HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Arkivsak 201200120-118 Arkivnr. 135.6 Saksh. Skaar, Ronny/Bjørkås, Øivind Rune Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 04.06.2013 20.06.2013 FRÅSEGN TIL "KULTUR VEST AS, EVALUERING ETTER TRE ÅRS PRØVEDRIFT 2010-2012, HØRINGSNOTAT" SAMANDRAG Hordaland Fylkeskommune tok imot eit høyringsnotat frå Kultur Vest AS i januar 2013 om deira evaluering etter tre års prøvedrift 2010-2012. Evalueringa er gjennomført av eit internt evalueringsutval. Kultur Vest ønskjer uttale om dette frå Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. I høyringsnotatet er det lagt fram forslag til framtidig drift av selskapet. Driftsutgiftene på kr 2 millionar skal mellom anna dekkast av Bergen kommune med 1/3 og Hordaland Fylkeskommune med 1/3. Fylkesrådmannen er positiv til at institusjonar opprettar felles organ for å fremja sine interesser og for å utvikla driftsmessige fellesløysingar som kan frigjera ressursar til kunstnarleg verksemd og publikumsretta produksjon. Men dette må institusjonane sjølv finna føremålstenleg, og vega kostnad mot nytte. Det er institusjonane sjølve som må finansiera eit slikt tiltak ut frå ei slik vurdering. Eit aksjeselskap som representerer eit utval profesjonelle institusjonar vil, etter fylkesrådmannen si vurdering, ikkje ha den oppslutnad og demokratiske legitimitet som er naudsynt for at fylkeskommunen skal kunne stilla seg bak selskapet med tilskott til drift, slik det er lagt opp til. Dette vil gje eit utval organisasjonar ei legitimert tyngde som vil kunna skyve til side andre grupper sine interesser innanfor kunst- og kulturlivet og over tid medverke til ein fordeling av ressursar som ikkje utan vidare er i samsvar med fylkeskommunale prioriteringar.. Derfor må slik verksemd finansierast av dei den representerer. FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Hordaland fylkeskommune tek evalueringa av Kultur Vest AS til orientering. 2. Hordaland fylkeskommune er positiv til at institusjonar opprettar felles organ for å fremja sine
felles interesser og for å utvikla driftsmessige fellesløysingar som kan frigjera ressursar til kunstnarleg verksemd og publikumsretta produksjon. 3. Hordaland fylkeskommune vil ikkje gje driftstilskot til selskapet. Eit aksjeselskap med kulturpolitisk føremål, eigd av eit utval profesjonelle institusjonar, vil ikkje representera bredda og heilskapen i kulturlivet Hordaland i tilstrekkeleg grad til at offentleg driftstilskot bør tildelast. Rune Haugsdal fylkesrådmann Anna Elisa Tryti fylkeskultursjef 2
FYLKESRÅDMANNEN, 21.05.2013: Bakgrunn Hordaland Fylkeskommune tok imot eit høyringsnotat frå Kultur Vest AS i januar 2013 om deira interne evaluering etter tre års prøvedrift 2010-2012. Det interne evalueringsutvalet består av leiar Anne Gine Hestetun, Jon Tvilde og Tone Tjemsland. Dei tre er tilknytt institusjonar som er aksjonærar i Kultur Vest. Kultur Vest ønskjer uttale om dette frå Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune. I høyringsnotatet er det lagt fram forslag til framtidig drift av selskapet. Driftsutgiftene på kr 2 millionar skal mellom anna dekkast av Bergen kommune med 1/3 og Hordaland Fylkeskommune med 1/3. Resten er foreslått dekt av institusjonane samla. I samband med uttalen er det såleis naudsynt å gjera ei vurdering av dette framlegget. Visjon og forretningsidé Kultur Vest har føljande føremål: Selskapets kunst- og kulturbyggende virksomhet skal bidra til å utvikle Bergen og Vestlandet til en vital, nyskapende, mangfoldig og attraktiv region for fastboende og besøkende. Dette er ein visjon som Hordaland fylkeskommune kan stille seg bak. I evalueringa peiker Kultur Vest (KV) på at «tre års prøvedrift gir ikke grunnlag for evaluering av visjonen. Det er således fra utvalgets side ikke gjort forsøk på å evaluere grad av måloppnåelse på dette punkt». Fylkesrådmannen har heller ikkje grunnlag for å evaluera dette, men vil peika på at dette er ei relativt open visjonsformulering som seier lite om dei konkrete interessene eigarane har, og som i praksis kan gje rom for motsetnader dei imellom og overfor andre deler av kulturlivet. Selskapet sin forretningside er formulert slik: Selskapet skal, ved å bidra til samarbeid, samordning og samhandling mellom profesjonelle kunstog kulturinstitusjoner: - styrke Bergens og Vestlandets profesjonelle kunst- og kulturliv i et overordnet og langsiktig perspektiv ved å forbedre den enkelte institusjons muligheter for å realisere egne visjoner og mål på kort og lang sikt; - styrke enkeltinstitusjonenes beslutningsgrunnlag og gjennomslagskraft innenfor strategisk og kulturpolitisk utvikling; - styrke enkeltinstitusjonenes driftseffektivitet og bidra til å frigi ressurser til kunstnerisk aktivitet; - Legge forholdene til rette for mulig kunstnerisk samarbeid. Hovudargumentet bak etableringa av KV var at det var avgrensa dialog og samarbeid mellom dei profesjonelle institusjonane i Bergen, særleg på styrenivå. Evalueringa slår fast at KV har lukkast med å betra dette, særleg ved å få fram ein omforeint prioriteringsplan for investering i infrastruktur, samling om arbeidet med nytt hus for musikkteater og dans og prioritering av infrastrukturelle fellesoppgåver som verkstader og prøvelokale. Vidare har ein gjennom styrka dialog lukkast med å sjå dei einskilde institusjonane sine mål og visjonar i ein større felles heilskap. Fylkesrådmannen sluttar seg til evalueringa på dette punktet. Jamvel om ein langt i frå er i mål, er det særs verdfullt at dei viktigaste profesjonelle institusjonane kan samrå seg om felles strategi og prioritering. Dette vil kunna styrka moglegheitane for gjennomføring. Det gjev og Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune viktige innspel i dialogen med statlege styresmaktar. Når det gjeld punktet om styrking av dei einskilde institusjonane sin driftseffektivitet og frigjering av ressursar til kunstnarleg verksemd, peikar evalueringa på at ein ikkje har oppnådd resultat så langt. Evalueringa peiker på at det her er eit stort potensiale, men at dersom ein skal lukkast på dette området vil det krevja ei annan organisering av prosjektarbeidet. Oppgåvene har dreidd seg om mellom anna felles IKT-system, felles billettsystem, felles innkjøp og felles verkstader. 3
Fylkesrådmannen ser det som ein interessant tanke at driftsmessige fellesløysinger skal kunna medverka til frigjering av ressursar til kunstnarleg verksemd og publikumsretta produksjon, og er samd i at det truleg ligg eit potensiale her. Dette bør kunna vera eit kjerneområde for KV framover. Evalueringa peikar på at KV i prøveperioden har vore avhengig av konsensus mellom eigarinstitusjonane for å fremma prosjekt. Dette har sjølvsagt hatt innverknad på kva prosjekt ein har kunne løfta fram, og på kva måte. Fylkesrådmanne vil peika på at dersom KV skal kunna lukkast framover må institusjonane truleg i større grad vera villig til å forplikta seg og samla seg om fleirtalssynspunkt. Institusjonane må sjølv vurdera om dette er føremålstenleg eller mogleg. Kven representerer KV? Selskapet vart etablert som aksjeselskap med utgangspunkt i trongen for ei samling av profesjonelle institusjonar, utan at dette er nærare definert. Følgjande institusjonar er i dag aksjonærar: - Bergen Filharmoniske Orkester - BIT-Teatergarasjen - BIT20 Ensemble - Bergen Kunsthall - Bergen Nasjonale Opera - Den Nationale Scene - Festspillene i Bergen - Grieghallen - Hordaland Teater - Carte Blanche - Oseana - Kulturhuset USF Det har kome fram kritikk over avgrensinga i deltaking, noko også evalueringa peiker på. Spesielt uttrykte institusjonar som Bergen fest/bergen Live, Ole Bull Scene og uorganiserte grupper kritikk over ikkje å ha blitt invitert til deltaking. Med bakgrunn i kritikken vart det helde møte med andre institusjonar. Bergen Live/Bergen Fest fekk tilbod om å delta på møta i selskapet som observatør for å vurdere sin interesse for medlemskap. Organisasjonen for sjølvstendige kunstnarar/grupper, PROSCEN, var involvert i fleire samtaler. Økonomi og organisasjonsforhold vart vurderte som hindre for slik deltaking for PROSCEN sin del. Vidare har til dømes Kunstmuseene i Bergen (KODE) valt å ikkje delta. Fylkesrådmanne kjenner ikkje til om andre museum i fylket har vurdert deltaking. Selskapet representerer såleis i dag aksjonærane som lista over. I evalueringa vert det understreka at ei eventuell vidareføring av selskapet vil måtte tuftast på ei grundig drøfting av deltakarpremissar og geografisk virkefelt. Evalueringsutvalet ønskjer ei vurdering av omfanget av deltaking, og peikar på at dersom KV skal vera altomfattande kan dette gje organisasjonen for store utfordringar. Alternativet er å tydeleggjera at KV gjeld eit utval profesjonelle kunst- og kulturorganisasjonar. Fylkesrådmannen er positiv til at KV vil vurdera premissar for deltaking. Her må spørsmålet om kva legitimitet KV skal ha i kunst- og kulturlivet vegast opp mot kva som er føremålstenleg og praktisk mogleg. KV vil, som aksjeselskap, sjølvsagt alltid representera eigarane sine. Dette er i seg sjølv ikkje noko problem, men det har tyding for vurdering av spørsmålet om driftsstønad frå Hordaland fylkeskommune. Tilrådingar frå evalueringsutvalet: Evalueringsutvalet tilrår vidare organisering som aksjeselskap med gjeldande vedtekter om val og styrerepresentasjon vidareført. 4
Vidare peikar utvalet på at kriteria for medlemsskap må vurderast. Skal selskapet omfatta alle, eller eit nærare definert utval institusjonar. Likeeins må det vurderast kva geografisk verkeområde som er føremålstenleg og mogleg. Utvalet peikar her på Hordaland som ei fornuftig avgrensing. Når det gjeld administrasjon og mannskap rår evalueringsutvalet til at mannskap vert avgrensa til ein fast tilsett dagleg leiar. Utvalet rår til at selskapet bør ha eit årleg driftsbudsjett på kr 2,0 millionar, der Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune skal dekka 1/3 kvar. Den siste tredelen vert finansiert av aksjonærane der kvar institusjon bidreg pro rata i forhold til årleg omsetting. Prioritering av arbeidsoppgåver: Utvalet peikar på at selskapet sine hovudoppgåver så langt har dekt to prinsipielle nivå: - Praktiske driftsoppgåver knytte til medlemsinstitusjonane sin kjerneverksemd, og - Oppgåver knytte til utgreiing og fronting mot offentlege mynde av felles interesse for nokre eller alle av medlemsinstitusjonane. Utvalet rår til at denne todelinga av selskapet sine arbeidsoppgåver vert vidareført. Vurdering For fylkeskommunen er det naturleg å sjå selskapet sin visjon og verksemd i samanheng med valet av aksjeselskapsforma og den alminnelege føresetnaden om at drifta av verksemda skal ivareta aksjonærfellesskapet sine interesser. Med eit slikt utgangspunkt er det naturleg at selskapet si verksemd og målsetting (forretningsplan) er retta mot ein styrking av eigarinstitusjonane og samarbeidet mellom desse. Fylkesrådmannen er positiv til at institusjonar opprettar felles organ for å fremja sine interesser og for å utvikla driftsmessige fellesløysingar som kan frigjera ressursar til kunstnarleg verksemd og publikumsretta produksjon. Men dette må institusjonane sjølv finna føremålstenleg, og vega kostnad mot nytte. Det er institusjonane sjølve som må finansiera eit slikt tiltak ut frå ei slik vurdering. Eit aksjeselskap som representerer eit utval profesjonelle institusjonar vil, etter fylkesrådmannen si vurdering, ikkje ha den oppslutnad og demokratiske legitimitet som er naudsynt for at fylkeskommunen skal kunne stilla seg bak selskapet med tilskott til drift, slik det er lagt opp til. Det kan også stillast spørsmål ved om omsynet til openheit og medverknad m.v. lar seg ivareta på tilstrekkeleg vis. Dersom kommune og fylkeskommune skal stå for heile 2/3 av driftsbudsjettet og KV skal ta på seg utgreiingsoppgåver i konkurranse med privat sektor, oppstår det spørsmål om tilhøvet til lov om offentleg støtte (EØS avtalen). Det kan også stillast spørsmål ved om verksemda sjølv vert å sjå som eit offentlegrettsleg organ som vil vera omfatta av lov om offentlege anskaffingar. Likeeins vil det vera særs problematisk for det offentlege å finansiera eit aksjeselskap som skal driva med lobbyverksemd på vegne av eigarar: «fronting mot offentlege mynde av felles interesse for nokre eller alle av medlemsinstitusjonane». Dette vil gje eit utval institusjonar ei legitimert tyngde som vil kunna skyve til side andre grupper sine interesser innanfor kunst- og kulturlivet og over tid medverke til ein fordeling av ressursar som ikkje utan vidare er i samsvar med fylkeskommunale prioriteringar. Derfor må slik verksemd finansierast av dei den representerer. Det står fritt opp til kulturlivet og institusjonane sjølve å jobbe for gjennomslagskraft for eigne behov, og fylkesrådmannen ser positivt på betre kontakt mellom det offentlege og dei offentleg finansierte institusjonane, gjerne gjennom felles interesseorganisasjonar. 5