Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: 19.06.2014 Møtetid: 15:00-18:30 Sak nr: 008/14-012/14 Austevoll kommune Møteprotokoll Utval for helse og omsorg Følgjande medlemmar møtte Georg Kenneth Fedøy Jostein Blænes Forfall meldt Øystein Østervold Julie Solbakken Lene Vik Vassnes Ole Troland Torfinn Grav Følgjande varamedlemmar møtte Olav Njåstad Ingunn Berge Vik Jannicke Solberg Waage KrF Møteleiar Frå adm. møtte Utlevert i møtet Orientering Merknader Innkalling Jostein Blænes. Kommunalsjef Ruth Larsen. Wenche Gloppen møtte som sekretær. Administrasjonen har ikkje lukkast med å skaffe vara for Torfinn Grav, Krf, og Øystein Østervold, Frp. Jostein Blænes, leiar Georg Kenneth Fedøy Olav Njåstad Ingunn Berge Vik Jannicke Solberg Waage
Sakliste Sak nr Tittel 008/14 Godkjenning av møtebok 009/14 Politisk kvarter 010/14 Referatsaker 011/14 Martafondet, tildeling av midlar 012/14 Støtte til eldre som vil delta under Allsang i prestegarden 2014
008/14: Godkjenning av møtebok Møteboka frå møte i helse og omsorg 07.04.2014 vert godkjent slik ho ligg føre. 009/14: Politisk kvarter andsaming: Spørsmål frå Georg Kenneth Fedøy, Frp: Kva er stoda om telefonkontakt og legekontoret. Adminstrasjonen tek saka vidare og vil kome med tilbakemelding til møtet etter ferien. Spørsmål frå uvalsleiar: Gjeld fastlegeordninga. Korleis kan vi finne ut kven som er fastlegen vår?ved skifte, kva er rutinane frå kommunen si side? Dette er eit offentleg register. Når du flytter til annan kommune får du brev om ny fastlege og du kan søkje opp og velge å skifte fastlege dersom denne har ledig kapasitet. Svar frå uvalsleiar: Utvalet ber om at det lett tilgjengeleg blir lagt ut informasjon om dette med ein direkte link til www.fastleger.no på kommunen si nettside. Spørsmål frå uvalsleiar: Gjeld fysioterapitenesta. Når ein pasient har fått henvisning og ikkje har får tilbod om behandling. Kva med timen då? Informasjon frå Ingunn Berge Vik, : Kan informera ut frå informasjonen eg har som fysioterapeut. Fysoteapitenesta har standardiserte skjema for korleis ein prioriterer timane. Ved revisisjon tek lege eller pasient kontakt med fysioterapitenesta, og tilbod blir satt i gang. Informasjon om denne prioriteringa skal ligge på kommunen si nettside. Rekvisisjonen er som regel for 24 timar, og pasienten vil få tilbod om desse. Fysioterapeut vil gje meldong om fråver. Dialog med lege heile tida. Timar kan også bli avslutta i samråd med lege, om det er det korrekte. Spørsmål frå Ingunn Berge Vik, : Eg er interessert i å vite korleis det står til med politisk handsaming av ein frisklivssentral i Austevoll. Svar frå uvalsleiar: Kommunen fekk midlar i 2014. Administrasjonen og politikarar har tidlegere orientert om at ein ikkje har kunne forskottera utgifter til frisklivssentral i 2015. Utvalet tok då dette til etterretning. Administrasjonen noterer spørsmålet og vil komme tilbake med svar.
Vert lagt ved møteboka. 010/14: Referatsaker Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. 011/14: Martafondet, tildeling av midlar andsaming: Kommentar frå utvalet v/utvalsleiar: Utvalet ber om ei 0ppdatering av kor mykje det står igjen av fondet. Framlegg frå Frp v/utvalsleiar: Utval for helse og omsorg bevilger inntil 60 billettar til kr 15 000 til arrangementet Allsang i prestegarden 2014. Det blir ikkje teke meir frå fondet enn fysisk utleverte billettar.til båttur vert det bevilga kr 5000. Resterande av avkastninga til fondet tilgjengeleg i 2014 går til sansehage på Austevoll PO senter. Framlegg frå øgre v/jannicke Solberg Waage: Berre dei som bur på Austevoll PO senter får tilbod om arrangementet i prestegården i henhold til statuttane til fondet. Ved røysting vart framlegg frå øgre forkasta med to stemmer for framlegget (øgre) og tre stemmer mot framlegget (Frp). Rådmannen si tilråding falt og framlegg frå Frp v/utvalsleiar vart samrøystes vedteke. Utval for helse og omsorg bevilger inntil 60 billettar til kr 15 000 til arrangementet Allsang i prestegarden 2014. Det blir ikkje teke meir frå fondet enn fysisk utleverte billettar.til båttur vert det bevilga kr 5000. Resterande av avkastninga til fondet tilgjengeleg i 2014 går til sansehage på Austevoll PO senter. 012/14: Støtte til eldre som vil delta under Allsang i prestegarden 2014 andsaming: Framlegg frå utvalet v/utvalsleiar: Saka vart handsama i sak 011/14. Samrøystes vedteke.
Saka vart handsama i sak 011/14.