VEDLEGG 2: SJØMATNÆRINGANE I SOGN OG FJORDANE 1 HAVBRUK Løyve Antal Noreg Andel i % Stamfisk laks og aure 3 33 9 % Settefisk laks og aure 23 235 10 % Matfisk laks og aure 88 963 9 % FoU laks og aure 1 44 2 % Marine artar fisk 31 393 8 % Marine artar skaldyr 28 284 10 % Fylket har ein låg prosentdel FoU-aktivitetar innan laks og aure. Det er i alt 16 selskap som produserer matfisk av laks og aure i fylket. Av desse driv to selskap og med stamfisk. Det fem største er presentert i tabellen. Marine Harvest og Firda Sjøfarmer eig til saman ca. 60 % av produksjonskapasiteten. Vidare er det 15 selskap som driv med settefiskproduksjon. Sogn og Fjordane har ei lang historie med oppdrett, både av laks og aure og marine artar. Oversikten viser tal løyve i fylket ved utgangen av 2012 1. Aktivitetar er hovudsakleg relatert til oppdrett av laks og aure, med ca. 9 % av landets tildelte produksjonskapasitet. Eigarskapet i dei fleste settefiskanlegga er knytt i hop med aktørar som driv med matfisk. To av selskapa driv med stamfisk i tillegg til matfisk. Heile verdikjeda innan oppdrett av laks og aure er representert i fylket. Det er tre prosessanlegg for laks og aure som pr. i dag berre driv med slakting, pakking og frysing av heil sløgd laks og aure. Innan foredling fins det eit røykeri for oppdrettslaks (Svanøy Røykeri) i fylket. Det har vore ei sterk avskaling i aktivitetane innan marine artar og det er liten aktivitet totalt sett i høve til tal løyve. Det er fire selskap som enda driv matfiskproduksjon av torsk (5 selskap utan aktivitet) og eit yngelselskap innan torsk, samt eit selskap som driv landbasert kveiteoppdrett i fylket. Det er registrert 8 selskap som driv med skaldyr, men verdiskapinga er marginal. Oppdrettsprodukta frå fylket blir i stor grad selt /eksportert av selskap heimehøyrande i fylket med unntak av kvantumet til Marine Harvest, som går gjennom deira eige salsverksemd. Det er mellom 5-10 aktørar innan eksport av sjømat/ laks og aure. Dei tre største eksportselskapa i fylket er Coast Seafood AS, Norwell AS og Firda Seafood AS. 1.1 AREAL TILDELTE LOKALITETAR Sogn og Fjordane sin del av tildelte lokalitetar til matfiskproduksjon av laks og aure er relativt lik som for tal løyve. Det som er meir interessant å sjå på er produksjonen i høve til tilgjengeleg sjøareal. Tal Lokaliteter Laksefisk Marin fisk Noreg 1001 122 Sogn og Fjordane 82 14 andel i % 8 % 11 % Produksjonsintensiteten i fylket er lågare enn for nokre andre fylker. Sogn og Fjordane har til dømes større sjøareal enn Hordaland, men produserer halvparten så mykje laks og aure som nabofylket: 1 Kjelde: Nøkkeltal 2012, Fiskeridirektoratet 1
Hadde utnyttinga av sjøarealet i heile landet vore på nivå med Hordaland, hadde Noreg produsert 4,5 mill. tonn i dag 2. Dette er nært opp til produksjonspotensialet for laks og aure i 2050 (rapporten «Verdiskaping 2050»).I 2012 var produksjonen av laks og aure i Norge om lag 1,3 mill. tonn. Fiskeridirektoratet har og sett på produksjonskapasitet pr. lokalitet (tildelt MTB). Fylket har ein svært låg del større lokalitetar samanlikna med andre regionar (ca. 20 % > 3 600 tonn MTB). Midt-Norge og Troms utpeikar seg med over 40 % større lokalitetar. Det er interessant å merke seg at Nord- Trøndelag som er relativt lik Sogn og Fjordane med tanke på sjøareal og produksjon har ca. 19 % færre tildelte lokalitetar. Større lokalitetar gjev såleis vekstmoglegheiter utan å ta i bruk nytt sjøareal. 1.2 PRODUKSJON OG VERDI Havbruksnæringa i Sogn og Fjordane sin del av landets produksjon av laks og aure er relativt stabil. Produksjonen i fylket er omtrent dobla dei siste 7 åra. I 2012 leverte fylket 8 % av laksevolumet i Noreg og 22 % av aurevolumet. Førstehands-verdien av laks og aure frå Sogn og Fjordane var i 2012 ca NOK 2,5 mrd. Salsvolumet frå marine artar i fylket i 2012 2 500 tonn (2,2 % av laks og aure) førstehandsverdi frå marine artar i fylket NOK 41 mill. (1,6 %). 2 FISKERI 2.1 NÆRINGSSTRUKTUR FLÅTE OG FISKARAR Det har dei siste 30 åra skjedd ei betydeleg restrukturering av fiskeflåten mot større og færre farty gjennom strukturordningar knytta til fiskekvotene. Avskaling i tal fiskefarty har vore størst i Nord- Noreg. Fartygruppene som har endra seg mest dei siste ti åra er farty under 28 meter. Dei havgåande flåtegruppene (trål, ringnot) er nær ferdig strukturert. I 2012 var det til saman i overkant av 6 214 fiskefarty i Noreg og 272 (4,3 %) var heimehøyrande i Sogn og Fjordane. I Sogn og Fjordane er fiskeflåten dominert i antal av den minste fartygruppa (under 10 meter). Avskalinga i tal fiskefarty har dei siste 8 åra vore ca 25 %. Sogn og Fjordane har størst andel linefiskeflåte. Flåten er organisert i til saman 91 bedrifter. 3 2 Foredrag til arbeidsgruppa frå regiondirektøren i Fiskeridirektoratet, Region Vest 3 Analyse Segel (2013) 2
Utviklinga innan sysselsetjing i fiskeflåten viser same trend som for flåtestrukturen. Tal fiskarar (hovudyrke) har falt frå 1 340 personar i 1983 til 576 i 2012. I dag er det ein betydeleg høgare andel fiskarar mellom 40 og 67 år enn for 30 år sidan (figur til høgre). Det er i alt 91 fiskebåteigarar/ reiarlag i fylket pr 2012 (Kjelde; Nullpunktanalyse Segel). 3 FISKEINDUSTRI Kvitfiskindustri Fiskeindustrien har endret seg med endringer i flåteleddet. Antallet fiskemottak er sterkt redusert langs kysten og i Sogn og Fjordane er det tre anlegg av betydning for mottak fra kystfiskeriene (Løkeland, Brd. Larsen, Snorre). I tillegg har fylket eit anlegg for mottak av krabbe i Askvoll. Innan linefiskeflåten er det fabrikk om bord, slik at ein del av råstoffet ikkje kjem til landindustrien. Kalvåg er eit tyngdepunkt innan mottak av kvitfisk i fylket. Brd. Larsen driv og som einaste anlegg i fylket med slakting av oppdrettstorsk. Pelagisk konsumindustri Fylket har ein betydeleg mottakskapasitet innan pelagisk konsumindustri (fem anlegg kor av fire er eigd av Norway Pelagic ASA og eit av Måløy Seafood AS). Konsumindustrien produserer hovudsakleg størrelsespakka fryst rund sild og makrell, samt filetprodukt av sild og makrell. Hovudmarknader for pelagisk fisk er Russland/ Aust-Europa, Asia/Japan og Afrika. Fiskeolje- og fiskemjølindustri Det er og ein større fabrikk for produksjon av fiskemjøl og fiskeoljeproduksjon i fylket (Welcon, Måløy). Fabrikken leverer mykje av produkta til fiskefôrproduksjon. Den pelagiske industrien i fylket er eigd av konsernet Austevoll Seafood ASA. 3.1 FISKEFANGSTAR LANDA I SOGN OG FJORDANE - VOLUM OG VERDI Utvikling i fiskekvoter er basert på årlege fastsetjingar med utgangspunkt i råd frå forsking (HI og ICES) og forvaltning og internasjonale forhandlingar på fiskeartar som vandrar i internasjonale farvatn. Førstehandsomsetning er monopolisert ved råfisklova og skjer ved auksjonsprinsippet. Det er auksjonen som styrer kor fisken blir levert og landingane i Sogn og Fjordane seier dermed lite om kva som er fiska av fiskefarty heimehøyrande i fylket. 3
Førstehandsverdi av fiskefangstar som vart landa i Sogn og Fjordane i 2012 er oppsummert i diagrammet. Makrell og sild dominerer saman med dei store kvitfiskartane torsk, lange, hyse og sei. Diagrammet syner og klart at Vågsøy er «hovudstaden» for industrien med Selje og Flora som to andre tyngdepunkt på mottakssida i fylket. Sild og makrell er dei store artane både i volum og verdi, deretter kjem dei store kvitfiskartane torsk, lange, brosme og sei. Fiskefarty over 28 meter sto for 80 % av fangstverdien. Det som er interessant å merke seg er at Sogn og Fjordane dei siste åtte åra har styrka sin posisjon som mottakar av fisk frå fiskeria som blir landa i Noreg. Som figuren under viser har utviklinga i andel kvantum gått frå 4 % til 7 % og utviklinga i andel verdi frå 3 % til 8 %, og er såleis enda sterkare. Parallellt har til dømes Domstein lagt ned all si industriverksemd i perioden, og var størst innan kvitfisk i fylket på eit tidspunkt. Fiskekvotene innan pelagiske artar har hatt ein vekstperiode i dette tidsrommet og forklarar noko av utviklinga i fylket. Prisutviklinga (gjennomsnittleg alle artar) har for norske landingar gått frå kr 4 til kr 7 i perioden. Når Sogn og Fjordane har styrka sin posisjon som mottakar av fisk, har det samanheng med at det er betalt betre for råstoffet i heile perioden (sjå figur til venstre). I 2012 vart det landa til saman 2, 1 mill. tonn fisk i Norge til ein førstehandsverdi av NOK 14,78 mrd. I Sogn og Fjordane var var landingane 144 000 tonn til ein førstehandsverdi på 1,15 mrd. Det skjer ei auke i verdiskapinga frå fiskeria i fylket gjennom høgagre andel av norske landingar og gjennom at marknadsprisane er aukande. 3.2 MARIN INGREDIENSINDUSTRI Med knappheit på marine råvarer, har prisane for biprodukt/ restråstoff auka det siste tiåret. Biprodukt frå sjømatnæringa har gått frå å vere eit problem til å bli ein ressurs og med aukande marknadspriser. 4
Dette er ei av dei framveksande marine næringane og der Sogn og Fjordane har ressursar og potensial til å kunne ta posisjonar. Det er eit bransjemiljø innan marin ingrediensindustri både i Hordaland og Møre og Romsdal. VI har derfor valt å gje ei kort orientering om dei to hovudkategori råstoffa som går inn til denne industrien og litt om aktørar og bruksområder. Det er ingen aktørar i fylket som baserer verksemd på biprodukt/restråstoff frå fiskeindustrien eller havbruksnæringa, med unntak av Welcon i Måløy. Marine ingrediensar til humant konsum og dyrefôr Dokumentert ferske råvarer (eks. fersk daudfisk rett fra havet) i denne kategorien som blir handtert i tråd med fastsette hygiene- og prosesskrav, kan nyttast til produksjon av produkt til humant konsum. Råstoff blir nemnt «Kategori-3». Ferskt slo eller avskjær frå lakseslakteri eller fiskeindustri og fersk daudfisk frå frisk oppdrettsfisk og fisk fanga i åpent hav kan inngå i dette råstoffet, om det blir handtert i tråd med Mattilynets næringsmiddelkrav for prosessering til humant bruk. Ein del av dei råvarene som i dag går til mjøl- og oljeindustrien kunne med anne råstoffhandtering gått til produksjon av maine ingrediensar til humant konsum. Mykje av avskjær frå pelagisk konsumindustri går til mjøl- og oljeindustri, eller til produksjon av olje og proteinkonsentrat for bruk i fiskefôr. Nye og betre betalande kundar har dei seinare åra vakse fram; produsenter av oljer/ marine ingrediensar til humant konsum basert på ferske råvarer (t.d. avskjær og slog). Råstoff som skal nyttast til fôrproduksjon, må vere kategori 3 råvarer, der kvalitet blir stabilisert ved hjelp av ein godkjend metode (Kjelde: Mattilsynet). Slog frå lakseslakteria blir hovudsakleg ensilert og selt til selskaper som Scanbio og Hordafôr. Dei produserer proteinkonsentrat, mjøl og oljer. Dei seinare åra har det vakse fram fabrikkar som produserer olje, proteinensilasje eller mjøl basert på ferskt råstoff frå lakseslakteria. Dei leverer produkta anten inn til fiskefôrproduksjon til marine artar eller aure, eller det går inn i ingrediensmarknaden for pet-food, kylling- eller svineproduksjon. Marine ingrediensar til teknisk bruk og som energi Dette er biprodukt/ restråstoff med risiko for dyre- og fiskesjukdommar (bl.a. sjølvdauda fisk og slakta fisk med påvist sjudomssmitte) eller materiale med restmengder av legemidlar over grenseverdiar. Råvarer blir ensilert og vert prosessert av selskap som Hordafor og Scanbio. Produkta blir nytta til tekniske formål eller kompost og biogass etter stabilisering ved for eksempel hjelp av ein godkjent metode (Kilde: Mattilsynet). Daudfisk frå havbruksnæringa tilhører denne kategorien og ensileres og leveres til produsenter som Hordafôr/ Scanbio. 3.3 VARE, TENESTE- OG UTSTYRSLEVERANDØRAR VI har ingen detaljert oversikt over bedriftsstruktur, bransjar med vidare. Nøkkeltalsanalyse frå 2010 (Kjelde: Ideas2Evidence, 2010) syner at det skjer svært liten verdiskaping frå tenesteleverandørar og utstyrsprodusenter. EWOS i Florø er ein stor aktør i Flora med store ringverknader for varehandel og ein del tenesteytande næringar. Elles er det ein del mindre selskap relatert til fiskeriklynga i Nordfjord og nokre utstyrsleverandørar til havbruksnæringa i Sunnfjord/ Sogn. Vestlandet (fire fylka) har høgast andel ringverknader /verdiskaping frå leverandører til dei marine næringane når ein ser på landet samla sett (Kjelde: Sintef, 2010). Det betyr at Sogn og Fjordane har gode moglegheiter for samarbeid med leverandørar i nabofylka. 5