HARDANGER ENERGI AS Årsmelding og rekneskap 2014 14. driftsåret "Din lokale energileverandør!"
2 ÅRET 2014 Til liks med tidlegare år har 2014 vore eit år med høg aktivitet. Mykje av aktiviteten har gått med til å få opprusta overføringslinjer som skal syta for at kraft frå fornybar energi kjem inn på marknaden. I tillegg har det vorte brukt ein del ressursar for å få godkjent nye planar for produksjon, enten i form av korrigeringar av konsesjonar me har fått og vedlikehald av produksjonsanlegg slik at dei kan produsera mest mogeleg innanfor dei konsesjonane me har. Låge kraftprisar har gjort at verdien av produksjonen har vorte mindre enn budsjettert, men det er gledeleg å sjå at me klarar å produsera meir enn den energimengda som me har budsjettert. Det er utfordringar med korleis kraft frå nye kraftverk skal koma ut på nettet. Fleire nye kraftutbyggingsprosjekt i Ullensvang og Jondal har fått konsesjon i løpet av 2014. Dette saman med tidlegare gitte konsesjonar, medfører at investeringsnivået framover vil verta høgt. Ombygginga av Granvin Evanger er starta opp, og det er same er arbeidet med ombygginga av transformatorstasjonen i Granvin. Dette er eit arbeid som skal vera ferdig våren 2016, og som vil gje større kapasitet for kraft mot og frå Evanger. Odda Energi har også godt i gang med utbygginga av ny transformatorstasjon på Kvitno som Hardanger Energi har kjøpt seg inn for å få høve til å overføra kraft gjennom dette punktet. Dette er eit nytt utvekslingspunkt som vil gje større leveringstryggleik i området vårt samtidig som det gir høve for å overføra meir fornybar kraft over dette utvekslingspunktet. I Jondal held me på med ombygging av Eidesfossen transformatorstasjon slik at det skal verta høve til å overføra større kapasitet over dette punktet. Diverre er ikkje konsesjonssøknaden for opprusting av Eidesfossen Mauranger klar enno, når denne linja vert opprusta er det kapasitet for å få ut all den fornybare krafta som er planlagt i Jondal og deler av Ullensvang vest. I tillegg er det starta opp eit arbeid med å få til ei 132 kv-line frå Herand til Eidesfoss. Ei forseinka utbygging av lina Granvin Evanger påverkar framleis produksjonen i nye Folkedal kraftverk. Produksjonen i 2014 har vorte køyrt i tråd med endra konsesjonsvilkår for Folkedal kraftverk godkjent av NVE i 2013, inntil Granvin Evanger står ferdig i 2016. Dei tilsette har også dette året vist ein veldig innsatsvilje når det har oppstått situasjonar som krev handling. Spesielt på slutten av året var det svært store snømengder som gav veldig store utfordringar for nettet vårt. Nedbøren fortsette også på nyåret, og mykje snø delvis samtidig med vind, gjorde at mange kundar vart utan straum. Sjeldan har våre tilsette hatt ein så travel kvardag over så lang tid, men dei gjorde ein imponerande innsats! Me har difor all grunn til å takka dei tilsette for ein god jobb i året som no er omme. Likeins vil me takka kundane, dei styrande organ i selskapet, forretningskontaktar og samarbeidspartar for godt samarbeid i 2014! Harald Sandvik -dagleg leiar-
3 ÅRSMELDING FRÅ STYRET Verksemda Hardanger Energi AS Hardanger Energi AS er eit vertikalintegrert energiselskap med hovudkontor i Kinsarvik som driv med distribusjon av kraft, kraftomsetning og kraftproduksjon. Eigarar er desse kommunane med slik eigardel: Eigar Eigarprosent Ullensvang herad 36,3 % Eidfjord kommune 24,2 % Jondal kommune 24,2 % Ulvik herad 15,3 % Konsesjonsområdet er Eidfjord kommune, Granvin herad, Jondal kommune, Ullensvang herad og Ulvik herad. Kraftproduksjonen vert driven i seks kraftstasjonar; Kinso kraftstasjon i Ullensvang, Tveitafoss kraftstasjon i Eidfjord, Folkedal kraftverk i Granvin, Ulvik kraftstasjon i Ulvik, Eidesfossen og Haugafossen kraftverk i Jondal. Tveitafoss kraftverk har heimfalle til staten der me har leigeavtale med Statkraft fram til 2019, men dei andre er eigd av Hardanger Energi AS. Kraftverket i Folkedal har magasin medan dei andre fem kraftverka er reine elvekraftverk. Leiing av selskapet Styret i selskapet er pr 31.12. samansett slik: Erlend Nornes, Ullensvang herad (styreleiar) Lars Kristian Eidnes, Eidfjord kommune (nestleiar i styret) Gunvor Hopen Veka, Eidfjord kommune Gunnhild Jåstad, Ullensvang herad Knut Djønne, Ullensvang herad Knut Nes, Ulvik herad Jon Steinar Skeie, Jondal kommune Kjellaug Hoås Samland, Jondal kommune fram til 26.06.14 Magnar Sollesnes, Jondal kommune frå og med 26.06.14 Kari Sandøy Jarmann, Ulvik herad (observatør) Arvid Nygaard (representant frå dei tilsette) Fridtjof Myklatun, Eidfjord (observatør frå dei tilsette) Styret i Hardanger Energi AS har hatt 7 møte, og handsama 48 saker. Selskapet er pr 31.12.14 organisert i tre avdelingar; ei nettavdeling, ei produksjonsavdeling og ei marknad-/økonomiavdeling.
4 Pr 31.12.2014 er det totalt 40 tilsette som utgjer vel 38 årsverk. Dette talet inkluderer 5 lærlingar. Det er ikkje registrert personskade som har ført til sjukefråvær i 2014. Fråværsstatistikken viser eit sjukefråvær på 8,3% som er 5,3 %-poeng høgare enn i fjor. Grunnen til det høge fråværet er at tre personar har hatt alvorleg sjukdom i meldingsåret. Etter styret si meining er arbeidsmiljøet ved Hardanger Energi AS godt. Det er god kontakt og samarbeid mellom administrasjonen og dei tilsette sine organisasjonar. Hardanger Energi AS er tilslutta Bedriftshelse1 (tidlegare Odda Bedriftshelseteneste) med alle tilsette. Det har i løpet av året vore arrangert tryggleiks- og førstehjelpskurs for driftspersonalet. Hardanger Energi AS forureinar i svært liten grad det ytre miljøet. Kraftproduksjonen frå vasskraft er miljøvenleg og vasskrafta er rein og fornybar ressurs utan utslepp som forureinar det ytre miljøet. Anlegg for drift av nettet vert bygt på ein måte som i liten grad påverkar det ytre miljøet på ein negativ måte. Det har ikkje vore uhell i driftsåret som har gitt miljømessige skadar. Likestilling Pr 31.12.2014 var 5 av 40 tilsette kvinner. Verksemda har ei leiargruppe på 4 personar, ingen av desse er kvinner. I styret sit det to kvinner av totalt åtte eigarvalde styremedlemar. Lønsmessig vert dei tilsette vurdert ut frå utdanning, kvalifikasjonar og erfaring. Det er ingen skilnad i handsaming av menn og kvinner. Distribusjonsnettet: Forsyningsområdet er 4.037 km 2 eller vel 8 gonger større enn Bergen kommune. Ramma for investeringsbudsjettet for nett og produksjon var på 18,7 mill kr. Tilsvarande ramme for førre år var på 23 mill kr ekskl Folkedal kraftverk. I budsjettet var det planlagt gjennomført 22 investeringsprosjekt på nett, 7 investeringsprosjekt på produksjon. I tillegg til 7 fellesprosjekt og 5 prosjekt for andre. Budsjettramma, korrigert for ikkje utførte anlegg vart halde. Av større anlegg som nettavdelinga har arbeid med i 2014 nemner me: Eigne nettanlegg: Ny høgspentkabel mellom Ura og Haugafossen (Jondal) Ny høgspentline mellom Ås og Samland (Jondal) Ny nettstasjon ved Øvre Vassenden (Granvin) Nytt hyttefelt Vassel (Jondal)
5 Anleggsopplysningar 480 fordelingstransformatorar i drift med ei nominell yting på totalt 89080 KVA. Høgspent luftleidning: Lågspent luftleidning: Høgspentkablar: Lågspentkablar: Total lengd på høgspent og lågspentnett 401 km 316 km 267 km 212 km 1.196 km Utvikling i tal nettkundar 2002-2014 7000 6500 6000 5500 5000 4500 4000 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014
6 PRODUKSJON 2014 I 2014 produserte Hardanger Energi AS i seks stasjonar med totalt 13 aggregat, kvar av desse stasjonane produserte følgjande kraftmengd: Kraftstasjon Produsert mengd i MWh Kinso kraftverk (Kinsarvik) 19 054 Tveitafoss kraftverk (Eidfjord) 10 413 Folkedal kraftverk (Granvin) 21 635 Ulvik kraftverk (Ulvik) 5 228 Eidesfossen kraftverk (Jondal) 11 528 Haugafossen kraftverk (Jondal) 640 Totalt 68 498 Drift og vedlikehald kraftstasjonar Kraftproduksjonen enda på totalt 68,5 GWh, dette er 10,4 GWh meir enn i 2013. Dette er den høgaste produksjonen me har registrert på eit år i Hardanger Energi, og ligg også over budsjettmålet på 64,2 GWh. Sjølv om det var rekordproduksjon, var verdien av produksjonen om lag 3 millionar kroner mindre enn budsjettert. Driftsteknisk var 2014 eit godt år, med unnatak av havari på det minste aggregatet i Haugafossen. I og med at me har planar om å reinvestera i Haugafossen, er det ikkje kjøpt nytt aggregatet som erstatning for det som havarerte. Utanom dette har det ikkje vore alvorlege feil på aggregata. Aktiviteten har vore fokusert på drift, vedlikehald og mindre investeringar. Hovudpunkta var: Detaljplanlegging Haugafossen kraftstasjon. Planar for auka produksjon i Kinso. Planar for rehabilitering av inntaksdam i Tveitafossen. (VTA) Vassdrag Teknisk Ansvarleg Me leigar VTA-tenester frå årsskiftet Bjørn Sigvar Batalden i BKK Produksjon AS. ENØK Alt enøkarbeid vert administrert av eit eige direktorat; Enova, som ligg i Trondheim. Alle nettkundane betalar eit påslag til Enova som deretter fordelar innkomne midlar til ulike prosjekt etter søknad. I 2014 har denne avgifta utgjort 1 øre/kwh, og heile summen vert vidaresendt til Enova. DLE (Det lokale eltilsyn) DLE ved Hardanger Energi AS vert utført i samsvar med dei planane som er lagt fram for og godkjent av DSB. (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) Oppgåvene knytt til DLE ligg under målar/tilsynsavdelinga.
7 MÅLAR/TILSYNSAVDELING Tilsynsplan for 2014 er utarbeida etter rammer frå DSB. Det er utført 355 tilsyn i 2014 fordelt på nyanlegg og periodisk kontroll av bustadar og industri. DLE har gitt informasjon til 6. og 9. klassingar om el-tryggleik og enøk. Når det gjeld tovegsmåling (AMS) som skulle vera inført pr. 01.01.2017 ser det ut til å verta utsetjing i 2 år til 01.01.2019. Hardanger Energi har pr. i dag timesmåling på alle anlegg som har eit forbruk over 100 000 kwh.
8 Resultatrekneskap og finans Resultatrekneskapen viser eit driftsoverskot på kr 3.008.021,- og det fordelar seg slik for dei ulike resultatområda : Distribusjonsnettet 5.878.778 Kraftomsetning 3.082.244 Kraftproduksjon -8.130.689 Andre resultatområder 2.177.689 Totalt 3.008.021 Avskrive mindreinntekt 0 Kommentarar til rekneskapstala: Alle resultatområda med unntak av produksjon hadde eit driftsoverskot i 2014. Grunnen til at kraftproduksjon går med underskot, er ei nedskriving av anleggsmiddel med 10 millionar. Driftsresultatet for selskapet er betre enn budsjettert driftsresultat om ein korrigerar for nedskrivinga av anleggsmiddelet Resultatet etter finans er negativt påverka av eit urealisert valutatap på 10,5 mill kr. Selskapet sin likviditet og soliditet er god. Bokført eigenkapital utgjer 50,2 % av balansesum, mot 51,3 % i 2013. Resultatdisponeringa: Styret foreslår at overskot etter skatt på kr vert disponert slik: Overført frå annan eigenkapital: kr 18.893.251 Foreslått utbytte: kr 7.500.000 Sum disponert: kr 11.393.251
9 Finansiell risiko Marknadsrisiko Selskapet er som følgje av kraftsal i spotmarknaden på NordPool eksponert for endringar i kursen på euro. Mesteparten av selskapet sine inntekter ved spotsal er difor sikra gjennom bruk av valutaterminkontrakter. Selskapet har teke opp to lån tilsvarande kr 140.000.000,- som er konvertert til EUR, og er eksponert mot valutakurssvingingar som fylgje av dette. Hovuddelen av lånegjelda hadde ved årsskiftet flytande rente, slik at selskapet også er eksponert for renterisiko. Kredittrisiko Historisk sett har det vore lite tap på fordringar, og risikoen for at motpartar ikkje har økonomisk evne til å oppfylla sine plikter vert difor sett på som låg. Likviditetsrisiko Hardanger Energi AS har redusert behaldninga av likvider frå 2013 til 2014, men styret ser likviditetssituasjonen som tilfredstillande. Områderisiko Områderisiko oppstår når prisen i vårt leveringsområde skil seg frå systempris. Dette oppstår når det er vanskar med overføringskapasitet mellom områder internt i NordPool-område. Fram til no har dette ikkje vorte sikra i marknaden. Vidare drift Vidare drift er lagt til grunn for rekneskapen for 2014. Kontantstraum Me viser elles til kontantstraumsanalysen lenger bak i årsmeldinga. Investeringar: Investeringane i ordinære driftsmidlar er gjort utan låneopptak.
10 Framtidsutsikter Framtidsutsiktene til Hardanger Energi er stort sett prega av dei same utfordringane som gjeld for bransjen elles. Dette gjeld m.a. forslag som Olje og Energidepartementet (OED) har fremja etter forslag frå Reiten-utvalet, og omlegging til ein leverandørsentrisk modell for kraftomsetning. Våren 2014 fekk fleire småkraftverk i Ullensvang og Jondal konsesjon av NVE. Statkraft har også fått konsesjon til prosjekt i Eidfjord og har utbyggingsplanar i Osa. I sum vil desse prosjekta krevja store investeringar i nettet vårt. OED kom i april 2015 med forslag om at alle energiselskap i Noreg skal omorganiserast slik at det vert selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom monopol og konkurranseutsette oppgåver. Dette saman med ein del andre regelendringar som enten er vedtekne eller det er forslag om, vil gje større utfordringar til oss som selskap framover enn det me har opplevd dei seinaste åra. Me forventar lågare kraftprisar i åra som kjem enn det som var vanleg i åra fram til 2012. Årsakene til dette er samansette, men det heng m.a. saman med forventa innfasing av atomkraftverk i Finland, utbygging av fornybar kraft i Noreg og Sverige som fylgje av elsertifikatordninga, og generell utbygging av fornybar kraft i Europa. Særleg forventar me risiko for låge kraftprisar om sommaren framover. Dette kan delvis kompenserast av elsertifikat for deler av Hardanger Energi sin produksjon. På plussida reknar me også med auka produksjon når produksjonsavgrensinga for Folkedal vert oppheva.
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25 Note 8 Meir-/mindreinntekt 2014 2013 Inntektsramme fra NVE 47.339.000 60.203.000 Årets KILE kostnad -1.368.528-1.432.000 Kostnader overliggjane nett 10.345.635 4.133.000 Eigedomsskatt 1.721.429 1.242.000 Korrigering kapital 405.686 2.127.000 Korreksjonar tidlegare år 156.955 285.768 Sum tilleten inntekt 58.600.177 66.558.768 Tariffinntekt 53.569.928 57.426.000 Årets meir(-) / -mindreinntekt 5.030.249 9.132.768 Akkumulert meir(-) /mindreinntekt 1.1. 2.581.045-6.513.768 Årets meir(-) /mindreinntekt 5.030.249 9.132.768 Årets berekna renter på mindreinntekt 89.000-37.955 Akkumulert meir(-) /mindreinntekt 31.12. 7.700.294 2.581.045 Note 9 Segmentinformasjon Produksjon Kraftomsetnad Distribusjonsnett Øvreg verksemd Eliminering Totalt Driftsinntekter Netto energisal 31 640 000 14 543 000 0 0-14 543 000 31 640 000 Nettleige 35 274 000 4 855 000 58 313 000 0 0 98 442 000 Tap i nett 3 246 000 0 0 0 3 246 000 Andre driftsinntekter 845 000 61 000 326 000 9 079 000 0 10 311 000 Sum driftsinntekter 71 005 000 19 459 000 58 639 000 9 079 000-14 543 000 143 639 000 Driftskostnader Kraftkjøp 64 986 000 105 000 305 000 0-14 543 000 50 853 000 Tap i nett 0 0 3 246 000 0 3 246 000 Nettleigekostnad 0 1 458 000 10 350 000 0 0 11 808 000 Løn og personalkostnad 1 966 000 2 398 000 14 345 000 1 319 000 0 20 028 000 Andre driftskostnader 943 000 5 297 000 15 851 000 4 889 000 0 26 980 000 Ordinære avskrivingar 28 000 18 332 000 8 663 000 693 000 0 27 716 000 Sum driftskostnadar 67 923 000 27 590 000 52 760 000 6 901 000-14 543 000 140 631 000 Driftsresultat 3 082 000-8 131 000 5 879 000 2 178 000 0 3 008 000 Kapitalavkastningsgrunnlaget for 2014, utgjer totalt kr. 112.693.398, kor kr. 5.273.453 gjeld regionalnett og kr. 107.419.945 gjeld distribusjonsnett.
26
27
28
29