Fem gode grunnar til å arbeida for klårspråk i det offentlege: Kva er klårspråk? Kvifor klårspråk? Klårspråk løner seg. Korrekt + klårt = godt



Like dokumenter
Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.

Fem gode grunner til å arbeide for klarspråk i det offentlige: Hva er klarspråk? Hvorfor klarspråk? Klarspråk lønner seg. Korrekt + klart = godt

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Med klarspråk mener vi korrekt, klart og brukertilpasset språk i tekster fra det offentlige.

Informasjon fra det offentlige skal være forståelig for mottakerne, og språket må derfor være klart og tilpasset målgruppa.

Nynorsk i staten. Reglar og råd

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Språksjekken. Ei hjelp til betre språk i staten. Norsk språkråd Statens informasjonsteneste

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

MÅLBRUKSPLAN FOR BØMLO KOMMUNE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER SJUK

Informasjonsgrafikk, Essay 2. Utvikling og design av skjema Håvard Hvoslef Kvalnes, 13hbmeda,

Vurderingsrettleiing 2012

Laget for. Språkrådet

BARNEOMBUDET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 14/ Ane Gjerde 1. mai 2014

8. MOTTAK AV NYTILSETTE OG SLUTTSAMTALE FOR TILSETTE SOM SLUTTAR I KOMMUNEN

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Eksamen Bokmål side 2 5. Nynorsk side 6 9

Sogndal kommune nyttar nynorsk skulemål og har nynorsk som administrasjonsmål. Kommunen krev nynorsk i skriv frå statlege organ til kommunen.

Jaja, det nærmar seg i alle fall og på Krabben har me førebudd oss så godt me kan på «den søte adventstid».

Prøveutviklere omfatter både de som utvikler og administrerer prøver, og de som tar politiske beslutninger for bestemte prøver.

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: /2012/000/&00 Sverre Hollen,

Brukarhandbok for Lingdys 3.8

Terminprøve i matematikk for 9. trinnet

Nye regler om farskap og morskap

Globalisering ei drivkraft til fornying

Neon Studiebok, kapittel 1. - skriva dikt, individuelt tekster i ulike. og saman med andre. sjangere, både. - presentera dikt skjønnlitterære og

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

Ha ein flott vinterferie neste veke! Alle må ha underskrift + rette målsjekken kvar veke!

Eksamen REA3026 Matematikk S1

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Lye forsamlingsstyre.

STM100 1 Språk, tekst og matematikk

PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

VELKOMEN SOM FIBERKUNDE HOS TUSSA FÅ VERDA HEIM TIL DEG. NÅR DU VIL.

Frå dikt til teikneserie

delta i utforskende samtaler om litteratur, teater og film

Lærarane har for lite makt over eiga arbeidstid blir pålagde arbeid som ikkje er undervisningsrelatert, har for mange delegerte oppgåver

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Foreldreundersøking i skule 2006

Mappeoppgåve. Samansette tekstar/ sjanger og stil. Kathrine, Tony og Janne Glu 5-10, HiVe April-2011.

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

Alderspensjonistar som bur i utlandet

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Vurderingsrettleiing 2011

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

INFORMASJON NORE FUSA OPPVEKSTSENTER

Eksamen REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

APOTEKENE VEST HF ØKONOMIRAPPORT PR. JANUAR 2010

BRUKARRETTLEIING FOR KSYS

LUNGEAVDELINGA VELKOMMEN

Post Språkrådet Sent: 21. desember :40

Kom godt i gang. Ordboksverktøyet 1.0

Klarspråk i landbruksforvaltningen. 23. oktober 2013 Louise With

RAPPORTSKJEMA FOR BRUK AV FOU-MIDLAR FRÅ NYNORSKSENTERET

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

Protokoll frå styremøtet i Språkrådet 11. september 2008

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Teknologi og fargar RGB

I brev med varsel om pålegg av fekk de frist til for å komme med kommentarar. Vi har motteke kommentarar frå dykk.

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Laget for. Språkrådet

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Øystese barneskule April - 08

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

BOKSMIA; SØKNAD OM TILSKOT TIL UTGJEVING AV NY OG OMARBEIDA UTGÅVE AV «HALLINGDAL I BILETKUNSTEN»

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

UiO, Margrethe Kvarenes og Torunn Reksten

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)


Vedrørende høring NOU 2010:7 Mangfold og mestring

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

NASJONALE PRØVER En presentasjon av resultatene til 5.trinn ved Jåtten skole, skoleåret

Digital Formidling. Herdis Moldøen Råd og vink, RFK 26.mai 2016

Lovfestet rett til miljøinformasjon i Norge

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

Eksamen REA3026 Matematikk S1. Nynorsk/Bokmål

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato AVLASTING TIL FAMILIAR I VOLDA KOMMUNE SOM HAR BARN UNDER 18 ÅR MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

Helsetilbodet til asylsøkjarar - aktuell informasjon 15. mars 2015

Formalia Formalia Det grafiske utseendet SKRIFTBILDE: SKRIFTTYPE SKRIFTGRAD LINJEAVSTAND MARGER AVSNITT

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

Lag riktige setningar

Prisar på porto for 2015

Konferansen: Rammevilkår for Vannbransjen

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Transkript:

Klårspråk NYNORSK

Kva er klårspråk? Med klårspråk meiner vi korrekt, klårt og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege. Kvifor klårspråk? Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane. Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklårt. Styresmaktene må ofte handtera komplekse saker, og det kan vera mange grunnar til at dei må ta atterhald og bruka runde talemåtar. Men i dei aller fleste tilfelle har styresmaktene alt å vinna på å uttrykkja seg klårt og forståeleg. Klårspråk hjelper bodskapen fram. Ikkje forenkling same kva det kostar Å uttrykkja seg klårt tyder ikkje å forenkla språket same kva det kostar. Forenkling skal ikkje føra til fattig og unyansert språk. Ikkje alle tekstar kan vera enkle, og ikkje alle tekstar kan vera frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren. Korrekt + klårt = godt Fem gode grunnar til å arbeida for klårspråk i det offentlege: 1 Klårspråk fremjar demokratiet og rettstryggleiken Styresmaktene gjev informasjon om mellom anna rettar og plikter. Difor bør forvaltningsspråket vera klårt og lettfatteleg. Tungt og uklårt språk i tekstar frå det offentlege kan gjera at mange ikkje får høve til å delta i saker som vedkjem dei. 2 Klårspråk skaper tillit Tungt og uklårt språk kan skapa avstand mellom sendaren og mottakaren. Ein mottakar som får eit uforståeleg brev, kan lett koma til å tru at sendaren skjuler noko. Klårspråk gjer avstanden mindre og skaper tillit til styresmaktene. 3 Klårspråk sparar tid og pengar Klårt og brukartilpassa språk minskar faren for mistyding. Færre spørsmål frå mottakarane gjev kortare sakshandsamingstid. Styresmaktene sparar med andre ord tid og pengar dersom dei skriv klårt og forståeleg. 4 Klårspråk fremjar kommunikasjonen Tungt og uklårt språk skaper ugreie i kommunikasjonen. Klårspråk gjer at mottakaren lettare oppfattar bodskapen frå avsendaren. 5 Det offentlege skal vera eit føredøme Styresmaktene skal gå føre med eit godt eksempel, også språkleg. Skrivefeil skjemmer teksten og gjev eit dårleg inntrykk av den som har skrive han. Oppstylta og ullent språk kan få folk til å tru at skribenten har noko å skjula. Klårspråk bør difor vera eit ideal for språkbruk i det offentlege. Klårspråk løner seg

Korleis skriva klårt? Sjekkliste for skribentar Tenk på mottakaren Målgruppe og føremål Kven skriv du for? Fagfolk, kollegaer eller «alle andre»? Kva slags bodskap skal du formidla? Er det eit pålegg, eit avslag eller ei hyggjeleg nyheit? Kva vil du at mottakaren skal vita eller gjera etter å ha lese teksten din? Innhald Ta med det som er relevant, og stryk det som mottakaren ikkje treng å vita. Kom raskt til saka. Skriv det viktigaste først. Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid. Avsnitt Lag ein tydeleg struktur og del teksten inn i avsnitt. Lag overskrifter som er i samsvar med innhaldet i avsnitta. Pass på at setningane i kvart avsnitt heng saman, slik at avsnittet utgjer ein meiningsheilskap. Setningar Ver varsam med bruken av passiv. Fortel kven som gjer kva! Unngå substantivtunge formuleringar. Skriv heller «endra» enn «gjennomføra endringar». Unngå kompliserte setningar med mange innskot. Del opp lange setningar. Dersom du har fleire ting på hjarta, bør du seia éin ting om gongen. Pass på at setningsledd som høyrer saman, står nær kvarandre. Dersom du brukar tilvisingsord som den, denne, det, dette, dei, desse, må du gjera det klårt for mottakaren kva eller kven du viser til. Ordval Bruk heller korte ord enn lange. Forklar ord som du ikkje kan rekna med at mottakaren kjenner, eller lag ei ordliste som er lett å finna fram til. Unngå vage og upresise ord. Teiknsetjing og rettskriving Pass på teiknsetjinga. Eit teikn frå eller til kan endra meininga. Ikkje stol på stavekontrollen. Les korrektur eller be ein kollega om å gjera det. Bruk ordbøker! I nettversjonen av sjekklista finn du døme og utfyllande informasjon. www.sprakradet.no www.språkrådet.no

Klårspråksarbeid i Noreg Tanken om klårspråk er ikkje ny i Noreg. Sidan 1950 har det vore iverksett fleire einskildtiltak for å få til eit enklare og meir forståeleg forvaltningsspråk, men noko systematisk arbeid har det ikkje vore. Språktenesta for statsorgan, som er ein del av Språkrådet, har fått eit særleg ansvar for å driva klårspråksarbeid i staten. Dersom du er statstilsett og treng hjelp til språkleg oppklåring, kan du ta kontakt med språktenesta for statsorgan. Kontaktinformasjon finn du på siste side. Gode råd og språkverktøy finn du på nettsidene til Språkrådet. Klårspråksarbeid i andre land I andre nordiske land, særleg i Sverige, har dei drive aktivt klårspråksarbeid lenge. Også EU arbeider systematisk med å forbetra og forenkla språket i mellom anna rettsakter. Blant dei andre landa som driv med klårspråksarbeid, kan vi nemna Australia, Belgia, Canada, Frankrike, Italia, New Zealand, Spania, Storbritannia, Sør-Afrika, Tyskland og USA. På nettsidene til Språkrådet finn du lenkjer til informasjon om klårspråksarbeid i Sverige og andre land. Hjelpemiddel Generelle skrivereglar Finn-Erik Vinje: Skrivereglar. Aschehoug 2009 Ordbøker og ordlister Tanums store rettskrivningsordbok. Kunnskapsforlaget 2005 Nynorskordboka. Det Norske Samlaget 2006 Bokmålsordboka. Kunnskapsforlaget 2005 Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet: www.sprakradet.no. Klikk på «Søk i ordbøker». Nynorskhjelp Magne Rommetveit: Med andre ord. Den store synonymordboka med omsetjingar til nynorsk. Det Norske Samlaget 2007 Karl Arne Utgård: Juridisk og administrativ ordliste. Bokmål nynorsk. Det Norske Samlaget 2002 På www.sprakradet.no finn du både ei kort bokmål nynorsk-ordliste og informasjon om nynorsk ordlegging under Språkbruk i staten > Administrativ nynorsk. Publikasjonar frå Språkrådet Statsspråk bladet for godt språk i staten Språknytt Kort administrativ ordliste bokmål nynorsk (brosjyre) Kansellisten (ordliste i brosjyreform)

Språktenesta for statsorgan Språktenesta for statsorgan er ein del av Språkrådet. Tenesta består av fem rådgjevarar i full stilling. Dei to hovudoppgåvene våre er å arbeida for klårare og betre språk i staten (både bokmål og nynorsk) arbeida for jamnare fordeling mellom nynorsk og bokmål i statlege tekstar Statstilsette kan ta kontakt med oss på stat@sprakradet.no. Språkrådet Postboks 8107 Dep 0032 OSLO Telefon: 22 54 19 50 E-post: post@sprakradet.no www.sprakradet.no www.språkrådet.no www.klarsprak.no www.klarspråk.no Framsidebilete: Peter Frank / Veer / Scanpix Utforming: tank.no Trykk: RK Grafisk Opplag: 2000 (2009)