejobbar på rockabilly-festivalar i Sverige og England, støtta av lokale musikarar. I Norge møtte hun dei karane som skulle bli the Tomcats. I 1991 gjorde dei sin første konsert på Beach Club i Oslo, ogbesetninga har stort sett ikkje endra seg sidan den dagen. Bandet består av Toini Knudtsen på song og rytmegitar, Arne Ertnæs: ståbass og kor, Martin Caspersen: gitar, piano, kor m.m. Ned Leukhardt: trommer og Sveinung Lilleheier: pedal steel, kor mm. I år er dei tilbake med ei ny plate, «Welcome to the Rock Garden vol. 2». Aftenposten ga terningkast fem og skreiv dette om volum 1: «uttrykket, musikken og avleveringen er så proppet av lidenskap, energi, følsomhet og oppfinnsomme utfordringer at man bare må gi seg over oser musikalitet i hvert ledd.» Vi veit at Toini vil lage bølger på Hjørundfjorden med swing og blues! Vi gler oss! www.toini.com FREDAG

Ketil Stokkan The Blues Edition Å jasså? Du trudde at Ketil berre var «Romeo» og «Brandenburger Tor»? Då må du tru om att! Bratt og Blått har den store ære å presentere ein artist som har herja på norske bluesscener i mange år. Ketil Stokkan er tilbake med trioen som gjorde at han vart kjend for noko heilt anna enn Melodi Grand Prix og som frontfigur i det nordnorske orkesteret Zoo. «Ketil Stokkan The Blues Edition» spelar musikk som kjem frå Ketil sine røter i den engelske blues scena på 60-talet, saman med sør amerikansk deltablues fra 70-talet. Ketil Stokkan ga ut si eiga bluesplate i 1994, «To The Bone» med fleire låtar som gav gjenklang, både i bluesmiljøet og i TV og radio. Ketil har lova å spele både «Steal me away» og «No turning back» frå denne plata. Vi alle kan gle oss over ein dedikert musikar med bluesfoten planta trygt i Trandal sine bakkar. Ketil kjem med Espen Høgmo på trommer (ex Hangface) og Svein Schultz (ex- Mari Boine). Begge desse musikarane har deltatt på uteljande plateinnspelingar og konsertar med ulike samansetningar. Publikum på Trandalblues 2013 vil høyre at dette er karar som er mellom dei flinkaste i klassa! Ketil Stokkan The Blues Edition, tyder tøff blues/rock, heilt «inn til beinet». Velkomen! FREDAG

iløda Five o clock soul Grindløda er gardens staselegaste bygning, snart to hundre år gamal. Kraftige betar, stavar, skråband, raftallar og skytje skaper eit akustisk rom som ein Stradivarius. Her ljomar bluesmusikk heile kvelden og natta med! Arkivbilete 2012: Pateys Pipe. Foto: Roald Jungård Five O Clock Soul som elles er å høyre i mørke lokaler der dei i tillegg til eigne låtar gjer sine versjonar av Robert Cray, Ry Cooder, Robben Ford, Stevie Wonder, Randy Newman, Steely Dan og Lee Ritenour. Five O Clock Soul skal hentast over fjorden og skape klubbstemning i iløda på Trandalblues i år. Five O Clock Soul har to glitrande vokalistar i brørne Stein og Øyvind Lied frå Volda. Improvisasjon og glede over samspel i musikken kjenneteikner bandet som ikkje går av vegen for å levere nye versjonar av låtane på konsertane. Five O Clock Soul vart opprinneleg starta midt på 80-talet og holdt det gåande til midt på 90-talet. Fleire lokale musikarar frå Volda/Ørsta var innom bandet i denne 10- årsperioda, og dagens utgåve representerer besetninga som eksisterte på 90-talet. Dagens utgåve av Five O Clock Soul består av Per Brandal - Gitar, Martin Foldal Bass/vokal, Øyvind Lied Keyboard/vokal og Stein Lied Trommer/vokal. Per Brandal kjenner dei fleste frå tida i Bokkereidars Bluesband, Riff og Red Roosters. Ein solid og allsidig gitarist som legg sjela si i utmerka solistprestasjonar. Martin Foldal er kjend frå blant anna Anthill, Westpoint, Fatal Charm og Gas Pilot. Ein bassist med «trøkk» som ikkje går av vegen for å trakke til med soloar som kan gi dei fleste bakoversveis. Øyvind Lied er kjend frå blant anna Anthill og Westpoint. Seinare har han vorte kjend gjennom Merkesteinane og Korslaget, og han har vore nytta som vokalsolist i ulike lokale musikaloppsetjingar som td Jesus Christ Superstar. Stein Lied er ein allsidig trommeslagar og songar som har blitt flittig brukt i ulike samanhengar i både inn- og utland. Han var ein av drivkreftene i bandet Achilles, som forøvrig var det første profesjonelle jazzbandet på Sunnmøre tidleg på 70-talet. Seinare var han med og starta Five O`Clock Soul. Dette borgar for ei svært god musikalsk oppleving! www.facebook.com/fiveoclocksoul FREDAG OG LAURDAG

Stolt sponsor av lokal kulturur www.kleven.no en.n Kultur for alle Kulturtilbod er viktig for at det skal vere godt å bu i Møre og Romsdal. Det gir menneskjer i alle aldrar inspirasjon, lærdom og gode opplevingar, - anten man er utøvande eller tilskodar. Engasjementa vi støttar gir verdiar tilbake til samfunnet. So enkelt er det. Vi ynskjer lukke til med årets arrangement.

Tusen takk De gjer det mogeleg å skipe til Trandalblues: STANDAL KNUSERVERK AS Urke Fiskeoppdrett Følg oss på facebook og www.trandalblues.no.