Høringsmal Ny rammeplan for kulturskolen, del 1 Fra: Dato: FolkOrg organisasjon for folkemusikk og folkedans. 19/6 2014 I høringssvaret viser vi ein del til høyringssvar frå Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Ole Bull Akademiet og Noregs Ungdomslag. I høringen hadde det vært fint å få kommentert følgende påstander spesielt: 1. Innføring av de tre programmene er det viktige grepet for å bedre kvaliteten på kulturskoletilbudet lokalt Tre- programma kan bidra til at undervisningstilbod i kulturskolen, når elevane sine ulike behov og ønskjer på ein god måte. Det er da viktig at ein får utarbeida eit mangfald i sjangrar og kulturuttrykk i både grunnprogram, kjerneprogram og fordjupningsprogram. Godt samarbeid med og oversikt over dei lokale miljøa innanfor kunst og kultur, er elles eit viktig grep for å betre kvaliteten på kulturskoletilbodet. 2. Innføringen av de tre programmene lar seg løse innenfor eksisterende økonomiske ressurser Satsinga må ikkje gå på bekostning av mål om eit mangfald av sjangrar og disiplinar i kulturskolens tilbod. (Sjå høringssvar frå Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF) m.fl.). 1
For å utnytte ressursane på best mogleg måte og samtidig nå målet om mangfald i kulturskoletilbodet, bør kulturskolane samarbeide regionalt og med aktuelle samarbeidspartar utanfor kulturskolen som for eksempel frivillige organisasjonar. Samarbeid med frivillige organisasjonar gjer at kulturskolens elever også kan få opplæring støtta av stønadsordningar for frivillige organisasjonar. Rammeplan for kulturskolen Mangfold og fordypning Forord: Kapittel 1: Kulturskolens formelle oppdrag. Rammeplana bør i tillegg til FNs barnekonvensjonen, bygge på UNESCO- konvensjon av 2005 om å verne og fremme eit mangfald av kulturuttrykk, St.prp. nr. 76, og ansvaret for den immaterielle kulturarven i Norge i UNESCO konvensjonen av 2003 om immateriell kulturarv, St.prp.nr. 73. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl.). Kulturskolens formål og mål: Norge består i dag av mange kulturelle identitetar og for å oppleve at ein høyrer til i samfunnet lokalt, regional og nasjonalt, forstå sin eigen kulturelle ståstad, og forstå og respektere andre kulturar enn sin eigen, er det viktig å ha kjennskap til eigen kultur og ha tryggleik i sin eigen identitet. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl.).dette gjeld både om du har bakgrunn som etnisk norsk, minoritet eller innvandrar. Eit opplæringstilbod som speglar samfunnets kulturelle mangfald er i denne samanheng derfor viktig. Å gi elevar moglegheit til å få kjennskap til eigen kultur, bør derfor vere eit av kulturskolens mål. Kulturskolens plass i den lokale grunnmuren: 1.4. Kulturskolen skal vere eit lokalt ressurssenter, og styrke kompetanse og kulturell aktivitet i lokalsamfunnet, men lokalsamfunnet kan også vere med på å styrke og supplere kulturskolens tilbod, og vi saknar ein meir nyansert omtale av samarbeidet med det lokale kulturlivet. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl.). Eit godt opplæringsmiljø er avhengig av at eleven opplever aktiviteten i ein samanheng, og at eleven opplever seg som del av eit utøvande miljø, gjerne på tvers av nivå og alder/generasjonar. Kulturskolen er i så måte ikkje berre ein bidragsytarar til andre kring seg, men gjerne 2
avhengig av lokalmiljøet som stiller med kompetanse, aktivitetar og miljø. Kunst- og kulturmiljø i lokalsamfunnet, bør derfor omtalast som samarbeidspartar med ressursar. Det er viktig at kulturskolen har ein oversikt over dei ulike miljøa og ressurspersonane innafor kunst og kultur i lokalsamfunnet, og der igjennom blir bevisst sin plassering i den kulturelle totalpakka som born og unge møter i sin kvardag. Eit godt samarbeid mellom kulturskolen og lokale miljø innafor kunst og kultur, kan saman løfte lokalkulturen og nivået på opplæringa. Det vil igjen heve den kunstnariske kvaliteten. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl.). Grunnskolens rolle Mangel på kompetanse innafor lokal kultur blant lærarane i kulturskolen, kan løysast gjennom samarbeid mellom grunnskolen, kulturskolen og ressurspersonar og frivillige organisasjonar i lokalsamfunnet. FolkOrg har fleire spel- og dansarlag som går inn i grunnskolen og underviser i lokale dansetradisjonar. Kulturskolens rolle (Første avsnitt) Kulturskolen som lokalt ressurssenter: Dette krev at kulturskolen har kompetanse innafor mangfaldet av lokale kulturuttrykk og kjennskap til lokal kulturarv. Det krev også oversikt over og samarbeid med sentrale kulturelle samarbeidsparter i lokalmiljøet. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl. Annet: Lokalt ressurssenter s 3). (Andre avsnitt) Ei utdanningsline som startar i ein kulturskole slik den omtalast i formål og målsetting, ender ikkje berre opp i profesjonelle orkester, danse- og teaterensemble. Det er vel meir rett og seie at den ender opp i profesjonell utøvande verksemd. Det lokale kulturlivet Vinklinga av forholdet mellom kulturskolen og lokale kunst- og kulturmiljø er einsidig. Her omtalast for eksempel frivillige organisasjonar som mottakarar av ressursane og kompetansen til kulturskolen, og ikkje som samarbeidspart som også kan vere med å bidra til ein betre kulturskule. Vi meiner at frivillige organisasjonar kan bidra med meir enn å lære bort korleis det demokratiske fellesskapet fungerer. (Sjå kommentarar under 1.4. kulturskolens plass i den lokale grunnmuren.) 3
Annet: Kulturskolens fag: Det er viktig at den enkelte kulturskolen er ansvarleg for å utvikle lokale lærarplanar med basis i nasjonale rammeplanen. Dette sikrar at kvar enkelt kulturskule må fylle ein del krav til kompetanse til lærarar og rektor, nivå på undervisning og mangfald i tilbod. (Sjå kommentarar under Rammeplan og lokale lærerplaner s 4.). Innhaldet i kulturskolen må samsvare med omtalen av kulturskolens samfunnsoppdrag og kulturskolens verdigrunnlag. Det er bla. viktig at rammeplana spesifiserer at kulturskolen vil arbeide mot eit innhald som representerer sjangrar og disiplinar som speglar samfunnets kulturelle mangfald. (Sjå kommentar under kulturskolens verdigrunnlag.) Kulturskolens undervisningsprogram: Vi saknar at det står noko om samarbeid med andre kulturelle instansar deriblant frivillige organisasjonar, under grunnprogram og kjerneprogram. Også talentprogrammet kan frivillige organisasjonar vere ein samarbeidspart. Innafor folkemusikken og folkedansen har ein fleire talent program som bla fylkesleddet i FolkOrg er delaktig i: Eks. Meisterklasse i hardingfele i Hardanger folkemuseum og Talentprogrammet ved Folkemusikksenteret på Prestfoss. Kapittel 2: Kommunens ansvar som skoleeier: Rammeplan og lokale læreplaner: Kommunen og den enkelte kulturskolen må vere ansvarleg for å utvikle lokale lærarplanar med basis i nasjonal rammeplanen. Dette sikrar at kvar enkelt kulturskule må fylle ein del krav til kompetanse til lærarar og rektor, nivå på undervisning og mangfald i tilbod. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl. kommunens ansvar som skoleeigar). Med bakgrunn i UNESCO- konvensjonen bør nasjonale fagplanar uttrykke eit mål om å bevare mangfaldet og den lokale kulturarven i den immaterielle kulturen. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl.) Kravet om lokalt lærestoff må forankrast i nasjonale fagplanar, mens dei lokale fagplanane beskriv det lokale lærestoffet. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl. Formalkompetanse uten lokal forankring og Rammeplan og lokale læreplaner s 3 og 4
4). Kulturskolens verdigrunnlag: Kulturskolen bygger på grunnopplæringas humanistiske menneskjesyn, og på samfunnsverdiar som fellesskap, ytringsfridom, menneskeverd og demokrati. Ved å anerkjenne og synleggjere mangfaldet, kan kulturskolen bidra til å vidareføre og fornye vår kulturarv. Kulturskolen legg også omgrepet ytringskultur til grunn for si verksemd, kor ein har eit heilskapleg syn på menneskje kor kunst- og kulturopplæring plasserast i ein historisk og kulturell samanheng, og kor ein er medviten om at kunst og kulturuttrykk rører ved grunnvilkår i menneskjas tilvere (2.2.1. Kulturskolens verdigrunnlag). Dette er eit verdisyn som krev at kulturskolens innhald i større grad samsvarer med samfunnets kulturelle mangfald og at det blir undervist i lokale musikk- og dansetradisjonar (jamfør Unesco- konvensjonen om mangfald av kulturuttrykk og vidareføring immateriell kulturarv). (Sjå høringssvar frå RFF m.fl. Kulturskolens plass i den lokale grunnmuren: Lokalt ressurssenter og Annet: 1.5. Kulturskolens fag og lokalt ressurssenter ). Det er eit stort sprik mellom det verdigrunnlag kulturskolen her teiknar og det faktum at mange kulturskoler framleis har eit einsidig tilbod bygd på tradisjonelt sterke disiplinar eller som speglar kva kulturskolerektoren brenn for. Rammeplana bør definere kva kulturskolen legg i omgrepet mangfald og beskrive tankar om korleis ein i praksis vil arbeide for å utvikle kulturskolen slik at ein fyller rammeplanas verdigrunnlag. Det må vere ein tydeleg samanheng mellom omtalen av verdigrunnlaget og kulturskolens innhald og fagplanar. Annet: 2.1.4. Samarbeid om elevenes læring. Vi støtter kravet om kulturskolens ansvar for å samarbeidet med andre instansar om elevenes læring og oppfordringa til å samarbeide interkommunalt og regionalt for å utnytte ressursane i regionen betre. Den type samarbeid er viktig for å nå målet om eit tilbod med mangfald i disiplinar og sjangrar. Spesielt gjeld dette ute i distrikta. 5
2.2.4. Kvalitet i kulturskolen Under punktet Virksomhetskvalitet, bør samarbeid mellom kulturskolen og lokale aktørar innfor kulturfeltet, vere med. 2.1.5. Kompetansekrav for tilsetting i kulturskolen Eit rigid krav om formell kompetanse for å undervise i kulturskolen kan vere med på å hindra eit mangfald i tilbod, pga. at ein først i seinare tid har fått, eller framleis ikkje har noko formell høgare pedagogisk- eller utøvarutdanning innafor ein del disiplinar og sjangrar. Dette gjeld for eksempel folkekulturfeltet kor mange av dei fremste utøvarane og pedagogane har fått og får si opplæring utanfor det høgare utdanningssystemet. Skal desse disiplinane og sjangrane bli tilbod innafor Kulturskolen og høgare nivå i utdanningssystemet, er også viktig å bruke instruktørar utan formell kompetanse. Dette vil truleg endre seg etterkvart som fleire tar formell kompetanse innafor både for eksempel folkemusikk, folkedans og folkekunst, men det tradisjonelle opplæringssystemet innafor folkemusikk og folkedans, vil forhåpentlegvis fortsatt leve parallelt med det offentlege, og derfor utdanne gode utøvarar og instruktørar utan formell kompetanse også i framtida. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl. Annet: 2.1.5. Kompetansekrav for tilsetting i kulturskolen undervisningsstillinger og realkompetanse ). Tilsetjingsvilkår og lønsnivå for tilsette med grundig dokumentert realkompetanse, bør være på linje med tilsetjingsvilkår og lønsnivået til tilsette med lønn på grunnlag av utdanning. Det bør utviklast ein mal for tilsetjing og lønsberekning, der grundig dokumentert realkompetanse vurderast like høgt som høgare utdanning. Kanskje kan ein ha eit prøvesystem for dei med realkompetanse, kombinert med rettleiing og innføring i kulturskolesystemet og lærarrolla der. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl. Forslag til kriterier som kan vurderes for realkompetanse innen folkemusikk og folkedans.) Sjølv om ein tilsett lærarar med formalkompetanse innafor folkekulturfeltet, er det ikkje gitt at desse har kunnskap om lokale tradisjonar. Her vil det vere viktig med tett samarbeid med det lokale miljøet og dei frivillige organisasjonane som forvaltar den lokale kulturarven. (Sjå høringssvar frå RFF m.fl.). 6
2.2.2 Kunnskap og læring i kulturskolen Delar av kunnskap du må tileigne deg gjennom opplæring innafor feltet kunst og kultur, spesielt den tause kunnskapen, kan du berre få gjennom å delta i eit miljø. Her bør lokale kunst- og kulturmiljø nemnast som viktige samarbeidspartar, mellom anna dei frivillige organisasjonane. (Sjå kommentarar til kapitlet 1.4. Kulturskolens plass i den lokale grunnmuren). 2.2.6. Forskning og utviklingsarbeid Vi har fleire eksempel kor interesseorganisasjonar som FolkOrg og NU har gjennomført prosjekt med resultat som med tanke på bl.a. nye arbeidsmåtar og organisering av undervisning, utvikling av nytt undervisningsmateriell, bør vere av interesse for Kulturskolen. Eksempel på dette er FolkOrg sitt arbeid med å samle suksesshistorier om korleis spel- og dansarlag organiserer gode samarbeid med kulturskulane, og NU sitt pilotprosjekt Folkedans i kulturskulen. Forslag til ny setning (andre avsnitt). Høyere kunstfaglige utdanningsinstitusjoner, interesseorganisasjoner og andre relevante aktører kan i samarbeid med praksisfeltet initiere og gjennomføre utviklingsprosjekt. 7