Tiltaksstrategi for Nærings- og miljøtiltak i Skogbruket Hjelmeland kommune 2016-2019 Utarbeidd 01.02.2016 av Hjelmeland kommune
Innhaldsliste Innhaldsliste... 2 Bakgrunn... 2 Overordna føringar... 2 Regelverk... 3 Prosessen... 3 Fakta om skogareala... 3 Aktivtetsoversikt siste 10 (15) år... 3 Prioriterte tiltak... 5 Vurdering av behov... 5 Mål... 6 Hovudutfordringar... 6 Tilskotssatsar... 6 Strategiar og tiltak... 7 Bakgrunn Hovudformålet med strategien er å stimulera til auka verdiskaping i skogbruket på ein berekraftig måte. Gjennom ulike tilskotsordningar vil kommunen i samarbeid med blant anna lokale skogeigarlag, bondelag og bonde- og småbrukarlag, vere med å utvikle skognæringa ytterlegare i tråd med overordna og regionale føringar for skogpolitikken. Ressursoppbygging les oppbyging av kvalitetsskog og infrastrukturtiltak - er framheva som sentrale satsingsområde. Overordna føringar Følgjande styringsdokument ligg til grunn for arbeidet og prioriteringane: Kommuneplanen for Hjelmeland kommune 2011-2023 Hovudplan for skogsvegar, er ikkje vedtatt pr januar 2016 Kystskogmeldinga Handlingsplan for skogbruket i Rogaland Regionalplan for energi og klima i Rogaland Regionalplan for landbruket i Rogaland Meld. St. 9 Landbruks- og matpolitikken Meld. St. 21 Norsk klimapolitikk St.meld.nr.39 Klimautfordringane landbruket en del av løsningen Klimakur 2020
Regelverk Utarbeiding av tiltaksstrategien og og bruken av ulike tilskotsordningar er heimla i «Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» Saksbehandlinga er delt mellom kommunen og Fylkesmannen. Kommunen har ansvaret for tilskot til skogkultur, tynning, miljøtiltak og andre tiltak. Fylkesmannen har ansvaret for tilskot til skogsvegar og taubane. Kommunen har rettleiings- og tilretteleggingsansvar for alle saker om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. I dette ligg bl.a. at kommunen tek ansvar for å «driva» fram gode vegprosjekt, og førebu sakene før dei vert sendt over til Fylkesmannen. Fylkesmannen har utarbeida eigne retningsliner for tilskot til taubane og skogsvegar for fleire detaljar rundt praktisering og ansvar. Desse tilskota er difor lite omtala i denne strategien. Prosessen Hjelmeland kommune har i mange år hatt ei støtte- og referansegruppe for landbruket. Den består av representant frå skogeigarlaget, bondelaget, bondeog småbrukarlaget, politikar og administrasjon på landbruk. Det var møte den 22.01.16 i denne gruppa bla i samband med revidering av strategi og retningslinjer for NMSK-midlane. Fylkesmannen er blitt spurt til råds i høve til storleik på tilskot for enkelte ordningar. Dette fordi Fylkesmannen har fått tilbakemeldingar frå høgare hald på ulik tilskotspraksis. Her er store variasjonar frå kommune til kommune. I nokre kommunar er her for eksempel ikkje tilskot til planting, medan andre kommunar har høg tilskotsprosent. Tiltaksstrategien gjeld for 4 år. Den 4 årige tiltaksstrategien er behandla politisk i formannskapet den 9.2.2016. Fakta om skogareala Produktivt skogareal Hent tal frå AR5 markslagstatistikk med bonitets- og treslagsfordeling. Aktivtetsoversikt siste 10 (15) år Hogst (med fordeling på treslag for å kunne vurdere behov for planting best mogleg) 2005-2751 m 3 totalt 2006-4218 m 3 totalt 2007-2057 m 3 totalt 2008-9769 m 3 totalt 2009-8985 m 3 totalt 2010-11549 m 3 totalt 2011-3178 m 3 totalt 2012 20 186 m 3 totalt, 17 631 m 3 gran, 2 431 m 3 furu, 124 m 3 ved. (530 da)10387 juletre
2014 31 381 m 3 totalt 2015 22 036 m 3 totalt, 19 344 m 3 gran, 2386 m 3 furu, 300 m 3 ved, (584 da) Ein reknar ca 50 m 3 pr da når det er snakk om hogst av gran. Ca 15 m 3 for furu. Ca 8 m 3 for lauvtre. Planting og ungskogpleie 2005 planta 29 da, 91 da ungskogpleie 2006 planta 29 da, 14 da ungskogpleie 2007 - planta 52, 159 da ungskogpleie 2008 planta 0 da, 0 da ungskogpleie 2009 planta 71 da, 5 da ungskogpleie 2010 planta 331 da, 78 da ungskogpleie 2011 planta 95 da, 83 da ungskogpleie 2012 planta 135 da, 66 da ungskogpleie 2014 planta 20 da, 221 da ungskogpleie 2015 planta 589 da, 284 da unskogpleie Samanstilling mellom hogd og planta areal 2003-2012, endring i barskogareal Endring i barskogareal det einskilde år Heile Kommune 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 perioden Hjelmeland -94-173 -36-84 11-275 -162-81 -8-380 -1 280 1200 Hjelmeland, hogst, planting og ungksopleie 1000 800 600 Hogst daa Planting daa Ungskogpleie daa 400 200 0 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 Vegbygging Løyvd tilskot til skogsvegar: 2007 1 veg opprusting til klasse 5-630 m 2009 1 veg 260 meter + opprusting frå 7 til 3 170 meter 2014 1 veg vegklasse 4, 840 m 2015 3 vegar 300 m vegklasse 4 + 125 m klasse 4 og 570 m vegklasse 5.
Prioriterte tiltak Oppbygging av kvalitetsskog herunder oppfølging av foryngingsplikta og infrastrukturtiltak/skogsvegbygging har førsteprioritet. Her er hogd mykje dei siste åra, forynging av hogstflatene er prioritet nummer ein. Deretter kjem ungskogpleie på areal som er planta dei siste ca 10-20 åra. Det er ønskjeleg å vri hogsten frå ung granskog til eldre furuskog. Det er difor viktig å gi ein høg tilskotsandel når ein skal plante etter treslagskifte hogst av furu eller lauv og planting av gran. I enkelte område, for eksempel på moreneryggar, kan det vere økonomisk å ha lauv/furu vidare, og langs bekker er det viktig i høve miljøomsyn. Det er og viktig med oppfølging i plantefelta. Kommunen prioriterer difor høgt tilskot ved suppleringsplanting, både fordi supplering er dyrare enn nyplanting, og fordi skogeigar har brukt mykje av skogfondet til ordinær planting og har lite skogfond å ta av til suppleringsplanting. Ungskogpleie er viktig for produksjon av kvalitetsskog. Både tida trea treng for å bli store og robuste i høve til konkurranse om lys og næring, men ikkje minst pga skader på toppskot osv på kvalitetsskogen dersom her står andre treslag for nær i feltet. Uavhengig rådgiving er og viktig i høve til tidspunkt for hogst, hogstmetode, oppfølging i samband med hogst og etterpå. Rådgivinga er viktig både for engasjementet i skogen og forståelsen for skog. Her er ikkje slik rådgiving å få kjøpt. Det er kommunane si rolle, men her er mangel på kapasitet og kompetanse i Hjelmeland pr no. Ein ønskjer difor ei vidareføring av prosjektet aksjon skogkultur og innleige av skogfagleg hjelp så sant det er mogleg. Vurdering av behov Plantebehov Ut frå hogst- og planteaktivitet ca siste 10 åra er estimert plantebehov inkludert etterslep på om lag 1200 antall dekar. Trekker ein frå areal omdisponert til andre formål i same perioden, beite, hyttefelt osv, sit ein att med plantebehovet. Ungskogpleie Normalt betyr planting på høg og super bonitet at ein må inn med minst 2 rundar med ungskogpleie. Ut frå plante- og ungskogpleiestatistikken dei siste 10 15 åra er her behov for noko ungskogpleie. Vegbygging Hovudplan for skogsvegar er ikkje ferdig for Hjelmeland kommune. Ein har difor ikkje oversikt over behovet for skogsbilvegar og traktorvegar. Men ein
kjenner til at fleire skogeigarar går med planar om hogst og ønskjer vegbygging i forkant for å få til betre driftsløysingar. Her kjem det i mange tilfelle ann på kapasitet hjå vegplanleggarar, enten i kommunen eller skogselskapet, om vegen blir godt planlagt i forkant i høve til å gi ei god og langsiktig løysing for fleire skogeigarar. Mål Har ikkje talfesta årlege aktivitetsmål. Men det bør vere eit mål å prøve å hente inn noko av etterslepet på planting, og drive ungskogpleie på areal det er behov. Hovudutfordringar Her er pr i dag manglande kapasitet og kompetanse i Hjelmeland kommune til å følgje opp både lovpålagde oppgåver og rådgivingstenesta i skogen. Hjelmeland kommune er ein av dei 3 størst kommunane i Rogaland på skog i høve til hogstvolum dei siste åra. Foryngelsesplikta er ikkje oppfylgt. Her er ein del omdisponering av areal til beite. Mykje blir godkjent som beite innan fristen på 3 år frå hogst (jf foryngelsesplikt i skoglova 6), medan noko blir regulert til andre formål, og noko blir det ikkje gjort noko med. Her er planta i ein del areal etter hogst. I januar/februar 2013 var her mykje vind, tørt og kaldt så her var mykje planter som fekk seg ein knekk. Nokon døde ut, andre skaut på ny frå rota, med varierande kvalitet. Her er difor føretatt ein del suppleringsplanting etter desse skadane. Dette bør for det meste vere retta opp i no. Ved hjelp av aksjon skogkultur og noko innleigd hjelp får ein til aktivitet på planting og ungskogpleie. Noko planlegging av vegar blir og tatt, men her er det eit større behov enn kapasitet. Dersom ein får betre kapasitet på skogfeltet i kommunen kan ein få tatt unna meir vegplanlegging og drive betre rådgiving og kontroll for skogbruket. Ein reknar med at ein i dag ikkje får utnytta verkemidlane i skogbruket som me har tilgang til pga for liten kapasitet i kommunen. Dette går utover langsiktig forvaltning av ressursane i kommunen. Tilskotssatsar Planting etter gran/sitkagran 20 % Planting etter furu, lerk og lauv 60 % - viss ein kan dokumentere omsyn til miljø utover det som er pålagt i forskrift/skoglov kan ein gi inntil 80 % Suppleringsplanting 70 % Ungskogpleie 80 % av førehandsgodkjent kostnad, maksimalt kr 400 pr da Miljøtiltak knytt til friluftsliv mm jf forskrift 6, inntil 50 % av godkjent kostnad.
Vilkår 1. Rettleiande kostnadsgrenser og maksimalsatsar for skogkulturkostnader utarbeida av Fylkesmannen skal leggjast til grunn for utmåling av støtte. 2. Det skal berre brukast godkjente treslag og proveniensar i tråd med Skogfrøverket sine anbefalingar for kommunen i høve område og høgdelag. Tilskot til vegbygging og taubanedrift vert styrt av retningslinjer utarbeidd av Fylkesmannen i Rogaland. Strategiar og tiltak Bruke aktivt dei informasjonskanalane som finst mot målgruppa. Legg ut tiltaksstrategien på nett med oppfordring om at andre relevante aktørar kan linke dette opp på sine heimesider. Orientere i informasjonsskrivet Bondeposten om tilskotsordningane i skogbruket lokalt. Vidareføre prosjektet aksjon skogkultur som me starta opp med i 2013 med lokale ressursperson. Arrangera 1 skogdag med skogkultur som tema saman med lokalt skogeigarlag m.fl. Arrangera Aktivt skogbrukskurs om ungskogpleie og planting i løpet av perioden i samarbeid med aksjon skogkultur. Informasjon på det årlege landbruksmøte om ordningar/plikter innan skogkultur. Få til samarbeid med næringsaktørane for å unngå dobbeltarbeid i forhold til blant anna plantebestillingar. Be om rapportar slik at ein får oversikt over bestillte oppdrag planting og ungskogpleie. Ha som mål å ferdigstilla hovudplan for skogsvegar i perioden, og deretter bruka planen som rettesnor for prioritering av innsats og brukast aktivt i handsaminga av skogsvegar etter «vegforskrifta» Leige inn skogfagleg hjelp frå Forsand kommune.