www.friluftsraadet.no Sopp er topp! Eit plukke- og sorteringskompendium - 1 -



Like dokumenter
Hva betyr tegnene? *** Meget god matsopp ** God matsopp * Spiselig matsopp Δ Uspiselig. Giftig Dødelig giftig

Enkel innføring i sopp og sopplukking. Godlia vinklubb Onsdag 12. september 2012

Klepp kommune Tu skule

SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

Kva er økologisk matproduksjon?

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

mmm...med SMAK på timeplanen

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Klepp kommune Tu skule

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Rutinar for ferdsel i utløpsområde

Arbeidskrav 2 del 3, eplejuice

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Farlige giftsopper og gode matsopper En introduksjon til den norske soppverdenen

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Taubruer. Leik med tau Utvikla av Friluftsrådet for Ålesund og omland ved Christer Lundberg Nes, fagleiar aktivitet

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Kom skal vi klippe sauen

Brødsbrytelsen - Nattverden

Giftige sopper. Giftinformasjonen: (døgnåpen) Foto: colourbox.com

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Vurdering av allianse og alternativ

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

BARN I FLEIRSPRÅKLEGE FAMILIAR. Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring INFORMASJONSHEFTE

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

NATUR, MAT OG HELSE KAPITTEL 13 1 KVA VEIT DU? Skriv namn på fem bærtypar og fem fruktslag.

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Lærarrettleiing 1. Kornartane

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

6-åringar på skuleveg

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Vegvisar til vilbli.no

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

Kommunegeolog. Infomøte. Interkommunalt samarbeid. Kva kan kommunane spare? fredag 9. mars 2012, Thon Hotel Sandven, Norheimsund

Av 6.trinn ved Kuventræ skule. Lærar: Karina Otneim

RAPPORT. Søk etter Flatsaltlav i Kasseelva. Utarbeida av: Steinar Slagnes

Sandeid skule SFO Årsplan

Orientering om jakt, fiske og hytteutleige på Suldal statsallmenning.

Tertialrapport 2 tertial 2015

ORIENTERING OM FYSIOTERAPITENESTA I VOLDA KOMMUNE. UTVIDING AV DRIFTSAVTALAR.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Brukarrettleiing for ny lagsportal kvam.no

Øystese barneskule April - 08

Last ned Soppboka - Gro Gulden. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Soppboka Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kyllingwok med fullkornsnudler Onsdag

HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING

Haustetilrådingar per 5. sep (etter prøveuttaking 4. sep.)

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Administrasjon av medlemslisterog tillitsvalde i 2011

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

I meitemarkens verden

Håvamål (utdrag) 1 Augo du bruke før inn du gjeng, i kot og i kråom i kot og i krokom. For d'er uvisst å vita kvar uvener sit føre din fot.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Produktkatalog. Sundsmoen 41, 3855 Treungen Tlf.: / E-post:

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE

Kvalitetsplan mot mobbing

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

VOLLASETRA UTTAK AV TORV

Den heilage dåpen Matt 3:13-17, Markus 1:9-11, Luk 3:21-22

Innhold. Tekst og illustrasjon Ann Iren Austnes

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

PÅSKEKVISS frå Allkunne!

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

Sporing og merking. Merking

NATURTYPELOKALITET/NØKKELBIOTOP KJØLLIA I TINGVOLL HOGST OG AVGRENSING

Lån av kajakkar og kajakkhengar med Friluftsrådet Oppdatert 25.august 2015

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Lokal forskrift for bruk av mindre avløpsanlegg i Fjell kommune.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Transkript:

Sopp er topp! Eit plukke- og sorteringskompendium - 1 -

Forord Dette kompendiet er meint som eit forenkla tillegg til oppdaterte fagbøker om sopp. Det er viktig at handbøker og litteratur om sopp er så oppdatert som råd. Årsaka til at det er så viktig er at vår kunnskap om sopp ikkje er permanent, men vert endra i tråd med ny viten. Nokre soppar som vart sett på som matsopp for nokre år sidan, blir no sett på som giftige. Mellom anna er ein av dei gamle sikre matsoppane; raudskrubb blitt fjerna som tilrådd matsopp då einskilde reagerer allergisk til denne soppen. 1 Soppar er fasinerande fordi dei verken tilhøyrer dyre- eller planteriket. Og sopp er å finne overalt bortsett frå under vatn. Det viktige når ein skal gjere seg kjent med sopp er å starte gradvis. Gjer deg godt kjent med ein eller to soppar. Når du kjenner deg trygg på desse så kan du utvide repertoaret sakte, men sikkert. Det vi ser på og omtalar som sopp i daglegtale er eit fruktlekamen som er formeringsorganet til soppen. Det er sopptrådane (mycelet) under overflata, og som ein i regelen ikkje ser, som er sjølve soppen. Disse sopptrådane inngår ofte i eit fasinerande samspel med tred. Og generelt vil du finne meir sopp dess eldre trea i eit skogsområde er. Men sopprike er mangfaldig og alle naturmiljø vil ha sine soppar. Verdas største nolevande organisme er truleg ein amerikansk honningsopp 2. Den starta som ein spore og dekker no eit areal på 10 kvadratkilometer eller 1600 fotballbaner, og er mellom 2000 og 8500 år gammal! Dette kompendiet gir deg tips om korleis du skal sortere soppen allereie i det du plukkar han. Gjennom 5 plukkereglar får du ei grovsortering som gir deg ein forenkla klassifisering av soppen, og du unngår å ta med mykje giftig eller ikkje etande sopp. Sopp som kan etast er markert med stjerner bak namnet. 3 stjerner er høgaste merking, og dess fleire stjerner soppen har dess meir brukarvennleg til mat er han. Volda, august 2009. Christer Lundberg Nes Forsidefoto: Steinsopp 1 www.forskning.no; Lisa Olstad, 28.august 2006 2 www.forskning.no ; Ingrid Spilde, 02.april 2003-2 -

Innhaldsliste Forord 2 Innhaldsliste 3 Klassifisering av sopp 4 Gode haustevanar 4 Plukk og identifiser ein sopp i gangen 4 Skil kjent og ukjent sopp i fysisk separerte korger 4 Dei 5 plukkereglane 5 Ta med alle rørsoppar som veks på bakken 5 Steinsopp 5 Raudskrubb Ikkje lenger tilrådd 5 Brunskrubb 6 Ta med alle oransje soppar som veks på bakken 6 Kantarell 6 Traktkantarell 6 Gul trompetkantarell 6 Falsk kantarell 6 Ta med alle lyse piggsoppar som veks på bakken 6 Bleik piggsopp 6 Raudgul piggsopp 6 Ikkje ta med sopp med brune skiver 6 Ikkje ta med overmodne og bittesmå sopp 7 Sopp med kvite skiver 7 Flugesoppar 7 Ringlaus flugesopp 8 Raudnande flugesopp 8 Kremler 8 Sjampinjongar 8 Skivesoppar med melkesaft; risker 9 Matriske 9 Kuleforma soppar utan hatt og stilk røyksoppar 9 Dobbelsjekk soppen når du kjem heim 10 Etereglar 10 Steiking av sopp 10 Frysing av sopp 10 Kjelder 10-3 -

Klassifisering av sopp Klassifisering av sopp Når vi plukkar sopp ser vi etter kjenneteikn på form, konsistens, farge, storleik og lukt på fruktlekamen. Nokre soppartar finst i eit uttal variantar i storleik og fargen varierer med alder og vêr men den vil likevel ha nokre grunnleggande kjenneteikn. Men denne variasjonen gjer at ein aldri skal ete sopp ein ikkje er 100% sikker på. Om ein sopp har delt seg slik at du ikkje kan dobbeltsjekke kjenneteikn før du skal nytte soppen så skal han ikkje nyttast. Vi beskriv fruktlekamen gjennom å dele inn kjenneteikn på hatten, undersida av hatten, stilken og enden på stilken. Gode haustevanar Plukk og identifiser ein og ein sopp i gangen. Skil kjent og ukjent sopp i fysisk separate korger! Gode haustevanar Når du plukkar sopp så skil alltid kjent matsopp og ukjente soppar i fysisk separate korger. Du skal alltid plukke ein og ein sopp og ikkje falle for freistinga med å plukke mykje sopp fort utan å sjå på kvar einskild sopp! Det er slett ikkje er uvanleg at ukjent sopp kan stå saman med sopp som du kjenner. Sidan du skal sjekke kvar einskild sopp du samlar inn, så lønner det seg å reinske soppen etter kvart. Ha ein skarp kniv, eller kjøkkenkniv til borna, og gjerne ein liten stiv børste. Skjer vekk sopp med stygge delar eller skadeverk frå insekt. Børst eller skjer vekk skit. Om det då blir slik at du skjer vekk viktige kjenneteikn på soppen bør du i regelen ikkje nytte den. Du må i allefall vere 100% sikker på at deler frå ukjent sopp ikkje kan kome med. Pass på å få med kjenneteikn nede i mosen eller like under bakken Vrikk soppen forsiktig laus, eller skjer stilken over ved bakken. Pass på å få med kjenneteikn på stilken som kan vere nede i mosen eller like under bakken. Fjern rusk og jord. Legg gjerne soppen i korger/isboks med litt avispapir i botnen. Og skil fysisk kjent og ukjent sopp gjennom å ha med deg fleire separate korger. - 4 -

Dei 5 plukkereglane Du kan gjere ei god sortering allereie medan du plukkar soppen ved å følgje 5 plukkereglar: 1) Ta med alle rørsoppar som veks på bakken 2) Ta med alle oransje soppar som veks på bakken 3) Ta med alle lyse piggsoppar som veks på bakken 4) Ikkje ta med sopp med brune skiver 5) Ikkje ta med overmodne og bitte små soppar 1) Ta med alle rørsoppar som veks på bakken Steinsopp *** Ta med alle rørsoppar som veks på bakken Dette er ein plukkeregel som femner om svært mange artar. Felles for denne gruppa er at dei har rør under hatten. Det er fleire gode matsoppar i denne gruppa, og det er relativt lett å skilje dei frå dei giftige eller ikkje etande soppane. Steinsopp *** Kjenneteikn på steinsopp er eit årenett på stilken like under hatten. Fargen på rørlaget er kvite/lyse hos ung sopp og er då så tett at du nesten ikkje kan skilje røra frå kvarandre. Rørlaget blir gult hos gamal sopp. Stilken er bleikbrun til brun, oftast med ein eller annan form for "klumpfot". Steinsopp er ein kjempegod matsopp og også godt likt av dyr, insekt og andre soppar. Steinsopp kan forvekslast med gallerørsopp som også har årenett. Gallerørsopp har brunt utheva årenett, men årenettet er over heile stilken. Den har heller ikkje klumpfot. Rørlaget varierer frå kvitt hos unge eksemplar til skittenrosa hos eldre. Gallerørsopp er ikkje etande, men ikkje giftig. Bruk ikkje rørsopp som er raud på rørlag, stilk eller begge deler. Dei er oftast giftige. Alle rørsoppar med ring kan etast. Smørsopp **: Med ring, brun hatt, knyttet til furu. Lerkesopp **: Knytt til lerk. Som regel oransjegul farge. Begge to har hatt med ei klebrig hinne, denne må fjernast før soppen vert eten. Raudskrubb - Ikkje lenger tilrådd som matsopp! Rørsopp med stilk som er svart/brunskrubbet: Raudskrubb eller brunskrubb Raudskrubb Denne soppen er ikkje lenger tilrådd som matsopp på grunn av at nokre reagerer allergisk på den. Raudleg på oppsida av hatten. - 5 -

Brunskrubb ** 2) Ta med alle oransje soppar som veks på bakken Alle kantarellane er etande og gode matsoppar. Ekte kantarell *** Traktkantarell ** Gul trompetkantarell *** NB! Ekte kantarell kan forvekslast med falsk kantarell. 3) Ta med alle lyse piggsoppar som veks på bakken Bleik piggsopp *** Raudgul piggsopp *** Brunskrubb ** Brun på oppsida av hatten. Ta med alle oransje soppar som veks på bakken Ved å følgje denne plukkeregelen vil du som regel få med deg fleire artar kantarellar og trompetsopp. Alle kantarellane er etande og gode matsoppar. Felles kjenneteikn er traktforma fruktlekam som har ribber under hatten. Ekte kantarell *** Heile soppen er egg-gul, fargen varierar lite. Ribber under hatten. Traktkantarell ** Brun ujevn hatt, med hol ned til stilken (Trakt) Stilken er hul og har den karakteristiske gule fargen. Under hatten er den lysare med ribber. Gul trompetkantarell *** Svake ribber, sterkt gul på undersida av hatten. NB! Ekte kantarell kan forvekslast med falsk kantarell. Den liknar kantarell, men har skiver under hatten og høyrer til skivesopp. Fargen varier, gul overside, raudgul underside. Falsk kantarell er ikkje etande. Alle lyse piggsoppar som veks på bakken er etande og gode matsoppar. Dei kjem ofte litt seinare på hausten og er relativt lite angripne av insekt. Kjenneteikn er at dei har piggar under hatten. Piggane sitt relativt laust og kan skrapast av med naglen. Men det er ikkje naudsynt å fjerne piggane når ein nyttar soppen. Bleik piggsopp *** Raudgul piggsopp *** Alle brune piggsoppar er ikkje etande. Til dømes skjellpiggsopp. Alle piggsoppar som veks på tre og stubbar er ikkje etande. 4) Ikkje ta med sopp med brune skiver Dersom du ikkje tek med soppar som har brune skiver så unngår du å ta med ei rekke giftige og ikkje etande soppar. - 6 -

Slørsopp og musserongar er to store grupper med sopp som ofte har brune eller farga skiver. Du kan rett nok miste å ta med deg nokre gode matsoppar ved å følgje denne plukkeregelen. Til dømes rimsopp og sjampinjongar. Men desse soppane kan forvekslast med svært giftige soppar. Forsking viser også at rimsopp tek godt vare på skadeleg radioaktiv forureining. Eit måltid med rimsopp er etter sigande nok til å fylle årleg tilrådd maksimumsinntak av slik radioaktiv forureining. 5) Ikkje ta med overmodne og bitte små sopp Ikkje ta med overmodne og bitte små sopp Ved å unngå å ta med overmodne og bitte små sopp så unngår du å måtte kaste sopp når du kjem heim ved at den er angripen av insekt eller snyltesoppar. Små soppar er ofte giftige, ikkje etande eller svært vanskeleg å bestemme arten på. Litt meir om andre soppar sortert ved kjenneteikn. Sopp med kvite skiver er oftast flugesoppar eller kremler Flugesoppar Om du plukkar med deg soppar som har kvite skiver under hatten så har du i regelen tatt med deg flugesopp eller kremler. Flugesoppar I denne familien finn ein både svært giftige soppar og nokre matsoppar. Felles kjenneteikn på flugesoppane er: 1) Frie skiver 2) Alltid kvite skiver (raudnande flugesopp kan ha svakt raudlege skiver) 3) Med ring (unntatt ringlaus flugesopp) 4) Krans med slire omkring foten 5) Hudlappar på hatten. Tenk på dei kvite flekkane på hatten til raud flugesopp NB! Hudlappane sit ikkje fast og kan mangle! 6) Kvitt sporepulver Faremoment: Hudlappar, ring og/eller slire og krans kan vere borte! - 7 -

Raud flugesopp-giftig Raud hatt, hudlappar som kan mangle, ring og slire. Svartringflugesopp-giftig Manglar som oftast hudlappar, ringen vert svart når ein tek på den. Ringlaus flugesopp *** Raudnande flugesopp *** Ringlaus flugesopp *** Manglar som oftast hudlappar. Utan ring. Kraftige striper i kanten på hatten. Kvit, grå gulbrun, gjerne saman med bjørk. Raudnande flugesopp *** Med hudlappar. Krans istadenfor slire. Raudleg skjær, blir raudleg i såra når vi skjer i den. Ver varsam dersom hudlappane manglar! Kan vere grønaktig og kan difor lett forvekslast med grøn flugesopp! Grøn flugesopp-giftig Olivengrøn, grålig hatt. Sjeldan, knytta til edellauvskog. Med heil hud som kan ligge i flak, men som oftast er forsvunne. Dødeleg. Kvit flugesopp-giftig Kvit overalt. Med heil hud, som kan ligge i flak. Disse kan vere forsvunne. Dødelig. Kremler Kremler Har kvite eller lyse skiver og ofte klare fargar på hatten; raude, gule og grøne. Kun når ein er 100 % sikker på at ein har funne ei kremle kan ein prøvesmake om den er matsopp eller ikkje. Ein tek ein liten bit ytterst på tunga og småtygg på den. Ver merksam på at den skarpe smaken kan kome litt seint, etter ca 20-30 sek. Kremler med mild smak: Etande Kremler med skarp smak: Ikkje etande Ved forvelling, kan alle kremler etast. Sjampinjongar Sjampinjongar Kan vere kvit eller ha brun farge på hatten. Liknar mykje på flugesoppane. - 8 -

Sjampinjongar kan skillast frå flugesopp ved fylgjande kjenneteikn: 1) Mørke skiver (unge: kvite som hjå flugesopp! Eldre er: rosa; gamle er: sjokolade-brune til svarte) 2) Manglar hudlappar 3) Manglar krans og/eller slire Sjampinjong liknar flugesopp ved: 1) Frie skiver 2) Ring. Faremoment: Unge sjampinjongar har kvite skiver. Et derfor ikkje unge sjampinjongar. Flugesopp kan ha mista krans eller slire og hudlappar. Risker Skivesoppar med melkesaft tilhøyrer familien risker Matriske *** Røyksoppar Kuleforma soppar utan hatt og stilk er ofte røyksoppar Risker Skivesoppar som skil ut melkesaft når du skadar soppen tilhøyrer familien risker. Det kan vere vanskelig å finne melkesaft når soppen er tørr. Einskilde land har større tradisjon for å nytt riskene i mat enn vi har, til dømes finnane. I Noreg vert dei aller fleste risker sett på som ikkje etande med unntak av matriske. Matriske *** Den einaste soppen som skil ut gulrotraud melkesaft. Soppen vert grønflekkete ved skader. Røyksoppar Det er mellom 15-20 arter røyksopp som er vanskeleg å artsfeste når dei ikkje er modne. Alle som er faste og kvite inni er etande. Unntak - potetrøyksopp: Liknar andre røyksopp, men er i regelen svart inni. Unge eksemplar kan vere kvite inni, men er då mykje hardare enn andre, som viskelær. - 9 -

Dobbelsjekk soppen når du kjem heim. Etereglar Steiking av sopp Frysing av sopp Kjelder Når du kjem heim skal du dobbeltsjekke fangsten. Før du nyttar soppen skal du på ny artsbestemme kvar einskild sopp. Du må difor transportere soppen slik at han ikkje deler seg og misser kjenneteikn før du skal nytte han. Etereglar 1) Et berre sopp du er 100 % sikker på er etande 2) Kik nøye på kvar einskild sopp. Kast alle lause, usikre/ubestemmelege delar. 3) All sopp bør kokast/steikast før han vert eten. 4) All sopp bør skjerast opp i mindre biter før steiking/forvelling. 5) Et aldri mykje av ein sopp du et for første gong. Steiking av sopp Skjær opp soppen i mindre bitar. Legg bitane i tørr panne, soppen vil som oftast avgi rikelig med væske. Damp inn væska eller sil frå krafta etter ca 10 min. Brun soppen lett i smør og dryss litt salt og peppar over. Frysing av sopp Frysing er den beste og mest lettvinte oppbevaringsmåte for sopp. Oppskoren sopp vert dampa i ca 10 min. i eigen kraft - spe med litt vatn dersom soppen ikkje avgir nok væske. Ikkje tilsett salt. Når soppen er avkjølt tek du han saman med væska i tett emballasje. Væska skal dekke soppen slik at den ikkje vert tørr. Frosen sopp kan lagrast i eit år ved -18 til -20 celsius. Varm opp utan opptining og tilsett salt og peppar og evt litt smør. Kjelder www.forskning.no Eigne notatar frå soppturar og kurs med: Bergen Lærarhøgskule: Helge Jensen Volda Lærarhøgskule: Christoffer Bang og Rune Pettersen Ålesund nyttevekstforeining: Osvald Grande, godkjend soppkontrollør - 10 -