Vi må ta vare på matjorda Om jordvern og eigedomspolitikk
Jordvern for meir mat Jordvern er viktig fordi vi må ta vare på all matjorda for å mette dagens og komande generasjonar. Behovet for mat er venta å auke med 14 prosent kvart tiår, medan matproduksjonen er venta å auke med berre 2 prosent på grunn av klimaendringane (FNs klimapanel). Jordvern bør difor vere overordna i all framtidig arealforvalting. Torer vi i ein slik situasjon å byggje ned meir matjord i Noreg? Vern av matjorda er nødvendig på grunn av eigen tilgang på mat og fordi vi har eit etisk ansvar for å bidra til verdas matforsyning. Matjorda og areala er grunnlaget for matproduksjonen. Gardane må vere tilpassa korleis Noreg ser ut. Ein variert bruksstruktur med mindre, mellomstore og større bruk gir betre tilpassing og utnytting av jorda. Vi treng difor ein eigedomsstruktur som legg opp til drift i heile landet. Dagens familiejordbruk er godt eigna, med spesialkunnskap om dei små skifta som Noreg har. Konsesjonslova skal sikre at norsk matjord blir brukt til å produsere mat. Og konsesjonslova sikrar både familiejordbruket og ein fornuftig eigedomsstruktur og dermed også norsk matproduksjon. Kun tre prosent av arealet i Noreg kan nyttast til matproduksjon. Vegutbyggjing kostar mykje matjord. Her blir E18 i Hobøl, Østfold bygd. Landskapet er fotografert i 2012 og 2015. Matjorda i Noreg blir bygd ned I Noreg er berre tre prosent av arealet matjord. I Danmark er rundt 60 prosent av arealet dyrkbar mark. Noreg har i dag ca 10 millionar dekar dyrka mark. Sidan 1945 har det forsvunne matjord tilsvarande 1 million villatomter. I 2014 vart det omdisponert 5300 dekar dyrka mark, det lågaste på fleire år. Regjeringa tilrår å vidareføre eit mål om at mindre enn 6000 dekar blir omdisponert. Norges Bondelag meiner målet må halverast. Nedbygd jord er tapt for alltid. Når matjord blir teken til andre formål, må minst det dobbelte nydyrkast. God matjord kan ikkje bli fullverdig erstatta (Bioforsk). Størstedelen av dyrkamarka og den beste jorda ligg i dei mest sentrale områda i landet med størst press på nedbygging til fordel for bustad, veg og handel. Dette er areala som er godt eigna til grønsaker, poteter eller kornproduksjon. I dag står 20 kommunar i pressområde for ca ein tredjedel av omdisponeringa. Ein fjerdedel av matjorda i dei 30 største bykommunane er bygd ned. Bustad og samferdsleanlegg står for ca to tredeler av samla omdisponering (Kjelde: Norges Bondelag/Asplan Viak).
Gode døme For å leggje til rette for auka folkevekst kan kommunane byggje høgare og tettare, og utnytte tettstader og knutepunkt som allereie finst. Alternativa som tek minst matjord må prioriterast. Dette er ikkje fortetting Dette er fortetting Kommunepolitikarar kan bidra til jordvern Jordvern handlar om haldningar. Matjord er ein knapp ressurs som ikkje kan fornyast. Å sikre matproduksjon for framtida er eit minst like viktig samfunnsomsyn som bustad, forretningsog vegutbygging. Kommunepolitikarane avgjer bruken av areala gjennom kommune- og reguleringsplanar. Norges Bondelag tilrår politikarane følgjande: Sikre at matjord blir brukt til matproduksjon. Ikkje la jordvernet vike i arealplansaker. Jordvern er nasjonal mattrygging til dagens og komande generasjonar. Pass på at det som er avsett til matproduksjon ikkje blir omdisponert til andre formål som veg eller bustad. Få jordvern tidleg inn i prosessen når kommuneog reguleringsplanar blir utarbeidde. Velje andre stader å byggje, det finst alltid eit alternativ! Tenk alternativ når det gjeld plassering av vegar, bustader og anna utbygging. Tenk fortetting. Vekst innanfor dei grøne grensene må skje gjennom fortetting. Bygg kunnskap om kor viktig matproduksjonen er i din kommune. Før og etter utbyggjing av Moerfeltet i Ås, Akershus. Dette er eit dårleg døme der bustadfeltet veks utover matjorda, i staden for å byggje i skogen bak. I Ås har sentrumsbusetnaden blitt fornya på ein god måte som fortettar og utnyttar areala.
Politikarar avgjer eigedomspolitikken lokalt Eigedomspolitikk kven skal eige areala og kva skal dei brukast til? Bondefamilien deltek i bygdesamfunnet på mange vis, og driv med ulike yrke og verksemder i tillegg til matproduksjonen. Det bidreg til robuste lokalsamfunn, eit meir ope landbruk og eit meir livskraftig næringsliv i distrikta. Slik blir det i samfunnet si interesse å leggje til rette for eit familielandbruk, basert på personleg eigarskap til jorda. Lokalt eigarskap til ressursane må sikrast, slik at verdiskaping basert på natur- og kulturressursar gir inntekter og næringsutvikling lokalt. Vi har eit eigedomslovverk for landbrukseigedommar som skal sørgje for at: Arealressursane blir forvalta til samfunnet sitt beste; matjord, miljø og kulturlandskap skal ivaretakast for alle. Vi har eit mangfald av gardar, alt etter naturgitte føresetnader. Omsetning og sal av eigedommar blir regulert for å verne areala vi brukar til matproduksjon. Regjeringa vil oppheve konsesjonslova. Ni av ti kommunar vil halde på den. Det same vil Norges Bondelag. Kommunane seier i sine høyringsuttaler til regjeringas forslag at: Dei opplever at lova fungerer. Lova er eit godt verkemiddel for å verne om matjorda. Bortfall vil ha negative konsekvensar for busetjing og matproduksjon. Lova gir moglegheit for å drive aktiv areal- og næringspolitikk. Norges Bondelag vil Halde på konsesjonslova med bu- og driveplikt. Halde på priskontrollen. Halde på driveplikta. Dei formelle verkemidla for å ivareta matproduksjonen lokalt er fleire; jordlov, delingsforbod, plan- og bygningslov, konsesjonslov med priskontroll og bu- og driveplikt. Det er forvaltinga og politikarane lokalt og på fylkesnivå som praktiserer regelverket. Dei avgjer i stor grad eigedomsutviklinga i Noreg. Kommunepolitikarane må sørgje for å handheve konsesjonslova etter intensjonen. Matjorda må få effektivt vern, både bu- og driveplikt sikrar busetjing og lys i vindauga i bygde-noreg. Ein aktiv priskontroll bidreg til rekruttering til gardsdrift og at landbrukseigedom kan kjøpast til prisar som gjer det mogleg å drive langsiktig. Betringar i skattlegging ved sal av landbrukseigedommar bidreg til betre bruksstruktur og arrondering. Enklare reglar ved sal til naboeigedommar gjer at fleire sel jord som blir leigd ut, og at vi får betre eigedomsutvikling i landbruket.
NORGES BONDELAG Pb. 9354 Grønland, 0135 Oslo. Besøksadresse: Landbrukets Hus, Schweigaards gate 34 c. Tlf: 22 05 45 00 E-post: bondelaget@bondelaget.no www.bondelaget.no Bilete: Oskar Puschmann NIBIO, Jørgen Skaug, Mats Olsen, Svein Skøien, Norges Bondelag Design: Teft Trykk: RK Grafisk Juli 2015 ISBN: 978-82-7712-121-5