A/L Samfundshus i Selje



Like dokumenter
ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Finansiering av søknaden

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1


3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Etablering og drift av kraftselskap

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Til deg som bur i fosterheim år

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Setring ved Håbakkselet Hareid

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

5 stk flotte bustadtomter til sals

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Oppdragsansvarleg revisor finansiell revisjon

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Forbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Samfunnshusets venner

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Brukarrettleiing E-post lesar

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

MØTEPROTOKOLL. Os Formannskap. Møtestad: Quality Hitel Edvard Grieg, Sandsliåsen 50. Torill Otterskred (SV), Lisbeth Axelsen (H)

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Ingrid Opedal Medlem SV Arild Iversen Nestleiar KRF

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

breivik sementvarer Forskalingsblokk og nopsastein frå Breivik kalkverk

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Møteprotokoll for møte i

beste helsing Jon Tvilde // USF Verftet kulturhussjef /

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Bodil Torunn Svepstad Medlem AP

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I BSI PADLING

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Side1

Bygdelagsdag 3. juni og friluftsteater i sikte

«Ny Giv» med gjetarhund

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

MØTEINNKALLING SAKLISTE: Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Tid: 08.30

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

MEDLEMSINFO. august 2009

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 614 Arkivsaksnr.: 07/1522. Kommunalt tenestekjøp; bade- og symjetenester Gaupne. Rådmannen si tilråding:

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

Transkript:

A/L Samfundshus i Selje Skipa 1952 foto Leif Lesto Nokre samtaler med Kåre Hjertenes i januar 2012. Han fortel både om om planarbeidet og bygginga i perioden 1952 / 1954, og om drifta i mange år. Han var aktivt med, også som kasserar fram til 1983. Underskrivne har supplert med seinare stoff. Dette er ikkje eit komplett historsik skrift. Dette er meir ei minnebok, og ei oppfatning av notida. Dokumentkopiar gjev historiske faktaopplysningar. Fram for alt er viktig å bevare lokalhistoria! Selje januar/juli 2012 Leif Lesto

Kåre Hjertenes f. 1929, hadde snikkarjobb i Oslo, då far hans, Alfred Hjertenæs, som var banksjef i Selje Sparebank, vart sjuk. Han valde å flytte heimatt til Selje i 1952. Han fekk jobb i Selje Sparebank. Alfred fekk gjennom eit vedtak i bankens styre om at han Alfred framleis skulle sitje med ansvaret i banken, men at Kåre skulle vere den som stod for drifta og arbeidet. Avtalen var for eit år. Så døde Alfred Hjertenæs, og Kåre vart banksjef. Kåre Hjertenes vart sentral i «UL Framsteg», og i planlegging og bygging av «A/L Samfundshus i Selje» tidlig på 50-talet. Ungdomslaget var hovedaksjonær. Kåre var m.a. kasserar for Selje Samfundshus fram til 1983. Ei tid også formann i «UL Framsteg». Kåre er den siste og einaste no, som har vore med frå starten, og kjenner historia frå fleire sider. Etter krigen var det billige tyskarbrakker å få kjøpt. Bård Berge tok opp tanken om å kjøpe ei slik brakke som ungdomshus. Forslaget vart nedstemt. På Stadlandet kjøpte dei ei forlegningsbrakke / spisebrakke frå Vestkapp, som vart montert opp i Nollen. Det var deira ungdomshus så lenge det varde. Seinare vart Stadlandet Grendahus bygd. Bård Berge forhandla om tomt til Ungdomshus på marka til Mikal Hamre. Der var eit sentalt område då. Selje Sparebank sitt bygg var reist der. (Det huset som no er Selje Bedehus). Kommunale kontor, bibiliotek og bank var samla under eitt tak. Kommunestyret hadde sine møter der. Bankbygget var også forsamlingshus til 17.mai-feiring, basarar og festar. Forhandlingane om tomt der førde ikkje fram. UL Framsteg valde å utsetje saka om ungdomshus til laget sin økonomi var bedre. Laget hadde då ca kr. 15.000 på bok. Ul Framsteg og Selje Idrettslag valde ei felles plangruppe for Ungsomshus i Selje. Desse var: Sverre Hjelmeland, Arne Sæbø, Wald Drageseth, Ragnvald Berge, Leif Berge, Magnus M. Berstad, Kåre Hjertenes. Sara Hamre var også ein sentral person. Det vart overført ca. kr. 9000,- til plangruppa for vidare arbeid. Plangruppa sikra tomt på Klokkargarden sitt område. Festenummer 64, under Selje Prestegard. Ei standard festekontrakt på 99 år. Jon Berge og Leif Berge vart valde til å lage utkast til bygg. Fyrste utkast til tegningar vart lagt fram av Jon Berge. Leif Berge hadde ikkje fått sett desse tegningane før dei vart presenterte. Selje Samfundshus si plangruppe forkasta utkastet fordi det virka lite tenleg. Fleire meinte at bygget mest ville tene idretten sine interesser, sett i forhold til andre kulturelle interesser i bygda. Det var sterke personar i begge leirar, og drakamp om finansiering, fordeling av tildelte midlar, hustype osv. Kåre Hjertenes legg ikkje skjul på at det tidvis var konflikter underveis.

Selje Idrettslag sine nøkkelpersonar var m.a. Wald Drageseth, Sverre Hjelmeland, Rolf Hove. (Ein ser at fleire aktørar deltok på begge sider). Endelege byggetegningar av Trygve Drageseth (søskenbarn av Wald) vart godkjende, og detaljplaner kunne leggast. Sjå detaljar på dei neste sidene, om planene for husprosjektet i aksjeinnbydinga, som var kunngjort i Fj.Tidende 27.10.1952, samt dei originale aksjonærlistene. Halldis Hjertenes fortel at ho og Doris Tunold gjekk bygdene rundt for å få folk til å tegne akjsjar. Mange var interesserte, noken måtte dei knegå. Andre var umulig å overbevise. For enkelte var 100 kr var litt pengar for den gangen. Det kan nemnast at prest/lærar/kjøpmann - Olav Roset ikkje ville kjøpe aksje, men leverte ein konvolutt med kr. 100 som si støtte. Kristoffer Grøndal hadde kun kr. 50, men fekk 1 akjse likevel. Bildet tatt frå Storehauen 1929 - like ovanfor Selje Samfundshus. (Kåre Hjertenes) Nedanfor er annonsa om aksjeinnbyding i Fjordenes Tidende 4/12 1952, og aksjonærlistene. (Eg har valgt å skrive det opprinnelige namnet «Selje Samfundshus», sjølv om folk flest sa, og i dag seier Selje Samfundshus)

Finansiering. Innbetalt aksjekapital, dugnadsinnsats, lån i Folkets Hus kr. 30.000, og i Postsparebanken 50.000, utgjorde den samla finansieringa. Sverre Hjelmeland som var herreskasserar i Selje, var også AP medlem, og hadde kontakter sentralt. Han ordna med lånet i Folkets Hus. Veien bort til Samfundshuset vart lagd etter anvisning av Karl Tystad. Han vart lønna for arbeidet. Reidar Hamre vart og lønna for veiarbeid. Og Ola Hamre fekk betaling for lastebilbruk. Dei steinsette veibana med høveleg store steinar med spissenden ned, tett i tett, som ei brusteinsgate. God stein vart henta i Slagarura med Ola Hamre sin lastebil, Kåre Hjertenes administererte dugnadsgjengen, med lister over dugnadsarbeidet. Det kan nemnast at Knut Hamre tegna seg for heile 7 dagars dugnad. Det vart fylt grusmasse på den steinsette veien, og etterkvart vart veibana svært stabil. Denne veien skulle etter planen fortsette vidare forbi Samfundshuset og bak i Hauane, og brukast som kommunal vei. Derfor vart det søkt Selje kommune om tilskot til bygginga. Lita interesse, men det vart innvilga kr. 2000,Dette var ein stabil og god vei like fram til bygginga av Selje Ungdomsskule, då den tunge anleggstrafikken som kom. Anleggsarbeidet starta med utgraving av tomt, for hand. Magnus M. Berstad vart byggeleiar. Det meste vart gjort på dugnad seier Kåre Hjertenes, men meiner at M.M. Berstad hadde litt betaling. Forskaling og murarbeid på sokkeletasjen var også gjort mest på dugnad. Kåre kallar murtypen for «prosentmur». Det betyr at det vart fyllt i maksimalt med stein i betongen, både for styrken sin del, og for å spare på sand og sement. Reinvaska stein bind godt i betong, og det vart ein sterk mur, sjølv med lite armeringsjern. Betongplata over kjeller vart konstruert på ein spesiell måte, også det for å spare jern og masse. 28 stk treformer på 2 m lengde x ca 25-30 cm - vart spikra som firkantrør, og lagt etter eit visst kryssmønster på botnforskalinga, med litt klaring under. Mellomromma mellom formene vart armerte på forsvarlig vis. Så vart heile plata støypt i eitt. Det vart betong under formene, og i «dragarane» som var armerte, og eit topplag over det heile. Dermed vart det holrom der alle formene låg, og framleis ligg i betongen. Dei sparte mykje med betong, og styrkemessig vart det tyeligvis forsvarlig. Hovedetasjen vart murt av vanleg murstein opp til takhøgde. Torvald Lillebø var sjef for trearbeidet, og gjorde ein god jobb med det. «Pellahuset» (Bilde hos Bjarne Sæten) «Gustenlada» Samfundshus «Gustenhuset» Huset vart fullført i 1954 etter planane, og svarde til forventningane. Stort kjøkken, spisesal, garderobar og toalett nede. Stor sal i 2. etasje, med scene etter Riksteateret sine krav. Julius Hartmann utsmykka trappeoppgangen med motiv frå Selje Kloster, over heile veggen. Likeeins måla han kulissane på sena. Det vart flott og oppsiktsvekkande. Løna for å måle kulisser og stort lerres-bakteppe på scena, var ei flaske øl pr dag, og gramofonmusikk frå ei plate han

spesielt ønska: «Hvislende dugg». Stor innviingsfest i 1954. Riksteateretet sine folk meinte at sena var trong, og derfor var det sjelden at dei hadde framsyningar i Selje Samfundshus. Kinodrift. Kinomaskin for 20 mm film vart innkjøpt. Det var Leif Berge og Arne Sæbø som stod for det, og drifta den ei tid. Seinare vart det kjøpt inn større maskin. Kåre Hjertenes, som vart kasserar, hadde kontakt med lånegjvaren Folkets Hus. Han fekk kunnskap om at kinomaskina i Folkets Hus i Oslo skulle skiftast ut, og den vart kjøpte inn for kr. 5000. Det var med ein montør til Selje, som brukte nokre dagar til montering og opplæring av lokal maskinist. Oddmund Tunold tok seg av det. I mange år var Kjell Hamre ansvarlig for Selje Kino. John Haugen var «kinosjef» i mange år, og fleire kunne vore nemde. I årsmeldinga for 1969 vert skrive at onsdagskinoen er dårlig besøkt, og er avslutta. Sidan TV etterkvart vart alllemannseige, meinte styret at det kunne bli negativ utvikling for kinoen vidare framover. At dei fleste også har minst ein bil, og kan dra dit dei vil, gjer også at trua på Selje kino er dalande. I 1982 blir det likevel kjøpt nytt kinoutstyr for ca. kr. 100.000. Finansiert med lån kr. 60.000 og med 2 vekslar à kr. 20.000. I forbindelse med kinodrifta vart det bygd eit tilbygg på austsida, som maskinrom og lager. Iflg. Kåre var kinodrifta aldri lønnsam, bortsett frå den fyrste tid med 20mmm film, og gratisarbeid. Kinodrifta er nedlagt for mange år sidan. Norsk Bygdekino hadde framsyningar i fleire år. Samfundshus vart bygda si storstove, og dei fleste større tilstelningar vart halde der, slik som bryllaup, basarar, 17.mai osv. (Tidlegare var Selje Sparebank sitt bygg i Hamremyrane fast samlingsplass). Alfred Maurstad var med på eit arrangement. Kåre huska ikkje akkurat kva tid. Han fortel at etter festen, gjekk han ned i garderoben eit ærend. Der sat Paul Berstad og Alfred Maurstad og spela fele. Han overhøyrde fylgjande replikkar: «Har du høyrt denne Alfred» - sa Paul og drog ein låt på fela. «Ja, den har eg høyrt!» svara Alfred. Så spela dei den saman vidare. Dansefestar Laurdagfestane med dans var populære. Folk i festhumør kom også frå Stadt, frå Silda og søre Selje, Kjøde og Moldefjorden. Mange lystige historier kunne forteljast om episodar på desse festane. Endring av tomtegrenser vart aktuelt då kommunal veg vart lagt aust/vest over hauen bak Samfundshus, og tok av arealet der. Det var kompensert med nytt areal aust for huset. Festekontrakt datert 31. mars 66. Selje Idrettslag nytta garderobe og dusjanlegg i Samfundshus ved fotballkampar og andre arrangement, fram til Selje Ungdomsskule kom i drift. Forholdet til bygging av Selje Ungdomsskule. Tomta for Selje Ungdomsskule har felles grenselinje med Selje Samfundshus mot sørvest. Pga. ulike tomtenivå ville det bli ein stor høgdeforskjell i grenselinja, til ulempe for Samfundshuset. Diverse møter vart halde og avtaler gjorde i den forbindelse. Gravinga gjekk så langt inn på Samfundshuset si tomt, at flaggstanga seig på skeive. Kloakken frå Samfundshuset vart etterkvart leia inn på skulen sitt kloakknett, etter eiga avtale med skulen.

Nedanfor avskrift frå eit fellesmøte der partane vart enige om korleis grensa skulle ordnast permanent. (Ny avskrift v/ Leif Lesto, av dårlig fotokopi av dokument som Kåre Hjertenes har arkivert). Selje 27.10.1970 Utskrift av sammøte mellom reprepresentantar og styre i Selje Samfundshus og byggenemnda for Selje Ungdomsskule. År 1968, den 2.5. var det møte i representantskap og styre i Selje Samfundshus, der form. i byggenemnda for skulebygget, samt byggeleiar og skuleinspektør var til stades. Ein drøfta tilhøve om skuleanlegget som etter planen vil kome noke inn på Samfundshus sitt område. Etter å ha drøfta saka og føreteke oppmåling, kom ein fram til semje om at støttemuren i sørvestre hjørnet av skuletomta, blir lagt i ein avstand frå nordhjørnet av Samfundshuset på 8,5 m, og vidare at skuleanlegget fører opp ein støttemur paralellt med Samfundshuset, og i høgd med fyllinga framfor huset. Elles var det også semje om at skuleområdet mot Samfundshuset blir forysnt med eit solid og premanent gjerde på overkant på støttemuren, kosta, betalt og vedlikehalde av kommunen, då det no vil bli ein høgdekilnad på plassen framfor Samfundshuset og vegen rundt skulebygget på ca. 3,5 meter. Møtet slutt: Signert av: Ragnvald Berge. Magnus M. Berstad. Trygve Berge. Alfred Nore. Jorunn Sæbø. Sara Hamre. Berta Otnes. Bård Berge. Alfred Vengen. Wald Drageseth. Thorvald Lillebø Kåre Hjertenes Rett avskrift. Kåre Hjertenes Eg har nedanfor lagt ved div. årsmeldingar, kontrakter, møtereferat osv.

Dei siste to rekneskap Kåre Hjertenes fullførte før han trakk seg som kasserar etter 25 år.

Kåre Hjertenes var kasserar i Selje Samfundshus fram til 1983 i ca. 25 år. Huset var nedbetalt før det, laget hadde pengar på bok. Ulike forhold gjorde at Kåre då fann å trekke seg frå sitt langvarige kasserararbeid. Etter den tid hadde han ingen ting med Samfundshus å gjere, anna enn som dugnadsmann når det trongs. Det vart eit generasjonsskifte ved Kåre sin avgang. Nye yngre krefter slapp til i A/L Samfundshus i Selje.

Samfundshusets Venner. Det var ikkje enkelt å finansere drifta av Samfundshus. Økonomien var kritisk i periodar. Driftige damer etablerte tidlig «Samfundshusets Venner». Mellom andre: Berta Otnes, Ella Hove, Solveig Vasseng og Olga Hjelmeland. Dei samla inn pengar på ulik vis i alle år, og sikra Samfundshus sin økonomi. Samfunnsutviklinga i Selje på 60-talet. Ei rivande utvikling starta i Selje på 60-talet, med auka tilflyttinga til Selje. Her var det arbeid å få på Selje Skjortefabrikk og Selje Bruk. Kommunale arbeidsplassar i administrasjon og helsesektor auka, og var atraktive. Selje Sanitetsforrening bygde Selje Sjukeheim på Prestereina, og Selje Hotel vart bygd der tildlig på 70-talet. Det var i det heile ei positiv utvikling i Selje. (Det faktum at tomtevalet til desse institusjonane tok det mest produktive landbruksareal i Selje, fall mi familie tungt for brystet ei tid. Eg hadde noken aktive ungdomsår som grønnsakdyrkar der, som son til forpaktaren i Prestegarden, Lars O. Lesto. Men det er også eit faktum at arealet som då brødfødde ei familie, no gjev arbeid til fleire 10-talls personar. ) Det største mest «berømte» arrangementet på Selje Samfundshus, var den 11.august 1968. Kong Olav, kronprins Harald, med sin forlovede Sonja var i Selje i høve 900-års jubilet for opprettelsen av Selje Bispedøme i 1068. For Sonja var det av hennar fyrste offesielle plikter for kongehuset. Harald og Sonja gifta seg ca 3 veker seinare, den 29.august 1968. Selje Samfundshus var dekka til festmiddag for Kongen og heile hans fylgje med Sogn og Fjordane Fylke som vertskap, for 131 gjester. Arkitekt Einar Vaardal-Lunde var formann i hovedkomitten. Ragnvald Berge var formann i den lokale nemnda. Heile Seljebygda stod på ende den sommaren. «Alle» stilte med nymåla hus, og ryddige hagar. Nylaga sentrumspark med kvite singelgangar, fontener med lys i, og vakre blomsterbed. Den drivkvite Seljesanden, og varmt sommarver, gjorde også sitt til at Selje sentrum framstod på sitt aller beste. Kåre Hjertenes var ein av dei invitert til kongemiddagen. Undertegna (Leif Lesto) jobba på kommunekontoret i Selje då og vart «utkommandert» til prosjektet på ulikt vis. Var med i nemnda for å bygge festbord i salen. Eg køyrde til Måløy og henta middagsmaten, fersk laks av utsøkt kvalitet, og fantastiske jordbær frå Gloppen. Eg var også med i det store servitørkorpset, Vart drilla i alt vi skulle gjere, og utstyrt med kvitt handkle over venstre underarm. Heile servitørgjengen bar opp dei anretta tallerkenrettane frå kjøkenet nede. Skjenka i glassa og gjekk til hånde. Ingeborg Eide, og Konstanse Kristiansen var sjefar for servitørane. Anna Berge (OskarAnna) og Berta Otnes var lokale kokker. Ein resturatør frå Fylkesbaatane var kjøkkensjef. Ved pianoet på sena sat den då unge guten, Mangar Aam frå Ørsta, og spela taffelmusikk under heile middagen. Det eg huska best var ein episode der ei flaske champagne skulle opnast nær Kongen sin plass. Korken spratt rett i taket høgt der oppe med eit kraftig smell, og fall ned på Kongens bord. Kong Olav hadde ein karateristisk latter og den høyrdes over heile salen. Eg sikra meg eit bordkort som låg att etter at gjestene var vekk. Det tilhøyrde «Amanuensis Højen» - kven han no var.

Bordkart i høve Kongemiddagen i Selje Samfundshus 11.august 1968.

Kongen ytra ynskje om å spasere frå Nabbevågen og til Samfundshuset, etter seremonien i klosteret. Det var folksomt i Selje den dagen. Kansje bortimot 10000. Kongedoet i Samfundshus. Jubileumsnemnda, som også skulle ivareta dei kongelige sitt verdslige ve og vel, meinte at toalettforholda i Samfundshus ikkje var verdige nok. Derfor vart det bygd eit avlukke på eit tilstøytande rom i 1.etg. Der slo dei opp betongplata i golvet, satte ned eit klosett av høveleg standard. Dermed var eventull dogåing av geistlege gjester sikra. Om det var kobla til vatn, huska ikkje Kåre Hjertenes. Om det vart brukt veit han heller ikkje. I så fall gjekk vått og tørt rett i grunnen. Etter festen vart doet demontert og holet sementert. Det burde reisast ei minnetavle der!! Det kom eit tidskifte, og eit generasjonsskifte for Selje Samfundshus. TV var blitt allemannseige. Dei fleste hadde privatbilar til disposisjon. Arrangementa i Samfundshuset hadde fått fleire konkurentar frå fjern og nær. Ferre deltok i lagsarbeid i UL Framsteg, dugnadsånda bleikna. Ein «kjøpte» seg underholdning, i staden for å produsere den lokalt. Den generasjon som dreiv aktivt, vart eldre, og overlet etter kvart roret til yngre krefter.

Vekslande leiarskap og salg. Iflg dokumentkopiar var det på 80-talet ofte utskiftingar i styret for Selje Samfundshus. Mange personar var innom i styret. Kan hende det spegla den lokale samfunnsutvikling. 13 10 1987 Styret i UL Framsteg vedtek å overta Samfundshus. Dei meinar at huset snart er konkurs. Ungdomslaget har behov for det til sine aktivitetar, og vil sikre seg huset. 27 10 1987 Årsmøtet i representantskapet for Selje Samfundshus godtek tilbodet frå UL Framsteg for ein sum på inntil kr. 100.000, basert på sletting av all gjeld. 09 02 1988 Kontrakt om overdraging. Kontrakta var underskriven av: Formann i Selje Samfundshus, Knut Djupedal, og Leiar i UL Framsteg, Arve Åhjem. 10 02.1988 Prestegardstilsynet v/ formann Erling Nerheim skriv erklæring om ovedraginga. Han tilrår at feste vert overdrege til ny eigar, og oversender til Departementet for godkjenning. Representantskapet i Selje Samfundshus peikar ut avviklingsstyre. 28 03 1988 14 06 1988 Skøyte utskriven Signert av Knut Djupedal for Selje Samfundshus, og av Arve Åhjem for UL Framsteg. Selje Samfundshus mai 2012. Foto frå Risnakken v/ Leif Lesto. Diverse dokumentkopiar ligg ved./.

Ved denne overdraginga i 1988 var ein epoke i Selje over. Ungdomslaget Framsteg er på papiret ny eigar av Selje Samfundshus. Tida etter 1988 har eg ikkje sjekka ut eller dokumentert, men eg nemner nokre alment kjende forhold. Nytt tak. Taktekket vart skifta ut på 1990-talet, då det var utett og ustabilt. Selje Sanitetsforrening tok storparten av kostnaden. Nye tilbygg for toalett. I tida frå år 2000/2002 vart eit tilbygg satt opp, og moderne sanitæranlegg montert. Kloakkledning kobla til Selje skule sitt kloakknett etter ingått avtale. Ferdigattest 26.11.02. Det tener dei til ære som stod i spissen for det arbeidet. Lån kr. 100.000 til formålet utbetalt 18.2.2003. Moderne kjøkken Likeeins vart det gjort eit stort arbeid med å modernisere kjøkkenet. Kjøkkenet framstår no som godt og velutstyrt. Arbeidet vart utført i tida ca 2006/2009. Selje Sanitetsforrening støtta økonomisk. Huset blir utleigd til ulike grupper, selskap og til festar. Selje Skule har i 2010/11 leigd klasserom i matsalen i høve ombygginga av skulen. I det høvet var montert varmepumpe i matsalen. I festsalen vart det montert speil på heile langveggen i 2011. Spleiselag mellom Selje Idrettslag, Selje kommune og Samfunnshusets venner. Zumba-klubben leiger der 2 kveldar i veka. Godt tiltak for folkehelsa. Opne spørsmål. Eigarskap av festenr. 64 under Selje Prestegard, gnr. 56, bnr 1. UL Framsteg er eigar i henh. til signert skøyte datert 14.06.88. Men Selje Samfundshus står som eigar/heimelshavar i Grunnboka v/ Statens Kartverk pr. 13.1.2012. Festetomta nr. 64 under gnr. 56, bnr. 1, er overført til UL Framsteg i henhold til erklæring frå Prestegardstilsynet 10.aug.88 Hverken Selje Samfundshus eller UL Framsteg er registrete i Foretaksregisteret eller Enhetsregisteret i Brønnøysund pr. januar 2012. «UL Framsteg v/kasseraren»? mottek krav om årleg festeavgift frå Opplysningsvesenets Fond, og den blir betalt frå kontoen til «Samfundshusets Venner», som er blitt ein driftskonto all drift av huset. Skiftande mannskap som no driftar Selje Samfundshus på vegne av Samfunnshusets Venner, veit ikkje kven som er deira oppdragsgjevar, eller om eigar har eit styre med normal samansetning, eller om det finnast personar som i dag representerer huseigar. Det at Selje Sanitetsforrening støttar Selje Samfundshus med midlar, gjer at det framstår som godt tenleg til ulike formål, til glede og nytte for Seljebygda. Men veit Selje Sanitetsforening kven dei støttar? Selje januar 2012 Leif Lesto