REFERAT Styremøte i Bykle og Hovden Vekst A/S Tid: 30.06.2008 Stad: Bykle rådhus Desse møtte: Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid 4755 HOVDEN 4754 BYKLE Tore Wiese Hansen Jaktoddveien 20 4621 KRISTIANSAND Olav Mandt 4754 BYKLE Reidar Fuglestad Alvestien 13 4638 KRISTIANSAND Magne Kvaslerud Regevik 4818 FÆRVIK Anne Ellen Senum Randi Steinsholt 4755 HOVDEN 4755 HOVDEN Referat frå: Kjell Pedersen-Rise. Der ikkje anna er notert er alle vedtak samrøystes. Dato: 02.07.08 Agenda: 1. Godkjenning av referat frå tidlegare styremøte 2. Referatsaker/orientering 3. Drøfting av utviklingstankar 4. Framtidig organisering av fellesfunksjonar i reiselivsnæringa 5. Søknad om støtte høgskulestudium i idrett 6. Søknad om støtte utviding av produksjonskapasitet 7. Søknad om ansvarleg lån 8. Søknad om støtte gjennomføring av reiselivskonferanse 9. Søknad om utbetaling - forskot 10. Hovden Industribygg drøfting av framtidig løysing 11. Bruk av lokaler i Hovdetun 12. Rekneskapsrapport og framlegging av status for næringsramma 13. Oppnemning av medlemer til styra i dotterselskap 14. Spørsmål om støtte til ombygging 15. Møteplan andre halvår 2008 1
SAK 01. GODKJENNING AV REFERAT Det hadde ikkje kome forslag til endringar av siste utkast til referat. Styret godkjente referat frå møta 23.04.08 og underskreiv dette. SAK 02. REFERATSAKER/ORIENTERING A. Kjøp av Texaco og utleige Det blei orientert om at Bensinstasjonen i Bykle nå er kjøpt av Bykle Nærings- og Utviklingsselskap AS, og det er inngått leigekontrakt med Bykle Bensin AS v/torbjørg Trydal. B. Reiseliv/Helse/Idrett Forprosjektet for helseturisme er fullført. NAV, fylkeskommunen og Universitetet i Agder er positive til å delta i eit pilotprosjekt. Arbeidet blir teke opp att etter ferien. C. Frå gråberg til gull Styret for landskapsvernområdet Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane har sett i gang eit prosjekt som heiter Frå gråberg til gull. Visjonen er Å mobilisere kreativitet og tiltakslyst for ei berekraftig næringsutvikling med utgangspunkt i dei kulturhistoriske og naturgjevne forhold som finst i SVR. Det er tilsett eigen prosjektleiar, etablert styringsgruppe og referansegruppe. Kjell deltek i referansegruppa. D. Kommunedelplan tur- og skiløyper Planen er nå ferdig handsama i kommunestyret. Det har vore ein god samarbeidsprosess for å kome fram til løysingar som Fylkesmannen, SNO og villreinnemda kan godta. Det er viktig at planen blir fulgt opp med grunneigaravtalar og konkrete tiltak. E. Heimte - prosjekt Det blei orientert om arbeidet med Heimte Styret ønskjer å få framlagt ei sak, etter at det har vore møte med arbeidsgruppa. Det kom innspel på at det er viktig med konkrete tiltak i det vidare arbeidet. F. Hovden Løypekøyring AS Det er nå sett i gang innkjøp av ny løypemaskin. (Etter at Formatic er kjøpt opp av Kassborer) Kommunestyret har slutta seg til styret sitt syn om å tilsette ein person på fulltid, til å ta ansvar for løypekøyring, ettersyn/vedlikehald, opparbeiding av løyper m.m. Stillinga er lyst ut. 2
G. Mobildekning på Agder Forprosjektet er organisert. Det blir nå etablert eigne arbeidsopplegg for definisjonar av dekning, kartlegging av dekning og møter med potensielle leverandørar. H. Lokaler/ leigetakarar i Hovdetun Styret blei orientert om endringar av leigetakarar i Hovdetun, og at ein etablert leigetakar skiftar lokale. I. Deltaking i forprosjekt Biobrenselanlegg Det blei orientert om at kommunen skal sette i gang eit forprosjekt for eit mottaksanlegg for hogstavfall/ trevirke. BHV har sagt ja til å delta i ei prosjektgruppe. K. TV-program om pilgrimsvandring Sanden Media har arbeidd med eit opplegg som skulle gi TV-produksjon om pilgrimsvandringa frå Hovden til Røldal. Vi har nå fått tilbakemelding om at dei ikkje kan realisere opplegget i år, men vil prøve å få ein avtale med NRK for 2009. L. Nytt industribygg i Bykle Det blei orientert om at eksterne aktørar har teke initiativ til bygging av nytt indistribygg og oppstart av verksemd i Bykle. Styret gav innspel til utnytting av industriområde/lokalitetar. L. Søknad frå nyetablera verksemd Styret blei orientert om søknad som vil kome frå ei nyetablert verksemd.. SAK 03. DRØFTING AV UTVIKLINGSTANKAR Det blei ikkje tid til å ta konkrete drøftingar under denne saka. Styret vil på eit møte til hausten drøfte forholdet mellom utviklingsoppgaver og forvaltningsoppgaver i selskapet, for å vurdere om for mykje av dei totale ressursane går til drift- og forvaltningsoppgaver. SAK 04. FRAMTIDIG ORGANISERING AV FELLESFUNKSJONAR I REISELIVSNÆRINGA Unnateke offentlegheit. SAK 05. SØKNAD OM STØTTE HØGSKULESTUDIUM I IDRETT BHV støttar høgskulestudiet i idrett ved Setesdal vidaregåande skule avd Hovden/ Hovden skigymnas AS med kr 205 000,- for skuleåret 2008-09. Før eventuell søknadshandsaming for 2009-10 skal det gjennomførast møte med UIA, fylkeskommunen, Hovden Skigymnas og BHV. Det skal utarbeidast eit samla budsjett for tiltaket og det skal inngåast ein eigen avtale. 3
SAK 06. SØKNAD OM STØTTE - UTVIDING AV PRODUKSJONSKAPASITET BHV er positive til satsinga på moderne teknologi i Bykle Vindu AS. I tillegg til tilskottet som er gitt tilsagn om frå Innovasjon Noreg, vil BHV gi verksemda eit tilskott på kr 68 700,- (6 %) til utvikling og kr 221 400,- (9 %) til investeringar, totalt kr 290 100,-. Tilskottet bygger eit kostnadsoverslag som viser total investering på kr 3 605 000,- fordelt på kr 1 145 000,- til utvikling og kr 2 460 000,- til investering i maskiner og utstyr. Dersom kostnadane vert mindre, vert tilskottet tilsvarande redusert. Utbetaling skjer i samsvar med utbetalingsreglement. SAK 07. SØKNAD OM ANSVARLEG LÅN Styret stadfestar vedtak om å gi eit ansvarleg lån på kr 255.000 til Hovden Booking AS. Dette utgjer BHV sin andel av eit totalt lån på kr 500 000,-. Den økonomiske situasjonen for Hovden Booking skal vurderast i samanheng med organisering av fellesfunksjonane for destinasjonen. SAK 08. SØKNAD OM STØTTE GJENNOMFØRING AV REISELIVSKONFERANSE BHV løyver inntil kr 50 000,- til kostnadsdekking i samband med innleige av Archipellago for gjennomføring av innovasjonskonferanse på Hovden i oktober. SAK 09. SØKNAD OM UTBETALING - FORSKOT Unnateke offentlegheit. SAK 10. HOVDEN INDUSTRIBYGG DRØFTING AV FRAMTIDIG LØYSING 4
Bykle og Hovden Vekst AS ser det som viktig å ta omsyn til bedrifta sine behov i forhold til lokalisering, og ber kommunen ta endeleg standpunkt til om nytt bygg kan plasserast på eksisterande tomt. Styret meiner det er naturleg at leigetakar syter for nytt bygg. Det kan inngåast ei festekontrakt for tomta. SAK 11. BRUK AV LOKALER I HOVDETUN Unnateke offentlegheit. SAK 12. REKNESKAPSRAPPORT OG FRAMLEGGING AV STATUS FOR NÆRINGSRAMMA Det blei gitt kort orientering om rekneskapsrapportane og oversikt over næringsramma. Styret blei orientert om eit par restansar for husleige i Hovdetun. SAK 13. OPPNEMNING AV MEDLEMER TIL STYRA I DOTTERSELSKAP Til styre i Hovdetun AS, Hovden Parkering AS, Bykle Nærings-og utviklingsselskap AS, Hovden løypekøyring AS, Hovden Ferie AS og Hovden Booking AS oppnemner styret Kjell Pedersen-Rise som styreleiar og Hans Blattmann som varamedlem. SAK 14. SPØRSMÅL OM STØTTE TIL OMBYGGING Styret godkjenner at Gyri Bjåen får eit tilskott på 50 % av kostnadane i samband med å få fram VA i det nye lokalet, maksimalt avgrensa til kr 10 000,-. Det blir sett som vilkår at ho er leigetakar i det aktuelle lokalet i 4 år. Dersom ho seier opp kontrakta tidlegare, skal tilskottet betalast forholdsmessig tilbake. SAK 15. MØTEPLAN 2. HALVÅR 2008 Det blei fastsett følgande møter: Torsdag 21.08. i Bykle kl 09.00 5
Onsdag 29.10. i Bykle kl 09.00 Torsdag 11.12 kl 16.00 og fredag 12.12. (møtestad blir fastsett seinare) Hans Blattmann Kay A. Jeiskelid Tore Wiese-Hansen Reidar Fuglestad Anne E. Senum Olav Mandt Randi Steinsholt Magne Kvaslerud 6