FYLKESLEIAREN SIN TALE



Like dokumenter
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ARBEIDSPLAN

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Til deg som bur i fosterheim år

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

KONTROLLERAST MOT FRAMFØRING.

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Politisk program for Jølster KrF

Innovasjonsmetoden vår

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Psykologisk førstehjelp i skulen

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Til veljarane i Tysnes

mmm...med SMAK på timeplanen

Nyheitsbrev frå Havfront AS

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Trygg og framtidsretta


Med god informasjon i bagasjen

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Brukarrettleiing E-post lesar

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Frå Fylkesårsmøte i Senterpartiet i Sogn og Fjordane. Til Samferdsledepartementet v/statsråden Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Eit lærande utdanningssystem?

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SOGN driftig raus ekte

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

INTERNASJONAL STRATEGI

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Lotteri- og stiftingstilsynet

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Program for Masfjorden Venstre

Sosialdemokratiet i dag?

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Ledelse over fjord og fjell

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

MEDBORGERNOTAT. «Samarbeidspartia i norsk politikk kor godt likar veljarane dei andre partia?»

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Program for. Årdal Venstre

Vågsøy Arbeidarparti Program

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Transkript:

FYLKESLEIAREN SIN TALE Må kontrollerast mot framføring. Gode årsmøte. Me har lagt bak oss eit år og ein haust som ga oss litt andre utfordringar enn me er vane med i dette landet vårt. Dei triste hendingane i Oslo og på Utøya påverka oss alle. Det var og med å sette eit sterkt preg på det politiske arbeidsåret, og særleg i valkampen vart dette eit trist bakteppe. I vår samanheng er valår ekstra viktige og dei er viktige for den framtidige utviklinga i kommunane og i fylket. Ei ærleg tilnærming tilseier vel at me har lagt bak oss eit år med blanda drops både når det gjeld aktuelle saker og valet. Med 25,7% av røystene gjorde me eit av dei beste fylkestingsvala nokon sinne og kan vel seie oss nøgde med den prosentvise oppslutnaden, sjølv om det vart stang ut i høve utteljing, fylkesordførarvervet især og tal representantar. Men me er likevel sentrale i å vidareføra det raudgrøne samarbeidet i fylket og del av posisjonen i fylket. Det resulterte i at me i dag sit att med mange andre viktige verv og posisjonar. Og det blir opp til oss å bruke desse posisjonane til å markere Senterpartiet på ein god og fornuftig måte framover. Me er framleis også det SP-fylkeslaget som har størst oppslutnad ved fylkestingsval men posisjonen vår vert utfordra. Fylkespartiet må i tida fram mot neste val bruke tid på å sjå kva me kan gjere betre framover slik at me gjer betre val i 2013 og 2015. Senterpartiet skal også i framtida vere eit av dei store og leiande partia i fylket og skal me klare det må jobben gjerast i heile organisasjonen!! Det var svært varierande oppslutnad i resultat rundt i kommunane i haust. I nokon kommunar har me no kun ein representant i kommunestyre, i andre relativt tunge Sp-kommunar såg me sterk tilbakegang, og i andre gjorde me eit svært godt val. Kvifor det vart slik vil eg nok tru er samansett. Eg oppmodar i alle fall lokallaga til å evaluere kommunevalet 2011, slik at me kan dra lærdom med oss vidare. Det varierande kommuneresultat og tap av fylkesordførarvervet var slett ikkje i tråd med målsetjinga for valet i 2011. Men utifrå at me hadde hatt fylkesordføraren i mange år, og no stilte med ny kandidat, så kan me ikkje sjå resultatet som dårleg å bli slegen akkurat på målstreken. Det mest urovekkande er at me stort sett taper terreng i dei større kommunane i fylket, og at i kommunevalet blei både Arbeiderpartiet og Høgre større enn oss. I dag skal me likevel glede oss over det me har fått til, 10 på tinget, fylkesvaraordførar, to hovudutvalsleiarar, styreleiar i Innovasjon Norge, KS-leiar i fylket, sju ordførarar og seks varaordførarar og mange nye og spennande kommune- og fylkestingspolitikarar som skal vere med å dra lasset dei komande åra er vel ikkje så verst det heller!!!

No har me ein jobb å gjere alle og ein kvar, markere vår politikk, stå i saman, gjere kvarandre gode, byggje laget. Ansvaret det må me ta på fellesen både lokalt og regionalt!! Liv Signe og Erling jobbar og står på med viktige saker i den sentrale politikken. Energi og miljø, ny mat og landbruksmelding, kommuneøkonomi, samferdsle, sjukehus og samhandlingsreform er berre nokon av sakene. Eg tykkjer me har eit godt samarbeid mellom fylkespartiet og våre sentrale politikarar. Og eg har sagt det før, og meiner det er viktig å gjenta. Det gler meg å få oppleve at synspunkta me har t.d. i ein liten kommune-på fylket- eller sentralt, dei står seg, dei er faktisk dei same. Då blir vår politikk både forutsigbar og truverdig, og me talar med ei røyst. det vert samanheng i politikken og det me står for, lokalt og nasjonalt. Her har me, som eg også har sagt før, eit fortrinn som me må utnytta endå meir- høgrepartia som heile tida kritiserer Senterpartiet og den raudgrøne regjeringa for det meste - dei må utfordrast på den manglande samanhengen mellom lokal og nasjonal politikk som me kan finna i deira argumentasjonen på fleire sentrale politikkområde for vårt fylke. Stort engasjement blant innbyggjarane i fylket vårt har me m.a. opplevd i saker om kraftlinjer, vindmøller, sjukehus, rovdyr, og no sist val av vegtrasear. Det er bra, men og i vårt parti, som i dei fleste andre, så er det ulike meiningar. Ein del saker med sterkt fokus, sterkt innslag av lokalisering har vore spesielt utfordrande i året som har gått. Me har hatt stort fokus på og prioritert å ha eit mest mogeleg samla styre og fylkestingsgruppe i dei mest utfordrande og vanskelege sakene. Eg kan forstå at det er ulike synspunkt på kor representative og kor gode slike prosessar og vedtak vert. Dette er krevjande øvingar. Her kan me sikkert bli flinkare og få til endå betre prosessar før ein tek endelege standpunkt i kontroversielle saker. Det same gjeld å skape forståing for nødvendige endringar og handtere lokaliseringssaker på ein god måte. Det er noko eg meiner me må jobbe aktivt med. Me veit alle at dei utfordrande sakene, dei kjem i tida framover også, som til dømes, fylkesvegprioriteringar, strukturdebattar innafor område som kommunale tenester, helsetenester, skulestruktur mm. I 2012 skal me ha hovudfokus på organisasjonen vår, med mykje viktig arbeid for å gjere organisasjonen til ein god reiskap for vår politikk. Eg håpar me skal få eit stort engasjement omkring partiprogrammet sentralt. Me er i den heldige situasjonen å ha med to frå Sogn og Fjordane, Jenny Følling og Bjørg Bergheim i programkomiteen sentralt. Det blir viktig at me nyttar året til å stå godt rusta framfor Stortingsvalet i 2013. Organisasjonsbygging og kompetanseutvikling må alltid vere med oss. Det er og gledeleg å sjå at medlemstalet for andre året på rad aukar men auken skulle sjølvsagt vore endå større. Samanlikna med valresultatet så skulle potensiale vere stort! Så medlemsverving og talentspeiding blir viktige arbeidsområde i tida framover og det finst mange måtar å verve på, men ein av dei lettaste er vel rett og slett «Å SPØRJE FOLK»!!!

Senterkvinnene og Senterungdomen held fram med sine vellukka felles arrangement. Det gode samarbeidet dei får til i fylket haustar etter kvart frukter, og det gler meg å sjå at så mange aktive og engasjerte kvinner og ungdomar tek del på desse møta. Interessante og givande politiske drøftingar og debattar på dagsaktuelle tema gir både påfyll og breidde i politikken, og det lovar godt for framtida. Det som og lovar ekstra godt for framtida, og som gler meg som fylkesleiar er 42 nye medlemar i Senterungdomen siste året. Det fortenar vel ein applaus folkens!! Dei distriktsvise arbeidslaga begynnar etter kvart å ta form og er etter mi og fylkeslaget si meining veldig verdifulle kontaktpunkt. På desse møta skal me i hovudsak diskutere organisatoriske saker, men me har valt og også ta inn politikk. Møta er viktige for å utveksle røynsler, få oversikt over aktuelle saker i dei ulike regionane, og like eins tilbakemelding frå fylket og sentralt i partiet. Men, folkens, desse arbeidslaga må prioriterast. Det er sjølvsagt eit ansvar og mål om å gjera ting betre, at me evaluerer, tenkjer nytt og utviklar oss slik at organisasjonen fungerer best mogleg. Difor har eg i løpet av årsmøtet, nærare bestemt klokka halv ni i morgontidleg, tenkt å samle alle lokallagleiarane til eit kort møte der me utvekslar litt tankar og meiningar om akkurat desse distriktsvise arbeidslaga. Senterpartiet er opptekne av kvardagen til kvar einskild av oss i fylket, nærleik og nærmiljø vil difor vere viktige prinsipp for utviklinga av politikken vår, både i små og store saker. Senterpartiet gjekk til val med slagordet, «med hjarte for heile fylket», med hovudfokus og full trøkk på fornybarfylket, samferdsle- og festivalfylket. Fornybarfylket. For nøyaktig eitt år sidan stod me på barrikadane for å få fortgang i saka om ny 420 kv kraftlinje gjennom fylket. Partiet var heile tida tydelege på at me støtta opp om konsesjon på ein ny 420 kv kraftleidning mellom Fardal og Ørskog. Dette fordi me heilt klart såg eit kritisk behov for eit nett med større kapasitet, både med tanke på forsyningstryggleik, produksjon av fornybar energi, og framtidige industrielle behov. Ny kraftlinje ville bety ny framdrift i småkraftutbygging. I dag kan me gle oss over at det er sett punktum for Fardal-Ørskog, eit stort og komplisert prosjekt, men som eg meiner var heilt avgjerande for at ein skal lukkast med å få fornybar energi inn på marknaden. Med el-sertifikata og fornybardirektivet er det lagt eit godt grunnlag for meir grøn energi. Eg er ikkje i tvil om at gode rammevilkår for fornybar energi er på plass, og utbyggingstakten innan både vind, vatn og bio kan aukast. Utfordinga framover er nok tempoet på konsesjonshandsaminga. Dette har og vore eit tema Sp i Sogn og Fjordane har teke opp med våre folk sentralt. Det gler meg difor å sjå at vår olje- og energiministar, Ola Borten Moe, vil få fart på konsesjons- og klagehandsaminga, at dette står først på prioriteringslista. Det vil vere viktig at

utbyggingsprosjekta som har lege på vent her i Sogn og Fjordane får si behandling no og kan få ta del i den gunstige sertifikatordninga. Sp i Sogn og Fjordane kjem til å følgje opp dette. Eg er også samd med Borten Moe i at det viktigaste av alt er offentleg aksept for at ein skal gjennomføre fornybarløftet. «Medan «alle» er samde i rammevilkåra og fornybar energi som klimatiltak, tonar det seg stundom annleis når prosjekt skal realiserast. Når mastene skal opp og vindmøllene skal plasserast er ikkje «alle» like begeistra.», seier han. Her kan vel nokon og ein kvar kjenne seg att, ulemper skal vegast opp mot fordeler, arbeidsplassar, inntekter til kommunen, miljøperspektivet, konsekvensar for reiseliv, busetnad, kystlandskap og vindmøller og mykje meir. Å utnytte våre naturgjevne fortrinn i eit fornybarperspektiv er eit suksesskriterium, avgjerande viktig for vekst og utvikling i fylket. Samferdselfylket. Samferdsledebatten i dag kan tykkjest handla meir og meir om å vera for eller imot lyntog eller høghastigheitstog. Men samferdsle handlar for meg om så mykje, mykje meir. Å prioritere samferdsle betyr satsing på framtida. Gode kommunikasjonar og godt utbygd infrastruktur er heilt avgjerande for å sikre ei positiv utvikling i heile fylket. Samferdslepolitikk er distriktspolitikk! At det er eit stort vedlikehaldsetterslep og behov for nyinvesteringar i vegnettet er udiskutabelt. Og på denne årstida er me sjølvsagt svært opptekne av meir rassikring, tilfredsstillande brøyting og vinteropne vegar og fjellovergangar. Store prosjekt vert løyste no med Bremanger 2 og Dalsfjordbrua og i alle fall delar av Olden- Innvik. Men framleis står samferdsle-utfordringane i kø, betre vegsamband på kysten, og oppgradering av E 39 for å nemne nokre heilt sentrale og store vegprosjekt. Skal me få desse og andre mindre prosjekt på plass innafor ei akseptabel tidslinje så meiner eg me må vere opne for å nytte bompengefinansiering og andre alternative finansieringsmodellar. Førde-Florø og Indre Sogn haustar goder av å ha nytta slik finansiering på viktige vegprosjekt som elles ville ha blitt ståande i køen og teke lengre tid. Ein skipstunnell gjennom Stad vil opne for nye transportmoglegheiter på kysten - både for personar og gods. Sp meiner at dette prosjektet er nok utgreia no må det setjast tyngde bak krava om løyvingar, slik at me kan setje i gang. Eg registrerar også at Arbeiderpartitoppar vitjar fylket og talar varmt om Stad skipstunnel. Det gler meg å sjå og høyre, og eg håpar at dei raud-grøne no kan stå saman og få løyst dette prosjektet utan fleire utgreiingar. Prosjektet Stad skipstunnel er heilt unikt i verdssamanheng og tunnelen vil sikre tryggleiken i eit riskofylt og mykje trafikkert havområde. Reiselivet spelar og ein viktig rolle og er ei viktig næring i fylket vårt. Og ei turistnæring utan samferdsel er vel heilt utenkjeleg. Det som gjer at eg trekkjer reiseliv fram her, er nettopp fordi me no skal gå inn i arbeidet med ny nasjonal transportplan. Og sidan Turistnæringa i Norge er plassert under NHD(nærings-og handelsdep) er det viktig med samhandling mellom desse to departementa slik at reiselivet sine transportutfordingar kan bli ivaretekne. Det er viktig at me i Senterpartiet vil vere med å leggje til rette for at reiseliv og turisme står fram som ei framtidig og berekraftig vekstnæring i fylket.

God distriktspolitikk handlar ikkje berre om samferdsleprosjekt. Det er ingen tvil om at tilgang til superraskt/ god breibandkapasitet vil kunne sikre ein reell fridom til å bu der me vil. Difor er det viktig at Senterpartiet held fram og fører ein politikk som utnyttar dei moglegheitene som ny teknologi representerer, og satsar på framtidsretta breibandløysingar. God infrastruktur med gode vegar, breiband i heile fylket er eg heilt overtydd er noko av det viktigaste grunnlaget for busetnad, at me skal få fleire innbyggarar og aktiv næringsutvikling i Sogn og Fjordane. Onsdag 29.2 blei NTP-tilrådinga frå transportetatane lagt fram. Dette er IKKJE det politiske framlegget. Den politiske prosessen begynnar no, og varer fram til stortingsmeldinga blir lagt fram våren 2013. Og Sp er samferdselpartiet som både i ord og handling har prioritert meir pengar til veg, jernbane, flytrafikk og farleier. Ein starta jobben i 2005, auka i 2006, fekk til 45% auke i planramma for inneverande år. Sp vil auke denne ramma endå meir, men berre som det er sagt, ei vidareføring av planramma vil seie om lag 50% høgare enn forrige blåe regjering prioriterte. Det eg føler meg ganske trygg på, er at regjeringa sin plan ser annleis ut enn den me fekk presentert på onsdag. Mykje bra var det og i framlegget som blei lagt fram, m.a. nokon prosjekt som låg inne og auka satsing på drift og vedlikehald. Men forventningane er store, og at det ikkje låg inne meir på investeringsbudsjettet, veldig lite til rassikring og E 39, Loftesnesbrua ute var skuffande. Ein ting som er heilt sikkert er at dette kjem til å bli kampsaker for Sp i Sogn og Fjordane. Det er viktig at NTP-en er med og bidreg til framtidig utvikling og vekst, og legg til rette for arbeidsplassar og verdiskaping i dei ulike fylka. Og eg forventar at Sp set seg i førarsete som før, og syter for auka ramme og ei god regional fordeling av midlane i NTP 2014-19(23) og ei styrking av vegmidlane til Sogn og Fjordane som når alt kjem til alt er det viktigaste, det prioriterte område for vårt fylke. Festivalfylket. Me har eit mangfald av festivalar gjennom heile året. Dette er arrangement skapt av eldsjeler og frivillige, dei skapar bulyst, trivsel og inntekter. Og mange festivalar rettar seg først og fremst mot ungdom. Eg meiner no å fornemme ein ny kunnskapsbasert trend for mange av desse arrangementa. Dette er spennande. Siste arrangementet eg kjenner til er Fjellsportfestivalen som ikkje berre arrangerer laussnøkøyring og masse bratt moro, men og gode og lærerike kurs for deltakarane. Inne på heimesida finn me «bli med på tur og kurs». Her er det mange ulike kategoriar, t.d. «skred og sikker brattkøyring, skredkurs for ungdom og kameratredning skred», for å nemne nokon. Det er viktig at me i Senterpartiet ser og set pris på det viktige arbeidet som alle desse eldsjelene legg ned kvart einaste år. Og det er viktig at me er med og støttar opp om og vidareutviklar tilbodet gjennom ulike ordningar og tiltak. Eg er og heilt overtydd om at flotte arrangement, kontinuerleg organisasjonsarbeid rundt om i fylket vårt har betydd og betyr mykje når me no har snudd folketalsnedgang til folkevekst, optimisme og nyskaping mange stader i fylket vårt. Mykje av auken har sin bakgrunn i tilflytting til fylket, også utanlandske borgarar. Dette tykkjer eg er veldig positivt. Det viser at Sp og dei raudgrøne sin politikk på området gir resultat. Så trur eg og at nokon bles litt og seier at «det er no berre store sentera som veks, det er ikkje bra». Eg er ikkje einig i det. Bygdene og sentera er gjensidig avhengige av kvarandre. Sterke senter legg grunnlaget for eitt breitt offentleg og privat tenestetilbod som gjev urbane

kvalitetar. Bygdene skapar verdiar innanfor mange viktige næringar, og gjev gode bu- og oppvekstvilkår. Å ha sterke senter legg og grunnlaget for desentralisering av makt, ressursar, næringsutvikling og arbeidsplassar ut frå dei store byane i landet og til fylket. Dette er også tema i fylkesmannbloggen tysdag 28. februar i år med overskrifta «Tyngdekrafta rår» av Anne Karin Hamre. Her stiller ho spørsmålet: «Kvifor er det så vanskeleg å gjere det som NOU-en om kompetansearbeidsplassar tilrår å fordele kunnskapsarbeidsplassar betre utover landet for å fremje vekst og verdiskaping?». Å lokalisere nye statlege verksemder utanfor Oslo og få til ei jamnare fordeling av statlege arbeidsplassar har lenge vore eit politisk mål. Me veit at kunnskapsjobbane i næringslivet er ei viktig drivkraft for utvikling. Dei offentlege arbeidsplassane bidreg til breidde og variasjon i arbeidsmarknaden, og dei offentlege verksemdene etterspør varer og tenester frå det lokale næringslivet, skriv ho i bloggen sin. Det me ser i dag er at etter kvart som dei fleste lokale og regionale statsetatane har fått større nedslagsfelt, har mange stader med einsidig arbeidsmarknad frå før tapt viktige arbeidsplassar. Dette har gått stilt og roleg føre seg, i motsetnad til støynivået då sju statlege tilsyn og 800 arbeidsplassar blei flytta ut av Oslo. Flytting av statlege kontor i kommunar og flytting av statlege oppgåver frå fylkeskontor til større regionkontor er vanskelege og utfordrande prosessar. Meir enn nokon gong trur eg det vil vere viktig at me greier å slå ring rundt det me har i fylket. Landbruksmeldinga blei lagt fram i 2011. Tek ein seg tid til å lesa i meldinga er det ikkje vanskeleg å sjå at Senterpartiet har hatt ei god hand på rattet. Auka matproduksjon i takt med folketalet, oppretthalda sjølvforsyningsgraden - for å få dette til må det produserast mat der det finst areal. Og noko av det viktigaste, sørgje for eit inntektsnivå som gjer at bøndene vil gjere jobben. Landbruket er viktig for både busetnad og utvikling i fylket vårt. Det blir absolutt avgjerande dersom landbruket framleis skal bidra til verdiskaping, sysselsetjing og busetjing i distrikta framover at nettopp desse viktige føringane i meldinga blir lagt til grunn i dei framtidig jordbruksforhandlingar. Eg forventar at Sp vil vere ein aktiv pådrivar for å få det til. Sjukehus og helse har vore eit aktuelt tema gjennom heile året. Vanskeleg sak, med faguttrykk, struktur- og strategidebattar som har sett kjensler i sving, og som har skapt mykje uvisse og utryggheit. Og me har hatt heftige debattar med høg temperatur. Eg trur ikkje omkampar er det tenlege. No må ein sjå på muligheitene som ligg der og sikre at vedtak og føringar som er forankra både i Departement og Helseføretak blir følgt opp, og at me er sikra eit best mogeleg og framtidsretta helsetilbod i fylket vårt som er fullfinansierast. Det er viktig at me no får ro omkring sjukehusdebatten, slik at me konstruktivt kan møte dei nye oppgåvene og utfordringane som ligg i samhandlingsreforma. Eg håpar for fylket vårt at me kan møte og tilpasse helsetilbodet for framtidige utfordingar både innanfor samhandling og eit sjukdomsbilde i endring. Kommunane og Helseføretaket er no inne i dette arbeidet, og eg er viss på at dette krev fleksibilitet, kreativitet og nytenking. Samhandlingsreforma skal vere ei reform for desentralisering til beste for pasientane og kompetansebygging i kommunehelsetenesta.

Etter vedtaka om strukturendringar vert samarbeid, og samarbeid og over føretaksgrensene, ekstra viktig. Med fritt sjukehusval vil sjølvsagt innbyggjarane stå fritt til å velje kvar dei kan søke hjelp. I vårt fylke kan då fleire av våre innbyggarar gjerne søke seg ut av fylket og til naboføretak for å få gode tenester og tenester som er nærmast der dei bur. - Brukarane må stå i sentrum for tenestetilbodet. Men målsetjinga må vere at me skal dekke mest mogleg av spesialisthelstenesta i vårt fylke. Me skal ikkje vere dårlegare enn andre fylke, me må halde tritt med utviklinga når det gjeld medisinsk teknologisk utvikling og kompetanse. Meskal ha eit trygt og godt tilbod til innbyggarane våre, og me må få til eit godt resultat med tanke på nye oppgåver i samhandlingsreforma. Då hjelper det lite med kalde frontar, då må det konstruktivt samarbeid til. På landsplan er me ikkje noko stort parti, men strategien om ein raud-grøn koalisjon har ført til at me per i dag er i posisjon, og har ein unik sjanse til og vere med på å forme landet. Eg er ikkje i tvil om at me har større påverknad enn det partistorleiken tilseier, og regjeringsplattforma inneheld svært mykje god senterpartipolitikk. Om me ikkje lukkast med alt, så meiner eg likevel at dette samarbeidet er verdifullt og til beste for våre lokalsamfunn og våre kommunar. På viktig område som kommuneøkonomi, næringsutvikling, samferdsle-, energi- og landbrukspolitikk har me høve til og vere med og stake ut kursen og halde fast grep om rattet. Og utan Sp i regjering så er eg framleis overtydd om at på område som betyr mykje for eit fylke som vårt t.d. heimfall, grøne sertifikat, rovdyrpolitikk, fritak for revisjonplikt for små bedrifter, kommuneøkonomi for og nemne noko, kunne utfallet blitt eit heilt anna om Sp ikkje hadde fått vore med og påverka. Og så kjære årsmøtedelegatar, fylkeslaget har lagt opp til ein ambisiøs arbeidsplan med mål om at me ved felles innsats skal klare å løfte partiet til nye høgder! Eg har absolutt ikkje tenkt at han Ivar Odnes i Oppland, ho Ann Kristin Søvik på Møre, hordalendingane eller trøndarane skal bli betre enn oss ved neste val. Sogn og Fjordane skal framleis vera det Sp-fylkeslaget som får størst oppslutnad ved neste val! For å lukkast med det må vårt arbeidet framover, meiner eg, vere tufta på samarbeid. Me må søke få fleirtal for våre hjartesaker. Då oppnår me mest og best. Så må me kunne glede oss over andre sin suksess, og vere med å løfte dei fram i lyset. Rett og slett vere stolte over og snakke positivt om både fylket og kommunane og det folk her får til. Det vil vere med å skape ringverknader, auka trivsel, bulyst og vekst i heile fylket. Det er lett å plukke fram mangt ein kan vere stolt av og som er veldig flott for fylket vårt. Eg lyt her plukke fram ein brøkdel, berre nokon få. Skulle eg trekke fram alt som gjer meg stolt då blir ikkje talen min slutt før i morgon!! Tone Damli Aaberge, Førde sin Internasjonale folkemusikkfestival, Countryfestivalen på Breim, Opera Nordfjord, skiløparen Tarjai Bø,

skihopparen Anders Fannemel, talentutvikling av unge skiskyttarar på Stryn vidaregåande, volleyballaget i Førde, HavYard i Hyllestad, Lerums i Sogndal, Brødrene Aa i Hyen, Basen i Florø, Sigrid Moldestad, ELIS i Dale, SIL-fotball, Fjord1., SFE, Lefdal Gruver, Video Nord i Måløy, Moods of Norway i Stryn, Åmot Operagard i Gaular og mange mange fleire Så årsmøtedelegatar, bruk gjerne fem minutt og tenk igjennom kva du er stolt og kry over i din eigen kommune. Slo me alt dette saman er eg viss på at me her i dag hadde fått ei lang, lang liste for fylket vårt!! Så nyttar eg og høve, frå denne talarstol, til å gi ein ekstra takk for innsatsen i både ein, to, tre eller kanskje endå fleire periodar for Senterpartiet til alle dykk som i 2011 valde å takka nei til attval på fylkestings- og kommunestyrelister. Nils R, vår kjære fylkesordførar i mange år, var mellom dei som i haust ikkje stilte til attval. Med deg så har ein bauta trekt seg ut av formelle verv. Seinare i årsmøte skal me få lov til å setje litt ekstra pris på både deg og dei andre som no ikkje lenger er med oss. Det gler me oss til. Då ynskjer eg alle velkomne til nye, gode og spennande diskusjonar, politisk og organisatorisk både i dag og i året som kjem. Me skal debattere og kunne bryne oss på kvarandre. Men me må aldri gløyme målet om å gjere kvarandre gode, stå mest mogleg i saman slik at me framleis kan stå fram som eit stort, skikkeleg og truverdig parti og i åra som kjem. Takk for merksemda.