Thore Eithun Helland. Roman



Like dokumenter
NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Jon Fosse. For seint. Libretto

Brannsår, rus eller friheit?

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Rom ved havet, rom i byen

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tor Arve Røssland. Oslo



SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

mmm...med SMAK på timeplanen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Tor Arve Røssland. Oslo

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kom ikkje inn i mitt hus

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Informasjon til elevane

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Kom skal vi klippe sauen

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Brødsbrytelsen - Nattverden

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Med tre spesialitetar i kofferten

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Valdres vidaregåande skule

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

2016 Det Norske Samlaget

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole Kart: Wikimedia Commons Atlas of the World, Wikimedia Foundation

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Brukarrettleiing. For bruk av datamaskin/projektor i undervisningsrom

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Brukarrettleiing. epolitiker

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Kva er økologisk matproduksjon?

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Magnhild Bruheim. Det som er sant. Roman. Oslo

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Å læra mange ulike måtar å måla bilete på

Det Norske Samlaget Omslag: Mystical Garden Design. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Hei alle sjøstjerneforeldre

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

4. klasse nynorsk. klipp-og limoppgåver

Transkript:

Thore Eithun Helland FARLEG KREDITT Roman Oslo 2013

Om denne boka Rockemusikaren Alvin Evjo er på veg for å nå igjen ekskjærasten som han angrar på at han kasta ut av leilegheita i Bergen. Idet han set seg inn i den gamle Volvoen, ringjer faren. Edgar Evjo har gjeld til langt over pipa etter å ha vore involvert i eit mislykka hotellprosjekt saman med broren, Martin. Den litauiske mafiabossen Vanagas har gitt Edgar ein frist på to dagar til å skaffe 640 000 kroner. Men Edgar manglar betalingsevne. Like blakk er Alvin, men han tek likevel på seg å hjelpe faren. Utan aning om kva dei skal gjere, reiser dei heim til det gamle huset i Øystese. Først når Alvin får barndomskameraten Erik med på laget, lausnar det. Den tidlegare drapsdømde kameraten har ingen sperrer, og han har ein dristig plan. Ein hardangerkrim med torpedoar, smuglarsprit og tragiske familieløyndommar.

2013 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8332-0

Thore Eithun Helland FARLEG KREDITT Roman Oslo 2013

Til far og mor, Knut Helland og Borgny Eithun Helland

1 Sørvesten slengde regnkulene mot stovevindauga med urytmisk kraft. Vêrmeldarane hadde varsla om brått omskifte i vêret utan at spådommen hadde slått til. Vinden skulle slå kollbøtte i Nordsjøen og sige innover mot landet igjen frå nord. På få timar skulle det kome mykje snø, og temperaturen skulle gå djupt. Julehelga skulle bli kjortel-kvit og polarkald. Men eg brydde meg ikkje. Eg skulle vere inne i varmen likevel. Eg skulle skjerme meg frå vêret og livet og berre jobbe med prosjektet. Det ringte på døra. Eg la frå meg øyretelefonane og gjekk ut i gangen for å opne. Det måtte vere den helvetes leigetakaren på loftet. Ein sur, gammal ungkar med dårlege nervar som ville ha ro døgnet rundt. Eg var klar til å bjeffe i han at musikarar ikkje kan ta omsyn til tid og stad. Musikarar går på kveldsinspirasjon og nattbensin. Eg vrei om låsen, dytta opp døra og såg rett på Wenche. Ho stod der i ei raud kåpe med skulderputer og breitt belte og med dei svarte støvlettane samla. Håret hennar var framleis ein kastanjebrun tornado, halde nede med fleire klemmer. Blikket hennar spurde meg om eg ikkje var glad for å sjå henne. «Eg kom tilbake,» sa ho. Eg lente meg mot dørkarmen utan å vite kva som var smart av meg å seie. Eg kjende korleis kjenslene mine vippa fram og tilbake mellom glede og irritasjon.

Ho løfta kofferten. «Skal du ikkje invitere meg inn?» «Kvifor det?» «Fordi eg er her.» Vi såg på kvarandre mens ho blei våt i regnet. Bak henne drukna byen i vatnet som stupte ned frå dei grove skyene. Vinden kom inn frå havet, sopte over øylandskapet og gjennom gatene. Nede i hagen veiva eikene etter hjelp med greinene. Eg fekk ikkje til å gi henne ein klem då ho trengde seg inn i leilegheita. Men eg hjelpte henne av med kåpa og støvlettane. Under det våte plagget hadde ho ein kvit, høghalsa genser og eit skotskrutete skjørt. «Er du ikkje glad for å sjå meg?» Eg lukka døra, støtta meg usikkert til veggen. «Det var du som gjorde det slutt. Eg veit framleis ikkje kvifor.» «Det er lov til å ombestemme seg.» Irritasjonen fekk overtaket. «Eg har ikkje høyrt noko frå deg på snart eitt år. Så står du berre her med kofferten og kåpa di? Er du klar over kor mange gonger eg har ringt? Veit du kor mange tekstmeldingar du har fått?» «Eg vil gi deg ein ny sjanse.» Ho visste kvar ho skulle, ho gjekk rett inn på det rotete soverommet og sette frå seg kofferten. Ho snuste rundt på dei brukte kleda som var slengde rundt. Lakenet og dynetrekket hadde eg ikkje skifta på eit par månader. Eg såg korleis ho mislikte rotet mitt. Eg følgde etter henne inn på kjøkkenet. Der blei ho ståande og sjå ned i den fulle oppvaskkummen. Ho snudde seg, myste mot dei tomme pizzaøskjene som var

fint stabla på toppen av kjøleskapet. På golvet stod det ein hær med tomme pilsflasker og ølboksar. «Eg forstår ikkje at du orkar å bu i dette holet,» sa ho vendt mot meg. Eg stod der med hendene i baklommene på dongeribuksa. «Det er billeg her. Og eg får spele i fred.» Wenche gjekk forbi meg, titta inn på badet og rista på hovudet. Så trampa ho inn i stova og stoppa. «Kva er dette?» Eg følgde etter og stilte meg ved sida av henne. Instrumentkaoset fylte rommet. «Eg skal spele inn plate.» «Her?» «Nei. No skal eg berre spele inn demoar. Eg må prøve ut songane, finne ut om dei fungerer. Så går eg i studio når alt er klart.» Wenche gjekk rundt trommesettet, studerte det som om det var eit framandt dyr. «Her ser det forferdeleg ut. Slik kan du ikkje ha det. Ikkje når eg er komen på besøk. Du må få bort instrumenta med ein gong.» Vi sat på kjøkkenet og åt ferdigpizza med hendene. Eg heldt på med den første ølboksen, mens Wenche var godt nede i den tredje. Ho åt, drakk og prata, mens eg sat på andre sida av bordet og tenkte på dei få dagane eg hadde unnt meg for å spele inn demoen til soloplata. Eg skulle skrive, arrangere og produsere alt. Eg skulle spele alle instrumenta sjølv. Plata hadde eg drøymt om så lenge eg kunne hugse. Så sat Wenche der og forstod ikkje kor viktig plateprosjektet var.

Straumen av ord stoppa. Ho studerte meg over toppen av ølboksen. «Sjå på håret ditt, Alvin. Du er 43 år. Kor stilig trur du eigentleg folk synest at det er?» Eg kasta håret bak dei smale skuldrene mine. «Eg har nesten alltid hatt det slik.» «Før farga du det ikkje.» «No må eg.» «Kvifor det? Eg synest menn med grått hår er fint. Det er verre at du nesten aldri vaskar det.» «Eg vaskar det ofte nok.» «I kveld skal eg klippe deg. Eg skal klippe deg heilt kort. Og eg skal gi deg intimbarbering. Eg gjorde det på meg sjølv i dag tidleg.» Wenche reiste seg, drog av seg strømpebuksa og trusa. Ho kom rundt bordet og sette seg over skrevs på meg, mens ho drog opp skjørtet. «Sjå, Alvin. Pusen min er heilt utan hår.» Eg prøvde å få henne opp frå låra mine. «Slutt, Wenche. Set deg tilbake på plass.» Ho la armane rundt halsen min og leitte innover i augo mine med eit leikent blikk. «Er du ikkje kåt på meg?» «Nei.» «Eg er kåt.» «Slutt.» Eg prøvde å ta bort armane hennar, men ho vrei seg laus og drog opp genseren. Med peikefingrane vippa ho ned brysthaldaren. «Smak på brystvortene mine, Alvin. Eg vil at du skal smake på dei.» «Slutt.» «Kom igjen. Eg veit du liker det.»

«Nei.» Eg drog ned genseren hennar og fekk henne opp på beina. Men ho gjorde motstand. Vi tumla inn i kjøleskapet. Der blei vi ståande og stire kvarandre inn i augo. Først var augo hennar leikande, mens så kom dei mørke skyene. Det var snart storm. «Forbanna dritsekk,» sa ho. «Du er ein forbanna dritsekk, Alvin. Her kjem eg heilt til Bergen for å gjere det godt igjen. Og så vil du ikkje ha meg.» «Gi deg.» «Er det Torunn?» «Nei. Vi er kollegaer,» sa eg så roleg eg makta. «Vi jobbar saman med musikk. Vi speler julekonsertar. Det er gode pengar for meg.» Utan eit ord fekk Wenche på seg kleda. Ho henta kofferten på soverommet og kom tilbake til kjøkkenet. Det var ein rosa koffert. Ho likte å vere jente, men ho hadde blikket til ei kvinne som visste kva ho ville. «Greitt,» sa ho og såg trøytt på meg. «Eg skal gå, Alvin. Viss det er det du vil. Din jævla tapar.» «Eg er musikar.» «Du kunne ha vore jurist, ikkje musikar.» «Jussen var ikkje noko for meg.» «Walter har ny bil. Han har stort hus, og han kler seg skikkeleg.» Eg undra meg over at ho nemnde gymnaskameraten min, som eg ikkje hadde sett på lenge. Etter mange år i Oslo var han flytta tilbake til Hardanger. Han hadde opna advokatpraksis i Grova, sentrum av Norheimsund. «Kvifor nemner du han no?» spurde eg.