Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

Like dokumenter
Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

Startlån fra kommunen. kan oppfylle boligdrømmen din!

Tilpassing av bustad. Finansieringsalternativ

Startlån. en gunstig låneordning fra kommunen

FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT

Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låg inntekt

Startlån. en gunstig låneordning fra kommunen

Bustønad Ei stønadsordning for deg med høge buutgifter og låge inntekter

Tilpasning av bolig. Finansieringsmuligheter

Utbetaling: Månadleg Søknadsfrist: Den 14. i kvar månad Vedtak og utbetaling: Ca. den 10. i månaden etter

Bustønad. Ei stønadsordning for pensjonistar og barnefamiliar

Grunnlån. Nye bustader Utbetring og tilpassing av bustader

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Retningslinjer for tildeling av startlån, samt tilskudd til etablering og tilpasning av bolig m.m.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 15/2014 Formannskapet PS /2014 Kommunestyret PS

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL. Formannskapet

Husbankens låne- og tilskuddsordninger

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

En støtteordning for deg med høye boutgifter og lav inntekt

Finansiering av heisprosjekt. Husbankens finansieringsordningar v/ Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar i Husbanken

Forskrift om bustøtte

Bustøtteforskriften Utskriftsdato: Status: Dato: Nummer: Utgiver: Dokumenttype: Full tittel: Ikrafttredelse:

Søknad om startlån, tilskot til etablering og tilpassing

Retningslinjer for startlån. Lunner kommune

Terminer: Månedlig Søknadsfrist: Den 14. i hver måned Utbetaling: Ca. den 10. i måneden etter

Kommunale retningslinjer for startlån og tilskudd

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

Oppgradering av eksisterende boligmasse. Husbankens økonomiske verkemidlar v/ Sigbjørn Spurkeland, Husbanken vest

Husbankens låne- og tilskuddsordninger. Saksbehandler Egil Måseide Saksbehandler Erik Lahr Enhet for bolig- og tjenestetildeling

Bolig. 1) Jf. lov av 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer 6-1.

4. Tilleggsopplysningar ved kjøp av leilegheit i burettslag Namn på burettslaget

MEKLING FOR FORELDRE MEKLING FOR FORELDRE FORELDRE FOR MEKLING

Saksprotokoll. Tittel: Saksprotokoll: Godkjenning av møtebok og referat/orienteringssaker. Arkivsak: 15/2734

Bosetting av flyktninger

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

Søknad om bustadtilskot

Husbankens låne- og tilskuddsordninger. Saksbehandler Egil Måseide Saksbehandler Erik Lahr Enhet for bolig- og tjenestetildeling

MØTEINNKALLING. Husnemnda. Side1. Møtedato: Steinkjer rådhus, Fredrikkesalen. Tidspunkt: 08:30 11:00

Har du langvarige boligfinansieringsproblemer, kan startlån bidra til at du kan skaffe deg en nøktern og rimelig bolig.

Bodø kommunes retningslinjer for startlån

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Retningslinjer for startlån. Søgne kommune

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Velferdsteknologi Husbankens rolle. Kristiansand, 19. februar 2015 Rådgiver Karina Culley

FLEIRE SKAL FÅ EIN TRYGG HEIM. Auka busetjing av vanskelegstilte på bustadmarknaden

6-åringar på skuleveg

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Søk regionalt miljøtilskot elektronisk

Tildeling av startlån, tilskot til etablering og tilskot til tilpassing av bustad for 2017

RETNINGSLINJER FOR TILDELING AV HUSBANKENS LÅNE- OG TILSKUDDSORDNINGER TIL BOLIGFORMÅL

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

Tilskotsordning for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar for 2019

Grunnlån. Nye boliger Utbedring og tilpasning av boliger

BUSTADPLAN

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2016/33 Levekårskomiteen Kommunestyret

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Forslag til forskrift

Kommunale retningslinjer for tildeling av startlån.

Tilrettelegging for hjemmeboende eldre Drammen Eldreråds konferanse 9. juni v/birgit C Huse, Husbanken sør

MØTEPROTOKOLL. Forfall: Camilla Storøy Hermansen MEDL KRF Olaug Andreassen MEDL AP Per Kristian Furø MEDL AP

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaksnr.: 09/809

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Bustadsosial handlingsplan for Time kommune TIME KOMMUNE

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Retningsliner for kulturmidlar i Radøy kommune

Retningslinjer for startlån AURE KOMMUNE RETNINGSLINJER FOR STARTLAÅ N

Flere boliger og universell utforming. Mål og virkemidler Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Universell utforming i Husbanken. Sigbjørn Spurkeland, Seniorrådgjevar i Husbanken

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0001/03 03/00072 BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN 1

Rettleiar for tilskot til tilpassing. For saksbehandlarar i kommunen

Brukerhåndbok for esøknad

Husbankfinansiering av vedlikehald og oppgradering av kommunale bustadar. Sigbjørn Spurkeland, rådgjevar «Boliger for fremtiden» 6.

Bustøtte for desember 2016 søknaden din er innvilga

Bostøtte 2008/09. En støtteordning for deg med høye boutgifter og lave inntekter

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

BUSTADSOSIAL HANDLINGPLAN I STORD KOMMUNE Stordkommune.doc pr

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

Prop. 137 L. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endringar i bustøttelova (bustøtte til enkeltpersonar i bukollektiv)

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av fast eiendom «som den er»

I Bustadsosial handlingsplan skal følgjande målgrupper prioriterast: Overordna strategi for det bustadsosiale arbeidet i Time kommune er:

REGLAR FOR KOMMUNALE TILSKOT TIL NÆRINGSLIVET I ÅSERAL.

Bosetting av flyktninger Husbankens tilbud

Hvordan møte eldrebølge

VESTBY KOMMUNE RETNINGSLINJER FOR STARTLÅN

Informasjon om oppretting og stadfesting av framtidsfullmaktar

Mind the gap. Sluttrapport. Undersøking om bustadmarknaden for unge med nedsett funksjonsevne. (Dykkar referanse 2012/BQ2H34)

Bustadsosial handlingsplan for Hallingdal

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Transkript:

kan oppfylle bustaddraumen din!

2 Innhald I denne brosjyren finn du informasjon om startlån frå kommunen. Du finn også informasjon om bustadtilskot og bustønad. Startlån er eit finansieringstilbod til deg, som ikkje får bustadlån på den vanlege kredittmarknaden. Du finn meir informasjon på www.husbanken.no. Ta gjerne kontakt med kommunen for råd, rettleiing og søknadsskjema. Startlån Bustadlån frå kommunen... 3 Kven kan få startlån?... 3 Føresetnader for å få lån... 4 Kva kan du få lån til?... 4 Kor stort lån kan du få?... 4 Slik søkjer du... 5 Bustadtilskot 6 Kva kan ein gi bustadtilskot til og kven kan få det?... 6 Slik søkjer du... 6 Til utgreiing eller prosjektering og utgreiing... 6 Slik søkjer du... 6 Bustønad Kven kan søkje bustønad?... 7 Slik søkjer du... 7

3 Startlån Foto: Husbanken/Olaug Thortveit Bustadlån frå kommunen Har du vanskar med å kome inn på bustadmarknaden eller å bli buande i bustaden din? Då kan startlån frå kommunen vere ei aktuell låneordning for deg. Dersom du har låg inntekt, kan startlånet kombinerast med bustadtilskot og/eller bustønad. Du kan lese meir om desse stønadsordningane lenger bak i brosjyren. Mange kommunar har utarbeidd eigne retningslinjer for korleis startlånsordninga skal brukast. Ta derfor kontakt med kommunen/ bydelen du har tenkt å kjøpe bustad i. Kven kan få startlån? unge i etableringsfasen barnefamiliar einslege forsørgjarar personar med nedsett funksjonsevne flyktningar personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag andre økonomisk vanskelegstilte

4 Føresetnad for å få lån Du har problem med å få lån på den private kredittmarknaden. Du må kunne betale renter og avdrag på lånet og samtidig ha nødvendige middel att til livsopphald. Bustaden må vere eigna for husstanden og rimeleg i forhold til prisnivået på staden der du skal bu. Bustaden må ligge i kommunen som gir lån. Kva kan du få lån til? kjøpe bustad: - til topp- eller fullfinansiering bli buande i bustaden: - til refinansiering av dyre lån - til utbetring byggje bustad: - til toppfinansiering Kor stort lån kan du få? Det er opp til den einskilde kommune å vurdere om du kan få lån, og eventuelt kor stort lånet blir. Somme kommunar samarbeider med private bankar om å sy saman ein finansieringspakke. Som eit utgangspunkt kan dei private bankane stå for grunnfinansieringa med vanleg lån, medan kommunen tar toppfinansieringa gjennom startlån. Ta kontakt med kommunen/bydelen din for å orientere deg om korleis dei brukar ordninga. Kalkulator for utrekning av lån Det er viktig å rekne ut kva eit lån faktisk vil koste deg. På www. husbanken.no finn du ein lånekalkulator som hjelper deg med å rekne ut kor stort lån du kan ta opp.

5 Slik søkjer du Du søkjer kommunen om lån til ein konkret bustad eller ei førehandsgodkjenning (finansieringsbevis). Ei førehandsgodkjenning er ei stadfesting på at du får lån og kor stor kjøpesummen kan vere. Med ei førehandsgodkjenning kan du bruke litt meir tid på å finne den rette bustaden. Eigedomsmeklarar krev denne type stadfesting før dei godtek eit bod. Søknaden skal sendast til og handsamast i kommunen/bydelen. Hugs å få med alle naudsynte opplysningar og vedlegg til søknaden, slik at sakshandsaminga går raskare. Søknadsskjemaet kan du laste ned frå nettsidene våre, eller du kan ta kontakt med kommunen/bydelen din. I einskilde kommunar er det mogleg å søkje elektronisk via Husbanken sine nettsider. foto: colourbox.com

6 Bustadtilskot Kva kan bustadtilskotet gjevast til og kven kan få det? Det kan gjevast tilskot til kjøp, bygging, refinansiering, utbetring og tilpassing av bustaden. Tilskotet er for dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det blir lagt vekt på at husstanden sin situasjon er av varig karakter, og tilskotet blir gitt ut frå ei økonomisk behovsprøving. Tilskotet kan brukast i kombinasjon med startlån og bustønad og kan vere ein del av toppfinansieringa. Dersom du har betalingsproblem og har vanskar med å behalde bustaden, kan kommunen gi deg økonomisk rettleiing. I spesielle tilfelle kan kommunen tilby deg startlån og tilskot slik at du kan behalde bustaden din. Ved tilskot til tilpassing skal det leggast vekt på at nokon i husstanden har behov for spesialtilpassing for å kunne fungere i bustaden. Slik søkjer du Søknadsskjema kan du laste ned frå nettsidene våre, eller du kan vende deg til kommunen/bydelen din. Søknadspapira blir sendt til kommunen/ bydelen og behandla der. Bustadtilskot til utgreiing eller prosjektering og utgreiing Dersom du har behov for spesialtilpassing av bustaden din, til dømes på grunn av nedsett funksjonsevne, kan Husbanken gi tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp med inntil 12 000 kroner. Det kan også gjevast tilskot til utgreiing i forkant av prosjekteringa på inntil 12 000 kroner. Slik søkjer du Søknadsskjema lastar du ned frå nettsidene våre, eller du kan få det tilsendt frå Husbanken. Søknaden skal leverast til kommunen.

7 Bustønad Bustønad er ei statleg støtteordning som blir administrert av Husbanken og kommunane. Føremålet med ordninga er å hjelpe husstandar med låg inntekt, og som slit med å handtere bu-utgiftene sine, til å etablere seg og bli buande i ein god bustad. Kven kan søkje bustønad? Du kan søkje om bustønad når du har fylt 18 år og du i Folkeregisteret er registrert som busett i bustaden. Studentar utan barn og personar som avtener førstegongs-/sivilteneste har ikkje rett til bustønad. Studentar utan barn kan likevel søkje, dersom dei studerer som eit ledd i eit offentleg program for arbeidskvalifisering. Foreldre som bur saman med barn som studerer, misser ikkje retten til bustønad. Slik søkjer du Søknadsskjema kan du laste ned frå nettsidene våre, eller du kan vende deg til kommunen/bydelen din. Søknadspapira skal sendast til kommunen/bydelen og handsamast der. Ta kontakt med kommunen, dersom du treng meir informasjon om bustønad, eller gå inn på www.husbanken.no. foto:colourbox.com

- Tips når du skal kjøpe bustad 1. Kjøper du bustad gjennom ein meklar, bør vedkomande ha den faglege kompetansen som er naudsynt for å ta vare på interessene dine. Likevel: Gransk bustaden grundig før du inngår avtale, og ta eventuelt med deg ein bygningskyndig. Seljar har streng opplysningsplikt, men du har også streng undersøkingsplikt. Ver særleg merksam på at du pliktar å setje deg inn i og gå grundig gjennom dokumenta (salsoppgåve, takst/tilstandsrapport/ bustadsalsrapport) som seljar og eigedomsmeklar legg fram om eigedomen. 2. Det er inngått bindande avtale når bodet er akseptert av seljar. Gi derfor aldri bod på fleire eigedomar samstundes! 3. Når du kjøper burettslagsleilegheit Hugs at den reelle kjøpesummen består av det du betaler (innskot/kontantdel) pluss din del av fellesgjelda i burettslaget. Vurder om du greier ein renteauke på heile kjøpesummen (både innskot og fellesgjeld). HB 7.E.28 (N) Utgitt av Husbanken, september 2010 Opplag: 2 000 Framsidefoto: Husbanken/Morten Flaten Alle skal kunne bo godt og trygt