Månadsbrev for Oransje, mars 2016. Oppsummering/ evaluering av månad.. Språkutvikling Leik Prosjektarbeid 1. mars feira me Barnehagedagen 2016. Slagordet i år var «Les høgt for oss», noko som passa godt inn i Luster kommune sitt satsingsområde «Språkutvikling». Me hadde felles lesestunder i aldersgrupper, nokre med hjelp av bilete på storskjerm, nokre utan og nokre jamvel i Grindane. Og så fekk alle is til frukt! Me målte våre eigne påskeegg før påske, og skulle i utgangspunktet hatt samling med Trond frå kyrkjelydskontoret om påskefeiring. Men dette måtte avlysast grunna sjukdom. Me hadde ein kjempekoseleg påskefrukost med godt frammøte og god mat. Me på Oransje hadde bakt bollar og laga egg/rekesalat. Skal seia det gjekk unna med reinsking og oppdeling av egga! Ellers hadde me rolege dagar i den stille veka der både små og store mellom anna nytta tida til vask av leiker (kjekt å budla i vatn!). Toneskrinet gjekk og ut i mars grunna sjukdom. Me har feira at Tilde E. vart 6år, Kasper vart 5år, og Tirill vart 3år. Då kosa me oss med ulike slags frukt og vaniljesaus. Me les fortsatt mykje, både i små og store grupper. Og me syng. Ein del av personalet har og vore på kurs med Bente Bogen. Dette var eit inspirasjons- og kunnskapskurs for barnehagepersonale i musikkarbeid med små born. Her lærde me mellom anna om rytme, regler og song, alle viktige deler i språkutviklinga. Me har så smått byrja å bruke dette i barnegruppene, og ser fram til å nytte det endå meir. Dette er kjekt både for små og store! No om dagen vert det mykje uteleik. Det medfører og at ein gjerne brukar kroppen sin meir aktivt enn i inneleiken. Men dette gjeld gjerne ikkje alle. Nokre trivst best i sandkassen eller i leikehyttene. Alt er like viktig, og ein del av jobben til oss vaksne er å utfordre borna til å variere leiken sin. I april skal me her i barnehagen jobba med «Prosjekt Friluftsliv». På Oransje har me mange planar med opp mot tre turdagar i veka. Turane treng ikkje vera så lange, og me har som mål at me skal innom flest mogelege turmål. Me har og bestemt oss for at nokre dagar går me saman heile gruppa. Då vert det gjerne varmmat på bålpanne. Andre dagar deler me borna i to grupper på tvers av alder og set oss ulike turmål. Og nokre gonger deler me borna etter alder (2010+2011 og 2012+2013+2014). Desse dagane vert det ein litt lenger tur på dei eldste med niste i eigen sekk. Dei litt yngre får ein litt kortare tur, der målet er å finna ein stad me kan leika. Me har planar om opp til tre turar i veka. Me har ein del materiale me tek med oss ut på tur. Me har t.d. bokstavar, fargeark, naturmaterialeplansjar og tal. Desse nyttar me til å aktivisere oss i kortare bolkar. Me vil og samle med oss naturmateriale
Turar og fysisk aktivitet Mål og innhald for kommande månad attende til barnehagen, og lage oss utstillingar både i barnehagen og i Grindane. Me prøver å invitere til foreldrekaffi i Grindane i slutten av april eller byrjinga av mai for å vise fram resultata. Føl og med på bilete me heng opp i garderobane. Det vart ikkje så mange turar på oss i mars. Me var på nokre småturar rundt i nærmiljøet, og så hadde me ski/akedag i Olabakkane. Det vart ein heilt topp dag med mykje god aktivitet og leik i strålande sol. Me hadde med oss pølser på termos og kakao till drikke. Og sjølvsagt vanka det premie i form av bokstavkjeks på alle mann! Mål for fysisk aktivitet denne og neste periode: eg skal bruka kroppen min på ulikt underlag. Eg skal bruka kroppen min ute i naturen Mål for språkutvikling denne og neste periode: eg har øvd meg på å sitja i ro, lytta og hugsa kva me har lese. Eg skal snakka om boka og filosofera ut ifrå den. Mål for friluftsliv denne og neste periode: eg skal følgja med på biotopen vår i Grindane. Korleis ser trea ut no? Kjem det snart knoppar på trea? Og eg skal på tur i nærmiljøet mitt. Eg skal innom flest mogelege turmål. Eg skal vera med å laga mat ute. Eg skal samla inn og bruka naturmateriale i formingsaktivitet. Mål for trafikksikkerheit denne og neste periode: eg er vorten ganske god på å sjå meg for når eg kryssar vegen og å halde sida mi. Eg har lært at eg skal sjå til venstre-høgre venstre før eg går over vegen. Eg skal gå på venstre sida av vegen. For å hugsa på kva som er venstre og kva som er høgre går eg med ein kvit strikk på venstre armen min. dette skal eg øva vidare på, for det er så lett å gløyme seg når ein er ute og går med gode vener! Om turar og friluftsliv, sjå under «Prosjekt». I tillegg vil det verta besøk i sauefjøsar. Mellom anna skal me på besøk i fjøsen til Tilde E. Judith Vestereim kjem att med Toneskrinet sitt for å ta att songstundene som fall vekk i mars. Me tek til med førskuledagar for 2010-borna no i april. Dette er nok noko dei ser fram til med spenning. Alle får eige skriv i hylla si med nærare informasjon. Datoane for besøka vert: 21.april (torsdag) 3.mai (tysdag) 18.mai (onsdag) 30.mai (måndag) Dei som har barnehagedag desse dagane møter som vanleg i barnehagen der dei smør seg niste. Dei som ikkje har dag møter på skulen med eiga niste. Gebursdagar: 11.april Lars 25. april Silje 29.april Andreas
Ting å hugse på/ anna informasjon Bilde: Fredag 6. mai er «inneklemd dag». Om nokon har tenkt å ta fri, er det fint om de gjev oss beskjed på førehand. Det vert i næraste framtid kalla inn til samtalar i høve overgangen barnehage-skule. PÅSKEFØREBUING. PÅSKEHARENN HADDE VORE PÅ BESØK TIL KANINENE TIL MARITA!
SKI/AKEDAG I OLABAKKANE! KVARDAGSGLIMT.
VÅR I BARNEHAGEN!
VÅR I BARNEHAGEN!