Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa Prosjektansvarleg; Den Grøne Sløyfa Prosjektleiar; Vert oppnemnt seinare Prosjektstart; 01.01.2008 Prosjektavslutning; 31.12.2009
1. MÅL OG RAMMER 1.1. Bakgrunn Dei siste åra har det vore etablert eit reiselivsprosjekt som har gått under namnet Den Grøne Sløyfa. Geografisk går denne sløyfa frå Dalseid via Eidslandet til Høvik, vidare opp Eksingedalen til Nesheim, ned Teigdalen til Evanger, langs Bolstadfjorden via Bolstadøyri tilbake til Dalseid. Satsinga vart mellom anna støtta av Fylkesmannen i Hordaland sin Landbruksavdeling, Hordaland Fylkeskommune og Vaksdal kommune, gjennom kommunen sit engasjement i det regionale reiselivslaget. Gjennom prosjekttida har Den Grøne Sløyfa etablert eit marknadsførings- og produktutviklingsnettverk (sjå nærare omtale nedanfor) som også lever vidare etter at prosjektet er ferdig. Parallelt med arbeidet med Den Grøne Sløyfa har Eidsland Bygdautvikling starta opp ein prosess med å få til eit bustadutviklings- og reiselivsprosjekt. Som fylgje av at Eidsland, som tidlegare beskrive, ligg innanfor den Grøne Sløyfa er det naturleg å dyrka fram synergiar mellom desse to satsingane. Med bakgrunn i dette ynskjer ein å vidareføre og revitalisera satsinga i dette området gjennom eit nytt prosjekt som omfamnar dei to nemnde prosessane: Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa Den Grøne Sløyfa består i dag av seksten ulike nisjebaserte verksemder spreidd over heile det geografiske området som samansluttinga dekker. Sentralt står lokal matproduksjon og foredling, servering og overnatting, organisert fiske og guiding på land og på fjord. Gjennom denne satsinga vil ein kunne realisere det uforløyste potensialet som ligg i kvar grend i dette området. 1.2. Prosjektmål Utvikla Den Grøne Sløyfa som eit attraktivt reisemål slik at områda skal framstå som gode, livskraftige lokalsamfunn. 1.3. Rammer 1.3.1. Prosjektets tidsramme Prosjektet vert starta opp i januar 2008 og går ut desember 2009. 1.3.2. Geografisk ramme Prosjektet kjem til å arbeida i delar av Voss, Vaksdal og Modalen kommune. I den grad det er naturleg, kan og aktørar som ligg utanfor det geografiske området verta trekt inn i prosjektet. Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa 2
1.3.3. Deltakarar Prosjektet er tufta på dei initiativ som allereie er etablert i området gjennom Den Grøne Sløyfa, Eidsland Bygdautvikling og i Modalen. I den vidare satsinga er det desse initiativa og aktørane bak dei, som skal vera hovudpilaren. 2. Prosjektbeskriving Fylgjande element vil inngå som sentrale element i satsinga: Rekruttering. Det er ei målsetting at alle som driv med eller som planlegg etablering av reiselivs- og reiselivsrelatert verksemd i området, går inn som medlem av nettverket. Ettersom Modalen no vert trekt inn i satsinga, vil det og verte lagt vekt på å tilby aktørane frå dette området plass i nettverket. Produktutvikling. Eit viktig arbeid i prosessen vil vere å vidareutvikle reiselivsprodukta. Det vert viktig at prosjektet har fokus på dei natur og kulturgjevne føresetnadene i området. Gjennom ei slik forankring vil ein kunne driva ei målmedveten produktutvikling. Produktpakking. I tillegg til sjølve produktutviklinga er det viktig at det vert arbeidd med pakking av produkta i salbare pakkar. Dette vil vera heilt avgjerande for å kunne kommersialisera dei tilboda som vert utvikla. Marknadsføring. Det eksisterande nettverket har allereie initiert og gjennomført marknadsføringsaktivitetar. Desse vil i den vidare satsinga verta vidareført og forsterka. Dette dreier seg mellom anna om vidareutvikling av eksisterande nettstad www.sloyfa.no, produksjon av brosjyremateriell, deltaking på messer osb. Der det er naturleg vil det verta søkt samarbeid med andre marknadsføringskonsept initiert i Hordaland og Fjord Norge. Informasjon. Ein ser føre seg ei vidareutvikling av informasjonstilbodet i Den Grøne Sløyfa. Dette vil til dømes kunna materialisera seg gjennom oppsetting av informasjonstavler i sløyfa (jfr. andre satsingar på fylkesplan til dømes turisttavleprosjektet). Prosjektleiar. Personen skal kunne rettleie i høve til offentlege apparat og slik vere til hjelp for den einskilde tilbydar/aktør. Fellesgode. Det må sikrast at arbeidet med å utvikle fellesgode (stiar, utsiktspunkt, stølsskilt -program osb.) vert gjennomført. Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa 3
3. ORGANISERING 3.1. Prosjektansvarleg Prosjektansvarleg er Den Grøne Sløyfa v/ styreleiar. 3.2. Prosjektleiar Det vert tilsett prosjektleiar tilsvarande 40 % stilling per år. 3.3. Styringsgruppe Det vert oppretta ein styringsgruppe for prosjektet: 1 representant frå Den Grøne Sløyfa. 1 representant frå Eidsland Bygdautvikling. 1 representant frå kvar av kommunane Vaksdal og Modalen. 1 representant frå Fylkesmannen si Landbruksavdeling. 1 representant frå Hordaland Fylkeskommune. 1 representant frå Destinasjon Voss. Styringsgruppa fastlegg dei overordna handlingsplanane som prosjektleiar, prosjektansvarleg og anna personell i prosjektet skal utføre. Styringsgruppa skal møtast med jamne mellomrom (3-4 gonger pr år), og det vert lagt til grunn at desse møta, i likskap med prosjektet for øvrig, ikkje vert for byråkratisk. 4. BESLUTNINGSPUNKT OG OPPFØLGING 4.1. Styringsgruppemøte Møte i styringsgruppa fungerar som statusmøte. Styringsgruppa fastlegg prosjektet sin handlingsplan og til møte skal det rapporterast i fylgje fastlagt handlingsplan. 4.2. Beslutningspunkt Beslutningspunkt vert av praktiske grunner lagt til dei kvartalsvise styringsgruppemøta. Dokumentasjon i fylgje fastlagt plan. 4.3. Kritiske suksessfaktorar Val av prosjektleiar Oppretthalde lokalt engasjement Kontakt med andre utviklingsagentar innan reiseliv 4.4. Evaluering Prosjektet vil verta fortløpande evaluert knytt opp til det arbeidet som styringsgruppa skal gjera. Sluttevaluering vert gjort i samband med avslutting av prosjektet. Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa 4
5. Kostnader & Finansiering Kostnader Auka busetnad * 100.000 Utvikling reiseliv/trivnad ** 480.000 Prosjektleiing 320.000 Total kostnad 900.000 * : Desse midla er øyremerkte til busetnadsfremjande tiltak på Eidsland. ** : Sjå vedlagt prioriteringsliste fra DGS styret. Finansiering Fylkesmannens Landbruksavdeling 250.000 Hordaland Fylkeskommune 250.000 Modalen kommune * 100.000 Vaksdal kommune 100.000 Voss kommune * 100.000 Eigeinnsats/aktørane 100.000 Total 900.000 * : Det er p.t. ikkje formelt fatta vedtak om løyving og deltaking i prosjektet. 6. SLUTTRAPPORT Sluttrapport for prosjektet skal vera levert oppdragsgjevar innan 01.04.2010. Hordaland, 20.11.2007 Natur- og kulturbasert næringsutvikling rundt Den Grøne Sløyfa 5