REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 02.03.07 kl 09.00 Stad: HOVDEN HØYFJELLSHOTELL Desse møtte: Forfall: Olav K. Mosdøl 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Ole P. Bruun 4755 HOVDEN Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Randi Steinsholt 4755 HOVDEN Anne Ellen Senum 4755 HOVDEN Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 05.03.2007 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Stadfesting av vedtak - deltaking i selskap 4. Stadfesting av vedtak Støtte til idrettsstudium ved den vidaregåande skulen på Hovden 5. Søknad om støtte Nyetablering av forretning 6. Søknad om støtte Nyetablering i Hovdetun 7. Søknad om støtte 8. Søknad om støtte 9. Søknad om støtte Hovden sportsklubb 10. Søknad om redusert husleige 11. Søknad om ansvarleg lån 12. Organisering og oppgavefordeling mellom BHV og kommunen 1
SAK 01. GODKJENNING AV REFERAT Det hadde ikkje kome forslag til endringar i referatet, som var sendt ut i forkant av møtet. : Styret godkjende referatet frå møte 18/19.01.07, og skreiv under på dette. SAK 02. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Bykle2020 kommuneplan Høyringsfristen for kommuneplanen gjekk ut 21.02.07, men fylkeskommunen og Fylkesmannen har bede om utsett frist, og har fått frist til 09.03.07 for å kome med innspel. Det har kome inn rundt 30 høyringsuttaler. Høyringsuttalene vert no planfagleg handsama, og det er lagt opp til 2. gongs handsaming i kommunestyret 03.05.07. B. Miljøsertifisering Arbeidet med miljøsertifiseringa har ikkje hatt nokon god prosess. Fleire av bedriftene har signalisert at dei er misfornøgde med korleis prosjektet er gjennomført. BHV har meldt dette tilbake til Stiftelsen Miljøfyrtårn. BHV er ikkje sertifisert enno. I gjennomgang med sertifisør blei det peika på nokre område som må utbetrast før verksemda kan bli sertifisert. D. DDA Det er prekvalifisert 4 tilbyderar til innkjøpet som nå skal gjennomførast. I tillegg til investeringar på fleire titals millionar, vil det ligge årlege kontamtstraumar på 30-50 mill i innkjøpet. Alle tilbyderane har bedt om forlenging av frist for levering av første tilbud. Det er dermed fare for at vi ikkje klarer å halde opprinneleg framdriftsplan for innkjøpet. Høykom har bedt om at prosjektet søker å bli valgt ut til ein stor europeisk konferanse om breibandsutbygging. Prosjektet skal presenterast på den nasjonale e-forvaltningskonferansen i mars og på EBL sin nasjonale konferanse om breiband i same mnd. F. Prosjekt VA- Hovden Sør Første anbod for anleggsarbeid vert lyst ut i veke 13. Det er meldt oppstart for fire nye hyttefelt med til saman om lag 160 nye fritidseigedommar i Hovden Sør. G. Kurs i økonomistyring for verksemder i kommunen Kurset hadde god oppslutning, med 29 deltakarar. Gunnar A. Dahl hadde ein grundig og god gjennomgang av mykje relevant stoff. Deltakarane hadde svært ulik bakgrunn, og det er vanskelig å lage eit opplegg som er like relevant for alle. Me har likevel inntrykk av at dei fleste synest kurset var nyttig. Me nytta samstundes anledninga til å oppmode næringa om å kome med innspel om andre kompetansehevingstiltak som kan vere aktuelle. Det har kome ønske om kurs innafor plan- og bygningslova/ ansvarsrett, og me vil jobbe vidare med dette. 2
J. Reiseliv/Helse/Idrett P.g.av sjukdom og avlysing av planlagde møter, har ikkje vore særleg framdrift i prosjektutviklinga. Det er sett opp ny møtedato og prosjektet blir presentert som eitt mogleg prosjekt innanfor Innovativ Fjellturisme, dersom Hovden skal delta vidare i det prosjektet. Fylkeskommunen og HIA er klare til å delta i eit utviklingsprosjekt innanfor dette temaet. K. Hovdetun Prosjektet er i rute, og innvendig arbeid i byggetrinn 2 vert no sett i gong for fullt. Før påske vil me avertere ledige lokaler i Hovdetun for å få kontakt med potensielle leigetakarar til ledige lokaler. Ein skal ikkje ekskludere nokon frå å etablere seg, men ønskjer å prioritere nye verksemder som kompletterer og styrker dei forretningstilboda som er her frå før. Tildeling av lokaler vil skje i løpet av april/ mai. L. SMB-prosjekt Setesdal regionråd For tredje gong er det sett i gong prosjekt i regi av Setesdal regionråd med tanke på kompetanseheving i små og mellomstore bedrifter i Setesdal. Evje Utvikling har prosjektleiinga, og BHV deltar i styringsgruppa. Prosjektet har eit budsjett på kr 800 000,-. Det har vore informasjonsmøter for næringa i alle kommunane i Setesdal. I Bykle møtte seks bedrifter på informasjonsmøtet, og tre av dei søkte om deltaking. Totalt søkte 14 bedrifter om deltaking, og det er beslutta at ni av dei kjem med. Frå Bykle får Hovden Aktiv (kr 100 000,-) og Eminent Hovdestøylen Hotell (kr 70 000,-) delta i prosjektet. M. Innovativ Fjellturisme Vi har motteke kopi av søknad frå Innovativ Fjellturisme til Aust-Agder fylkeskommune om støtte på kr 300.000 for 2007. Bykle og Hovden Vekst AS har to gonger tidlegare støtta prosjektet Innovativ Fjellturisme. Det blei gitt kr 142.500 i støtte for 2004/05. Setesdal Regionsråd støtta då med ein tilsvarande sum, og fylkeskommunen løyvde kr 285.000. For 2006 støtta Bykle og Hovden Vekst AS prosjektet med kr 90.000. Fylkeskommunen løyvde då kr 180.000. Innovasjon Norge Agder har gitt tilsagn om kr 300.000 i støtte til prosjektet for 2007. Det skal vere eit informasjonsmøte for reiselivsnæringa på Hovden 06.03. Fylkeskommunen kjem ikkje til å handsame søknaden før etter dette møtet. Saka kjem truleg opp i fylkesutvalet i starten av april. N. Badstogviki skytebanar Hovden Jakt & Friluft har sagt opp leigeavtalen for skytesenteret. BHV har vore i kontakt med nye interessentar, men har førebels ikkje inngått nokon ny avtale. O. Økonomi Fleire bilag har kome inn seint. Årsrekneskapen vil derfor ikkje vere klar før neste møte i mai. 3
SAK 03. STADFESTING AV VEDTAK DELTAKING I SELSKAP Unnateke offentlegheit. Styret stadfesta vedtaket. SAK 04. STADFESTING AV VEDTAK STØTTE TIL IDRETTSSTUDIUM VED HOVDEN VIDAREGÅANDE SKULE I samband med handsaming av saka om støtte til oppstart av ei ny klasse i idrett ved den vidaregåande skulen på Hovden til hausten, blei saka avgjort etter at forslag blei sendt ut per e-post og eit fleirtal av styremedlemene hadde gitt tilbakemelding. Styret stadfesta følgande vedtak: Bykle & Hovden Vekst AS løyver kr 75.000 til opptak og gjennomføring for ei ny klasse i årsstudium idrett ved den vidaregåande skulen på Hovden. Midlane skal dekke HIA sine ekstrakostnader for studieåret 2007/08. Vidare blir det garantert for ein tilsvarande sum, som ein forventar at blir dekka av Aust-Agder fylkeskommune. Bykle og Hovden Vekst AS tek også sin del av det økonomiske ansvaret for at studentane får fullføre studiet, avgrensa til det som er skissert i gjeldande avtale. Ein forventar at HIA arbeider vidare med etableringar på Hovden, og at det blir arbeidd med løysingar som er meir uavhengige av økonomisk støtte. SAK 05. SØKNAD OM STØTTE NYETABLERING AV FORRETNING Aperitiv Mote AS er eit nyetablert aksjeselskap der Ingrid Helle og Ellen Robsahm har gått inn med aksjekapital. Dei opna 16.02.07 forretning i Hovdetun med sal av klede for dame, herre og barn, og vil etterkvart utvide med kosmetikk, bijouteri og sko. Ellen Robsahm skal vere dagleg leiar og innehavar av forretninga. Dei søker om å få dekt kostnader til innreiing og utstyr i samband med opning av den nye butikken. Styret i Bykle og Hovden Vekst AS ønskjer nyetableringa velkomen, og vil gi verksemda eit etableringstilskott på kr 25 000,-. Når det gjeld investeringane som vert søkt dekt, fell dette utanfor det som normalt vert støtta av BHV. Ein kan vurdere å gi støtte til marknadsføring som ei særskilt sak. SAK 06. SØKNAD OM STØTTE NYETABLERING I HOVDETUN Gyri Bjåen vil opne kaffibar med noko attåt i Hovdetun. I tillegg til kaffidrikkar, kaker og mat vil ho legge vekt på kultur- og tradisjonsformidling innan ulike brukskunst- og designprodukt. Ho vil skape ein trivelig møteplass for lokalbefolkninga og for turistar. Det er positivt at ei ung, lokal kvinne flyttar heim att for å starte for seg sjølv. Ho har fått støtte til etableringa gjennom prosjektet ArtStart i regi av Innovasjon Norge og Aust-Agder Fylkeskommune. 4
Styret gjev Gyri Bjåen eit tilskott til etableringa på kr 50 000,-. Tilskottet bygger på eit kostnadsoverslag på kr 203 000,- og utgjer 24,6 %. Dersom kostnadene vert mindre, blir tilskottet tilsvarande redusert. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. I samband med leige av lokaler i Hovdetun får Gyri Bjåen fritak for depositum det første driftsåret. SAK 07. SØKNAD OM STØTTE Unnateke offentlegheit. Styret treng meir informasjon/ dokumentasjon før dei vil ta stilling til søknaden. SAK 08. SØKNAD OM STØTTE Unnateke offentlegheit. SAK 09. SØKNAD OM STØTTE HOVDEN SPORTSKLUBB Hovden Sportsklubb har retta forespørsel til næringa på Hovden om støtte til verksemda i klubben. Denne søknaden har dei også sendt til BHV. Styret meiner sportsklubben gjer ein god og viktig jobb, men klubben mottek allereie støtte frå Bykle kommune, og generell støtte til lag og organisasjonar ligg utanfor BHV sitt virkeområde. SAK 10. SØKNAD OM REDUSERT HUSLEIGE Bykle og Hovden Vekst AS gir på nåverande tidspunkt avslag på søknaden om redusert husleige. Selskapet vil gjennomføre ei generell vurdering av husleigesatsane. Desse skal vurderast i forhold til markedsprisar i Bykle. SAK 11. SØKNAD OM ANSVARLEG LÅN Hovden Booking AS søker eigarane om å gå inn med til saman kr 420.000 i ansvarleg lån. For BHV utgjer dette kr 214.200. Etter at det blei tilsett dagleg leiar, er det teke i bruk nytt bookingsystem og bruka mykje tid på etablering av avtalar med ulike verksemder i kommunen. Det er førebels små inntekter. Då BHV gjekk inn med 51% eigarskap i dette selskapet, blei det opplyst at erfaringane frå Geilo tyda på at eigarane måtte vere villige til å bruke 1,5 2 mill før ein kunne rekne med at drifta kunne gå i balanse. For å få mange til å 5
legge inn volum, har Hovden Booking prisa seg relativt lågt. Selskapet er oppteken av å bygge opp tillit og tiltru til arbeidet som blir gjort. Bykle og Hovden Vekst AS yter eit ansvarleg lån, stort kr 214.200 til Hovden Booking AS. Lånet vil, saman tilsvarande lån frå dei andre eigarane, stå tilbake for all anna gjeld i selskapet. Det skal ikkje betalast renter på lånet, før selskapet driv med overskott. Etter tre år skal det etablerast ein eigen nedbetalingsplan for lånet. SAK 12. ORGANISERING OG OPPGAVEFORDELING MELLOM BHV OG KOMMUNEN Unnateke offentlegheit, saka vert sendt kommunen for vidare handsaming. 6