Kvinnherad kommune MØTEPROTOKOLL Utval Formannskapet Møtedato 23.01.2014 Møtestad Bergslagen, Sunde Kyst- og Litteratursenter, Sunde Møtetid 10:00 - Følgjande medlemmer møtte: Namn Funksjon Repr Synnøve Solbakken Ordførar AP Elisabeth Eide Tharaldsen Varaordførar FRP Arve Opsanger Medlem AP Kjell Yri Medlem V Leif Sverre Enes Medlem H Gunn Mari Moberg Medlem H Peder Sjo Slettebø Medlem H Marit Elisebet Totland Medlem KRF Følgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Repr Knut Prestnes MEDL U Følgjande varamedlemar møtte: Namn Vara for Repr Aksel Kloster jr Knut Prestnes AP Følgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Trond Sætereng Rådmann Gunn Tove Petterteig Kommunalsjef Anne Sofie B Kjeka Kommunalsjef Magne Øyre Konsulent Tormod Fossheim Verksemdsleiar, Samfunnsutvikling Bente Høyland Møtesekretær MERKNADER: Orienteringar: Ordførar orienterte om hendingar/møter sidan sist. Einar Saghaug presenterte Sunde kyst- og litteratursenter. Kvinnherad kommune side 1
Permisjonar: Ingen Inhabile: Ingen Evt. endring på saksrekkefølgje: Ingen. Tilleggssaker: 2014/11 Halsnøysona bruksendring for 2 bustadar Spørsmål: Frå Leif Sverre Enes (H): Korleis er det med framdrifta i saka om Omstun som skulle til kontrollutvalet? Rådmann svara: Kontrollutvalet innhentar dokumentasjon for og forbereda sak. Vanskeleg å sei kor lang tid kontrollutvalet treng på saka. Ferdig mot sommaren? SAKLISTE Saksnr Innhald Refererte skriv RS 2014/1 Søknad om løyve til oppdrett av matfisk, laks og aure ved Sild RS 2014/2 Søknad om løyve til oppdrett av matfisk av laks og aure på ny lokalitet PS 2014/1 Ledige stillingar januar 2014 PS 2014/2 Samordna tiltak for ungdom og eldre i Kvinnherad kommune PS 2014/3 Søknad frå Rosendal Fjordhotel om redusert pris på næringsareal. PS 2014/4 Planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen PS 2014/5 Ferieorganisering i barnehagane - utvida prøveordning i 2014 PS 2014/6 Medarbeidarsamtale / resultatvurdering - rådmann PS 2014/7 Eigarskapsmelding for Kvinnherad kommune 2014-2015 PS 2014/8 Prosjektplan - Nye Undarheim skule PS 2014/9 Oppretting av studiesenter i Kvinnherad kommune PS 2014/10 Deltaking som primærkommune i prosjektet Aktiv forvaltning av marine ressurser - Havforskningsinstituttet PS 2014/11 Halsnøysona - bruksendring for 2 bustadar Kvinnherad kommune side 2
Refererte skriv RS 2014/1 Søknad om løyve til oppdrett av matfisk, laks og aure ved Sild RS 2014/2 Søknad om løyve til oppdrett av matfisk av laks og aure på ny lokalitet PS 2014/1 Ledige stillingar januar 2014 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Formannskapet godkjenner utlysing av 50% stilling som sjukepleiar ved Husnes helsesenter. PS 2014/2 Samordna tiltak for ungdom og eldre i Kvinnherad kommune Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. 1. Komite for helse, omsorg og miljø tek utgreiinga til etterretning 2. Kvinnherad kommune vil styrka og vidareutvikla Kvinnherad ungdomssenter, Husnes, og eksisterande ungdomsklubbar i Uskedalen og i Rosendal. Ny ungdomsklubb på Halsnøy vert løyst ved tilskot og i samarbeid med frivillig sektor 3. Kultur og fritid v/ Frivilligsentralen vert tillagt eit overordna ansvar for samordnande tiltak innan sektoren PS 2014/3 Søknad frå Rosendal Fjordhotel om redusert pris på næringsareal. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ LEIF SVERRE ENES (H): Kvinnherad kommune inngår ny avtale med Rosendal fjordhotell der prisen blir sett til snittet av 2 takstar + prisauke. Rådmannen si innstilling var vedteken med 8 røyster. L.S. Enes sitt forslag fekk 1 røyst. Kvinnherad kommune viser til signert avtale mellom Rosendal Fjordhotel AS og Kvinnherad kommune datert 06.06.2013, og finn ikkje å kunne endre prisen på gnr. 87 bnr. 68. PS 2014/4 Planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ A. OPSANGER(AP), E.E.THARALDSEN (FRP) OG K.YRI (V): To personar frå opposisjonen i referansegruppa. Ein repr. frå eldrerådet Ein repr. frå rådet for funksjonshemma. Kvinnherad kommune side 3
Forslag frå opposisjonen til kandidatar i ref.gruppa: 1. Arne Bjørnevik (H) 2. Otto Benjaminson (Krf) Pkt. 1 og 2 samrøystes Pkt.3 - Rådmannen si innstilling med nytt framsett forslag samrøystes 1. Ny samfunnsdel til kommuneplanen vert å utarbeida etter reglane i plan- og bygningslova av 2008 og oppstart av planarbeid skal varslast i tråd med 11-12. 2. Framlegg til nytt planprogram for samfunnsdelen til kommuneplanen vert å senda på høyring og leggja til offentleg ettersyn med frist på seks veker for merknader. 3. Referansegruppe for arbeidet vert: - Leiar i komité for næring og samferdsel (nestleiar som vara) - Leiar i komité for helse, omsorg og miljø (nestleiar som vara) - Leiar i komité for oppvekst, kultur og idrett (nestleiar som vara) - Leiar i ungdommens kommunestyre (nestleiar som vara) - Ein representant frå Eldrerådet. - Ein representant frå Rådet for funksjonshemma - Arne Bjørnevik (H) - Otto Benjaminson (Krf) PS 2014/5 Ferieorganisering i barnehagane - utvida prøveordning i 2014 Innstillinga frå Komité for oppvekst, kultur, idrett vart vedteke med 6 mot 3 røyster (H). Kvinnherad kommunestyre vedtek at prøveperiode med samanslåing av barnehagar i feriar vert utvida til å gjelda 2014. Under føresetnad av at det kan føra til innsparing, er samanslåing av barnehagar aktuelt vekene 28,29,30 og 31 og i romjula 2014. Røynsler frå samanslåing sommaren 2013 skal leggjast til grunn under planlegging av samanslåing. PS 2014/6 Medarbeidarsamtale / resultatvurdering - rådmann FRAMSETT FORSLAG: Varaordførar og Leif Sverre Enes (H). Framsett forslag samrøystes. Kvinnherad kommune side 4
1. Formannskapet vel følgjande personar til å gjennomføre medarbeidarsamtale med rådmannen: Ordførar Varaordførar Leif Sverre Enes (H) 2. Pkt. 6 i avtalen vert endra til: tilbakemelding ein gong i året, etter avtale. PS 2014/7 Eigarskapsmelding for Kvinnherad kommune 2014-2015 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Oversendingsforslag frå Marit E Totland (Krf): Kommunestyret vedtek Eigarskapsmeldinga med fylgjande endringar: 1. Tillegg til 2.boks s.6: Om utarbeiding av eigarskapsmeldinga : Om konklusjonen av ei slik drøfting blei at det er ynskjeleg og endra vedtekter og/eller selskapsavtale, må det gjennomførast ein eigarprosess i det einskilde selskapet. 2. Ny siste setning i 1.boks s7: Formålet med selskapet vert vurdert med jamne mellomrom for og sjå om det er behov for endringar, evnt om kommunen sitt eigarskap skal avsluttast. Oversendingsforslaget vart samrøystes vedteke. Kommunestyret vedtek Eigarskapsmelding for Kvinnherad kommune 2014 2015, med dei prinsipp og rutinar for eigarskap, selskapsleiing, forvaltning og kontroll som inngår i meldinga. PS 2014/8 Prosjektplan - Nye Undarheim skule NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ HØGRE: Ny innstilling: Skulestruktur blir som i dag. Prosjektplanen tek opp i seg utgreiing av nybygg vs rehabilitering for eksisterande Undarheim skule. NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ MARIT E TOTLAND (KRF): 1. Rehabiliteringskostnad må byggja på vurdering av den faktiske kvaliteten ved Undarheim skule i dag. 2. Eventuell tomtekostnad ved nybygg skal tas med i kostnadsoverslaget. 3. Dersom ein i prosjektperioden ser at prosjektet går ut over rammene frå investeringsbudsjettet vedtak i des.2013, skal dette straks rapporterast til styringsgruppa. Rådmannen si innstilling fekk 5 røyster, komité for oppvekst, kultur, idrett si innstilling fekk 4 Kvinnherad kommune side 5
røyster og fall. Høgre sitt forslag fekk 3 røyster og fall. M.E.Totland sine tilleggspunkt vart samrøystes vedteke. Referansegruppe vart samrøystes vedteke. FRAMSETT FRÅ LEIF SVERRE ENES, PEDER SJO SLETTEBØ OG GUNN MARI MOBERG, ALLE H: Saka går til kommunestyret. Med utgangspunkt i kommunestyrevedtak av 21.02.13, 21.11.13 og 19.12.13, utgreiing om endringar i skulestrukturen og utgreiing om ny skulestruktur i Husnesområdet, vedtek formannskapet prosjektplan for Nye Undarheim skule. 1. Rehabiliteringskostnad må byggja på vurdering av den faktiske kvaliteten ved Undarheim skule i dag. 2. Eventuell tomtekostnad ved nybygg skal tas med i kostnadsoverslaget. 3. Dersom ein i prosjektperioden ser at prosjektet går ut over rammene frå investeringsbudsjettet vedtak i des.2013, skal dette straks rapporterast til styringsgruppa. Referansegruppe består av 4 repr. frå OKI Desse blei valgt: Magne Huglen, Ap Kari F Blokhus, Frp Peder S Slettebø, H Hildegunn E Aarthun, Krf. PS 2014/9 Oppretting av studiesenter i Kvinnherad kommune NYTT FRAMSETT FORSLAG FRÅ A.OPSANGER (AP), E.E. THARALDSEN (FRP) OG KJELL YRI (V): Endringsforslag etter komma: Kvinnherad kommune pliktar seg ikkje til å delta i finansiering av studiesenteret. Rådmannen si innstilling, med endringsforslag frå Ap, Frp og V, vart vedteke med 6 mot 3 røyster. Det var Høgre. Kvinnherad kommune inngår samarbeidsavtale med KVV Kompetanse og Kvinnherad Næringsservice om etablering av studiesenter i Kvinnherad kommune, Kvinnherad kommune pliktar seg ikkje til å delta i finansiering av studiesenteret. PS 2014/10 Deltaking som primærkommune i prosjektet Aktiv forvaltning av marine ressurser - Havforskningsinstituttet Kvinnherad kommune side 6
NYTT FORSLAG TIL PKT.3 FRÅ ARVE OPSANGER (AP): Det er ein føresetnad at aktørane i den marine næringa dekkjer alle kostnadane til kommunen. 1. Rådmannen si innstilling samrøystes. 2. Rådmannen si innstilling vedteke med 7 mot 2 røyster. Det var M.E. Totland (Krf) og E.E. Tharaldsen, (Frp) 3. Framsett forslag til nytt punkt samrøystes. 1. Kvinnherad kommune er interessert i å delta som primærkommune i det 7 årige prosjektet Aktiv forvaltning av marine ressurser lokalt tilpasset forvaltning. 2. Kommunen bidreg med nødvendig praktisk ressurs (eigeninnsats) i følgje invitasjonen. 3. Det er ein føresetnad at aktørane i den marine næringa dekkjer alle kostnadane til kommunen. Dersom pkt 3 ikkje let seg realisera kan kommunen ikkje delta med pengebidrag til prosjektet, berre praktisk ressurs. PS 2014/11 Halsnøysona - bruksendring for 2 bustadar Rådmannen si innstilling vert samrøystes vedteken. To bustader på Halsnøytunet vert omgjort frå bustad med heil døgnsomsorg til institusjonsplass. Kvinnherad kommune side 7