Kulturplan for skulane i Os Den Kulturelle Skulesekken Samarbeid kyrkje - skule
Rutinar Brev med timeplan vert sendt ut i god tid før arrangementet. Lærar må førebu elevane på arrangementet. Stoff til førebuing og etterarbeid kan lastast ned frå intranettet i Os kommune Lærar/skulen må ta imot dei som kjem til skulen, og evt. sørgja for lunsj. Lærar må levera evaluering etter arrangementet. Evalueringsskjema kan lastast ned frå intranettet. Lærar må vera til stades under heile arrangementet. Heftet er oppdatert 24. februar 2016
Eventyrbiblioteket 1. Merete Gauden, bibliotekar i Kvam fortel og dramatiserer eventyr på Os folkebibliotek i januar. Os folkebibliotek presenterer aktuell litteratur. Tidsrom: Januar Tidsbruk: Ca 1 time 30 min
Gamlestovo på Hauge 2. I ei røykstove frå 1600-talet syng, spelar og fortel Norvald Kobbeltvedt om gamle dagar i Os. Elevane får sjå gamle bruksgjenstandar og høyre om korleis dei vart nytta. Tidsrom: April/mai Tidsbruk: 60 min
Villmarksmuseet 3. Naturfotograf og taxidermist Helge Haukeland tek elevane med på eit multimediashow med utstoppa dyr, film og forteljing, med vekt på dyreliv, samspel og økologi i Os. Tidsrom: Mars Tidsbruk: 60 min
Fornminnedag i Vargavågen 4. Elevane får ein heil dag i Vargaområdet under leiinga av 2 arkeologar frå Bergen Bymeuseum - Hordamuseet. Dei får innføring i bronse- og jernalder, og gjera aktivitetar som bogeskyting, forming i kleberstein og aktivitetar knytt til helleristingar. Tidsrom: September Tidsbruk: 1 skuledag
Samarbeid kyrkje - skule Kyrkjebesøk 4. Kyrkjebesøket på 4. har vekt på innreiing og symbol. Elevane får mellom anna sjå nærare på orgelet, og kyrkjeklokkene i tårnet. Oppgåver til tema kan lastast ned frå intranettet i Os kommune Nore Neset skule, Nore Øyane skule og Søre Øyane skule besøker Nore Neset kyrkje. Dei andre skulane besøker Os kyrkje. Tidsrom: September/oktober Tidsbruk: 60 min
Friskunst - eit opplegg i regi av Oseana. Samarbeid mellom Oseana og Os kommune. 4.
Samarbeid kyrkje - skule utdeling nt 5. Kyrkjelydspedagogen kjem på besøk til skulane, delar ut Nytestamente og fortel om Bibelen. Tidsrom: November Tidsbruk: 1 skuletime
Dans med Simon Woodhouse 5. Dansar og koreograf Simon Woodhouse leiar elevane i break dance og street dance med meir. Tidsrom: Oktober Tidsbruk: Ca 2,5 timar
Samarbeid kyrkje - skule Kyrkjebesøk 6. Kyrkjebesøket på 6. har vekt på arkitektur og kyrkjemusikk. Oppgåver og informasjon kan lastast ned frå intranettet i Os kommune. Nore Neset skule, Nore Øyane skule og Søre Øyane skule besøker Nore Neset kyrkje. Dei andre skulane besøker Os kyrkje. Tidsrom: Februar/mars Tidsbruk: 60 min
Ostradisjonar 6. Tre lærarar frå Kulturskulen tek elevane med til Os i gamal og nyare tid, i song, songleikar, musikk og bilete. Tidsrom: Februar Tidsbruk: 60 min
Forfattarbesøk 7. For tida er det forfattar Bjørn Sortland som besøker 7. i Os. Han les frå eigne bøker, fortel om forfattarskapet og gjev grunnleggjande innføring i å skrive forteljing. Tidsrom: Mars Tidsbruk: 1 skuletime
Kystkultur - Hordamuseet 8. Elevane vert bussa til Hordamuseet der dei får innføring i gamal kystkultur og gamle arbeidsteknikkar som t.d. klinking. Tidsrom: Mai Tidsbruk: 1,5 time
Kystkultur - Oselvardagen 9. Elevane får ein heil dag ved Oelvarnaustet og i Oselvo, der dei får ro og /eller segla Oselvarar. Dei får og mellom anna læra viktige knuter. På Oselvarverkstaden får dei innføring i båtbygging. Tidsrom: August/september Tidsbruk: 1 skuledag
handverkstradisjonar 10. Eit nytt opplegg kring handverkstradisjonar er under utarbeiding. Fokus er på rosemåling og byggeskikk. Ein del av opplegget vil gå føre seg i tilknyting til Lyngheimtunet. Tidsrom: Mai Tidsbruk:?
Andre tiltak, inkludert i skulen sitt budsjett Ansvarleg for plan og gjennomføring: Lærar. Tilrådde er oppgjevne, men skulen må tilpassa tidspunkt til undervisninga Besøk på Lysøen. (3. ) Historisk museum i Bergen - vikingtid. (5. ) Lysekloster. Vandring munkesti. (6. ) Borgstova på prearden. (6. ) Bryggen i Bergen. Hansatid. (7. ) Vil Vite-senteret i Bergen (ungdoms) Minst 1 utstilling på kvart (småskule, mellom, ungdoms) Minst 1 teaterforestilling på kvart (småskule, mellom, ungdoms) Transport til alle lokale tiltak er lagt inn i kvar skule sitt budsjett