Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM



Like dokumenter
18. Har det vore stor interesse i bygda eller grenda for slike møte, og har slike val ført til bygdestrid? Kva galdt i tilfelle striden?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 PRAKTISK MISJONSARBEID

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

REIP OG TAU. 2. Kva kalla ein slike tau, og nytta ein dette namnet same kva slag tre ein hadde tatt bast frå?

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Medlemsundersøking for Mållaget i Kristiansand november 2018

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Forslag. Her er to bilde av gutar og jenter som har det fint saman.

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2015/2016

G A M A L E N G K U L T U R

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

(Leikarringen vart skipa 14. november Lov og styringsføresegner sist endra )

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Forslag. Har de nokon gong lurt på kva som gjer at ein fest nærast lever sitt eige liv, at du kan planlegga éin ting, men så skjer ein heilt annan?

Stemnehandboka for NKSF

Til deg som bur i fosterheim år

Vågen, skulestad i 140 år

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

UNIVERSITETET I OSLO

DEN GODE HYRDEN. Det finst mange svar på spørsmålet, og svara våre avheng både av foreldrebileta våre og av erfaringane våre gjennom livet.

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

// Notat 2 // tapte årsverk i 2016

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

tapte årsverk i 2011

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Hei Guro, ei oppdatering frå Holmedal Ungdomslag.

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Velkommen til kulturskulen.

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Skuleåret 2017/2018.

// Notat 2 // tapte årsverk i 2014

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2018/2019

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Norsk etnologisk gransking Mars Ved Kristofer Sydnes. Spørjelista om religiøse truer og tilhøve, kyrkjeleg sed og skikk. Oppbyggjing i heimen

Innbyggarhøyring i Nesse skulekrins

Elevundersøkinga 2016

Forslag. Har du nokon gong lurt på korfor det er så vanskeleg å velja, eller korfor me no og då vel å gjera ting me eigenleg ikkje vil?


12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

o ARBOK FOR KARMSUND HAUGESUND MUSEUM o ARSHEFTE ) OG HISTORIELAGET FOR HAUGESUND OG BYGDENE

ØKONOMI- OG ORGANISASJONSAVDELINGA HR-seksjonen

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Svar på «Høring om Justering av hovedgudstjenesten og alminnelige bestemmelser» frå Volda sokn

POLITISK SAKSHANDSAMINGSREGLEMENT FOR HÆGEBOSTAD KOMMUNE

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Fra Forskrift til Opplæringslova:

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

NY/UTSATT NASJONAL DELEKSAMEN I MATEMATIKK FOR GRUNNSKULELÆRAR - UTDANNINGANE GLU 1 7 OG GLU 5 10

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - November. Slik så den ut i. og slik ser den ut i dag.

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Brødsbrytelsen - Nattverden

Kapittel 5. Klage på vurdering (Opplæringslova 2-3 tredje ledd, 3-4 første ledd, 4A-4 femte ledd)

Vekeplan for 5. trinn Veke 2, 2018 Namn: Måndag 8. januar Tysdag 9. januar Onsdag 10. januar Torsdag 11. januar Fredag 12. januar

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Plan for undervisning

BARNEVERNET. Til beste for barnet

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

Refleksjon og skriving

Bruk av driftsmidlar Frifond

Evaluering av NSSU AUD- rapport nr. 2-11

Finnøy og Rennesøy kommunar

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i mars 1962 Emne nr. 89 KRISTELEG MØTEVERKSEMD OG MØTEFORM 1. Kva kallar De eit kristeleg møte i Dykkar bygd: møte, forsamling, samling, oppbyggelse e.a.? Dersom De kan nytte alle desse nemningane, er det då nokon skilnad i tyding eller bruk? 2. Kor mange kristelege lag og samskipnader (ikkje kvinneforeningar) med regelbunden møteverksemnd er det i bygda i dag? 3. Kva for lag er dette, når vart kvart einskild av desse laga skipa, og kor mange medlemer har dei? 4. Kor ofte og kva dag i veka har kvart einskild lag møte? 5. Vert slike møte alltid haldne om kvelden? 6. Når tok kvart einskild lag til med denne regelbundne møteverksemd, og har det seinare hatt møte på same stad, dag og tid? Gjer greie for dei skifte som det måtte ha vore og for grunnane til dei. 7. Er det kristelege lag eller samskipnader i bygda som har faste møte samstundes med at det er eller var gudsteneste i kyrkja? Kva for lag er i tilfelle dette? Dersom det har vore slike møte tidlegare men ikkje nå lenger, vil vi gjerne få vita så nokolunde dei åra då dette gjekk for seg. 8. Har det vorte eller vert det halde regelbundne møte som fleire kristelege lag eller samskipnader er saman om. Kva for lag er i tilfelle dette? Korleis er i tilfelle ansvaret for møta delt på kvart einskild lag (etter tur, i samsvar med medlemstalet i kvart lag, ansvaret lagt på ei møtenemnd e.a.)? 9. Har det vorte eller vert det halde regelbundne kristelege møte som ikkje noko einskild lag eller samskipnad er ansvarleg for? Kven var eller er det då som var (er) ansvarleg for møta (ein veneflokk, ein einskild person e.a.)?

10. Har dei regelbundne møte fått eit serskilt namn (torsdagsmøte, Kinamøte eller lignende)? 11. Dersom slike regelbundne møte alltid eller i serlege tilfelle vert gjort kjende ved lysing i avis, kva for aviser er då det? 12. Vert dei regelbundne møte alltid kunngjorde for folk, og korleis vert dette i tilfelle gjort (ved lysing i avis, ved plakatar eller på annan måte), 13. eller vert regelbundne møte kunngjorde for folk berre i serskilde tilfelle, og kva for tilfelle er då det (når det er en framand talar eller ein talar som ein trur at mange har hug til å høyra), 14. eller verd dei regelbundne møta aldri kunngjorde, og kvifor ikkje? 15. Er det aviser i distriktet der slike møte aldri vert kunngjorde, og kva for aviser er i tilfelle det? Kva er i tilfelle grunnen til dette? 16. Vert dei kunngjorde ved notis eller lysing i menighetsblad? 17. Er det kristelege lag eller samskipnader i bygda som berre har tilfeldige møte, t.d. kvar gong det kjem ein utsending frå hovudorganisasjonen? Kor mange slike lag er det i tilfelle, kva slag lag er det, når vart kvart einskild lag skipa og kor mange medlemer har dei? 18. Korleis vert eit slikt møte gjort kjent for folk (ved lysing i avis, ved plakatar eller på annan måte)? 19. Dersom det vert gjort kjent ved lysing i avis, kva for avis(er) vert då nytta, og er det aviser i distriktet som aldri vert nytta til slike lysingar? 20. Har det i åra etter siste krigen vore mange frie predikantar som har gjesta bygda? Det var svært gildt om vi kunne få både tal og namn på dei frie predikantane som i desse åra har gjesta bygda, gjerne også opplysningar om kva for syn eller retningar dei representerte. 21. Korleis går desse predikantane fram når dei skal skaffa seg hus til møtet eller møta sine? 22. Korleis vert slike møte gjort kjende for folk? 2

23. Har det i åra etter siste krigen vore fleire eller færre frie predikantar i bygda enn det var a. i mellomkrigstida b. i åra før første verdskrigen? Nedanfor kjem nokre spørsmål om møte i private heimar. Vi har tidlegare sendt Dykk ei liste om møtestaden for kristelege møte. Der tok vi av praktiske grunnar berre med bedehus, forsamlingshus og lignende. Spørsmåla nedanfor er i grunnen ei utfylling til den første lista. Dei er tatt med her fordi dei har ein viss samanhang med spørsmåla om møteforma. Det er kjent frå før at det i eldre tid var mest vanleg med møte i heimen. Svara på spørjelista om møtestaden har vonleg gitt opplysningar om når det i Dykkar bygd vart mogeleg å ha møta utanfor heimen. Svara på spørsmåla nedanfor vil vonleg gi oss opplysningar om kor mykje dei ymse kristengruppar har nytta seg av dette. Likeins vonar vi å få opplysningar på spørsmålet om det har vore kamp om møtestaden utanfor heimen. 24. Er det kristelege lag eller samskipnader i bygda som i åra etter siste krigen har hatt regelbundne møte i private heimer, og kva for lag er i tilfelle det? 25. Når dei hadde møta sine privat, var det då fordi dei var så få at det ikkje var nokon grunn til å leige større lokale, 26. eller var det fordi ingen ville leiga dei lokale? 27. Har det i åra etter siste krigen vorte halde tilfeldige kristelege møte (jfr. 2p. 17-21) i private heimar? Kva for organisasjonar er det som har hatt slike møte, og kva var grunnen til at møta vart haldne i private heimar? 28. Har nokre av dei frie predikantane som gjesta bygda i åra etter krigen, hatt møta sine i private heimar? Kva var grunnen til at dei gjorde det? 3

29. Har det i åra etter siste krigen vorte halde fleire eller færre møte i private heimar enn a. i åra mellom dei to verdskrigane b. i åra før første verdskrigen? 30. Har det ein gong i tida vore slik i Dykkar bygd at møte i private heimar var det vanlege? Er det mogeleg å seia når den tida tok slutt? 31. Er det kristelege lag, samskipnader eller grupper i bygda som måtte ha møta sine i private heimar den første tida etter dei var skipa? Kva var grunnen til dette? Kor lenge var dei nøydd til å ha slike møte? Kva var grunnen til at dei slutta med det (dei bygde seg hus, dei fekk leiga hus)? Dersom dei fekk leiga hus, kva for organisasjon var det då som var viljug til å leiga dei hus? 32. Er det noko kristeleg lag eller samskipnad i bygda som prinsipielt ikkje har noko regelbunden møteform? Kva for lag er i tilfelle dette, og kvifor vil dei ikke ha noko slik fast form for møta sine? 33. Korleis er den vanlege hendingsgangen under andre kristelege møte i Dykkar bygd i dag (t.d. åpning og velkome-ord, song, tale, song, avslutning)? 34. Er det alltid formannen i laget som styrer møtet, eller kan også andre medlemer få denne oppgåva jamvel om formannen er tilstades? Dersom det ikkje er nokon fast regel i så måte, kan De då seia noko om kva som er det vanlege? 35. Er det mest vanleg at ein nyttar lagsmedlemene som talarar på møta, 36. eller er det meir vanleg at ein har tilreisande talarar? 37. Er det i så måte nokon skilnad mellom dei ymse kristelege lag i bygda? 38. Er det nokon skilnad på korleis ein nyttar eigne og tilreisande talarar, t.d. slik at dei tilreisande vert brukt på festar, offerviker o.l.? 39. Kan De seia så nokolunde kor mange besøk kvar einskild lag har for året frå krins- og hovudorganisasjon? 40. Er det tradisjon om den første kvinna i bygda som fekk elle tok ordet på kristelege møte? Kva heitte i tilfelle ho, 4

når var ho fødd, kva yrke hadde ho og kva for kristeleg lag, gruppe eller retning høyrde ho til? 41. Når kan ein segja at det ikkje var uvanleg at kvinner frå bygda fekk eller tok ordet på kristelege møte? 42. Kven er mest nytta som talarar på kristelege møte i dag, kvinner eller menn? Dersom det er ein skilnad i så måte, kan De då segja korleis talhøvet har vore dei siste 20 åra mellom kvinnelege og mannlege talarar? 43. Er det i så måte ein skilnad mellom dei ymse kristelege lag og grupper i bygda, og kan De i tilfelle segja kva for lag eller gruppe som er mest viljug til å la kvinner tala, og kva for lag eller gruppe som er minst viljug? 44. Er det noko kristeleg lag eller gruppe som aldri nyttar presten/prestane i bygda som talarar på møta sine? Kva for lag er i tilfelle det? 45. Var det slik tidlegare at ein ikkje hadde nokon talar, men alltid eller til vanleg las or ei preikesamling? Når kan ein segja at det vart slutt med dette? Var det visse lag eller grupper som heldt fast ved denne skipnaden lenger enn andre, og kva for lag eller grupper var i tilfelle det? Kva for lag eller gruppper var det som i tilfelle først tok til å nytta tale i staden for lesing? 46. Er det i dag noko kristeleg lag eller gruppe som ikkje har talar på møta sine, men i staden les frå ei preikesamling eller lignende? Dersom så er, vert dette då gjort på alle møte, vert det gjort til vanleg, eller er det noko som hender berre av og til? 47. Meiner folk i bygda å vita kven som var først mellom bygdefolket til å nytta fri bøn istaden for å bea ei bøn or ei bønebok eller preikesamling? Kva heitte i tilfelle denne mannen eller kvinna, når var han/ho fødd, kva yrke hadde han/ho og kva for eit kristeleg lag, gruppe eller retning høyrde han/ho til? 48. Når tok dei til med frie vitnemål på møta i Dykkar bygd? 49. Kva kallar dei møte med frie vitnemål? 50. Var det ein utanbygds mann eller predikant (emissær) som innførte denne møteforma i bygda, eller var det bygdefolk som først tok den i bruk? 5

51. Kva for kristelege lag eller grupper i bygda var det som først nytta denne møteforma? 52. Var det dei eldre eller dei yngre som først og mest ihuga var med i det frie vitnemålet? Var kvinnene meir med i det frie vitnemålet enn mennene, var mennene meir med enn kvinnene, eller var det ingen skilnad i så måte? 53. Er det kristelege lag eller grupper som har frie vitnemål på alle møta sine, og kva for lag eller grupper er i tilfellet det? 54. Er det kristelege lag eller grupper som har møte med frie vitnemål ved sida av møte med anna program? Kva for lag eller grupper er i tilfelle det, og kor ofte har dei møte med frie vitnemål? 55. Er det kristelege lag eller grupper i bygda som i staden for det heilt frie vitnemålet nytter eit slag regulert vitnemål, t.d. slik at formannen eller møteleiaren før møtet bed ein eller fleire av medlemene koma med eit vitnemål på møtet. Kva for lag eller grupper er i tilfelle det, og kva er gurunnen til at dei nyttar denne framgangsmåten? 56. Er det kristelege lag eller grupper i bygda som ikkje nyttar og heller ikkje har nytta frie vitnemål på møta sine. Kva for lag eller grupper er det, og kva er grunnen til at det (dei) ikkje gjer det? 57. Har det vore møte med frie vitnemål i kyrkja? Når var i tilfelle det første, kven var det som skipa til det møtet, og har det vore mange seinare? 58. Kjenner De til at det har vore kristelege lag eller grupper i bygda som var mot det frie vitnemålet slik at det vart strid om det? Kan De i tilfelle gjera nærare greie for denne striden, når den gjekk for seg, kven som stod mot kvarandre og kva som var den direkte årsaka til den. 59. Veit folk når det første gongen vart halde offentleg møte med knefall i Dykkar bygd? 60. Kva kallar ein slike møte (bønemøte)? 61. Kva for kristelege lag eller grupper var det som først nytta slikt knefall på møta sine? 62. Var det ein utanbygds mann (emissær eller predikant) som 6

innførte denne skikken i bygda, eller var det bygdefolk som først tok den i bruk? 63. Dersom det er knefall på eit møte, når går det då for seg, til åpning, til avslutning eller midt under sjølve møtet? 64. Vert det halde fest med knefall, eller vert knefallet brukt berre på vanlege møte? Dersom det vert brukt også på festar, kva for lag eller grupper er det då som brukar det slik, og når tok dei til med det? 65. Er det kristelege lag eller grupper i bygda som har knefall på alle møta sine, og kva for lag eller grupper er i tilfelle det? 66. Er det kristelege lag eller grupper i bygda som har knefall på nokre møte, men ikkje på alle? Kva for lag eller grupper er i tilfelle det, og kva slag møte er det dei i tilfelle har knefall på? Dersom møtet vert kunngjort i aviser eller ved oppslag, vert det då gjort kjent at det skal vera knefall på møtet, og korleis vert det sagt? 67. Er det kristelege lag eller grupper som aldri har møte med knefall, og kva for lag eller grupper er i tilfelle det? Gir dei nokon spesiell grunn for at dei ikkje har knefall på møta sine? 68. Har det vore møte med knefall i kyrkja? Når hendte det første gongen, kva for kristeleg lag eller gruppe var det som stod for dette møtet, og var det serlege omstende som føret til at eit slikt møte vart halde i kyrkja? 69. Hart ein kjennskap til at det har vore strid mellom krisenfolket i bygda om slikt knefall på møta? Kva for lag eller grupper var det då som stod mot kvarandre, og korleis vart motstandet eller uviljen mot knefallet motivert? 70. Kjenner De ordet og omgrepet ettermøte, og kva er i tilfelle det? Er det ei ordinær møteform, eller vert ettermøte berre brukt i serelge situasjonar, t.d. under vekkjingar? Kva er det som går for seg på ettermøtet? 71. Har ein kjennskap til når dei tok til å nytta slike ettermøte i Dykkar bygd, og veit dei i tilfelle kva for kristelege lag og grupper det var som først tok denne møteforma i bruk? 7

72. Kan kven som helst vera med på ettermøte? I tilfelle ikkje, kven er det då som kan vera med, eller kven er det som avgjer kven som kan vera med? 73. Har det vorte halde såkalla mannsmøte i Dykkar bygd? Har ein i tilfelle kjennskap til når det første mannsmøte vart halde i bygda, har det vore vanleg med slike møte der, og kven er det som arranagerar dei? Kva er grunnen til at dei held slike møte? 74. Har det vore tilsvarande møte berre for kvinner? Vi ser her bort frå misjons-kvinneforeningane. 75. Har ein kjennskap til når det først vart halde kristeleg fest i bygda? Kvar vart i tilfelle denne festen halden og kva for lag eller organisasjon var det som stod for den? 76. Kva var programmet for festen, og var det servering? Kva vart servert? 77. Dersom det ikkje var servering på den første festen, har ein då kjennskap til når den første kristelege festen med servering vart halden? Kvar vart den halden, og kva for lag eller organisasjon var det som stod for den? 78. Kva vil De segja har vore det karakterisktiske programmet på og innhaldet i ein kristeleg fest i Dykkar bygd, og kva er skilnaden på ein vanleg kristeleg fest og eit vanleg kristeleg møte? 79. Var og er det vanleg med allsong på vanlege kristelege møte i Dykkar bygd? 80. Har ein kjennskap til at det har vore eller er kristelege lag eller grupper som aldri har allsong på møta sine? Kva var eller er i tilfelle grunnen til at dei ikkje vil ha det? 81. Er det nokon skilnad mellom før og nå når det gjeld allsongen på vanlege kristelege møte? Dersom det er ein skilnad, er det då slik at det er meir song enn før, eller er det mindre? Kan ein i tilfelle segja når det vart eit slikt skifte, og kven eller kva var det som førte til dette skiftet? 8

82. Kan ein segje at et er nokon skilnad mellom før og nå når det gjeld dei songane som dei song og syng på vanlege kristelege møte? Når kom i tilfelle dette skiftet, og kven eller kva var det som førte til det? 83. Er det kristelege lag eller grupper som berre nyttar salmeboka som songbok? Dersom det ikkje er så, når vart det då slutt med dette, og kva var grunnen til det? 84. Er det vanleg eller er det uvanleg i dag at det er solosong eller korsong på kristelege møte i Dykkar bygd? Dersom det er uvanleg, er de då berre praktiske grunnar til dette (ingen som kan eller vil stå fram med solosong), eller er det spesielle grunnar for det, og kva grunnar er i tilfelle det? Er det kristelege lag eller grupper som prinsipielt er mot solo- eller korsong på møta, kva for lag eller grupper er i tilfelle det, og kva grunnar har dei for det? Er det også kristelege lag eller grupper som gjerne vil ha slik song på møta sine, kva for lag eller grupper er i tilfelle det og kva grunnar har dei for det? Er det nokon skilnad på før og nå når det gjeld bruken av slik song på kristelege møte, og kan ein segja når dette skiftet tok til? 85. Er det meir vanleg, like vanleg eller mindre vanleg med solosong og korsong på kristelege festar som på kristelege møte? 86. Er det kristelege lag eller organisasjonar i Dykkar bygd som har songkor eller songlag, kva for kristelege lag eller grupper var det som først gjekk i gang med slikt og når hende det? Om såkalla musikklag, sjå nedanfor, sp. 110-111. I spl. 88 om bedehus har vi spurt om det var faste musikkinstrument (orgel, piano) i bedehuset eller forsamlingshuset. Nedanfor kjem nokre spørsmål om bruken av ymse slag musikkinstrument på kristelege møte og festar. 87. Er det mogeleg å segja noko om kva for instrument folk likar best til tonefylgje for songen på kristelege møte og festar, anten orgel eller piano? Er det i så måte nokon skilnad på før og nå? 9

88. Har folk kjennskap til når det første gongen vart spela på vanleg fele på eit kristeleg møte eller fest i Dykkar bygd? Kva for lag eller organisasjon var det som skipa til møtet eller festen, og kven var det som spela? Var det nokon som mislika dette, og kva grunnar hadde dei for det? Er det i dag kristelege lag eller grupper i bygda som mislikar at vanleg fele vert brukt på kristelege møter og festar? 89. Har det vorte spela på vanleg fele i kyrkja i Dykkar bygd, og når hende det første gongen? 90. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på hardingfele på kristelege møte og festar i Dykkar bygd? 91. Dersom De kan svara ja på sp. 91, når hende det då første gongen at hardingfele vart nytta slik, kva for kristeleg lag eller gruppe var det som stod for møtet eller festen, og kven var det som spela? Var det nokon som mislika dette, og kva grunnar hadde dei for det? Er det i dag kristelege lag eller grupper som mislikar at hardingfele vert brukt på kristelege møte og festar? 92. Har det vorte spela på hardingfele i kyrkja i Dykkar bygd, og når hende det første gongen? 93. Dersom De må svare nei på sp. 91, kan De då segja om det var og er nokon serleg grunn til at hardingfela ikkje har vorte nytta slik? 94. Har ein kjennskap til når det første gong vart spela på gitar og/eller liknande instrument (mandolin, luth) på eit kristeleg møte eller fest i Dykkar bygd? Kva for kristeleg lag eller gruppe var det som stod for møtet, og kven var det som spela? Var det nokon som mislika dette, og kva grunnar hadde dei for det? Er det i dag noko kristeleg lag eller gruppe som mislikar at gitar og liknande instrument vert nytta på kristelege møte og festar? 95. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på gitar eller liknande instrument i kyrkja i Dykkar bygd, og når hende i tilfelle det? 96. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på trekkspel på kristelege møte eller festar i Dykkar bygd? 97. Dersom trekkspelet ikkje har vorte nytta på kristelege 10

møte og festar i Dykkar bygd, er det då nokon spesiell grunn for det? 98. Dersom trekkspelet har vorte nytta på kristelege møte og festar i Dykkar bygd, har ein då kjennskap til når dette hende første gongen, kva for kristeleg lag elle gruppe som stod for det møtet eller den festen der dette hende, og kven som spela? Var det nokon som mislika dette, og kva grunnar hadde dei for det? Er det i dag noko kristeleg lag eller gruppe som mislikar at ein brukar trekkspelet på kristelege møte eller festar, og kva grunnar har dei for det? 99. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på trekkspel i kyrkja i Dykkar bygd, og når hende det i tilfelle første gongen? 100. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på fløyte, trompet, klarinett, saksofon eller liknande instrument på kristelege møte eller festar i Dykkar bygd? 101. Dersom slike instrument ikkje har vorte brukt på kristelege møte eller festar i Dykkar bygd, er det då nokon spesiell grunn til det? 102. Dersom slike instrument har vorte bruka på kristelege møte eller festar i Dykkar bygd, kva for instrument er det då som har vorte brukt, når hende det første gongen, kva for kristeleg lag eller gruppe var det som stod for det møtet eller den festen der dette hende, og kven var det som spela? Var det nokon som mislika dette, og kva grunnar hadde dei for det? Er det i dag noko kristeleg lag eller gruppe som mislikar at slike instrument vert brukte på kristelege møte og festar, kva grunnar har dei for det og er det nokon skilnad i synet på dei instrument som er nemnde (t.d. at ein mislikar saksofon, men ikkje trompet)? 103. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på slike instrument i kyrkja i Dykkar bygd, når hende det første gongen, og kva for instrument av dei som er nemnde i sp. 102 var det som vart brukt? 104. Har ein kjennskap til at det har vorte spela på andre instrument (xylofon, glas, munnspel e.a.) på kristelege møte eller festar i Dykkar bygd, når hende det i tilfelle første gongen, kva for kristeleg lag eller gruppe var det 11

som stod for det møtet eller den festen der dette hende, kva for instrument var det som vart nytta, og kven var det som spela? Var det nokon som mislika dette, og kva grunnar sa dei at dei hadde for det? 105. Har det hendt (ein gong eller fleire gonger) at nokon, t.d. ein misjonær eller ein innfødd gjest frå misjonsmarka, har spela på eit framant instrument på møte eller fest i Dykkar bygd? Dersom så er, har ein då kjennskap til at kristelege lag eller grupper i bygda mislikar eller har mislika dette, og kva segjer dei er grunnen til det? 106. Har det vorte spela på slike instrument i kyrkja i Dykkar bygd, når hende det og kva for instrument var det som vart nytta? 107. Er det kristelege lag og organisasjonar i Dykkar bygd som har hatt eller har orkester, musikk-kvartett eller lignende, kva for lag er dette, kva for lag var det som først gjekk i gang med slikt, og når hende det? Kva for instrument har dei hatt i orkesteret? 108. Er det kristelege lag eller grupper i Dykkar bygd som er prinsipielt imot å ha orkester, musikk-kvartett eller lignende, og kva segjer dei er grunnen for det? 109. Er det kristelege lag og organisasjonar i Dykkar bygd som har såkalla musikk-lag (ei mindre gruppe som både spelar og syng)? Kva for lag er i tilfelle dette, kva for lag var det som først gjekk i gong med slikt, og når hende det første gongen? Kva for instrument var og er det i musikk-laget (-laga)? Om songkor og songlag, sjå sp. 87. 110. Er det kristelege lag eller grupper i Dykkar bygd som er prinsipielt imot slike musikk-lag, og kva segjer dei er grunnen til dette? 111. Er det vanleg at lag og organisasjonar som ikkje er kristelege lag i eigentleg meining, byrjar og sluttar møta sine med bøn eller kristeleg tale og påminning? Vi ville gjerne De skulle nemna dei lag og organisasjonar som nyttar denne møte-skikken, (husmorlag, bondekvinnelag, 12

sanitetslag, lag for Norges Røde Kors, bondelag, fealslag eller andre yrkeslag for bønder, fiskarlag, politiske lag, frilynde ungdomslag, idrettslag, årsmøte i handelslag, meieri og lignende). 112. Kva kallar ein denne åpnings- og avslutningsseremonien (andakt)? 13