MØTEINNKALLING Utval: VALNEMND Møtestad: rådhuset Møtedato: 13.11.2007 Tid: 12.00 Varamedlemmer møter berre etter nærare innkalling Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 27/07 07/1238 VAL AV ELDRERÅD SAKLISTE 28/07 07/1240 VAL AV MEDLEM OG VARAMEDLEMAR I OVERFORMYNDERIET 29/07 07/1241 VAL AV SKATTEUTVAL 30/07 07/1245 VAL AV FORLIKSRÅD 31/07 07/1246 VAL AV FASTE MØTEFULLMEKTIGAR I FORLIKSRÅDET 32/07 07/1306 VAL AV VARAREPRESENTANT TIL STYRET FOR DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM YMSE Balestrand 28.06.16 NN Ordfører/leiar
Sak 27/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 16/07 Valnemnd 31.10.2007 27/07 Valnemnd 13.11.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 07/1238 VAL AV ELDRERÅD Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Lov om kommunale og fylkeskommunale eldreråd SAKSOPPLYSNINGAR Eldrerådet er ei lovpålagd nemnd etter eldrerådslova 1. Eldrerådet skal veljast for valperioden av kommunestyret, som avgjer kor mange medlemar eldrerådet skal ha. Pensjonistforeiningar har rett til å kome med framlegg om medlemar til eldrerådet. Fleirtalet av rådsmedlemane skal vere alderspensjonistar i kommunen. Eldrerådet er eit rådgjevande organ som skal ha til handsaming alle saker som gjeld levekåra for eldre. Eldrerådet kan og sjølv ta opp saker som vedkjem eldre i kommunen. Kommunestyret vel medlemar og varamedlemar. Eldrerådet vel sjølv leiar og nestleiar. Eldrerådet er i dag samansett slik: Medlemar: Jan Andersen, leiar Sigrunn Ytrefjord, nestleiar Alf Aalhus Solveig Ugulen Harald N. Offerdal Sistnemnde er valt av og blant medlemane i utval for oppvekst og omsorg. Varamedlemar: 1. Anna Hatlem 2. Trygve Sande
Sak 27/07 3. Ingebjørg Målsnes Balestrand pensjonistlag er førespurt om framlegg til medlemar i eldrerådet. Det er no lovbestemt at kommunane skal opprette råd eller anna representasjonsordning for menneske med nedsett funksjonsevne m.m., jfr lov av 17.06.05. Kommunane kan vedta at det skal vere eit felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne. VURDERING Rådmannen si tilråding: Handsaming: Valnemnd : Valnemnda kom samla fram til slikt Vedtak: Saka vert utsett. Samrøystes
Sak 28/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 18/07 Valnemnd 31.10.2007 28/07 Valnemnd 13.11.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkivsaknr.: 07/1240 Arkiv: 033 X47 VAL AV MEDLEM OG VARAMEDLEMAR I OVERFORMYNDERIET Vedlegg: Utdrag frå NOU 2004:16 - Vergemål Bakgrunn: Lovheimel: Vergemålslova kap 3 SAKSOPPLYSNINGAR Overformynderiet skal vanlegvis vere samansett av to overformyndarar. Desse vert valde, ein annakvart år, for 4 år rekna frå 1. januar etter valet. Annakvart år vert det for dei fylgjande to åra valt to varamedlemar. Rekkefylgja mellom varamedlemane vert bestemt ved valet. Overformynderiet er i dag samansett slik: Medlemar: Ragnar Urtegård Thue (leiar) (valt for perioden 2004-2007) Katja Nyborg-Christensen (valt for perioden 2006-2009) Varamedlemar: Gabriel Slørdahl (valt for perioden 2006-2007) Liv Anne Breidablik (valt for perioden 2006-2007) Katja Nyborg-Christensen står såleis ikkje på val no. VURDERING Rådmannen si tilråding:
Sak 28/07 Handsaming: Valnemnd : Valnemnda kom samla fram til slikt Vedtak Saka vert utsett.
Sak 29/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 19/07 Valnemnd 31.10.2007 29/07 Valnemnd 13.11.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 07/1241 VAL AV SKATTEUTVAL Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Skattebetalingslova SAKSOPPLYSNINGAR Skatteutvalet er ei obligatorisk nemnd etter skattebetalingslova 42. Skatteutvalet skal ha minst 3 medlemar, og vert valt av kommunestyret. Kommunestyret avgjer kven som skal vera leiar og nestleiar i utvalet. Kommunestyret kan bestemma at skatteutvalet sine gjeremål skal leggjast til anna kommunal nemnd. Skatteutvalet handsamar saker vedrørande nedsetjing og ettergjeving av skatt. Eksisterande skatteutval er sett saman slik: Medlemar: Audhild B. Schaathun (leiar) Reidar Sæle (nestleiar) Sigrunn Ytrefjord Varamedlemar: 1. Gabriel Slørdahl 2. Leif B. Bolstad 3. Karin Lidal VURDERING Rådmannen si tilråding:
Sak 29/07 Handsaming: Valnemnd : Valnemnda kom samla fram til slikt Vedtak: Saka vert utsett
Sak 30/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 22/07 Valnemnd 31.10.2007 30/07 Valnemnd 13.11.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 07/1245 VAL AV FORLIKSRÅD Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Utdrag frå brev av 28.06.07 frå Justis- og politidepartementet Domstollova SAKSOPPLYSNINGAR I kvar kommune skal det vera eit forliksråd. Forliksrådet skal ha tre medlemar og like mange varamedlemar. Blant medlemane og varamedlemane skal det vera både kvinner og menn. Varamedlemane skal tilkallast i den rekkefylgja som oppnemninga syner. Forliksrådsmedlemane med varamedlemar vert valde av kommunestyret. Valet skal no, etter nye reglar, skje innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval og gjeld for fire år frå 1. januar det påfylgjande året. Det er fastsett ei overgangsordning som er slik at det no skal gjerast val innan 15.01.08, og valet skal gjelde for perioden 01.05.08 01.01.13. For valet gjeld føresegnene i kommunelova kap. 6 med dei avvika som fylgjer av domstollova 27 og 57. Kommunestyret vel ein av medlemane som leiar. Har denne forfall, trer den av dei andre som er nemnt fyrst i oppnemninga og som kan gjera teneste, i leiaren sin stad. Desse vilkåra må vera oppfylte for å kunne verta vald til forliksrådsmedlem: Forliksrådsmedlemar må ha fylt 25 år. Vedkomande må vere under 70 år ved starten av valperioden. Som forliksrådsmedlemar skal berre veljast personar som einser som særskilt eigna til oppgåva, og som beherskar norsk skriftleg og munnleg godt. Dei som er utelukka til val som lekdommarar kan heller ikkje vere medlem av eit forliksråd. Domstollova 71 inneheld nærare føresegner om kven som er utleukka for val, jfr vedlagt brev frå departementet.
Sak 30/07 Ein person kan krevje fritak frå val dersom helsetislatnden eller andre særskilte grunnar tilseier det, eller vedkomande har vore medlem av forliksrådet i to periodar tidlegare. Fylkesmannen gjer endeleg oppnemning av forliksrådet og fører tilsyn med rådet si verksemd. Noverande forliksråd er: Medlemar: Ragnar Alrek (leiar) Atle J. Dale Anna Karin Skrede Varamedlemar: 1. Jarle Midttun 2. Gerd Ese 3. Marianne Hoff Ragnar Alrek har etter flytting frå kommunen vore friteken frå vervet. Det har ikkje vore valt ny medlem. I Alrek sitt fråver har Atle J. Dale, som er den av dei andre som er nemnt fyrst i oppnemninga, gått inn som leiar. VURDERING Rådmannen si tilråding: Handsaming: Valnemnd : Valnemnda kom samla fram til slikt Vedtak: Saka vert utsett.
Sak 31/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 23/07 Valnemnd 31.10.2007 31/07 Valnemnd 13.11.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 07/1246 VAL AV FASTE MØTEFULLMEKTIGAR I FORLIKSRÅDET Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: SAKSOPPLYSNINGAR Det er fastsett forskrift om organisering av forliksrådet som kollegial domstol og endring i rettsgebyrforskrifta, inkassoforskrifta og forskrift om sakskostnader i forliksrådet som trådte i kraft 01.01.06. Dette var eit ledd i oppfylgjinga av Stortinget sitt vedtak om endra organisering av den sivile rettspleia på grunnplanet. Det skal framleis vere forliksråd i kvar kommune og medlemane skal oppnemnast av kommunestyret. Men det administrative ansvaret for forliksråda er overført til Justisdepartementet. Sekretariatsfunksjonen for forliksrådet vert utført av politiet som ei sivil oppgåve. I lensmannsdistrikt er lensmannen sekretariat for forliksrådet. Denne endringa trrådte i kraft 01.01.06. Justisdepartementet ynskte i samband med omorganiseringa av den sivile rettspleia på grunnplanet å foreta ei opprydding i praksisen i høve til fullmektigerepresentasjon i forliksrådet. Det vart etablert ei ordning som ivaretek omsynet til at forliksrådet skal vere upartisk og meir praktiske omsyn som at ein part busettt utanfor kommunen lett kan finne ein fullmektig utan at kostnadene dermed vert for høge. Kvar kommune skal oppnemne eit utval av personar utan tilknyting til forliksrådet, som er eigna til oppgåva og som er villige til å ta på seg eit slikt verv. Det vert ikkje stilt formelle kvalifikasjonskrav til medlemane i utvalet. Den som vert oppnemnt bør vere fylt 25 år og ha ålment gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, og ålmen god samfunnskunnskap. Det er ikkje noko vilkår at vedkomande er norsk statsborgar eller er busett i den kommunen som oppnemner utvalet. Kommunen sitt ansvar for fullmektigane vil vere avgrensa til å vere rimeleg aktsame ved utveljinga og til å fjerne vedkomande fra utvalet dersom ein får kjennskap til forhold som gjer det utilrådeleg at han eller ho framleis er medlem. Nærare om kommunen sitt ansvar for saka
Sak 31/07 Kommunen skal oppnemne medlemar av utvalet for inntil fire år om gongen. Tal medlemar til utvalet må tilpassast saksmengda og kommunen sitt innbyggjartal. Som eit minimum skal det vere 3 medlemar i utvalet. I kommunar med meir enn 25.000 innbyggere skal det være minst 5 medlemar i utvalet og tal medlemar aukar med tal innbyggjarar. Balestrand forliksråd gjorde i 2005 framlegg om at det vart valt tre medlemar blant fylgjande personar: Jens K. Ese Kari Maria Fjærestad Kjell Oddvin Eide Marta Kvikne Kommunestyret valde den 15.12.05 desse faste møtefullmektigane for perioden 2006-2007: Jens K. Ese Kari Maria Fjærestad Kjell Oddvin Eide VURDERING Rådmannen si tilråding: Handsaming: Valnemnd : Valnemnda kom samla fram til slikt Vedtak: Saka vert utsett.
Sak 32/07 MØTEBOK Sak nr.: Utval Møtedato 32/07 Valnemnd 13.11.2007 Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 033 Arkivsaknr.: 07/1306 VAL AV VARAREPRESENTANT TIL STYRET FOR DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Brev av 07.06.07 til Sogn Folkemuseum val av representant til styret E-post av 05.11.07 frå Sogn Folkemuseum SAKSOPPLYSNINGAR Balestrand kommune har valt Erland Fagermoen som representant i styret for De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum. Valet vart gjort av formannskapet i juni fordi det den gongen var viktig å få den kommunale representanten på plass. Valet av vararerepresentant fann ein likevel å kunne vente med til etter kommunevalet. Balestrand kommune skal såleis velje vararepresentant til styret for De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum VURDERING Rådmannen si tilråding: