Arkiv: G00 Arkivsaksnr: 2010/2350-7 Saksbehandlar: Gunhild Eidsli Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutval for oppvekst og omsorg Drøftingssak 16.03.2011 Kommunestyret 19/11 01.04.2011 Vedlegg 1 Rapport fra utvalg for revisjon av prehospital plan i Helse Midt-Norge 2 Uttale om framtidig ambulansetilbod i Surnadal kommune 3 Uttale om framtidig ambulansetilbod i Surnadal kommune 4 Uttale vedr. forslag om kutt i ambulanseberedskapen i Surnadal 5 Uttale vedr. forslag om kutt i ambulanseberedskapen i Surnadal 6 Høringsbrev prehospital plan for Helse Midt-Norge 7 ambulanse 8 Høringsbrev prehospital plan for Helse Midt-Norge Saksopplysningar Helse Midt-Norge har siste året gjennomført eit arbeid med revisjon av prehospital plan i nært samarbeid med representantar fra helseforetaka og regionalt brukarutval. Prehospital plan omfattar ambulansetenesta, nødmeldetenesta og luftambulansetenesta i Midt-Norge. To dialogmøte er gjennomført med deltakarar frå helseforetak, ambulansedrivarar m/tillitsvalde og kommunane i Midt-Noreg. Helse Midt-Norge inviterer nå Kommunenes sentralforbund (KS), dei lokale helseforetaka og innbyggjarane i Midt-Noreg til å komme med innspill til korleis dei prehospitale tenestene skal organiserast. Høyringsfristen til Helse Midt Norge er sett til 15. april. I brev datert 14.03.2011 ber Helse Nordmøre og Romsdal HF om berørte kommunar på Nordmøre sin uttale i samband med saka. Dei ber om tilbakemelding innan den 11.04.2011. Arbeidsgruppa som har forberedt revisjonen av prehospital plan har laga eit utkast til ny plan. Prehospital plan ble behandla på styremøte i Helse Midt-Norge 3/2-11 der styret gjorde følgjande vedtak: 1. Styret for Helse Midt-Norge RHF legger til grunn det overordnede prinsipp om at befolkningen skal gis nødvendig spesialisthelsetjeneste av høy kvalitet og med god tilgjengelighet, og at dette er førende også for de prehospitale tjenestene. 1
2. Styret for Helse Midt-Norge RHF ber om HF-styrenes vurdering av de avledede prinsipielle spørsmål som fremgår av saken. 3. Styret for Helse Midt-Norge ber om at adm.direktør i samarbeid med KS innhenter kommunenes syn på de avledede prinsipielle spørsmålene i saken. 4. Styret ber det enkelte HF-styret kommentere stasjonering av ambulansene i sitt område i samarbeid med de berørte kommunene. 5. Styret i Helse Midt-Norge tar stilling til prehospital plan i styremøte i april/mai. Helse Midt-Norge skriv det vidare slik: Gjennom diskusjoner i arbeidsgrupper og i møter med kommuner og ambulansedrivere har vi kartlagt hvordan disse tjenestene fungerer i dag, og en del alternative løsninger til utfordingene som vi står overfor de neste årene. Arbeidsgruppen som har forberedt revisjonen av prehospital plan har laget et utkast til ny plan. (.)Forslaget er ikke sluttbehandlet i Helse Midt-Norge, men vil bli behandlet sammen med alle høringssvarene som kommer inn. I høringsrunden ber vi deg ikke om tilbakemeldinger på planforslaget, men ønsker heller dine innspill til grunnlaget for en ny plan. Derfor ønsker vi i stedet at du svarer på tre viktige, prinsipielle spørsmål: 1. Skal det være et førende prinsipp at hele ambulansetjenesten i Midt-Norge skal drives av helseforetakene selv, eller kan deler av tjenesten drives av private ambulansedrivere etter en anbudskonkurranse? 2. Skal det være et førende prinsipp at hjemmevakt skal begrenses i størst mulig grad? 3. Hvor mange AMK-sentraler bør det være i Helse Midt-Norge? Styra i helseforetaka blir og bedt om å vurdere forslaga til stasjonering av ambulansane i sitt område i samarbeid med dei berørte kommunane. Surnadal kommune v/ordførar Mons Otnes sende ein uttale ang. saka før prehospital plan for Helse Midt-Norge vart sendt på høyring. Denne er lagt ved til orientering. Surnadal kommune har motteke innspel frå lokale aktørar som og er lagt ved saka til orientering. Vurdering Hovudutval for oppvekst og omsorg drøfta saka i møte den 16.03.2011 og ut i frå dei tilbakemeldingane utvalet kom med då har rådmannen laga eit utkast til høyringsuttale frå Surnadal kommune. Rådmannen si tilråding Surnadal kommunestyre vil gje følgjande uttale i samband med høyring om prehospital plan for Helse Midt-Norge: Stasjonering av ambulansane Surnadal kommune aksepterer ikkje forslaget om at éin døgnambulanse i Surnadal kommune skal gjerast om til dagambulanse 7 dagar i veka. Om innstillinga til utvalet skulle blir følgd vil vår kommune berre ha éin ambulanse på vakt mellom kl. 1800 og 0800. Frå nyttår av har Surnadal kommune inngått nytt legevaktsamarbeid med Orkdalsregionen. Eitt av argumenta for nytt legevaktsamarbeid var at vi hadde tilgang til dyktig ambulansepersonale. At vi no kan risikere å stå utan bakvakt halve døgnet vil derfor vere heilt uakseptabelt.
Før det vart fatta vedtak om deltaking i eit interkommunalt legevaktsamarbeid vart det gjennomført ein Risiko og sårbarheitsanalyse der noverande ambulanseteneste vart lagt til grunn i vurderingane. Dersom det blir gjennomført endringar i ambulansetilbodet i Surnadal kommune blir grunnlaget for vurderingane endra drastisk, og det vil vere vanskeleg å vidareføre legevaktsamarbeidet. Eit viktig argument for legevaktsamarbeid er å sikre tilgang til kvalifiserte legar og i framtida, og dette vil bli ei stor utfordring for Surnadal kommune dersom vi må tilbake til tidlegare ordning. Det er og viktig å nemne at ei endring i ambulansetilbodet i Surnadal vil få konsekvensar for Rindal kommune då ambulansen i Surnadal har fungert som bakvakt for ambulansen i Rindal kommune. For innbyggarane i kommunen er det betryggjande at ambulansetenesta er så bra som den er i dag, og det er avgjerande for oss at den framleis blir på dette nivået. Med tanke på avstandane i kommunen og til sjukehus er tid og kompetanse viktig. Privat eller eiga drift av ambulansetenesta: Surnadal kommune meiner at dagens ordning med private utøvarar fungerer godt og har ingen merknader til vidareføring av dagens modell. Heimevakt: Surnadal kommune meiner at ambulansane bør vere døgnbemanna. Talet AMK-sentralar i Midt-Norge: Surnadal kommune går inn for alternativet med 2 AMK-sentralar. I Møre og Romsdal har ein no etablert eit felles helseforetak, og etter vår vurdering er det naturleg å sjå dette i samanheng. Dersom AMK-sentralen i Molde blir nedlagt må ein sjå på kva AMK-sentral Surnadal skal høyre inn under. I og med at Surnadal kommune deltek i samarbeid med Orkdalsregionen om legevaktstelefon og legevakt, samt at pasientstraumen går nordover mot Orkdal og Trondheim når det gjeld akutte innleggingar, ser vi det som naturleg at vårt område blir lagt inn under AMK-sentralen ved St. Olavs hospital. Surnadal kommune støttar ikkje forslaget om bruk av 2-bårebil som eit alternativ til luftambulansetransport (fly/helikopter). Det vil vere ei belastning for pasientane som skal overførast frå/til St. Olavs hospital frå lokalsjukehusa i Møre og Romsdal. Med den vegstrukturen og dei avstandane vi har i dag ser vi på dette som ei svært belastande ordning i høve det å bli transportert med luftambulansetransport. Behandling i Kommunestyret - 01.04.2011 Rådmannen endra tilrådinga si i siste pkt. til: Surnadal kommune støttar ikkje forslaget om bruk av overføringsambulanse med 2 bårer som eit alternativ til luftambulansetransport (fly/helikopter). Det vil vere ei belastning for pasientane som skal overførast frå/til St. Olavs hospital frå lokalsjukehusa i Møre og Romsdal. Med den vegstrukturen og dei avstandane vi har i dag ser vi på dette som ei svært belastande ordning samanlikna med det å bli transportert med luftambulansetransport. Forslag: Lars Polden sette fram følgjande endringsforslag:
I andre avsnitt linje 5 under punktet Stasjonering av ambulansane blir ordet vanskeleg erstatta med uaktuelt. Under punktet Heimevakt blir ordet bør erstatta med må. Votering: Forslaget frå Lars Polden vart samrøystes vedteke. Samla votering: Den endra tilrådinga frå rådmannen og det vedtekne endringsforslaget vart samrøystes vedteke. Kommunestyret sitt vedtak: Surnadal kommunestyre vil gje følgjande uttale i samband med høyring om prehospital plan for Helse Midt-Norge: Stasjonering av ambulansane Surnadal kommune aksepterer ikkje forslaget om at éin døgnambulanse i Surnadal kommune skal gjerast om til dagambulanse 7 dagar i veka. Om innstillinga til utvalet skulle blir følgd vil vår kommune berre ha éin ambulanse på vakt mellom kl. 1800 og 0800. Frå nyttår av har Surnadal kommune inngått nytt legevaktsamarbeid med Orkdalsregionen. Eitt av argumenta for nytt legevaktsamarbeid var at vi hadde tilgang til dyktig ambulansepersonale. At vi no kan risikere å stå utan bakvakt halve døgnet vil derfor vere heilt uakseptabelt. Før det vart fatta vedtak om deltaking i eit interkommunalt legevaktsamarbeid vart det gjennomført ein Risiko og sårbarheitsanalyse der noverande ambulanseteneste vart lagt til grunn i vurderingane. Dersom det blir gjennomført endringar i ambulansetilbodet i Surnadal kommune blir grunnlaget for vurderingane endra drastisk, og det vil vere uakseptabelt å vidareføre legevaktsamarbeidet. Eit viktig argument for legevaktsamarbeid er å sikre tilgang til kvalifiserte legar og i framtida, og dette vil bli ei stor utfordring for Surnadal kommune dersom vi må tilbake til tidlegare ordning. Det er og viktig å nemne at ei endring i ambulansetilbodet i Surnadal vil få konsekvensar for Rindal kommune då ambulansen i Surnadal har fungert som bakvakt for ambulansen i Rindal kommune. For innbyggarane i kommunen er det betryggjande at ambulansetenesta er så bra som den er i dag, og det er avgjerande for oss at den framleis blir på dette nivået. Med tanke på avstandane i kommunen og til sjukehus er tid og kompetanse viktig. Privat eller eiga drift av ambulansetenesta: Surnadal kommune meiner at dagens ordning med private utøvarar fungerer godt og har ingen merknader til vidareføring av dagens modell. Heimevakt: Surnadal kommune meiner at ambulansane må vere døgnbemanna. Talet AMK-sentralar i Midt-Norge: Surnadal kommune går inn for alternativet med 2 AMK-sentralar. I Møre og Romsdal har ein no etablert eit felles helseforetak, og etter vår vurdering er det naturleg å sjå dette i samanheng.
Dersom AMK-sentralen i Molde blir nedlagt må ein sjå på kva AMK-sentral Surnadal skal høyre inn under. I og med at Surnadal kommune deltek i samarbeid med Orkdalsregionen om legevaktstelefon og legevakt, samt at pasientstraumen går nordover mot Orkdal og Trondheim når det gjeld akutte innleggingar, ser vi det som naturleg at vårt område blir lagt inn under AMK-sentralen ved St. Olavs hospital. Surnadal kommune støttar ikkje forslaget om bruk av overføringsambulanse med 2 bårer som eit alternativ til luftambulansetransport (fly/helikopter). Det vil vere ei belastning for pasientane som skal overførast frå/til St. Olavs hospital frå lokalsjukehusa i Møre og Romsdal. Med den vegstrukturen og dei avstandane vi har i dag ser vi på dette som ei svært belastande ordning samanlikna med det å bli transportert med luftambulansetransport.