HORDALAND FYLKESKOMMUNE SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND 2003-2004 Hordaland fylkeskommune, Arbeidslaget Analyse, utgreiing og dokumentasjon, juli 2004. www.hordaland.no/ru/aud/
Innleiing Ved hjelp av automatiske metodar har Statistisk sentralbyrå (SSB) lokalisert og avgrensa sentrumsområde basert på informasjon om bygningar og næringsverksemd (kart/ registerdata). Føremålet med statistikken er å følgje endringar i utbreiing og arealbruk i senter, samt å kunne knytte dette til demografisk og økonomisk statistikk. SSB sin sentrumsdefinisjon: 1. Eit sentrum er eit område sett saman av ein eller fleire sentrumskjernar og ei sone på 100 meter rundt kjerna. 2. Ein sentrumskjerne er eit område med meir enn tre ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar. I tillegg til detaljvarehandel, må offentleg administrasjon eller helse og sosiale tenester eller annan sosial og personleg service vere representert. Avstanden mellom bedriftene skal ikkje vere meir enn 50 meter. Det vart i 2003 færre sentrumsområde og mindre sentrumsareal. Dette har ført med seg at det no er færre busette, verksemder og tilsette i desse områda. - - - - - - For at beskrivingar av lokaliseringar og avgrensningar ut frå kart-/ registerdata skal vere korrekte er det heilt avgjerande at kvaliteten på dei dataene som SSB får inn og legg inn i sitt system er gode. Dei tala og karta som er brukt i dette notatet er publisert som offentleg statistikk og er dermed vurdert å ha tilfredsstillande kvalitet. Det kan likevel forekome at statistikken og karta ikkje gir eit heilt rett bilete av røyndomen. Notatet bør derfor lesast i lys av lokalkunnskap og annan kunnskap om problemstillingane. - - - - -- - Færre sentrumsområde Fråfallet av sentrumsområde har si direkte årsak i bortfall av bedrifter med sentrumsfunksjon i desse områda. Nye konsentrasjonar av bedrifter har ført til nokre nye sentrumsområde, men dette kompenserer ikkje for bortfallet av dei tidlegare områda. På landsbasis er det i 2003 kome til 63 nye sentrumsområde, medan 153 har vorte borte. Samstundes har nokre eksisterande sentrumsområde vorte fragmentert. Alt i alt har desse endringane ført til at det er 82 færre sentrumsområde i 2004 enn i 2003. Det er særleg bedrifter i næringane Annan forretningsmessig tenesteyting, Omsetjing og drift av fast eigedom og Annan personleg tenesteyting med få tilsette som har vorte lagde ned eller flytta frå dei tidlegare sentrumsområda. Den største nedgangen i talet på sentrumsområde kom i dei større byane (20 000 innb. el. meir), der 60 sentrumsområde forsvann. Aktiviteten, målt ved talet på arbeidsplassar, i Bergen sentrum gjekk noko tilbake. Dei andre av dei største byane i landet hadde ei tilsvarande utvikling, men i Bergen (og i Stavanger/Sandnes) var det også ein nedgang i bydelssentera. Verksemda i sentrumsområda i byar med meir enn 20 000 innb. har vorte meir konsentrert det siste året. Medan sysselsetjinga har auka, har arealbruken i sentrumsområda gått ned med 4,8 prosent. 2
SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND Mesteparten av sentrumsområda i Hordaland ligg i Bergen Også i Hordaland vart det i 2003 færre sentrumsområde og mindre sentrumsareal. Talet på sentrumsområde i Bergen gjekk ned med 8, og på Husnes og Osøyro er der ikkje lenger noko sentrumsområde etter SSB sine kriterie. I Voss og Stord er der kome til to nye sentrumsområde. I Voss gjeld det eit kjøpesenter som ligg litt utanfor sentrum, i Stord vert Sagvåg no registrert som sentrumsområde. I 2004 er også Lonevåg i Osterøy registrert som sentrumsområde. Tal Areal % av tettst. sentr. arealet I sentrumsområda område km2 i kommunen Busette Arb. pl. Bedrifter Bergen 40 7,67 7,6 36 572 56 667 7 661 Stord 2 0,38 3,3 425 1 848 272 Odda 1 0,22 4,2 332 889 150 Voss 2 0,37 6,2 399 1 818 317 Kvam 2 0,26 5,5 204 639 97 Sund 1 0,05 2,7 11 99 13 Askøy 1 0,07 0,5 36 221 33 Vaksdal 1 0,12 5,6 329 272 48 Osterøy 1 0,06 2,6 23 66 6 Lindås 1 0,26 5,6 125 1 316 156 Austrheim 1 0,05 3,0 5 52 11 Tabellen viser kva område som er å rekne som sentrumsområde etter Statistisk sentralbyrå sin definisjon; etter kommune. Stord: Leivik, Sagvåg Voss: Vossevangen(sentrum), Haugamoen Kvam: Norheimsund og Øystese. Askøy: Kleppestø Sund: Sund senter(skogsvåg) Vaksdal: Dale Osterøy: Lonevåg Lindås: Knarvik Austrheim: Årås/Austrheim Torg Det er verdt å merke seg at to av fylket sine regionsenter, Straume og Osøyro, ut frå dei dataene som er brukt, ikkje ser ut til å tilfredsstille kravet om å ha meir enn tre ulike hovudnæringsgrupper med sentrumsfunksjonar samla på ein stad, der i tillegg til detaljvarehandel, offentleg administrasjon eller helse og sosiale tenester eller annan sosial og personleg service er representert. Utanom Bergen er det Stord og Voss som har flest arbeidsplassar og bedrifter konsentrert i sentrumsområde. 3
Store forskjellar mellom sentrumsområde % av bedr I sentrumsområde i kommunen Tilsette per bedrift % av kommune % av region i sentr. omr. Sentr.omr. kommunen Busette Arb. pl. Busette Arb. pl. Bergen 42,1 7,4 7,4 15,5 42,2 10,8 33,2 Stord 24,2 6,8 7,9 2,6 20,8 1,4 12,9 Odda 26,6 5,9 6,4 4,4 24,8 2,8 16,6 Voss 19,9 5,7 4,0 2,9 28,7 2,5 24,9 Kvam 11,0 6,6 4,4 2,4 16,3 2,1 14,5 Sund 3,7 7,6 4,6 0,2 6,1 Askøy 2,9 6,7 5,1 0,2 3,9 Vaksdal 16,3 5,7 5,6 7,9 16,5 Osterøy 0,9 11,0 3,6 0,3 2,9 Lindås 13,8 8,4 5,0 1,0 23,1 0,4 12,3 Austrheim 5,1 4,7 4,7 0,0 5,3 I tabellen over er gjengjeve nokre måltal for i kor stor grad verksemda i kommunane/ regionane er konsentert i dei aktuelle sentrumsområda. Regionane: Regionberekningane er gjort med utgangspunkt i bu- og arbeidsmarknadsregionar som definert av NIBR (2001-2202), men med overlappande regionar i Bergensområdet. Sidan sentrumsområda i omlandskommunane er på eit anna sentralitetsnivå enn dei mest sentrale delene av Bergen, er det for Bergensområdet nytta delregionar, i tillegg til heile bu- og arbeidsmarknadsregionen Bergen. For Nordhordland (Regionsenter Knarvik i Lindås) er nytta den tradisjonelle avgrensninga, som går over tre bu- og arbeidsmarknadsregionar. Bergen: Bergen, Askøy, Fjell, Sund, Øygarden, Os, Fusa, Samnanger, Osterøy, Vaksdal, Meland, Lindås, Radøy, Austrheim. Stord: Stord, Fitjar, Bømlo Odda: Odda, Ullensvang, Eidfjord Voss: Voss, Granvin, Ulvik Kvam: Kvam, Jondal Lindås: Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden Andelen bedrifter og arbeidsplassar som ligg i sentrumsområde er størst i Bergen, med over 42 %. Også Stord, Odda, Voss og Lindås har ein viss konsentrasjon av kommunen sine bedrifter og arbeidsplassar til sentrumsområda. I Sund, Askøy, Osterøy og Austrheim betyr sentrumsområda lite for lokalisering av bedrifter og arbeidsplassar, men for brukarane av dei tenestene som finst i sentera kan det vere gunstig å ha dei samla på ein stad. Sentrumsområda betyr mykje mindre som bustadområde enn som lokaliseringsstad for bedrifter, særleg i kommunane utanfor Bergen. I Sund, Askøy, Osterøy, Lindås og Austrheim bur det få eller ingen i sentrumsområda. I alle kommunane utanom Stord er talet på tilsette per bedrift i sentrumsområdet likt eller større enn tilsvarande tal for kommunen. Det tyder på at bedriftene (arbeidsplassane) i sentera jamt over er større enn andre stader i kommunen. 4
SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND Redusert sentrumsareal i Bergen, litt aukande andre stader Endring 2003-2004 Areal km2 Busette Arb. pl. Bedrifter Bergen -1,37-5 161-3 076-1 214 Stord 0,07 78 77 17 Odda 0,01 4-72 0 Voss 0,06 8 90 20 Kvam 0-11 56 0 Sund 0 1 9-3 As køy 0 0-10 0 Vaksdal 0 18 17 2 Osterøy 0,06 23 66 6 Lindås 0,04 7 85 2 Austrheim 0,01 5-2 2 I Bergen gjekk sentrumsområda sitt areal ned i 2003, medan det i dei andre kommunane er uendra eller har auka litt. Med unnatak av talet på arbeidsplassar i Odda, var det ingen dramatiske endringar i aktiviteten i sentrumsområda i kommunane. Osterøy har ikkje vore registrert med eit senterområde før i 2004. - - - - - - Kart: På dei følgjande sidene følgjer kartskisser som viser sentrumsområda i fylket, slik dei er definert per 1. januar 2004. 5
6
SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND 7
8
SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND 9
10
SENTRUMSOMRÅDE I HORDALAND - - - - - - - - Kjelde: http://www.ssb.no/arealsentrum/ Kartgrunnlag; Statens kartverk. Forsidebilde: Dale, Vaksdal Foto: Sveinung Klyve/ Brit Bjørlykke, Program for byggeskikk og tettstadforming 11