MILJØ-NOTAT FYLKESMANNEN I ROGALAND MILJØVERNAVDELINGEN Postadresse: Kontoradresse: Postboks 0059 Statens Hus 4001 STAVANGER Lagårdsveien 78 Tlf. 51 56 87 00 4010 STAVANGER Forfattar(e): Espen Enge og Svein Helgøy Prosjektansvarleg(e): Harald Lura Notatnr.: 4-1999 Dato: 15.07.99 Faggruppe: fisk Geografisk område: Rogaland Emneord: Antal sider: 13 ISSN-nummer: ISSN-0803-0170 fisketettleikar, overvaking, regulering, forsuring Finansieringskjelde: Fylkesmannen i Rogaland Arkivnummer: 443.11x Samandrag: I 1998 vart det gjort registreringar av laks- og auretettleikar i 4 vassdrag i Rogaland. I tillegg til generell overvaking såg ein óg på effektar av forsuring og utsetjingstiltak, noko som kan ha innverknad på tettleiken av fisk. Tettleikane av laks ( 1+) var høge, og varierte frå 34,0 (Ulla) til 58,7 (Fuglestad) ind./100 m 2, men er for jærelvane likevel noko lågare enn i 1997. Tettleikane for aure ( 1+) er middels låge, og her varierte tala frå 6,2 (Ulla) til 12,4 (Håland) ind./100 m 2. TITTEL: MILJØNOTAT NR. 4-1999 TETTLEIKSREGISTRERINGAR AV LAKS OG AURE I ROGALANDSVASSDRAG 1998
4 Innhald: Innleiing...5 Metodar...5 Fuglestadelva, hå kommune...6 Kvassheimsåna, Hå kommune...8 Ullaelva, Hjelmeland og Suldal kommunar...10 Hålandselva, Suldal kommune...12
5 Innleiing Miljøvernavdelinga i Rogaland driv rutinemessig overvaking av laks og aure i fleire vassdrag i fylket. Ved hjelp av regelmessig registrering av ungfisktettleik er det mogleg å oppdage forandringar i reproduksjonen. Dette kan igjen indikere forandringar i levevilkåra til fisken. Frekvensen i overvakingane varierer frå elv til elv, alt etter kva føremål overvakinga har. Ein følgjer særleg vassdrag der bestanden er trua av forsuring eller sjukdom, og òg der det vert sett ut laks. Dette notatet syner resultata av dei tettleiksregistreringane som vart gjort i 1998. Metodar Tettleiksregistreringane av laks og aure vart gjort ved hjelp av elektrisk fiskeapparat. Alle stasjonane vart prøvefiska på seinsommaren og hausten (juli-september). Ein gjekk over prøvefiskestasjonane tre gonger, og tettleikane vart rekna ut etter ein metode av Zippin. All fisk vart artsbestemt og målt før han vart sleppt ut i elva att. I berekningane er fisken klassifisert i årsungar (0+) og eldre ungar ( 1+) på bakgrunn av målt lengde. Alle tettleikar er oppgjevne som antal fisk p.r. 100 m 2 elv. Tal som er oppgjevne i parentesar er ikkje direkte rekna ut etter Zippin, men etter tilnærmingsmetodar. I tabellane er stasjonane sortert slik at den nedste stasjonen kjem i rad ein. For framgangsmåten når det gjeld berekningar av tettleikane, viser ein til elfiskerapporten frå 1994, vedlegg 2: Berekningsmetodar (Miljønotat nr. 1 1995). Når det gjeld oversikt over dei einskilde stasjonane, viser ein til same rapport, vedlegg nr. 4: Oversikt over elfiskestasjonar. For å unngå spreiing av smitte vart alt utstyr desinfisert eller tørka mellom kvart vassdrag.
6 Fuglestadelva, hå kommune Fuglestadelva har sitt utspring i den sørlege delen av Høgjæren. Elva er naturleg lakseførande opp til fossen ved Åsane (5,8 km), men ved spesielle vassføringar kan laken gå lenge opp. det vart prøvefiska tre stasjonar i elva i 1998, ein ovanfor og to nedanfor fossen. RESULTAT Tab. 1: Tettleik (antal pr. 100 m 2 ) av laks og aure i Fuglestadelva 1998 STASJON DATO AREAL L 0+ L 1+ L tot A 0+ A 1+ A tot v. traktorovergang 25.09.98 140 46,0 54,9 100,9 8,6 2,9 11,5 v. Åsane 25.09.98 65 58,2 67,8 126,0 15,7 (3) 18,7 v. Matningsdal 25.09.98 105 0 0 0 0 21,9 21,9 TOTAL 25.09.98 310 47,4 * 58,7 * 106,1 * 8,0 10,2 18,2 * totaltettleikane laks er rekna ut berre for lakseførande strekning KOMMENTAR Det vart får og med dette året bestemt å kutta ein av stasjonane ovanfor fossen og ha to stasjonar på lakseførande strekning. Stasjonen ved Åsane er den same som i 1997. Det vart registrert høge tettelikar av laks på desse stasjonane, men tala likevel noko lågare samanlikna med tidlegare år. Tettleikane av eldre aure var låge på dei to nedre stasjonane og høge ovanfor fossen, og dei varierer lite samanlikna med tidlegare år. Når det gjeld årsyngel er tettleikane noko lågare enn tidlegare år.
7 Fig. 1: Fuglestadelva 25.09.98 50 45 40 35 30 N 25 Laks Aure 20 15 10 5 0 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 130 140 >150 mm
8 Kvassheimsåna, Hå kommune Kvassheimsåna drenerer områdefrå Kvassheim på Jæren og innover Anisdalsheia. Det har generelt vorte registrert svært høge tettleikar avlaks i elva. I 1998 vart det prøvefiska tre stasjonar i elva. RESULTAT Tab. 2: Tettleik (antal pr. 100 m 2 ) av laks og aure i Kvassheimsåna 1998 STASJON DATO AREAL L 0+ L 1+ L tot A 0+ A 1+ A tot Anisdal 02.10.98 60 53,7 90,7 144,4 21,8 0 21,8 Stokkelandsmarkene 02.10.98 75 (147) 85,3 232,3 5,3 14,7 20,0 Kvassheimfyr nf. bru 02.10.98 90 0 7,2 7,2 0 14,0 14,0 TOTAL 02.10.98 225 68,0 55,1 123,1 7,6 10,4 18,0 KOMMENTAR I Kvassheimsåna vart det óg i 1998 registrert svært høge tettleikar av laks. På den nedste stasjonen (v.fyret) vart det berre registrert middels tettleikar av eldre laks og ikkje noko årsyngel. Tala på denne stasjonen varierer ein del frå år til år, noko som truleg kjem av at stasjonen frå tid til anna kan vera svært overgrodd av algar. Det vart stort sett registrert middels tettleikar av aure, og samanlikna med tidlegare år har tala gått noko opp.
9 Fig. 2: Kvassheim 02.10.98 50 45 40 35 30 N 25 Laks Aure 20 15 10 5 0 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 130 140 >150 mm
10 Ullaelva, Hjelmeland og Suldal kommunar Ullaelva er sterkt prega av regulering i samband med Ulla-Førreutbgginga, og restvassføringa ved utløpet i fjorden er berre 1/10 av det opprinnelege. Elva har god vasskvalitet når det gjeld forsuring (vassprøve v. SRJF-hytte 27.09.98: ph=6,74, kond=25,3 µs/cm, Al=0,01 mg/l). Trass den kraftige reguleringa vert det teke ein del noko laks i elva. Ullaelva vart prøvefiska på fire stasjonar i 1998. RESULTAT Tab. 3: Tettleik (antal pr. 100 m 2 ) av laks og aure i Ullaelva 1998 STASJON DATO AREAL L 0+ L 1+ L tot A 0+ A 1+ A tot nr. 4 oppstøms Gil 26.09.98 45 (34) 45,5 79,5 0 (6) (6) nr. 3 Moen sandtak 26.09.98 80 3,8 48,4 52,2 5,0 0 5,0 nr. 2 Hauge bru 26.09.98 105 9,0 19,9 28,9 14,7 9,5 24,2 nr. 1 v fyrste hus 26.09.98 105 0 12,5 12,5 (2) 9,1 11,1 TOTAL 26.09.98 335 9,2 34,0 43,2 6,4 6,2 12,6 KOMMENTAR Tettleikane av eldre laks er svært høge i stort sett heile elva, utanom på ein stasjon (st. 1). Dette kan ha samanheng med innfrysing av rogn i 1995. Når det gjeld tettleikane av årsyngel for laks, så er desse svært låge for 1998 samanlikna med tidlegare år. Årsaka til dette kan vera at ein hadde ein svak gytebestand året før. Tettleikane for aure er relativt låge, men er likevel noko høgare samanlikna med tidlegare år.
11 Fig. 3: Ullaelva 26.09.98 50 45 40 35 30 N 25 Laks Aure 20 15 10 5 0 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 130 140 >150 mm
12 Hålandselva, Suldal kommune Hålandselva er ei relativt lita ryfylkeelv som drenerer fellområde i Suldal. Elva har god vasskvalitet (vassprøve v. SRJF-hytte; ph=6,51, kond=20,4 µs/cm, Al=0,02 mg/l). Generelt vert det registrert høge tettleikar av eldre fisk i vassdraget. Hålandselva vart prøvefiska på fire stasjonar i 1998. RESULTAT Tab. 4: Tettleik (antal pr. 100 m 2 ) av laks og aure i Hålandselva 1998 STASJON DATO AREAL L 0+ L 1+ L tot A 0+ A 1+ A tot nr. 4 v. bedehus 27.09.98 45 0 9,8 9,8 2,2 48,9 51,1 nr. 3 v. kraftlinje, Tveit 27.09.98 30 0 75,0 75,0 (4) 3,3 (7,3) nr. 2 oppstrøms bru 27.09.98 65 1,5 30,8 32,3 13,8 6,8 20,6 nr. 1 Hålandsosen 27.09.98 95 111,3 71,7 183,0 7,8 2,1 9,9 TOTAL 27.09.98 235 43,9 48,8 92,7 7,8 12,4 20,2 KOMMENTAR Det vart registrert svært høge tettleikar av laks i elva utanom på den øvre stasjonen. Dette har samanheng med at det berre er ved spesielle vassføringar at laksen går så langt opp i elva. Det vert sporadisk flytta fisk for å auka produksjonen av laks i den øvre delen. Samanlikna med tidlegare år har tettleikane for lakseyngel gått ein del ned, medan tettleikan for eldre fisk er omlag dei same. Dette kan ha samanheng med at fisket stad seinare på hausten enn vanleg, og at årsyngelet derfor har spreidd seg litt meir i heile elva. Tettleikan for aure var stort sett middels låge, og desse er og omlag som tidlegare.
13 Fig. 4: Hålandselva 27.09.98 50 45 40 35 30 N 25 Laks Aure 20 15 10 5 0 0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 110 120 130 140 >150 mm