Meldingsblad for Hordaland fylkesbibliotek Årgang: 33 Nr. 1 2005 ISSN 1502-3273 http://www.hordaland.no/fylkesbibl/emne-ord/ Det nye hovudbiblioteket i Kvam ligg sentralt plassert i Høgenæsgården i sentrum av Norheimsund og har stilreine, lyse lokale med plass til mange aktivitetar. Biblioteksjef Siv Røyneland fortel at det har dukka opp mange nye fjes på biblioteket sidan dei opna 13. november i fjor og at brukarane er svært nøgde. 1. mars gjorde Kvam heradsstyre eit samrøystes vedtak om nytt biblioteklokale i Øystese. Så no kan innbyggjarane i Øystese også gle seg til å få nytt bibliotek! Biblioteket har fått denne logoen som er trykt opp på bokmerke og posar. Sjå fleire bilete frå det nye biblioteket i Kvam i nett-utgåva av Emne-ord: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/
I vår skal bibliotekleiarane i Hordaland samlast til møte frå tysdag 24. til onsdag 25. mai på Fjordslottet på Osterøy. Tidlegare annonserte datoar er endra på grunn av BIBLIOFIL brukarmøtet. Invitasjon og program kjem seinare. IT-seksjonen i fylkeskommunen skal køyre sentral drifting av Mikromarc for dei vidaregåande skulebiblioteka i Hordaland. Fylkeskommunen vil også gå ut med tilbod om sentral drifting til dei folkebiblioteka som har Mikromarc. Det er enno uavklart når tilbodet vil vere klart, men me arbeider for at det skal skje raskt. Me vil informere meir om tilbodet på bibliotekleiarmøtet i mai. Kontaktperson på fylkesbiblioteket Eva Mostraum, tlf 55 23 93 71/ e-post: eva.mostraum@hordaland-f.kommune.no!" Halvdagskurs på Stord og i Bergen, 18. - 20. april 2005. Korleis fengje unge lesarar? Anne-Stefi Teigland og Rolf Enger har valt ut 30 ungdoms- og vaksenbøker som kan høve for elevar i vidaregåande skule. Målgruppa for kurset er norsklærarar, skulebibliotekarar og andre som ønskjer å setje fokus på lesestimulering. Kurset er gratis. Stord Dato: Måndag 18.april Kl: 12-15 Stad: Stord vidaregåande skule, Saghaugen 3, Stord Bergen Her blir det same kurset halde to gonger Datoar: Tysdag 19. april og onsdag 20. april Kl: 12-15 Stad: Fiskarheimen, 2. etasje i Strandgaten 198, (Ved Nykirken, i det tidlegare Fylkesbygget) I første omgang er plassane for dei som er i vidaregåande skule. Men synest du dette høyrest ut som noko du vil vere med på, meld deg på med ein e-post til helge.skurtveit@hordaland-f.kommune.no og skriv kva dag du vil delta, innan 6. april. Så kan me sjå om det blir ledig plass. Arrangørar: Fagforum for norsk, Utdanningsforbundet Hordaland og Hordaland fylkesbibliotek, med støtte frå Gi rom for lesing. # På fylkesbiblioteket er Elin Golten tilsett som førstekonsulent i 100% stilling frå februar 2005. Den nye biblioteksjefen i Jondal presenterer seg sjølv slik: Eg heiter Astrid Holmefjord, kjem frå Fusa, bur i Kvam og jobbar som biblioteksjef i Jondal. Eg har bibliotekutdanning frå Høgskolen i Oslo og var ferdig utdanna våren 2000. Som nyutdanna var eg så heldig å få jobb som barnebibliotekar i Odda. Frå januar 2005 har eg prøvd meg på eigenhand som biblioteksjef i Jondal. Jondal folkeboksamling er eit kombinert folke- og skulebibliotek. Det er berre eg som jobbar på biblioteket og eg har 50 % stilling. Eg kjem ikkje til å kjeda meg her! Så langt likar meg veldig godt i Jondal! Eg vil prioritera bibliotektilbodet til barn og samarbeide nært med skulen. Eg vil takka forgjengarane mine Merethe Gauden og Siv Røyneland for det gode biblioteket dei har bygd opp!. Astrid Holmefjord - her som katten Findus
$%$"& Prosjektet Digitalt og lokalt går ut på å bevare og formidle lokalhistoriske bilete frå kommunane i Sunnhordland. Bileta skal registrerast og digitaliserast slik at dei kan presenterast på nett for kvar kommune, og i samsøk med dei andre involverte kommunane. Folkebiblioteka skal vere kjernepunkt i arbeidet med det lokalhistoriske materialet. 8. mars blei det arrangert eit oppstartseminar for prosjektet på Stord. Målet for seminaret var å kome i gang, og få grunnlag for utarbeiding av prosjektplan med fordeling av ansvar og oppgåver. Vidar Ringstrøm frå Bibliotek-Systemer AS heldt innlegg om BIBLIOFIL som registreringsverktøy for bilete. På seminaret møtte biblioteksjefar og andre som arbeider med lokalhistorie i kommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. Det er stor interesse for å få i gang prosjektet. ' Hordaland fylkesbibliotek har planar om å setje i gong eit prosjekt som skal fremje lesing av Kulturfondbøker. Ein del av desse bøkene blir ståande på hylla, fordi dei treng formidling. Rundt om i landet er det fleire opplegg i gang for å endre på dette. Eldrid Sørnes, biblioteksjef i Samnanger, har nettopp vore på bokgilde i Ålesund der mange bøker vart presentert, og seier dette verkeleg gav meirsmak. Det er behov for ei gruppe som er villige til å presentere nokre bøker kvar for andre bibliotektilsette, lærarar osb. Kan du tenkje deg å vere med? Ta kontakt med Helge Skurtveit på fylkesbiblioteket. Tlf 55 23 93 72/ e-post: helge.skurtveit@hordaland-f.kommune.no For meir informasjon om bokgilde, ta kontakt med Eldrid N. Sørnes på tlf 56 58 74 55 / e-post: bibliotek@samnanger.kommune.no (fredagar: tlf 55 23 93 85/ e-post eldrid.sornes@hordalandf.kommune.no ) () ' Ta kontakt med Lena Jensen på fylkesbiblioteket om du ønskjer hjelp til å legge om biblioteket sin nettstad eller opplæring i redigering. Ho kjem gjerne på besøk for å foreslå ny struktur, fargar, knipse bilete, lære bort tabelltriks osv. lena.jensen@hordalandf.kommune.no / 55 23 93 81 Austevoll folkebibliotek blei ny på nett i februar 2005. http://austevoll.bibliotekivest.no * """ Den fjerde konferansen i rekkja om det fleirkulturelle samfunnet går av stabelen i Bergen 12. og 13. april. Konferansen har fått undertittelen: Kompetanse som brubyggjar. Utveksling utvikling. Hovudspørsmål denne gongen er: Kva kompetanse treng vi? Kven treng kompetansen? Kven kan tilføre kompetansen? Kven har ansvar for kva? Målgruppe for konferansen er politikarar, leiarar og tilsette i offentlege eller private verksemder i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Arrangørar er Hordaland fylkeskommune i samarbeid med Fylkesmannen, Bergen kommune, UDI Regionkontor Vest, Kommunenes Sentralforbund Hordaland, Vox/ Kup og representantar for innvandrarorganisasjonane. Sjå heile programmet her: http://www.hordaland.no/pdf-filar/vestkonf05.pdf
+ " Det var årsmøte i Bibliotekarforbundet Hordaland fylkeslag på Hordaland fylkesbibliotek 3. mars. Møtet starta med ei markering av fylkeslagets 10-års jubileum, som vart feira med kaffi og kake. Det var gjennomgang av årsmelding, rekneskap, budsjett, verkeplan og landsmøtesaker. Årsmøtet vedtok å opprette eit forhandlingsutval med tre medlemmar. Det var val av nytt fylkeslagsstyre. Det nye styret er som følgjer: Leiar: Hanne Fosheim, Nasjonalt formidlingssenter i geriatri Styremedlemmar: Aslaug Holmås, Lindås folkebibliotek Kari Elin Røyrane, Høgskolen i Bergen Varamedlemmar: Elin Golten, Hordaland fylkesbibliotek Irene Hunskår, Høgskolen i Bergen Revisor: Lise Haaland, Bergen Off. bibliotek Valkomité: Trude Wasch, Bergen Off. bibliotek Ørjan Persen, Bergen Off. bibliotek Siri Sjursen, Hordaland fylkesbibliotek Den nye fylkeslagsleiaren, Hanne Fosheim, takka avtroppande leiar, Siri Sjursen, for åtte år som leiar av Hordaland fylkeslag. Blomstrar og vin blei overrekt og Siri ønskja det nye styret lukke til med arbeidet for BF i Hordaland. + # Norsk Bibliotekforening avdeling Hordaland hadde også sitt årsmøte 2005 på fylkesbiblioteket 3. mars. 11. medlemmar møtte fram. Valkomitéen sitt framlegg til nytt styre vart samrøystes vedteke. Styret konstituerer seg på første møte. Styret: Inga Jorunn Nåmdal, Modalen folkebibliotek Mona Steiner Brekkan, Radøy folkeboksamling Lena Jensen, Hordaland fylkesbibliotek Bente Solheim, Bergen Off. Bibliotek Eli Lothe, Informasjonstenesta, Hordaland fylkeskommune Varamedlemmar: Bente Dammen, Osterøy folkeboksamling Vibecke Svendsen, Bergen Off. Bibliotek Revisorar: Inger Jåstad, Masfjorden folkebibliotek Aslaug Høyland Holmås, Lindås folkeboksamling NBF avdeling Hordaland og Hordaland fylkesbibliotek inviterer til studietur i Hordaland onsdag og torsdag 27.-28. april. I Hordaland har vi eit stort mangfald av bibliotek. I vår kan du vere med på ein bibliotekrundtur for å lære og la deg inspirere av løysingar og prosjekt i nokre av dei. Eit viktig fokus er samarbeidet mellom skule- og folkebibliotek. Invitasjon og program for turen kjem snart. Referat frå møtet, virkeplan for 2005 med meir finn du på NBF Hordaland sin nettstad: http://nbf.bibliotekivest.no/
,-& ABM-utvikling er no ferdige med handsaminga av alle søknadane på prosjektmidlar for 2005. Dei melder at det kom mange søknadar, og at det også denne gongen er mange gode prosjekt som ikkje får tildelt midlar. Hordaland fekk støtte til følgjande utviklingsprosjekt: Bergen Skolemuseum Skolehjemmene kr. 110 000 Bryggens Museum Children, Identities and the Past kr. 30 000 Høgskolen i Bergen Norsk Vasskraft- og industristadmuseum Hordaland fekk støtte til følgjande kulturnettprosjekt: Lesehulen på tegnspråk (Lesehulen for tilgang for døve barn) kr. 100 000 "ABM i partnerskap" treårig prosjekt (1.ordinære år) kr. 400 000 Hordaland fylkesbibliotek Eldreveven på Kulturnett Hordaland kr. 70 000 Når det gjeld utlysingane Tverrsektorielt prosjekt for digital bevaring, formidling og læring og Støtte til regionalt ABM-satsing, er ABM-utvikling i forhandlingar med ein søkjar for kvart av prosjekta. Totalt var det 51 utviklingsprosjekt, 14 kulturnettprosjekt og 5 film- og videoprosjekt som fekk støtte i årets tildeling frå ABM-utvikling. Ei oversikt over alle som fekk midlar finn du her: http://www.abm-utvikling.no/prosjekter/eksterne/2005/index.html #(./0 HØYKOM - Program for tilskudd til høyhastighetskommunikasjon, delar ut nye midlar til prosjekt der ein tar i bruk breiband for å tilby nye eller betre offentlege tenester eller meir effektiv samhandling. HØYKOM stør prosjekt med opptil 50 % av dei samla prosjektkostnadene. Interkommunale samarbeidsprosjekt og løysingar som har potensial for større utbreiing blir prioriterte. Prosjekta kan ikkje starta frå før. Neste frist er 5. april 2005. Meir informasjon om programmet og heile utlysinga finn du her: http://www.forskningsradet.no/utlysninger/hoykom # Den nye digitale karttenesta til Hordaland fylkeskommune er tilgjengeleg for alle på Internett. Karta dekkjer heile fylket og inneheld grunnkart, samt kart for kultur, kyst og havbruk. Fylkesmannen, Kystverket, Fiskeridirektoratet, Direktoratet for Naturforvaltning, og NGU er medleverendørar av temakart til karttenesta. På sikt ønskjer ein å utvide karttilbodet med til dømes informasjon om kommuneplanar, friluftsliv, nasjonale tema om miljø, bilete med meir. Kartdata for alle hovudbiblioteka i Hordaland er å finne under karttype Kultur. Takk for hjelpa til dei som har bidratt med plassering av biblioteka på kartet! For å gå direkte til kartløysinga brukar du denne lenkja: http://kart.ivest.no For meir informasjon og brukarrettleiing brukar du denne lenkja: http://www.hordaland.no/ikt/kart.htm
) "( Saman med våren kjem også bokbåten Epos på besøk til små og større stader langs kysten av Hordaland. I år startar turen nordover 30. mars med retur til Bergen 6. april. Sørturen startar 7. april og avsluttes 18. april. Nytt bokbåtstopp denne gongen er Nordangervåg på Radøy. Bokbåtstoppa Straume på Radøy og Geitung på Bømlo er lagt ned. Program på nordturen er skodespelar Gabrielle Barth med framsyninga Historia om riddar Guigemar. Historia er henta frå ei bok skrive på 1200-talet. Framsyninga er humoristisk og underhaldande, og høver best for skuleborn. På sørturen er det forfattar Sylvelin Vatle som står for programmet. Ho fortel frå bøkene sine, særleg frå boka Tim Brentloffs eventyr. Programmet høver best for born på mellomtrinnet. Meir om bokbåten finn du her: http://www.hordaland.no/fylkesbibl/epos/ *) ( )!!"##$ %%&&&!!%'"% ( ")*# +,, + -" %%&&&!!%'"%-% Redaktørar av denne utgåva av Emne-ord: Elin Golten og Lena Jensen