Vurdering for utvikling



Like dokumenter
Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling Rapport

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

! Vurdering for utvikling. ! Rapport. Holmedal barnehage. Veke 14 ( ) Tema: Borns medverknad. Holmedal den 2.

Vurdering for utvikling

VURDERINGSRAPPORT. Gjelsvik skule. Tema: VURDERING FOR LÆRING Anne Grethe Dale og Hildegunn Hatlem

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

VURDERINGSRAPPORT HELLEVIK BARNEHAGE

Vurdering for utvikling

Vurdering for utvikling

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

VURDERINGSRAPPORT. Vadheim skule. Vadheim skule, Tangevegen 4, 6996 Vadheim, tlf

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT GLESNES SKULE

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

VURDERINGSRAPPORT Elvetun barnehage

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

VURDERINGSRAPPORT EKERHOVD OPPVEKSTTUN

Du må tru det for å sjå det

VURDERINGSRAPPORT BJORDAL SKULE

VURDERINGSRAPPORT. Bulandet SKULE

Skjema for eigenvurdering

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

Ekstern vurdering. Verkty for kvalitetsutvikling i barnehage. Marianne Meling

VURDERINGSRAPPORT. Olderdalen barnehage mai Sidsel Anita Ekblad Itland Åsmund Berthelsen Marie Hendrix

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Hardanger / Voss kompetanseregion Vurderingsgruppa VURDERINGSRAPPORT. Strandebarm skule

Rapport etter tilsyn Dåfjorden barnehage/fitjar

VURDERINGSRAPPORT Brekke barnehage og skule

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Vurdering for utvikling

INDIVIDUELL UTVIKLINGSPLAN - IUP

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Vurderingsnettverk for skuleutvikling Sund, Fjell og Øygarden VURDERINGSRAPPORT SKOGSVÅG SKULE

TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE SIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

VURDERINGSRAPPORT DALSØYRA SKULE

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

SAMARBEID HEIM OG SKULE

LEIRVIK SKULE. Velkomen til skuleåret

Ekstern hjelp til vurdering i barnehagar

Månadsbrev for Rosa september 2014

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Referat frå foreldremøte 25. september 2018 Hyllestad barnehage.

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

ÅRSPLAN. Jostedal barnehage 2017 / 2018

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

VURDERINGSRAPPORT FOR SEKSE BARNEHAGE

Månadsbrev for Blå, april 2016

Rettleiar. Undervisningsvurdering ein rettleiar for elevar og lærarar

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

Informasjonshefte Tuv barnehage

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

3 Samtale med føresette. Vert saka løyst her, vert det skrive ned og underteikna av alle.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Pedagogiske rom UTVIKLINGSPLAN Deltakarar; Alle i personalet i samarbeid med barna Hovudansvarlege; Veronica, Iselin, Eva Lisa og Marianne

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Trinn 3 i ekstern barnehagevurdering innhenta og strukturera informasjon

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Saman om Ørstabarnehagen

VURDERINGSRAPPORT Glesnes skule

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Olweusarbeidet i Luster kommune Felles årshjul

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19

Barnerettane i SKULEN

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Storebjørn. Året Kva vi jobbar spesielt med i år

VURDERINGSRAPPORT RONG SKULE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

Regnbogen Natur-og kulturbarnehage

Vurderingspraksis med fokus på norsk, engelsk og matematikk

Velkomen som konfirmant

Vidareutdanning kobla til satsinga på vurdering for læring

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

VURDERINGSRAPPORT BLOMVÅG SKULE

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Transkript:

Vurdering for utvikling Rapport Røverompa barnehage, 6988 Askvoll 40, 30.09.-03.10.13. Tema: Barns medverknad Askvoll, 03.10.13 Inger Nyland og Torunn Åsnes -1-

Innhald: 1.Føreord s. 3 2. Oppsummering (samandrag)...s. 4 3..Fakta om barnehagen og val av vurderingstema..s. 4 4. Frå vurdering til endring av praksis..s. 5 5..Kriterium og kvalitetskrav (glansbilete)...s. 5 6. Skulen/barnehagen sine sterke sider..s. 7 7. Skulen/barnehagen sine utfordringar.s. 9 8. Idear... s. 11 9. Vidare arbeid...s. 12 10. Vedlegg: Deltakarar i vurderinga.s. 12 Tidsbruk s. 13 Metodar og verktøy... s. 14 Samtaleguidar og skjema.s. 15-2-

1. Føreord For å sikre kvaliteten og stimulere til forbetring i skulane og barnehagane har dei seks kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund, Gulen og Høyanger oppretta eit felles vurderingsnettverk som med jamne mellomrom vurderer skulane og barnehagane i regionen. Vurderingsnettverket er røynde lærararar og førskulelærarar i regionen. Alle vurderer i annan kommune enn der dei arbeider. Fleire av vurderarane har vidareutdanning i kvalitetsvurdering i skule og barnhagane. Ein prosjektkoordinator leier og administrerer arbeidet med vurderingar. Skulane er etter Opplæringslova pålagt å vurdere verksemda jamleg Skolen skal jamleg vurdere i kva grad organisering og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette i Læreplanverket for Kunnskapsløftet. Skoleigar har ansvar for å sjå til at vurderinga vert gjennomført etter føresetnadene». Etter Rammeplanen for barnehagane skal også verksemda der vurderast. Arbeidet til barnehagen skal vurderast, det vil seie beskrivast, analyserast og tolkast ut frå kriterium i barnehagelova, rammeplanen og eventuelle lokale retningslinjer og planar. Regionen har ekstern vurdering for å gje skulane/barnehagane hjelp i utviklings- og vurderingsarbeidet og utvikle vurderingskompetanse. Skulane/barnehagane treng å bli sett på med nye auge. Den eksterne vurderinga er ein del av kvalitetssystemet for skular og barnehagar i regionen. Vurderinga har ikkje som mål å gje eit fullstendig bilete av kvaliteten på skulen, men skal vere eit bidrag til kva skulen må arbeide vidare med innan det temaet som er vurdert. Skulen og barnehagen er forplikta til å følgje opp og rapportere attende til eigar om kva som er gjort i høve utfordringane. Rapporten vert gjort offentleg på kommunen og skuleregionen sin nettstad: www.hafs.no ein månad etter vurderinga. Dale, august 2012 Åsmund Berthelsen (prosjektkoordinator) Mobil: E-post: Asmund.Berthelsen@fjaler.kommune.no 99318698-3-

2. Oppsummering Røverompa barnehage er ein barnehage prega av glade barn og god trivsel. Det er godt samspel mellom barn, og mellom vaksne og barn. Borna har stor grad av valfridom, særleg på uteområdet. Borna får lov til å utfalde seg fritt og gjere eigne val. Dei vaksne er lydhøyre og opne for borna sine innspel. Vi ser at dei vaksne viser respekt for borna sin leik og er flinke til å skjerme borna sin leik, både ute og inne. Vi ser og høyrer ein vilje hos personalet til endring for å kunne inkludere borna meir i planlegging og vurdering av barnehagekvardagen. Når det gjeld å synleggjere det pedagogiske innhaldet i barnehagen og informere dei ulike partane, har barnehagen ein jobb å gjere. Det skjer mykje bra i barnehagen, men foreldra etterlyser informasjon om korleis barnehagen arbeider med det pedagogiske arbeidet i barnehagen og korleis borna får medverke. God informasjon er ein nøkkel til felles forståing. Barnehagen er i startgropa på temaet born sin medverknad og er i fin driv. Dei skal også bruke fagdagen i november til dette temaet. Dei bør halde fram det gode arbeidet og sørgje for at det vert godt forankra, ikkje berre hos personalet, men også blant foreldre og born. 3. Fakta om barnehagen og val av vurderingstema Røverompa barnehage er ein 3-avdelings barnehage i Askvoll sentrum. Barnehagen har for tida inntil 54 plassar og er godkjend for born i alderen 1-6 år. Blåklokka er ei avdeling med born 5-6 år, 11 barn og Revebjella har born frå 3-4 år. 18 barn. Kvitveisen er småbarnsavdeling med 12 barn 24 plasser. Barnehagen er ope frå 7.15 16.45 kvar dag og borna har tilbod om 9 timar opphaldstid. Røverompa barnehage ligg ved sida av Askvollheimen og prestegarden, nær både skog og mark, sjø, fotballbane, idrettshall og kommunesenter, og har såleis eit allsidig og rikt nærområde som vert nytta ofte. Barnehagen har 10,27 årsverk fordelt på 13 tilsette, av dei er 5 utdanna førskulelærarar, 2 fagarbeidarar og 6 assistentar. I tillegg har barnehagen lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget samt reinhaldar. Barnehagen nytta ståstadanalysa, og kom slik fram til vurderingstema. Vurderarane utarbeidde på barnehagen si oppmoding eit framlegg til glansbilete. På føremøte vart glansbiletet gått gjennom og personalet kom med innspel til endringar. Glansbiletet vart endeleg godkjent av begge partar i god tid før vurderingsveka. -4-

4. Frå vurdering til endring av praksis Vurderingsmetoden som er nytta er ein tilpassa versjon av metodikken som Hardanger/Vossregionen har utvikla. Metodikken vert nytta av Utdanningsdirektoratet i samband med rettleiing av skular og av fleire regionar og kommunar i heile landet. Modellen har fem steg: 1. 2. 3. 4. 5. Velje område Lage glansbilete (kriterium og teikn på god praksis) Hente informasjon Gjere vurdering Spegle attende Utifrå informasjonen vurderarane får gjer dei ei vurdering av om tilhøva er slik dei bør vere. Vurderarane peikar på kor skulen/barnehagen er bra i forhold til god praksis og kor dei har utfordringar. Etter det er det skulen/barnehagen sitt ansvar å følgje opp og ta tak i utfordringane vurderarane meiner dei har Det skal skje i eit samarbeid med eigaren og regionen. 5. Glansbilete Kriterium tyder kjenneteikn på god kvalitet. Kriteria er henta frå lov, regelverk, læreplanverk, rammeplan eller skulen/barnehagen sine eigne planar. Kriteria og teikn på god praksis er utforma i eit samarbeid mellom vurderarane og skulen/barnehagen, og til slutt godkjende av skulen/barnehagen. -5-

Tema: Borna sin medverknad i barnehagen Kriterium Borna skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetningar (Barnehagelova 1 Formål 2. ledd) Den pedagogiske verksemda er organisert og planlagt slik at det er tid og rom for borna til å medverke. (rammeplanen 1.5 s.18) Foreldra er trygge på at barnet deira vert respektert og at det får delta i eit fellesskap som gjer det godt (Rammeplanen 1.6 s. 20) Barnehagen er ein lærande organisasjon Teikn på god praksis Borna sine innspel i den daglege verksemda vert vist interesse og vektlagt. Borna deltek i planlegging og vurdering av aktivitetar, temaval, samling, festar m.m. Borna sine kreative uttrykk vert verdsett og synleggjort Borna gjer eigne val i kvardagen (aktivitetar, rom og vener) Borna får leike i fred, utan unødvendig avbryting av vaksne Personalet legg til rette for at det enkelte barn kan få realisert sine val og får delta aktivt i demokratiet. Personalet er fleksible i høve planar (dagsrytme) til fordel for borna sine initiativ. Personalet legg til rette for at borna skal få uttale seg og seie si meining om kvardagen i barnehagen. -Dei minste barna si stemme vert høyrt, tolka og forsøkt forstått av personalet. Foreldra vert involvert i barnehagen sitt pedagogiske arbeid. Foreldra kjenner til korleis borna får medverke i barnehagen. Foreldra ser at det er samsvar mellom barnehagen sine planar om medverknad og det som skjer i praksis. Foreldra vert møtt med respekt og forståing og innspel vert tatt på alvor. Foreldra opplever at borna sine initiativ vert tatt omsyn til. Det er sett av tid til jamleg refleksjon og drøfting av eigen praksis i høve borna sin medverknad i barnehagen. Synspunkta til borna vert vektlagde i vurderingsarbeidet. Personalet har ei felles forståing av borna sin medverknad. Årsplanen konkretiserer kva barnehagen skal gjere for å legge til rette for at borna skal få medverke. -6-

6. Barnehagen sine sterke sider Borna skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetningar (Barnehagelova 1 Formål 2. ledd) Borna sine innspel i den daglege verksemda vert vist interesse og vektlagt. Dette kjem fram under intervju av tilsette og vi har sett i observasjon at borna får respons på innspel. Borna gjer eigne val i kvardagen (aktivitetar, rom og vener) Borna får gjere val i det daglege, for eksempel i grupper, ved måltid og spesielt i uteleik på ettermiddag. Dette kjem fram i intervju og i observasjon. Borna får leike i fred, utan unødvendig avbryting av vaksne Vi har sett at borna i stor grad får leike i fred, og at dei vaksne vernar om leiken og gir ro rundt borna. Dette har vi sett på alle avdelingane, og i uteleiken. Dette kjem fram i intervju og observasjon. Den pedagogiske verksemda er organisert og planlagt slik at det er tid og rom for borna til å medverke. (rammeplanen 1.5 s.18) Personalet legg til rette for at det enkelte barn kan få realisert sine val og får delta aktivt i demokratiet. Personalet melder om at borna sine innspel verte teke omsyn til. Dersom dei ikkje kan gjere noko med innspela med det same, tek dei det att ved seinare høve. Eit barn på kvar avdeling er ordensvakt kvar dag, då får dei ta val på vegne av gruppa, som kva song dei skal synge og kven som skal gå til vasken først. Personalet arbeider med omgrepa å dele, vente på tur, ledig og opptatt i forhold til venskap og konfliktløysing. Dette kjem fram i intervju, observasjon og dokumentanalyse. Personalet er fleksible i høve planar (dagsrytme) til fordel for borna sine initiativ Alle tilsette seier i intervju at dei er fleksible i høve planar til fordel for borna sine initiativ. Dei har overordna planar som gjev rom for fleksibilitet. Dette kjem fram i intervju og dokumentanalyse. Personalet legg til rette for at borna skal få uttale seg og seie si meining om kvardagen i barnehagen. Personalet seier at dei brukar barnemøte ved behov, men at dette ikkje er på fast basis. Vi har sett og høyrt at barnemøte har vorte brukt til å lage tur-reglar. Vi finn i månadsbrev at det blir lagt til rette for at borna skal få uttale seg om sin barnehagekvardag. Dette kjem fram i intervju og dokumentanalyse. Dei minste barna si stemme vert høyrt, tolka og forsøkt forstått av personalet. -7-

Dei tilsette seier at dei merksame på å høyre, tolke og forstå borna sitt kroppsspråk. Vi har sett mange døme på dette. Vi har sett at personalet er lydhøyre for dei minste borna sine uttrykk og innspel. Dette kjem fram i intervju og observasjon. Foreldra er trygge på at barnet deira vert respektert og at det får delta i eit fellesskap som gjer det godt (Rammeplanen 1.6 s. 20) Foreldra kjenner til korleis borna får medverke i barnehagen. På foreldremøtet kom det fram at foreldra kjenner til at borna får medverke gjennom barnemøte, ordensvakt og i samlingsstund. Foreldra vert møtt med respekt og forståing og innspel vert tatt på alvor. Dei fleste foreldra svarer i påstandsskjemaet at dei vert møtt med respekt og forståing. På foreldremøtet sa fleire at dei opplevde å bli tatt på alvor, at det fungerte godt når dei tok opp noko, både stort og smått. Dette kjem fram i påstandsskjema og på foreldremøte. Foreldra opplever at borna sine initiativ vert tatt omsyn til. Ut frå påstandsskjema er fleirtalet av foreldra samde i at borna sine initiativ i stor grad vert tatt omsyn til. På foreldremøtet kom det fram at foreldra meiner at fleire av personalet er flinke til å ta omsyn til borna sine initiativ. Barnehagen er ein lærande organisasjon Det er sett av tid til jamleg refleksjon og drøfting av eigen praksis i høve borna sin medverknad i barnehagen. Personalet melder om at det er avsett tid til refleksjon og drøfting av eigen praksis på personalmøta. Der brukar dei case som metode. Barns medverknad har og vore tema på planleggingsdag. Personalet har ei felles forståing av borna sin medverknad. Personalet seier at dei er i startgropa på temaet borns medverknad. Vi har sett at personalet møter borna med anerkjenning og forståing i det daglege. Dette kjem fram i intervju og observasjon. -8-

7. Barnehagen sine utfordringar Borna skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetningar (Barnehagelova 1 Formål 2. ledd) Borna deltek i planlegging og vurdering av aktivitetar, temaval, samling, festar m.m. Dei tilsette seier at dei ikkje er flinke til å ta borna med i planlegging og vurdering av for eksempel festar. Barnehagen kan med fordel bli flinkare til å ta borna med i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar, temaval, samlingsstund, m.m. Dette kjem fram i barneintervju, personalintervju og observasjon. Borna sine kreative uttrykk vert verdsett og synleggjort. Vi har sett lite teikningar og andre kreative uttrykk på dei ulike avdelingane. Dei tilsette seier også at dei har eit forbetringspotensiale i forhold til dette. Borna seier at det dei lagar vert lagt i skuffa. Dette kjem fram i barneintervju, personalintervju og observasjon. Den pedagogiske verksemda er organisert og planlagt slik at det er tid og rom for borna til å medverke. (rammeplanen 1.5 s.18) Personalet legg til rette for at det enkelte barn kan få realisert sine val og får delta aktivt i demokratiet. Personalet legg til rette for at borna skal få uttale seg og seie si meining om kvardagen i barnehagen. Dei tilsette seier at dei ikkje er komme i gong med regelmessige barnemøter, men at det skjer meir spontant. Borna seier at dei ikkje får bestemme viktige ting. Jmfr. Barnehagelova 3 Barns rett til medvirkning: Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet. Dette kjem fram i barneintervju og personalintervju. -9-

Foreldra er trygge på at barnet deira vert respektert og at det får delta i eit fellesskap som gjer det godt (Rammeplanen 1.6 s. 20) Foreldra vert involvert i barnehagen sitt pedagogiske arbeid. Foreldra kjenner til korleis borna får medverke i barnehagen. Foreldra ser at det er samsvar mellom barnehagen sine planar om medverknad og det som skjer i praksis. Foreldra vert møtt med respekt og forståing og innspel vert tatt på alvor. Foreldra opplever at borna sine initiativ vert tatt omsyn til. Foreldra svarer at dei saknar informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen, og at dei i liten grad vert involverte i utarbeidinga av årsplanen. Foreldra svarer at dei kjenner lite eller ikkje til korleis borna får medverke i barnehagen, og at dei saknar informasjon om dette. Foreldra seier at Det er mykje positivt, men foreldra veit ofte ikkje om det. Foreldra veit heller ikkje sikkert om innspela til foreldre og barn vert tatt på alvor og fylgd opp, eller om det er samsvar mellom plan og praksis, fordi dei ikkje får informasjon om dette. Dette kjem fram i påstandsskjema og foreldremøte. Barnehagen er ein lærande organisasjon Det er sett av tid til jamleg refleksjon og drøfting av eigen praksis i høve borna sin medverknad i barnehagen. Det kom fram i intervju med personale at det er sett av for lite tid til refleksjon og drøfting kring born sin medverknad. Synspunkta til borna vert vektlagde i vurderingsarbeidet. Personalet seier at Vurdering skjer, men spontant, ikkje systematisk. Det er ikkje synleggjort i planverk på kva måte borna deltek i vurderingsarbeid. Dette kjem fram i intervju og dokumentanalyse. Personalet har ei felles forståing av borna sin medverknad. Personalet seier at dei er i startgropa på dette temaet. I intervju kjem det fram at dei trur dei har felles forståing, men at dei er usikre på om dette gjeld i praksis. Årsplanen konkretiserer kva barnehagen skal gjere for å legge til rette for at borna skal få medverke. Årsplanen skisserer veldig overordna kva born sin medverknad er. Vi har ikkje sett noko konkretisering i årsplanen av kva barnehagen skal gjere for å legge til rette for at borna skal få medverke. Vi finn litt meir konkretisering i halvårsplanane til avdelingane. Dette kjem fram i dokumentanalyse. - 10 -

8. Idear til vidare arbeid Utviklingsområde Den pedagogiske verksemda er organisert og planlagt slik at det er tid og rom for borna til å medverke. Den pedagogiske verksemda er organisert og planlagt slik at det er tid og rom for borna til å medverke. Foreldra er trygge på at barnet deira vert respektert og at det får delta i eit fellesskap som gjer det godt Barnehagen er ein lærande organisasjon Idear Barnehagen kan med fordel legge til rette for og gje tid og rom for at dei minste borna kan få medverke meir i måltidssituasjonen, ved at dei får prøve å smørje sjølv og i val av pålegg. Få meir system i forhold til born sin medverknad, gjennom for eksempel barnemøte og barneintervju. I månadsbrev kan avdelingane ha med eit punkt med vurdering av månaden som gjekk. Sidan sist, eller Dette skjedde i (månad). Barnehagen kan med fordel dele ut halvårsplanane til dei ulike avdelingane til foreldra. Legge til rette for at Kvitveisen får ha møta sine utan at dei vert uroa. Fast punkt på saklista til avdelingsmøta med fagleg diskusjon (bruk praksisforteljing) Punkt i planane til avdelingane: Slik jobbar vi med born sin medverknad på (namn på avdeling). Arbeide vidare med forankring av born sin medverknad i personalet. Bruk gjerne Temahefte om barns medvirkning (Kunnskapsdepartementet) - 11 -

9. Vidare arbeid Innan ein månad etter vurderinga må vurderarane få melding om eventuelle feil i rapporten. Etter dette vert rapporten offentleggjort på skuleeigar/barnehageeigar og Skuleregion HAFS sine heimesider. Seinast ein månad etter vurderinga skal skulen/barnehagen ha eit oppfølgingsmøte der både eigar og region er med. På dette møtet skal utfordringane og moglege tiltak drøftast. Gjennom tilstandsrapporten skal skular/barnehagar rapportere korleis dei har arbeidd med utfordringane og kva tiltak som er sett i verk. Tiltaka skal innarbeidast i handlings- og utviklingsplanane til skulane og barnehagane. I tillegg til vurderingsrapporten er det utarbeidd ein vedleggsrapport som ikkje er offentleg, men som er overlevert rektor/styrar. I rapporten står oppsummeringar av påstandsskjema, observasjonar og intervju/samtalar. Askvoll, 03.10.13 Torunn Åsnes Vurderingsnettverket Skulregion HAFS Inger Nyland Vurderingsnettverket Skuleregion HAFS - 12 -

Vedlegg: Deltakarar i vurderinga Interne: Born, personale, styrar, foreldre. Eksterne: Inger Nyland, Torunn Åsnes Grunngjeving for val av informantar Vi har valt å nytte oss av primærbrukarane av barnehagen som informantar; personale, barn og foreldre, då det er dei som best kjenner til korleis barnehagen arbeider med born sin medverknad. Tidsbruk Regionen v/prosjektkoordinator har ansvaret for kontakt og planlegging saman med styrar/rektor fram til tildeling av vurderarar. Vidare skal regionen ha kontakt og delta på møte for oppfølging. Vurderarane skal nytte ei veke til vurderinga, ein dag til føremøte og fire dagar på skulen/i barnehagen. På små skular eller barnehagar kan det verte brukt mindre tid, men avhengig av temavalet.. Vurderarane skriv ferdig og presenterer rapporten den siste dagen. Før og undervegs førebur vurderarane intervju, samtalar og observasjonar, arbeider med informasjonen og lagar oppsummeringar. Tidsplan for heile prosessen: (utfylt av region saman med skule/barnehage) Tid Tiltak Planleggingsmøte med eigar og region Gjennomføring av ståstadsanalyse, organisasjonsanalyse. Prosess for val av tema. Uttale frå rådsorgan og eigar. Tildeling av vurderarar Skulen/barnehagen sender over relevante planar og dokument. Føremøte mellom skule/barnehage og vurderarar Føremål: Drøfte glansbiletet med kriterium og teikn på god praksis. Avklare ansvarsoppgåver og tidsplan Skulen/barnehagen får forslag til kriterium og teikn på god praksis (glansbilete) Skulen/barnehagen drøftar forslaga og kjem framlegg til endringar og tillegg Skulen/barnehagen godkjenner glansbilete Skulen/barnehagen får eventuelle påstandsskjema/spørjeskjema for utfylling Retur av utfylte skjema og liknande Skulen/barnehagen får samtaleguidar Ansvar Region v/prosjektkoordinator og rektor/styrar Rektor/styrar Region v/prosjektkoordinator Rektor/styrar Vurderarane Vurderarane Rektor/styrar Rektor/styrar Vurderarane Rektor/tilsette Vurderarane - 13 -

Vurderingsveka (sjå eigen tidsplan) Foreldremøte Observasjonar Intervju med lærarar, elevar og rektor. Torsdag: Framlegging av førebels rapport til rektor. Presentasjon av førebels rapport for personalet, skuleeigar og representantar for foreldre. Rektor/styrar Tidsplan for vurderingsveka:(utfylt etter føremøte mellom skule/barnehage og vurderarane) Klokkeslett: 08.30 09.00 09.30 10.30 Måndag: Møte med styrar Observasjon inne 11.30 12.30 13.00 13.30 17.00 Måltid Observasjon ute Intervju tilsette 19.00 Foreldremøte Tysdag: Observasjon Onsdag: Observasjon Intervju tilsette Intervju tilsette Intervju barn Intervju tilsette Måltid Intervju barn Intervju tilsette Måltid Intervju styrar Torsdag: Framlegging rapport Metodar Tema og tid til rådvelde verkar inn på val av metodar. Vanlege metodar er dokumentanalyse, spørjeskjema, krysskjema, individuelle og gruppesamtalar, møte og observasjonar. I denne vurderinga er følgjande verktøy og metodar nytta: Ståstadsanalyse Verktøyet er utarbeidd av Utdanningsdirektoratet og er eit prosess- og refleksjonsverktøy som skal sette i gang utvikling og forbetring på den einskilde skulen. I analysen vert data frå Skuleporten, mellom anna resultat frå Elevundersøkinga og karakterstatistikk sett saman med tilsette si vurdering av skulens praksis. Analysen vert nytta for å velje ut tema for vurderinga. Dokumentanalyse Barnehagen sender vurderarane diverse relevante dokument, til dømes utkast til årsplan 2013/14, generell informasjon om arbeidsplanar, halvårsplanar, vekeplanar og månadsbrev. Spørjeskjema I forkant av vurderingsveka sende vurderarane ut påstandsskjema til foreldra i vurderinga. Desse vart fylt ut av foreldre, og returnert til vurderarane for oppsummering. - 14 -

Verktøy for vidare informasjonsinnhenting For å kunna gjera djupdykk i temaet, laga vurderarane samtaleguidar for samtalar med dei tilsette og borna. Vurderarane laga også spørsmål til foreldremøte. Vurdering Vurderarane føretok ei vurdering, ved å spegla utsegnene frå born, personale, foreldre og observasjonar mot utarbeidde kriterium og teikn på god praksis. Utifrå vurderinga kom vurderarane fram til kva dei meiner barnehagen sine sterke sider og barnehagen sine utviklingsområde innafor det valde temaet. Og vurderarane kjem med idear til vidare arbeid. Samtaleguidar og skjema Samtaleguide for elevane/ungane Samtaleguide for foreldra Samtaleguide for personalet Samtaleguide for rektor/styrar Observasjonsskjema Påstandsskjema Samtaleguide barn. Røverompa barnehage 2013 1. Korleis er det å vere i Røverompa barnehage? 2. Kva likar du å gjere på i barnehagen? 3. Kven leikar du med i barnehagen? 4. Har de barnemøter i barnehagen? (fortel om det) 5. Får de vere med å bestemme noko som alle skal gjere, for eks. samling, turar eller kva de skal ete? 6. Når de har vore på tur, pleier de å snakke om turen etterpå? 7. Kva får barna vere med og bestemme i barnehagen? -kan de bestemme sjølv kor de vil leike i barnehagen? 8. Får de lov til å leike i fred? Hender det at nokon øydelegg leiken? 9. Kven bestemmer mest i barnehagen? 10. Får alle bestemme i barnehagen? 11. Spør dei vaksne kva de vil gjere? 12. Kva gjer de med teikningar og slikt som de lagar i barnehagen? 13. Er det noko du har lyst til å bestemme? - 15 -

Foreldremøte i Røverompa barnehage 30.sep. 2013 Vurderingstema: Borna sin medverknad i barnehagen. Kriterium: Foreldra er trygge på at barnet deira vert respektert og at det får delta i eit felleskap som gjer det godt. 1: Korleis vert foreldre involvert i barnehagen sitt pedagogiske arbeid? Dette sa foreldra: 2: På kva måte kjenner foreldra til at borna får medverke i barnehagen? Dette sa foreldra: 3: Korleis opplever foreldra at innspel og initiativ vert tatt på alvor? (frå både foreldre og born) Dette sa foreldra: Intervjuguide personale. Røverompa barnehage 2013. 1. Korleis vert barna sine innspel i det daglege vist interesse? 2. Korleis vert barna sine innspel i det daglege vektlagt? 3. Kva gjer de med barna sine innspel? 4. I kva grad får barna delta i planlegging og vurdering av ulike aktivitetar, temaval, festar, m.m.? 5. Korleis vert borna sine kreative uttrykk verdsett og synleggjort? 6. Kva val kan barna ta sjølve? 7. Kva tid på dagen får barna velje sjølv kva dei vil leike med, og kor? 8. Korleis legg de til rette for at det enkelte barnet kan få realisert sine val og delta aktivt i demokratiet? 9. Kor fleksible er de i høve planar til fordel for borna sine initiativ? 10. Korleis legg de til rette for at borna skal få uttale seg og komme med sine meiningar? 11. Korleis legg de til rette for at også dei minste borna si stemme vert høyrt? 12. Korleis vert foreldra involvert i barnehagen sitt pedagogiske arbeid? 13. Vert det sett av nok tid til refleksjon og drøfting av eigen praksis i høve borna sin medverknad i barnehagen? - 16 -

14. Vert borna sine innspel vektlagde i planar og vurdering? 15. Har de ei felles forståing av born sin medverknad? 16. Får de fagleg støtte og rettleiing m.o.t. born sin medverknad? 17. Er det noko meir du ynskjer å fortelje i høve born sin medverknad? Observasjonsskjema - Røverompa barnehage, oktober 2013 Borna sine innspel i den daglege verksemda vert vist interesse og vektlagt. Borna deltek i planlegging og vurdering av aktivitetar, temaval, samling, festar m.m. Borna sine kreative uttrykk vert verdsett og synleggjort Borna gjer eigne val i kvardagen (aktivitetar, rom vener) Borna får leike i fred, utan unødvendig avbryting av vaksne Personalet legg til rette for at det enkelte barn kan få realisert sine val og får delta aktivit i demokratiet. Personalet er fleksible i høve planar (dagsrytme) til fordel for borna sine initiativ. Personalet legg til rette for at borna skal få uttale seg og sei si meining om kvardagen i barnehagen. - 17 -

Dei minste si stemme vert høyrt, tolka og forsøkt forstått av personalet. Andre ting Påstandsskjema for foreldre i Røverompa barnehage. Vurderingstema: Borna sin medverknad i barnehagen.kriterium: Foreldre er trygge på at barnet deira vert respektert og at det får delta i eit felleskap som gjer det godt. Svar anonymt og individuelt og lever skjemaet tilbake til styrar innan fredag 28.sept. 2013 (Gjerne i lukka konvolutt) Set kryss i ruta som passer for deg. Påstand Usamd 1 Samd Veit ikkje 2 3 4 5 Foreldra vert involvert i barnehagen sitt pedagogiske arbeid. Foreldra veit korleis borna får medverke i barnehagen. Heime gir borna uttrykk for at dei får vere med å bestemme i barnehagen. Borna gir uttrykk for at dei blir lytta til i barnehagen. Foreldra ser at det er samsvar mellom barnehagen sin plan om medverknad og det som skjer i praksis. Foreldra vert møtt med respekt og forståing. Foreldra sine innspel vert tatt på alvor. Foreldra opplever at borna sine initiativ vert tatt omsyn til. Barna sine kreative uttrykk vert verdsett og synleggjort. Personalet er fleksible i høve planar til fordel for borna sine initiativ. Me takk for at de fylte ut skjemaet. Mvh Torunn Åsnes og Inger Nyland - 18 -