Nissedal kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: 16.08.2011 Tidspunkt: 13:00 17:20 Følgjande faste medlemmer møtte: Navn Funksjon Representerer Halvor Homme Medlem AP Anne-Nora Oma Dahle Ordførar SP Marianne Bråten Odden Medlem SP Øyvind Tveit Varaordførar KRF Astrid Eidem Nordal Medlem KRF Bjarne Reime Medlem KRF Solbjørg Walseth Medlem KRF Liv Mørland Tveit Medlem KRF Frank Edvard Sjøgren Lien Medlem FRP Følgjande medlemmer møtte ikkje: Navn Funksjon Representerer Johanne Kathrine Vejrup MEDL AP Jan Torfinn Solberg MEDL AP Kari-Anne Nordbø MEDL SP Berit Grønås MEDL FRP Carl Erik Winther Larsen MEDL H Torgunn Hovland Tveit MEDL SP Geir Christian Enger MEDL KRF Vidar Valle MEDL AP Følgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Runa Vee Tveit Johanne Kathrine Vejrup AP Torleiv Skåli Carl Erik Winther Larsen H Arve Aarak Berit Grønås FRP Følgjande frå administrasjonen møtte: Navn Stilling Sverre Sæter Rådmann Jarle Bruun Olsen Kommunalsjef økonomi Benedikte Vonen Kommunalsjef pers./utv. Kjersti Vevstad Einingsleiar skule Inger Stokstad Einingsleiar omsorg Gro Midtsund Einingsleiar barnehage Kai Halvor Juva Einingsleiar teknisk
Hilde Nore Tove S. Homme Anne Margrethe Espelid Kristine Sandall Sveinung Seljås Torill Sønderland Einingsleiar habilitering Einingsleiar helse Einingsleiar kultur NAV-leiar Plansjef Kyrkjeverje Frå saksnr.: 73/11 Til saksnr.: 73/11 Møtet blei innleia med 1 minutt stillhet i høve til minne om ofra i Oslo/Utøya. I tillegg til oppsette saker blei kommunestyret informert om budsjett for 2012. Anne-Nora Oma Dahle ordførarsaksliste Utvalssaksnr PS 73/11 Innhald Saker til behandling Kommunale bustader - Husleige ved utløpt leigeavtale. Lukka
Nissedal kommune Arkiv: Saksmappe: Sakshandsamar: Dato: 613 2011/89-12 Kai Halvor Juva 27.06.2011 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 73/11 16.08.2011 Kommunale bustader - Husleige ved utløpt leigeavtale. Fakta i saka: Nissedal kommune vedtok 18.03.2010, retningslinjer for utleige av kommunale husvære. Her heiter det blant ana: 2. Formålet med kommunale utleigebustader og målgruppe Kommunale utleigebustader er et verkemiddel for å rekruttere arbeidstakarar til kommunen og hjelpe vanskeligstilte på bustadmarknaden, og er som hovudregel å betrakte som ei midlertidig hjelp. Kommunale bustader kan også tildelast på varig basis, dette gjelder berre trygde- og omsorgsbustadar, for andre bustader skal leigeforholdet settast til maks 3 år frå innflyttingsdato. Fornying Søknad med fornying av leiekontrakt vurderast etter gjeldande retningslinjer, det må søkast om fornying innan 3-tre-måneder før kontraktens utløp. Vurdering: Etter at vedtektene vart godkjente er det oppretta nye leigeavtalar med leigetakarane i kommunale husvære. Intensjonen med å lage desse vedtektene var og sørgje for at dei kommunale gjennomgangsbustadane kunne nyttast som midlertidig bustad for dei som ynskjer å etablere seg i Nissedal kommune. Erfaringane etter at vedtektene har vore nytta i godt over eit år, er at me ikkje har oppnådd målsettinga om å kunne tilby husvære til dei som ynskjer å etablere seg her. Orsaka er at dei som i dag bur i desse husværa ikkje har klara å skaffe seg eigen bustad innan leigekontrakten har gått ut. Samtidig er det konkrete planar om å bygge 4 mindre leilegheiter for sal. Tilbakemeldingane er at det har vore vanskeleg å få nokon til å binde seg til kjøp av desse.
For å betre rutinane ved utleige av gjennomgangsbustad, har rådmannen sett på to tiltak. Først ser ein det nødvendig å auke husleigene ved utgåtte leigeavtalar. Dette for å gje eit større press på leigetakarane til å skaffe permanent husvære. I tillegg bør innby til ein dialog mellom leigetakarane og NAV. Husleigelova set store avgrensingar i kva utleigar kan gjere. Her heiter det blant ana: 9-2. Tidsbestemte leieavtaler En leieavtale som er inngått for bestemt tid, opphører uten oppsigelse ved utløpet av den avtalte leietid. Ved utleie av bolig må utleieren skriftlig opplyse at leieavtalen ikke kan sies opp i den avtalte leietid. En tidsbestemt leieavtale kan sies opp i leietiden i samsvar med bestemmelsene i 9-4 til 9-8, dersom det er avtalt, eller dersom utleieren har forsømt sin opplysningsplikt etter første ledd annet punktum. Fortsetter leieforholdet i mer enn tre måneder etter utløpet av den avtalte leietid uten at utleieren skriftlig har oppfordret leieren til å flytte, er leieavtalen gått over til å være tidsubestemt. Dette tyder at kommunen anten må be leigetakarane flytte, ved utløp av avtale, eller godta at avtala vert gjort tidsubestemt. Dersom kommunen varslar leigetakar innan 3 månader etter at tidsbestemt leigeavtale har gjenge ut, kan ein sette krav til ei ny avtale. Sakshandsamar meiner at for å oppnå intensjonen om å kunne tilby bustadar til familiar eller personar som ynskjer å flytte til kommunen, bør ein heve husleigene etter at tidsbestemt avtale har gjenge ut. Sakshandsamar meiner at husleigene då blir sett så høgt at vert ein motivasjon for å skaffe seg permanent bustad. Det er vanskeleg å sette ei fast grense for kor høg ei huslege bør/kan settast. Dersom den vert sett urimeleg høg, vil ein kunne oppleve at ein kommer i konflikt med husleigelova. Sakshandsamar meiner at rådmannen sett denne i kvart tilfelle, men med følgjande prinsipp: Husleige settast til gjengs leige for tilsvarande bustadar, auke skal ikkje overskride 50%. (Vil utgjere ei auke 1 500 2 000 kroner per månad) Leigetakarane stiller fritt til å søke på nytt om kommunal bustad, Søkaren vil då kunne få tildela bustaden for ein ny periode i tidsbestemt leigeavtale, eller få tilbod om annan bustad. Rådmannen si tilråding: Kommunestyret ber rådmannen innarbeide rutinar for ei auke av husleigene på kommunale gjennomgangsbustader ved utløp av tidsbestemte leigeavtaler. Husleige ved overgang til tidsubestemte leigeavtalar settast til gjengs leige for tilsvarande bustadar, auke skal ikkje overskride 50%.
Saksprotokoll i Kommunestyret - 16.08.2011 Øyvind Tveit bad om gruppemøte. Tilleggsframlegg frå Krf. v/øyvind Tveit: Kommunestyret ber rådmannen kome tilbake med ei eiga sak om husleiger i samband med budsjetthandsaminga. Votering: Rådmannen si tilråding samrøystes vedteke. Tilleggsframlegg frå Krf. samrøystes vedteke. Vedtak Kommunestyret ber rådmannen innarbeide rutinar for ei auke av husleigene på kommunale gjennomgangsbustader ved utløp av tidsbestemte leigeavtaler. Husleige ved overgang til tidsubestemte leigeavtalar settast til gjengs leige for tilsvarande bustadar, auke skal ikkje overskride 50%. Kommunestyret ber rådmannen kome tilbake med ei eiga sak om husleiger i samband med budsjetthandsaminga.