Revidering av plan for bibliotektenesta i dei vidaregåande skulane

Like dokumenter
Skulebruksplanen Uttale frå Sogn Regionråd

ungdomsstrinn i utvikling Praktisk og variert undervisning

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Kommunedelplan for oppvekst

Arbeid for eit godt psykososialt miljø i barnehagar og skular Sogn våren Oppvekst og utdanningsmøte Skei

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

TILSYNSRAPPORT. Skulebasert vurdering. Hordaland fylkeskommunekommune Olsvikåsen videregående skole

I forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova blir det gjort følgjande endringar:

MØTEBOK. Hovudutval for opplæring. Fylkeshuset, Leikanger. Møtedato Kl. kl. 10:00 15:00

Rettleiar for gjennomføring av undervisningsevalueringa ved dei vidaregåande skolane

HANDLINGSPLAN Side 1

Informasjon til elevar og føresette: Kva er nytt i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa frå hausten 2006?

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING. Ogna skule

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

MATEMATIKK I OPPVEKSTSENTER

Strategiplan for kompetanseutvikling i grunnskulen i Norddal kommune Handlingsplan 2008

Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane

Korleis kan tilsyn bli ein virksom strategi for betre folkehelse? Fylkesdirektør Regional utvikling Bård Sandal

Plan for rettleiing av nyutdanna i barnehage og skule. Jørn

Kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane. Skuleåret 2015/2016

St.meld. nr. 21 ( )

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

Kultur for læring i biblioteket. Kunnskapsløftet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Gratis skulefrukost - til prioriterte skular med fråfall

Høyringsutkast. Merkantile tenester og merkantil struktur. Ved vidaregåande skular i Hordaland

Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Leiing i barnehagen. Forventningar til styraren

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,


Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Årsplan for Norsk

Vurderingsrettleiing 2012

STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND

Opplæringsloven 5-4. Unni Dagfinrud Seniorrådgiver

TILTAK FOR REALISERING AV FRAMTIDAS BERGENSBANE

Foreldreundersøking i skule 2006

Klikk for å redigere tittelstil i malen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Fylkeskommunale styremedlemmer i private skular

Evaluering av ordninga "Spissa idrettstilbod i vidaregåande opplæring"

HØYANGER KOMMUNE OPPVEKST OG KULTUR PLAN FOR OVERGANGANE. Plan overganger Høyanger kommune.

Regionale forskingsfond og forskingsstrategi

Organisering av tenestene i Business Region Bergen

AVDELING 27 Gol skule og SFO. ANSVAR: 3111, : Gol skule 3121: SFO (ikkje i bruk)

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Betre tverrfagleg innsats. Handlingsrettleiar. Åd Årdal lkommune

Vurdering på barnetrinnet. Nå gjelder det

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

2. Sjå tiltak under punkt Ikkje aktuel

Søknad om tilskot til kompetanse og innovasjon på statsbudsjettets kapittel 0761 post 68

PARTNARSKAP FOR KARRIERERETTLEIING SOGN OG FJORDANE

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Sel kommune Utskrift av møtebok

1. Ressurs til arbeidslivskontakt vert vidareført på skular med yrkesfaglege utdanningsprogram.

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014

Vedtak i Eid kommunestyre KS-041/15. Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i Eid kommune

Læreplan i visuell kultur og samfunn - valfritt programfag i studiespesialiserande utdanningsprogram, programområde for formgjevingsfag

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Prosedyre for handsaming og rangering av overtalige - pedagogisk personale ved dei vidaregåande skulane

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Kommunestyret

Tiltaksplan

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Høyring skulebruksplan Fylkesrådmannen

KUNNSKAPSLØFTET: PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING FOR PEDAGOGISK PERSONALE I GRUNNSKOLENE

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Skulehelsetenesta oppsummering frå møta mellom skulane og vertskommunane ved oppstart av skuleåret

Høyring - endring i Opplæringslova - Friare skoleval, moglegheit til å tilby meir grunnskoleopplæring m.m.

Program for skulebibliotekutvikling kva skjer?

Leiing- Nøkkelen til betre helse- og omsorgstenester Flora som døme. Jan Helge Dale Kommuneoverlege

Bjørnehiet SFO - informasjon

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato AVLASTING TIL FAMILIAR I VOLDA KOMMUNE SOM HAR BARN UNDER 18 ÅR MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Roger Nedreklepp Arkivsak: 2014/1591 Løpenr.: 9649/2014. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Landbruksnemnda

Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Oppfølging av 9A i Opplæringslova Handlingsplan Myking skule

SLT-HANDLINGSPLAN Vindafjord Kommune Etne kommune

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

GSI'09. Voksenopplæring (Vo) rettleiing. nynorsk

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

NESSET KOMMUNE Indre Nesset barne- og ungdomsskole. Plan for arbeidet med det psykososiale miljøet

Lesarhistoria - ny veg til lesaren (Ref #9c6d0318)

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

«Leseglede - saman for betre lesing i alle fag»

Transkript:

Hovudutval for opplæring Side 1 av 6 Ansvarleg sakshandsamar sign. for utført handling: Saka er godkjend av fylkesdirektøren: Dokumentoversyn: Tal prenta vedlegg: 1 Tal uprenta vedlegg: 0 Revidering av plan for bibliotektenesta i dei vidaregåande skulane Fylkesdirektøren rår Hovudutval for opplæring til å gjere slikt vedtak: 1. Hovudutvalet sluttar seg til fylkesdirektøren sitt framlegg til Utviklingsplan for bibliotektenesta for vidaregåande skular i Sogn og Fjordane -2010. 2. Iverksetjing av opptrappingsplanen må skje gjennom budsjett og økonomiplanarbeidet. Prenta vedlegg: 1. Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane 2010 2. Notat frå fylkesdirektøren datert 10.11.06 m/vedlegg

Hovudutval for opplæring Side 2 av 6 Saksframstilling 1. BAKGRUNN Fylkesdirektøren legg med denne saka fram Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane -2010. Planen legg i hovudsak vekt på ei opptrapping når det gjeld stillingsressursar til bibliotekarar, men peikar også på behovet for auka løyvingar til innkjøp og oppdateringar av mediesamlingar. Dette er nødvendig for at bibliotekarane saman med andre aktørar ved skulane får biblioteka til å framstå som gode og trivelege læringsarenaer. Planen tek utgangspunkt i den gamle bibliotekplanen frå 1994, Bibliotekteneste for dei vidaregåande skulane, der mandatet var å greie ut korleis bibliotektenesta ved dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane burde utviklast. Utvalet den gong skreiv at ut frå rettleiande normer burde det tilsetjast bibliotekarar i 14,5 stillingar og noko kontorpersonale i tillegg, men landa likevel på ei nøktern tilråding på til saman 6 stillingar for bibliotekarar/samlingsstyrarar. Tilrådinga var heil stilling som bibliotekar i Sogndal og i Førde (delt mellom Hafstad og Øyrane) og halv stilling ved Stryn, Eid og Flora. Resten av skulane skulle få samlingsstyrarressurs, i praksis ca 20% ved kvar skule. I tillegg tilrådde utvalet ei prosjektleiarstilling på 50%, til å rettleie skulane i oppbyggingsfasen og skape samarbeid mellom biblioteka for best mogeleg utnytting av ressursane. Dei tilrådde bibliotekarressursane kom på plass, og Flora vg har seinare fått auka ressursen sin til heil bibliotekarstilling. Det vart derimot ikkje oppretta noko prosjektleiarstilling. Med utgangspunkt i vedtak i Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2004- oppnemnde fylkesdirektøren eit nytt bibliotekutval som skulle revidere den gamle planen. Utvalet bestod av Trygve Jacobsen, rektor Mo og Jølster vgs, Anne Britt Andersen, ped. leiar Eid vgs, Marit Fåberg Sjåstad, lærar Sogndal vgs, Aud Skipenes, bibliotekar Eid vgs, Lise Monsen, bibliotekar Flora vgs, Anja Angelskår Mjelde, fylkesbiblioteket og Knut Grinde, opplæringsavdelinga. Knut Grinde vart vald til leiar, medan Aud Skipenes og Anja Angelskår Mjelde har delt på sekretærarbeidet. I mandatet stod det m.a. at utvalet skulle skaffe status for bibliotektenestene ved skulane, sjå på korleis ein kan nå målet om biblioteket som ein sentral læringsarena og lage framlegg til opptrappingsplan. Dette utvalet legg her fram sin Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane - 2010. 2. NYE BEHOV Skulebiblioteket er både ein kunnskapsarena der ulike typar informasjon er tilgjengeleg, og ein kulturarena der leseglede og oppleving står sentralt. Det er såleis ein viktig læringsarena på skulen. Her skal elevane ikkje berre få servert informasjon, men også lære å sjølv finne fram i tilgjengeleg litteratur og internettressursar. På fleire viktige område skil eit skulebibliotek seg frå eit folkebibliotek. Skulebiblioteket er eit spesialbibliotek eller eit fagbibliotek, retta mot utdanning/opplæring. Tenesta skal vere for ei definert målgruppe (både unge og vaksne elevar), og innretta etter målsetjingar og læreplanar tilpassa den enkelte skule sine tilbod. Fylkesdirektøren ser særleg to utfordringar for å nå visjonen i planen "Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane har eit moderne bibliotek, med tilgjengelege og kvalifiserte tenester". Det trengst først og fremst ressursar nok til å få oppjustert bibliotekarstillingane. Uten stillingar av ein viss storleik får ein ikkje tak i kvalifiserte bibliotekarar. I tillegg er det avgjerande at leiinga ved skulen tydeleggjer bibliotekaren si plassering i organisasjonen, og let denne bli ein del av skulen sitt

Hovudutval for opplæring Side 3 av 6 pedagogiske liv. Leiinga må syne interesse for det som skjer i biblioteket, og fylgje opp bibliotekaren sitt arbeid både i handlingsplanar og i det daglege. Det må også setjast av tid til opplæring av lærarane i å bruke biblioteket og ressursane der, då dette vil gje både lærarar og elevar større utbytte av skulebiblioteket. I den gamle planen nytta utvalet særleg Reform -94 som utløysande årsak som behov for auka satsing på biblioteka. Dei sette velfungerande bibliotektenester ved skulane som vilkår for at m.a. det obligatoriske prosjektarbeidet i reforma kunne gjennomførast. Også utvalet bak den nye planen nyttar ny reform i skuleverket som sterkt medverkande årsak til behovet for auka satsing på skulebiblioteka. Kunnskapsløftet skal innførast for grunnkursklassane (Vg1) hausten 2006. I løpet av tre år vil reforma vere gjennomført for heile den vidaregåande skulen, Vg1, Vg2 og Vg3. Fylkesdirektøren har som mål at nødvendig opptrapping ved skulebiblioteka skal vere på plass hausten, når heile den vidaregåande opplæringa blir påverka av reforma. Kunnskapsløftet inneber m.a. nye læreplanar i alle fag, og det blir auka vektlegging på grunnleggjande ferdigheiter som å kunne lese, uttrykkje seg skriftleg og bruke digitale verktøy. I t.d. læreplan for norsk Vg3 studieførebuande program er det eit heilt klart mål at eleven skal kunne "bruke bibliotekets sentrale databaser og andre faglige kilder, både tradisjonelle og elektroniske, i egne arbeider". Den vedtekne Læringsplakaten inneheld viktige prinsipp for metodar og strategiar i opplæringa, og det heiter m.a. at skulen skal stimulere elevar til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking og fremje tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar. Gi rom for lesing! er ein statleg tiltaksplan for auka leselyst og leseferdigheit for perioden 2003-. Her blir det slått fast at "alle skoler skal ha en strategi for leseopplæring og lesing på alle årstrinn, og samarbeidet med bibliotekene skal styrkes". Å meistre lesinga er grunnleggjande for alle fag i skulen, og avgjerande for å kunne tileigne seg anna kunnskap. For å kunne styrke elevane sine leseferdigheiter og motivasjon for lesing og styrke lærarane sin kompetanse i leseopplæring og bruk av skulebibliotek, er det nødvendig med moderne bibliotek med tilgjengelege og kvalifiserte tenester. Biblioteket har også eit stort potensial til å fremje informasjonskompetanse. Med det meiner ein evna til å identifisere informasjonsbehov, å sjå at relevant og fullstendig informasjon er grunnleggjande for kloke avgjerder, at ein har evne til å finne passande hjelpemiddel for informasjonssøking (både tradisjonelle og elektroniske) og at ein utviklar evna til å bruke informasjonen på ein kritisk måte. Informasjonskompetanse er spesielt viktig i den aukande tilgangen på informasjon frå internett, der kvalitetssikringa i mange tilfelle manglar, og informasjonskompetanse er ein viktig del av satsingsområdet digital kompetanse. Alt dette er knytta til lesekompetanse, og biblioteka, med kvalifiserte bibliotekarar, kan saman med lærarane bidra til å utvikle både lese- og informasjonskompetansen hjå elevane. Også det nyleg reviderte Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2004 - har fokus på skulebiblioteket sitt potensial som arena for å fremje lese- og informasjonskompetansen hjå elevane, og det blir slått fast kor viktig det er å utvikle skulebiblioteket til ein moderne og framtidsretta læringsarena.

Hovudutval for opplæring Side 4 av 6 I hovudstrategi 2.3 blir det understreka kor viktig det er å ta i bruk undervisningsformer som aktiviserer elevar i høve til si eiga læring, og at ein må sikre at skulane har tilgang til ulike læringsarenaer og læremiddel, der elevane lærer å bruke ulike arbeidsmåtar. I påfølgjande handlingsprogram 3.3 blir det slått fast som ønska situasjon i at biblioteket er ein god læringsarena tilpassa eleven og skulen sine arbeidsmåtar og metodar og at høg IKTkompetanse og god tilgang til moderne datautstyr gjer det mogeleg å ta i bruk IKT som eit godt pedagogisk verktøy. For å nå desse måla må biblioteket verte ein sentral læringsarena og det blir eit stort behov for å auke stillingsstorleiken på skulebibliotekarstillingane. Alt dette vil få konsekvensar for bibliotektenesta. Biblioteket og bibliotekaren vil bli ein viktig pedagogisk ressurs, som i sterkare grad enn før kan bli trekt inn i det faglege arbeidet. I hovudstrategi 2.7 blir det slått fast at det difor må satsast på kompetanseutvikling også for skulebibliotekarane. I handlingsprogram 3.7 påpeikar ein behovet for kontinuerleg og systematisk kompetanseutvikling, særleg når det gjeld digital kompetanse. 3. OPPTRAPPINGSPLAN Utvalet meiner at 20% bibliotekarressurs ved ein skule er for lite dersom ein ynskjer å ta ut det pedagogiske og trivselsmessige potensialet eit skulebibliotek har, og har difor foreslått 50% som minimum stillingsressurs til kvart bibliotek. Det er ynskjeleg å knytte ressursen til biblioteket, og ikkje til skulen. Dette gir seg det praktiske utslaget at t.d. Mo og Jølster som ein skule vil få ressursen knytta til dei to skulebiblioteka på Mo og på Vassenden. Denne skulen har i dag 20% til saman, 10% på kvar avdeling. Utvalet har ikkje funne ferske normtal som grunnlag for behovet for opptrapping. Dåverande Rådet for vidaregåande opplæring utarbeidde offisielle normtal i 1988. RVO meinte at skular med fleire enn 200 elevar skulle ha ei heil bibliotekarstilling og skular med fleire enn 900 elevar fleire heile bibliotekarstillingar. I tillegg burde skular med fleire enn 400 elevar ha kontorfagleg stilling i tillegg. For å få betre grunnlag for å setje normtal, har utvalet også sett på bibliotekplanane til andre fylkeskommunar, i første rekke Hordaland, Finnmark og Østfold. Med bakgrunn i dette har utvalet laga ønska normtal for bibliotekarstillingar ut frå tal elevplassar for skuleåret 2006/: - 199: 0,5 bibliotekarstilling 200-399: 1,0 bibliotekarstilling 400-599: 1,5 bibliotekarstilling 600 - : 2,0 bibliotekarstillingar Det vil i tillegg vere ynskjeleg med hjelp til kontortekniske og praktiske driftsoppgåver, men dette er ikkje spesifisert i planen. Skal ein nå målsetjingar i m.a. Kunnskapsløftet og Strategisk handlingsprogram for vidaregåande opplæring, er det heilt nødvendig med auka satsing på skulebiblioteka. Utvalet gjer difor framlegg om fylgjande: 1. Ingen skular skal ha under 50% stillingsstorleik pr bibliotek 2. Skular med 50% stillingsstorleik i dag, skal opp på normtalet utvalet har sett ut frå elevplassar 2006/.

Hovudutval for opplæring Side 5 av 6 3. Når ressursane ved biblioteka er på plass, vil bibliotekkordinator vere sentral for å vere med å bygge opp og vidareutvikle gode bibliotektenester. Samla bibliotekarressurs ved skulane i dag er 6 heile stillingar. Dersom Sogn og jord- og hagebruksskule og Fagskulen i Førde skal vere med i opptrappingsplanen, vil dette til saman utgjere 16 stillingar. Det er ein auke på 9,5 frå i dag, og vil medføre ein samla kostnad på 3,9 millionar over ein toårsperiode. Tabell 5: Opptrappingsplan for stillingsstorleikar Skule Elevplassar pr 2006/ Bibliotek -ressurs 2005/200 6 Høyanger 204 0,2 1,0 Mo og Jølster - avd Mo - avd Jølster Ønska Når Kostnad ressurs (Full stilling kr 390.000,-) Kr 117.000,- Totalt 100 0,1 0,5 132 0,1 0,5 Kr 312.000,- Kr 429.000,- Luster 137 0,2 0,5 Kr Kr 117.000,- 546.000,- Dale 269 0,2 1,0 Kr Kr 312.000,- 858.000,- Årdal 234 0,2 1,0 Kr Kr 312.000,- 1.170.000,- Hafstad 465 0,5 1,5 Kr 390.000,- Kr 1.560.000,- Sogndal 705 1,0 2,0 Kr 390.000,- Kr 1.950.000,- Eid 360 0,5 1,0 Kr 195.000,- Kr 2.145.000,- Måløy 279 0,5 1,0 Kr 195.000,- Kr 2.340.000,- Øyrane 372 0,5 1,0 Kr 195.000,- Kr 2.535.000,- Firda 399 0,5 1,0 Kr 195.000,- Kr 2.730.000,- Stryn 334 0,5 1,0 Kr 195.000,- Kr 2.925.000,- Flora 499 1,0 1,5 Kr 195.000,- Kr 3.120.000,- Bibliotek-koordinator 0,5 Kr 195.000,- Kr 3.315.000,- Sogn j&h 52 0,5 Kr 195.000,- Kr 3.510.000,- Fagskulen 140 0,5 Kr 195.000,- Kr 3.705.000,- Samla kostnad i løpet av og : Kr 3.900.000,-

Hovudutval for opplæring Side 6 av 6 Målet om 16 stillingar er godt i samsvar med konklusjonen til utvalet frå 1994. Ynskjet deira var at det ut frå gjeldande norm den gong skulle "tilsetjast bibliotekarar i 14,5 stillingar og noko kontorpersonale i tillegg". Utvalet har sett opp ønske om ein bibliotekkoordinator i 50% stilling. Denne skal jobbe med å utvikle bibliotektenestene, koordinere samarbeid mellom biblioteka og med andre, planlegge møte og kurs og ha ansvar for drift av fagforumet. Ein kan også sjå for seg denne som ein ressursperson i høve dei bibliotekspesifikke datasystema. Også dette er godt i samsvar med framlegget til utvalet frå 1994, som sette opp ønske om stilling for ein prosjektleiar til å koordinere og vidareutvikle skulebiblioteka. 4. FYLKESDIREKTØREN SITT FRAMLEGG Fylkesdirektøren sluttar seg til bibliotekutvalet sitt framlegg til Utviklingsplan for biblioteka i vidaregåande skular i Sogn og Fjordane -2010 med fylgjande justeringar: Sogn jord- og hagebruksskule Bibliotektenesta ved skulen vert å koma attende til når det er avklara kva funksjonar skulen skal ha i framtida. (FT sak 46/05) Fagskuleutdanninga i Sogn og Fjordane Fagskulen er halden utanfor planen, då utdanninga er skilt ut som ei eining, med eige styre. Fylkeskommunen yter tilskot til fagskuleutdanninga. Iverksetjing av opptrappingsplanen må skje gjennom budsjett og økonomiplanarbeidet.