HELLAND BARNEHAGE ÅRSPLAN 2014/2015 VELKOMEN TIL EIT NYTT BARNEHAGEÅR VED HELLAND BARNEHAGE. BÅDE NYE OG GAMLE BARN OG FORELDRE/FØRESETTE! Årsplanen har som funksjon å vere arbeidsreiskap for barnehagepersonalet for å styre verksemda i ei bevisst og uttalt retning, og den er utgangspunkt for foreldra til å kunne påverke innhaldet i barnehagen. Den er grunnlag for kommunale tilsyn med barnehagen, og den gir informasjon om det pedagogiske arbeidet i barnehagen til eigaren, politikarane, kommunen, samarbeidspartar og andre interesserte. Årsplanen er grunna i Lov om barnehagar, Rammeplan for barnehagar og Vestnes kommune sin Utviklingsplan for barnehagar 2014/15. I utviklingsplanen vert det sagt noko generelt om Helland barnehage og barnehage sin visjon og pedagogiske grunnsyn. Du finn den på Heimesida til Vestnes kommune under Barnehagar og Helland barnehage. 1
Innhald Barnehagen skal vere ein stad som legg til rette for at barna skal oppleve omsorg, få støtte og utfordringar i læringsprosessar, og få oppleve stimulering og tilrettelegging for leik. Barneåra er viktige år for barna si identitetsbygging og barnehagen skal legge til rette for gode dannningsprosessar. Felles Satsingsområde for alle barnehagane i Vestnes Arbeide med å få ein felles forståing og beste praksis i høve Standardar som kjenneteikner den gode barnehage Barnehagen i Vestnes er god når: Når ein legg vekt på tidleg innsats (haust 2014) Når ein legg vekt på godt foreldresamarbeid (vår 2015) Når både vaksne og barn har eit godt psykososialt miljø Når den er ein god stad for leik, læring og omsorg Når tilsette er lojale mot beste praksis og Vestnes kommune sin etiske plattform Den enkelte barnehage vil utarbeide sin beste praksis for dei to første punkta i løpet av barnehageåret. Felles tema for Helland barnehage: Fysisk aktivitet og helse Ergonomi og sjølvstende øving Vi startar opp med eit prosjekt som vi kallar Klare sjølv. Prosjektet samkøyrer ergonomi og pedagogikk i barnehagen, altså vaksne og barn sin kvardag i barnehagen. Målet er at dei vaksne skal ungå/redusere uheldige belastningar og barna skal få ein auka oppleving av mestring i kvardagen. Frå personale sin ståstad handlar det både om ergonomiske tilhøve, som å unngå fysiske belastningar, tidspress og stress samt om godt samarbeid, god organisering, arbeidsglede og personleg utvikling. 2
Barna har eit stort ubrukt felt for mestringsøvingar i kvardagssituasjonane i barnehagen. Ei positiv bruk av desse kvardagsituasjonane gir barna auka mesringsoppleving, betre sjølvkjensle og positiv identitetsdanning. I samanheng med dette vil vi også sjå nærare på fagområdet Kropp, rørsle og helse (Rammeplan for barnehagar). Pedagogisk utviklingsarbeid. Vi kjem til å føre vidare arbeidet med: Språk og språkutvikling. Vi nyttar oss av det pedagogiske språkvertyet Snakkepakken for å skape motivasjon og lyst hos barnet til å lære og bruke språket. Og vi nyttar oss av TRAS (Tidleg Registreing av Språkutvikling). Gjennom TRAS kan vi legge til rette for språkstimulering på områder som barnet treng støtte. Det viktigaste er likevel at vi vaksne har tid, er lyttande og aksepterande i vår kommunikasjon med barna i kvardagen. Dette er det viktigaste språkstimulerande verkemiddelet vi har. Metodar for fagleg utvikling og kvalitetssikring: Triangelmetoden: Triangelmetoden legg vekt på leiing og leiarutvikling og systematisk arbeid med kvalitet, gjennom val av standardar og utarbeiding av beste praksis for desse. LP modellen: VeRa prosjektet har som mål å styrke det ordinære barnehagetilbodet, gjennom fokus på tidleg innsats. Refleksjonsgrupper er sentrale i denne i denne modellen for å få fram ulike perspektiv i ei situasjonsanalyse. Faste aktivitetar: Turdag kvar veke. Idrettshallen regelmessig. Matlaging avdelingsvis 4. kvar veke. Bibliotekdag regelmessig 3
Samarbeid mellom avdelingane Ved Helland barnehage Nedre er der 4 avdelingar og ved Helland barnehage Øvre er der 3 avdeilingar. Vi samarbeider på morgon og ettermiddag om det er behov for det. Barna vert etter kvart trygge på personalet og andre barn enn dei kjenner frå si avdeling. Vi meiner dette er positivt for barna. Også dei minste blir utover året fortruleg med å forhalde seg til andre. Vi har også fast besøkstider for tilvenning for overgang mellom småbarnsavdeling og storbarnsavdeling, for å sikre ein best mogeleg overgang for det enkelte barn. Når vi avviklar møter på dagtid ser andre etter barn frå den avdelinga der personale har møtet. Dagsrytme 06.45 Barnehagen opnar 08.30 Frukost 09.00 Fri leik ute eller inne 09.30 Faste aktivitetar Sjå vekeplan T.d Fellessamlinger med trimgrupper og sang/musikkgrupper Turdag/utedag Bake/mataktivitetar Gymmsal 11.30 Handvask/Mat 12.30 Stell/Toalett (for dei minste) Frileik ute- eller inne eller kviling 14.30 Fruktmåltid 16.30 Barnehagen stenger Eksakte tidspunkt kan variere. Barnehagen har ikkje ei fastlåst oppmøtetid, men på dagar med faste aktivitetar i barnehagen og turdagar må barnet møte til kl. 09.30 om det skal rekke aktiviteten. Informasjon om dette får de på vekeplanane. Vi kan også ta spontanturar ut ifrå barnehagen sitt område. Det er derfor fint om de gir beskjed om de kjem etter kl. 09.30 eller ved anna fråvær. Studie- og planleggingsdagar Barnehagane i Vestnes har avsett 5 dagar til studie- og planlegging pr år. Desse dagane held barnehagen stengt. 14. og 15. august 2014 6. Oktober 2014 2. Januar 2015 19. Juni 2015 4
PRAKTISK INFORMASJON Syt for at det alltid er minst to klesskift i barnehagen. Held barnet ditt på å slutte med bleie, må det vere ekstra med skiftety. Alle dressar og regnty skal ha strikk under beina og dei må være utan hol. Vi er ute i all slags ver og vi ønskjer å bruke nærmiljøet til barnehagen aktivt, derfor er det heilt nødvendig at kleda er i god stand. Alle klede, sko og støvlar skal være merka! Det heng diverse bestillingslister for merkelappar i garderoben. Barna skal ha tøflar eller sko til innebruk. Familieplakat. Vi sender med dykk ein plakat kor de festar på bilde av familien til barnet. Denne blir laminert i barnehagen, og hengt opp. Det er ikkje høve til å ta med eigne leiker i barnehagen. Vi feirar fødselsdagen til barnet i barnehagen med krone, kongekappe og sunn meny. Vi legg mest vekt på barnet denne dagen. Foreldra SKAL sei ifrå viss barnet blir henta av andre enn mor eller far. Eit personale skal alltid ha melding når barnet kjem og når barnet forlet barnehagen. Det er foreldre sitt ansvar til å gi beskjed om dette til personale. Sei ifrå også viss barnet er sjuk eller har fri. Ved parkering skal bilmotoren vere slått av. Parker på merka felt; ikkje i skråninga overfor porten, Nedre. Ikkje framfor helikopterlandingsplassen på Øvre. Barna skal ikkje gå utanom porten før dei går ilag med foreldra. Husk å gjere bruk av kjettingen, som er ei ekstra sikring av porten. Ved brann i barnehagen har kvar avdeling fast oppstillingsplass, ved vidare evakuering blir barna flytta til motsatt barnehagebygg. Ved brann under kveldsarrangement skal alle møte ved parkeringsplassen utanfor gartneriet. Barna kan ta med eigen leiker (på eige ansvar), når dei er av ein slik karakter at dei kan delast, som td CDàr, bøker ol. FØLG MED PÅ TAVLA I GARDEROBA FOR INFORMASJON! DE VIL OGSÅ FINNE INFORMASJON OM BARNEHAGANE GENERELT OG HELLAND BARNEHAGE SÆRSKILT PÅ VESTNES KOMMUNE SINE HEIMESIDER www.vestnes.kommune.no 5
Barnegruppa i år Barnehagen har i år 107 barn. Fordelt på 4 avdelingar ved Helland barnehage nedre og 3 avdelingar Helland barnehage nedre. Av desse er 31 barn under 3 år. Personale dette året Driftsleiar: Assisterande styrar: Ekstra-assistent: Liv Hilde Storås Lene Frostad, permisjonsvikariat for Randi Bredeli Marit Rypdal Avd. Kråkebollen (0-3 år) Pedagogisk leiar: Ragnhild Tandstad 100 % Assistent: Ruth Karlsen 100 % Omsorgsarbeider: Elin Falkhytten Ørjasæter 80 % Vikar: 20 % Avd. Sjøstjerna (3-5år) Pedagogisk leiar : Emely Bjørnøy 100% Pedagogisk leiar: Beate Nerås 100% Barne- og ungdomsarbeider: Marianne Gjelsten 100 % Barne- og ungdomsarbeider Pille Tarto 100 %, Avd. Havhesten (0-3 år) Pedagogisk leiar: Monica Vikås 100 % Barne- og ungdomsarbeider: Tone Husøy 50 % Barnepleiar: Sonja Hagerup Gjelstenli 100 % Assistent: Marit Bendiksen 50 % Avd Blekkspruten (3-5 år) Pedagogisk leiar: Lill-Marit Løvik 80 % Assistent/barnepleiar: Sølvi Sikveland 100% Barne- og ungdomsarbeider: Sissel Ræstad 100 % Vikar: Avd Knerten (3-5 år) Pedagogisk leiar: Gunn Arnhild Hamnes 100 % Fagarbeider: Marie Sporsheim 100% Barne- og ungdomsarbeider: Lene Terese Lervik 100 % Ekstra- assistent: 60 % Avd Nøtteliten (0-3 år): Pedagogisk leiar: Eva Fiksdal 100 % permisjonsvik for Lene Frostad Barne- og ungdomsarbeider: Wenke Bjørlykstøl 100 % Fagarbeider: Alejandra Morales 100 % Avd Kanutten (3-5 år) Pedagogisk leiar: Ann-Kristin Frafjord 100 % Assistent: Haldis Hoem 100 % Barnepleiar: Gøril Stranden 100 % 6