Ungdom med særlege behov



Like dokumenter
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Til deg som bur i fosterheim år

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjon til elevane

Plan for overgangar. for barn og unge

Minnebok. Minnebok NYNORSK


Rektorforum 15. april

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Melding til fylkeskommunen om elevar etter 6-17 Fortrinnsrett for søkjarar med sterkt nedsett funksjonsevne

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Sandeid skule SFO Årsplan


Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Temakveld - rus. Vel møtt, til skulens første russeminar for føresette (?).

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

IKT-kompetanse for øvingsskular

Rådgjevarkonferanse 2009

Søking til skuleåret

Individuell opplæringsplan

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

6. trinn. Veke 24 Navn:

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Rådgjevarkonferanse 2010

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Nytt HFK Intranett

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Eksempel frå Stord kommune

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Heile IOP skal arkiverast i elevmappa i P360

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Brukarrettleiing E-post lesar

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Retten til spesialundervisning

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Psykologisk førstehjelp i skulen

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Internasjonal vidaregåande skule

RETTLEIAR TIL UTFYLLING AV ENKELTVEDTAKET

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

Legge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Vegvisar til vilbli.no

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Plassebakken Barnehage

Kvalitetsplan mot mobbing

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Arbeidsplan. Veke: 4 Klasse: 9B Orden: Elise og Marthe

Klar til skulestart EPHORTE 2011/ PLAN FOR OVERGANG BARNEHAGE/SKULE Kvinnherad kommune

Om å høyre meir enn dei fleste

INNHALD. 1. Innleiing s Søking på internett s. 2

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Handbok for minoritetsspråklege elevar i vidaregåande opplæring

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Vaksenopplæringa i Sula

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Respekt på Rommetveit skule

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

mmm...med SMAK på timeplanen

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Månadsbrev for ROSA mars 2015

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Transkript:

Ungdom med særlege behov Rapport frå pedagogisk utviklingsprosjekt 2006 ved Nordfjord folkehøgskule Prosjektledar: Odd Harald Halse Tema: Ungdom med særlege behov Prosjektperiode: Frå januar til september 2006 Rapport fullført: 27.10.2006 Ungdom med særlege behov Innhald 1 Målsetjing og problemområde 2 Arbeidsprosess 3 Elevar og målgruppe 4 Bu- og arbeidstrening a) Historikk b) Linjetilbodet i 2006/2007 5 Kontakt med foreldre og fagmiljø 6 Opptaksprosedyre 7 Rapportering 8 Økonomisk støtte kven gir støtte til elevar med særlege behov? 9 Kontakt med andre skular 10 Spørreundersøking a) Elevar b) Personalet c) Foreldre 11 Oppsummering 1 Målsetjing og problemområde - Vurdere det tilbode vi har på Nordfjord folkehøgskule for elevar med ulike funksjonshemmingar, og vidareutvikle tilbodet for denne elevgruppa. - Klargjere økonomiske utfordringar. Kven finansierar tilrettelagt undervisning? - Vurdere om vi skal utvikle eit nytt tilbod til andre grupper av ungdomar som har behov for ekstra oppfølging. Vi trur at det siste punktet vert meir og meir aktuelt fordi det er stadig fleire som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. I bladet Utdanning, nr 18 13. oktober 2006, kan vi lese at berre kvar tredje elev fullførar vidaregåande opplæring etter fem år, og Utdanningsforbundet vil gå til kamp mot fråfallet. 1

2 Arbeidsprosess Eg har jobba med prosjektet på følgjande måte: - drøfta vårt linjetilbod med lærarane på linja Bu- og arbeidstrening - samtalar med personalet på andre skular som har liknande linjetilbod - gjennomført spørjeundersøking blant alle elevane ved skulen, personalet og nokre foreldra til barn med funksjonshemming - samtalar med elevar på linja Bu- og arbeidstrening 3 Elevar og målgruppe Elevgruppene som vi her tenker på er: Ungdom med ulike funksjonshemmingar. Denne gruppa har vi i nokre år hatt ei eiga linje for som heiter Bu- og arbeidstrening. Eit eventuelt nytt tilbod tenkjer vi i høve til elevar som droppar ut av den vidaregåande skulen. Her tenkjer vi på elevar med ADHD, resurssvake elevar, skulelei ungdom osv. Målgruppa for prosjektarbeidet er lærarar og andre tilsette ved skulen som arbeidar med desse elevane. 4 Bu- og arbeidstrening a) Historikk På Nordfjord folkehøgskule har vi ein lang tradisjon på å integrere elevar med spesielle behov. I dei 15 siste åra har vi kvart år hatt ein eller fleire psykisk utviklingshemma elevar (Autisme, Downs syndrom, Prader Willi syndrom). I tillegg til nokre psykisk utviklingshemma elevar har vi hatt mange elevar med mindre funksjonshemmingar, konsentrasjonsvanskar, sosiale vanskar osv. Fram til år 2001 fekk kvar enkelt elev eit individuelt tilpassa opplegg, der eleven var mest mogleg integrerte i ei av dei valege linjene ved skulen. Frå hausten 2001 oppretta vi ei eiga linje for elevar med ulike funksjonshemmingar. Linja fekk namnet; Bu- og arbeidstrening. b) Linjetilbodet i 2006/2007 Denne informasjon er henta frå vår skulekatalog for 2006/2007. Dersom du treng litt ekstra trening før du flyttar i eigen bustad, kan dette vere linja for deg. Her har vi fokus på sosialt fellesskap og meistring av dei mange utfordringane som du møter i kvardagen. Dette er eit tilbod for ungdom med ulike funksjonshemmingar. Undervisninga på linja tek utgangspunkt i dine evner og føresetnader. I samarbeid med heimen og hjelpeapparatet i heimkommunen din utarbeider vi ein individuell opplæringsplan for deg. Du får trening for eit mest mogleg sjølvstendig liv i eigen bustad gjennom opplæring i aktivitetar i dagleglivet. Ein viktig del av undervisningstilbodet er arbeidstrening innan trearbeid og handverksfag. Elevane på Bu- og arbeidstrening får delta på turar saman med dei som går på friluftslivlinjene. Inkluderande fellesskap Deltaking i det sosiale livet på folkehøgskulen er ein viktig del av tilbodet. På internatet bur 2

omlag 100 elevar, og her kan du delta i ulike aktivitetar og oppleve sosialt fellesskap. Skulen har sju stipendiatar som arbeider som miljøarbeidarar/støttekontaktar. På kveldstid og i helgane vil dei legge til rette for aktivitetar og sosialt samvær. Organisering Linja har plass til maksimum seks elevar. Innhaldet i undervisninga vil variere noko frå år til år ut frå gruppesamansetjing og storleik. Individuelle føresetnader og målsetjingar vil og spele ei rolle. Undervisninga blir organisert i einetimar og linjetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linjene. Linja i stikkord Romvask - rydde, støvsuge og vaske eige rom Klevask - sortere, vaske og tørke klede - opplæring i bruk av vaskemaskin og tørketrommel - orden i klesskap Personleg hygiene Matlaging - lage enkle måltid - baking Personleg økonomi - oversyn over eigen økonomi - kjøpe inn varer til matlaging - kjøpe artiklar til personleg hygiene Arbeidstrening - ulike oppgåver innan trearbeid: Utforming, boring, skruing, pussing, lakking og maling - lage til kveldsmat på hovudkjøkkenet Fysisk aktivitet - aktivitetar i gymsal - ballspel ute og inne - spaserturar - riding - symjing - balanse, styrke og koordinasjon Friluftsliv - tilpassa turar i nærmiljøet for linja - kystveke saman med ei av friluftslivlinjene - fellesturar for heile skulen Norsk/data - lese nyhende i aviser og på internett - lage minnebok med tekst og bilde av opplevingar frå skuleåret - ha kontakt med slekt og vener via e-post - skrivetrening handskrift/data ut frå tema som går over ei veke Musikk - song og samspel med rytmeinstrument Teikning/maling - teikning med sjablongar - frihandsteikning - måling 3

Sosial trening - gjennom deltaking i felles måltid, elevkveldar, miljøaktivitetar, fellesundervisning og bufellesskap - ved å bruke nærmiljøet t.d. gjennom bibliotek- og kafebesøk 5 Kontakt med foreldre og fagmiljø I høve til elevar på Bu- og arbeidstrening er det ekstra viktig å utveksle informasjon mellom skule og foreldre. Det kan ofte vere mykje viktig informasjon i høve til blant anna medisin, sosialt samspel og kognitive vanskar. Foreldra sitter på mykje detaljkunnskap om eleven, og det er viktig at dei får formidle informasjonen til personalet. Før skulestart må vi også få informasjon frå fagmiljø som PPT, BUP, Barnehabilitering, og avgjevarskule. I løpet av skuleåret set vi i utgangspunktet opp to møter med foreldre og fagmiljø, pluss telefonsamtalar ved behov. 6 Opptaksprosedyre Ei vanleg opptaksprosedyre for elevar på Bu- og arbeidstrening kan sjå slik ut: 1) Foreldre, avgjevarskule eller PPT tar kontakt med folkehøgskulen. 2) Vi får tilsendt informasjon om eleven. 3) Eleven, saman med foreldre og t.d. avgjevarskule eller PPT, kjem på besøk til folkehøgskulen. 4) Vi setter opp eit ressurskrav ut i frå behov for tilrettelagt tilbod. 5) Når ressurssøknaden er godkjend får eleven tilbod om skuleplass under føresetnad av at der er ledig plass. Vi tar inn inntil seks elevar på linja. For kvart enkelt tilfelle må vi vurdere om vi har ressursar og kompetanse til å gi vedkomande eit trygt og godt tilbod 24 timar i døgnet. 7 Rapportering For kvar enkelt elev vert det utarbeid ein individuell opplæringsplan - IOP. I januar og juni sender vi fyldige halvårsrapportar til foreldre, PPT og fylkeskommune. Halvårsrapporten inneheld mål, innhald og vurdering for både fagleg og sosial utvikling. 8 Økonomisk støtte Tilbodet på denne linja krev ekstra økonomiske ressursar frå heimkommune/fylke. Kor mykje ekstra ressursar folkehøgskulen må ha avheng av kor tett oppfølging eleven må ha. Må eleven ha hjelp ved måltid, personleg hygiene, eiga nattevakt, kan eleven vere med på fellesfag, valfag, må han ha mange einetimar osv. Vår erfaring er at elevar kan få støtte frå enten fylkeskommunen (før dei har brukt opp sitt vidaregåande tilbod, under 20 år) eller trygdeetaten (når dei er ferdige med vidaregåande skule, over 20 år). Frå fylkeskommunen får vi økonomisk støtte når fylkeskommunen godkjenner at eleven får gå på folkehøgskule som eit ledd i den vidaregåande skule. Dette vert gitt ut frå rettane i opplæringslova 3.1 (inntak på særskild grunnkurs) og 5.1 (spesialundervisning). Frå trygdeetaten kan vi få stønad til opplæringstiltak når dei finn at tilbode kan godkjennast som hensiktsmessig tiltak til betring av den alminnelege funksjonsevna. Dette vert gitt ut frå 4

rettane i folketrygdlova 10-6 og 10-7, med tilhøyrande forskrifter. 9 Kontakt med andre skular Det er ofte ein vanskeleg og lang kamp for å få ekstra ressursar til funksjonshemma elevar. For å få hjep og råd har eg teke nokre telefonar til andre skular som har liknande linjer for elevar med særlege behov. Dei har mykje av dei same erfaringane som oss; at det kan vere ein lang kamp og at nokre fylker gir støtte medan andre fylker ikkje gir støtte til eit vidaregåande år i folkehøgskule. Våren 2006 skulle eg delta på eit NKF seminar i Hurdal, som hadde temaet: Seminar og erfaringsdeling om botrening. Denne samlinga vart det for få som melde seg på og den vart avlyst. 10 Spørreundersøking Eg laga to spørjeskjema. Det eine delte eg ut til alle elvane og personalet ved skulen. Det andre spørjeskjemaet sendte eg ut til dei foreldra som hadde elevar på Bu- og arbeidstrening. Ut i frå tilbakemeldingane har eg fått bekrefta at det er lett å misforstå spørsmål. Det var ei stor svakheit ved skjemaet at eg brukte mange begrep som t.d. lærevanskar, åtferdsvanskar, lett psykisk utviklingshemma, ADHD, utan å definere dei. Her er dei viktigaste resultata frå undersøkinga. a) Elevar Elevane svara slik på tre av spørsmåla: 1) Bør skulen ha eit tilbod for elevar med særlege behov? Ja = 86, Nei = 0 2) Bør vi ha to ulike tilbod. Eit tilbod for elevar med lærevanskar og eit tilbod for elevar med åtferdsvanskar? a) berre lærevanskar = 10 b) berre åtferdsvanskar = 7 c) to ulike tilbod = 57 d) ikkje noko tilbod for elevar med spesielle behov = 5 3) Kva trur du er viktigast for ein elev med særskilde behov? a) å ha eit eige tilbod på skulen = 22 b) å vere med ei friluftslivlinje på nokre få turar = 47 c) å få vere mest mogleg integrert på ei av friluftslivlinjene = 20 b) Personalet Personalet svara slik på tre av spørsmåla: 1) Bør skulen ha eit tilbod for elevar med særlege behov? Ja = 21, Nei = 0 2) Bør vi ha to ulike tilbod. Eit tilbod for elevar med lærevanskar og eit tilbod for elevar med åtferdsvanskar? a) berre lærevanskar = 8 b) berre åtferdsvanskar = 0 c) to ulike tilbod = 9 d) ikkje noko tilbod for elevar med spesielle behov = 0 3) Kva trur du er viktigast for ein elev med særskilde behov? a) å ha eit eige tilbod på skulen = 9 b) å vere med ei friluftslivlinje på nokre få turar = 7 c) å få vere mest mogleg integrert på ei av friluftslivlinjene = 0 5

c) Foreldre I skjemaet til foreldra som hadde elevar på Bu- og arbeidstrening, hadde eg teke bort spørsmåla som gjekk på kva type funksjonshemming vi bør lage tilbod for. Eg tok bort dette spørsmålet fordi vi veit at alle foreldre ynskjer eit tilbod til deira funksjonshemma barn, uavhengig om dei har lærevanskar, åtferdsvanskar eller sosiale vanskar. Eg fekk inn svar frå to av fire utsende skjema. 1) Bør skulen ha eit tilbod for elevar med særlege behov? Ja = 2, Nei = 0 Dei andre spørsmåla til foreldra var opne spørsmål der vi fekk tibakemildingar som: - fint å få delta i livet på folkehøyskole og samtidig få hjelp til vidareutvikling frå eget ståsted - viktig at hver elev får et opplegg som er tilpasset seg sjølv - musikkterapitilbudet er svært bra - tilbudet treffer de viktigste læringsmål: - praktisk og personlig selvstendiggjøring, - en fantastisk situasjon for sosialisering og inkludering - viktig at eleven ikkje får velje vekk noe som han har ekstra behov for med tanke på videre utvikling - det beste som har hendt i min sønns liv 11 Oppsummering Nordfjord folkehøgskule skal også i dei neste åra ha eit tilbod for ungdom med særlege behov. Vi ser at det er svært viktig for denne gruppa å få vere midt i eit sosialt og aktivt ungdomsmiljø. For desse elevane er inkludering på turar saman med friluftslivlinjene viktig, men det viktigaste er at dei får eit godt tilrettelagt tilbod på skulen. Det er ikkje teke nokon konklusjon i høve til om vi skal gå ut med eit eige tilbod til ungdom med åtferdsvanskar. Det er mange i personalet som trur at det kan vere vanskeleg å inkludere elevar med åtferdsvanskar i eit internatmiljø, og vi har erfart at det på folkehøgskulen er gode rammer for å inkludere elevar som er psykisk utviklingshemma. 6