JORDMORTEAMET PÅ HEIMEBESØK
JORDMORTEAMET - VI KJEM PÅ HEIMEBESØK Fødselen er overstått, og om ikkje lenge står ei jordmor frå Kvinneklinikken klar til å følgje deg opp heime. Her kan du lese litt om kva vi gjer når vi kjem heim til deg og kva du kan førebu deg på for å få mest muleg ut av besøket. Vårt første møte skjer dagen etter du reiser heim frå KK. Då avtaler vi det andre besøket og eventuelt fleire besøk dersom det trengs. SPØR OSS OM ALT! For at tida vi har saman skal bli nytt på best muleg måte, er det viktig at du gir beskjed om kva du ønskjer hjelp til. Jordmor set av tid til å svare på det du lurer på. Hos oss er ingen tema tabu: bekkenløysing, ryggplager, hemoroidar, åreknutar og korleis komme i gang igjen med sex igjen etter fødsel. Vi er klare til å svare på alt. Bruk gjerne notatfeltet bak i heftet til å skrive ned spørsmål som dukkar opp undervegs. Ammerettleiing Det er normalt at mjølkeproduksjonen ikkje er i gang for fullt når du reiser heim. Dei første dagane klarer barnet seg godt på det du produserer av råmjølk. Kvar gang barnet diar, blir brystet stimulert til å produsere mjølk. Morsmjølka kjem gradvis og som regel i løpet av dei første to til fire dagane etter fødsel. Tips for god ammestart: Ligg mykje hud mot hud med barnet La barnet die så ofte det vil Sjå til at barnet gaper høgt og har mykje bryst i munnen. Ved gode dietak skal barnet bevege kjeven Sjå til at barnet ligg med magen mot din mage, og ikkje vrir hovudet mot brystet La brystet lufttørke etter amming
Du må for all del ikkje vaske huset, rydde eller lage kaffimat fordi vi kjem! Vi er vande med rot og kjem for å treffe deg og barnet. Vi gler oss til å komme på besøk.
Mange barn er kvalme første døgnet etter fødsel. Då kan du oppleve at barnet gulpar og brekker seg. Om ikkje barnet vil die, kan det vere lurt å handmjølke brystet. Sjå video om korleis du gjer det, på ammehjelpen.no. Jordmor viser seg gjerne ulike ammestillingar og passer på at du har rett teknikk. Amming skal vere behageleg, så ikkje ver redd for å spørje dersom du føler at du ikkje får det til. Vi tipsar deg om korleis du kan handtere tette mjølkegangar, såre brystknoppar og brystbetennelse. Søvn og kvile Eit godt råd er å passe på å kvile samstundes som barnet søv den første tida etter fødselen. Pass gjerne på å få litt avlasting frå partnar heime, slik at du får tid til å komme deg etter fødselen. Ta det gjerne opp med jordmor dersom du syns det er vanskeleg å sove eller kvile. Undersøking av rifter og sting Jordmor kan undersøke at livmora trekker seg saman, og at rifter og sting gror slik dei skal viss du ønskjer det. Du må for all del ikkje vaske huset, rydde eller lage kaffimat fordi vi kjem! Vi er vande med rot og kjem for å treffe deg og barnet. Vi gler oss til å komme på besøk.
Barseltårer I den første tida etter fødsel er det ikkje uvanleg å føle seg sårbar psykisk. Tårene kjem fort og det skal lite til før ein blir sint og ute av seg. To til fire dagar etter fødsel kan ein oppleve å få barseltårer (gråtedag). Tilstanden kjem overraskande på mange, men går som regel raskt over. Dette vil vi gjerne snakke med deg om under heimebesøket. Vidare oppfølging Seks til ti dagar etter fødsel vi ei helsesøster frå Bergen kommune overta oppfølginga av deg og barnet ditt. Her vil du få vidare rettleiing og støtte rundt det du treng hjelp til og lurer på. Helsestasjonen tar sjølv kontakt og har ofte første møte heime hos deg. Etter avslutta barseloppfølging frå Kvinneklinikken, skal du kontakte fastlegen din dersom du eller barnet ditt blir sjuke. BARNET Høyrsel Alle nyfødde må få undersøkt høyrselen i løpet av dei første levevekene. Jordmor set ein liten plugg inn i øyret på barnet. Frå pluggen kjem ein svak knitrelyd, og vi måler lyden som kjem tilbake frå det indre øyret. For å kunne måle høyrselen, må det vere roleg og stille i rommet. Dersom barnet søv er det ekstra bra! Nyfødtscreening Denne blodprøven blir tatt av alle nyfødde i Noreg for å sjekke at dei ikkje har medfødde stoffskiftesjukdommar eller Føllings sjukdom. Desse sjukdommane er sjeldne, men det er veldig viktig at barna som har dei blir behandla så tidleg som muleg. Prøven blir analysert ved Oslo universitetssykehus. Om det er mistanke om sjukdom, blir foreldra straks kontakta av lege frå Kvinneklinikken. Blodprøven blir tatt i hælen på barnet.
Vektkontroll Det er vanleg at nyfødde barn mister opp til 10 prosent av fødselsvekta dei første fem til seks dagane. Jordmor vil vege barnet på heimebesøk og vektkontroll blir som regel tatt på tredje til femte dag. Gulsot Gulsot er auka mengder av fargestoffet bilirubin i blodet (hyperbilirubinemi) og dukkervanlegvis opp to til fire dagar etter fødsel. Som regel forsvinn det i løpet av dei neste ein til to vekene og normalt treng det ikkje behandling. Ved mistanke om gulsot bruker jordmor eit apparat der ein lysstråle mot huda til barnet måler nivået av bilirubin (bilicehck). Om bilirubinnivået er for høgt, tar jordmor utvida kontroll med blodprøve. Jordmor tar seg tid til å prate med deg og gi deg svar på det du lurer på.
KONTAKT OSS Treng du å snakke med ei jordmor, kan du ta kontakt med Barseltelefonen på Kvinneklinikken: 414 99 042. Ved akutt eller livstruande sjukdom hos mor eller barn, ring 113. Mine notat
www.helse-bergen.no Haukeland universitetssjukehus, telefon: 05300 2024278 Layout Kommunikasjonsavdelinga. Rev.15. juni 2016