Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes



Like dokumenter
ARBEIDSNOTAT. Utviklinga i barnebefolkninga i Møre og Romsdal. Av Heidi-Iren Wedlog Olsen Severin Aarsnes. Dato:

LANDSKONFERANSEN 2017 Fylkeskommunale eldreråd. Ålesund mai

Totalt Møre og Romsdal 2014: ,8 Totalt Møre og Romsdal 2015: ,3 Totalt Møre og Romsdal 2016: ,1

Gjeldsbøra i kommunane Møre og Romsdal

Stigande utdanningsnivå i Møre og Romsdal

ARBEIDSINNVANDRING EIN RESSURS FOR VESTLANDET KVA KJENNETEIKNAR KOMMUNANE I MØRE OG ROMSDAL?

Distriktsfylke Møre og Romsdal? Kjelde: SSB/PANDA

Bransjeprogrammet. Møre og Romsdal. 13. Juni 2019, Astrid F. Paulsen, avd.dir NAV Arbeidslivssenter Møre og Romsdal

Ole Helge Haugen Fylkesplansjef Møre og Romsdal fylke

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

I landet er det heilt ledige. Dette er 2,9 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 10,9 prosent samanlikna med same periode i fjor.

TILRÅDING. Kommunereforma i Møre og Romsdal. Oslo 8. des Prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad

Møre og Romsdal. Sjåfør: Andre/Preben 57-01

Utvalgte KOSTRA tall.

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Alternative «ekteskap» i Molde-regionen. Forsker Anja Hjelseth, Raumakonferansen

Dato: Fredag 25. februar :52 Emne: Sak til OD-møtet 9.mars Notat til organisasjonane. Sak til OD-møtet 9.mars 2011


-Ein tydeleg medspelar. Aukra og Midsund i eit regionalt perspektiv

Fylkesstatistikk 2010

I landet er det heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

HORDALANDD. Utarbeidd av

Kommunereforma i Møre og Romsdal 10. feb Oppstartsmøte Nye Norddal og Stordal kommune

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Kommunereform Samfunnsutviklerrollen

Fylkesstatistikk Møre og Romsdal

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Kap 4 Kap 5 Kap 7 Arbeidsplassutvikling Befolkningsutvikling

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

STATUS FOR DEMENSOMSORGA I MØRE OG ROMSDAL Demenskonferansen 2017 Ålesund, den mars Eli Mette Finnøy, rådgivar Omsorg 2020

Marit Hovde Syltebø Rådgivar Møre og Romsdal fylke Om kompetanseutvikling i lys av St.meld.nr. 25

KOMMUNEREFORMA Ordførarsamling 11. nov v/fylkesmann Lodve Solholm

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

ÅLESUND KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Kommunereforma Tilråding. Pressekonferanse Molde 3. okt. 2016

NAV Møre og Romsdal. Lavinntekt og utenforskap. 15/ Hege-Beate Skjølberg

Til Medlemmene i Skolelederforbundet, Møre og Romsdal. Lokale forhandlingar hausten 2012

Høyring om Nytt inntektssystem. Kommunereforma Kontaktpersonsamling 29. januar 2016 Molde

Kommunereform Samfunnsutviklerrollen

Organisering av folehelsearbeidet

Region og kommune. Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik, Planstrategisamling, Kristiansund 25. april 2012

Utvandring, etter statsborgerskap og kommuner i Møre og Romsdal

Kommuneøkonomien i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal 57-01

Kommunereforma. Tilråding. 18. okt. 2016

Oversikt over regionar og funksjonar hausten 2013

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Fylkesstatistikk 2011

-Ein tydeleg medspelar. Ålesundsregionen 2015

Møre og Romsdal 57-01

Møre og Romsdal 57-01

Kontaktpersonsamling 30. sept KOMMUNEREFORMA Frå utgreiing til vedtak

Møteinnkalling. Utval: Ungdomspanelet Møtestad: Rica Seilet i Molde Dato: Tid: Kl.12.00

VOLDA KOMMUNE. PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Erfaringer fra tilsyn med krisesenter!

Hvor går utviklingen på Nordmøre? mulighetsrommet sett i et regionalt perspektiv

Virtuelle regionale polikliniske konsultasjoner

Ole Helge Haugen - Fylkesplansjef - Møre og Romsdal Fylkeskommune

Nye Molde Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Molde kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Haram kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Skodje kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Nye Molde 2019 Molde, Nesset og Midsund. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

Region Ålesund Ålesund, Ørskog, Skodje, Sula, Giske, Haram og Sandøy. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Ålesund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

ROS-analyse Samanslåing av fødeavdelingene i Kristiansund og Molde. Hjorten Kafe, Batnfjordsøra Klinikksjef Henrik Erdal 4.

Sula kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Romsdal Molde, Vestnes, Rauma, Nesset, Midsund, Aukra, Fræna og Eide. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Fræna_Eide Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

#SkatteFUNN. - ditt springbrett til innovasjon

PowerPoint-fila inneheld grafisk framstilt statistikk på kommunenivå, kommunen samanlikna med kommunegrupper, fylket og landet.

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Norddal_Stordal Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Nye Ålesund 2019 Ålesund, Ørskog, Skodje, Haram og Sandøy. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2019

-Ein tydeleg medspelar. Haram kommune 2015

Utvikling i kommuneøkonomien i Møre og Romsdal

Nye Ålesund Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Kristiansund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Kristiansund kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Nye Molde Molde, Nesset og Midsund. Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga April 2018

Nordmøre Kristiansund, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Rindal, Halsa, Smøla og Aure

Endringer ved nytt inntektssystem. Virkningstabeller Møre og Romsdal

Sunnmøre Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Planlegging, styring og digitalisering i Vanylven kommune. 12. februar 2019

Aktuelt i lov- og avtaleverk OU-19 Geiranger,

Tingvoll kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Volda kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Hareid kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Gjemnes kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Volda kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Averøy kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga mai 2017

Averøy kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Molde kommune Møre og Romsdal fylkeskommune plan og analyseavdelinga november 2017

Transkript:

Arbeidsnotat til bymøtet 7. mai 2007, tiltaket Tilflytting 2017 Av Heidi-Iren Wedlog Olsen og Severin Aarsnes Anne og Thomas på flyttefot Flyttemønster blant ungdom/unge vaksne i Møre og Romsdal, 1980 2005 Innleiing Flytting til og frå Møre og Romsdal er eit sentralt tema i den politiske debatten i fylket, og eit av dei områda som er særleg fokusert er ungdom og unge vaksne sitt flyttemønster. Fylkesplanen sett fokus på bulyst og regional orientering blant ungdom og unge vaksne i Møre og Romsdal. I fylkesplanen blir det peika på at uviklinga i folketalet og behova innanfor arbeidsmarknaden gjer det til ei overordna oppgåve å sette fokus på og legge forholda til rette for at ungdom/unge vaksne ønskjer å busette seg i Møre og Romsdal (Utfordringsdokumentet 2005: 4). Det blir dessutan peika på at den grunnleggande føresetnaden for vidare vekst og utvikling i Møre og Romsdal er at fylket er attraktivt for unge menneske som skal etablere seg (Utfordringsdokumentet 2005:4). Men kvifor flyttar ungdom og unge vaksne frå fylket? Forsking har vist at dei viktigaste flyttedrivande faktorane for ungdom/unge vaksne er utdanning og kjenneteikn ved arbeidsmarknaden. Utviklinga over tid viser at stadig fleire møre og romsdalingar tek lengre og høgare utdanning. Mange av desse reiser ut av fylket i utdanningsjakta. Undersøkingane viser dessutan at fleire flyttar når det er høgkonjunktur; i slike periodar betyr arbeid lite. Det betyr at arbeid som flyttedrivande faktor betyr mest under lågkonjunkturar når det er liten tilgang på arbeid. Ein annan sentral flyttedrivande faktor er sysselsetting i privat/forretningsmessig tenesteyting. Dette er ei næring som ikkje er særleg sterk i Møre og Romsdal. Andre flyttedrivande faktorar er bustadmarknaden, mellom anna i kombinasjon med vilje til pendling og tilgang på kultur, fritidstilbod og natur. Byane i fylket kan vise til utdanningsinstitusjonar, ein variert arbeidsmarknad, gode kommunikasjonar og variert kulturliv. Det er ei etablert oppfatning at byane har ei sentral rolle i å demme opp for og hindre utflytting frå fylket, særleg blant ungdom og unge vaksne. Er det slik? I det følgjande skal vi sjå nærare på kva tala fortel om byen si rolle i denne gruppa sitt flyttemønsteret. Er byen ein buffer som demmar opp for fråflytting frå fylket, eller ikkje? Kan det vere at byen fungerar slik for nokre kommunar, men ikkje for alle? Fokus i notatet er sett på aldersgruppa 20 34 år.

Flytting til og frå Møre og Romsdal 1 I dag bur 5 % av Noregs befolkning i Møre og Romsdal. Folketalet i fylket har vist ei jamn auke siste 25 år, men tilveksten har vore svakare enn landsgjennomsnittet. Mens folketilveksten siste 25 år har vore på 14 % i Noreg, er det tilsvarande talet for Møre og Romsdal 4 %. Eit stadig mindre fødeseleoverskot i kombinasjon med nettoflytting frå fylket er sentrale faktorar som kan forklare den svake folketilveksten dei siste åra. Tabellen nedanfor viser nettoflyttinga i Møre og Romsdal for aldersgruppa 20 34 år, etter kommune og tidsperiodar. Tabell 1: Nettoflytting i Møre og Romsdal, etter kommune og tidsperiodar for aldersgruppa 20 34 år. (PANDA) Kommune 1980 1985 1986 1995 1996 2005 I alt (1980 2005) Molde -246-26 -327-599 Kristiansund -311-517 -324-1152 Ålesund -146-97 843 600 Vanylven -63-173 -399-635 Sande -114-250 -256-620 Herøy -169-166 -393-728 Ulstein -100 14-141 -227 Hareid -77-105 -239-421 Volda -261-143 -335-739 Ørsta -149-310 -441-900 Ørskog 20-12 -63-55 Norddal -19-62 -155-236 Stranda -164-233 -210-607 Stordal -52-10 -100-162 Sykkylven -1-161 -209-371 Skodje 30-16 -113-99 Sula -89-287 -33-409 Giske -88-267 -170-525 Haram -274-365 -332-971 Vestnes -22-140 -236-398 Rauma -182-184 -320-686 Nesset -77-102 -81-260 Midsund -70-95 -134-299 Sandøy -50-128 -104-282 Aukra -42-128 -123-293 Fræna -110-240 -357-707 Eide -63-132 -36-231 Averøy -36-128 -332-496 Frei 106 185-18 273 Gjemnes -24-117 -187-328 Tingvoll -66-111 -117-294 Sunndal -257-209 -237-703 Surnadal 37-176 -310-449 Rindal -10-49 -111-170 Halsa -47-84 -151-282 Smøla -74-145 -235-454 Aure 14-119 -215-320 I alt -3246-5288 -6701-15235 1 Det er i notatet lagt meir vekt på flyttestraumane ut av fylket enn inn til fylket.

I alt har Møre og Romsdal hatt ei netto fråflytting på 15 235 personar mellom 1980 og 2005 i aldersgruppa 20 34 år. Tabellen viser at kommunane i fylket i hovudsak har hatt nettofråflytting. Unntaket er Ålesund og Frei, som kan vise til positiv nettoflytting. Tabellen nedanfor viser flytting frå kommunane i fylket, til andre kommunar i fylket og ut av fylket, for perioden 1980 2005. Tabell 2: Flytting frå Møre og Romsdal, etter kommune, 1980-2005. Prosent. (PANDA) Molde Kristiansund Ålesund Andre k i MR Landet Utlandet N = Flytting fra Molde 0,0 2,2 3,5 32,0 57,2 5,2 14267 Kristiansund 2,7 0,0 1,9 38,5 51,3 5,6 11582 Ålesund 2,1 0,8 0,0 34,5 54,8 7,8 20595 Vanylven 1,6 0,5 15,3 27,8 52,4 2,4 1882 Sande 1,1 0,6 16,2 39,0 39,7 3,4 1659 Herøy 2,2 0,5 13,3 36,0 42,1 5,8 3402 Ulstein 1,6 0,5 7,9 38,0 46,0 5,9 4132 Hareid 1,6 0,4 8,4 43,2 39,0 7,4 2929 Volda 2,4 0,7 7,9 30,2 54,5 4,2 6273 Ørsta 2,2 0,7 9,5 31,8 50,7 5,1 5064 Ørskog 2,3 0,7 19,0 30,6 42,7 4,7 1087 Norddal 2,6 0,5 14,3 31,0 47,2 4,4 1175 Stranda 2,4 0,7 11,3 25,0 54,9 5,6 2985 Stordal 2,3 0,5 12,2 32,8 50,5 1,7 875 Sykkylven 2,2 0,7 12,7 23,3 54,7 6,3 3213 Skodje 2,2 0,5 35,3 27,9 31,0 3,1 2139 Sula 1,3 0,5 41,2 15,3 36,7 5,0 3679 Giske 1,2 0,5 31,5 15,5 45,2 6,1 2976 Haram 2,4 0,5 26,8 23,0 42,7 4,6 4222 Vestnes 11,2 1,7 10,6 26,8 44,3 5,4 3003 Rauma 9,9 1,5 5,0 19,6 58,6 5,3 3655 Nesset 25,2 2,8 1,6 23,2 43,9 3,4 1442 Midsund 25,4 1,7 9,5 17,0 40,8 5,7 1126 Sandøy 12,1 1,9 14,4 26,2 42,8 2,7 752 Aukra 29,7 2,4 3,6 18,7 41,2 4,4 1651 Fræna 31,9 2,7 1,9 19,6 40,3 3,6 4649 Eide 16,3 3,5 2,0 29,7 44,1 4,5 1785 Averøy 4,8 24,3 2,5 16,0 47,5 5,0 2503 Frei 1,5 54,0 1,0 7,9 32,5 3,0 3321 Gjemnes 23,1 7,8 1,6 22,5 41,1 4,0 1630 Tingvoll 2,7 11,2 2,1 22,8 53,8 7,5 2349

Sunndal 4,3 3,1 1,9 18,0 66,1 6,6 3944 Surnadal 2,9 4,9 0,5 23,5 62,5 5,7 2617 Rindal 1,8 1,2 0,5 20,3 73,6 2,7 828 Halsa 2,8 9,3 0,7 26,3 58,1 2,8 943 Smøla 2,7 26,3 2,3 15,8 50,0 2,9 1285 Aure 2,3 16,7 1,3 15,6 61,1 3,0 1904 Fleire har flytta ut av fylket enn internt i fylket i perioden 1980 2005. Nærare 56 % av all flytting frå kommunane har gått ut av fylket. Ser vi på den enkelte kommune og utflyttarane, viser tabellen at i 22 av fylkets kommunar er andelen som flyttar ut av fylket større enn andelen som flyttar internt i fylket. Det er berre frå Skodje og Frei at ein større andel flyttar til ein av byane i fylket enn ut av fylket. Byen si rolle trer også fram i det vi samanliknar andelen som flyttar frå den enkelte kommune og inn til byen med den andelen som flyttar til dei andre kommunane i fylket. I perioden 1980 2005 er det berre 11 av kommunane som kan vise til at andelen som flyttar til byane i fylket er større enn andelen som flyttar til dei andre kommunane i Møre og Romsdal. Talmaterialet viser dessutan at det er ein viss variasjon mellom fogderia i fylket. Medan sunnmøringane i sterkare grad flyttar til andre kommunar enn byane, er romsdalingane og nordmøringane meir orientert mot byen. Tabellen viser dessutan at den bymessige orienteringa synes å vere låg i Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta og at i dei kommunane som har stor utflytting frå fylket (Rindal, Sunndal og Surnadal), er flyttestraumen til byane i fylket låg. Deler vi perioden 1980 2005 inn i mindre periodar, viser tala ei svak relativ auke i flyttinga frå fylket, med til dels store variasjonar mellom kommunane. Ser vi nærare på talmaterialet for byungdommen, indikerar det at ein auka andel av unge og unge vaksne frå byane flyttar ut av fylket. Samtidig er det variasjonar mellom byane. Tabellane nedanfor viser dette.

Tabell 3: Flyttemønster unge vaksne frå byane Molde, Kristiansund og Ålesund, 1980 85. Prosent. PANDA. Til byane Andre k i MR Landet Utlandet N Frå Molde 5.6 35.1 56.0 3.4 3 549 Frå Kristiansund 4.9 40.0 49.5 5.6 2 585 Frå Ålesund 3.0 38.4 53.6 5.0 4 357 Tabell 4: Flyttemønster unge vaksne frå byane Molde, Kristiansund og Ålesund, 1986 95. Prosent. PANDA. Til byane Andre k i MR Landet Utlandet N Frå Molde 5.9 32.5 56.4 5.2 5 033 Frå Kristiansund 4.1 39.7 50.7 5.4 4 451 Frå Ålesund 2.9 32.6 56.8 7.7 7 281 Tabell 5: Flyttemønster unge vaksne frå byane Molde, Kristiansund og Ålesund, 1996 2005. Prosent. PANDA. Til byane Andre k i MR Landet Utlandet N Frå Molde 5.6 29.5 58.6 6.2 5 685 Frå Kristiansund 5.0 36.3 52.9 5.8 4 546 Frå Ålesund 2.9 34.1 53.8 9.2 8 957 Ved å samanhalde dei tre tabellane, ser vi at det er nokre skilnader mellom dei tre byane. Talmaterialet indikerar at byorienteringa for ungdom og unge vaksne frå Molde held seg nokså stabil, samtidig som at færre flyttar til andre kommunar i fylket og fleire flyttar ut av fylket. Dette mønsteret er også tydeleg hos dei frå Kristiansund. For Ålesundsungdommen viser utviklina ein viss stabilitet i forhold til byorienteringa og ei auke i flyttinga til dei andre kommunane i fylket. Mønsteret som vi finn i Molde og Kristiansund er også i stor grad gjeldande for ungdom og unge vaksne frå dei andre kommunane i fylket. Trass i at vi finn ei viss auke i tilflyttinga til dei store byane, er det ein nedgang i andelen som flyttar til andre kommunar i fylket og ei viss auke i andelen som flyttar ut frå fylket. Tabellen nedanfor viser kor stor andel av den relative flyttinga frå kommunane som går til byane og til dei andre kommunane i fylket i periodane 1986-95 og 1996-2005. Tabell 6: Relativ flytting fra kommunane, etter innflytting til byane og dei andre kommunane i fylket, 1986-95 og 1996-2005. I prosent av all flytting frå kommunane. Auke i relativ flytting er markert med blått, reduksjon er markert med rødt. Tabellutdrag. Andelen som Andelen som Andelen som flytta til Andelen som flytta til flytta til by, 1986 flytta til by, 1996 andre kommunar i MR, andre kommunar i - 1995-2005 1986-1996 MR, 1996-2005 Molde 5,9 5,6 32.5 29,5 Kristiansund 4,1 5,0 39,7 36,3 Ålesund 2,9 2,9 32,6 34,1 Vanylven 11,6 23,5 31,7 23,5

Sande 18,3 20,5 39,2 35,1 Herøy 12,7 20,0 39,1 31,4 Ulstein 8,6 12,1 42,5 31,9 Hareid 8,8 12,8 45,9 38,1 Volda 10,5 11,6 29,9 28,1 Ørsta 12,0 13,0 30,9 28,4 Ørskog 20,4 24,1 34,0 23,9 Norddal 16,0 17,4 37,2 25,2 Stranda 13,2 15,4 27,1 20,5 Stordal 14,6 16,5 32,6 28,8 Sykkylven 15,4 16,9 24,8 17,5 Skodje 36,8 38,5 28,3 26,4 Sula 43,2 44,5 16,0 12,6 Giske 32,5 33,3 15,5 13,8 Haram 28,0 33,1 27,8 16,1 Vestnes 21,7 25,9 29,8 21,5 Rauma 14,5 19,3 23,4 17,2 Nesset 27,2 31,9 24,6 22,8 Midsund 37,7 35,3 16,9 15,7 Sandøy 27,7 28,0 26,6 24,5 Aukra 38,1 35,8 19,6 15,9 Fræna 36,7 38,1 20,6 17,0 Eide 23,1 21,4 29,8 28,6 Averøy 29,6 34,4 18,3 13,7 Frei 59,0 53,8 8,6 6,6 Gjemnes 34,5 31,2 21,1 19,4 Tingvoll 12,6 16,7 21,6 24,0 Sunndal 7,7 11,2 19,5 16,1 Surnadal 8,8 7,3 24,4 20,9 Rindal 3,1 2,8 19,3 18,6 Halsa 10,9 13,4 28,4 23,9 Smøla 32,1 31,3 17,3 12,8 Aure 20,9 19,6 18,4 12,8 Tabellen viser at i fleirtalet av kommunane er det ein auke i den relative flyttinga inn til byen frå 1995 til 2005, men at det er store variasjonar mellom kommunane. Samtidig viser talmaterialet at i takt med denne orienteringa mot byen, går flyttinga til dei andre kommunane i fylket ned. Dette gjeld for alle kommunane med unntak av Ålesund og Tingvoll. Begge desse kommunane har ei auke i den relative flyttinga til andre kommunar i Møre og Romsdal. Sjølv om funna ovanfor kan gje ein peikepinn om at byen er blitt meir attraktiv for tilflytting frå dei andre kommunane i fylket, taper byane i Møre og Romsdal for storbyane Oslo, Trondheim og

Bergen. Tabellen nedanfor viser kor stor andel av den relative flyttinga ut av fylket som skjer til storbyane Oslo, Trondheim og Bergen, i perioden 1996 2005. Tabellen viser også kva som er den viktigaste storbyen i denne perioden. Tabell 7: Flytting til byane i fylket versus flytting til storbyane i landet, 1996-2005. Relativ andel. Tabellutdrag. (PANDA) Relativ andel som flyttar til storbyen Viktigaste storby Relativ andel som flyttar til by i Møre og Romsdal Viktigaste by i Møre og Romsdal I alt (N) Oslo Ålesund Molde 32,4 5,6 5685 Kristiansund 28,6 Oslo 5,0 Molde 4546 Ålesund 31,2 Oslo 2,9 Molde 8957 Vanylven 18,5 Oslo 23,5 Ålesund 796 Sande 20,7 Oslo 20,5 Ålesund 624 Herøy 22,1 Oslo 20,0 Ålesund 1401 Ulstein 25,2 Oslo 12,1 Ålesund 1746 Hareid 22,9 Oslo 12,8 Ålesund 1044 Volda 24,4 Oslo 11,6 Ålesund 2526 Ørsta 26,3 Oslo 13,0 Ålesund 2035 Ørskog 23,0 Oslo 24,1 Ålesund 435 Norddal 19,9 Oslo 17,4 Ålesund 472 Stranda 21,1 Oslo 15,4 Ålesund 1175 Stordal 16,8 Oslo 16,5 Ålesund 364 Sykkylven 29,1 Oslo 16,9 Ålesund 1396 Skodje 17,2 Oslo 38,5 Ålesund 890 Sula 20,6 Oslo 44,5 Ålesund 1522 Giske 28,9 Oslo 33,3 Ålesund 1200 Haram 21,3 Oslo 33,1 Ålesund 1697 Vestnes 21,3 Oslo 25,9 Ålesund 1102 Rauma 28,1 Oslo 19,3 Molde 1361 Nesset 19,6 Oslo 31,9 Molde 495 Midsund 19,2 Oslo 35,3 Molde 453 Sandøy 20,3 Oslo 28,0 Ålesund 261 Aukra 20,9 Oslo 35,8 Molde 637 Fræna 20,3 Oslo 38,1 Molde 1934 Eide 20,4 Oslo 21,4 Molde 696 Averøy 23,5 Oslo 34,4 Kristiansund 999 Frei 20,9 Oslo 53,8 Kristiansund 1416 Gjemnes 23,8 Oslo 31,2 Molde 660 Tingvoll 25,2 Oslo 16,7 Kristiansund 833 Sunndal 30,8 Oslo 11,2 Molde 1352 Surnadal 33,4 Trondheim 7,3 Kristiansund 1104 Rindal 29,8 Trondheim 2,8 Molde 322 Halsa 28,9 Trondheim 13,4 Kristiansund 380 Smøla 24,0 Trondheim 31,3 Kristiansund 483 Aure 27,0 Trondheim 19,6 Kristiansund 784

Oslo synes å vere den største mottakaren av utflytta møre og romsdalingar. For alle kommunane på Sunnmøre og i Romsdal, samt 6 av 11 kommunane på Normøre er Oslo den viktigaste storbyen. Eit anna interessant funn i talmaterialet er at fleirtalet av fylkets kommunar har større relativ utflytting til storbyane Oslo, Trondheim og Bergen, enn til byane i fylket. Desse kommunane er markert med rødt i tabellen. [Ser vi på flyttemønsteret over tid, har mønsteret i forhold til storby endra seg lite sidan 1980. Heller ikkje i forhold til byane i fylket, er det store endringar i mønsteret sidan 1980.] Tabellen nedanfor viser flyttestrømmen frå byane og ut til kommunane, i perioden 1980 2005. Tabell 8: Flyttestraumen frå byane til omlandskommunane, 1980-2005. Prosent. PANDA Molde Kristiansund Ålesund Andre k i MR Landet Utlandet N Flytting til Molde 0.0 2,3 3,2 41,2 45,6 6,8 13 668 Kristiansund 3.1 0,0 1,6 42,9 43,7 8,7 10 430 Ålesund 2.3 1,0 0,0 44,2 42,8 9,6 21 195 Vanylven 1.3 0,2 9,1 33,5 50,3 5,5 1 247 Sande 0.7 0,3 11,7 47,2 34,2 6,0 1 039 Herøy 1.9 0,9 9,2 44,2 32,8 11,0 2 674 Ulstein 1.1 0,6 6,0 46,4 35,0 10,9 3 905 Hareid 1.1 0,4 7,1 45,9 28,9 16,7 2 508 Volda 1.8 0,9 6,6 34,7 47,1 8,8 5 534 Ørsta 1.8 0,8 7,4 41,6 37,0 11,4 4 164 Ørskog 2.9 0,3 19,3 42,0 30,0 5,5 1 032 Norddal 2,2 1,0 12,0 34,0 41,7 9,1 939 Stranda 1,9 0,5 8,6 31,9 47,4 9,5 2 378 Stordal 3,4 0,6 8,8 36,6 46,1 4,5 713 Sykkylven 1,6 0,6 11,2 30,8 46,3 9,5 2 842 Skodje 1,5 0,5 40,5 32,0 20,8 4,7 2 040 Sula 1,4 0,6 44,9 18,4 27,5 7,1 3 270 Giske 1,5 0,4 32,1 18,0 36,5 11,5 2 451 Haram 2,4 0,8 21,9 29,1 36,7 9,1 3 251 Vestnes 10,4 1,3 9,8 32,7 37,3 8,4 2 605 Rauma 9,7 1,1 4,2 23,8 51,8 9,5 2 969 Nesset 27,8 2,4 1,8 27,7 35,2 5,2 1 182 Midsund 21,9 1,3 5,0 23,5 38,5 9,9 827 Sandøy 10,2 1,7 13,4 28,7 38,3 7,7 470 Aukra 31,5 2,0 2,3 24,6 33,4 6,2 1 358 Fræna 32,2 2,9 1,9 23,4 33,5 6,1 3 942 Eide 17,6 3,3 1,5 34,8 33,6 9,2 1 554 Averøy 3,8 24,6 1,4 19,6 42,3 8,4 2 007 Frei 1,5 63,3 0,8 9,7 21,6 3,2 3 594

Gjemnes 24,7 8,4 1,6 23,7 31,7 9,9 1 302 Tingvoll 3,5 11,3 1,0 21,5 34,1 28,6 2 005 Sunndal 4,2 3,0 1,7 20,6 48,0 22,5 3 241 Surnadal 2,7 5,1 0,9 27,6 50,6 13,1 2 168 Rindal 0,5 0,6 0,5 26,3 68,7 3,5 658 Halsa 3,2 10,6 0,5 34,2 46,7 4,8 661 Smøla 2,9 24,5 1,6 19,9 45,2 5,9 831 Aure 1,8 18,2 1,1 16,9 56,1 5,8 1 584 Tabellen viser fleire interessante mønster i byungdommens flyttemønster. Mellom anna viser talmaterialet at utflyttinga frå byane går til byens omland innanfor fogderia. Det betyr at ungdom som flyttar frå Ålesund, vel å flytte til kommunar på Sunnmøre. Det same mønsteret er tydeleg også i Romsdal og på Nordmøre. Elles ser vi at i 11 av fylkets kommunar er den relative tilflyttinga frå byane større enn tilflyttinga frå dei andre kommunane i fylket. Funna viser også at det er byen i dei respektive kommunane sitt fogderi som betyr mest i forhold til relativ tilflytting frå byane, med eit unntak Gjemnes. Her er den relative andelen av tilflyttinga frå Molde klart større enn tilflyttinga frå Kristiansund. Tabellen indikerar dessutan at for mange av kommunane i fylket, betyr tilflyttinga frå landet elles og utlandet meir enn tilflytting frå byen. Dette gjeld for alle fylkets kommunar, med unntak av Frei. Held vi internflyttinga utanfor, betyr den relative innflyttinga frå landet og utlandet meir for 18 av fylkets kommunar. I desse kommunane kom over 50 % av innflyttinga til kommunane frå landet og utlandet. Internflyttinga i fylket Talmaterialet ovanfor indikerar at ein stor andel av unge som flyttar internt i fylket, vel å flytte til ein kommune i sitt fogderi. Denne svake regionale orienteringa, blir stadfesta i dei følgjande tabellane. Tabell 9: Internflytting i fylket, mellom fogderia i perioden 1980 2005. Prosent. PANDA. Sunnmøre Romsdal Nordmøre N Frå Sunnmøre 86.2 10.1 3.7 30 863 Frå Romsdal 24.0 56.0 20.0 13 482 Frå Nordmøre 9.8 19.4 70.8 14 806 Tabellen viser at fleirtalet av dei som flyttar internt i fylket, vel å flytte til ein kommune innanfor sitt fogderi. Dette gjeld for heile 86 % av sunnmøringane og 71 % av nordmøringane. Også eit

fleirtal av romsdalingane vel ein av kommunane i eige fogderi, men talmaterialet indikerar at dølane er noko meir regionalt orientert enn møringane. Dette mønsteret har ikkje endra seg dei siste 25 åra, men samtidig indikerar talmaterialet at nordmøringane er blitt noko meir regionalt orientert(vedlegg 1). Tabellen nedanfor viser korleis dei unge frå byane flyttar på seg innanfor fylket. Tabell 10: Flytting frå byane til Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre, 1980 2005. Prosent. PANDA. Sunnmøre Romsdal Nordmøre N Frå Molde 21.9 52.4 25.8 5 375 Frå Kristiansund 9.6 11.5 78.9 4 988 Frå Ålesund 81.3 13.5 5.2 7 701 Talmaterialet viser at unge frå byen vel ein av kommunane i eige fogderi. Dette gjeld for 81 % av alle som flyttar frå Ålesund og 79 % av dei som flyttar frå Kristiansund. Dei unge frå Molde framstår som meir regionalt orientert i dette materialet; knappe 50 % flyttar til ein av kommunane i Romsdal, resten fordeler seg nokså likt mellom Sunnmøre og Romsdal. Dette mønsteret er også tydeleg om ein deler perioden 1980 2005 inn i ulike periodar. Det er nokre prosentvise skilnader frå periode til periode, men mønsteret er det same. Dei unge frå Molde er klart meir regionalt orientert enn dei frå Kristiansund og Ålesund (vedlegg 2). Orienteringa innanfor eige fogderi, kjem også til uttrykk om vi ser på flyttinga frå fogderia og inn til byane. Tabell 11: Flytting frå kommunane til byane, 1980 2005 etter fogderi. Prosent. PANDA. Molde Kristiansund Ålesund Andre k i MR N Frå Sunnmøre 4.5 1.4 26.3 67.7 30 863 Frå Romsdal 25.3 4.9 10.3 59.5 13 482 Frå Nordmøre 10.7 26.1 3.9 59.4 14 806 Kvar fjerde person som flyttar frå kommunane i det enkelte fogderi, flyttar inn til fogderi-byen. Dette mønstret er tydeleg både hos møringane og dølane. Vidare viser talmaterialet at ein noko større andel av nordmøringane og romsdalingane flyttar til dei andre byane i fylket, samanlikna med sunnmøringane. Dette mønsteret har ikkje endra seg i særleg grad sidan 1980.

Samandrag Eit sentralt trekk i Noreg er den stadig aukande sentraliseringa av befolkninga. Vi ser også denne utviklinga i Møre og Romsdal ved at stadig fleire bur i byane og tettstadane i fylket. Samtidig viser utviklinga over tid at eit stadig mindre fødselsoverskot i kombinasjon med nettoflytting ut frå fylket resulterar i ei svak folketalsutvikling. Det er blant dei unge at Møre og Romsdal fylke har eitt nettoflyttetap. Dette notatet har hatt som målsetting å teste oppfatninga om at byane i Møre og Romsdal har ei sentral rolle i å demme opp for og hindre utflytting frå fylket, spesielt blant unge i aldersgruppa 20 34 år. Fleire funn peikar i retning av at denne rolle er svekka. I perioden 1980 2005 er andelen som flyttar ut av fylket større enn andelen som flyttar internt i fylket. Av i alt 133 523 personar som har flytta frå heimkommunen sin i denne perioden, har 56 % flytta ut av fylket. Talmaterialet indikerar ei auke i den relative flyttinga inn til byen, men samtidig indikerar talmaterialet at i takt med denne auka orientering inn mot byane, går andelen som flyttar til dei andre kommunane i fylket ned og andelen som flyttar ut av fylket opp. Det er til dels store skilnader mellom kommunane. I 22 av fylkets kommunar er andelen som flyttar ut av fylket større enn andelen som flyttar internt i fylket, og det er berre Skodje og Frei som kan vise til at ein større andel flyttar til ein av byane i fylket enn ut av fylket. Talmaterialet har dessutan vist at i dei større bygdebyane i fylket, synes den bymessige orienteringa å vere svak. Dette gjeld også for nokre av kommunane på Nordmøre, og då i særleg grad Rindal. Funna i talmaterialet kan indikere ei svak regional orientering blant ungdom og unge vaksne i Møre og Romsdal. Dette blir til ein viss grad stadfesta når vi ser på mønsteret i internflyttinga. Fleirtalet av dei som flyttar internt i fylket, vel å flytte til ein kommune innanfor sitt fogderi. Dette gjeld i særleg grad nordmøringane og sunnmøringane. Materialet har også vist at kvar fjerde person som flyttar frå det enkelte fogderi, flyttar inn til fogderi-byen. Det er også eit sentralt funn i materialet at dølane synes å vere meir regionalt orientert enn møringane.

Vedlegg Vedlegg 1 Internflytting i fylket, fordelt etter ulike periodar. Prosent. PANDA. 1980-85 Sunnmøre Romsdal Nordmøre Sum Flytting frå Sunnmøre 85,0 11,5 3,5 7 380 Romsdal 22,4 55,4 22,3 3 429 Nordmøre 7,9 20,9 71,2 3 393 1986-95 Sunnmøre Romsdal Nordmøre Sum Flytting frå Sunnmøre 85,4 10,7 3,8 11 255 Romsdal 24,4 55,4 20,1 5 003 Nordmøre 9,1 18,6 72,3 5 820 1996-05 Sunnmøre Romsdal Nordmøre Sum Flytting frå Sunnmøre 87,5 8,7 3,8 12 228 Romsdal 24,7 56,9 18,4 5 050 Nordmøre 11,7 19,4 68,9 5 593 Vedlegg 2 Internflytting i fylket, frå byen til fogderia i ulike periodar. Prosent. PANDA. 1980-85 Sunnmøre Romsdal Nordmøre Sum Flytting frå Molde 19,2 51,2 29,3 1 442 Kristiansund 9,3 12,6 78,1 1 160 Ålesund 82,5 13,8 3,7 1 804 1986-95 Sunnmøre Romsdal Nordmøre Sum Flytting frå Molde 22,2 51,8 26,0 1 934 Kristiansund 8,2 10,9 80,9 1 951 Ålesund 80,1 14,7 5,2 2 580 1996-05 Sunnmøre Romsdal Nordmøre Sum Flytting frå Molde 23,4 53,5 23,1 1 999 Kristiansund 11,2 11,6 77,3 1 877 Ålesund 81,5 12,5 6,0 3 317