BARNEHAGEPLAN SUND KOMMUNE



Like dokumenter
Kommunedelplan for oppvekst

Planprogram. Rullering av Kommunedelplan for Skogsskiftet Sund kommune

Fylkesprognose Sogn og Fjordane 2014

Nasjonale føringar og føresetnader Målsetjing Kvinnherad kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Barnehagebruksplan for Klepp kommune

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

Sel kommune Utskrift av møtebok

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Ny kommunestruktur i indre Hordaland? Ein ny kommune i hjarta av fjord-noreg?

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland Høyring om ny rammeplan for kulturskulen

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Dykkar ref. BRUK AV OFFENTLEG TILSKOT OG FORELDREBETALING I IKKJE-KOMMUNALE BARNEHAGAR, HØYRINGSUTTALE FRÅ

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret

Handlingsprogram og økonomiplan

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Forfall skal meldast til utvalssekretær, som kallar inn varamedlem. Varamedlem møter berre ved spesiell innkalling.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Arkiv FE-140. Kommuneplan Samfunnsdel - Offentleg ettersyn

Korleis kan det samarbeidast for eit best mogleg barnevern framover? Samarbeid mellom kommune og stat (BUFETAT)

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Dok.dato: Vår Ref: 03/ Arkiv: N-211. Barnehagane skal fremje lokal kultur og lokalt ordtilfang hos barna.

KAPASITETSUTFORDRINGAR BORE SKULE OG KLEPPE SKULE OG NY IDRETTSHALL

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

10/60-14/N-211//AMS

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Statsråden. Deres ref Vår ref Dato

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

RAPPORT ETTER FORVALTNINGSREISJON AV INSTITUSJONSTENETA FOR ELDRE OG PLEIETRENGANDE I STORD KOMMUNE

023/15: SAMARBEIDSAVTALE MED STATOIL AD BRANNVERN

Kvam herad. Samandrag: Denne saka gjeld tre moment i samband med årsavslutning for 2003.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Den kulturelle spaserstokken - tildelingar 2014

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

FYLKESMANNEN I ROGALAND Utdanningsavdelinga

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Rutine for endring og omstilling i Samnanger kommune

Program OSTERØY HØGRE

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Orienteringssak: III b Saksnr.: 2012/ HEHA/RIGE Møte: 22. mars 2012

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Utkast til intensjonsavtale

Rullering av kommunedelplan for trafikksikring Framlegg til planprogram

Til veljarane i Tysnes

1. Framlegg til årsbudsjett for Time kommune 2016 og langtidsbusjett vert godkjente.

Intensjonsavtale. Ny kommune Balestrand og Høyanger. Dato: Balestrand og Høyanger kommune - Intensjonsavtale, dato

Klepp kommune ETAT FOR SKULE OG BARNEHAGE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Framtidige behov for hjelpemiddel

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Barnehagebruksplan

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Tertialrapport 2 tertial 2015

Trygg og framtidsretta

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

26.NOV 2013 HADLE NEVØY

MØTEPROTOKOLL. Tenesteutvalet. Møtestad: Rådhuset, formannskapssalen Møtedato: Frå: til 15.00

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

Utviklingsplan skuleåret Vasshus skule a

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet /2010 Kommunestyret

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

PLANSTRATEGI FOR STORD KOMMUNE OG PLANPROGRAM FOR REVIDERING AV KOMMUNEPLANEN

Barnehageplan for Vinje kommune

EID KOMMUNE Møtebok. Objekt: Postlov og postforskrift - høyringsuttale frå Eid kommune

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Lokale retningsliner for barnehagar i Fjell kommune Gjeld frå Godkjent i kommunestyremøte

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 10.desember 2015.

RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN - UTLEGGING AV PLANPROGRAM TIL OFFENTLEG ETTERSYN, VARSEL OM OPPSTART

Tokke kommune. Vedlegg statistikk og analyse, kommuneplanens samfunnsdel

Vedtak i Eid kommunestyre KS-041/15. Retningslinjer for tilskot til frivillig kulturarbeid i Eid kommune

Vinje kommune. Økonomi, plan og utvikling. Kommuneplanens samfunnsdel - til høyring og offentleg ettersyn

Politisk program for Jølster KrF

MØTEPROTOKOLL. Forfall og møtande varamedlemar: Marte Åsmul hadde forfall pgs eksamen. Vararepresentant hadde også forfall.

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Utval Utvalssak Møtedato Hovedutval for teknikk, miljø og næring 13/

Skule og barnehage i det postmoderne samfunnet Nødvendig kompetanse for arbeid i dagens barnehage og skule

KOMMUNEREFORMA GJENNOMGANG AV INTENSJONSAVTALEN

ØKONOMISTYRINGA I FYLKESKOMMUNEN

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Årsaker til nedlagde skular i perioden 2007/ /2010

HANDLINGSPLAN Side 1

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Kommunestyret

Transkript:

SUND KOMMUNE Dok.dato: 27.06.2013 Vår Ref: 2012002087-22 Arkiv: N-101.4 BARNEHAGEPLAN SUND KOMMUNE 2013 2023 VEDTEKEN AV SUND KOMMUNESTYRE 18.06.2013

INNHALD Innleiing.. s. 3 1 Kommunale føringar til barnehageutbygging s. 4 2 Status pr. i dag, barn i barnehage, tal på årsverk. s. 5 2.1 Tal på barn s. 5 2.2 Barn frå andre kommunar. s. 6 2.3 Utviklinga på barnehageområdet.. s. 6 3 Prognosar på barnetalsutvikling og framtidig behov for barnehageplassar s. 7 3.1 Barnetalsutvikling. s. 7 3.2 Behov. s. 8 4 Reguleringsmessige tilhøve, hensiktsmessig lokalisering, tomt eigna til barnehageformål... s. 8 4.1 Reguleringsmessige tilhøve... s. 8 4.2 Vurdering av hensiktsmessig plassering i høve busetnad og sentral plassering... s. 8 4.3 Tomt eigna til barnehageformål s. 9 4.4 Etterbruk av skulebygg. s. 9 5 Økonomi knytt til barnehagedrift. s.10 6 Samandrag s.10 7 Konklusjon.. s.11 Handlingsplan. s. 2

Innleiing: Rullering av barnehageplanen vart nemnd som ein av planane som skal/bør vurderast i planstrategien i planoversikta for Sund kommune pr. januar 2012. Vedtak om rullering av barnehageplanen vart gjort av kommunestyret 02.10.12. Det har vore store endringar på barnehageområdet dei siste åra med omfattande statlege og kommunale føringar opp mot barnehagesektoren. Ny barnehagelov med forskrifter vart vedteke og det blei innført lovfesta rett til barnehageplass i 2009. No vert barnehagelova vurdert på nytt. 1. januar 2011 blei det øyremerka statstilskottet til barnehagane innlemma i rammetilskotet til kommunane. Sund kommune har i den samanheng vedteke eigne retningsliner for finansiering av ikkje kommunale barnehagar, jf. 7 i Forskrift om likeverdig behandling ved tildeling av offentlig tilskudd til ikke- kommunale barnehager. Kommunane i Region Vest har gått saman om interkommunalt tilsyn av barnehagane i regionen. Alle kommunane stiller med tilsynspar og tilsynet vert koordinert av ein koordinator frå ein av dei 4 kommunane. Alle barnehagane i Region Vest, kommunale og ikkje kommunale får tilsyn ein gang kvart 3. år. Den forrige barnehageplanen for Sund kommune var gjeldande for perioden 2003 2010 med følgjande handlingsplan som gjeld utbygging: 1. Ny 4- avdelings barnehage i Skogsvåg. Mål: opning hausten 2004. Status: Gjennomført. Barnehagen vart utvida til 5 avdelingar og opna hausten 2004. 2. Opprusting av Kyrkjetunet til 2 avdelingar. Mål: Opning hausten 2003. Vurdering av utviding må vurderast. Status: Gjennomført. Barnehagen vart utvida til 3 avdelingar og opna hausten 2003. Det viste seg at det rehabiliterte bygget var helsefarleg og barnehagen måtte stenge januar 2005. Barnehagen flytta inn midlertidig i Skogsvåg barnehagen sine gamle lokalar. 3. Planlegging av utviding av barnehagen på Glesnes. Mål: Opning av ny avdeling hausten 2004. Status: Gjennomført seinare enn planlagd. Barnehagen vart utvida med 1 avdeling som opna hausten 2006. 4. Ny 4-avdeling barnehage på Stranda. Mål: Opning av ny barnehage hausten 2005. Status: Gjennomført. Barnehagen vart utvida til 5 avdelingar. 4 avdelingar opna i desember 2005, den 5. avdelingar opna i mars 2006. 5. Ny barnehage med 2 avdelingar i Telavåg. Mål: Opning av ny barnehage hausten 2005. Status: Gjennomført. Barnehagen flytta inn i nye lokalar på Telavåg skule hausten 2006. Handlingsdelen i barnehageplanen vart rullert i 2006, og ny handlingsplan vart vedteke av kommunestyret 20.06.2006.

Handlingsplan som gjeld utbygging i perioden 2006-2009: 1. Utviding og opprusting av Glesnes barnehage til 3 avdelingar. Mål: opning hausten 2006. Status: Barnehagen utvida med ein avdeling men opprusting vart ikkje gjennomført grunna økonomiske omsyn. 2. Planlegge ny barnehage på Klokkarvik. Status: Gjennomført. Barnehagen vart utvida til 5 avdelingar og flytta inn i nye lokalar hausten 2008. 3. Lyse ut for private interessentar å byggja og driva ny 4. avd. barnehage sentralt i kommunen. Status: Gjennomført. Barnehagen vart utvida til 5 avdelingar og opna ved årsskiftet 2010/11. Eigar: Trygge barnehager AS. 1. Kommunale føringar til barnehageutbygging: Mål for barn og unge i Kommuneplanen 2010-2020, samfunnsdelen: Sund kommune har som mål å skapa gode oppvekstmiljø med vekt på trivsel, tryggleik og gode relasjonar. Barn og unge har framleis ein sentral plass i planen. Kommuneplanen understrekar at det er viktig å satsa ressursar på denne gruppa ved å leggja til rette for gode oppvekstmiljø. Sund kommune er inne i ei positiv utvikling på fleire område: Folketalet er aukande, unge familiar vel å etablera seg i kommunen. Kommunen har hatt ei offensiv barnehageutbygging og kan no tilby brukarane gode barnehagar i heile kommunen. Utfordring: Etter tusenårsskiftet har Sund hatt ein sterk auke i folketalet. Unge familiar har etablert seg i kommunen med nye hus i godt tilrettelagte byggjefelt, og det har ført til eit positivt fokus med bygging av nye barnehagar og auke i elevtalet på nokre av skulane. Det meste av bustadbygging har vore sentrert om krinsane Stranda, Skogsvåg og Pollen. I bustadpolitikken skal det leggjast til rette for ei positiv utvikling i heile kommunen. Dette skal synleggjerast i arealplanen ved at det vert sett av område til bustadbygging i alle bygdene. Eit av satsingsområda for barn og unge er å innfri statlege føringar om full behovsdekking av barnehageplassar. I kommuneplanen 2010 2020 sin arealdel er det sett av store areal til bustadbygging, mest i Skogsvåg krins. Barnehageplanen for Sund kommune er utarbeid med bakgrunn i desse føringane, vekst i barnetalet og framtidig behov for barnehageplassar.

2. Status pr. i dag, barn i barnehage, tal på årsverk: 2.1 Tal på barn i barnehagane: Det er 5 kommunale og 1 ikkje- kommunal barnehage i Sund kommune. Tal på barn i barnehagane i Sund kommune totalt: 0-3 år 3-5 år Totalt: Barn i kommunal bhg. Barn i ikkje kommunal bhg. 136 245 381 36 57 93 Totalt 474 Innbyggjarar i kommunen 1-5 år pr. 01.01.13 311 303 614 Det er brukt tal på barn i planen. Talet kan avvike frå talet på plassar fordi nokre barn har redusert plass/ deler plass. Tabellen viser at det er tilnærma full dekningsgrad for barn 3-5 år busett i Sund kommune. Nokre barn i denne aldersgruppa med barnehageplass i den ikkje- kommunale barnehagen er busett i Fjell kommune. Tal på barn i kommunale barnehagar: Barnehage: 0-3 år 3-5 år Totalt: Tal på avdelingar: Etablert natur- /utegruppe: Glesnes 27 32 59 3 1 Klokkarvik 40 50 90 5 1 Skogsvåg 31 57 88 5 0 Stranda 28 77 105 5 2 Telavåg 10 29 39 2 1 136 245 381 20 5 Klokkarvik, Skogsvåg og Stranda barnehage er tilnærma like store. Tabellen viser at det er flest barn i Stranda barnehage grunna utviding med 2 natur-/utegrupper. Klokkarvik barnehage har og etablert ein natur-/utegruppe, Skogsvåg barnehage er den barnehagen som har færrast barn av dei største barnehagane.

Lovfesta rett til barnehageplass gjeld for alle som søker innan fristen for hovudopptaket 15. mars og som fyller 1 år innan utgangen av august same år. Innafor denne definisjonen har Sund kommune full barnehagedekning sjølv om det står barn på venteliste. Natur-/ utegrupper: Glesnes, Klokkarvik, Stranda og Telavåg barnehage har etablert natur-/ utegrupper for å kunne gi barn med lovfesta rett til barnehageplass eit barnehagetilbod barnehageåret 2012/13. Erfaringane med natur-/utegruppene har vore gode, gruppene gir eit godt tilbod til dei eldste barna, og har vore med på å gi variasjon i barnehagetilbodet i Sund kommune. Glesnes barnehage har ikkje eigna lokale til å huse ei slik gruppe og tilbodet vert ikkje vidareført neste barnehageår. Stranda har hatt 2 natur-/ utegrupper dette barnehageåret. Barnehagen har ikkje eigna lokale til 2 slike grupper og den eine gruppa vert ikkje vidareført neste barnehageår. Natur- /utegruppene i Telavåg og Klokkarvik barnehage har gode muligheiter til å fortsette gruppene og tilbodet blir vidareført. Når gruppene vert lagt ned vil det bli ei utfordring å kunne gi plass til alle barn med lovfesta rett til barnehageplass frå hausten 2013. Det vert arbeid med å finne gode løysingar for å etablere natur-/ utegrupper andre stader i kommunen, t.d. på Sund skule. Dette vert utdjupa seinare i planen. 2.2 Barn frå andre kommunar: Dei kommunale barnehagane i Sund skal i hovudsak gi tilbod om barnehageplass til barn som er busett i Sund kommune. Det vert gjort unnatak i særlege tilhøve, t.d. dersom førerett til barnehageplass er eit rekrutteringsmiddel for kommunale stillingar. Sund kommune kan ikkje påverke den ikkje- kommunale barnehagen sitt opptaksområde og dei kan difor gi tilbod om barnehageplass til barn busett i andre kommunar. Det er pr. januar 2013 15 barn busett i Fjell kommune med barnehageplass i Sund. 15 barn busett i Sund kommune har barnehageplass andre kommunar, 11 barn i Fjell kommune og 4 barn i Bergen kommune. Sund kommune må betale for barn busett i Sund med barnehageplass i andre kommunar etter nasjonale satsar. Desse satsane er pr. i dag høgare enn dei kommunale satsane og kan derfor føre til auka utgifter på barnehageområdet. 2.3 Utvikling på barnehageområdet: Det har vore ei stor utvikling på barnehageområdet dei siste åra. Etterspurnaden etter barnehageplassar har auka i takt med utbygginga samstundes som det har vore ei auke i talet på barnefødslar og tilflytting til kommunen. Barnehagetilbodet vart fordobla i perioden 2004 2009 og det blei etablert ein ny, privat 5- avdelingsbarnehage ved årsskiftet 2010/11.

600 400 200 0 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 barn i barnehage barn i barnehage Det har dei seinare åra vore ei endring i bruken av barnehageplassar. Opphaldstida til barna har auka, ca. 9 av barn har pr. i dag delte plassar, resten har full plass. Dette er ein reduksjon i høve 2008 då ca. 17 hadde delt plass. Fleire barn under 3 år etterspør barnehageplass enn tidlegare og opningstida har blir utvida, noko som har fått konsekvensar for bemanning og organisering av barnehagetilbodet. I tillegg opplever barnehagane at det er fleire barn som har behov for ekstra ressursar på grunn av spesielle behov enn tidlegare. 3. Prognosar på barnetalsutvikling og framtidig behov for barnehageplassar 3.1. Barnetalsutvikling Det kan vere usikkerheit knytt til framskriving av prognosar for barnetalsutvikling og framtidig behov for barnehageplassar. Fødselstal, til- og fråflytting, økonomi og realisering av bustadbygging er element som kan vere med å påverke utviklinga. I vår framskriving av barnetalutviklinga i Sund kommune har arbeidsgruppa sett på middels og høg framskriving frå SSB og framskrivinga frå Norconsult som vart utarbeidd samband med skulebruksplanen. Alle desse framskrivingane tar høgde for ei nedgang i fødselstala. Det stemmer ikkje over eins med utviklinga dei siste åra og prognosar for 2013. Dei reelle fødselstala har halde seg høge. Vi har difor brukt middels framskriving frå SSB som grunnlag, justert den for den reelle utviklinga i fødselstala, og tatt høgde for tilflytting. I framskrivinga av fødselstala etter 2013 har vi brukt 105 barnefødslar pr. år som eit middeltal. Barn 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020 2021 2022 2023 2024 0 år 107 110 105 105 105 105 105 105 105 105 105 105 105 1 år 90 110 113 108 108 108 108 108 108 108 108 108 108 2 år 114 93 113 116 111 111 111 111 111 111 111 111 111 3 år 111 117 96 116 119 114 114 114 114 114 114 114 114 4 år 91 114 120 119 122 117 117 117 117 117 117 117 5 år 101 94 117 123 102 122 125 120 120 120 120 120 120 6 år 1-5 år 614 638 664 667 664 682 680 675 675 675 675 675 675

Dekningsgrad 0 år 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 1 år 2 år 3 år 4 år 5 år 6 år Etterspurnad barnehageplass: 0 år 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 3 1 år 64 78 80 77 77 77 77 77 77 77 77 77 77 2 år 111 90 110 113 108 108 108 108 108 108 108 108 111 3 år 109 115 94 114 117 112 112 112 112 112 112 112 112 4 år 90 113 119 118 121 116 116 116 116 116 116 116 5 år 100 93 116 122 101 121 124 119 119 119 119 119 119 6 år 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 2 479 494 524 528 525 543 541 536 536 536 536 536 536 Etterspurnad etter barnehageplass er berekna ut frå dekningsgraden vi har i dag, med tilnærma full deking for barn 3-5 år og dekning for barn 1-3 år. Dekningsgraden for aldersgruppa 1-2 år på landsbasis er 79,5, noko høgare enn det som er berekna for Sund kommune i tabellen. Dersom dekningsgraden for barn 0-3 år aukar vil behovet for barnehageplassar bli større enn det som kjem fram i tabellen.

3.2 Behov Framskrivinga viser at behovet for barnehageplassar vil vere aukande dei neste åra dersom utviklinga i fødselstala held seg stabilt på nivå med utvikling dei siste åra. Prognosane tilseier at det innan få år vil vere behov for ein ny barnehage i kommunen og planen tilrår at det vert starta opp planlegging av etablering av ny barnehage med opning i 2014/2015. Det er knytt usikkerheit til folketalsutviklinga i Sund kommune på lang sikt, men planen tar høgde for at behov for vidare barnehageutbygging bør vurderast innan utgangen av 2020. 4. Reguleringsmessige tilhøve, hensiktsmessig lokalisering, tomt eigna til barnehageformål: Når det skal etablere ein ny barnehage i Sund kommune er det fleire omsyn som må vurderast: Reguleringsmessige tilhøve Vurdering av hensiktsmessing plassering i høve busetnad og sentral plassering Tomt eigna til barnehageformål Etterbruk av skulebygg som vert nedlagt 4.1 Reguleringsmessige tilhøve: I arealdelen i Kommuneplanen 2010 2020 vert det lagt til rette størst areal for bustadbygging i krinsane Skogsvåg og Pollen. Senterstrukturen, som er forankra i Kommunedelplanen for Skogskifte og innarbeida i gjeldande Kommuneplan, har som målsetting å styrka Skogsskiftet si rolle som kommunesenter. Det blir i planen lagt vekt på at det er av stor verdi at kommunalt tenestetilbod vert oppretthalde, og at ein har tilstrekkelege areal for utviding, i sette område. Uavhengig av utbyggingsfordeling representerer senterstrukturen den viktigaste og mest styrande strategien for framtidig arealbruk i arealplanlegginga i Sund. Det vert forventa at den sterke veksten i Sund kommune held fram. Senterstrukturen forsterkar kommunen sin muligheit til å yte nødvendige og lovpålagte tenester overfor innbyggarar og andre brukarar på en effektiv og økonomisk forsvarleg måte. Dette talar for at ein ny barnehage vert etablert nord og sentralt i kommunen. 4.2 Vurdering av hensiktsmessig plassering i høve busetnad og sentral plassering: Hammarsland er det største etablerte byggefeltet og har ein sentral plassering nord i kommunen. Det kan vere hensiktsmessig å etablere ein barnehage i dette området med omsyn til at det her er naturtomt som har god plassering i høve byggefelt og nybygging i nærleik til vatn og gardsdrift. Dei trafikale tilhøva i området er gode og det er godt med areal til parkering og på/ avstiging i området. Ei etablering av barnehage her vil ha positiv verdi for nærmiljøet. Ein barnehage i dette området vil og vere attraktiv for brukarar i andre deler av kommunen som køyrer gjennom kommunesenteret for å komme til/frå arbeid. Dette kan vere med å på hindre at brukarar, som på grunn av lang arbeidsveg, vel barnehageplass i andre kommunar. Det største planlagde utbyggingsområdet i Sund kommune samla sett, er i arealdelen til Kommuneplanen område i krinsane Skogsvåg og Pollen. Det kan derfor vere hensiktsmessing å etablere ein barnehage i nærleiken til dette området for å kunne tilby barnehageplass i

nærleik til byggefelta. Ei etablering av barnehage vil ha positiv verdi for nærmiljøet og lokaliseringa er sentral. Eit anna omsyn som talar for ei etablering i dette området er at plasseringa gjer at denne barnehagen og vil vere aktuell og attraktiv for brukarar som køyrer gjennom kommunesenteret for å komme til/frå arbeid. Pollen skule som ligg tett opptil dette området vil vere aktuell for ombygging til barnehagedrift. Det vil vere økonomisk mindre krevjande å rehabilitere og byggje om enn å byggje nytt. Tomta har gode kvalitetar med naturtomt, gode solforhold og kort veg til sjø, men har utfordringar knytt til trafikktryggleik, parkering og på/ avstiging. Ein privat aktør har søkt om etablering av barnehage på Kleppe. Sett i samanheng med kommunen sine behov, etterbruksplan for skulebygg og senterstruktur, vert denne lokaliseringa ikkje prioritert. Planen tilrår ikkje etablering av ny barnehage i denne krinsen. Når Sund skule vert lagt ned vert Sund- og Stranda krins slått saman. Det er allereie 2 stor barnehagar i denne krinsen, og eit midletidig barnehagetilbod på Sund skule med natur/ utegrupper vil kunne dekke behovet. I barnehageplanen blir det derfor konkludert med at ei nyetablering bør leggjast nord og sentralt i kommunen. Pollen skule og Hammarsland utmerkar seg som gode alternativ til plassering. 4.3 Tomt eigna til barnehageformål: Ved val av barnehagetomt er det fleire omsyn som må vurderast. Ein barnehage bør ligge i nærleik til busetnad og nybygging, og det må takast omsyn til trafikkale forhold og trafikktryggleik. Kraftliner og ev. fare for utslepp/forureining frå omgjevnadane må det og takast omsyn til. Barnehagetomta bør ha naturtomt med gode sol-,vær- og vindforhold. Nærleik til natur, vatn og sjø er og element som bør spele inn. 4.4 Etterbruk av skulebygg som vert nedlagt: Sund kommunestyre vedtok i skulebruksplanen 19.06.12 å redusere talet på barneskular i Sund kommune. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeide med å finne gode løysingar for etterbruk av skulebygga. Kva for skular som kan eigne seg som barnehagedrift vert vurdert i barnehageplanen. Telavåg skule: Barnehagedrift kan fortsette i same lokale sjølv om bygget vert omgjort til anna formål. Utegruppa som i dag nyttar lærarbustaden kan få lokale i skulen. Lærarbustaden kan seljast/ rivast eller bli ein del av barnehagen sitt uteområde. Pollen skule: Dersom Pollen skule vert bygd om vil den egne seg til barnehagedrift. Tomta har gode kvalitetar med naturtomt, gode solforhold, kort veg til sjø og ein sentral plassering i kommunen. Ein barnehage her vil vere positivt for nærmiljøet. Sund skule: Skulebygget er eigna til barnehagedrift, det har gymsal og gode lokalar som i dag blir brukt til SFO. Noko ombygging må påreknast og ventilasjonsanlegget må oppgraderast. Når

skuledrifta ved Sund skule vert lagt ned frå hausten 2013 opnar det for at ein kan etablere ei midletidig barnehagetilbod her, lagt under Klokkarvik barnehage, med natur/ utegrupper. Barnehagetilbodet vil kunne dekke behovet i den nye skulekrinsen Standa, og erstatte natur-/ utegruppene som ikkje vert vidareført på Glesnes og Stranda. Tiltaket er midlertidig, men kan gjerast permanent sett i lys av barnetalsutviklinga og vil vere økonomisk gunstig for kommunen å gjennomføre. 5. Økonomi knytt til barnehagedrift: Statstilskottet til barnehagane vart innlemma i rammetilskottet til kommunane 1. januar 2011. Etter den tid skal kommunane syte for at godkjente ikkje kommunale barnehagar vert behandla likeverdig med kommunale barnehagar ved tildeling av offentlege tilskot til ordinær drift For å sikra at dei kommunale utgiftene aukar minst mogeleg, legg kommunen opp til ei rasjonell drift av barnehagetilbodet. Tal viser at barnehagar med fleire avdelingar vil vera meir driftseffektive enn dei minste som er i drift i dag. Økonomisk analyse av kostnadar knytt drift av barnehagar: Erfaringstal frå eigne barnehagar viser at det er meir økonomisk gunstig å drifte ein stor barnehage kontra små barnehagar. Dette vert illustrert i tabellen under. Tabellen er ei samanlikning av kostnader knytt til løn til personalet inkl. styrar i ein 2, 3 og 5 avdelings barnehage. Midlar til andre utgifter varierer og er ikkje tatt med: Storleik : Lønskostnadar: Totalt for 2 barnehagar, 2 og 3 avdelingar: 2 avdelings barnehage Kr. 4 303 448 Kr. 10 131 748 3 avdelings barnehage Kr. 5 828 336 5 avdeling barnehagen Kr. 9 3 419 Innsparing 5 avdelings barnehage: Kr. 734.329 Barnetalsutviklinga vil i åra som kjem avgjere om det på sikt vil vere økonomisk gunstig å leggje ned små barnehagar og etablere ein ny, stor barnehage i kommunen. Ein bør vurdere kor liten ein barnehage kan vere av økonomiske omsyn før den blir slått saman/lagt ned. Vurderinga bør gjerast i samband med at behovet for ein ny, stor barnehage vert vurdert innan utgangen av 2020. 6. Samandrag: Framskrivinga viser at behovet for barnehageplassar vil vere aukande dei neste åra dersom utviklinga i fødselstala held seg stabilt på nivå med utvikling dei siste åra. Prognosane tilseier at det innan få år vil vere behov for ein ny barnehage i kommunen. Det er knytt usikkerheit til folketalsutviklinga i Sund kommune på lang sikt, men behovet for vidare barnehageutbygging bør vurderast innan 2020.

Fleire av barnehagane har etablert natur-/ utegrupper for å kunne gi barn med lovfesta rett til barnehageplass eit barnehagetilbod barnehageåret 2012/13. Grunna mangel på eigna lokalar til ute- /naturgrupper vert ikkje alle gruppene vidareført neste barnehageår. Når gruppene fell bort vil det bli ei utfordring å kunne gi plass til alle barn med lovfesta rett til barnehageplass frå hausten 2013. Ei god løysing blir å etablere natur-/ utegrupper på Sund skule. Det vert forventa at den sterke veksten i Sund kommune held fram og i arealdelen i kommuneplanen 2010 2020 vert det lagt til rette størst areal for bustadbygging i Skogsvåg og Pollen krins. Senterstrukturen, som er forankra i kommunedelplanen for Skogskifte og innarbeida i gjeldande kommuneplan, har som målsetting å styrka Skogsskiftet si rolle som kommunesenter. Uavhengig av utbyggingsfordeling representerer senterstrukturen den viktigaste og mest styrande strategien for framtidig arealbruk i arealplanlegginga i Sund. Dette talar for at ein ny barnehage vert etablert sentralt i kommunen. Hammarsland er det største etablerte byggefeltet og har ein sentral plassering nord i kommunen. Det kan vere hensiktsmessig å etablere ein barnehage i dette området med omsyn til at det her finnes naturtomt som har god plassering i høve byggefelt og nybygging i nærleik til vatn og gardsdrift. Det største planlagde utbyggingsområdet i Sund kommune samla sett, er i arealdelen til Kommuneplanen krinsane Skogsvåg og Pollen. Det kan difor vere hensiktsmessing å etablere ein barnehage i nærleiken til dette området for å kunne tilby barnehageplass i nærleik til byggefelta, både for å styrke trivsel i og av miljøomsyn. Det vert ikkje tilrådd etablering av ny barnehage på Kleppe fordi det allereie er 2 store barnehagar i krinsen og eit midletidig barnehagetilbod på Sund skule med natur/ utegrupper vil kunne dekke behovet. Sund kommunestyre vedtok i skulebruksplanen 19.06.12 å redusere talet på barneskular i Sund kommune. Nokre av skulebygga eignar seg til barnehagedrift. Barnehagedrifta på Telavåg skule kan fortsette i same lokalar sjølv om bygget vert omgjort til anna formål. Pollen skule eignar seg til barnehagedrift dersom den vert bygd om. Det kan etablerast eit midlertidig barnehagetilbod på Sund skule, lagt under Klokkarvik barnehage, med natur/ utegrupper. Noko ombygging må påreknast og ventilasjonsanlegget må oppgraderast. For å sikra at dei kommunale utgiftene aukar minst mogeleg, legg kommunen opp til ei rasjonell drift av barnehagetilbodet. Tal viser at barnehagar med fleire avdelingar vil vera meir driftseffektive enn dei minste som er i drift i dag. 7. Konklusjon: For å kunne gi barn med lovfesta rett til barnehageplass eit barnehagetilbod barnehageåret 2012/13 må det som eit strakstiltak etablerast ein barnehageavdeling lagt under Klokkarvik barnehage på Sund skule. Det er behov for å etablere ein ny barnehage i Sund kommune. Ein ny barnehage bør etablerast på Pollen skule sidan den ligg tett opp til det største område regulert for bustadbygging og lokaliseringa er sentral. Planleggingsarbeidet må startast opp i 2013 og barnehage må stå ferdig våren 2015.

Innan utgangen av 2020 må behovet for ein nye barnehage på Hammersland vurderast dersom utviklinga i barnetalet fortsette å stige. Ei etablering av barnehage her vil ha positiv verdi for nærmiljøet og lokaliseringa er sentral. Det vert ikkje tilrådd etablering av ny barnehage på Kleppe. Handlingsplan 2013 2023 vedteken av Sund kommunestyre 18.06.2013: 1. Etablere barnehageavdeling lagt under Klokkarvik barnehage på Sund skule. Mål: Opning hausten 2013. 2. Starte opp planleggingsarbeidet med etablering av ein ny 4-5 avdelings barnehage på Hammersland. Mål: Opning hausten 2015. 3. Vurdere behov for ein ny barnehage i Pollenområdet innan utgangen av 2018.