SUPERSAGBLAD for tøff saging



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Brukarrettleiing E-post lesar

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

TRENG DU VAREOPPTELJING I SKOGEN DIN?

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

FJORDVARMENYTT. Kjære kundar! Her kjem juleavisa vår! Informasjon om drifta av fjordvarmeanlegget. Statistikk og økonomi:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Skogsvegar på Vestlandet -no eller aldri? Kjetil André Rødland Vestskog

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Invitasjon til kurs og haustsamling oktober 2015

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Brukarrettleiing. epolitiker

Vestlandet ein stor matprodusent

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

resultat Innovasjon Noreg Akersgata 13 Postboks 448 Sentrum 0104 Oslo T: F:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

IKT-kompetanse for øvingsskular

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Norsk Bygdesagforening. Fagsamling for skogbruket i Telemark, 7. juni 2017

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

SAKSFRAMLEGG. Tiltak 1 side 12 Fjerne til privat bruk. Tiltaket får då fylgjande ordlyd: Ikkje subsidiera straum.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Bruk av reiserekning i Agresso

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Regional Næringsstrategi for Hardanger. Hardangerkonferansen, torsdag 13. november 2014

Bioenergi i landbruket

6. trinn. Veke 24 Navn:

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Møteprotokoll for møte i

Team Hareid Trygg Heime

Psykologisk førstehjelp i skulen

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

«Ny Giv» med gjetarhund

Med god informasjon i bagasjen

Miljøsertifisering av offentlige og private verksemder i Gol kommune Bruk av Miljøfyrtårn som sertifiseringsordning

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Referat frå MINTA møte

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Lønnsundersøkinga for 2014

Rapport medlemsundersøking 2016

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Støtteordningar og søknader

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

privat eller prosjektkunde. Våre ekspeditørar har lang erfaring i bransjen. Me har òg svært dyktige handverkarar som kan hjelpe deg.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Fra: Inge Bjørdal Til: 'Erling' Kopi: Arlen Synnø ve Bidne

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Rådgjevarkonferansen 2009

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Lotteri- og stiftingstilsynet

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Transkript:

B Returadresse: Norsk Bygdesag Forening 6763 Hornindal SUPERSAGBLAD for tøff saging Stellitt eller hardmetall Super frost med patentert tann. Overlegen i frossent tømmer, men suveren året rundt. Like enkelt å slipe som et standardblad. NB! Vi leverer også lavenergi sagblad! For bekymringsfri saging og høvling: Ring 4548 3333 Postboks 44, 2261 Kirkenær E-post: sliping@online.no www.fhverktoy.no SLIPEVERKSTED Forum for norske bygdesager

Sagbladet Forum for Norske Bygdesager Organisasjonsnytt s 4 Bransjenormer s 5 Medlemsbedriften s 6-8 Bioenergidagen s 10-13 Tradisjonstre for fremtiden s 14-15 Fagtur i Gudbrandsdalen s 18 Medlemsblad for Norsk Bygdesagforening. Årgang 21, Nr. 4 10. september 2009 ISSN-nr.: 0804-4066 Medlemsbedrift: Lervike AS www.sag.no

Sagbladet Norsk Bygdesagforening Sagbladet er et medlemsblad for Norsk Bygdesagforening og utkommer med 6 nummer i året. Bladabonnement er kr 500 pr. år. Ved flere abonnement til samme adressat betales kr 250 pr. år for første tilleggs-abonnement, og kr 125 pr. år for alle ytterligere abonnement. Opplag 600. Redaksjonen avsluttet: 04. september 2009. Ansvarlig redaktør: Inger-Marie Svingeset 6763 Hornindal Tlf.: 57 87 66 60 e-post: norbygd@online.no Journalist: Gunnhild Sindre Sør-Markane, 67 83 Stryn Tlf.: 57 87 66 60 e-post: norbygd@online.no Designmal: Forglemmegei, Parkveien 11, 2500 Tynset Tlf.: 62 48 10 02 www.forglem-meg-ei.no Trykk og lay-out: Forglemmegei, Parkveien 11, 2500 Tynset Tlf.: 62 48 10 02 e-post: lillian@meskano.no Redaksjonen: Jostein Ljones Harald Mo Birkenes Geir Håvar Ingdal Arnold Øverås Andreas Lomsdal Utgivelse 2009 NR.: Materiellfrist Utgivelse Nr. 1. 13. feb. 06. mars Nr. 2. 15. april 30. april Nr. 3. 29. mai 15. juni Nr. 4. 20. aug. 09. sep. Nr. 5. 12. okt. 30. okt. Nr. 6 27. nov. 14. des. Annonsepriser: 1/1 bakside 2750,- 1/1 side: 2530,- 1/2 side: 1650,- 1/4 side: 1100,- 1/8 side: 770,- Prisene er eks mva. Rabatter: Ved minimum 3 innrykk: 10%. Ved minimum 6 innrykk: 20% Forsidebiletet: Rolf Trygve Lervik t.h. og Erling Vike driv verksemda Lervike AS i Øksendal på Nordmøre. Foto: Gunnhild Sindre Norsk Bygdesagforening ble stiftet i 1987. Foreningen har pr. 01.03.2009 310 medlemmer og 113 bladabonnenter. Ordinært medlemsskap: kr 1750 pr. år. Men for første året er det halv kontigent, dvs. kr 875. SEKRETARIAT Inger-Marie Svingeset, dagleg leiar 6763 Hornindal Tlf. 57 87 66 60 Fax. 57 87 66 62 norbygd@online.no www.sag.no Gunnhild Sindre, organisasjonsmedarbeider 6763 Hornindal Tlf. 57 87 66 60 Fax. 57 87 66 62 norbygd@online.no www.sag.no STYRET Jostein Ljones, leiar 5620 Tørvikbygd, tlf. 90515901 jostein.ljones@tine.no Geir Håvar Ingdal, nestleiar 7316 Lensvik. tlf. 957 46 101 iliseing@online.no Harald Mo Birkenes, styremedlem 4760 Birkeland, tlf. 37 27 68 64 harald@birkenessag.no Arnold Øverås, styremedlem Øveråsvn, 9360 Bardu tlf: 77 18 45 59 bardutre@online.no Andreas Lomsdal, styremedlem Ringelia 2860 Hov tlf: 957 87 408 a-lomsd@bbnett.no FYLKESKONTAKTER Østfold Johan Skammelsrud, Degernes, tlf. 69 22 77 36 Akershus Roar Sørgård Hurdal, tlf. 909 96 273 Hedmark Ivar Grøndahl, Løten, tlf. 62 59 00 05 Oppland Ole Jonny Kalstad tlf. 909 50 003 og Per Arne Jostad, Snertingdal tlf. 61 18 14 15 Buskerud Svein Granheim, Gol, tlf. 48 02 32 50 Vestfold Runar Bekkeseth, Holmestrand, tlf. 33 05 16 12 Telemark Asbjørn Roheim, Bø i Telemark, tlf. 35 95 45 79 Agder Harald Mo Birkenes Birkeland, mob. 481 58 950 Rogaland Svein Kjetil Rønnevik, Jørpeland, mob. 971 74 278 Hordaland Jostein Ljones, Tørvikbygd, tlf. 56 55 82 66 Sogn og Fjordane Rune Aabrekk, Oldedalen, tlf. 57 87 34 96 Møre og Romsdal Herman Hervåg, Sykkylven, tlf. 994 63 539 Sør-Trøndelag Geir Håvar Ingdal, Lensvik, tlf. 72 49 18 32 Nord-Trøndelag Ottar Staberg, Utøy, tlf. 74 15 58 15 Nordland Per Kristian Helgesen, Røkland, tlf. 75 69 39 87 Troms Arild K. Hansen, Harstad, tlf. 77 06 08 60 2 Forum for norske bygdesager

Sagbladet Frå redaktørkrakken Hausten er komen og aktiviteten er igjen høg i foreininga. Medlemsblad, nettside, kurs, studietur i Gudbrandsdalen, omlegging til nytt medlems- og faktureringssystem. Dagane går fort med andre ord. Har snakka med mange medlemmar dei siste dagane. Får litt varierande tilbakemeldingar. Nokon har mindre produksjon enn tidlegare, andre har meir enn nokon gong. Sjølv om nokon har hatt sterk nedgang, er ikkje mitt inntrykk at det gjeld veldig mange. Har lagt merke til at for fleire av dei som har merka nedgang, så gjeld det lafteplank. Hyttebygginga har nok totalt sett blitt redusert (25% på dei 2 første kvartala i forhold til fjoråret i flg. prognosar eg har sett), men mange vel også å satse på å få opp flest muleg hytter no medan prisane er lågare både på leige av snikkar og på materialar. Forutsetninga er nok her at ein har ein del kapital i ryggen. For dei som har vorte ramma av stor nedgang, vil eg gjerne trøste med at det i dei aller fleste prognosar blir spådd oppgang i 2010. Den 17. august arrangerte Skognæringsforum i Sogn og Fjordane ein stor bioenergikonferanse i Loen. Norsk Bygdesagforening var godt profilert som medarrangør. Neste helg skal vi delta på Dyrsku n i Seljord. Vi er dermed på gang med meir marknadsføring av foreininga og det er spennande. Det er viktig at vi blir kjent ut i marknaden og at folk finn oss og våre produkt. I denne samanheng vil eg be dykk om å bruke nettsida vår sag.no. Pass på at alle opplysningar er riktige på registreringa av di bedrift og pass på å sjekke dei førespurnadane som ligg inne. Om vi skal behalde kundane, må dei få svar frå oss! Vi har tidlegare hatt ei for dårleg nettside, men dette året har vi lagt mykje ressursar i fornying og oppdatering. Om dette skal vere ein god marknadskanal treng vi hjelp frå alle våre medlemmar. Håpar å møte mange av våre medlemmar på tur i Gudbrandsdalen! Inger-Marie Kjære lesarar! Gode sagvener! Etter ein hektisk sommar som bonde og rundballeentreprenør har eg no teke til å tenkje på organisajonsarbeid. Eg gledar meg til hausten på mange måtar, me har ei spanande tid framom oss i foreningen. Me skal delta på Dyrsku n i Seljord med eigen stand, der me håpar å treffe mange både gamle - og potensielt nye medlemar. Me planlegg og ein fagtur i Gudbransdalen 15-16 oktober, her kan du treffe gode sagvener og ut få eit fagleg påfyll. Det er komt ut info frå kontoret om opplegget for turen i lag med bransjenormene. Sist men ikkje minst er det eit spanande stortingsval i haust. Me i Norsk Bygdesagforenningen er i godt gang med arbeidet. Den 17. august hadde eg gleda av å delta på BioEnergi konferanse på Hotell Alexandra i Loen. Konferansen var arrangert av Skognæringsforum i Sogn og Fjordane, der foreningen er med i samarbeidet. Kontoret ved Inger Marie var primus motor for denne viktige konferansen. Blant deltakarar og innleiarar var det ikkje mindre enn to ministrar, Lars Peder Brekk (sp) og Heidi Grande Røys (SV), og listetoppar frå Sogn og Fjordane til stortingsvalet. Det vart presentert prosjekt frå Sogn og Fjordane som alt er i drift (Stryn) og nye anlegg som er under planlegging (Førde og Måløy), felles for prosjekta er utfordringane med lønsam drift. Anlegget i Stryn er i god drift, etter ein del innkjørings problem ser det no ut til at anlegget fungerar tilfredstillande reint teknisk. Tema for konferansen var kva som er gjort og kva som skal skje vidare for å gjera Bioenergi lønsamt frå stubbe til varmtvatn i rør. Skal ein lukkast må det setjast inn ressursar, og klare politiske prioriteringar må til. I dag er det slik at anleggs og driftskostnadane er for store til at fjernvameanlegg er konkurransedyktige i forhold til alternative energiformer, og det er utan at bioanlegga betalar for flisa. Skal bioenergi verte interressant må det skapast grunnlag for økonomi i alle ledd i verdikjeda. Eg meinar politikarane må sjå den plikta dei har til å legge tilrette for meir fornybar energi. Skal ein døma etter paneldebatten på konferansen manglar det ikkje på godvilje blant politikarane. Landbruksminister Lars Peder Brekk såg utfordringen og var villig til og gjera noko med situasjonen. Han hevda regjeringa har sett i verk tiltak Bio Stigen - lønsam logistikk og bruk. Eg er stolt over at Norsk Bygdesagforeneing gjennom samarbeidet me har med andre er med og set dagsorden i ei så viktig sak som dette. Tusen takk for at de arrangerer denne viktige konfreransen Sagt av Landruksminister Lars Peder Brekk på konferansen i Loen. Helsing Jostein www.sag.no 3

Organisasjonsnytt Jamn trafikk på nettsida Det har vore ein jamn trafikk på den nye nettsida til Norsk Bygdesagforening. Sideteljaren viser at det i sommarmånadane jamnleg har vore rundt 700 enkelttreff i veka, altså i underkant av 3000 enkelttreff på ein månad. Kanskje vil det bli endå meir trafikk på nettsida når kveldane blir lengre og mørkare? Besøk oss på Dyrsku n! Norsk Bygdesagforening skal ha eigen stand på Dyrsku n i Seljord. Du finn oss på utstillarområde D 011, i området mellom Telemarkskogen og Fjoset. Velkomen innom for ein prat! Årsmøtet 2010 til Bergen Styret i Norsk Bygdesagforening har vedteke at årsmøtet 2010 skal haldast i Bergen. Årsmøtet vert avvikla i tidsrommet 5.-7. februar. Så set av desse datoane! Sjekk nettsida og finn nye kundar! Det kjem jamt og trutt inn nye forespørslar frå aktuelle kundar til nettsida www.sag.no. Vårt tips til medlemmene er å gjere det til ein vane å klikke seg innom og sjekke desse forespørslane ofte. Det er viktig, både for deg som leverandør og for Norsk Bygdesagforening som organisasjon, at kundane får respons på sine forespørslar. Og i desse tider er det vel greitt å skaffe seg nye kundar? Slik gjer du: Gå til heimesida www.sag.no og logg deg inn til venstre ved å skrive inn brukarnamn og passord. Dette har du fått tilsendt frå Norsk Bygdesagforening. Dersom du manglar brukarnamnet og passordet, så ta ein telefon eller send ein e-post til oss på kontoret. Når du har logga deg inn med brukarnamn og passord, kjem det opp eit nytt val i menyen til venstre. Dette heiter Medlemsinfo. Klikk på denne, og du får opp ei side der du mellom anna finn Salgsliste. Når du klikkar på denne, kjem det opp ei liste med alle forespørslane frå kundar dei siste vekene. Her finn du all informasjon, både om kva dei ynskjer av materiale/virke, og korleis du kan kontakte kunden pr. telefon eller e-post. Gje tilbakemelding til organisasjonskontoret dersom det er noko som ikkje fungerer! Tørkekurs i Rogaland I juli arrangerte Norsk Bygdesagforening tørkekurs i Rogaland. Kurset vart innleia fredagen med teori med kursleiar Leif Grøndahl. Deltakarar og kursleiar på tørkekurs i Rogaland: Frå venstre Svein Kjetil Rønnevik (Jørpeland Sag/Trelast), Harald Frøyland (Frøyland Sag), Lars Berge Rønnevik (Rønnevik Sag), Adam Tessmann (Riska Sag AS) og kursleiar Leif Grøndahl. Audun Jøssang (Jøssang Sag AS) deltok også på kurset, men var ikkje til stades då biletet vart teke Tema som vart gjennomgått: Kvifor er det viktig å tørke materialen? Definisjonar og tørkebegrep Tørkeskjema og spesialtørking Tørketypar og tørkemetodar Styringsprinsipp Måling og kontroll av tørkeresultat Korleis oppretthalde ønska sluttfuktigheit fram til sluttbrukar? Laurdag samla kursdeltakarane seg på Jørpeland Sag/Trelast. Her var det tørking i praksis som stod på programmet, ut frå dei same tema som var gjennomgått i teorien dagen før. Lunsjen vart innteken på den prisbelønte Preikestolhytta. - Eit kjekt, greitt og nyttig kurs. Men vi var disverre litt få deltakarar, det kunne gjerne vore fleire, seier Svein Kjetil Rønnevik frå Jørpeland Sag/Trelast. Kursplan utover hausten Komande kurs i Norsk Bygdesagforening sin regi i haust: 11. - 12. sept, Tørkekurs, Løten 17. - 18. sept, Panelsortering, Rogaland 23. sept, Virkesutnytting, Troms (kveldskurs) 09. -10. okt, Datakurs, Rogaland 15. okt, Juridisk kurs, Oppland Ta kontakt på e-postadressa norbygd@online.no eller ring oss på 57 87 66 60 dersom du har ønske om kurs som Norsk Bygdesagforening skal arrangere. Informasjon om påmelding osb til dei ulike kursa vil bli lagt ut på nettsida www.sag.no. Du kan også ta kontakt med fylkeskontakene i dei aktuelle fylka, dersom du har spørsmål. Hugs at kursa er opne også for andre enn dei som bur i arrangørfylket! 4 Forum for norske bygdesager

Sagbladet Bransjenormer Bransjenormer for ukanta kledningsbord, ujusterte kledningsbord og kjernevedprodukter er klare for bruk. Alle medlemmane fekk rundt den 25. august tilsendt ein stor konvolutt frå Norsk Bygdesagforening. Hovudinnhaldet var dei 3 bransjenormene som er utarbeidde av Norsk Bygdesagforening i samarbeid med Norsk Treteknisk Institutt. Tekst: Inger-Marie Svingeset Foto: Gunnhild Sindre Vi oppmodar no alle våre medlemmar om å bruke desse bransjenormene og la kvaliteten vere så god på desse produkta at dei held seg innanfor normene. Dette vil bransjen tene på og kundane vil kunne ha dokumentasjon på kva dei kjøper av oss. Norsk Bygdesagforening har tidlegare motteke mange henvendingar både frå medlemmar og frå kundar på kva slags kvalitetskrav som ligg til grunn ved sortering av desse produkta. Å ikkje kunne gi nokon gode svar på dette har ikkje vore noko god sak for verken foreininga eller medlemmane. Det er difor ei stor glede å no ha dokumentasjon på plass. De må gjerne kopiere og legge ved kvalitetskrava til dykkar kundar som eit kvalitetsbevis frå dykkar sagbruk. Flott om de også oppmodar andre enn våre medlemmar til å bruke desse normene. Vi håpar sjølvsagt at desse skal vere standarden for alle som produserer desse produkta her i Norge. Når de har fått brukt desse ei tid vil eg oppmode dykk om å kome med tilbakemeldingar til oss. Kanskje her er justeringar som burde vore gjort? Vi legg i alle fall opp til revisjon etter ei tids bruk, men då må de som aktive brukarar gjere oss den tenesta at de gjev oss beskjed om justeringane. Dagleg leiar i Norsk Bygdesagforening, Inger-Marie Svingeset, med dei nye bransjenormene Arbeidsprosessen Arbeidet med å lage desse normene var ein prosess der vi oppnemnde ei styringsgruppe med personar frå ulike deler av verdikjeda. Gruppa bestod i desse personane: Leif Grøndahl, Løten Bygdesag Håvard Moen, Byggverket A/S Jakob Trøan, Materialbanken A/S Inger-Marie Svingeset, Norsk Bygdesagforening Sekretariat var Treteknisk Institutt ved Audun Øvrum. Styringsgruppa vart etablert i 2008, og Treteknisk utarbeidde eit utkast til styringsgruppa. Desse blir diskutert og revidert av styringsgruppa, som har dei til gjennomsyn fleire gongar. Når vi var nesten einige hadde vi ein dag på Materialbanken og prøvesorterte etter dei nye normene. Bransjenormene blir sendt ut på høyring til alle medlemmane i Norsk Bygdesagforening og til utvalte potensielle brukarar av bransjenormene. Deretter blir høyringsuttalingane samla og gjennomgått av styringsgruppa og vi gjennomførte ei ny prøvesortering. I etterkant av dette vart dei endelege versjonane vedtekne av styringsgruppa. Bransjenormene skal reviderast etter ei tids bruk. Norsk Bygdesagforening takkar alle som har bidrege med å få utarbeidd normene. Lukke til med dei nye bransjenormene rundt om i heile landet. www.sag.no 5

Medlemsbedriften Lervike AS Dei arbeider gjerne ut frå Askeladden-prinsippet, dei to karane bak verksemda Lervike AS: Alt krokut og rart vert plukka unna, ut frå tanken om at det kjem til nytte ein dag. Tekst/foto: Gunnhild Sindre Verksemda held til i Øksendal på Nordmøre, der dei har base på heimgarden til Rolf Trygve Lervik (27). Firmaet driv han saman med barndomskameraten Erling Vike (28). Rolf Trygve er tømrar av utdanning, og har heilt sidan han byrja i arbeidslivet drive med lafting. No er han næming (spesiallærling i restaureringsfag knytt til opplæringssenteret Husasnotra) på tredje året. Erling har vore maskinarbeidar i det store industrimiljøet i Sunndal, men arbeider no full tid med sag- og restaureringsfirmaet. Og sagtomta vitnar utan tvil om at Askeladden sitt livsmotto vert etterlevd. Her ligg det meste som kan plukkast ut av ein skog og sagast opp: Frå enorme dimensjonar til tømmer i den motsette enden av skalaen. Furu og gran, bjørk, bøk og Sortering av kyrkjespon. I bakgrunnen Meber bandsaga med eiga oppfinning for skjering av spon lerk. Stort og smått, rett og bøygd. - Vi tek vare på det meste. Plutseleg har vi bruk for det, seier dei to karane, peikar på ulike emne og fortel kva dei er meint for, frå bordplater til økseskaft. Spesialisert på takspon Men det er takspon dei har spesialisert seg på. Dei har levert spon til restaureringa av Hopperstad stavkyrkje, og dei skal levere til Gol stavkyrkje på Norsk Folkemuseum. Fleire andre kjende kyrkjebygg, som Ringebu og Borgund, står også på lista over dei som har spon frå Lervike på taket. Elles går det i spesialvirke, restaureringsvirke i ulike variantar. til kollegaer, fortel Rolf Trygve og Erling. Kjekk trapp, kjapt laga med høveleg material og motorsag! Til sagtomt har dei bygsla 4 mål. Her reiser dei no eit 320 kvm stort bygg i stavlinekonstruksjon. Det skal romme både laftehall, kontor, tømringshall, lagringslass og pauserom. - Her i bygdene var det frå gammalt av sager på kvar gard. No er det lange avstandar mellom sagbruka her, noko som betyr enorme transportkostnadar for tømmer til restaurering. Difor var det veldig nyttig med eiga sag. Det meste vi skjer går til eiga restaurering, eller Rolf Trygve og Erling er godt nøgde med mobilsaga, ei Pezzolato 800. - Det er veldig praktisk at vi kan hekte saga på ein stor bil og ta henne med til større restaureringsprosjekt og nybygg der det krevst ein del spesialdimensjonar, seier dei 6 Forum for norske bygdesager

Medlemsbedriften Fyrste åra hadde begge to fullt arbeid utanom firmaet. Det vart mykje jobbing på kveldar og i helger. Planen har også heile tida å ta ting litt om litt. Å prøve å bygge seg opp utan for stor gjeld, seier Rolf Trygve. - Vi investerer etter kvart som vi har pengar til det. Då slepp vi å betale halve summen i renter etterpå. Og så søv vi betre om natta! Laftehallen reiser dei også slik innimellom. Dei stressar ikkje med dette. - Det vert stort sett helgearbeid. Så hallen vert i alle fall ikkje ferdig før til neste vinter, seier dei. Eia oppfinning Det er fire år sidan dei kjøpte mobilsaga av typen Pezzolato 800, som kan skjere dimensjonar opp mot 1m. Dei har også etter kvart investert i dimensjonshøvel, tørkeklyve og diverse lafteutstyr. - Dimensjonshøvelen leita vi lenge etter. Vi fann ein gammal, brukt ein som tek ein meter, seier Rolf Trygve. Ei Meber bandsag har dei også, utstyrt med eit eige anlegg til skjering av spon. - Ei hemmeleg oppfinning! seier dei lurt. Fyrste åra skar dei rundt 300 kubikk med furu. No er volumet redusert noko på grunn av at dei også driv med restaureringsarbeid. - Vi sagar mest til eige bruk no. Fyrste åra selde vi ein del laftetømmer og anna material, no går det meste til eige arbeid eller kollegaer. Rolf Trygve Lervik (27) og Erling Vike (28), her med kaffipause på kjernevedstabelen, har fullt opp å gjere og trivs godt med eiga sag- og restaureringsverksemd Tømmeret kjøper dei inn sjølve. - Vi går og kikar i skogar. Tek direkte kontakt med grunneigar og spør. Nokre har vi også avtale med, at dei varslar oss om dei skal hogge noko vi kan trenge. Og så har vi ein nabo som har ein større eigedom, ein av dei finaste furueigedomane eg veit om, i alle fall. Der får vi gå og plukke når vi har behov. Det er utruleg flott, seier Rolf Trygve. Han håpar fleire av dei mindre sagbruka kan få til Den gamle traktorgarasjen er teken i bruk som tørkelokale for takspon. - Tørking av spon skjer helst om vinteren for å få lenger tørk. Spon bør ikkje tørke for fort, seier Rolf Trygve Lervik Det blir solide dimensjonar over bygget i stavlinekonstruksjon. Her blir det 320 kvm med laftehall, kontor, tømringshall, lagringsplass og pauserom slike avtalar med skogeigarar. - Men då krevst det at det ligg økonomi i det. Å skaffe restaureringsmateriale er tidkrevjande. Riksantikvaren har strenge krav. Grunneigar må få betalt for å leige vekk skogen på rot, og sagbrukar må få betalt for den tida som går med til å finne og ta ut rette virket. Her håpar eg det offentlege kjem inn med ordningar som gjer at det blir lønsemd i det, seier han. www.sag.no 7

Medlemsbedriften Lervike AS Eit gammalt kvernhus som rotna vekk for 50 år sidan, vart rekonstruert i fjor. I sommar kom vassrenne på plass. Her kom ei skeiv osp til god nytte. - Det vert ekstra fall, det! seier dei to nevenyttige karane Viktig fagmiljø Som medlemmer i Norsk Bygesagforening meiner både Rolf Trygve og Erling at det er viktig med eit fagforum for dei mindre i sagbransjen. - Særleg for dei som driv åleine rundt på bygdene, seier dei. Og at fagmiljøet rundt dei mindre sag- og trelastverksemdene har ein svært viktig funksjon, er dei ikkje i tvil om. - Det trengst folk som har greie på spesialvirke. Nokon folk kan ringe til og som kan skaffe det som trengst på kort varsel. Mange handverkarar har då også små sagbruk som dei har avtalar med, seier Erling og Rolf Trygve. Teroteknisk Service AS Telefon 62 57 46 00 Telefaks 62 58 25 59 Sagtomta, 2337 Tangen Tømmeret i framgrunnen skal bli taksperrer til laftehallen i stavlinekonstruksjon. Det skal skjerast på éi side. - På denne måten får vi brukt mykje tømmer til husbyggjing som ellers gjerne hadde gått til slip eller flis, seier Rolf Trygve Sjølve ser dei lyst på framtida. Finanskrisa har dei først og fremst berre merka på ein måte: Då det vart dårlige tider på Erling sin tidlegare arbeidsplass, såg han det som eit glimrande høve til å byrje på full tid i eige firma. - Og her har vi fullt opp å gjere, og vel så det. Neste år vonar vi også å leige med oss nokon. Så lenge vi har så godt samarbeid med skogeigarane rundt her, har vi det veldig fint. Det er berre å setje seg i traktoren og hente akkurat det spesiellet treet som trengst til føremålet. - Så tilgangen på tømmer har de ingen problem med? - Du kan vanskeleg få tak i betre furu enn vi får her. Men det er litt vanskeleg å få tak i nok sponvirke. For å produsere sekstoms takspon krevst det frå Riksantikvaren rein kjerneved, ganske tettvokst virke. For å Kjører egne sliperuter www.teroteknisk.no få til det må vi ha toppmål med kjerneved på 40 cm. Det finst det ikkje så mykje av. Og dei står dessutan godt bortgøymde, med vanskeleg tilkomst, som regel, seier Rolf Trygve. Hørselvern! Den mest massive dei har hatt i så måte, var ei fure henta i Todalen, som hadde 35 cm kjerneved i 16 m. - Kor mykje takspon vert det av noko slikt? - Ca 500 godkjende, førstesort kyrkjespon, seier Erling, som med kjapp hovudrekning anslår det til mellom 8 og 10 kvm ferdig kyrkjetak. For tida er både Erling og Rolf Trygve engasjerte i eit større restaureringsarbeid. - Korleis er det å jobbe i lag og drive firma i lag, gå slik oppå kvarandre inntil 16 timar i døgnet er det ikkje fare for at de blir leie? - Det går greitt, det. Vi veit ikkje om noko anna, vi har trass alt vakse opp i lag, seier dei to karane. Og så er hørselvern ein fin ting! flirer Erling. 8 Forum for norske bygdesager

Annonser www.sag.no www.sag.no 9

Sagbladet Bioenergidagen Det var stor oppslutning om Bioenergidagen som Skognæringsforum Sogn og Fjordane skipa til i Loen. Til og med to statsrådar stilte opp. Men konkrete lovnadar vart det mindre av. Tekst/foto: Gunnhild Sindre Skognæringsforum Sogn og Fjordane er samansett av representantar frå heile verdikjeda innan skogbruk og trebearbeiding. Eitt av hovudmåla bak stiftinga var å auke bruken av tre, samt å auke verdiskapinga i Sogn og Fjordane. Tanken bak Bioenergidagen var både å skipe ein fagdag om emnet, og å få i gang ein debatt om bioenergi for å få fart i dette arbeidet i fylket. Langsiktige rammevilkår Inger-Marie Svingeset frå Norsk Bygdesagforening og Ragnhild Lunde frå Fjordane Bioenergi stod for den praktiske tilrettelegginga av Bioenergidagen i Loen. Dei hausta mykje lovord, både for sjølve tilskipinga, og ikkje minst for å ha stabla på beina eit breitt knippe av innleiarar og debattantar, med to statsrådar i rekkjene, midt i innspurten av ferien. Oppslutninga om seminaret ga også signal om at det er stor interesse for temaet bioenergi. Her var nærare 100 frammøtte: Skogeigarar, skogeigarlag, bønder, representantar for bioenergi-verksemder i så vel privat næringsliv som offentleg sektor, politikarar og byråkratar. Dei mange innleiarane belyste temaet frå ei rekkje ståstader, og var innom tilskotsordningar, utfordringar, praktiske løysingar og politiske visjonar. Eit felles gjennomgangstema var økonomi. - Det er heilt nødvendig å få stabile og langsiktige rammevilkår, slik at det vert lønsemd i å satse på bioenergi, sa Jorunn Stort engasjement under Bioenergidagen. Jorunn Kirketeig (nærast kamera) frå Skognæringsforum i Sogn og Fjordane, Trond Hammeren frå Innovasjon Norge, fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, bak til høgre kan ein skimte leiar i Norsk Bygdesagforening, Jostein Ljones Kirketeig, leiar for Skognæringsforum Sogn og Fjordane innleiingsvis. Potensiale i grot Fleire lokale innleiarar fortalde om røynsler og planar når det gjeld fjernvarmeanlegg. Ein av dei, Trond Kvernevik frå Fjord Miljøenergi AS, sette fokus på det lokale råstoffpotensialet. - Om lag all slip blir i dag eksportert ut av regionen. Her ligg det eit potensiale for lokalt energivirke dei komande åra, sa han, og la til: - I grot ligg det også eit viktig potensiale. Pr. i dag ligg 20-30% av råstoffet att i skogen. Dersom ein kan samle dette ved veg, vil dette vere eit viktig tilskot som energikjelde. Men pr. i dag er det ikkje lønsamt å gjere dette, sa Kvernevik, som dermed sette søkjelyset på at det også her må inn økonomiske stimuleringstiltak/ tilretteleggjing, dersom ein skal kunne nytte dette virket til produksjon av bioenergi i framtida. Støtte til transportleddet Kvernevik tok også føre seg rammevilkåra for bioenergi. Han peika mellom anna på trongen for t.d. langsiktig tettstadplanlegging i fylke som Sogn og Fjordane, slik at ein kan få effektiv varmedistribusjon til mange, små kundar. Vidare framheldt han at skogeigarane har behov for støtte til transportleddet for råstoffet. - slik kraftbransjen har hatt det. Kvernevik meinte også at støtteordningar m.m. bør koordinerast betre og gjerast meir oversiktleg. - Støtte og initiativ innan perifere ressursar, som vegog landskapsrydding, sorterer innan landbruksmidlar, reiseliv og vegvesen m.m. Dette kan koordinerast betre og innrettast mot leveransar til bioenergi, sa han, og avslutta med eit hjartesukk: - Eg saknar bankfolk i salen. Dei treng å utdannast innan bioenergi! Stabile tilskotsordningar! Ole Christoffer Røste frå AT Skog BA fortalde om røynsler med organisering av bioenergiproduksjon. Dette har vore eit fokusområde i AT Skog siste ti åra. Også han understreka at økonomien i bransjen er svært marginal. Kraftprisen er styrande. - Flis frå stammevirke kostar fort 20 øre/kwh. Flis frå heiltre, grot m.m. kan kome rimelegare ut ved bruk av dagens tilskotsordningar. Men rammevilkåra er i pr. i dag ikkje gode nok, fastheldt Røste. Han presenterte også ei samanstilling av kostnadar i samband med nye energikjelder: Biobasert fjernvarme ca 15 øre/kwh Onshore vindkraft ca 20-30 10 Forum for norske bygdesager

Sagbladet øre/kwh Offshore vindkraft ca 1 krone/ kwh Gasskraft med CO2-rensing?/kwh (uvisse kostnadar førebels) - Vi bør prioritere dei enklaste og rimelegaste løysingane, slik som bioenergi, fyrst! fastslo han. Ole Christoffer Røste sende ein klar bodskap til landbruks- og matminister Brekk og alle andre politikarar i salen: - Gode tilskotsordningar er avgjerande for biobrenselproduksjonen. Og dei må bli stabile. Vi må ikkje risikere at nye ordningar kjem og forsvinn frå regjering til regjering. Det vert umogeleg dersom ein skal byggje opp ein flisfabrikk ut frå gjevne rammevilkår, og så brått risikere at tilskotet er borte neste år! Korleis få lønsemd? Mot slutten av seminaret var det paneldebatt, der det vart opna for innlegg frå salen. I panelet sat representantar frå dei politiske partia i Sogn og Fjordane, inklusive fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Leiar i Norsk Bygdesagforening, Jostein Ljones trekte parallellar mellom løysinga av klimakrisa og finanskrisa, då han fekk ordet i debatten. Er politikarane villige til å gå tungt inn og satse på økonomiske tiltak for å løyse klimakrisa, slik som det har vore gjort i høve til finanskrisa? - Dette er ikkje eit spørsmål om vi har nok varme, men om vi har politikarar som er villige til å satse på bioenergi som ei miljøløysing. Politikarane er nøydde til å sørge for at det blir lønsamt å produsere virke til bioenergi. Elles får vi aldri til nokon stabil leveranse av flis. Vi må få eit skikkeleg svar på korleis ein skal få lønsemd for dei som skal levere flisa frå skogen, understreka Ljones. Ole Christoffer Røste frå AT Skog BA fortalde om røynsler med organisering av bioenergiproduksjon, som har vore eit fokusområde i AT Skog de siste ti åra Jakob Hammer frå Sogn og Fjordane Skogeigarlag var også klar i sin tale til politikarane: - Vi har hittil fått lite svar på om det er råstoffleverandøren som skal bringe fram biovirket, eller ikkje. Som skogeigarsamvirket har påpeika lenge, er det nøydd vere økonomi i det, om ein skal forvente nokon skal ville ta på seg å bringe fram biovirke av dimensjonar. Ikkje dugnad Til desse spørsmåla var partia i sine svar samde om i alle fall ein ting: At produksjon av biovirke ikkje skal vere nokon dugnad produsentane er venta å gjere på vegne av storsamfunnet. Og at lønsemd til produsentane faktisk er nøkkelen til å få til bioengergi. Det vart knapt med tid til utfyllande svar på slutten av debatten, men partia trekte fram støtte til uttak av virke, støtte til skogsvegar, støtte til biovirke og auka avgift på fossilt brennstoff som aktuelle verkemiddel. Semja gjekk på at det må økonomi til, for at nokon skal vere villige til å satse på produksjon av bioenergivirke. Grøne sertifikat var eit stikkord som gjekk igjen. Konklusjon: Det kan såleis verke som om alle politiske parti legg opp til at det skal nyttast økonomiske verkemiddel for at det skal verte lønsemd i å produsere flis og anna bioenergivirke. Så attstår det å sjå kven, når og korleis! For mange panelovnar! Cato Kjølstad, dagleg leiar, presenterte Norsk Bioenergiforening under Bioenergidagen. Nobio har over 350 medlemmer i heile bioenergiverdikjeda: Skogeigarandelslag, produsentar av flis, brikettar og pellets, og utstyrsleverandørar til heile bioenergisektoren. Hovudmålet er å gjere det lønsamt å produsere, selje og nytte miljøvenleg bioenergi i Noreg. Utfordringane innan bioenergi i dag er i fylgje Kjølstad: - Oppvarimingssystema i bygningar (mange panelovnar i nye bygg, lite vannboren varme). - Høge investeringskostnadar for bioenergi høve til alternativ (elektrisitet, fyringsolje, varmepumper m.m). - Vilje og kompetanse hos styresmakter, kundar og aktørar. Mogelegheiter Framtidsmogelegheitene for bioenergien, sa Kjølstad, ligg i at: - EU vil leggje premissar som vil krevje meir bioenergi i Noreg www.sag.no 11

Sagbladet Bioenergidagen (tilskot og krav) - Energiprisane vil bli høgare - CO2-utslepp vil bli dyrare og gjere bioenergi meir lønsamt - Kompetansen vil auke og fleire aktørar vil engasjere seg i bioenergi - Politisk vilje på alle nivå. Vilkåra i dag er ikkje gode nok til at det blir lønsamt å produsere bioenergi. Dei viktigaste barrierane Dei viktigaste barrierane for den fornybare varmen i dag er i fylgje Kjølstad: - Manglande marknad dvs. mangel på vannboren varme i bygg. Tre av fire bustadar og eitt av to næringsbygg har berre panelovnar som oppvarming - Manglande lønsemd: Låg el-avgift og billeg straum ( ein menneskerett på line med billeg bensin i USA), rabatt på nettleige for uprioritert overføring, mange storkundar får billeg nettleige mot å vere utkoblbare. - Høge inngangsinvesteringar for varme. Kommunen si rolle Kva er kommunane si rolle oppe i dette? Korleis kan din kommune påverke mogelegheitene dine for å levere biovirke ein gong i nær eller fjern framtid? Kommunane er betydelege eigarar av bygg Kommunane er planmyndigheit (utbyggingsavtalar m.m.) Kommunane kan bestemme tilknytingsplikt for fjernvarme Kommunane kan vere ein pådrivar (energi og klimaplanar) Gevinst Verksemder og tilsette som i fylgje Nobio vil kunne hauste gevinst av at det blir satsa på bioenergi: Skogeigarar og bønder Skogindustri og nært beslekta næringsaktørar Produsentar av flis, brikettar og pellets Utstyrsleverandørar Energiselskap (varmeprodusentar og distributører). Både store og små selskaper i form av fjernvarme, lokale energisentralar mv. Ein av dei viktigaste barrierane for den fornybare varmen i dag er mangel på vannboren varme i bygg. Tre av fire bustadar og eitt av to næringsbygg har berre panelovnar som oppvarming, fortalde Kjølstad Konsulentselskap med relasjon til bioenergi - Det krevst mobilisering, hevda Cato Kjølstad avslutningsvis i sin presentasjon. Og konkluderte med at både norske bønder, skogeigarar og skogeigarlag kan ta eit steg vesentleg lenger ut i verdikjeda. Forsking og betre rammevilkår - Vi skal oppretthalde og utvikle skogressursane for å auke opptaket av karbon i skog. Og vi skal utnytte skogressursane til klimavenlege treprodukt og energi, sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk under Bioenergidagen i Loen. Forsking nødvendig Brekk understreka at den raudgrøne regjeringa sin bioenergistrategi har framheva trongen for auka forsking innanfor heile kjeda frå skog til levert energi til forbrukar. Ny kunnskap frå forsking vil vere avgjerande for å auke konkurransekrafta i næringa, og bidra til at næringa vert utvikla på ein berekraftig måte. - Det er også viktig med kunnskap som bidreg til at verkemiddel og rammevilkår blir innretta mest mogeleg optimalt i høve til næringsaktørane, sa Brekk. Han viste mellom anna til opprettinga av åtte nye forskingssenter for miljøvenleg energi. - Eitt av desse er innan bioenergi, og har fått namnet CenBio. Gjennom dette har UMB, Bioforsk, Skog og Landskap og SINTEF oppretta eit landslag i bioenergiforsking. Dette har eg store forventningar til. Senteret skal vise koreleis Norge kan doble bruken av bioenergi basert på norsk råstoff innen 2020. Forskarane skal vise korleis vi effektivt og miljøvenleg kan hauste meir av skogen, utnytte meir avfall for energiformål, lage biobrensel med riktig kvalitet, og forbetre virkningsgrada, sa Brekk. Svak lønsemd Ministeren vedgjekk at siuasjonen til no har vore prega av svak lønsemd for bioenergi. - Fleire tilhøve tilseier at dette vil endre seg framover, meinte Brekk, og viste m.a. til den aukande etterspurnaden i verda med kvotesystem for klimagassar, aukande CO2-pris og dermed stigande energiprisar, og auke av grunnavgifta på fyringsolje. - Marknaden kan ikkje sikre ei storstilt utbygging åleine. Det trengs tunge verkemiddel, sa Brekk, og 12 Forum for norske bygdesager

Sagbladet statsbudsjett. Målgruppa er bønder/ skogeigarar. Støttar: Varmeanlegg, gardsvarmeanlegg, veksthus, biogass og forprosjektering. Flisproduksjon Omfattar i 2009 7 mill til investeringar, 2 mill til kompetanse. Støttar: Produksjonsanlegg, flishoggarar, effektiviseriningstiltak, kompetanse og utvikling, informasjonsverksemd. Samarbeid mellom sektorar må til: - Det hjelper ikkje om råstoffproduksjonen aukar, dersom det ikkje samstundes skjer ei utbygging av varmeanlegg, sa Lars Peder Brekk viste m.a. til styrking av Enova, støtte til etablering av fjernvarme, utvikling av infrastruktur, støtte til omlegging til fornybare energikjelder, endring av tilbodet om rabatt på nettariff til forbrukarar med oljefyrt reserve og Bioenergiprogrammet. - Sidan Bioenergiprogrammet vart etablert i 2003 har meir enn 500 biovarmeanlegg og rundt 1000 bønder og skogeigarar motteke investeringsstøtte gjennom programmet, fortalde Brekk. Må ha balanse - I den vidare utbygginga av bioenergi er det viktig å ha auge for at det må skje ei balansert utvikling av heile verdikjeda. Det hjelper ikkje Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk fekk ei nyttig gåve med seg frå Bioenergidagen: Ein mobilhaldar i tre, råskoren for vidare bearbeiding av eigne hender. Fylkesskogmeister Merete Larsmon stod bak det kreative produktet om råstoffproduksjonen aukar kraftig, dersom det ikkje samstundes skjer ei utbygging av varmeanlegg. Det kan fort bli ei ulukke for skognæringa og eit tilbakeslag for bioenergiområdet, sa Brekk. - Det er difor viktig at vi syter føre eit samarbeid mellom sektorar, slik vi no har gjort mellom vår sektor og energisektoren. Bioenergiprogrammet Trond Hammeren frå Innovasjon Norge orienterte om Bioenergiprogrammet under fagdagen i Loen. Bioenergiprogrammet skal stimulere til auka bruk av fornybare energikjelder. Programmet har to satsingsområde: Bioenergi i landbruket og flisproduksjon. Flisproduksjon er et nytt satsingsområde frå 2009. Gjennom Bioenergiprogrammet er det mogeleg å søkje støtte til fleire typar tiltak: Flisproduksjonsanlegg, produksjonsutstyr, gardsvarmeanlegg, tranpsportutstyr m.m. Bioenergi i landbruket Omfattar i 2009 35 mill kr over jordbruksavtalen, 15 mill frå statsbudsjettet og 25 mill frå revidert Investeringsstøtte Omfattar: Produksjonsutstyr, terminalbygg m.m., kjøp av tomt, transportutstyr, traktor, containarar. Investeringsstøtte vert gjeve med inntil 25% og inntil 1,8 mill kroner. Prosjekt med rask gjennomføring vert priortierte. Anlegg for varmesalg Omfattar: Komplett varmeanlegg, varmenett, kundesentral, prosjektering, byggjeleiing. Omfattar ikkje: Utstyr til brenselproduksjon og transport. Støtte til investering: Max 2 MW innfyrt effekt på fyrkjel. Det blir gjeve inntil 35% tilskot, max 5 000 000. Landbrukets eierskap skal vere minimum 50%. Gardsvarmeanlegg, næring Krav/begrensingar: Landbruksareal skal vere større enn 100 da. Energibruk i næring skal vere større enn 25.000 kwh. Inntil 35% tilskot. Inntil 300.000 pr eigedom/søkjar Omfattar: Fyrhus, varmeanlegg, varmedistribusjon fram til næringsbygg. Omfattar ikkje: Utstyr for brenselproduksjon, lager og transport. Varmedistribusjon til bustad. Brensellager. Flisproduksjon kompetanse og utvikling Utviklingsprosjekt. Inntil 50% støtte. Innhald: Informasjon og opplæring, logitstikkforbetring. www.sag.no 13

Sagbladet Tradisjonstre for fremtiden Prosjektet Tradisjonstre for fremtiden i Oppland skal arbeide for sikring av tilgang på trevirke av god kvalitet i framtida, både til restaurering og til innovativ trebruk. 14. oktober er det open fagdag om gran. Tekst: Gunnhild Sindre Foto: Trevekst Oppland Trevekst Oppland og LandsByen Næringshage på Dokka har nyleg gjennomført eit forprosjektet og er no inne i ein av fleire delprosjektfaser under fellesparaplyen Tradisjonstre for fremtiden. Dette delprosjektet tek føre seg kvalitetar på gran. Fyrste fase går føre seg på Dokka 14. oktober. Då vert det open fagdag om skjering av gran som virke. Trevekst Oppland prosjekteigar Det er Trevekst Oppland som er prosjekteigar og har ansvaret for koordineringa av Tradisjonstre for fremtiden, på vegne av fleire lokale verksemder som gjennom intensjonsavtalar har forplikta seg til å delta i prosjektet. LandsByen Næringshage har det juridiske ansvaret, og prosjektleiar vil inngå i eit team i næringshagen med det store fagmiljøet på tre. - Slik blir prosjektet hensiktsmessig koordinert i forhold til næringshagen si øvrige skog- og tresatsing, seier koordinator Ole Jonny Kalstad frå Trevekst Oppland. Også bygdesagforeninga Styringsgruppa for Tradisjonstre for fremtiden er har ei brei, fagleg samansetjing. I gruppa sit Dagfinn Claudius, fylkeskonservator i Oppland, Kim Enger, skogeigar, Andreas Lomsdal, skogeigar/sagbrukar og styremedlem av Norsk Bygdesagforening, Bjarne Sirirud, skogeigar og sagbruksarbeidar, Hans Magne Lunde, skogeigar og handverkar hos Riksantikvaren, Tore Rødbergshagen, Randsfjordsmuseene avd. Dokka, Frå forprosjektet: Skogdag i Etnedal. Ole Glorvigen tok føre seg vurdering av kvalitet til takspon for restaureringsføremål Lei av dårlig tørking? Vi kan trelasttørking! IM Kondensasjonstørker Kondensasjonstørker Vacumtørker Vi har både nytt og brukt tørkerutstyr Fuktighetsmålere - flere modeller INMARK AS Boks 17, 3163 Borgheim Tlf: 333 82000-900 82004 e-post: e-post@inmark.no Se vår hjemmeside: www.inmark.no 14 Forum for norske bygdesager

Sagbladet Espen Holt frå Land Sag og Per Rognerud frå LandsByen Næringshage, samt prosjektkoordinator Ole Johnny Kalstad. Kvalitetsbedøming av gran Onsdag 14. oktober vert den opne fagdagen avvikla i tilknyting til LandsByen Næringshage sitt miljø på Dokka. Fagdagen er open for alle interesserte. Tidlegare, i forprosjektfasen, har det også vore avvikla ein skogdag i Etnedal. Skogforskar Erlend Rolstad deltok på skaogdagen i Etnedal Under fagdagen på Dokka vert temaet skjering av gran. - Vi skal då sjå på ulike kvalitetskriterium for gran. Det vert ein praktisk og ein teoretisk del, seier Ole Jonny Kalstad. Andreas Lomsdal, styremedlem i Norsk Bygdesagforening, vert ein av dei deltakande fagfolka denne dagen. - På førehand vil vi ha skore nokre stokkar som skal kvalitetsbedømast. Vi skal også skjere nokre stokkar under sjølve fagdagen, og kvalitetsbedøme dei der og då, seier Kalstad. Meir informasjon om fagdagen vil du finne på Trevekst Oppland si internettside. Frå skogdagen i Etnedal: Knut Ole Gladhaug, skogbruksleiar i Etnedal Om Trevekst Oppland Trevekst Oppland er eit 3- årig prosjekt med mål å føre til auka trebruk og bidra til auka verdiskaping frå skog til foredling av tre. Trevekst bidreg med gratis rådgjeving til verksemder og prosjekt i ei startfase, slik at dei kan kome igang med utviklingsprosjekt. Målet er å bidra til ei meir robust primærnæring ved at auka trebruk gjev auka verdi for skogeigarane. Ole Jonny Kalstad er prosjektleiar for Trevekst. Han har mangeårig bakgrunn som byggmeister, og har spesialisering innan bygningsvern. Kalstad har lang røynsle frå Kistefoskonsernet. Der har han arbeidd med heile verdikjeda, frå skog til ferdig produkt, dessutan med eigedomsutvikling. Han har arbeidet mange år som byggmester, og har spesialisering innen bygningsvern. Kalstad har lang erfaring fra Kistefos-konsernet, hvor han har arbeidet med hele verdikjeden fra skog til ferdig produkt, samt eiendomsutvikling. Trevekst Oppland kan bistå og bidra innan fleire område: - Produkt- og bedriftsutvikling i bedrifter - Idèutvikling, bedriftsrettet innovasjon, miljøfokus - Arbeide for trebruk i utbyggingsprosjekter - Samarbeid med FoUmiljøer - Skape bedriftsnettverk og møteplasser - Kompetanseog opplæringstiltak i trebedrifter - Rekruttering og omdømme i skog- og tresektoren - Finansiering av bedriftsrettede prosjekter Ligg lågt på statistikken - Lokal og regional foredling av tre er og blir eit betydeleg fundament for arbeidsplassane i distrikta. Men når det gjeld innovasjonsverksemd har trelast og trevareindustri lågt på statistikken, seier Kalstad. Han viser til at auka utnytting av skogog tresektoren i innlandet vil styrke næringslivet og bidra til fleire attraktive arbeidsplassar, og dessutan auke busetjinga i regionen. Oppland har i dag meir enn 300 trebearbeidande bedrifter innan eit vidt produktspekter: Kunst- og handverk, vindauge, dører, trapper, møblar, innreiingar, ulike typar trelast, hus og hytter, bygningselement m.m. Bedriftene varierer frå store produksjonsverksemder med over 100 tilsette, til enkeltpersonføretak. Men trelast og trevareindustrien ligg lågt på statistikken når det gjeld innovasjonsaktivitet, samanlikna med den øvrige industrien. Utviklingsprosjekt, samarbeid, nettverksbygging og kompetanseutvikling kan bidra til innovasjon som aukar verdiskapinga. Trevekst vil vere ein aktiv pådrivar for dette, mellom anna ved å bidra med gratis rådgjeving i ein startfase av utviklingsprosjekta, seier Ole Jonny Kalstad. www.sag.no 15

Annonse www.sag.no Norsk Bygdesagforening tilbyr alle sine medlemmar ei svært gunstig rådgjevingsteneste VI TILBYR dykk å få besøk av ein rådgjevar ein dag for å gå gjennom drift, investesteringar, logistikk, tomtespørsmål, søknader m.m. BAKGRUNNEN for ordninga er at vi stadig får faglege spørsmål til foreininga som er vanskeleg å svare på gjennom ei telefonsamtale. Mange av våre medlemmar er små bedrifter med lite tid og ressursar til å finne tak i all faginformasjon på eiga hand. plass ein rådgjevar til å å diskutere vidare utvikling av bedrifta med. TA KONTAKT med Norsk Bygdesagforening, Ytrehorn Industriområde, 6763 Hornindal. Tlf.: 57 87 66 60 el. 918 86 113 for meir informasjon. DET ER DIFOR med glede vi kan tilby denne rådgjevingstenesta, der de får høve til å få på 16 Forum for norske bygdesager

Annonser www.sag.no Prøv oss når det gjelder Fuktmålere Rundkuttere, profilkuttere Rillestål, rundkutterstål Laserlys Strammeverktøy Binol smøre/renseolje Titac plaststifter, stiftemaskiner Barkriverstål Huggerkniver og barkriverstål Tømmerkritt Stempel, fargeruller m.m Kjedekappsager Dessuten nye og brukte maskiner for sagbruk og høvleri. Hegdal Næringspark, 3261 Larvik Tlf. 33 16 56 50 Fax 33 16 56 60 e-post info@fonhus.no www.fonhus.no Gode og effektive sagmaskiner Sirkelsager Utrustning for sirkelsager Kantverk Slipemaskiner Saglinjer Kapsager KARA har produsert smasagbruk siden 1918 Kallion Konepaja Oy www.karasaw.com KJØSNES MASKIN Arn Olav Kjøsnes 7580 SELBU, Tlf. 915 97357 www.k-maskin.no SAGTEKNIKK Ing. Carl H. Svensen 3425 REISTAD, Tlf. 952 37460 www.sagteknikk.no Vi leverer tømmersagblader og verktøy av beste kvalitet Rillestål Not og fjær Høvleverktøy Kutterstål Borer Vendeskjær Båndsagblad service, sliping og reparasjon LIEDS Verktøy AS Postboks 8040 6022 Ålesund Telefon: 70 17 28 00 Fax: 70 17 28 01 E-post: post@lieds.no www.sag.no 17

Sagbladet Bli med på fagtur til Gudbrandsdalen! Norsk Bygdesagforening inviterer til studietur til Gudbrandsdalen 15. og 16. oktober. Sett av desse dagane til å få med deg både juridisk kurs, bedriftsbesøk og problemstillingar kring levering av material til restaureringsføremål. Og ikkje minst sosialt samvære! Tekst: Gunnhild Sindre Rudi gard i Sør-Fron vert sete for fyrste del av fagturen. Juridisk kurs Her vil advokat Knut Ola Linløkken halde juridisk kurs. Linløkken har til dagleg kontor i Vågåmo, og arbeider på dei fleste rettsområda som er vanlege på landsbygda. Han har såleis eit breitt klientell av næringsdrivande innan jord- og skogbruk og andre beslekta næringsverksemder i småskala. Rudi og Wadahl Etter det juridiske kurset vert det omvising på Rudi Gard. Vertskapet Nina og Øystein Rudi har dei seinare åra fått ei rekkje utmerkingar for måten dei har satsa på bygdeturisme og kultur på. Forretningsideen er å tilby kulturopplevingar og varer frå garden og bygda, frå jazz- og blues til folkemusikk, frå revyar og låvedans til meisterskap i saueklipping. Den gamle låven er teken i bruk som forsamlingslokale, kornbua er pub og ein grassilo har blitt til kunstgalleri. Samstundes er garden framleis i drift, med ca 200 dekar jord med korn- og grasdyrking, ved- og til tider tømmerhogst i skogen om vinteren. På Rudi vert det middag og sosialt samvær, før vi trekkjer oss tilbake til Wadahl Høgfjellshotell for overnatting. Laft og biobrensel Fredagen vert det to bedriftsbesøk. Først til Sjoa Laft og Restaurering. Dette er eit firma som har spesialisert seg på å skreddersy produktet etter kundens eigne idear og ønske. Firmaet er nyetablert i 2003, og har fire fast tilsette. I produksjonshallen laftar dei hytter på opp til 400 kvm. Vidare går turen til Otta Sag og Høvleri og biobrenselanlegget der. Verksemda frå 1942 er ei hjørnesteinsbedrift i Sel kommune. Graut på middelaldergard Lunsjen denne dagen blir i spesielle Kontakt oss når det gjelder Deler til JAJOD, Jonsereds, Lindquist og Standars Hjo maskiner. Brukte JAJOD maskiner. Verkstedtjenester og rekvisita. 2607 Vingrom Tlf. 61 26 74 85/ 61 26 22 00 Fax 61 26 23 58 arne-even@owren.no omgjevnader: Då blir det servert tradisjonsrik rømegraut på Budsjord gard på Dovre. Denne garden har heilt sidan middelalderen vore ein stoppestad for vegfarande. Garden ligg sentralt plassert i den gamle gardrekkja på Dovre, med den gamle Kongevegen like forbi tunet. Restaureringsvirke Vi avsluttar dagen i Bygningshistorisk park på Dovre. Her vil Steinar Moldal ta føre seg tema omkring produksjon av materialar til restaureringsføremål. Utan tvil eit tema i tida: Det er stor trong for restaureringsvirke i åra framover! Dersom du ikkje har meldt deg på fagturen enno, kan du gjere det ved å kontakte oss på telefon eller e-post. Meld deg på studieturen til Gudbrandsdalen ved å kontakte Norsk Bygdesagforening: Telefon: 57 87 66 60 Mobil: 918 86 113 E-post: norbygd@online.no Prisar: Juridisk kurs kr.1000,- (medlemspris) Overnatting, lunsj/middag og foredrag: kr. 1600 pr. pers i enkeltrom PÅMELDINGSFRIST ER 5. OKTOBER! 18 Forum for norske bygdesager

Bransjenytt Yteherding - årsak og tiltak Yteherding - årsak og tiltak er namnet på Fokus på tre nr. 48 frå Norsk Treteknisk Institutt. Yteherding oppstår når det ytre sjiktet av trelasta er forstrekt i forhold til den indre delen. Dersom plankane vert delte opp i denne tilstanden, vil borda få uheldige deformasjonar i form av kuving. At trelast er i stand til å gjennomgå slike plastiske deformasjonar er imidlertid postivit med omsyn til å unngå sprekkdanningar i trelasta under ein tørkeprosess. Yteherdingsnivået kan enkelt reduserast med ei bra kondisjoneringsfase etter tørkefasen. Temahefte om yteherding, årsak og tiltak Fokus på tre-heftet tek føre seg fylgjande tema: - Fuktighetsgradient og spenningsutvikling - Deformasjonsmekanismer - Deformasjon i trelastens ytre sjikt - Kondisjonering - Måling av yteherding www.trefokus.no www.treindustrien.no Diesel ved hjelp av rotkjuke? Vi er så langt berre ferskingar her til lands når det gjeld produksjon av bio-diesel, og fiskeavfall har dominert på denne fronten så langt. Men nye oppdagingar viser at vi ein gong i framtida kan køyre rundt med biodiesel på tanken ved hjelp av rotkjuke! Det er www.skogoglandskap.no som fortel om denne mogelege utnyttinga av skadesoppen. Rotkjuke er den soppen som skapar størst skade i skogane. Han angrip 20 prosent av grantrea i Europa. Men no er ein i ferd med å dekode arvematerialet i soppen. Dersom ein finn fram til korleis soppen bryt ned cellulosen og ligninet i treet, meiner forskarane at dei no kan nytte denne kunnskapen til å produsere biobrensel av cellulosen i tre og andre vekstar. I fylgje www.skogoglandskap.no kan soppen sjølv velje om han skal nyttiggjere seg cellulosen og/ eller ligninet i eit tre. Soppen kan la område med rein cellulose bli ståande urørte etter at ligninget og hemicellulosen er fjerna. Tanken er at dersom forskarane forstår verkemåten til soppen og enzyma hans, kan ein styre nedbrytingsprosessane. Anten via bruk av sopp direkte, eller ved bruk av isolerte soppenzym. Dermed kan rotkjuka bli eit verkemiddel for å løyse utfordringane med å produsere nok berekraftig biologisk drivstoff! www.skogoglandskap.no 80% meir trevirke på 40 år Tømmervolumet i norske skogar auka med 19 millionar kubikkmeter fra 2007 til 2008, viser dei siste tala frå Landsskogtakseringa. I alt står det no 784 millionar kubikkmeter tømmer i skogane våre. Av det totale tømmerkvantumet på 784 mill. kubikkmeter står 725 mill. kubikkmeter på det produktive skogarealet. Den årlege tilveksten i den produktive skogen var på 23,6 mill. kubikkmeter i 2008, medan den totale, årlege tilveksten var i underkant av 25 millionar kubikkmeter. For tredje året på rad er det berekna ein liten nedgang i den årlege tilveksten. Lauvskogen har auka mest Takstresultata viser at grana er det vanlegaste treslaget, med 45% av det ståande tømmervolumet. Deretter følgjer furua med 32%. Lauvskogen utgjorde 23% av volumet i 2008. Dersom vi ser på utviklinga dei siste 40 åra, er det volumet av lauvskogen som har hatt den største relative veksten, med 136% økning. I samme periode har volumet av furuskogen auka med 90%, medan granvolumet har vokst med 56%. I alt har det blitt 80% meir trevirke i dei norske skogane dei siste 40 åra. Meir gran på Vestlandet Grana står sterkast i Trøndelagsfylka, der 63% av skogvolumet består av gran. Også i skogfylka på Austlandet står grana for over halvparten av skogvolumet. I Nordland og Troms er imidlertid 62% av volumet lauvskog. På Vestlandet er volumet no ganske likt fordelt mellom gran, furu og lauv, med omkring ein tredjedel kvar. For bare15 år sidan utgjorde grana kun ein fjerdedel av det totale tømmervolumet i denne delen av landet. www.ssb.no www.sag.no 19