Søknadssskjema kulturmidllar hovuddel: Lag/Organisasjon Fylles ut av søker Namn på laget: Namn på leiar: For Saksbehandler Søknadsnr.: Kasserar Kva søkjer laget/organisasjonen Prioritering: Nam på investering/prosjekt i prioritert rekkefølje: E-postadresse: Postadresse: Telefon dagtid/mobiltelefon: Namn på kasserar: Postadresse: Telefon dagtid/mobiltelefon: Eventuelt tilskott utbetalast til konto nr.: Det kan setjast fleir kryss Aktivitets og driftsstøtte Prosjekt Investeringsstøtte Etableringsstøtte Om laget leverar inn fleire søknader om prosjekt og/eller investering må desse prioriterast. Saksbehandlar kan overstyre prioriteringa. 1. 2. 3. 4. 5. 6. Vedtak dato: Rapport m/regnskap levert: Om du skal levere inn fleir prosjekt og/eller investeringssøknader, legg ved fleir skjema.
Aktivitets- og driftsstøtte Åmli kommune delar kvart år ut drift og aktivitetsstøtte til lag og foreiningar i Åmli. Midla skal brukast til drift og aktivitetar i laget/foreininga. Følgjande kriterium blir det lagt til grunn for tildelinga: 1. Tal på aktive medlemmar under 26 år. 2. Omfang av aktivitetar og arrangement. Laga skal føre opp kva aktivitetar dei har hatt gjennom året, og opplyse om kor mange som har møtt opp på kvar aktivitet/arrangement. Dei skal også føre opp planlagde aktivitetar, og spesifisere om desse er for born/unge, vaksne eller familiearrangement. 3. Utatdretta kulturverksemd, dvs. arrangement som laget/foreininga organiserer aleine elelr saman med andre, og som er ope for publikum ut over laget /foreininga sine medmemmer. 4. Aktivitets- og driftsstøtta blir fordelt ut frå talet på aktive medlemmer etter følgjande fordelingsnøkkel: Vekttal 2: aktivitetar for barn og ungdom. Vekttal 1: Utadretta kulturverksemd. Vekttal 0: Eigenaktivitet for vaksne. Det blir lagt stor vekt på aktivitet som er retta mot barn og unge. Ved tildeling av aktivitets- og drifsstøtte vil det bli lagt stor vekt på den reelle aktiviteten i dei ulike laga. Lag/foreiningar/organisasjonar som har tilnyting til politisk parti, arbeids- og næringslivsinteresser og/eller driver med verksemd knytt til slike felt fell utanfor ordninga om tilskot til aktivitets- og driftsstøtte. Det vert gitt etableringsstøtte til lokale lag/foreiningar for barn og unge som søkjer om aktivitets- og driftsstøtte for første gong. Etableringsstøtta vert på minimum kr. 2.000,- Etableringsstøtta blir skilt ut frå aktivitets- og drifsstøtta ved tildeling. Regionale lag/foreiningar som søkjer aktivitets- og drifsstøtte må opplyse om kor mange av deira medlemmar som er busett i Åmli. Revidert rekneskap frå siste år vert lagt til grunn for behandling av søknadar. Søkarar må legge ved revidert rekneskap. Søkarar må legge ved årsmelding for siste år med spesifisering av aktivitetar og arrangement. Søkarar må legge ved årsplan og budsjett for søknadsåret, med spesifisering av aktivitetar for barn/unge, vaksne og familiearrangement. Aktivitets og driftsstøtte: Medlemmar Aktive medlemmar: betalar medlemskontingent og deltek i eit minimum av aktivitetar. Medlemmar under 26 år: Medlemmar over 26 år: Av desse aktive: Av desse aktive: Eks: Aktivitet/arrangement Oppmøte Over 26 år Under 26 år Kor ofte? Fotballtrening, jenter 10 år 16 ingen 16 Kvar veke Grillfest 70 36 34 Ein gang Aktivitet/arrangement Oppmøte Over 26 år Under 26 år Kor ofte?
For lag som arrangerar aktivitetar regelmessig over tid som for eksempel fotballtrening eller lagsmøte, reknar ein ut eit gjennomsnitt på kor mange som møter opp på kvart møte (trenar reknast ikkje med). Prosjektmidlar Åmli kommune sine prosjektmidlar delast ut til lag/organisasjonar/foreiningar som ønskjer å starte eit eller fleire prosjekt. Dersom laget har planar om fleire prosjekt, må det brukast eit søknadsskjema pr. prosjektmiddelsøknad. Prosjektmidlar skal berre brukast til prosjekt, og ikkje til ordinær drift, eller til investering. Prosjektmidlar skal brukast til tidsavgrensa tiltak som skal vere utviklande for laget/organisasjonen. Ved tildeling av prosjektmidlar blir det lagt spesielt stor vekt på prosjekt som er retta mot barn og unge. Lag/foreiningar/organisasjonar som har tilnyting til politisk parti, arbeids- og næringslivsinteresser og/eller driver med verksemd knytt til slike felt kan ikkje søke om prosjektmidlar. Regionale lag/foreiningar kan berre søke om prosjektmidlar til prosjekt for medlemmar frå Åmli. Søkarar må legge ved prosjektbeskriving. Søkarar må vere merksame på at lag/foreining som har motteke prosjektmidlar må levere inn ein sluttrapport til kommunen seinast to månadar etter at prosjektet var planlagt gjennomført. Viss prosjektet ikkje blir gjennomført, eller eventuelt berre delvis gjennomført, eller viss pengane har blir brukt til eit anna formål enn det som det var tiltenkt, kan pengane krevjast tilbakebetalt heilt eller delvis. 1. Prosjektets namn: Prosjekt: Kort om tiltaket det søkes støtte til: 2. Kort beskrivelse: Total kostnad: Søknadssum: 3. Prosjektbeskrivelse: Nærmare omtale av prosjektet det søkes tilskot til (maks 2000 teikn):
4. Budsjett og finansiering: Sett opp budsjett inkludert eigenkapital og andre tilskot: (legg gjerne ved eiget ark med budsjett om dykk finn det hensiktsmessig)
Investeringsstøtte Åmli kommune sine investeringsmidlar blir gitt til lag og organisasjonar i Åmli kommune. Regionale lag/foreiningar kan berre søke om investeringsstøtte til investeringar i Åmli. Investeringsstøtte blir gitt til investeringar som er nødvendige for å oppretthalde eller utvikle eit lag eller organisasjon sin aktivitet. Investeringsstøtte blir ikkje gitt til ordinær drift av lag og organisasjon. For å få investeringsstøtte må laget/organisasjonen legge ved kostnadsoverslag/pris på investeringa. Laget/organisasjonen må også legge ved finansieringsplan for investeringa der dugnadsdelen og anna finansiering blir vist. Viss investeringsstøtta skal brukast til renovering/reperasjon av bygning må teikningar/bilete av det som skal utbetrast ligge ved søknaden. Kvitteringar og sluttrekneskap for investeringa må sendes inn til Åmli kommune seinast to månadar etter at investeringa var planlagt gjort. Kva skal det investerast i: Investeringsstøtte: Kort om kva det søkes støtte til: Total kostnad: Søknadssum: Dato for når investeringa er planlagt ferdigstilt: Nærare omtale av tiltaket det søkes tilskot til: Kort om kva investeringsstøtta skal brukast til: Formål med investering Vedlegg Budsjett Finansieringsplan Teikningar Kostnadsoversikt