MØTEINNKALLING Utval: Valnemnd Møtestad: Formannskapssalen Herøy rådhus Dato: 28.01.2016 Tid: 15:00 Melding om forfall til tlf. 70081300. Forfall til møter i kommunale organer skal vere gyldig i hht. Lov om kommuner og fylkeskommuner 40, nr. 1. Varamedlemer som får tilsendt sakliste, skal ikkje møte utan nærare innkalling. Dersom du ønskjer din habilitet vurdert i ei sak, må du melde skriftleg frå til politisk sekretariat om dette i god tid før møtet (Forvaltningslova 8, 3. ledd). Fosnavåg, 21.01.2016 Idar Tarberg leiar
SAKLISTE: Saksnr PS 1/16 PS 2/16 PS 3/16 PS 4/16 Innhold Godkjenning av innkalling og sakliste Protokoll frå førre møte. Interkommunalt planarbeid for kystsona - val av medlem til styringsgruppa Val av leiar og nestleiar i råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2015-2019 PS 5/16 Val til forstandarskapet i Sparebank 1 Søre Sunnmøre 2015-2019
PS1/16Godkjenningavinnkallingogsakliste PS2/16Protokollfråførremøte.
Utviklingsavdelinga SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2015/1770 Arkiv: P11 Utvalsaksnr Utval Møtedato 11/16 Formannskapet 19.01.2016 3/16 Valnemnd 28.01.2016 6/16 Kommunestyret 28.01.2016 INTERKOMMUNALT PLANARBEID FOR KYSTSONA - VAL AV MEDLEM TIL ARBEIDS- OG KOORDINERINGSGRUPPA Møtebehandling: Leiar frå Utviklingsavdelinga Jarl Martin Møller orienterte. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Tilråding i Formannskapet - 19.01.2016 Kommunestyret vedtek å starte opp arbeid med eit interkommunalt planarbeid for kystsona saman med dei fem andre kommunane på ytre Søre Sunnmøre. Kommunestyret vel ein politisk representant til å sitje i arbeids- og koordineringsgruppa frå kommunen. Rådmannen vel ein representant til å sitje i arbeids- og koordineringsgruppa frå administrasjonen. Tilråding: Formannskapet vedtek å starte opp arbeid med eit interkommunalt planarbeid for kystsona saman med dei fem andre kommunane på ytre Søre Sunnmøre. Valnemnda vel ein politisk representant til å sitje i arbeids- og koordineringsgruppa frå kommunen.
Rådmannen vel ein representant til å sitje i arbeids- og koordineringsgruppa frå administrasjonen. Særutskrift: Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, pb.2500, 6404 MOLDE Fylkesmannen i Møre og Romsdal Fylkeshuset, pb.2520, 6404 MOLDE Hareid kommune Rådhusplassen 5, 6060 HAREID Ulstein kommune Postboks 143, 6067 ULSTEINVIK Sande kommune 6084 LARSNES Vanylven kommune Rådhuset 6143 FISKÅ Runde miljøsenter Rundavegen 237, 6096 RUNDE Side 2 av 5
Saksopplysningar: Dei fem kommunane Herøy, Ulstein, Hareid, Sande og Vanylven starta i 2014 prosjektet «Marine Grunnkart Søre Sunnmøre». Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med Norges Geologiske undersøkelser (NGU) og Runde Miljøsenter (RMS). Statens Kartverk har levert høgoppløyselege djupnedata innhenta med moderne fleirstråle ekkolodd. Det vart søkt til forsvaret om å få lage kart med oppløysing på 1*1 meter. Dette vart innvilga som det einaste området i Norge. Det er gjennomført prosjekt i regi av Kartverket og NGU der kystsona (0-5 meter) er laserkartlagt frå fly for å få til saumlause kart mellom sjø og land. Dette prosjektet vil bidra til at Søre Sunnmøre kan vidareutvikle berekraftig verdiskapning og ressursforvaltning basert på eit kunnskapsgrunnlag som vil vere heilt unikt for Norge. Regionen vil framstå som et fyrtårn når det gjeld kunnskapsbasert forvaltning og næringsutvikling. Dei fem kommunane har eit næringsliv som i dei siste åra har hatt ei eventyrleg utvikling, særleg innan olje, gass og offshore. Men den brå nedgangen i oljepris og aktivitet innan oljenæringa er i ferd med å gi kraftige negative utslag for næringslivet i desse kommunane. Kommunane ser det derfor som ei interkommunal oppgåve å vere med på å legge forholda til rette for ny næringsutvikling. Ein vil bringe inn nasjonal og internasjonal FOU kompetanse og kople denne opp mot næringslivet i regionen. Kommunane sin felles kompetanse på GIS og planlegging skal koplast mot det mangfaldige marine og maritime næringslivet i regionen. Arbeidsgruppa for «Marine Grunnkart Søre Sunnmøre» har sett på moglegheita for å nytte karta til å utarbeide ein «kystsoneplan» for dei fem kommunane som er involverte. Ytre Søre Sunnmøre er i dag i ein unik posisjon i forhold til å utnytte den kunnskapen som dei marine grunnkarta vil bringe. Arbeidsgruppa ser det derfor som tenleg at det vert starta arbeid med eit interkommunalt plan/kartarbeid der styrings- og arbeidsgruppa kan legge strategiar for utnytting av sjøområda på tvers av kommunegrensene. Målet er at kommunar, næringsliv og forskingsmiljø i fellesskap skal utforske og utvikle idear som kan skape nye arbeidsplassar. Denne ideutviklinga vil avdekke arealbehov både på sjø og på land som igjen vil gi viktige innspel for kystsoneplanlegginga. Gjennomføring: Marin Næringsutviklingsplan (temaplan/forarbeid) 1. Idédugnad, alle idear opp i lufta (Intervju-workshop-fokusgrupper) 2. Innhenting av informasjon, litteratur, rapportar og marknadsinformasjon mm. 3. Evaluering 4. Konkretisering Arealplan (temaplan eller kommunedelplan) 1. Etablering av interkommunal arbeidsgruppe 2. Innsamling av informasjon, litteratur, rapportar og marknadsinformasjon mm. 3. Innspel frå diverse prosjektgrupper 4. Planutforming 5. Høyring 6. Politisk handsaming Side 3 av 5
Budsjett og Finansiering: Marin Næringsplan (del 1) For marin næringsplan er det budsjettert med ei halvt årsverk i 2016 og 2017 I tillegg til prosjektstillinga vil kommunar og andre som medverkar bidra med omfattande eigeninnsats. Denne er ikkje tatt med i budsjett og finansieringsplan. Budsjett 2016 2017 Total Prosjektkoordinator 575 000 575 000 1 150 000 Reiser møter arrangement 40 000 40 000 80 000 Diverse 10 000 10 000 20 000 Total 625 000 625 000 1 250 000 Finansiering 2016 2017 Total Herøy Kommune 125 000 125 000 250 000 Ulstein Kommune 125 000 125 000 250 000 Sande Kommune 125 000 125 000 250 000 Vanylven Kommune 125 000 125 000 250 000 Hareid Kommune 125 000 125 000 250 000 Total 625 000 625 000 1 250 000 Arealplan/temaplan/kommunedelplan (del 2) Det er budsjettert med eit halvt årsverk i 2016 og det same i 2017. Kostnader til prosjektleiing og organisering er tenkt finansiert som eit spleiselag mellom kommunane og Møre og Romsdal Fylkeskommune. I tillegg kjem eigeninnsats i kommuane. Ein må truleg kome attende i eiga sak om finansiering av denne delen og tidspunkt for gjennomføring. Under står eit forslag til budsjett over to år. Budsjett 1.år 2.år Total Prosjektkoordinator 575 000 575 000 1 150 000 Reiser møter arrangement 50 000 50 000 100 000 Formidling 20 000 20 000 40 000 Diverse 15 000 15 000 30 000 Total 660 000 660 000 1 320 000 Finansiering 1.år 2.år Total Herøy Kommune 72 000 72 000 144 000 Ulstein Kommune 72 000 72 000 144 000 Sande Kommune 72 000 72 000 144 000 Hareid Kommune 72 000 72 000 144 000 Vanylven Kommune 72 000 72 000 144 000 Møre og Romsdal fylkeskommune 300 000 300 000 600 000 Total 660 000 660 000 1 320 000 Vurdering og konklusjon: Rådmannen rår til at det vert starta opp arbeid med ein interkommunal kystsoneplan og den vert organisert med ei arbeids- og koordineringsgruppe som er samansett av politisk og administrative deltakarar frå dei fem kommunane samt ein deltakar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Detaljar knytt til gjennomføring av «del 1» og «del 2» må Side 4 av 5
takast opp til drøfting i første møte i arbeids- og koordineringsgruppa. Utgangspunktet for prosjektet er slik Runde Miljøsenter har skissert er med to relativt samkøyrde prosessar. Forslag til arbeids- og koordineringsgruppe: - Ein representant frå Møre og Romsdal fylkeskommune. - Ein politisk representant frå kvar kommune. - Ein representant frå plan- eller kartavdelinga frå kvar kommune. Runde miljøsenter fungerer som sekretariat for gruppa. Fosnavåg, 21.12.2015 Olaus-Jon Kopperstad Rådmann Jarl Martin Møller Avd.leiar Sakshandsamar: Ole Magne Rotevatn Side 5 av 5
Dokumentsenter og politisk sekretariat SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: HS Arkivsaknr: 2015/1351 Arkiv: 033 Utvalsaksnr Utval Møtedato 4/16 Valnemnd 28.01.2016 17/16 Kommunestyret 28.01.2016 VAL AV LEIAR OG NESTLEIAR I RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE 2015-2019 Tilråding: Som leiar og nestleiar i råd for menneske med nedsett funksjonsevne 2015-2019 vert valde: Leiar: Nestleiar: Særutskrift: Dei valde
Saksopplysningar: I K-sak 173/15 til råd for menneske med nedsett funksjonsevne for perioden 2015-2019 vart desse valde: Medlemer: Sølvi V. Myrhol Janne Remøy Endresen Nina Breivik Bendal Trine Elisabeth Eiksund Mona Voldsund Høybakk Karly Ingunn Teige Varamedlemer: Svein Håvard Sævik Karl Inge Voldsund Sigmund Nymark Hilde Lid Hole Solveig Katrin Dahlstrøm Fosnavåg, 12.01.2016 Olaus-Jon Kopperstad Rådmann Sakshandsamar: Hilde Bringsvor Skinnes Side 2 av 2
Dokumentsenter og politisk sekretariat SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: HS Arkivsaknr: 2016/54 Arkiv: 033 Utvalsaksnr Utval Møtedato 5/16 Valnemnd 28.01.2016 16/16 Kommunestyret 28.01.2016 VAL TIL FORSTANDARSKAPET I SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE 2015-2019 Tilråding: Som medlem og varamedlem til forstandarskapet i Sparebank 1 Søre Sunnmøre vert valde: Medlem: Varamedlem: Særutskrift: Dei valde Sparebank1 Søre Sunnmøre
Saksopplysningar: Herøy kommune skal velge 1 medlem og 1 varamedlem til Forstandarskapet i SpareBank 1 Søre Sunnmøre. Jfr. 3-3 i vedtektene. I K-sak 37/10 om val til forstandarskapet Sparebank 1 Volda Ørsta vart desse valde: Medlem: Olaug Andreassen Varamedlem: Bjarne Kvalsvik Fosnavåg, 13.01.2016 Olaus-Jon Kopperstad Rådmann Sakshandsamar: Hilde Bringsvor Skinnes Side 2 av 2