2 av 55 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 066/13 067/13 068/13 069/13 13/721 13/545 13/584 13/86 Faste saker

Like dokumenter
2 av 14 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om frådeling av ein parsell (på 4500m2) på gbnr. 34/3. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett

2 av 11 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 020/16 16/242 Delingssak GBNR 21/2 - Olderbakken, Rødne. Oversikt f

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

Særutskrift - 194/6 - ny grunneigedom - Sæbøvik - Fredrik Johan Øvrevik

Side 2 av 16 TILLEGGS-SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 039/13 13/259 Konsesjon GBNR 41/3 og 9 - landbrukseig

2 av 8 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 056/13 13/565 Faste saker 057/13 13/77 O

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 037/15 15/510 Faste saker 038/15 14/989 Søknad om dispensasjon frå r

MØTEINNKALLING SAMNANGER KOMMUNE. Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Behandling - Søknad om deling - 99/1 - Dimmelsvik - Eivind Tvedt

Løyve til tillatelse til tiltak uten ansvarsrett gnr. 84 Bnr 1

Side 2 av 20 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 050/16 16/628 GBNR. 33/7 m.fl. - Handsaming av søknad om konse

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

FORMANNSKAP Rådmannens forslag til VEDTAK:

Vår ref. 2009/ Særutskrift - BS - 139/68 - garasje - Herøysundet - Odd Åge Helvik

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 10 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Klage Behandling av søknad om frådeling - 145/22 - Sunde -Gundesø/ Svein Røssland

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 90/2 - deling av eigedom - Seimsfoss - Merete Guddal

2 av 11 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/85 Faste saker 002/13 11/394

FORMANNSKAP VEDTAK:

MØTEPROTOKOLL. Øyvind Strømmen (Bl) Tone Ramsli

Lars Martin Julseth landbrukssjef i Follo

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

FORMANNSKAP VEDTAK:

Jordlova. Lov om jord, 12 mai 1995 Sist endret: LOV fra , LOV fra

Særutskrift - Omdisponering - 82/16 - areal til kårhus - Joar Tveito

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

2 av 11 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 012/13 13/185 Faste saker 013/13 12/654

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Utvalg Utvalgssak Møtedato

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

2 av 7 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 007/13 13/488 Faste saker 008/13 12/244 Stortings- og sametingsvalet

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 13/297-2 Løpenummer: 13/7157 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:30 Møtestad: Kommunehuset

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:10 Møtestad: Kommunehuset

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

2 av 9 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 244/2 - deling av grunneigedom - Utåker - Egil Heimvik

Vår ref. 2016/ Særutskrift - Konsesjon - fallrettar - Tverrelva - Tverrelva Kraftverk AS

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 003/14 14/122 Faste saker 004/14 13/849 Oppfølging rapport barnevern

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00 - Møtestad: Kommunehuset. Av 7 medlemmer møtte alle.

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

FORMANNSKAP Dersom deling ikke er rekvirert innen tre år etter at samtykke til deling er gitt faller samtykke bort.

Stryn kommune Servicekontoret

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-17:00 Møtestad: Kommunehuset

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite plan. 108/38 Prestmo - deling, omdisponering og dispensasjon

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 11 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15:00-18:15 Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 6, i

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Svein Åsen Sluttbehandlende vedtaksinstans (underinstans): Formannskap Dok. offentlig: x Ja Nei. Hjemmel: Klageadgang:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 11 MØTEINNKALLING Utval: Ungdomsrådet Møtedato: Møtetid: 11:40-12:40 Møtestad: Ungdomsskulen Varamedlem skal ikkje m

MØTEPROTOKOLL. Vidar Tveiterås (Ap) Tone Ramsli. Merknader: Nestleiar Vidar Tveiterås leia møtet sidan leiaren hadde sjukefråvær.

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Avslag på søknad om dispensasjon - gbnr 38/2 frådeling av tomt for 2 naust Refskar

SAKSFRAMLEGG. Saksgang. Utvalg Møtedato Utvalgssak Hovedutvalg teknisk, miljø og naturforvaltning

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

2 av 18 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 010/14 12/574 Utbygging av Sandelva - Rolvsvåg, godkjenning av avta

Jordlovsbehandling - søknad om deling av grunneiendom gbnr 12/98 med driftsbygninger

Verdal kommune Landbruk, miljø og arealforvaltning

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

Vår ref. 2011/ Særutskrift - BS - 241/74 - garasje - Sandvoll - Linda Soma og Øystein Ersland

2016/ Særutskrift - 173/4 - deling av grunneigedom - Varaldsøy - Nils Jakob Tveit

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /13/ HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 94/2 - bustadhus - Seimsfoss - Bjarte Naterstad

Møteinnkalling for Formannskapet

MØTEINNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimasida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

Vår ref. 2014/ Særutskrift - 100/5 - deling av grunneigedom - Dimmelsvik - Nils Hjelmeland

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Eiendom : Gbnr. 20/51

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 3.gongs handsaming - Søknad om deling - 208/3 -Sydnes - Anne Marie Sydnes Helland

Austevoll kommune. Innkalling Utval for plan og byggesak. Sakliste

Innherred samkommune Landbruk og naturforvaltningen

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 92/2019 Utval for drift og utvikling PS

ØRSTA KOMMUNE politisk sekretariat

MØTEPROTOKOLL SAMNANGER KOMMUNE. Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 16: Møtestad: Kommunehuset

Fagdag for folkevalde i landbruks-, areal- og miljøsaker. Jordvern og jordlova

OFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Endringene i jordloven

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 250/22 - driftsbygning i landbruket - Matre - Haldor Matre Skålnes

Vår ref. 2011/ Særutskrift - DS - 145/28 - frådeling av tomt - Husnes - Jorunn Marit Røsseland

2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/577 Faste saker 002/13 13/524 Leasingbilar i pleie og omso

Vår ref. 2016/ Særutskrift - 119/3 og 119/4 - deling av grunneigedom - Uskedalen - Peder Ljosnes

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Saksframlegg. Utvalg Utvalgssak Møtedato Komite plan

Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Larissa Dahl Godkjenning - løyve til oppføring av garasje med dispensasjongbnr 27/263 M oldekleiv

MELDING OM VEDTAK. Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2016/ Kirsti Jakobsen,

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

Vår ref. 2013/ Særutskrift - 82/5, 4 - deling - Rosendal - Jens Bjørnar Alsterberg og Anne-Marie Alsterberg Handeland

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Balsfjord kommune for framtida

Balsfjord kommune for framtida

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Svein Åsen Sluttbehandlende vedtaksinstans (underinstans):formannskapet Dok. offentlig: x Ja Nei. Hjemmel: Klageadgang:

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunestyresalen Møtedato: Tid: 15.00

2 av 17 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 057/13 09/164 Tilslutning av nye deltarkommunar i Bergen og Omland

Transkript:

1 av 55 SAMNANGER KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval: Møtedato: Møtetid: Møtestad: Naturutvalet 27.11.2013 15:00 Kommunehuset Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller ugildskap må meldast snarast råd til ekspedisjonen (tlf. 56 58 74 00 eller e-post postmottak@samnanger.kommune.no ), som vil kalla inn varamedlem. Leiar av utval

2 av 55 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 066/13 067/13 068/13 069/13 13/721 13/545 13/584 13/86 Faste saker Delingssak gnr 30 bnr 6, Langeland Delingssak GBNR 34/37 - Eikedal Dispensasjon for garasje i LNF-område på GBNR 32/100,101. Kvittingen. Oversikt faste saker Godkjenning av innkalling og sakliste Eventuelle merknader til protokoll frå førre møte Delegerte vedtak/referatsaker Utvalet sitt kvarter

3 av 55 SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Arkivsaksnr: 13/721 Sakstype: Politisk sak Løpenr: 13/6103 SAKSGANG Møtedato Saksnr. 27.11.2013 066/13 Styre, utval, komité m.m. Naturutvalet Saksbeh. MS FASTE SAKER Oversikt faste saker: Godkjenning av innkalling og sakliste Eventuelle merknader til protokoll frå førre møte Delegerte vedtak/referatsaker Utvalet sitt kvarter Oversikt delegerte vedtak/referatsaker som er meldt opp til møtet: Arkivsak Dok.dato Dok.type Avs./mott. Tittel/innhald 13/705 12.11.2013 S Pålegg av umiddelbar stans av ulovleg byggearbeid på gbnr. 1/6, samt påpeiking av ulovleg oppført tiltak. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering

4 av 55 SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: John Inge Sandvik Arkivsaksnr: 13/545 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Naturutvalet Arkivkode: GBNR-30/6 Løpenr: 13/5894 Møtedato Saksnr. 27.11.2013 067/13 Saksbeh. JIS DELINGSSAK GNR 30 BNR 6, LANGELAND Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Med heimel i Plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til deling i LNF-område av ein parsell på ca. 1000m2, med påståande bustadhus, frå Gnr.30, Bnr.6 på Langeland. Med heimel i Plan- og bygningslova 21-1m vert det gjeve delingsløyve for ein parsell på ca. 1000m2 med påståande bustadhus, frå Gnr. 30, Bnr.6 på Langeland. Med heimel i Jordlova 9 vert det gjeve løyve til omdisponering frå jordbruksareal til bustadareal. Med heimel i Jordlova 12 vert det gjeve delingsløyve for ein parsell på ca. 1000m2, med påståande bustadhus på Gnr.30, Bnr.6. på Langeland. Saka vert sendt Fylkesmannen, som har klagerett på vedtaket, for klagevurdering. Dokument som er vedlagt: Søknad om tillatelse til tiltak Søknad om overtaking av bolig Kart Gjenpart av nabovarsel Uttale frå plan og miljø Oversiktskart Uttale frå landbruk 1

5 av 55 Kva saka gjeld: Søknad om deling av ein parsell på ca.1000 m2 med påståande bustadhus på Gnr.30, Bnr. 6 på Langeland. Vurderingar og konsekvensar: Det er motteke søknad om deling av ein parsell på ca. 1000m2 med påståande bustadhus frå Gnr. 30, Bnr.6 på Langeland. Varsla naboar har kryssa av for at dei samtykkjer i tiltaket. Tomta ligg i eit område som i kommuneplanen er sett av til LNF- område med hovudvekt på landbruk. Det må gjevast dispensasjon etter 19-2 i PBL for ei evt. deling i LNF-område. Dette er hus nr. 2 på garden, og den eine sonen til søkjar har budd her og disponert huset i mange år. Det er ynskjeleg frå søkjar si side at denne sonen skal få overta dette huset. Ein annan son skal overta resten av garden. Han har i seinare tid kjøpt landbrukseigedomen Gnr.41, Bnr. 3 og 9 på Tysseland og har planar om å starte produksjon av sau i større skala. På Tysseland er det bustadhus og ein større driftsbygning. Dei to eigedomane grensar til kvarandre og landbruksavdelinga meiner at avstanden ikkje vil vera uforholdsmessig stor i samband med drift. Landbruksavdelinga skriv i si uttale at det bør vera ei større buffersone mellom bustadhuset og dyrka mark enn det er i dag og foreslår at denne sona vert på 10 m. Det vil føra til at ei eventuell frådeling vil ta ca 0.5 dekar av dyrka mark, men at dette ikkje vil ha noko å seia for avkastningsevna til garden. Gbnr.30/6 driv i dag ikkje eigen produksjon, den manglar driftsbygning og har ikkje bruk for huset det er søkt om frådeling for. Planen er at Gbnr. 41/ 3,9 og 30/6 skal drivast som ei eining. Det vil då vera bustadhuset og driftsbygning på 41/3,9 som vil tena begge gardane. Landbruksavdelinga konkluderer med at omdisponeringa kan godkjennast etter 9 i jordlova og at delinga kan godkjennast etter jordlova 12. Planavdelinga skriv i si uttale at ei evt. deling ikkje vil råka natur- eller friluftsverdiar. Ei evt. deling vil sikra busetnaden i området, og det vil føra til ny næringsutvikling på garden. Sakshandsamar vil tilrå at søknaden vert imøtekomen. 2

6 av 55

7 av 55

8 av 55

9 av 55

10 av 55

11 av 55

12 av 55 SAMNANGER KOMMUNE Teknisk eining Informasjonsnotat / orientering Frå: Ragnhild Lønningdal UTTALE FRÅ PLAN OG MILJØ Saknr/Journalnr 13/545/13/5896/TEK/RLØ Arkivkode GBNR-30/6 Dato: 06.11.2013 Det er søkt om å dela eit kårhus i frå gnr. 30 bnr. 6. Eigedomen er ein landbrukseigedom og er i kommuneplanen sett av til LNF-område med vekt på landbruk. Landbrukskontoret har gjeve uttale til saka og rådd til at det vert gjeve løyve etter jordlova 9 og 12. Bustaden ligg slik til at ingen natur- eller friluftsverdiar vert råka av frådelinga. Me kan ikkje sjå at omsyna bak føresegna det vert dispensert frå vert sett vesentleg til side, jf. pbl 19-2 andre ledd, og meiner det er opning for å gå vidare og gjera ei vurdering av om fordelane ved å gje dispensasjon er klårt større enn ulempene. 1

13 av 55

14 av 55 Søknad om frådeling av kårhus på gbnr. 30/6 i Samnanger Sak: Samnanger kommune har motteke ein søknad om frådeling av kårhus på gbnr. 30/6. Gbnr. 30/6 har totalt 453,2 dekar. Arealet er fordelt på 23,9 dekar dyrka mark, 46,2 dekar innmarksbeite, 248,3 dekar skog og 134,8 dekar anna markslag. (Kjelde: Skog og Landskap). Det er ikkje sjølvstendig drift på garden. Det er søkt frådelt kårhus med 1 dekar tomt. Søknaden gjeld ei landbrukseigedom som er avsett til LNF område i kommuneplanen. Av bygningar har gbnr. 30/6 våningshus, kårhus, to garasjar og eit vedhus. Tidlegare har det vore ei driftsbygning på eigedomen, men den er riven ned. Om omdisponering av jordbruksareal: Jordlova 9 seier: " Dyrka jord må ikkje brukast til føremål som ikkje tek sikte på jordbruksproduksjon. Dyrkbar jord må ikkje disponerast slik at ho ikkje vert eigna til jordbruksproduksjon i framtida. Departementet kan i særlege høve gi dispensasjon dersom det etter ei samla vurdering av tilhøva finn at jordbruksinteressene bør vika. Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til godkjende planar etter plan- og bygningslova, drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området, kulturlandskapet og det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi. Det skal òg takast omsyn til om arealet kan førast attende til jordbruksproduksjon." I følgje Rundskriv M-1/2013 som omhandlar jordlova 9 og 12 seier punkt 6.4.2 om det samfunnsgagnet ei omdisponering vil gi. "Samfunnsinteresser som taler for at det gis samtykke til omdisponering, kan for eksempel være offentlige eller private formål som tilgodeser allmennheten og formål som tar sikte på økt sysselsetting og næringsutvikling på bygdene. Inn under begrepet samfunnsgagnet går også hensynet til bosettingen. Det kan legges vekt på om omdisponeringen vil bidra til å opprettholde eller styrke bosettingen i området eiendommen ligger. Det vil være i samsvar med jordlovens formål å sikre en mest mulig kontinuerlig drift av jordbruksarealene. En har lang og fast praksis for at en tillater omdisponering til kårbolig for å hindre at driften blir svak eller lagt ned i forbindelse med generasjonsskifter. Behovet for kårbolig synes ikke lenger å være like stort som før. Det må foretas en nyansert vurdering av behovet for kårbolig. Samtykke til å oppføre kårbolig bør bare gis når det ikke er tvil om at kårbolig er nødvendig av hensyn til driften av eiendommen" Ved ein eventuell frådeling vil noko av dyrka mark bli teken av. Kårhuset har i dag 500 kvm² med anna markslag rundt huset, men ligg berre to meter frå jordbruksarealet. Det er naudsynt ved ei eventuell frådeling at tomta går inn på dyrka mark for å etablere ei stor nok buffersone mellom

15 av 55 kårhuset og dyrka mark for å unngå konfliktar med landbruksinteressa. Ei buffersone her bør vere på minimum 10 meter. Det vil sei at ei eventuell frådeling med 10 meter buffersone vil ta 0,5 dekar dyrka mark. Tomta vert totalt 1 dekar stor. Omdisponering av jordbruksareal vil i denne saka vere med å oppretthalde busettinga i området. Det vil ikkje gå ut over garden sin avkastningsevne at noko av dyrka mark vert teken av. Om frådeling av kårhus: Jordlova 12 seier: "Deling av eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk må godkjennast av departementet. Ved avgjerd av om samtykke til deling skal givast, skal det leggjast vekt på om delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. I vurderinga inngår mellom anna omsynet til vern av arealressursane, om delinga fører til ei driftsmessig god løysing, og om delinga kan føre til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området. Det kan leggjast vekt på andre omsyn dersom dei fell inn under formålet i jordlova. Sjølv om det etter tredje ledd ikkje ligg til rette for å gi samtykke til deling, kan samtykke givast dersom deling vil ivareta omsynet til busetjinga i området. Samtykke til deling kan givast på slike vilkår som er nødvendige av omsyn til dei føremåla som lova skal fremja. Eigedomen har to bustadhus. Våningshuset ligg oppe på ein høgde medan kårhuset ligg nede i dalen. Begge husa på eigedomen er i bruk. Vedhuset til gbnr. 30/6 står veldig nærme kårhuset og det er ønskjeleg at det skal vere med i frådelinga. Garden har 23,9 dekar verdifullt jordbruksareal som er leigd ut til ein nabo med drift.investering i ei driftsbygning kan gi potensiale for landbruksdrift på eigedomen. I følgje rundskrivet M-1/2013 er det ikkje like stor trong for to hus på garden som før. Dette vert grunngitt med at det er større tilgong på hjelp og informasjon frå både avløysarlag og rådgivingstenestar, og at det difor er mindre naudsynt at det skal bu to generasjonar på garden. I tillegg har garder med fleire hus høgare vedlikehaldsutgiftar. Gbnr. 30/6 driv ikkje eigen produksjon, manglar driftsbygning og har ikkje bruk for kårhuset. Det er i samband med generasjonsskifte på garden at søkjarane ønskjer å få dele i frå hus nr. to. Av dei tre borna dei har, er det den yngste sonen, Jarle Sveinung Langeland, som skal overta gbnr. 30/6. Jarle S. Langeland kjøpte tidlegare i år gbnr. 41/3,9 og har planar om å starte produksjon av sau i større skala. Det positive i saka er at gbnr. 30/6 og 41/3,9 grensar til kvarandre(sjå vedlagt kart) og avstanden mellom gardane vil ikkje vere uforholdsmessig store i samband med drift.

16 av 55 Eigedomane vil bli drivne som ei eining og vil ha til saman 46,8 dekar dyrka mark, 46,3 dekar innmarksbeite og 473,7 dekar skog. Det vil sei at eigedomen vert ein odelseigedom då krav til arealstorleiken skal vere over 25 dekar dyrka mark og/eller 500 dekar skog, ifølgje odelsloven 2. I tillegg har gbnr. 41/3,9 driftsbygningen som gbnr. 30/6 manglar. Samla sett vurderer landbrukskontoret saka slik at ei frådeling kan sikre busettinga i området og det kan føre til ny næringsutvikling på garden. Omdisponeringa kan godkjennast etter jordlova 9. Frådelinga kan godkjennast etter jordlova 12. Med venleg helsing Jorunn Kårvatn Landbrukskonsulent.

SAMNANGER KOMMUNE 17 av 55 SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jana Sandvik Arkivkode: GBNR-34/37 Arkivsaksnr: 13/584 Løpenr: 13/6029 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Møtedato Saksnr. Saksbeh. Naturutvalet 27.11.2013 068/13 JB DELINGSSAK GBNR 34/37 - EIKEDAL Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 20-1 m og 26-1 vert det gjeve frådelingsløyve for ein parsell på ca. 220 m2. Vedtaket kan pålagast til kommunen, jf. Lov om offentleg forvaltning. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen De mottok vedtaket. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til etaten som har gjort vedtaket. I klagen skal det gå fram kva som vert påklaga (vedtaket) og kva som er endringar De som part ynskjer. Klagen skal grunngjevast. Dokument som er vedlagt: Følgebrev Søknad om tillatelse til tiltak Opplysninger gitt i nabovarsel Kvittering for nabovarsel Kart Rekvisisjon av oppmålingsforretning Oversiktskart Kva saka gjeld: Heile eigedomen 34/37 er på ca. 440m2. Saka gjeld søknad om delingsløyve for ein parsell av denne. Den eine halvparten vil tilfalle gbnr. 34/14,51 og 52. Formålet med frådeling er ønskje om meir tilleggsjord, og å unngå at arealet blir bygd på. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett til LNF-område i arealdel for kommuneplan for Samnanger kommune. Det omsøkte tiltaket medfører ikkje endring i planstatus, og krev såleis ikkje dispensasjon frå pbl. 19-2. 1

Nabovarsel: Tiltaket er nabovarsla. Det ligg ikkje føre merknader frå naboar. Vurderingar og konsekvensar: 18 av 55 Omsøkt areal ligg mellom to eigedomar- gbnr. 34/14, 51,52 og 37/64. Administrasjonen har ikkje merknader, og finn å kunne godkjenna søknaden. 2

19 av 55

20 av 55

21 av 55

22 av 55

23 av 55

24 av 55

25 av 55

26 av 55

27 av 55

28 av 55

29 av 55 SAMNANGER KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jana Sandvik Arkivsaksnr: 13/86 Sakstype: Politisk sak SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Naturutvalet Arkivkode: GBNR-32/100,101 Løpenr: 13/5048 Møtedato Saksnr. 27.11.2013 069/13 Saksbeh. JB DISPENSASJON FOR GARASJE I LNF-OMRÅDE PÅ GBNR 32/100,101. KVITTINGEN. Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 og 11-6 vert det gjeve dispensasjon for garasje på gbnr. 32/100, 101. Vedtaket kan pålagast til kommunen, jf. Lov om offentleg forvaltning. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen De mottok vedtaket. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til etaten som har gjort vedtaket. I klagen skal det gå fram kva som vert påklaga (vedtaket) og kva som er endringar De som part ynskjer. Klagen skal grunngjevast. Dokument som er vedlagt: Bilder av garasje GBNR 32/100,101 Påpeiking av ulovleg oppført tiltak. Garasje. Gbnr. 32/100, 101 Statens vegvesen sitt svar Søknad for fritak for bygging i LNF - område Kartskisse Retting byggjeløyve Tegninger/skisser Brev vedkomande søknad om dispensasjon for garasje i LNF-område. Gbnr. 32/100,101. Kvittingen Nabovarsel Gjenpart av nabovarsel Oversiktskart 1

30 av 55 Kva saka gjeld: Saka gjeld søknad om dispensasjon for legalisering av ulovleg oppført garasje på gbnr. 32/100,101. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett til LNF-område i arealdel for kommuneplan for Samnanger kommune, og er i strid med gjeldande kommuneplanen. Nabovarsel: Tiltaket er nabovarsla. Det ligg ikkje føre merknadar frå naboar. Vurderingar og konsekvensar: Juridisk grunnlag for dispensasjonsvurderinga Kommunen kan ikkje gje dispensasjon dersom omsyna bak det føremålet området er sett av til i gjeldande arealplan eller reglane det er søkt om dispensasjon frå vert vesentleg tilsidesett. I tillegg må føremonane ved å gje dispensasjon vera klart større enn ulempene.jf. plan-og bygningslova (pbl) 19-2. Ulemper: Tiltaket ligg i LNF-område, og er i strid med arealdel i kommuneplan for Samnanger kommune. Føremonar: Tiltaket er av ein moderat storleik og vil ikkje verka dominerande. Tiltaket vil ikkje forstyrra landbruksdrifta, kulturlandskapet, miljø og andre interesser kommuneplanen er meint å ivareta. Tiltaket vil ikkje medføra nytt inngrep i naturen. Ut frå dei omsyna arealdelen av kommuneplanen skal ivareta, kan me ikkje så at det er tilhøve som talar mot ein dispensasjon slik det er søkt om. Det omsøkte tiltaket vil ikkje endra dagens situasjon på ein slik måte at det vil vera til hinder for relevante samfunnsinteresser. 2

31 av 55

32 av 55

33 av 55

34 av 55 SAMNANGER KOMMUNE Teknisk eining Didrik Kvittingen Nylendet 2 C 5262 ARNATVEIT Vår referanse: 13/86/13/634/TEK/JB Arkivkode: GBNR-32/100,101 Dykkar referanse: Dato: 03.07.2013 PÅPEIKING AV ULOVLEG OPPFØRT TILTAK. GARASJE. GBNR. 32/100, 101 På grunnlag synfaring som var utført i samband med handsaming av brev frå Statens vegvesen (dispensasjon for utvida bruk av avkjørsle) er det konstatert oppført garasje på gbnr. 32/100,101. Tiltaket er er søknadspliktig j.f. plan- og bygningslova 20-2, og skal difor ikkje oppførast/nyttast før det er gjeve skriftleg løyve. Kommunen kan ikkje sjå at det er gjeve løyve til overnemnde tiltak. Den 27.07.2011 var det sendt eit brev til Dykk der administrasjonen ba om at tilleggsmateriellet og nye teikningar i målestokk som visar verkeleg storleik og plassering vert sendt inn. Kommunen har ikkje motteke noko tillegsinformasjon frå Dykk, og konstaterer at garasjen på Dykkar eigedom er oppført ulovleg. Planstatus: Tiltaket ligg i eit område som er avsett til LNF-område i arealdel for kommuneplan for Samnanger kommune, og er i strid med gjeldande kommuneplanen. Retting Det kan alternativt sendast inn ein fullstendig søknad innan fristen for retting. Ein eventuell søknad vil verte handsama etter gjeldande regelverk. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje, ligg det føre eit tilhøve i strid med pbl. Frist for retting Frist for retting av det ulovlege forhold vert sett til 30.09.2013. Det skal dokumenterast at retting er utført innan fristen. Innsending av merknader Vi ber at merknader til førehandsvarselet vert sendt kommunen innan 15.08.2013 jf. pbl 322, første ledd og forvaltningslova (fvl) 16. Postadresse: Tyssevegen 217, 5650 TYSSE - Tlf: 56 58 74 42 - Faks: 56 58 74 00 - Bankgiro: 3562 07 00035 - Foretaksnr.: NO 964 968 985 Sakshandsamar: Jana Sandvik - Direktetelefon: 56587445 - E-post: jana.sandvik@samnanger.kommune.no

35 av 55 Varsel om pålegg I pbl 32-3 står det: Ved forhold i strid med bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven, kan planog bygningsmyndighetene gi den ansvarlige pålegg om retting av det ulovlige forhold, opphør av bruk og forbud mot fortsatt virksomhet, samt stansing av arbeidet. Ved utferdigelse av pålegg skal det settes frist for oppfyllelse. Samtidig med utferdigelsen av pålegg kan det fastsettes tvangsmulkt. Ved utferdigelsen av pålegg gis opplysning om at pålegget vil kunne følges opp med forelegg som kan få virkning som rettskraftig dom. Endelig pålegg kan tinglyses som en heftelse på den aktuelle eiendom. Det vert gjeve frist for å komme med utgreiing om forhold på staden innan den 15.08.2013. Gebyr: Sakshandsamingsgebyr er fastsett i samsvar med kommunen sitt gebyrregulativ. Det vert sendt faktura til tiltakshavar. 6.3.1 Påpeiking av ulovleg byggearbeid for tiltak som tiltakshavar sjølv 4.500,-kr. står for pbl. 20-2 Med helsing Kenth P. Opheim Teknisk sjef Jana Sandvik byggjesakshandsamar/avdelingsingeniør Kopi til: Kommunekassen som sender faktura til tiltakshavar. Kto 16201.1600.3020 Side 2 av 2

36 av 55

37 av 55

38 av 55

39 av 55

40 av 55

41 av 55

42 av 55

43 av 55

44 av 55

45 av 55

46 av 55

47 av 55

48 av 55

49 av 55 SAMNANGER KOMMUNE Teknisk eining Didrik Kvittingen Nylendet 2 C 5262 ARNATVEIT Vår referanse: Arkivkode: Dykkar referanse: Dato: 13/86/13/5051/TEK/JB GBNR-32/100,101 27.09.2013 BREV VEDKOMANDE SØKNAD OM DISPENSASJON FOR GARASJE I LNF- OMRÅDE. GBNR. 32/100,101. KVITTINGEN Kommunen motteke Dykkar søknad om dispensasjon for garasje i LNF-område. Det skal sendast nabovarsel til tiltakshavar av gbnr. 32/34. Gjenpart av nabovarselet skal sendast til kommunen. Skjema for nabovarsel og naboliste ligg ved. Med helsing Jana Sandvik byggjesakshandsamar/avdelingsingeniør Postadresse: Tyssevegen 217, 5650 TYSSE - Tlf: 56 58 74 42 - Faks: 56 58 74 00 - Bankgiro: 3562 07 00035 - Foretaksnr.: NO 964 968 985 Sakshandsamar: Jana Sandvik - Direktetelefon: 56587445 - E-post: jana.sandvik@samnanger.kommune.no

50 av 55

51 av 55

52 av 55

53 av 55

54 av 55 SAMNANGER KOMMUNE SAKSPAPIR Sakshandsamar: Jana Sandvik Arkivsaksnr: 13/705 Sakstype: Delegert sak Arkivkode: GBNR-1/6 Løpenr: 13/5988 PÅLEGG AV UMIDDELBAR STANS AV ULOVLEG BYGGEARBEID PÅ GBNR. 1/6, SAMT PÅPEIKING AV ULOVLEG OPPFØRT TILTAK. Saka er handsama som delegert sak nr. 218/13 Vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 30-4 vert det gjeve pålegg om stans av ulovleg byggearbeid på gbnr. 1/6 med øyeblikkeleg verknad. Byggearbeida kan ikkje setjast i gang før det er gjeve skriftleg løyve frå kommunen. Vedtaket kan pålagast til kommunen, jf. Lov om offentleg forvaltning. Klagefristen er 3 veker rekna frå den dagen De mottok vedtaket. Det er nok at klagen er postlagt innan fristen går ut. Klagen skal sendast skriftleg til etaten som har gjort vedtaket. I klagen skal det gå fram kva som vert påklaga (vedtaket) og kva som er endringar De som part ynskjer. Klagen skal grunngjevast. Kva saka gjeld: På grunnlag synfaring som vart utført av teknisk eining i Samnanger kommune er det konstatert ulovleg byggearbeid, sprenging, riving av to registrerte kulturminne, samt graving og etablering av en ny veg på 1/6. Planstatus: Tiltaket ligg innanfor kystsoneline i eit område som er avsett til LNF-område i kystsoneplan for Samnanger kommune, og er i strid med gjeldande kommuneplanen. Nabovarsel: Tiltaket er ikkje nabovarsla. Tiltaket er søknadspliktig j.f. plan- og bygningslova 20-1. Tiltaket ligg i innanfor kystsoneline i eit område som er avsett til landbruk-, natur-, og friluftsområde, og krev såleis dispensasjon frå pbl. 19-2. Riving av kulturminne er søknadspliktig, og krev dispensasjon og uttale frå Hordaland Fylkeskommune. Vurderingar og konsekvensar: Frist for retting av det ulovlege forhold vert sett til 25.12.2013. Det skal dokumenterast at retting er utført innan fristen.

55 av 55 Det må sendast inn ein fullstendig søknad innan fristen for retting. Ein eventuell søknad vil verte handsama etter gjeldande regelverk. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje, ligg det føre eit tiltak i strid med plan- og bygningslova. Vi ber at merknader til førehandsvarselet vert sendt kommunen innan 04.12.2013, jf. pbl 322, første ledd og forvaltningslova (fvl) 16. I pbl 32-3 står det: Ved forhold i strid med bestemmelser gitt i eller i medhold av denne loven, kan planog bygningsmyndighetene gi den ansvarlige pålegg om retting av det ulovlige forhold, opphør av bruk og forbud mot fortsatt virksomhet, samt stansing av arbeidet. Ved utferdigelse av pålegg skal det settes frist for oppfyllelse. Samtidig med utferdigelsen av pålegg kan det fastsettes tvangsmulkt. Ved utferdigelsen av pålegg gis opplysning om at pålegget vil kunne følges opp med forelegg som kan få virkning som rettskraftig dom. Endelig pålegg kan tinglyses som en heftelse på den aktuelle eiendom. Dersom det ulovlegetiltaket ikkje er retta innan fastsett frist vil kommunen vurdere å gje pålegg om riving i medhald av pbl 32-3. Saman med eit eventuelt vedtak om pålegg om retting, kan kommunen gi tvangsmulkt etter pbl 32-5, jf. 32-3, 3. ledd. Dette kan gjerast utan vidare varsel. Det vert gjeve ein eingongsmulkt på kr 10.000,-. Eingongsmulkta vil løpe frå og med fristoverskriding for retting gitt i pålegget. Det vert også gjeve dagsmulkt på kr 500,-. Dagsmulkta vil løpe frå og med fristoverskriding for retting gitt i pålegget og vare inntil det ulovlege forhold er dokumentert retta. Dersom eit eventuelt pålegg ikkje vert følgt, kan kommunen utferde førelegg etter pbl. 32-6. Et slikt førelegg vil kunne få same rettsverknad som ein rettskraftig dom og fullbyrdast etter reglene for dommar, jf. 32-7. Vi opplyser elles om at brot på plan-og bygningslova kan medføre straffeansvar, jf. pbl 32-9. Kommunen vil vurdere om det er grunnlag for å melde saka til politiet. For kommunen sitt arbeid i dette høve skal innsendar betale gebyr. Gebyr: Sakshandsamingsgebyr er fastsett i samsvar med kommunen sitt gebyrregulativ. Det vert sendt faktura til tiltakshavar. 6.3.1 Påpeiking av ulovleg byggearbeid (pbl. 20-1) 9.000,-kr.